av Bernt Sulebust
og Svein Ove Dale Østrem
Innledning
I denne
vesle teksten skal du få vite litt meir om Knud frå Tykjegarden på
Røssevollen. Han er eit godt eksempel på dei samfunns-endringane
som kom mot slutten av 1800-talet, det so kalla «hamskiftet». Ein
gjekk då gradvis over frå jordbruksamfunn til meir pengehushaldning
og vassdrivne fabrikkar, der dei gode elvane var å finne. Ein fekk ei
større sosial mobilitet hjå ungdom i arbeidsdyktig alder, og
Emblemsbygda vart heller ikkje forskåna for den nye tid. I tillegg
vart ny jord dyrka opp og hestedrivne landbruksreidskapar vart
gradvis meir vanlege. Fisket var ikkje lenger noko alle og ein kvar
kunne drive i notlag med åpen åttring og handemakt. No var det
overbygde bankskøyter og kapitalen som byrja å gjera seg gjeldande.
Knud var ein av desse som gjekk frå fiske til fabrikkarbeid på
Sula. Soleis er han eit døme på ein karriere-veg som fleire med han
byrja å gå.
Denne
vesle teksten er skriven i samarbeid med Bernt Sulebust Jr., som har
samla inn eit stort omfang av kunnskap og detaljinformasjon om slekta
si. Det skal vi sjå nærmare på i kapittel 2. I det første
kapittelet har eg fått del i kunnskapar frå Egil
Rabbevåg sitt mangeårige slektsarbeid. I tillegg bør Helen Guy
McLean nemnast. Innhaldet ville ikkje vore so innhaldsrik utan desse
tre.
Kapittel 1:
Knud og Marie Røssevold.
Knud
Tomas Olsen Røssevold (1870-1900) vart fødd inn i ein søskenflokk
på totalt 14 born i Tykjegarden, bruksnummer 3 på Røssevollen, men
fleire av dei døydde tidleg. Sjølv arva han namnet Knud Tomas frå
bror sin, Knud Thomas Carolus, som døydde året i forvegen berre 1
1/2 år gamal. Slik var gjerne namneskikken heilt inn på 1900-talet.
Foreldra til Knud var jordaguten Ole Martinus Jensson Røssevold
(1843-1882) og Ingeborg Laurentse Nikolaidotter Hessen (1841-1906) som kom utanbygds frå. Saman dreiv dei gardsbruket Tykjegarden på
Røssevollen frå 1866 til 1883.
Knud si
slekt kan ein følge mange slektsledd attende på den same garden på
Røssevollen. Tippoldefaren var for eksempel Tyge Knudsson Røssevold
(1752-1827) som det folkelege gardsnamnet «Tykjegarden» truleg
stammar ifrå. Tyge-namnet kom i si tid til Røssevollen frå Høla,
bruksnummer 4, under matrikkelgarden Akslen litt lenger aust i
Emblemsbygda. Ein Knud Thygesen Akslen (dp.1717-1757) hadde nemleg
gifta seg til garden med tipptippoldemor til Knud. Ho heitte Anne
Jonsdotter Røssevold (dp.1713-1795).
Røssevollgardane
låg tidlegare meir samla i eit felles tun omlag der Pe-garden ligg i
dag. Det er like vest for staden der dagens bilveg kjem opp til
Røssevollen. Når Knud vaks opp på 1870-talet hadde Røssevollen
derimot vore utskifta i over 30 år, og dei fleste tuna vart flytta
omlag til dagens plassering. Knutgarden låg derimot lenger aust mot
utkanten av dagens innmark, men då Knud var 10 år gamal øydela eit
snøras stabburet på bruket. Dette er det einaste snøraset som me
har høyrt om på Emblem. Resultatet vart at Knutgarden vart flytta
nærare dei andre tuna igjen. Klesdrakta til dei vaksne karane på
Røssevollen var nok framleis knebukser med rosa hoseband.
Skinnhatten vart nytta når dei var på sjøen slik Sjurs-Ole frå
Sjursgarden på Emblem, seinare fortalde.
Knud
vart altså fødd den 10. juli i 1870 og døypt i Borgund kirke 4.
september det same året. Mellom fadderane finn ein onkelen Lars
Jensen Røssevold, medan dei fleste var frå morslekta Hessen på Hessa. Det er
også interessant å merke seg at der vart døypt endå ein Knud
Olsen på Røssevollen den same dagen. Der var tanta til vår Knud,
Berthe Marie Olsdotter Røssevold, og mora, Ingeborg, fadder. For å
skille dei fekk den andre Knud, på husmannsplassen «Rognereiten»,
mellomnamnet Britanus. Det har likevel vore ei utfordring i arbeidet
med kjeldetilfanget, for mellomnamna er ikkje alltid med. Dermed vert
det for eksempel to fadderar som heiter Knud Olsen Røssevold som er
fødd i 1870, og begge har livnært seg som fiskar i Ålesund.
Ved fleire registreringar i kyrkjeboka har også vår Knud frå
Tykjegarden feilaktig vorte omskriven som fødd i 1866. Alt dette
skaper tidvis usikkerheit og nokre av kjeldene må derfor forkastast.
Ein av
dei tidlege arbeidsoppgavene til Knud var truleg å hjelpe til med å
passe dyra i fjøsen og sikkert også i utmarka om sommaren. Det
meste av rovdyr var på denne tida utrydda på Emblemsfjellet, så
ein hadde ikkje lenger behov for vaksne gjetarar. Borna måtte bidra
med det dei makta så tidleg som mogeleg, og Knud var neppe noko
unntak. Med tunet så høgt oppe i fjellsida vart også fjellet ei
naturleg leikegrind for borna på Røssevollen. Kanskje tok Knud og
søskena turen opp moldvegen bak knutgardshusa til småelvane oppå
kanten for å fiske kré til matauk om sommaren. Det var ei fin
kvile mellom økter med anna arbeid som utmarkslått og bærplukking.
Røssevollen
hadde ikkje seter då han vaks opp, men det fanst eigne «bulegar»
der dyra la seg ned for å kvile. Det kan hende at dei også vart
mjølka der om dei ikkje vart ført heimover mot garden i staden. Då
var det vikig at dei ikkje kom heilt heim til innmarka der kornet og
vinterforet skulle få vekse i fred om sommaren. På gamle
utskiftingskart kan ein soleis finne fleire inngjerda områder nord
og aust for Knutgarden. Desse ligg i våre dagar skjult av skog og
kratt. Røssevollen ligg so pass høgt at ein var utsett for grønår,
der det viktige kornet ikkje mogna skikkeleg. Fiske vart derfor enno
viktigare for brukarane på Røssevollen. Ikkje alle hadde det like enkelt.
Særleg fekk plassemennene på Rognereiten og Nygjerdet mangt å
bryne seg på. Sjølv etter 1910 vert det fortalt om naboar i bygda
som sende ungane opp bakkane med matkorger. Plassebruka på
Røssevollen kom til mellom fem og ti år før Knud såg dagens lys.
Dei første to på Nygjerdet hadde det so trongt økonomisk at dei
måtte selge den eine napperya si for å få råd til å flytte ei
gamal stove, dei hadde kjøpt inne i fjordane, til Emblemsbygda langs
sjøvegen. Frakta den bratte vegen opp frå sjøen til tunet hadde
dei ikkje råd til. Plassemannen Lars Samuelsen Storstein måtte i
staden arbeide for andre på dagtid og drive gardsarbeid hos seg
sjølv om nettene. Det vert fortalt at kona, Anne Marie Samuelsdotter
Storstein, dermed fekk ansvaret for å frakte tømmerstokkane opp til
plassen som dei skulle dyrke opp, medan Lars mura opp og sette det
heile saman. Der var heldigvis slekt på naboplassen, Rognereiten, og
det var vel helst dei som fekk mobilisert ungdommar i bygda til å få
låne seg hest på kveldstid og hjelpe henne med transporten. Slikt
vitnar om ei god samarbeidsand. Ein stod sjeldan åleine når det var
behov for hjelp den gongen.
