I
den søraustre delen av innmarka til garden Eikenosa låg der ein
gong ein liten husmannsplass som heitte Kristiansplassen. I denne vesle teksten skal me ta for oss litt av det som er funne att av kjelder om denne nedlagde plassen.
Folketalet
på Sunnmøre steig frå slutten av 1700-talet til trass for
napoleonskrigen og dels barkebrødstid i landet vårt på byrjinga av
1800-talet. Å reise til Amerika var det enno få som gjorde i
Emblemsbygda. I staden ser ein økonomisk vekst og eit aukande tal
brukarar som kjøpte garden dei tidlegare hadde bygsla. Det heile
starta i 1830-åra med auksjonar etter tidlegare utanbygds-eigarar i
handelsmenn-ætter som den etter J. A. Heide og Knut Danholm i
Kristiansund. Det var Madame Brun i Kristiansund som i si tid selde
mest alle gardane på Emblem til dei som var drivarane av jorda. Ho
hadde tidlegare ått det meste av gardae i bygda.
Eigarane
Slik
vart det ikkje på Eikenosa. Rett nok hadde stormenn som sorenskrivar
Castberg ått heile Eikenosa og handelsmann Hans Jakob Mechlenburg
(1749-ca.1800) i Vegsundet like eins. Sonen Iver Fredik Mechlenburg
(1780-1855) tok også over handelstaden og ein rekkje gardar i 1803.
I følge skøytet måtte han betale heile 4300 riksdalar for Vegsund
Handelstad med underliggande gardpartar og husmannsplassar. Då han
øydela foten sin i 1830, og ikkje kom seg meir utendørs, byrja også
den økonomiske nedgongen for Mechlenburg-dynastiet. Dei mektige
handelsmennene hadde også mange takknemlege husmenn i distriktet. I
mange tilfelle var det handel på krita som heldt den mest kritiske
svolten unna døra hos mange av dei. Det vert også fortalt at det
knappast var nokon som gjekk ut av livet utan å stå i gjeld til
handelsmann Mechlenburg. Iver selde ut mange av gardane sine på
auksjon og til slutt handelstaden også i 1834. Eikenosa var
våren1832 pantsatt i Bergen saman med nokre gardar til. Direksjonen
i banken ynskte no å selge desse på auksjon. Det heile vart
annonsert i «Bergen Adresecontoirs Efteretninger» ein rekke gongar.
Ei gong var i mars og den neste 14. april. Garden vart heller ikkje
då bydd på og brukarane sjølv, Hallstein Rasmussen (f.1765) og
kona Anne Jakobsdotter Eikenosøydegard (1785-1838), gav heller ingen
bud. Til det var kanskje verdien på 700 speciedalar for jorda og 200
for husa i høgaste laget. Delar av Eikenosa hadde tidlegare også
hatt for stor skyld i forhold til inntektene. Garden låg praktisk
talt oppe på fjellet. Det var ikkje like praktisk når dei fleste
gardbrukarane på den tida dyrka mykje korn. Kor mange av husa
Hallstein sjølv hadde sett opp og dermed slapp å betale for er
ikkje kjent. Eikenosa vart nok ein gong utlyst den 18. juli. Den
hausten kom der eit brukart bud også. No vart garden seld til den
rike sogningen Halvor Pederson Abelseth inne på hovudbruket på
Magerholm. Kjøpesummen var 1500 speciedalar. Skøytet er datert
15.11.1832. Han hadde tidlegare drive både Apalet i Ørskog og gard
på Relling i Norddal. Det er ikkje heilt utenkjeleg at han var
haugianar også. Eikenos fortsette å vere ein bygsla gard heilt til
strandaren Iver Karlson Furset (1851-1942) kjøpte bruket som første
sjølveigar i 1896. Han hadde då drive handel nede på Skorene ei
tid og var forøvrig bror til læraren Knud Furset på Nybø, også
kalla Fursetgarden. Det var eit heilt nytt småbruk frå jordlappar
som Knut hadde kjøpt frå nabogardane. Her møtte han Ingeborg
Hansdotter Akslen frø Øvste-Aksla som han gifte seg med. Etter ei
tid som forpaktarar på prestegarden på Stranda hadde ho fått slik
heimlengt at dei valde å flytte attende til bygda. I samtida vart
Iver Karlson Furseth berre kalla «Kjøt-Iver» då han dreiv det
stort med feavl, jorddyrking og slakterverksemd. Han vart også den
første leigetakaren på det nybygde Kiperviktorget i Ålesund. Du
kan lesa meir om han på ei anna underside til matrikkelgarden
Eikenosa her:
http://www.emblemsbygda.com/412028932
På
den tida Kristiansplassen vart frådelt til husmannsplass var altså
ikkje privatøkonomien til brukaren av Eikenosa som var drivkrafta.
