Garden ligg mellom
Eikenosvågen nede ved fjorden og Eikenosa oppe mot fjellet. Namnet
har truleg sitt opphav frå hatleskogen, som det er mykje av i
Emblemsbygda. På Emblem finn ein også gardsnamnet «Hatlebakken».
Den andre delen av Hatlehol-namnet kan tyde «rund høgde» eller
«haug». Det høver godt, sidan garden ligg på eit høgdedrag og
har hatt god utsikt mot Flisfjorden, Vegsundet og vidare utover
Storfjorden.
Hatlehol består
opphaveleg av to husmannsplassar, som er frådelt kvar sin gard. Det
inste bruket, bnr. 1 «Hatlehol Indre», er delt frå gnr. 9
Eikenosa, medan bnr. 2 «Hatlehol Ytre» stammar frå gnr. 12
Øygarden, eller «Eikenos- øygarden», ved Puskhola. Dei to
plassane har ikkje hatt felles utmark, eller felles tun- og
teigblanding. Den inste garden har hatt utmarksrett saman med
Eikenosa, medan den yste har hatt utmarksrett saman med
Eikenosøygarden. Begge Hatleholbruka har truleg ikkje vore del av
eit samla bruk under Eikenosa i eldre tid heller, for Eikenosa og
Eikenosøygarden er omtrent like gamle. Ein veit derimot, med rimeleg
sikkerheit, at matrikkelgarden Emblem kan ha vore «urbruket» i
bygda, og at Emblemsbygda har vore samla som ein gard svært gamal
tid. Då Emblemsbygda fellesutmark vart utskifta i 1890-åra, fekk
Hatlehol Indre og Hatlehol Ytre ingen eige utmarksområde, men det
skulle gå få år før dei likevel fekk sine eigne avgrensa
utmarkstykke under bruksnummer 10 i 1912.
Seterdrifta
Garden hadde truleg
inga seter, før Iver «Kjøt Iver» Furseth oppretta Eikenossetra
1900 ved Skjellbruvatnet. Dette vatnet vert i dag feilaktig kalla
«Røssevollsvatnet» på offentlege kart. Brukarane på Hatleholen
har benytta bøar og heimeutmark til sommarbeite, men desse områda
var i mange år mindre god myr. Nærliggande stader som Puskeset og
Ramsvika, ber óg bod om at dyra måtte gjetast for ikkje å ete
vekstar som skjemde ut smaken på mjølka. Brukarane på Hatlehol
har naustrett i Eikenosvågen, som også vert kalla «Vågane»
lokalt.
Ein finn først omtale
av plassane her i 1868. Hatlehol vart då rekna som lettdreven gard,
men med fare for tørke. Bruka kunne hente litt furu i skogsteigane
til Eikenosøygarden og Eikenosa for å stelle husa sine. Bruka vart
skylddelte først i 1918 og vart ikkje registrerte som eigen
matrikkelgard med bruksnummer 10 før 1890.
Næringsverksemd
På
Hatlehol vart det kring 1900 etablert småskala produksjon i form av
skredderverksemder. Frå gamle dagar var skomakaryrket den
vanlegaste attåtnæringa på landjorda for husmenn. No vart også
heimestrikk og konfeksjon noko som let seg gjere utan alt for høge
kostnadar ved oppstart. 248 Mauritz
Akslen (1911-2008) fortalde at det i hans barndom var vanleg å
levere frå seg karda ull, og å leige andre i bygda til å
strikke og sy det meste av kleda ein trong. Der var også nokre som
hadde eiga strikkemaskin. På denne tida endra gardsdrifta seg for
alvor frå sjølberging til pengehushaldning i Emblemsbygda. Ein
kunne tene pengar på fiske, tørke fisk for andre, og levere mjølk
til meieriet. Det er interessant å merke seg at ein også på
Vatne finn gardsnamnet Hatlehol, og at namnet ofte har samanheng med
nettopp skreddarverksemd, men der vart næringa mykje større og meir
livskraftig enn i Emblemsbygda. Den første kjende skreddarmeisteren
på Hatleholen kom også frå Vatne. Nokre tiår seinare kom 764
Reidar Arthur Krogsæter, frå dei samme traktene og
starta skreddarverksemd, først på Aksla, og deretter på heime
på garden Voll oppe på Røsse-vollen. I motsetnad til bygder som
Vatne, Fiksdalen og Isfjorden, vart det aldri nokon stor
konfeksjonsindustri i Emblemsbygda, men fleire i bygda vår har
også i seinare tid hatt arbeid i konfeksjonsindustrien på mellom
anna FIX konfeksjon og Møre Tekstil nærare Ålesund. Ein kan merke
seg at ein på Emblem har tatt del i den samme gründer-and, og ein
har starta verkstadar, båtbygging, møbelfabrikkar, og
eksporthandel som så mange andre bygder på Sunnmøre, men det
vart ikkje i eit like stort omfang som for eksempel nabobygdene
Blindheim og Spjelkavika, eller Sykkylven.