I
Tykjegarden var dei betre stilt, men dei var minst 7 born som fekk
vekse opp og 6 søsken av Knud som måtte følgast til sin siste
kvileplass etter få år. Der er nokre som me enno ikkje har funne
att etter fødselsregistreringa, så talet vert nok ikkje heilt
nøyaktig. Knud var 4 år då broren Ole Iver vart gravlagd 7. april
1874. Ole rakk ikkje å verte året gamal. Mora, Ingeborg, var då
allereie gravid med Olivie Karoline som kom til verda 12. september
det same året. Også ho døydde før sin første bursdag i byrjinga
av juli 1875. I forbindelse med gravferda fortel klokkarboka at Ole
Iver vart gravlagd på nytt ei veke etterpå. Kan hende vart gravene
samla nærare kvarandre. Namnet hennar fekk ei ny søster arve den 8.
desember det same året. Det kan verke som om ho fekk leve opp, og i
alle fall leve nokre år. Med Peder Joakim gjekk det verre. Han kom
til verda i slutten av februar 1877 og døydde i april 1878. Det vert
ikkje oppgjeve nokon dødsårsak, så det var nok snakk om vanlege
sjukdomar som ein den gongen ikkje hadde botemiddel mot.
Lungebetennelse var ein av desse. Det vart mange harde slag å takle
i dei 8 første leveåra til Knud, og det var hverken dei første
eller dei siste tunge dagane som Ole Martinus og Ingeborg Laurentse
Røssevold skulle gå gjennom attåt gardsdrift og ansvar for å
brødfø alle borna sine. Dei to eldste, Johan Oluf (1869-1948) og
Nicoline Petrine (1868-1910) fekk truleg ein god del ansvar for å
passe søskena sine etter kvart. Her deltok nok Knud også i temmeleg
ung alder.
Oppbrot frå heimbygda
Det var
ingen av søskena til Knud som tok over farsgarden på Røssevollen.
Eg er ikkje heilt sikker på årsaka til det, men det kan verke som
om det var økonomisk begrunna. Røssevoll-gardane vart seld på
auksjon til Kolbein Aase i 1877, men foreldra til Knud fekk fortsette
å bygsle garden fram til 1883. Dei hadde kanskje ikkje råd til å
kjøpe Tykjegarden i 1877. I september 1882 døydde så faren, Ole
Martinus, og Ingeborg vart sittande att med ungeflokken, der
yngsteguten, Nikolai (f.1881), knapt var eitt år gamal. Ole
Kornelius (f.1880) var to år, Peder Olavius (f.1879) var tre år og
Petrine Karoline (f.1878) var fire. Dei to eldste borna. Johan Oluf
var allereie konfirmert,16 år, og for vaksen å rekne medan Nicoline
Petrine vart konfirmert 15. oktober 1882, kort tid etter begravelsen.
Knud Thomas og Jensine Andrine var 12 og 11 år. Dei kunne også
reknast med i arbeidet. Med hjelp av borna, og sikkert også gode
naboar, klarte ho å drive garden litt fram til 1883, men då
vart det stopp. Dei hadde neppe økonomi til at eldstesonen kunne
overta bygselsvilkåra i so ung alder så difor vart det Nils Peter
Eriksen Viset (f.1841) og (Lovise) Petrine Jensdotter Jelle (f.1843)
som fekk ny bygselskontrakt. Dei dreiv
garden i omlag 10 år før dei drog til Amerika for å søke lykka
der. For Ingeborg må det ha vore utruleg vanskeleg å greie seg.
Nokre av borna kunne nok ta seg teneste mot kost og losji på andre
gardar, men ho trong nok hjelp heime også. Den nest yngste sonen,
Ole, hadde også sine utfordringar. Ein finn han på «forpleining»
på Garsendhaugen på Emblem i 1900, og som avdød på Rosenbergs
asyl i 1905 uten at årsaka enno er kjend.
Ellers
vart søskena etter kvart spreidde og alle flytta frå heimbygda.
Johan Oluf gifte seg for første gong i 1892, og me finn han att
etter ei tid som fiskar i Ålesund som fargar ved ullvarefabrikk i
Langevågen busett på Molvær i 1900. Han vart først gift med
Oluffa Petrine Johnsdotter Fløde (1868-1906) frå Sande. Deretter
gifte han seg i 1908 med Karen Maria Jensdotter Løsetstrand
(1868-1909) frå Syvde, og til slutt Oline Samuline Mikkelsdotter
Seljeset (1864-1950) frå Hornindal i 1911.
Han fekk til saman 10 born.
Nicoline
Petrine gifte seg i 1893 med Edvard Pederson Sulødegård Hessen
(1865-1953). Hessen er er i dette tilfelle eit anna ord for Hessa,
som også var del av Borgund Herrad (landkommune) den gongen. Mora,
Ingeborg kom også frå Hessa. Plassen heiter Olsvik og der vert
Edvard registrert som avdød i 1953. Då Nicoline Røssevold Hessen
døyr av Lungebetennelse i 1910. I 1900 vert han folkeregistrert som
fiskar på båten Jenny.
Jensine
Andrine vart 1900 telt som tenar på Raudåna på Rørstad. Ho gifte
seg seinare med fabrikkbestyrar Jens Olsen Molvær. Han var bestyrar
på Brødrene Kraasbye sin ullvarefabrikk i Mauseidvågen i 1910. Dei
hadde då 7 born som var fødd i tidsrommet 1899 til 1909. Dei budde
det året i Nyhagen gnr. 73 bnr. 5 i Mauseidvåg tellingkrets saman
med familien til landhandlar og skomakar Hans Iversen frå Skodje og
Henninga Fiskerstrand (f.1885), som var ugift arbeiderske på
fabrikken. Huset har i dag adressa Mausavågvegen 15 i Mauseidvågen.
Det vart på folkemunne kalla Kraasbye-huset. Dei fekk 4 gutar og 3
jenter. Både i arbeid og fritid kom det jamnt plystretonar frå
Jens. Når arbeidsdagen var over, eller helga kom, då kunne ein
høyra han spela på både fele og orgel. Han var ikkje den einaste.
Naboane kunne også høyra songtonar frå Jensine når ho arbeidde på
kjøkkenet eller i stova. Det kan vere interessant å merke seg at
musikkinteressa held seg vidare i familien også. Dei vart mellom
anna foreldre til organisten Nils Molvær (1909-1988) og via Nils
bestforeldre til jazzmusikaren Jens Arne Molvær (f.1940), som ein
del kjenner att på treblås i Ytre Suløens Jass-ensamble og som
rektor ei tid ved den lokale kulturskulen på Sula. Dermed er dei
også oldeforeldra til den internasjonalt kjende jazztrompetisten
Nils Petter Molvær (f.1960) som har ei lang rekke plateutgivelsar og
heile 4 spelemannsprisar bak seg.
Petrine
Caroline (1878-1968) gifte seg i 1904 med Elias Johannes Eliasson
Nøstdal (1874-1953) frå Ålesund. Dei fekk fire born og budde i
Borgundvegen 32 i 1910. Han var då nemnd som bakersvenn. Då sonen
Eldar Olai (f.1905) konfirmerte seg i 1919 var Elias bakar og dei
budde i «Bjergveien 27». Familien budde der framleis når dei på
ny feira konfirmasjon i 1922. Dei budde heile livet i Ålesund og
vart gravlagde på Nedre Gravlund. Tre av borna, Olaf, Anna og Einar
er lagd i same familiegrav, så dei var nok ugifte. Eg kan ikkje
finne dokumentasjon på at Elias nokon gong dreiv sjølvstendig som
bakar. I kirkeboka for Ålesund kan ein derimot lesa at Baker Hauland
var fadder for sonen Samuel Vilhelm i 1908. Han dreiv bakerverksemd i
Brunholmgata 10 i Ålesund og me kan finne utkastet til bolighuset
frå 1907, signert Harald Krogh Stabell, i krysset mellom
Apotekergata og Brunholmgata. Frå teikningane var dette eit stort
murhus med butikklokale på gateplan. Kanskje det var der hos bakar
Haugland han arbeidde?
Den
siste av søskena til Knud som me veit litt meir om er Ole Kornelius
(1880-1905). Han vart berre 25 år gamal og kan vere den same Ole som
budde på «forpleining» på Garsendhaugen i følge 1900-tellinga.
Ole døydde på Rosenbergs asyl. Dette var eit privat Sinnsjukeasyl
oppretta av Dr. Frants Theodor Rosenberg i Bergen.
Giftermål
I 1893
gifte Knud seg med (Anne) Marie Johansdotter Olsvik (1868-1931) frå
Andreasgarden med bruksnummer 5 under garden Olsvik. Faren, Johan
Andreas Knutson Skuggen, hadde kjøpt dette bruket til sjølveige i
1853, men måtte skøyte det frå seg igjen i 1865 og løyse
bygselskontrakt i staden. Marie var dottera til Johan si andre kone,
Marta Larsdotter Karbø frå Sunnylven. Ho hadde gifta seg med
enkemannen Johan året i forvegen.