Ein ser nemleg at det ofte var ferske sjølveigarar på Emblem som
såg nytten i å legge ut eit stykke utmark til husmannsplass.
Fordelen var då at dei fekk gratis onnehjelp og litt inntekt attåt.
I tillegg var det ein fin måte å få til nydyrking på. Då kunne
dei anten velge å leige ut, dra inn att plassen under hovudbruket
eller selge den seinare. Uansett fanst der gode alternativ til
framtidig gevinst, og mogelege husmenn stod nærmast i kø på
1850-talet. Større gardar frå før Reformasjonen vart først delt
opp i delar for å gje fleire i familien eit utkome, men mot 1850-åra
var det lite å dele opp om ein skulle klare å livberge seg. Det var
nemleg før oppdyrking, kunstgjødsel og rasjonalisering auka
produktiviteten på gardane på Sunnmøre. No var det derfor først
og fremst snakk om å opprette fleire husmannsplassar i utmarka slik
at fleire unge kunne få seg eit levebrød, for befolkninga fortsette
og vekse utover heile hundreåret. Fleire born vaks opp og
borneflokkane vart dermed større enn tidlegare. Til Emblemsbygda kom
mange frå Hjørundfjorden, Sunnylven, og dels også andre plassar
frå indre dei fjordstroka. Kristianplassen var ingen unntak.
Johanneplassen?
Kring
1850 kom der ei 30 år gamal ugift kvinne som heitte Johanne
Jonsdotter Tryggeset (1817-1873) til Eikenosa. Ho var då einsleg,
men starta likevel på arbeidet med å rydde seg ein husmannsplass
like ovanfor postvegen som klamra seg til fjellsida mellom Ystebøen
og Eikenosa. Plassen låg høgt og fritt med god utsikt mot
Storfjorden og munninga til Hjørundfjorden. At ei ung kvinne fekk
rydde seg eigen husmannsplass er heller uvanleg i ei tid der
ektemannen hadde den juridiske retten på si side, og gifte kvinner
på mange måtar umyndige. Ikkje kunne dei stemme ved politiske val,
men det var det framleis få som kunne. Økonomisk sett var dei
heller ikkje frie og mennene trong ikkje formelt samtykke til å
bruke opp verdiar og pengar som kvinnene hadde hatt med seg inn i
ekteskapet som medgift. Dersom kvinner dreiv gardar og
husmannsplassar var dei gjerne enker i påvente av nytt giftermål.
Jordbruket var avhengig av at dei var minst to vaksne med god
arbeidskapasitet, og når nytt plassebruk skulle ryddast så trongst
der handmakt og mykje slit. Husmenn hadde ikkje råd til hest eller
innleigd arbeidskraft. No må det påpeikast at der finst fleire
eksempel på det i Emblemsbygda, men det var då snakk om plassemenn
med god råd. Dei kom gjerne frå større gardar og overlet bruket
til eit av borna sine. Var dei i tillegg gift med tidlegare enker så
kunne aldersforskjellen verte så stor at det eldste stebornet trong
gard for å kunne gifte seg før dei sjølve var gamle nok til å ha
behov for kor. Ein av desse var Lars Kristian Viddal i Sjursgarden,
og han hadde mykje arbeidslyst att. Han bygsla husmannsplassen
Skorene like ved i staden for å verte kårkall hos stesonen
Sjurs-Ole.
