BNR. 3 GJERDET

Garden litt før 1967. Biletet er delt av Lars Andreas Akslen.
Garden litt før 1967. Biletet er delt av Lars Andreas Akslen.
Kan dette vere Jakob Rasmusson Akslen som gifte seg med Gina og tok namnet Molvær?
Kan dette vere Jakob Rasmusson Akslen som gifte seg med Gina og tok namnet Molvær?
Gina Molvær som gifta seg med Jakob Rasmusson i 1903
Gina Molvær som gifta seg med Jakob Rasmusson i 1903
Karl Johan Sunde og Marie Eline Rasmusdotter Akslen frå Gjerdet
Karl Johan Sunde og Marie Eline Rasmusdotter Akslen frå Gjerdet
Henrikka Akslen var opphaveleg frå nabobruket Høla. Då ho vart enke i 1933 valde ho å selge bruket til Kaptein Lars Hansen Akslen frå Akslagjerdet. Orginalbiletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: FAKf-100187.208706 og er signert fotograf Enok Simmonæs i 1912
Henrikka Akslen var opphaveleg frå nabobruket Høla. Då ho vart enke i 1933 valde ho å selge bruket til Kaptein Lars Hansen Akslen frå Akslagjerdet. Orginalbiletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: FAKf-100187.208706 og er signert fotograf Enok Simmonæs i 1912
Hans Jakobson Molvær som vert nemnd i forbindelse med folketellinga for Gjerdet i 1910. Han var bornebornet til Rasmus
Hans Jakobson Molvær som vert nemnd i forbindelse med folketellinga for Gjerdet i 1910. Han var bornebornet til Rasmus
bryllupsbilete av skipper Lars H. Akslen frå Akslagjerdet og Laura Emblem frå Auregarden. Dei busette seg på Myrane som var kårbruket til Auregarden. Laura døydde tidleg og borna Harry og Mary Akslen budde då nokre år 
hos besteforeldra i 
Auregarden før Lars gifte seg opp att og kjøpte Gjerdet i 1933. Biletet er utlånt av Roar Emblem og Harry Akslen har gitt opplysningar om namna.
bryllupsbilete av skipper Lars H. Akslen frå Akslagjerdet og Laura Emblem frå Auregarden. Dei busette seg på Myrane som var kårbruket til Auregarden. Laura døydde tidleg og borna Harry og Mary Akslen budde då nokre år hos besteforeldra i Auregarden før Lars gifte seg opp att og kjøpte Gjerdet i 1933. Biletet er utlånt av Roar Emblem og Harry Akslen har gitt opplysningar om namna.
Båten er truleg "Skarbak".  Mannen med den svarte "skipperhua" nr. 4 f.v. er skipper Lars H. Akslen. I bakerste rekke nr. 8 f.v.: (dels skjult bak ein med svart genser) kanskje Karl Østrem, så Oskar Nedregotten som nr. 9, med håret dels rett opp 
og Fredrik Garshol med lys skjorte og mørk sixpence, Tomas Akslen er bakerst til høgre med skyggehue og mørk jakke. Emil Terøy sit i fremste rekke som nr. 2 frå venstre. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal
Båten er truleg "Skarbak". Mannen med den svarte "skipperhua" nr. 4 f.v. er skipper Lars H. Akslen. I bakerste rekke nr. 8 f.v.: (dels skjult bak ein med svart genser) kanskje Karl Østrem, så Oskar Nedregotten som nr. 9, med håret dels rett opp og Fredrik Garshol med lys skjorte og mørk sixpence, Tomas Akslen er bakerst til høgre med skyggehue og mørk jakke. Emil Terøy sit i fremste rekke som nr. 2 frå venstre. Biletet er delt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal
Flyfoto av garden ca. 1967. Delt av Lars Andreas Akslen.
Flyfoto av garden ca. 1967. Delt av Lars Andreas Akslen.
Potrett av Skipper Lars H. Akslen. Biletet er utlånt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal
Potrett av Skipper Lars H. Akslen. Biletet er utlånt av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal

Gjerdet er skyldsett til 38 øre og har gardsnummer 3, med bruksnummer 3. Bruket ligg i dag under Reiten. Husa ligg sør for Akslagjerdet på nedsida av dagens bilveg mot Magerholm. Opphaveleg var dette tunet til Stigeplassen med bruksnummer 2 som sidan vart delt i bruksnummer 2 og 3. Det er dermed på sin plass å skrive litt om både Stigeplassen og Gjerdet i byrjinga.