Frå
kyrkjeboka kan me finne at Knud Thomas allereie var registrert som
busett i Olsvika. Kor lenge han hadde budd der er usikkert, men det
var kanskje ei praktisk ordning å kome nærare fiskefelta når han
då livnærte seg som fiskar. Forloverane var gardbrukar Knut
Johansen Olsvik og forpaktar Fredrik Lenvik. Om presten si
innskriving i kykjeboka er korrekt, kan det sjå ut som om
Fredrik var forlovaren til Marie og at Knud hadde vald svogeren sin.
Det kan tyde på eit godt forhold mellom dei på førehand også. I
tillegg så hadde dei litt dårleg tid, for Marie var allereie 4
månader på veg med deira eldste dotter, Johanne Marie (1893-1933).
Slikt gjekk gjerne bra den gongen dersom dei allereie var forlova og
gifte seg før fødselen.
Ein
veit ikkje kvar eller kor lenge dei vart boande i Olsvika, men eg vil
tru at dei vart buande der etter giftermålet også, og truleg ei
stund etter fødselen. Problemet var berre at Karen, som var søster
til Marie, hadde teke over bruket i Olsvika allereie i 1878 då ho
gifte seg med Lars Larsen Leire. I 1881 hadde dei kjøpt garden
attende til sjølveige, men det heile enda med at dei måtte flytte
derifrå det same året. Så når Knud gifte seg var det Andreas
Hansen Kvassnes som dreiv bruket saman med Kristofa Larsen Akslen
frå Høla i Emblemsbygda. Knud og Marie kan dermed ha budd i
kårdelen hjå foreldra hennar i 1893, men det må i so fall ha vore
trongt og kårytingane gav lite å leve av for så mange. Det kan med
andre ord ikkje ha vore ei brukbar løysing på sikt. Kanskje var det
mest praktisk når Knud var ute på fiske?
Vedde
10.
august 1895 kom tvillingane Ole Ingvald (1895-1980) og Knut Marius
(1895-1895) til verda. Dei var no trebornsforeldre. Frå kyrkjeboka
kan ein sjå at dei no budde på Vedde. Knud er no ikkje lenger
fiskar. Han står notert som «Arb. Klædefabr.» med «fyrbøter»
påført i klamme etterpå. Spørsmålet er då om han tidlegare har
arbeidd som fyrbøter på båt, men no er fabrikkarbeidar, eller
kanskje han heile tida var fyrbøtar på land? Akkurat det er
vanskeleg å få eit fullgodt svar på. Marie har ikkje fått tnokon
arbeidstittel, så ho var nok truleg heimeverande med eldstedottera
på to år i tida etter bryllaupet.
Dåpen
til Knut Marius vart utført heime samme dagen som fødselen. Han
vart med andre ord heimedøpt. Det kan tyde på at han var svakeleg
og at det såg dårleg ut. Dei fekk også rett i det, for han døydde
nøyaktig ein månad etter fødselen. Det var ikkje like mykje
bråttom med broren Ole Ingvald. Han vart rett nok heimedøypt han
også, men først 20. oktober. Det var risikabelt å føde tvillingar
på den tida utan særleg helsehjelp å snakke om. Det er mogeleg at
han vart døypt heime av andre årsaker enn broren, men dokumenta
gjev ikkje noko klart svar på det. No står ikkje fyrbøtar i klamme
lenger, så det er mogeleg at han framleis ynskte å ta det med i
kyrkjeboka. Det står ingenting i kyrkjeboka om kvar Knud arbeidde,
men akkurat på Vedde hadde brødrene Kraasbye sin ullvarefabrikk.
Den vart i 1898 flytta til Mauseidvågen og Vedde Bruk vart seld i
1904. Dei nye eigarane starta etter kvart opp dagens sildoljefabrikk
der. Frå bileta som eg har sett kan der også ha vore bruk for eigen
fyrbøtar på fabrikken.
Langevågen
Når
born nummer 4, Klara Marie, vart døypt 15. august 1897 budde
familien i Langevågen
. Knud var då
berre nemnd som fabrikkarbeidar og dei hadde kanskje allereie budd
der ei tid. Familien etablerte seg i sjølveigd hus like ved
Devoldfabrikken. Sidan dei hadde budd på Vedde tidlegare og Kraasbye
sin tekstilfabrikk framleis låg på Vedde Bruk i 1897, kan det verke
som om Knut ikkje arbeidde der, om han hadde gjort det tidlegare.
Endring av arbeidstittel på to år kan også bidra til den hypotesa.
Ein veit at Kraasbye gav losji og mat til dei av fabrikkarbeiderane
sine på fabrikken som var langvegsfarande, men det er usikkert om
dei hadde dette tilbodet ved oppstarten inne på Vedde. Det er først
etter flyttinga til Mauseidvågen i 1898 at me finn opplysningar om
det. Sidan Marie ikkje arbeidde på fabrikk på denne tida, kan det
verke rart flytte til ein tettstad der leve-kostnadane truleg var
høgare, men det kan sjølvsagt skuldast at der også kom meir slekt
frå Røssevollen til nettopp Langevågen. Knud sin bror, Johan Oluf
flytte dit. Kanskje var dette årsaka. På den tida fanst ikkje
barnehagar og dei hadde ikkje dei same moglegheitene som på ein gard
med fleire generasjonar. Arbeidsdagane var lange og harde og det var
nok av dei nyetablerte unge utflyttarane frå Emblem som måtte sende
borna sine frå seg til oppfostring hjå besteforeldra i heimbygda.
Det kunne ikkje Knud og Marie. Det påverka kanskje valga dei gjorde.
No var dei for alvor etablerte i Langevågen der Knud skulle
fortsette å arbeide på fabrikk. I 1899 kom born nummer 5 til verda.
Det var Lina. Ho var den fjerde i borneflokken som fekk leve opp.
Saman med dei 6 borna til Johan Oluf og Johanne Laurine vart dei
nesten eit heilt fotballag til saman. Det er også interessant å sjå
at det var først i 1897 at me finn Johan i Langevågen i forbindelse
med fødselen og dåpen til dottera Berta Ragna det året. Dei hadde
tidlegare bodd i Ålesund. Johanne kom også frå Drevika på Hessa
og var nær nabo av Aspøya og byen. Der hadde Johan livnært seg som
fiskar, men i 1897 var han altså fabrikkarbeidar og fargar i
Langevågen, busett på Molvær like ved Devoldfabrikken. Kanskje
fekk både Johan og Knud seg arbeid der.
I Furø
og Barmann sin Adressekalender for Romsdals Amt frå 1900 finn me
litt meir om Knud. Lista tek for seg mellom anna inntekt og formue
frå 1899, og det er for det meste dei med 600 kroner i årsløn og
oppover som er omtala. Johan Oluf er ikkje nemnd, men det er Knud.
Som ny huseigar var der ingen formue å snakke om, men løna var
visst ikkje så verst. Han vert omskriven som «fyrbøder» med 600
kroner i inntekt, og det er det nøyaktig same som Schoddymeister M.
Hauge og Fargemeister J. Rikstad i Langevågen. Dei som var
familiemenn fabrikkarbeidarar i Langevågen, og truleg tente best,
fekk årsløner frå 300 kroner og opp til 550,-. Underleg nok så
finn ein ikkje Johan Oluff på denne lønslista heller. Det er
vanskeleg å vite nøyaktig kva slags fyrbøtar Knud var, men
kapteinar og anna båtmannskap vert ikkje nemnd, og heller ingen med
fabrikløn på Vedde, Fiskarstranda eller i Mauseidvågen. Sidan løna
var høg og nøyaktig den same som andre med stort ansvar på
Devold-fabrikken, så kan me kanskje våge påstanden at det er der
han hadde stege i gradene frå ullvarearbeidar til fybøtar. Det var
ikkje småtteri til fabrikkpipe og anlegg dei hadde. Det kan også
verke som han var stolt av denne tittelen, då han hadde retta på
presten si registrering i kyrkjeboka i 1895. Variasjon i yrkestittel
frå 1895 til 1900 kan også tyde på at han har arbeidd to
forskjellige plassar.