Skulane
Den
første skulen i Emblemsbygda vart bygd på Hatlehol sin grunn 1890.
Dette var 13 år før Emblem skulekrets, lenger inne i bygda, fekk
skulehus. I folketellinga 1891 vart dermed Hatlehol ein eigen
tellingskrets mellom Emblem og Spjelkavik. Frå 1836 hadde Hatlehol
og Emblem vore dei to skulekretsane under «Flisnes skuledistrikt»,
og hadde i eldre tid delt på omgangskulelæraren. I 1961 vart ein
ny skule bygd oppe ved hovudvegen, nærare Puskhola. Det var den
siste offentlege barneskulen på Hatleholen. Den neste skulen vart
nemleg sett opp ved dei nye byggefelta lenger aust på Flisnes i
1984, og skulenamnet Hatlehol gjekk dermed ut av tida. Skulebygget
vart etter kvart tatt i bruk som legesenter for indre bydel. Rett ved
stod den kristlege folkehøgskulen, som hadde vorte flytta inn hit
frå Nørve i 1971. Den skifta namn til Borgund folkehøgskule, men
vart helst kalla «Borg» på folkemunne, og heiter no Ålesund
folkehøgskole. I 1996 vart det etablert ein kristeleg ungdomskule i
dei samme lokala, men elevtalet vaks raskt og den flytta etter kvart
til bygget som tidlegare hadde husa Hatlehol Skule. Legesenteret
hadde då fått nye lokale på Blindheim. Skulen vart pussa opp og
utvida med nybygg for 100 elevar under namnet Møre Ungdomskule. Frå
2020 er det planar om å etablere ein barneskule også. Skuledrifta
på Hatlehol har i alle desse åra gjeve arbeid til fleire i
nabolaget, og har også påverka utbygging av området frå
gardsdrift til byggefelt med einebustadar. For nokre tiår attende
var det nemleg vanleg å utlyse lærarstillingar med tilbod om
gratis bustad eller hybel. I tillegg vart det meir vanleg etter
krigen å dele frå tomter til søsken, når den eine tok over
garden. Soleis har fleire som bur i byggefelta på Hatlehol og
Flisnes også tilknytting til gardane der. Skillet mellom kva som
ein gong var bruka i Eikenosvågen, Ramsvika, eller Hatleholen Indre
og Ytre, er ikkje lenger like lette å sjå. Samanliknar ein med
biletet til Ragnar Øverlid frå 1961 ovanfor, med dagens busetnad,
så har der vore store endringar.
Eigarane
Hatlehol
Indre låg under Eikenosa fram til 1854, og vart kjøpt og seld
saman med denne garden heilt fram til det året. Halvor Pederson
Apalset på Magerholm selde Hatlehol Indre til Halvor Pederson
Flesjesund for 100 speciedaler. Hatlehol Ytre fortsette å vere del
av dei to bruka på Eikenosøygarden fram til 1882. Då fekk Rasmus
Rasmussen kjøpe ut den eine halvdelen av bruket sitt. Den andre
delen fekk han ikkje kjøpe, så det var først sonen som vart
sjølveigar i
1930. Du
kan lesa meir om brukarane under kvart bruk.