Kvifor
Johanne valde å rydde sin eigen husmannsplass kan me ikkje vite
heilt sikkert. Likevel finst der informasjon som kan vere med på å
forklare valet ho tok. Johanne var nemleg tidlegare straffedømd. I
1840 var ho 23 år og fekk dommen på tre års tukthus for nasking
hos ein som heitte Nes-Jo. Eg vil tenke meg at det vart vanskeleg å
verte verande på heimstaden då ho hadde sona ferdig. Kanskje var
det skamma som førte ho av garde til Borgund. Om ho ønska å kome
seg vekk til ein stad der ho kunne starte på nytt er ikkje så heilt
utenkjeleg. At storesøstera Severine Johanne Johansdotter
(1816-1908) hadde gifta seg med Ole Andreas Eriksen (f.1830) på den
eine husmannsplassen i Eikenosvågen på plassen Olevågen kan ha
vore ein ekstra motivasjon for å velge nettopp Emblem. Dei tok over
plassen der i 1849 etter foreldra til Ole. Det er interessant sidan
Johanne skal ha kome til Eikenosa kring 1850. Samstundes kan rykta ha
følgd med ho. Der vart nemleg stadig meir kontakt mellom
Emblemsbygdarane og Hjørundfjordingane. Fleire slo seg nemleg ned
her, eller leigde seg vinterforing av dyra sine, og dei hadde nok
ofte behov for ly for den ubereknelege Flisfjorden der uvéret kunne
blåse plutseleg opp. Fjordstykket ligg nemeleg der Storfjorden,
Hørundfjorden og havstrømmar frå kysten møtest. Det kan tenkast
at ei som var straffedømd for nasking ville få problem med å få
seg teneste etterpå. Samtidig så var 30 år ein alder der mange
hadde spart opp pengar frå åra i teneste for andre. Dei kunne då
gifte seg og anten ta over heimgarden, gifte seg til eit anna bruk
eller rydde seg ein plass. Det var nemleg ikkje like vanleg å finne
så mange andre levebrød. Rett nok var tidene i ferd med å endre
seg. Gradvis vaks nye tettstadar opp kring gode elvar og fossefall
som kunne gi kraft til fabrikkar og samfunnsendringar mot slutten av
1800-talet. I vårt område var Devoldfabrikken ein av desse som
seinare skulle trekke til seg ugifte og nygifte til den flotte
ullvarefabrikken i Langevågen. Den var heller ikkje den einaste i
området. I Spjelkavika kom Spilkevigs Snøre- Not- & Garnfabrikk
a/s.
Eg
vil tru at Johanne hadde litt oppsparte midlar, men det finst ikkje
nokon tingleste dokument og festeavgift etter henne på
Kristiansplassen. Ein kan då undre seg over om ho kanskje tidlegare
hadde vore i teneste på Eikenosa hos Hallvar Eikenos, eller om det
var den mogelege hugianaren, og gardeigaren på Magerholm, Halvor
Pedersen Abelset som hadde medfølelse med henne. Han hadde enno
ikkje tatt etternamnet Magerholm slik skikken var, men nytta
etternamnet «Abelseth» i staden for Morken og Relling, som han
hadde nytta tidlegare.Var han særleg religiøs så kjende han nok
godt til liknande menneske frå bibelen som fekk ein ny sjanse. Mykje
tydar også på at han hadde litt ekstra omsut for dei som bygsla hjå
han, og tok også ansvar som meklar mellom gamle kranglefantar på
Magerholm, men sikker kan ein dessverre ikkje vere. Emblemsbygdarane
såg ikkje like positivt på dei som stal. Der fanst plassemenn i
Eikenosvågen som tidlegare hadde vorte både brennmerka og lyst
fredlaus for å ha stole. Der var ytterst få av slike, men likevel
vart plassingane si seter og gjerde kalla mellom anna «tjuvsetra»
og «tjuvgjerde» langt inn på 1900-talet.
Ny husmann
Om
det gjekk så bra med Johanne kan ein kanskje undre seg litt på, for
etter kort tid var det (Per) Christian Olsen Løset (1827-1895) frå
Søvikdalen i Sykkylven som fekk festebrev på plassen den 5.
november 1853 mot 16 speciedalar i innfestingsavgift, 1speciedalar i
årleg leigeavgift, samt 12 arbeidsdagar. Han fekk rett til å rydde
meir utmark, men måtte gje kår til Johanne. Ho fekk aldri tinglest
noko festebrev i det heile tatt. Frå kårkontrakta som vart tinglest
9. januar 1855 fekk ho rett på mellom anna 1 tønne «Potatos». Dei
var med andre ord tidleg ute med denne veksten på Kristianplassen. I
tillegg fekk ho 12 merker smør og 2 vog bygg. Plassebruket hadde
også 2 kyr og ein færing. Johanne fekk rett mjølk og halve båten.