Det er
ikkje så lett å forestille seg kvardagen til Knud og Marie utan å
gjette. Derfor skal eg ikkje legge så mykje vekt på den biten i
denne teksten, men det var neppe nokon luksus å vera fabrikkarbeider
på den tida. Samtidig finansierte det hus og det nødvendigaste som
ein familie på den tida trong. Verken Knud eller Marie hadde nokon
gard å ta over, men med det store hamskiftet i Norge, kunne
bondesamfunns-hammen byttast ut med meir pengehushaldning, Fleire
flytta mot byane og fabrikkar som vaks opp der det fanst
tilstrekkeleg vasskraft, slik som i Mauseidvågen og i Langevågen.
Desse nye industritettstadane fekk dermed auka tilflytting frå
bygdene ikring. Knud og Marie var to av desse som fekk fleire
moglegheiter enn generasjonane føre dei. Ein kan tenkje seg at det
på den tida gav litt meir inntekt enn fisket, og dei slapp å leve
som tenarar eller husmenn. Dei kunne ta grep om si eiga lukke, på
samme måte som dei som drog til amerika.
Enke og tekstilarbeider
Knud og
Marie fekk berre 7 år saman. Den 25. mai 1900 døydde han nemleg av
lungebetennelse. Det fanst ikkje medisinar å hjelpe seg med den
gongen.Lungebetendelse
var det ikkje råd å snu, det gjekk sin gang. Klarte pasienten 9.
døgnet, det so kalla "krisedøgnet," vart han frisk att.
Det kunne bli mange strie døgn og då måtte naboar eller vener
skifte på med nattevakt. Kor mange Marie hadde å hjelpe seg i
Langevågen er eg usikker på. Ho hadde no svoger og svigerinna si
der, men Johan skulle også skjøte arbeidet sitt på fabrikken og
Johanne hadde 6 born, medan Marie hadde 4. Der kom kanskje slekt
tilreisande for å hjelpe, men det enda ikkje bra denne gongen. Ho
vart sittande att som enke med 4 ungar på 1, 3, 5 og 7 år. I
tillegg skulle dei forsørgast og hus måtte dei no ha. Me finn etter
kvart att Marie som åleineforsørgar med lange dagar som syerske og
tekstilarbeidar på Devoldfabrikken i tillegg til å halde hus og
heim i stand. Då var nok slekta i Langevågen god å ha. I tillegg
flytte svigerinna Jensine Røssevold kort tid etter til Mauseidvågen
og gifte seg med Jens Molvær frå Langevågen. Han var
fabrikkformann og etter kvart også fabrikkbestyrar på Kraasbye sin
ullvarefabrikk der. Marie klarte utruleg nok både å forsørge borna
sine og behalde huset, men det må ha vore eit umenneskeleg slit før
borna vart gamle nok til å hjelpe til. I 1910 arbeidde også borna
Johanne, Ole og Klara på «uldvarefabrik» og kanskje på Devold
alle saman. I tillegg hadde dei 4 ugifte jenter på losji i huset.
Tre av desse kom frå Solevågen (Salevaag) medan den tredje kom frå
Vanylven) Alle Solevågjentene arbeidde på ulvarefabrikk, medan Anna
Myklebust var «sypige». Ho var omtrent jamnaldring med Marie. I
1927 finn me att Marie på eit bilete frå Devoldfabrikken. Då var
ho 69 år gamal. Det kan verke som om ho arbeidde nesten livet ut. Ho
døydde i 1931 av hjertefeil og nyresjukdom i Langevågen. Framleis
vart ho titulert som tekstilarbeidar.
Det
vert fortalt at etter Marie sin død så ynskte ingen av borna å ta
over huset. Det vart derfor seld og flytta frå sin opphavelege plass
like ved hamnebassenget, eit steinkast frå Devoldfabrikken og lenger
inn på Fyllingen. Det er usikkert om det enno eksisterar. Knut og
Marie vart gravlagde i to forskjellige graver på Borgund kyrkjegard.
Slikt var vanleg den gongen. Knud si grav vart omgjort til ny
gravstad for Oddlaug Palma Sulebust i 2011. Ho var gift med Bernt
Sulebust som er bornebornet til Knud og sonen til Klara Marie. Han
vart også gravlagd der i 2014. Medforfattar i denne teksten, Bernt
Sulebust Jr. Er sonen deira og ny festar på denne gravstaden. I 2014
vart Marie si grav frigjort slik at kommuna kunne nytte den opp att.
Tanta til Bernt Jr. , Målfrid Sulebust, vart
også gravlagd der i 2016. Når gravstaden på nytt vart teken i bruk
vart også ny gravstein sett opp. Det er også meninga at både
Mindor Sulebust og dotter Kathrin Sulebust i framtiden skal benytte
den same gravstaden.
Kapittel 2:
Etterslekta til Knud og Marie
Knud og
Marie Røssevold fekk, som tidlegare nemnd, 5 born. Det var Johanne
Martine (1893-1933), Ole Ingvald (1895-1980), Knut Marius
(1895-1895), Klara Marie (1897-1999), og til sist Lina Andrea
(f.1899). Eg skal kome attende til kvar enkelt av desse i tur og
orden. Eg vil no forsøke å følge kvar enkelt born etter dei fram
til våre dagar. Med eiga blåfarga underoverskrift til kvar av
desse. Soleis er det mogeleg å hoppe framover i teksten for den som
ynskjer det.
Slektsleddet
til Johanne Martine Røssevold (1893-1933)
Johanne
arbeidde som veverske på ullvarefabrikken heilt til ho gifte seg 31.
oktober 1915 i Hareid kyrkje. Den utkåra var dampskip-skipperen
Johannes Andreas Martinson Sulebust (1888-1973). Han var i tillegg
den eldste broren til Bernt Sulebust, som gifte seg med søstera
Klara Marie Røssevold. Johannes og Johanne fekk tilsaman 8 born. Den
eldste var Martin Leonard Sulebust(1916-1940). han var
fødd i Langevågen og omkom i eit krigsforlis ombord i
motor-tankaren «Nina Borthen», der han var matros og skyttar. Båten
var på veg frå Milford Haven til Persiabukta, men kom bort frå
konvoi OB-222 på grunn av uver. Den vart senka av 3 torpedoar frå
den tyske ubåten U-103 den 6. oktober i det første krigsåret. Alle
ombord omkom.
Den 22.
mars 1917 vart det på ny fødsel, men ingen lukkeleg dag. Johanne
fekk hjelp av Lena Tafjord, men bornet var dessverre dødfødt,
og fekk ikkje namn.
Kåre
Mindor Sulebust(1920-2003) vart fødd på Sulebust. Familien
hadde no flytta frå Langevågen. Han var ugift og sist busett på
Vegsund sjukeheim.
Den
tredje i flokken var Mary Kristine Sulebust (1922-1942) Ho
vart teke av eit snøras på heimgarden den 5. desember då ho leitte
etter geit saman med faren og to av søskena. Mary hadde søkt i
fjellet over heimgarden, medan resten leitte lenger sør. Dei fann
henne seinare i snøen. Ho hadde då vorte ført av raset ned gjennom
steinura. Det underlege med denne hendinga var at dei andre ikkje
hadde høyrt raset, og slikt var heller ikkje særleg vanleg i dette
området, så ho må ha vore særs uheldig. Mary vart berre 20 1/2 år
gamal.
Leonhard
«Leon»
Sulebust (1923-1985) vart gift med Asbjørg
Harriet «Tulla» Rogne (1921-2009) første nyttårsdag 1950. Dei
budde først i Blindheimsbreivika, før dei i 1955 flytte til Nyland
og andre etasje hjå Petter og Gudrun Langlo. Ho var søstera til
Tulla. I 1962 vart huset i Åsegardsvegen på Åse bygd. Tulla var
nest yngst i ein ungeflokk på 13 søsken. Leon tok maskinistskule i
Ålesund og fekk seg arbeid ombord i tankbåten «Kipawa» frå
reiarlaget Leif Høegh & Co i Oslo. Ein gong fekkTulla og sonen
Jarle vere med han. Det var vel kanskje i 1955. Dei var då i Hamburg
ei god stund, og budde ombord på båten. Etter kvart ville han helst
vere meir heime. Han fekk i 1956 hyre som maskinist på ishavskuta
«Jopter», som hadde vorte henta heim att til Norge og fekk namnet
«Polarbjørn», og vart seinare også maskinsjef ombord. Leonhard
hadde i sine yngre dagar vore fangstmann og matros i Vestisen i 1940,
så erfaring frå kaldare farvatn hadde han allereie. Leon var også
med då skuta vart innleigd av Norsk Polarinstitutt til ein
ekspedisjon vinteren 1958 og 1959 i Antarktis. Han fekk då ei
boreprøve frå grunnfjellet under pol-isen. Den vart godt teke vare
på som eit minne om turane. Sonen, Jarle Sulebust (f.1950), er
konservator på Sunnmøre museum. Han gav seinare steinprøva vidare
i gåve til ishavsmuseet. Då Karlsen-rederiet selde Polarbjørn til
Canada fekk Leon arbeid hjå Rieber i Bergen på den heilt nye båten
Polar King. Sonen Jarle Sulebust var eineborn. Han gifte seg med
Inger Sofie Moldestad (f.1951) og dei fekk borna Jan (1975-2015) og
Marte (f.1977). Jan var sambuar med Aase Karin Ræstadholm (f.1979)
frå Misund. Dei fekk borna Noomi (2012-2012) og Jone (f.2003). Marte
er mangeårig leiar for Borgund dyreklubb og sambuar med Ronny
Tverdal (f.1980). Marte og Ronny har borna Hege (f.2004) og Thomas
(f.2006).
