DELT FRÅ BNR. 1 HATLEHOL INDRE I 1931
Jenny Emma Havnevik (1912-1971) var fosterdotter til Edvard Hatlehol(1), og tok over bruket etter fosterforeldra sine. Ho gifta seg 1945 med Peder Elias Dimmen(Y,3) (1908-1990). Dei budde først på Blindheim, før dei fekk garden utan vederlag i 1951. Jenny var eigentleg søsterdotter til fostermora, Johanne Hatlehol. Foreldra var 1414 Gurine Marie Eline Melbø og Peter Havnevik i Havnevika, Flisholm(2). Bruket vart verdsett til 2500 kroner, når Jenny tok over. Ho tok i seinare år over huset til tanta, Andrine. Gamlehuset på garden vart kanskje lite tjenlig for Jenny og Peder. Salg av hyttetomter og hustomter fortsette i Jenny og Peder si tid som brukara. Huset til Andrine vart seinare arva av borna.
a) Perdy Oddrun (f.1946). Tidlegare g.m. Erling Martin
Lillerovde, busett Spjelkavik.
b) Per Gunnar (1947-1976)
c) Einar Johannes (1949-2019) var tidligere g.m. Kirsti
Pauline Dypvik, busett Hatlehol.
Borna Perdy Lillerovde, Per Gunnar Dimmen og Einar Dimmen fekk skøyte på eigedommen ved arveskiftet etter mora i 1972. Eigarfordelinga vart endra i 1978, når borna til Perdy, Jan Ove Lillerovde (f.1963) og Pål Morten Lillerovde (f.1971), fekk kvar sin sjettedel av garden. I 1979 fekk søskena Perdy og Einar kvar sin halvpart frå broren, Per Gunnar, sitt dødsbo. Einar eigde no 3/6, og Perdy vart på ny medeigar, med 1/6 av farsgarden. Dei er framleis grunneigarar, men det meste av innmarka er no seld ut til hustomter og byggefelt. Med Einar sin bortgang i desember 2019, vart andelen overført til borna Bjørn Dimmen og Ellen Kristin, gift Loppnow. Utmarka kring Røssevollvatnet, og teigane mot Geitnausa, er framleis i familiens eige.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com