Handskrifta er temmeleg utydeleg, men det kan sjå ut som om verdien
på plassen låg på omlag 60 Speciedalar, og at Johanne fekk rett på
kår tilsvarande 11 1/2 speciedalar. Flytte ho frå plassen så miste
ho retten på kårytingane frå Christian.
Vi
skal kome attende til han litt seinare. Dette var nok til å klare
seg for ei som var einsleg, men slik skulle det ikkje fortsette.
Endeleg skulle lukka smile til Johanne også.
I
1864 gifte ho seg med 17-åringen Kristofer Britanus Rasmus Pederson
Vegsundrabb (f.1847). Det vart vel eit noko ujamnt ekteskap for
Johanne var då 47 år gamal og over dobbelt så gamal som
ektemannen. Han var knappast konfirmert. Kor mykje erfaring han hadde
med gardsdrift og fiske kan vel også diskuterast. For å vere heilt
ærleg så skjønar eg ikkje kvifor ho valde dette akkurat i 1864.
Hadde det vore i 1850 når ho byrja å bryte jord så kan det vere
forståeleg, men av ein eller annan grunn så vart det ikkje
giftermål tidlegare. Kan det vere ryktet som hadde gått føre
henne?
Ny von på Tryggeset
Eg
finn ikkje nokon ny kåravtale som følge av at dei no var to som
skulle dele på maten. Kanskje er det årsaka til at dei i 1866
flytte dei lenger ned i bygda for å ta over ein annan husmannsplass
som då vart ledig på Nedregotten. Sjølv om dei altså hadde
kårkontrakt og kravet på si side oppe på Eikenosa så kan ein
likevel skjøne at dei sa frå seg den retten. Den nye plassemannen
på Kristiansplassen skulle jo makte å brødfø kone, 5 born og
kårfolk attåt. Det berre måtte verte smalahans med kun eit par
kyr, litt korn og potet. Dette såg nok Johanne og Kristoffer sjølv
også. Dei var i so pass arbeidsfør alder at då ein annan
husmannsplass vart ledig så måtte den sjansen utnyttast. Jobba dei
hardt nok så ville overskuddet bli langt betre enn det det var før.
Eg vil tru at årsaka til at Johanne vart kårkone i 1853 var det
faktum at Kristiansplassen var tung å dyrke opp frå grunnen av for
ei som då var heilt åleine. Det var vel kanskje slik at ho ikkje
makta leigekrava, og måtte få kår i staden. Etter ekteskapet i
1864 var situasjonen ein heilt anna, og den nye plassen var allereie
dyrka opp. Den fekk etter kvart namnet «Tryggeset», og har i dag
bruksnummer 6 under gardsnummer 5 i Ålesund Kommune. Ein kan tenkje
seg at plassenamnet har samanheng med Johanne sitt opphav. Ho kom
nemleg frå bruk nummer 2 på Tryset i Bondalen. Namnet på bruket
vert også skrive Tryggeset.
Det
gjekk kanskje ikkje så bra med dei der heller, for dei flytte nemleg
attende til kåret som Johanne hadde fått på Kristiansplassen i
1870. Ekteskapet gjekk det heller ikkje så bra med. Kristoffer vart
pappa 15. desember i 1871. Mor var Else Christensdotter Rusten
(1839-1918) frå Skjåk. Ho budde på Buholmstranda ved Ålesund då
dottera Karoline Marie kom til verda. Karoline levde ikkje meir enn 2
dagar. Ho vart heimedøypt utan fadderar til stades. Det kan derfor
vere grunn til å tru at Kristofer ikkje fekk møte dottera si. Eg
vil tru at dette åleine ikkje var årsaka, men truleg medverkande
til at ekteskapet til Kristoffer og Johanne vart oppløyst i 1872
etter berre 8 år. Om Johanne var sjuk allereie då er eg usikker på,
men det er mogeleg for ho døydde i alle fall året etter. Det kan
også ha vore helse hennar som sette begrensning på kor lenge dei
klarte å drive Tryggeset.
Kvar
vart Kristoffer av?