Solveig Sulebust
(1925-2016) vart den
femte i flokken. Ho gjekk husmorskulen, og seinare på husmorvikarskulen i Ålesund. Solveig traff Ole Martin Skuggen (1922-1997) bak fjellet i Ålesund, og dei gifta seg på Sulebustgarden. Dei leigde seg først hus på Slinningen, på sørsida av Hessa, og fekk etter kvart kjøpt og pussa opp. Ho arbeide som husmorvikar til pensjonsalderen, medan Ole var tømmermann på Liaaen. Dei fekk to born. Den eldste er Janne Skuggen (f.1959), som flytta til Langevågen, og vart sambuar med Rolf Bjarte Løken (f.1959). Dei har to jenter. Det er Julie Skuggen Løken (f.1998), som er sambuar med Simon Årseth (f.1998), og Lisa Skuggen Løken (f.1999). Lillebroren Oddvar Skuggen (f.1963) bur også i Langevågen. Han er gift med
Jean Enterina Skuggen (f.1972) frå Fillipinene. Dei har borna Sunniva (f.2002) og Johan (f.2006). Solveig selde huset på Hessa nokre år etter at ho vart enke, og kjøpte seg ei leiligheit på Klipra, i Fjellgata. Blokka var heilt ny når ho flytta inn, og der budde ho til få månedar før ho døydde på Skarbøvik sjukeheim.
Lillian
(1928-2016) flytte til Bø i
Telemark. Ho var gift med skogsarbeidar Halldor Torstveit.
(1927-1994). Eg veit ikkje av nokre born etter dei.
Johannes
«Johs.»Sulebust Jr. (f.1929)
er
nest yngst i den store borneflokken. Han gifte seg med Margit Kjølsøy
(1933-2015) og dei busette seg på Eidsneset på Sula. På slutten av
den andre verdskrigen var han med på våpentransporten for
Milorg-gruppa på Brandal som vat stifta hausten 1944 for å lagre
våpen fram mot frigjeringa. Andre transportar lenger nord hadde
Tyskarane avslørt, så dei trong nye vegar frå Herøy om Ulstein
til storbuda på Brandal. Om dette har Hans Skarbakk mellom anna
fortalt følgande: «Her kom så Johannes Sulebust med ein liten
trettifoting, eg trur han hadde to mastrer. Det hette seg at han
selde ved. Ja, han hadde ved på dekk, men eg såg aldri han lossa.
At vi visste namnet på Sulebust, var fordi han hadde vore skyttar på
skutene her. Det var ein kalde fyr. Inn om Sula for han, kvar, visste
vi ikkje.» Dei siste åra før pensjonsalderen arbeidde han for
FrigoPan A/S på Eidsnes. Dei fekk 4 born. Det er Jostein Einar
Sulebust (f.1953) som gifte seg først i 1990 med Helen Guy Mclean (f.1965).
Dei fekk borna Jaqueline (f.1991), som gifte seg 2016 med Marius
Bendik Hasfjord Brækkan (f.1991) bur på Fiskarstranda, medan
søstera Rose-Mari (f.1994) er sambuar med Thomas Sunde Haugen
(f.1993) og busett i Storevågen på Blindheim. I 2016 gifte han seg
med med Cinta «Yanti» Karir (f.1977) frå Indonesia. Han er busett
i Mauseidvågen. Ho har 3 døtre frå før. Det er Yolanda Jaceline, Ellen og Nadia.
Jostein si søster, Eli Anita (f.1956), gifte seg med Svein Otto
Rønnestad (f.1955). Dei har dottera Stine (f. 1983) som er busett i
Trondheim og gift sidan 2015 med Jahn Erik Stenhaug (.1982) Dei har
borna Jesper (f.2013) og Josefine (f.2016). Den andre sonen til Eli
Anita og Svein Otto er Steffen Rønnestad (f.1989). Han er aktiv med
i fotballgruppa på Emblem. Den nest yngste dottera til Johannes og
Marit Sulebust er Randi (f.1960). Ho er busett i Sverige og gift med
Janne Nilsson (f.1960). Dei har sonen Morten (f.1989), som gifte seg
2017 i Gränna i Sverige med Ida Siggelin (f.1990). Dei bur og
hjelper til med å drive fjellhotellet på Bruksvallarna som Ida sin
familie driv. Han har no fått Siggelin som etternamn etter
bryllaupet. Morten har ei søster, Eila Nilsson (f.1996). Yngstemann
i søskenflokken etter Johannes og Johanne er Rolf Sulebust (f.1964),
som er ugift.
Johanne
og Johannes dreiv garden Sulebust på sørsida av Sula. Johannes
hadde teke over den garden etter far sin. Laurdag den 21. februar
1931 vart ein svært dramatisk dag for sulebust-slekta. Frå
Sunnmørsposten sin omtale av hendingane og ei ny reportasje 4. mars
2006, finst meir informasjon. På grunn av ruskevér så skulle berre
mannfolka legge i veg med båt på likferd til Hareid. Den dagen
skulle nemleg fiskaren Andreas Ødegård begravast. Kvinnfolka samla
seg i staden på skulehuset, medan dei då fem små borna til Johanne
og Johannes var heime åleine. Då dekksbåten kom vel halvegs kunne
dei sjå at det rauk mykje frå pipa på huset til Johannes. Vel
frame på Hareid fekk dei telefonbeskjeden om at huset brann, og dei
visste då at der var fem små born inne, og den eldste av dei var
Mary på berre 8 år. Husa på garden, med som inneheldt fleire
bustadhus, stod tett og det var fare for at alt kunne brenne ned. Dei
returnerte så raskt dei berre kunne makte, men det såg ikkje bra
ut. Stova til grannen, Karl Olsen stod berre 2,5 meter ifrå. Med ett
fekk dei sjå snurpebåten «Hareidingen» ome til unnsetning. Når
mannskapet kom til gards stod huset i full fyr og det brann opp etter
taket på stabburet og stova til Karl. Som ved eitt under makta dei å
slokke og berge alle dei andre husa, enn Johannes sitt. Det heile
opplevdes mest som eit under. Men korleis gjekk det so med borna? Då
det rauk så gale frå vedomnen, og det vart så varmt at dei omtrent
ville kovne, forsøkte Mary å lufte ut med å åpne dørene. Straks
etter byrja det å brenne. Ho jaga då dei tre største av
småsyskena, før ho gekk inn att og henta Johannes frå vogga og bar
han ut. Dei fekk ikkje tid til å ta på seg sko eingong. Broren
Leonard, då kalla «Lullen». Vart sendt til skulen for å seie frå.
Han var ikkje store karen, men rusla no bort, let opp døra og lo
godt då han sa: «Det brenne med øss».
Kvinnfolka
fekk fart på seg og greidde å berge både dyra og alt som var laust
inventar i huset til Karl og på stabburet. I tillegg hadde dei voe
heilt oppe på taket for å forsøke å slokke, men måtte gje seg då
det til slutt ville brotne på grunn av brannen. Solveig Sulebust
minnest at dei fraus så forferdeleg der dei stod uten noko på
føtene på ein haug like ved og såg på. Ho hugsa også at mora
gret så felt, då ho først trudde at Lillian hadde brunne inne.
Familien fekk bu ei tid hjå grannar på Sulebust etter brannen. Alle
andre bygningar vart berga. Huset hadde lav branntakst og dei miste
mykje, men det var heldigvis berre av materielle verdiar. Du har
kanskje høyrd ordtaket om att ei ulukke sjeldan kjem åleine. Det
stemmer dessverre på denne garden.