Det var Rasmus Karolus Andersson (1843-1927) som rydda plassen i fellesutmarka til Aksla og Reiten i 1860-åra. Tidbolken frå 1850-1860 var den perioden då flest nye husmannsplassar vart rydda i Emblemsbygda, og Stigeplassen var ein av desse. Rasmus vart fødd på Reiten den 29. januar og heimedøypt der den 13. april. Truleg var det ikkje helsa som var årsaka, men heller verforholda denne våren. Dei fleste av dei som vart fødde i Borgund på same tida vart nemleg heimedøypte dei óg. Fadderane var Martinus Pederson Østrem, Lars Pederson Akslen, Ole Rasmusen Østremsreit, Siri Madsdotter Nedregotten og Marte G. Olsdotter Nedregotten.

Faren heitte Anders Rasmusson (ca. 1813-1846) og mora heitte Sofie Kristofersdotter Østremsreit (1812-1859). Eg veit ikkje nøyaktig kvar dei kom frå, men eg merkar meg at Hans Rasmussen Myrhaug (1790-1865) og Kirsti Kristofersdotter som eigde og dreiv Reiten hadde same farsnamn som Anders og Sofie. Sidan namna elles ikkje passar med namn på Reiten eller Aksla, kan det hende at dei kom utanfrå og at nokon var i slekt med dei nye eigarane på Reiten. Det eg derimot veit er at Anders var plassemann på Reiten, men det finst ikkje opplysningar om kvar denne plassen låg. Anders omkom under ein orkan på sjøen den 17. mars 1846. Han var truleg på fiske, for dei var minst tre frå bygda som er registrerte som omkomne og stilt saman med ei klamme i kyrkjeboka. Teksten er diverre vanskeleg å tyde, men det er i alle fall to til som eg med sikkerheit kan seie at dei kom frå bygda vår. Den eine var plassemann Knut Iversen Magerholmvik på 60 år, og den andre var drengen Lars på 21 år frå Magerholmvika. Det er interessant å merke seg at Anders blir oppført som Anders Rasmuss. Gjerde Østremsreit. Enten så kan fødestaden ha vore ein gard med namnet «Gjerde», eller så kan det fortelle oss noko om kvar han budde i 1846. Det kan vere grunn til å fundere litt på dette, for det var sonen og borneborna hans som seinere skulle ta i bruk gardsnamnet Gjerdet i 1907. Det er i alle fall lov til å tenkje seg at det er ein samanheng. Kanskje var det Anders som starta å rydde det som seinare skulle verte garden Gjerdet? Samstundes er det fleire moglegheitar.

I 1847 vart Sofie oppattgift med Erik Larsen Navelsaker (1825-1898) frå Hornindal, som hadde vore dreng på Reiten. I bygdeboka fekk han æra for å ha rydda plassen Vedhaugen under namnet «Midthaug», men kanskje var det der Anders hadde budd først? Det er mogelrg at han aldri kom så langt at han fekk registrert nokon festekontrakt. Eg har i alle fall ikkje funne klare prov for at Anders budde på hverken Midthaug eller Stigeplassen, men me veit at han var husmann på Reiten og då er der ikkje så mange alternativ. Eg har også funne delar av namnet åt far til Sofie i kyrkjeboka ved bryllaupet med Erik den 20. juni i 1847. I følge presten i Borgund kyrkje heitte han Kristofer Nygaard. Det kan tyde på at Anders kom frå Eid og dermed same plass som eigarane på Reiten, men det finst også ein plass med dette namnet i gamle Borgund kommune.