I
følge 1875-tellinga så vart ikkje Kristoffer verande som kårkall
på Kristiansplassen. Nokon har spekulert i at han allereie hadde
reist då Johanne døydde. Det er godt mogeleg når ekteskapet
allereie var over. Han er ikkje å finne i kjeldene ei god stund før
han i 1883 vert registrert som far til Hanna Olufine. Han er då
sjømann, 35 år gamal og busett i Ålesund. Kanskje drog han på
sjøen då ekteskapet havarerte. Mor til bornet er jamnaldringen
Nikoline Margrethe Devold (f.1847). Ho er i kirkeboka registrert som
kona til Kristofer. Hanna Olufine får ei fin rekke med faddererar.
Av desse kan nemnast kjøpmennene Peder Devold, Knud Bang og Knud
Bjørseth. Kristoffer og Nikoline hadde gifta seg i Ålesund kyrkje i
1882, same året som han melde flytting til Ålesund. Han nytta då
etternamnet Vegsund og seinare Petersen, i staden for Vegundrabb.
Mykje tydar på at han fortsette som sjømann og vart buande i
Ålesund saman med Nikoline resten av livet, men eg er usikker på
kor lenge det var. Dei er nemnd der både ved konfirmasjonen til
dottera, og når ho gifte seg med fiskaren Anton August Arnesen frå
Borge i Lofoten i 1901. Eg har ikkje funne når han dødsregistreringa
til Kristoffer enno, og då kan konfirmasjon og
giftermålsregistreringar i kirkebøkene vere misvisande. Dei fortel
nemleg berre kven faren var, ikkje om han levde eller ei. Det kan
kanskje vere tilfellet denne gongen også, for i 1900-tellinga finn
me ei Nikoline Devold fødd i 1847 som er enke og busett i Kirkegata
87. Dottera Anna Pettersen (f.1882) bur heime og er ugift. Nikoline
forsørger dei som bryggearbeidar, og ein kan sjå frå tidlegare
kirkebøker at Nikoline heile tida har hatt med Devold-namnet sjølv
om ho gifta seg Petersen i 1883. Utfordringa er at eg ikkje kan finne
dåpen til Anna i hverken Ålesund eller Borgund det aktuelle året.
Kristoffer er heller ikkje å finne att. Det kan vere fleire årsaker
til det. Kanskje omkom han på havet? Då kan det vere slik at han
ikkje vart funnen igjen. Eg kan ikkje sjå heilt vekk frå ei
teoretisk moglegheit for at denne Nikoline ikkje er den same som vart
gift med vår Kristofer. Foreløig må me berre slå oss til ro med å
ikkje vite heilt sikkert.
Borna
til Christian og Gurine
Christian
Olsen Løset vart med andre ord den som gav plassen namn. Kanskje
skulle den eigentleg heite «Johanneplassen» i staden, men det var
no han som fekk den første formelle retten på plassen ned på
papiret. Eg har leita etter kva namn plassen opphaveleg fekk ved
opprettelsen. Det har eg ikkje funne. I folketellingane er
plassefolket nemnd i saman med folket på hovudbruket. Det er
interessant, for det var vel heller ikkje særleg vanleg i samtida.
Dei fleste husmannsplassane i bygda fekk nemleg eigne namn i
pantepapira. Christian var truleg dreng på Eikenosa før han fekk
feste på husmannsplassen etter Johanne. Han vart i alle fall nemd på
Eikenosa allereie i 1848, og det er før husmannsplassen vart
frådelt. Christian gifte seg i 1853 med Gurine Jonsdotter Lyshol
(1822-1900) i Ørskog kyrkje og dei fekk 6 born saman. Av desse levde
fem av dei opp. Eldstedottera heitte Anne Petrine og kom til verda i
1848 på garden Haugset i Sykkylven. Ho vart også vaksinert der det
same året av ei som heitte Marte frå Aure i Sykkylven. I
dåpsprotokollen vart Christian kalla Løset framleis. Det er mogeleg
at dei møttest på fritida, men det kan også hende at dei anten
tente på samme garden, eller at ein av dei tente på den andre sin
heimgard. Uansett var det ikkje så lang veg mellom Løset og Haugset
sjølv om Andestadvatnet låg mellom dei. Det er også noko som kan
tyde på at det ikkje var heilt planlagd, for Christian kan med eitt
sporast til Eikenosa det same året som dottera kom til verda.