To
år etter, i 1933 vart Johannes vart sittande att som enkemann. då
Johanne døydde den 29. juni. Legen hadde vorte bodsendt og kunne
konstatere «lungebrand» som dødsårsak. Nok ein gong måtte Mary
overta myje av ansvaret heime, sjølv om ho berre var 10 år gamal.
Men ho var allereie vant med det. Sidan 1931 hadde der kome fleire
til i ungeflokken Yngstejenta var då berre 1 år gamal og eldstemann
konfirmert tre år tidlegare. Johanne vart gravlagd 4. juli på
Hareid. Men det stoppa ikkje der, for året etter døydde
yngstejenta, Jenny-Marie
Sulebust(1932-1934). Ho vart berre 2
1/2 år gamal. Dødsårsaka var bronkitt og ho vart begravd på
Hareid. Seinare skulle ulukka ramme Mary også. Det har du nok
allereie lest om tidlegare i denne teksten. Johannes gifte seg opp
att den 14. november i 1936 med Elfrida Johanna Andreassen
(1911-1967). Det vert fortalt at ho tidlegare hadde vore tenestejente
hjå enkemannen, Johannes, på Sulebust. Dei fekk fekk ikkje born i
lag, men adopterte i staden ei jente som fekk namnet Jenny-Marie
(f.1945). Ho vart kalla opp att etter Jenni-Marie som døde i 1934.
Medan Johanne er gravlagd i det gamle kyrkjesoknet til Sulebust på
Hareid, så er Johannes og Elfrida gravlagd saman på Borgund
kyrkjegard.
Slektsleddet
til Ole Ingvald Røssevold (1895-1980)
Ole
var fødd som tvilling den 10. august 1895 og heimedøypt i oktober
det same året. tvillingbroren Knud Marius gjekk det ikkje like bra
med. Han døydde 10. september berre ein månad gamal. Ole Ingvald
gifte seg 24. september 1923 med Elida Kaspara Karlsdotter Fylling
(1901- ca.1990). Saman fekk dei sonen Knut Marius (f.1924) som
vart kalla opp etter tvillingbroren til far sin. Dei budde hjå mor
til Ole, Marie Røssevold, i Villumgarden på Fyllingen i byrjinga.
Ole drog til Amerika for å drive fiske. Elida og Knut Marius drog
etter til Seattle den 20. april 1929. Dei vart verande der.
Etternamnet vart etter kvart endra til Rosevold. Ole Ingvald dreiv
fiske og var i periodar i Alaska. Det kan verke som om han hadde god
kontakt med søstera, Klara, her i heimlandet. Dei var også fleire
gongar i Norge på besøk med familien. Ole døydde i 1980. Sonen
Knut Marius kalla seg etter kvart anten Kenneth Rosevold, eller
Kenny. Han gifte seg med Frances J. og dei fekk tre døtre. Dei
heiter visst Jeanne, Judy og Linda. Særleg meir veit me ikkje om
denne slektsgreina enda.
Slektsleddet
til Klara Marie Røssevold (1897-1999)
Ho
var de første i ungeflokken som vart fødd i Langevågen, det same
året som onkelen Johan Oluf Røssevold også busette seg der. Til
saman var dei no 10 søskenborn. Klara gifte seg den 10. september
1916 med Bernt Sulebust (1895-1986) frå sørsida av Sula. Han var
forresten bror til Johannes Andreas Sulebust som gifte seg med
søstera Johanne Martine Røssevold. (sjå meir om dei lenger fram i
dette kapittelet).
Bernt
valde sjøen som arbeidsplass, akkurat som bror sin. Han var mellom
anna ombord i panserjagaren Troll som nøytralitetsvakt under den 1.
verdskrigen, og fleire gongar på ishavet då han var ung. Bernt
gjekk gradene frå skyttar til å verte ein av dei yngste kapteinane
på fangstfeltet. Han var også skipper på ESSO sine tankbåtar
langs norskekysten, før han vart bestyrar og formann på
tankanlegget til Vestlandske Petroleums Compagni (seinare ESSO) på
Nørve. Dei flytte då inn i bestyrarboligen der og her kom borna
deira til verda. Han sat også eit år som «ålesunds-gissel» på
Grini fordi eldstesonen hadde rømt frå heimlandet til England.
Klara
Marie var husmor og tok seg av hus og heim. Begge var også aktive i
ulike songforeiningar og ikkje minst kor, i sine yngre dagar.
Tankanlegget vart etterkvart nedlagd og fjerna, men Bernt og Klara
vart verande i bestyrarboligen heile livet. I dag går innfartsvegen
omlag der den nederste tanken ein gong låg, men huset står
framleis. Det ligg like ved bensinstasjonen på gamlevegen til byen
ovanfor, og småbåthamna nede ved fjorden. Klara fekk oppleve å
verte heile 102 år gamal. Det er ein imponerande alder.
Dei
fekk til saman fem born. Den eldste heitte Knut Marius
(1918-2005), slik som søskenbornet som drog til Seattle (sjå
tidlegare i kapittelet). Begge vart kalla opp etter onkelen, som
døydde eitt år gamal. Under oppveksten på 1930-talet var han
aktivt engasjert i speiderbevegelsen i Ålesund, og ein aktiv
svømmar. Knut Marius deltok blant anna i hamnesvømminga og tok
medalje der. Han var sjåfør og akkurat ferdig med
førstegongstenesta då Norge vart okkupert i 1940. Knut vart difor
mobilisert og deltok mellom anna i krigshandlingane i Gudbrandsdalen,
som lagførar. Den 31. mars 1941 drog han til England med «M/B
Hallkjell -M310A» saman med 9 andre frå Ålesund. I tillegg til
sanitetsutdanninga frå Norge tok han no telegrafist- og befalskurs.
Han arbeidde som telegrafist mellom anna i Catalina flybåtar frå
333-skvadronen i Woodhaven i Skottland. Med si lange rekkevidde vart
flya nytta til anti-ubåt jakt, sjøovervaking og dei sette i land
agentar i Norge, eller hente ut dei som vart ettersøkt. Etter krigen
flaug han mellom anna Kronprins Olav ikring i store delar av Vest- og
Nord Norge. Knut Marius fortsette den militære karriera etter
krigen. Han vart både oberstløytnant i 1977, og stasjonsjef på
Randaberg Radarstasjon frå 1961 til han vart pensjonist. Han gifte
seg først med Astrid Sola (1923-1967), men dei fekk ikkje så lang
tid saman. Ho vart sjuk og døydde berre 44 år gamal. Knut Marius
gifte seg på nytt med Berit Olaug Kommerdal (f.1934). Han vart
gravlagd på Eiganes i Stavanger og fekk ingen born.
Lilly
Mary Sulebust (f.1920-2013) var den neste i ungeflokken. Ho vaks
opp på ESSO-anlegget på Nørve der faren var bestyrar. Lilly var
flink på skulen og drøymde om å ta artium, men fekk ikkje lov til
det fordi ho var jente. Ho arbeidde derfor som butikkdame i ein av
dei gamle klesforretningane i Ålesund i staden, og fortsette med det
til ho gifte seg med Erling Marstein (1916-2016). Han arbeidde på
sjukehuset og var ansatt både på gamle-sjukehuset på Klipra og
seinare inne på dagens sjukehus Åse, der han først var
administrasjonsjef før han vart direktør. Dei budde ei tid både i
Kristiansund og Oslo, før dei kom heim og busette seg på Fjelltun.
Lilly og Erling fekk tre born.
Den
eldste av borna er Egil Marstein (f.1944). Han gifte seg med Liv
Ingrid (f.1946) og er busett i Asker. Dei fekk igjen tre born. Det er
Lilly Anne Marstein (f.1970) som er gift med Alaali Hussain, og har
borna Mirjam (f.2004) og Madlein (f.2008). Broren Erik Olav Marstein
(f.1973) er gift med Camila Dahl, og har borna Eskil (f.2006) og
Evert (f.2009). Yngstemann er Øyvind Marstein (f.1977). Han er
singel.
Den
neste er Kjell Marstein (f.1949) og busett i Ålesund. Han gifte seg
først med Inger Johanne Sunde. Dei fekk sonen Erling Johan Sunde
(f.1972), som igjen er gift med Elisabeth Bergesen (f.1972) og har
borna Ingrid (f.2009) og Marie (f.2010). Han gifte seg opp att med
Sissel Havåg (f.1954) og dei fekk sonen Kjell Erik Havåg Marstein i
1994.
