DIKT TIL BYGDA

Karl O Emblem frå steffågarden på Emblem har skrive fleire av tekstane som du finn på denne heimesida. Nedanfor finn du eit dikt om heimbygda som han skreiv i Inaumnesingen, lagsboka til ungdomslaget i Emblemsbygda, då han var bladstyrar. Dette ærefulle vervet gjekk på omgang mellom medlemmane.

Her hev mine fedrar butt

i mange, mange år.

Her livde dei sitt liv so trutt

i trange, trange kår.

Det inga soge skrive er

om deira liv og kav,

ingen bautastein dei fær

på si gløymde grav.

Avgøymd, avgløymd bygda låg

i mellom fjord og fjell.

Herinne våre fedrar såg

so mang ein helgakveld.

Helg og yrkje stille rann

burt med småe steg,

og snart dei øyddest mann for mann

no er det du og eg

Dei denne bygda oss hev gitt

med hus og heim og bø.

Og difor eig vi henne fritt

frå fjell og ned til sjø.

Her hev vi levd vår barndoms tid

og våre ungdoms år, 

og etter kvart som tida skrid

fær vi våre manndoms kår.

Mange ting er annarleis

mot kva det var ein gang

Mange hev fått ein annan sveis

i gjennom tida lang.

Men lell ho er vår Emblemsbygd

vår arv på denne jord.

Og vi fær yrkje her i trygd

i glans frå tid som for.

Og lat vi yrkje meire traust

og hugnad kring oss så.

Til meir du ofrar kjærleik raust

til meir du att kan få.

Og lat vi sidan få den dom

at vi var fagnafolk.

Att vi fyllte godt vårt rom

i denne tidas bolk.

Og lat vi alle saman stå

og hjelpe bygda fram,

då kan vi ut i verda gå

forutan sorg og skam.

Lat kvar ein gjest i denne kveld

få kjenna band som bitt.

Og gjer at landet alltid held

og sterknar heller litt.

Bladstyrar

Karl O. Embl

Kari 12.05.2015 09:30

Et veldig fint dikt :) Og det hjalp meg veldig mye

lillian nedrelid 05.05.2011 11:54

fantastisk side .jeg har noen gamle bilder ,om de kunne være av intresse .