Heldigvis fekk mor og born bu heime på Haugset. På den garden hadde
dei nok forståelse for situasjonen. Mor til Gurine hadde også
«hamna i ulukka» då Gurine kom til verda. Det kan nesten verke som
om Christian stakk av frå forpliktelsane sine, men då skal ein
ikkje gløyme at dei gifte seg 5 år seinare, og fekk seg
husmannsplass i lag, så det skuldast nok heller at Christian no
trong pengar slik at dei kunne gifte seg. Eg vil difor tru at det var
snakk om kjærleik i staden for eit tilfeldig krumspring i
sengehalmen i 1847. Den eldste dottera deira, Anne Petrine
(1848-1917), gifte seg i 1877 med inderst Johan Peter Laurits Olsen
Stadsnes (1848-1922). dei vart brukarar på garden Vassetgjerde på
Sula.
Eg
er ikkje heilt sikker på om bryllaupsdatoen i 1853 var planlagd lang
tid i forvegen. Gurine var nemleg berre 2 månader unna fødsel
nummer to det året. Ein skal likevel ikkje sjå bort frå at dei no
hadde venta svært lenge på å få gifte seg og graviditet vart
akseptert dersom dei gifte seg før fødselen, og var forlova ved
unnfangelsen. I september 1853 kom i alle fall Karen Olave
(1853-1948) til verda på Løset. Kan det vere slik at Gurine hadde
tent hjå foreldra eller dei næraste grannane til foreldra til
Christian? Klokkarboka fortel ikkje noko om dette, men Christian er
no titulert som plassemann, på Eikenosa. Dotter nummer to heitte
Karen Olave og gifte seg med Andreas Marinus Elias Johansen Molvær
(1853-1927). Dei busette seg på bruk 9 på Molvær. Dei fire neste
borna kom til verda på Kristiansplassen på Eikenosa. Dette var
Johan Olaus Eikenos (1857-1929) Han gifte seg med Inger Gurine
Eliasdotter Dale (f.1853) frå Norddal. Ved dødsregistreringa var
han enkemann i Langevågen. Ole Elias Andreas Eikenos (f. 1859) vert
nemnd i 1865-tellinga, men så finn ein ikkje fleire spor etter han.
Nummer 5 i borneflokken var Johanne Caroline Eikenos (1862-1929) Ho
døydde på Hatleholen på Vatne. Johanne er nemnd som ugift «sypige»
der i 1900 på bruk nummer 2. Ho utdanna seg vidare til skreddar og
budde på bruk nummer 1 på Hatleholen i 1910. ho budde nok på Vatne
livet ut og gifte seg i 1912 med enkemann og skreddar Johan Karl
Laurits Jetmundsen Løvøy frå samme stad. Broren Carl Johan
Eikenos (1865-1913) gifte seg i 1896 i Sykkylven med Ingebor Lovise
Petrine Hansdotter Davenes frå Jarnes. Frå 1909 til 1913 var han
gardbrukar på bruk 12+13 på Molvær. Dei vart soleis grannar til
søstera Karen Olave og budde heller ikkje så langt unna
storesøstera Anne Petrine på Vassetgjerde. Langevågen var på
denne tida ei bygd i vekst. Hit kom dei frå fleire av gardane på
Emblem for å finne seg arbeid eller ektemake. Nokon greidde begge
delar. Med overgongen mot 1900-talet vart det også mindre vanleg å
ta etternamn etter staden ein flytte til. Me kan dermed finne
Røssevoll, Østrem og Akslen i adresselistene på Sula. Jentene
gifte seg derimot til lokale etternamn som for eksempel Molvær og
Sulebust. Der er etter kvart mange som kan følge slekta si innover
til Emblemsbygda. Husmannsborna på Kristiansplassen vart ikkje noko
unntak.