Yngstesonen
Bjørn Marstein (f.1958) er også busett i Ålesund. Han var først
gift med May Britt Grande (f.1960). Dei fekk tre born. Dette er først
Anne-Mari Grande (f.1977), som har borna Clara Yvonne (f.2001) og
Emil André (f.2004) med sin første ektemann, Guillaume Laboreau
(f.1969). Deretter fekk ho dottera Oleanna Grande (f.2006) med
Ingvald Knivsflå (f.1970), og er no saman med Jan Tore Misfjord
Valbø frå Sjøholt. Broren Bjørn Einar Marstein (f.1978) er saman
med Siw Merethe Olsen (f.1981). Yngstebroren er Kjetil Marstein
(f.1986). Faren Bjørn Marstein (f.1958) er gift for andre gong med
Brit Engeseth og busett i Ålesund.
Mindor
Louis Sulebust (f.1921) gifte seg med Målfrid Petra Myklebust
(1928-2016). Ho er søstera til Oddlaug Palma som gifte seg med bror
til Mindor, Bernt Sulebust, (sjå lenger bak i kapittelet). Mindor
arbeidde ei tid som portør på sjukehuset, før han tok hyre og
arbeidde som tømmermann på Klaveness-skipet «M/S Bonneville» med
heimehamn i Vancouver i Canada. Båten hadde ei besetning på 47 mann
og gjekk normalt langs vestkysten av USA. og over Stillehavet til
Manila, Hong Kong, Indonesia og truleg også Japan. Mindor har vore
spelar på fotballaget AaFK og song i Mannskoret Dovre her heime i
Ålesund. Kona, Målfrid, vaks opp i Olsvika på Hessa. Ho hadde
forskjellige jobbar av kortere varigheit, men var lengst som
bokhaldar hos Sunde.Dei fekkdottera Kathrin (f.1961) som har cerebral parese. Difor valde
Målfrid å vere heime, medan Mindor tok seg arbeid som snekkar på
land. Han har arbeidd med sal av båtar og båtmotorar hos Johs.
Paulsen, før han tok seg arbeid i målarforretning i Spjelkavika før
pensjonsalderen. I byrjinga budde dei i Olsvika hjå foreldra til
Målfrid, men bygde seg etterkvart eige hus i Hessavegen, der dei
vart nærmaste naboar med broren Bernt og svogeren Steinar Myklebust.
Mindor og Målfrid starta i 1973 fritidsklubben «Kontakt» for
funksjonshemma i Ålesund, og arbeidde som leiarar i dei fleste åra
klubben har eksistert. Det har dei fått mange prisar og mykje
annerkjennelse for. Av desse kan Ålesund Kommunes hederspris og
Sunnmørspostens hederspris nemnast. På sine eldre dagar flytte dei
inn i dei nye eldreboligane på Klipra. Dottera, Kathrin, bur på
Nørve.
Margith
Kaspara Sulebust (1923-2004) er det nest yngste bornet til Klara
Marie og Bernt. Ho flytte tidleg til Oslo, og arbeidde på Ullevål
Sjukehus som sjukepleiar. Ho flytte seinare attende til Ålesund
etter å ha levd det meste av sitt vaksne liv i hovudstaden. Ho har
ingen etterkommarar. Margith vart gravlagd saman med foreldra sine på
Hatlehol gravlund.
Den
yngste i ungeflokken var Bernt Sulebust (1928-2014). Han gifte
seg i 1957 med Oddlaug Palma Myklebust (1931-2011). Ho er søster til
Målfrid Petra (sjå tidlegare i dette kapittelet) som gifte seg med
bror til Bernt, Mindor Sulebust, og oppvaksen i Olsvika på Hessa.
Bernt var særleg interessert i fotball i ungdomsåra. Laget var
AaFK, der han spela sin første kamp i juli 1945. Han er visst den
einaste i AaFK som har vorte kretsmeister med både junior- og
seniorlaget det same året. Det hende i 1946. Bernt fekk stadig
hederlig omtale i avisene etter kampane, og vert beskreve som en
suveren senterhalf og kaptein, på fotballagets heimesider. Han var
ofte frivillig på sine eldre dagar og fekk klubbens gullmerke for
langvarig innsats for klubben. Her kan det nemnast at han spela heile
196 kampar for AaFK. Etter artium og millitærteneste fekk han
arbeid i tollvesenet. Der vart han verande i heile si yrkeskarriere.
Bernt vart etterkvart også tollstadsjef i Ålesund.
Oddlaug
arbeidde hos Johs. Paulsen på Brunholmen etter endt skulegong i
1950. Ho starta som sentralborddame, og tok raskt over ansvaret for
fakturering. Ho arbeidde der heilt til sonen, Bernt Sulebust Jr., kom
til verda hausten 1969. I 1963 bygde dei huset sitt i Hessavegen, ved
sidan av Bernt sin bror, Mindor Louis og Oddlaug sin bror, Steinar
Myklebust. Dette var heller ikkje så langt unna Olsvika der ho vaks
opp. På sine eldre dagar flytte dei inn i eldrebolig på Klipra,
slik som Mindor og Oddlaug si søster, Målfrid Petra. Når sonen
vart stor nok byrja ho å arbeide deltid i klesbutikk. Ho var glad i
song, spela piano og song i Ålesund operakor. Oddlaug deltok i
produksjonar som «Carmen» og «Den Glade Enke». Ei tid var ho med
i helselaget på Hessa og bidrog villig som føresett når det
trongst i korps, speider eller skuleaktivitetar. Der var også Bernt
engasjert som sjåfør, foreldre-deltakar på leirskule og som
rekneskapsførar for speideren, for å nemne noko.
Dei
var glad i å reise i både inn- og utland. Dei seinare åra drog dei
også på bussturar saman med Mindor, Målfrid og Kathrin. Saman
med Bernts brødre hadde dei hytte ved Bernt sin heimgard på Søre
Sula, og ferierte ofte på Tjøme i
Oslofjorden då sonen, Bernt, var liten. Oddlaug fekk på sine eldre
dagar diagnosa ALS. Takka vere ektemannens oppofrelse og støtte fekk
ho bu heime heilt til ho døydde, etter sju års kamp mot sjukdommen.
Ho fekk oppleve å verte bestemor for første gong 12 dagar før ho
sjølv sovna inn. Bernt fekk oppleve å verte bestefar heile 3
gongar.
Sonen
Bernt Jr. Sulebust (f.1969) Er den tredje med namnet Bernt i
slektsrekka, og medforfattar i denne teksten. Han har i hovudsak
samla inn dei aller fleste opplysningane i kapittel 2, og viktige
delar av kapittel ein. Han vaks opp på Hessa og fullførte
naturfaglinja på Fagerlia Videregåande skule i 1988. Deretter vart
det telematikkutdanning på Møre og Romsdal Ingeniørhøgskule like
ved. Der vart han uteksaminert ingeniør i 1992.
Gjennom
si arbeids-karriere innan IT jobba han først hos "Asbjørn H.
Giørtz" og "Bennett Reisebureau" i Ålesund. Etter å
ha flytta til Oslo i 1994 har han arbeidd med IT i store
internasjonale firmaer som "Bennett BTI" , "Norsk
Hydro" og "EDB Business Partner". Han var også nokon
år innom "Nittedal kommune" når borna var små, men har
dei siste åra arbeidd i Avinor med drift av IT system på Gardermoen
flyplass, og dei fleste andre flyplassane i Norge.
I
motsetning til tidlegare generasjonar fekk Bernt nytte av IT også
når han fann seg ektemake. Via internett vart han kjend med tyske
Kerstin Seitz. Ho flytte til Norge i år 2000 og fekk seg arbeid i
Scandic Hotell-kjeden som resepsjonsjef og Revenue Manager. Seinare
har ho også jobba i andre store firma. Dei flytta frå Oslo til
Skedsmo i år 2001 og gifta seg i Skedsmo kirke i 2005. Dei kjøpte
rekkehusleiligheit og busette seg på Skedsmokorset, der dei framleis
er busett. Saman fekk dei borna William Bernt (f.2011) og tvillingane
Sofia (f.2013) og Leonard (f.2013).