Rasmus måtte truleg tidlig i arbeid som dreng på Reiten. I 1865 var han registrert som tømmermann og «logerende» på hovudbruket. På denne tida var det ein del skog på Akslanakken, men ikkje noko flaumsag lenger. For den som var ugift, var det å ikkje vere sysselsatt eit brot på lausgjengarlova, med påfølgande straff. For dei unge utan erfaring eller god stand ville det å få seg teneste vere heilt vanleg. Dei fleste tente på nabogardane frå komfirmasjonen mot kost og losji, medan dei fattigaste husmannsborna ofte måtte i teneste fleire år tidlegare. Ein finn også eksempel på dei som ikkje fekk nokon skulegong i det heile. Truleg stod det ikke så gale til med Rasmus. Om han arbeidde dels saman med Hans på hovudbruket, er ikkje heilt utenkjeleg, for begge var bygningsmenn, og Rasmus gjekk truleg i tømrarlære også. I 1865 hadde dei to tenarar på Reiten, og sidan Rasmus no hadde gått frå å vere tenar til å leige husrom, så må han også ha hatt inntekt på tømrarverksemda. Medan han budde på Reiten vart han forlova med Anne Inger Severine Petersdotter Hjorthol (1835-1907) frå Sykkylven, som var tenestejente på garden. Då dei gifte seg i Ørskog kyrkje 17. juni i 1866 hadde dei også behov for å finne sin eigen plass og inntekt. Husbonden på Reiten fann råd og det endte med at dei fekk rydda seg eit plassebruk i fellesutmarka til Aksla og Reiten. Årsaka til at Rasmus valde å flytte kan verke opplagd, sidan han gifta seg, men avgjerda kan også ha vorte påverka av at Hans døde i 1865, og eg finn ikkje spor som kan tyde på at sonen Rasmus Hansen (1826-1890) fortsette med tømring slik som faren. Derimot ser eg at han var forlovaren til Rasmus i 1866, så dei var truleg vel forlikte, om det ikkje var meir som ein gest ovanfor sin framtidige utleigar. Stefaren til Rasmus, Erik Larsen på plassen Midthaug var forlovaren til Anne. Eg trur ikkje at forlovervalet med odelsguten på Reiten var nokon høfleg gest, for dei måtte gifte seg. Det samme året hadde Anne og Rasmus vorte foreldre, og det å få eit «uekte» born på den tida var alvorleg. Det er mogeleg at det var dette som tvang fram eit ekteskap, men det er lite som tydar på at dei ikkje treivst ilag i åra som skulle komme. Eg har per dags dato klart å finne seks born: Hansine Marie Sophie (f. 1866) , Peter Johan Christopher (f. 1868), Anna Karoline Petrine (f. 1870), Edvart (f. 1874), Jakob (f. 1876), Oline Marie (f. 1879) og Marie Eline (f. 1882). Eg skal kome attende til fleire av desse lenger ned i denne teksten.

I 1884 lånte Rasmus 366 kroner og 20 øre frå P. H. Gåseide. Som sikkerheit hadde han «1 Stuebygning, 1 Ladebygning og 1 Nøst med mur og nagelfaste Indretninger. Men husa kan ikkje ha vore så store eller verdifulle, for attåt måtte han dessuten garantere for lånet med «alt Tilbehør saaledes som Husene nu ere eller herefter med Tilbygninger maatte befinde. Ligesaa pantsættes med samme Prioritet Husenes Assurancesum eller de Bygninger, der i Husbondens tilfælde opføres.» Krava frå lånegjevaren var høge, men kanskje berettiga, for allereie i 1887 vart det halde eksekusjonsforretning på plassen. Lånet med renter hadde no auka til 387 kroner og 80 øre. Gåseide fekk no eigedomsretten til både huset og løa. Frå no av gjekk det likevel betre. Eg finn ikkje fleire økonomiske utfordringar dei neste åra. Mot slutten av 1800-talet hadde pengehushaldninga byrja å verte merkbar kontra den eldgamle tanken om sjølvbergingsjordbruk. Det vart meir vanleg å ta hyre på båt, satse meir på kjøt og mjølkeproduksjon eller å finne seg ei attåtnæring som tømrar og liknande. Kanskje var det difor størrelsen på Stigeplassen fekk mindre betydning. Dei første åra rakk plassen heilt frå Akslagjerdet, med bytestein omtrent der hovudvegen går i våre dagar, og vidare heilt ned til sjøen. Ved utskiftinga i 1894 vart plassen ein del av Reiten og skyldsett til 84 øre. Det same året vart plassen kjøpt av Jakob Rasmussen Østremsreit. Denne Jakob må ikkje forvekslast med Jakob Rasmussen (1876-1938) som var sonen til Rasmus Anderson Østremsreit som hadde rydda dette plassebruket. Den nye eigaren av Stigen var fødd og oppvaksen på Reiten, sonen til Rasmus Hansen (1826-1890). Med to Jakob Rasmuson som tidvis nytta Østremsreit og deretter Akslen, er det litt vanskeleg å halde oversikta. Sjøl bygdebokforfattaren ha bomma der. Jakob Iver Olaus (1877-1938) frå Reiten gifta seg med Eline Thomasine Knutsdotter Akslen (1880-1943) frå Øvste-Aksla. Saman reiv dei plassen i mange år i lag.