Litt
om drifta på Kristiansplassen
Eg
kjenne ikkje til noko bilete eller anna visuell framstilling av
korleis plassebruket såg ut. Vi veit kvar løa ein gong stod, men
hus og eventuelle andre driftsbygningar er me mei usikre på. Nyttar
ein dei andre husmannsplassane i nærleiken som eksempel så kan det
vere grunn til å tru at det var snakk om ei lita løe og ei lita lav
stove med torvtak. Stabbur eller sel kan eg ikkje finne noko om, men
dei måtte ha båten ein stad i alle fall. Det er mogeleg at dei fekk
plass i naustet til hovudbruket eller fann ei enklare løysing på
lagring av vegna og båten som ikkje kosta for mykje. I 1875-tellinga
for Borgund finn me litt meir om sjølve drifta av plassen. Christian
er på denne tida tømmermann også. Det var fleire av plassemennene
i bygda som valde slik attåtnæring. Dette året budde borna Johan,
Johanne og Karl heime. Dei var då 18, 13 og 10 år. Johan hadde vore
rekna som vaksen heilt sidan konfirmasjonen og skulle vel ha vore ute
i teneste på denne tida, men han hadde funne ein annan leveveg som
skomakar. Dette var også eit populært yrke for husmenn og
småkårsfolk i Emblemsbygda. Med overgongen til meir pengehushald så
var det ikkje alle som lenger laga skoa og reparerte dei sjølve
lenger. Christian dyrka dette året 1/8 tønne blandkorn, 2 tønner
havre og ei tønne potet. Med ei slik innkome er det utruleg å
tenkje seg korleis han skulle ha klart å fø kårfolket, slik som
tidlegare. Han dyrka også litt rotfrukter, men hest hadde han ikkje.
Dei fora opp 2 kyr, 7 sauer og 4 geit, som også gav litt mjølk og
kjøt. Samenliknar ein med kårfolket på Eikenosa så hadde dei
berre 1 ku og 4 sauer, 1 tønne havre og ei tønne med potet. Rasmus
og Oline hadde då framleis to born som budde heime. Dottera deira,
Agnete, på 27 år var framleis ugift og livnærte seg som «sypige».
Innkome på Kristiansplassen var soleis litt høgare enn for kårfolk
og temmeleg likt det dei andre plassemennene i bygda hadde. Rett nok
hadde dei på Magnusplassen 3 kyr og dobbelt så mykje potet, men dei
hadde mindre med småfe og stod kanskje i ei særstilling når dei
etter kvart kunne leige ut stova til omgongskulen og seinare starte
poståpneri attåt. Slikt var ikkje vanleg for ein husmann.
Samanliknar ein med plassemennene i høgda på Røssevollen så er
det omtrent likt med dyr og mat som på Kristianplassen det året.
Det får meg til å forestille meg at denne plassen kanskje likna
litt på Rognereiten i utsjånad. Begge låg i alle fall i brukbar
helling og trong dels høge murar i framkanten. Maten på plassen
var vel på langt nær nok for å greie seg. Eg vil difor tru at det
vart ete mykje fisk til kvardags. Ein av dei næraste naboane,
plassemannen Lars Samuelsen Røssevoll på Nygjerdet hadde dessutan
videreutvikla seg frå tømrar til glasmakar for å tene litt ekstra.
Det kan vere verdt å merke seg at Kristoffer Vegsundrabb ikkje er å
finne i denne tellinga som kårmann på plassen, eller busett på
nokon av nabogardane. Ein kan difor vere viss på at han hadde flytta
frå bygda og gjeve frå seg rett på kårytingane.
Ingen
av ungane til Gurine og Christian fekk fornya festekontrakt. Til det
var nok husmannstida definitivt på hell. Ein kunne no dra til
Amerika, eller Langevågen for å tene pengar til livsopphaldet.
Fabrikkarbeid var no husreint for familiar også. Husmannsplassar som
Magerholmdalen og Magnusplassen vart gradvis dregne inn at under
hovudbruket, medan andre vart selde til sjølveige. Den siste
perioden med husmannsfolk tok soleis slutt etter omlag 50 år og vart
heilt borte i løpet før den andre verdskrigen. Etter 1910 var det
gjerne husmannsenkene som sat att med burett i eiga plassestove på
livstid. Enka på Magnusplassen vart etter kvart telt under Tunheim
eller Skillingen i 1910, men budde likevel på Magnusplassen.