Slektsleddet
til yngstedottera Lina Andrea Røssevold (1899-1993)
Det
finst få opplysningar om henne. Medforfattar Bernt Sulebust Jr. har
hørt at ektemannen hennar, Gustav Kristoffer Hess (1898-1988), var
enkemann og hadde 4 born frå før. Ho tok då over som stemor for
desse. Dei fekk visst ikkje eigne born. Desse opplysningane kan
stemme. I alle fall er han er nemnd som brudgom i 1925. Bruda heitte
Konstanse Amalie Olsen (1897-1937) og giftermålet var registrert i
Sandviken Prestegjeld i Bergen. Gustav vaks opp i Sydnessmuget som
sonen til hotellbod Fredrik Hess frå Sogndal og Sigvarda frå
Bergen. Han var yngst av tre brødre i 1900 og hadde ytterlegare 4
søsken i 1922. Gustav hadde ei rekke ulike typar arbeid. I 1922 var
han steinarbeidar, i 1926 finn ein han att i emigrantprotokollen for
Bergen kommune som fyrbøtar med reisepass til D/S «Betty» av
Bergen, og i 1934 var han lagermedarbeider, registert saman med
Konstanse i valgmantalet for Nygård i Bergen. Ho døydde i 1937. I
1943 gifte han seg opp att med Lina Andrea Røssevold i Bergen. Dei
fekk ingen born. Gustav og Lina er begravd på Møllendal gravplass i
Bergen.
Avsluttning
Med
dette tek me avskil med Knud Thomas Røssevold, og den etter kvart så
store etterslekta hans. Me har følgd slektsgreinene og kan vel
konstatere at dei fleste har vorte verande i området Sula, Hessa og
Ålesund. Røssevold-anene har i stort monn vorte til Sulebust-slekt,
Molvær-slekt og endå til Rosevold på andre sida av Atlanterhavet.
Alle har det ikkje vore like lett å finne detalj-kunnskap om, medan
andre har me sett oss nøydde til å begrense kunnskapen om, då der
har vore overflod av spennande detaljar. Det kan difor vere på sin
plass å henvise til Bernt Sulebust Jr. og Helen Guy McLean for meir
informasjon. Alle innspel til teksten, nye opplysningar og
korrigering av innhaldet vert sett utruleg stor pris på. Den er
omfattande, med mange slektsledd, og vi ser ikkje bort frå at fleire
etterkommaar har kome til.
Det
er heile meininga med å legge teksten ut digitalt, slik at det er
mogeleg å få hjelp til å videreutvikle og forbedre den. Alle
innspel kan sendast til sveostrem@hotmail.com
. Er det nokon som sit med liknande kunnskap om andre slekter frå
Emblem så set me stor pris på å få del i det. Det er også
mogeleg å levere bilete eller ferdige tekstar til publisering på
www.emblemsbygda.com
Kjelder:
Hareide,
Reidar og Landmark, Henrik: «Dei lange åra 1940-1945» Hareid
historielag 1991.
McLean,
Helen Guy: Slektsoversikt for Johannes og Johanne Sulebust
(14.1.2017) delt av Bernt Sulebust.
Otterlei,
Borge: «Likferd med brann-dramatikk» 2 artiklar publisert i
Sunnmørsposten 4.3.2006 om
brannen på Sulebust 1931.
Rabbevåg,
Egil: Slektsregister for gnr. 8 Røssevoll som er under stadig
revisjon.
Stensager
P.: Opplysningar om Tykjegarden skrive ned på 1920-talet for
Bygdeboknemnda i Borggund.
Skuggen, Janne Sulebust: Opplysningar om mellom anna mora Solveig Sulebust Skuggen, søsken og etterslekt, via Messenger til forfattaren 6.3.2020
Sulebust,
Jarle: opplysningar om foreldra sine. Leonhard og Asbjørg Sulebust
og etterslekta via e-post.
Sulebust,
Bernt: Diverse slektskjema, tekstar, bilete og ytterlegare
opplysningar. Han er medforfattar i denne teksten.
Østrem,
Svein Ove og Rabbevåg, Egil: «Bygdebok for Emblemsbygda Gardsoge
gnr. 1-9» Kladd til
ei
oppdatert utgåve av Ragnar Øverli si tidlegre publiserte bygdebok
for Borgund og Giske.
Øverli,
Ragnar: «Borgund og Giske Band 2 Gardsoge 1-51; Borgund og Giske
Bygdeboknemnd 1961».
Digitale kjelder:
Bilete
av Kraasbyes Uldvarefabrikk i Mauseidvågen frå DigitaltMuseum.no:
https://www.google.no/search?q=kraasbye+vedde&sa=N&tbm=isch&imgil=hzJMOW8wTKjpkM%253A%253BzhFNI6D
Dis
gravminne for Johanne Røssevold Sulebust:
http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy
Dødsregistreringa
til Marie Røssevold i kirkeboka:
https://media.digitalarkivet.no/view/39472/95360/25
Dødsegistrering
av Ole Iver og Olivie Karoline Røssevold i Klokkarbok for Borgund
1975:
https://media.digitalarkivet.no/view/16491/92865/59
Dødsannonse
til Margit Sulebust (1933-2015)
http://www.e-pages.dk/sunnmoersposten/4436/35/?query=margit+sulebust
Dåpsregistreringa
til Knud Thomas Røssevold i 1870:https://media.digitalarkivet.no/view/6379/33063/129
Dåpsregistreringa
til Knut Marius Røssevold i 1895:
https://media.digitalarkivet.no/view/2680/57
Familiegrava
til Petrine Røssevoll Nøstdal på Nedre Gravlund i Ålesund
https://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4283560
Felles
gravminne for Bernt, Klara Marie og dottera Margith Kaspara Sulebust
på Hatleholen:
http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4299666
FrigoPan
a/s si annonse med forretningsadresse Norges Handelsleksikon bind 3
frå 1985:
http://www.nb.no/nbsok/nb/cbfb921c5fa1bef437c202261b36919c?index=1#1285
Furø,
J. E. og Barmann, O.: Romsdals Amts Adressekalender, J. Aarflots Bog-
og Akeidenstrykkeri; Aalesund 1900.
Giftermålsregistreringa
til Knud Thomas Røssevold i 1893:
https://media.digitalarkivet.no/view/2677/17262/60
Gravminne
til Lina Andrea Røssevold og Gustav K. Hess:
http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=407087
Gravstøtte
Astrid Sola Sulebust 1923-1967 på Sola:
http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=1598318
Gravstøtte
Knut Marius Sulebust 1918-2005
https://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=3768939
Gustav
Hess i emigrantprotokollen 1926:
https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000756014
Gustav
Hess i 1900-tellinga:
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335066576
Gustav
K. Hess brudgom i 1925:
https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000723232
Gustav
og Konstanse Hess i valgmantalet i Bergen i 1934:
https://www.digitalarkivet.no/view/108/pc00000000469330
Gustav
K. Hess kommunal folketelling i Bergen 1922:
https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522037583
Gustav
K. Hess giftermål med Lina Røssevold i 1943:
https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000905119
Johannes
og Elfrida Sulebust sin gravstein:
http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4262553
Johan
Oluf Røssevold sitt tredje bryllup i 1911:
https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000026176
Johanne
Knutsdotter Røssevold og Johan Sulebust giftermål i Hareid Kyrkje:
https://media.digitalarkivet.no/view/43862/58105/13
Kipawa
i tankbåtlista frå www.skipet.no:
Lista finst her: http://www.skipet.no/skip/skipslister/1951-tankskip
Klara
Røssevold giftermål 1916:
https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000027521
Knud
Røssevold registrert som fiskar og fadder for niesa Olefine
Johansdotter Røssevold i Ålesund 1893:
https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005223276
Konfirmasjon
Eldar Olai Nøstdal 1919:https://www.digitalarkivet.no/view/277/hk00000000590469
Konfirmasjon
Samuel Vilhelm Nøstdal Ålesund 1922https://media.digitalarkivet.no/view/39477/181
Lina
Andrea Røssevold Hess dødsregistering:
https://www.digitalarkivet.no/view/15/pa00000000153865
Litt om
flyttinga av devoldfabrikken:
https://no.wikipedia.org/wiki/O.A._Devolds_S%C3%B8nner
Om Jens
Molvær og Jensine Røssevold Molvær I Kraasbyehuset i Mauseidvågen:
http://www.nb.no/nbsok/nb/c800b6af53fabed81c8752bccf3449d5?index=6#19
Om
Kraasbyes ullvarefabrikk: http://www.nb.no/nbsok/nb/6c66dc758524225d2abf58bd469722c7?index=1#0
Teikning
av bolighus for baker Haugland frå 1907
https://digitaltmuseum.no/011073022650/utkast-for-bolighus-for-baker-haugland-fasadeoppriss