I 1900-tellinga budde det 6 menneske på plassen, og namnet var framleis «Stigen», eller «Stigeplassen». Rasmus Anderson Akslen og Anne Petersdotter var framleis registrerte som «Gaardbruger, Tømmermann, Fisker» og «Gaardbrugerkone». Sønene Jakob (1876-1938) og Edvart (1874-1933) var framleis ugifte og dreiv med fiske og tømmring. Edvart var på denne tida busett i Ålesund, med det var truleg berre midlertidig i forbindelse med fiske. Søstera Anna Marie (f.1882) «holdes hjemme som Pige, sysselsat del med Kreaturstel og dels i Huset» . Der var også ei jente som heitte Marie Rasmusdotter frå Eikrem som var «Tjenestepige». Det er mogeleg at Rasmus var mykje vekke heimanfrå, sidan dei hadde to jenter med hjelpande hender på garden. Eg merkar meg at Anna var meir enn gifteklar med sine 30 år i 1900, men eg trur også at tellinga er misvisande. Rasmus og Anne hadde nemleg ei dotter som heitte Marie og vart fødd i 1882, så at denne Mari skulle vore fødd på Ekrem, kan ikkje stemme. Frå folketellinga kjem det også fram at dei hadde korn og potet med krøtter attåt. Kjøkkenhage, frukthage eller fjærkré var der ikkje noko av dette året.

I1910 finn me att Rasmus som enkemann og gardbrukar på Gjerdet. Edvart var enno ikkje gift og framleis fiskar og snekker. Dottera Olina Marie Rasmusdotter (1879-1947) var ugift «Husbestyrerinde» på garden. Ho gifte seg først den 25. januar 1915 med enkemannen Johan Karlson Nedregotten frå Elvemyr bruksnr. 4. I tillegg budde der ein gut på 6 år som heitte Hans Jakobsen Molvær. Det vert fortalt at faren var i Amerika og arbeidde som snekkar der. Guten var ikkje kven som helst. Han var sonen til Jakob Martinus Olaus Rasmuson Akslen (1876-1927) og Gina Elise Karoline Karolusdotter Moldvær. Dei hadde gifta seg i 1903 og busett seg på Moldvær året før Hans kom til verda. I 1906 hadde Jakob registrert seg som emigrant den 25. mars, og passasjerlista tyda på det same, men det vart ikkje slik. Han kom attende i 1907 og var på nytt på veg til Amerika via Ellis Island 8. mars 1909, så han arbeide truleg i Amerika i omlag eit år av gongen. Då han gifte seg med Gina, 27 år gamal, var det som «inderst og Fisker». Han bytta også etternamn til Molvær Å verte kårmann i så ung alder var nok ikkje så mykje å trakte etter. Samstundes hadde dei mange born å forsørge. I 1910-tellinga for Moldvær er Jakob framleis registrert som fastbuande der. Saman hadde dei no 4 born. Gunda vart fødd i 1903, Hans i 1904, Astrid i 1906 og Gerda i 1909. Gina hadde med andre ord born frå 1 til 7 år å ta seg av medan Jakob var vekke. Ikkje rart at ho hadde behov for avlastning, sjølv om ho nok hadde god hjelp av Inga Røssevold på 17 år som var tjenestejente. I tillegg var no Marie Eline Rasmusdotter (f.1882), søstra til Jakob og ektemannen Karl Johan Sunde (1882-1973) også busatt på Moldvær.