Christian gjekk bort i 1895, medan Gurine levde til 1900. Dei siste
åra fekk ho hjelp av borna til å drive plassen. Den vart lagt inn
att under hovudbruket 1900. Løtufta er registrert på kulturminne
kartet til www.miljøstatus.no i SEFRAK registeret så vi veit
rimeleg nøyaktig kor tunet ein gong låg. Det er like aust for
innmarks-grinda til Eikenosa ved eit dels brattlendt terreng ovanfor
eit lite granfelt langs Hegrevegen frå Ystebøen. Den siste kneika
opp til innmarka på Eikenosa har også fått namn etter
Kristiansplassen. Dette var på ingen måte utanfor allfarveg, for
der gjekk postvegen gjennom bygda frå Magerholm til Nørvasundet.
Den var til og med hovudvegen til gamle Borgensund for den som nytta
ridehest framfor båten til å ta seg fram.
Mot slutten
Den
nye eigaren, Kjøt-Iver, trong mykje plass til fedrifta si. Han dyrka
opp stort på Eikenosa og vart premiert for innsatsen. Han hadde til
og med kjøpt Steinsgarden på Østrem for å få frådelt brukbar
utmark mot grensa til Ebbegarden og Jakobgarden. Der sette han truleg
opp den første løa før 1904 og hadde dyr og slåttemark der.
Gardparten vart seinare eige bruk der dottera Gurine Iverdotter
Furset og nylæraren, Lars Flydal slo seg ned der kring 1909. Bruket
heiter eigentleg Ytrebø, men vert i dag gjerne kalla Flydalsgarden
etter Lars. Gradvis forsvann historiene og minna om dei som ein gong
sleit for føda på Kristiansplassen og få veit kvar den ein gong
låg. Eg har sjølv gått forbi der mange gongar utan å sjå noko
som helst. Det er difor på sin plass å få kunnskapen fram att i
lyset. Leit gjerne etter tufta sjølv også, ein dag du har tid.
Hegrevegane er ein av dei finaste turane på vårparten med rikt monn
av vårveksande blomster. Kanskje har det ein gong vore ein husmann
eller ei husmannskone som har gått den same vegen og har pynta opp i
glaset sitt på Kristiansplassen med nettopp slik glitrande vårlege
fargar, før våronna og slitet for alvor tok til.
Kjelder:
Digitalarkivet:
giftermålet til Johanne Jonsdotter Tryggeset og Kristoffer Peders.
Vegsundrabb i 1864
https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001051351
Digitalarkivet:
dåpen til Anne Petrine Løset i 1848,
https://media.digitalarkivet.no/view/2254/14225/46
Digitalarkivet:
Folketellingane frå 1865, 1875, 1891, 1900 og 1910 i scanna utgåve.
Digitalarkivet:
Festekontrakta til Christian Olsson Løset
=
https://media.digitalarkivet.no/view/22652/484?indexing
Digitalarkivet:
Karoline Marie Kristofferdotter Vegsundrabb sin fødsel på
Buholmstranda https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003254166
og https://media.digitalarkivet.no/view/6380/33072/10
Digitalarkivet:
scanna kirkebok frå Ålesund 1882. Fødselen til Hanna Olufine
Kristofferdotter. https://media.digitalarkivet.no/view/5719/88
Digitalakivet:
Kristoffer Britanus Rasmus Petersen innflyttar til Ålesund 14. april
1882 (no. 70)
https://media.digitalarkivet.no/view/5719/28990/14
Digitalarkivet:
giftermålet til Kristoffer Vegsundrabb i Ålesund i 1882
https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000000516562
Digitalarkivet:
Kårbrevet til Johanne Johansdotter på Kristiansplassen tinglest
9.1.1855: https://media.digitalarkivet.no/view/22652/596?indexing=
Eikenosa
utlyst på auksjon i Bergen Adressecontoirs Efterretninger 14. april
1832
Eikenosa
utlyst på auksjon i Bergen Adressecontoirs Efterretninger 18. juli
1832
Eldre
panteregister og pantebøker for Eikenosa er henta frå
Digitalarkivet.no
Rabbevåg,
Egil: Oversikt over registrerte slektsopplysningar for garden
Eikenosa
Østrem,
Svein Ove: Historia om plassen Tryggeset
http://www.emblemsbygda.com/66931076
Østrem,
Svein Ove: «
Eit
lite kortfatta stykke om Kjøt-Iver»http://www.emblemsbygda.com/412028932
Øverlid,
Ragnar: «Borgund og Giske Gardsoge 1-51 Band II», Borgund og Giske
Bygdeboknemnd 1961