I 1915 tok den nest eldste sonen, Edvart Rasmussen Akslen (1874-1933), over på Gjerdet i følge Bydeboka, medan panteregistrerte dokument syner at han selde kalkrettane på garden frå seg allereie i juni 1914, og då var han allereie registrert som eigaren på Gjerdet. Eit nærare søk i pantebøkene syner at han fekk skøyte på at han hadde kjøpt ein «parcell» av Stigeplassen frå Jakob Østremsreit i juli 1907, og at den vart skylddelt den 18. juni det same året. Kjøpesummen var på 650 kroner. Dette nye stykket fekk då namnet «Gjerdet» med ei matrikkelskyld på 38 øre. Samstundes fekk faren Rasmus bygselsrett og bruksrett på den nye gardparten. I 1894 hadde det også vore ei skylddelingsforretning på Stigeplassen, der Johan Nilsen Akslen hadde fått bruksrett på eit markstykke som no vart ein del av det nye bruket. Det vart konstatert at han fekk fortsette med det. Det vart også skrive ned at det frå no av var Edvart sine arvingar som kunne gjere krav på odel og arverett på Gjerdet. I dette lyset er det då litt merkeleg at det er Rasmus som er nemnd som gardbrukaren på Gjerdet i 1910-tellinga, sjølv om også Edvart var busett der. Det kan derfor verke som om Rasmus fortsette å drive garden på Edvarts vegne, sidan han enno ver ugift og livnærte seg som snekker og fiskar, medan Rasmus hadde pensjonert seg frå den slags arbeid. Der finst ikkje opplysningar om talet på dyr og avlingar i denne folketellinga, men det kan ikkje ha vore nokon stordrift. Rasmus greidde seg nok godt som drivar framleis med sine 67 år, medan dottera Oline hadde tatt mora sin plass som husmor. Årsaka til at både skylddeling og skøyte vart tinglyst dette året, er truleg at mor til Edvart og Oline , Anne, døydde om våren dette året av magekreft. Rasmus ville truleg ha eit ord med i laget når framtida skulle planleggast, og ville heller vere føre var med alle papira i orden.

Edvard gifte seg med skredderska Henrikka Johansdotter Akslen (1874-1945) den 18. oktober 1914. Ho var dottera til gardbrukar Johan Nilsen Akslen i Høla. Han kom opphaveleg frå Hesseberg og var kårmann på den tida Henrikka gifta seg. Det betyr at ho var tanta til Mauritz Akslen som du finn tekst frå og intervju med her på Emblemsbygda.com. Det var også den same Johan som hadde fått bruksrett på markastykket som no tilhøyrde svigersonen Edvart på Gjerdet. Så vidt som eg har høyrd så var Edvart og Henrikka bornlause. Det er ikkje så utenkjeleg når ho var 40 år då dei gifta seg. Edvart døydde som følge av eit magesår i 1933. Henrikka var no 59 år og ynskte å flytte tilbake til den næraste slekta si i Høla.

Ho selde til skipper Lars Hansen Akslen (1893-1983) som opphaveleg var tiltenkt Akslagjerdet, der han hadde odel. Av økonomiske årsaker vart det ikkje mogeleg å overta der. Faren til Lars måtte i staden selge plassen til Aalesund Handelsfunksjonærers Forbund for å få nedbetalt mest mogeleg av gjelda han fekk då han bygde seg nytt hus. Du kan lese meir om Akslagjerdet i ein eigen tekst her på emblemsbygda.com. Lars fekk skøyte på Gjerdet 30. oktober 1933 mot ein kjøpesum på 5300 kroner, og flytta inn seinhausten 1933 saman med si andre kone, Karen Petra Akslen (1898-1970) frå Sande og dei to borna frå første ekteskap, Harry (1919-2019) og Mary Olga (1921-2015) Han vart første gongen gift i 1918 med Laura Olsdotter Emblem (1894-1927) frå Auregarden. Dei budde då på Myrane lenger vest i bygda, men Laura døydde så alt for tidleg av tæring, og sidan Lars dreiv på sjøen, så måtte borna Harry og Mary Olga bu i Auregarden hjå besteforeldra frå 1927-1933. Men med nytt giftermål vart familien samla igjen. Eg finn ikkje noko spor etter kårkontrakt eller krav frå selgaren. Skøytet er på berre nokre få linjer med ei påminning om gardens rett på to torvteigar ifølge utskiftinga i 1907.

Mary Olga flytte til Naustdal og gifta seg med Anders Stubhaug der.

Eldsteguten Harry som tok over Gjerdet i 1959. Han var gift med jordmor Kjellaug Underhaug (f.1925) frå Jondalen. Harry hadde ein imponerande hukommelse frå omtrent heile si levetid. I dei tilfella eg har hatt nøyaktige dokument å frå samtida å støtte meg til, så har Harry vist seg å vite enno fleire detaljar. Utan han så ville det neppe vore mogeleg å skrive fleire av desse historiske tekstane på emblemsbygda.com. På 1960-talet måtte hovudhuset rivast, for det kom for nært den nye hovudvegen til Magerholm, som stod heilt klar i 1968. Harry og Kjellaug bygde seg nytt hus like ved gamletunet, der løa framleis står på sin opphavelege plass. Dei fekk to gutar. Det var Lars Andreas Akslen (f.1957) og Kjell Harry Akslen (f.1961). Lars Andreas var ein av  initiativtakarane til ungdomskoret "Credo" på Emblem Bedehus. Koret skifta seinare namn til dagens Respons. Han tok medisinsk utdanning, og er i dag ein godt kjent kreftforskar. Han gifta seg 1980 med Åse Nylenna frå Blindheim. Dei bur i Bergen. Kjell Harry Akslen utdanna seg til psykiater. Han gifta seg 1989 med Siv Hånes frå Søvik, og er i dag busett på Flisnes.

Harry utdanna seg til møbelsnikkar, og vart med å starte opp "Østrem Møbelfabrikk, Akslen & Co." hausten 1946. Jakob Hanken var initiativtakaren. Han fekk med seg broren Einar og Harry, samt Severin Østrem som hadde bygd eit heilt nytt fabrikklokale på parsellen "Elvebakk", mellom Storelva og Blåskulen ved Ebbegarden. Severin hadde tidlegare hatt treverkstad i kjelleren sin på "Granly", ei hustomt utskild frå farsgarden, Abrahamsgarden på Østrem. Like før han var ferdig med sin eigen fabrikk, så fekk han arbeid hos Ødegård Karosseri i Puskhola. Det vart dermed Harry som fekk signaturretten til den nye møbelfabrikken. Dei starta det som kan ha vore det første serieproduserte møbelet i distriktet, eit radiokabinett. Allereie i 1947 vart fabrikklokalet for lite. Du kan lese meir om denne fabrikken i ein eigen tekst her på www.Emblemsbygda.com, saman med dei to andre møbelfabrikkane som han engasjerte seg i. Det var "Solid Møbelindustri" frå om lag 1954 til 1973, og "Kvalitetmøbler a/s" frå 1973 til pensjonsalderen. Harry var ein av dei tre som eigde Solid. Dei to andre hadde starta opp først på Blindheimsneset. Etter kvart gjekk det så bra at dei bygde seg ein ny møbelfabrikk på Blindheimsgeilane, på andre sida av vegen for Hjelmeland Møbler, der Lied Verktøy held til i dag. Den siste fabrikken var han berre ansatt hos. Den flytta i 1973 til nytt fabrikklokale ved Emblemsvågen, oppe mot gardsgrensa til Ystebøen si heimeutmark i vest.