17. mai i Emblemsbygda

Kan det vere 17. mai? I alle fall en søndags ettermiddag rett aust for ungdomshuset. Jenta som står lengst til høgre og borna er enno ikkje namnsett. Dei vaksne har eg fått ein del namn på, som vil verte puliserte etter kvart. Biletet tilhøyrer Judith Kvangarsnes

Stor takk til Arve Flem som har laga det grafiske oppsettet.

Det kan sjå ut som om biletet er teke på 17. mai. Karane er i alle fall pynta med noko som kan likna på 17. maisløyfer. Ungdomane på biletet er f.v.: Olav F Emblem, Lars O. Emblem, Oskar O. Emblem, ukjent, Karl O. Emblem og Georg Emblemsvåg. Det kan verke som om Karl O. og Georg har songarluer på. Biletet tilhøyrer Roar Emblem

Første klasse i 1974 passerer fotografen. Rune Røed Olsen, som er nummer 2 frå høgre, har lånt ut biletet.

17. mai kring 1950. fotograf ukjend.

Situasjonsbilete frå feiringa i 1971 ved gamleskulen og Ungdomshuset på Hjellhaugen. Ei heil glasflaske med brus var ikkje kvardagsleg på den tida. Sjølv hatt var på mote i yngre kretsar den gongen.

17. mai tidlig på 1970-talet

Den gamle festplassen ved gamleskulen og ungdomshuset på Skaret.Bjørg Havikbotn (g. Østrem) lengst til høgre. Foto: Aslaug Østrem

17. mai foran ungdomshuset, med gamleskulen i bakgrunnen. F. v.: Berit Helen Brevik (g. Bjørnhaug) i vogna og Ann Kristin Østrem ved sidan av. Foto: Aslaug Østrem

Toget med Gjallarhorn passerar kommunegarasja på Skaret og er i ferd med å svinge inn på festplassen ved gamleskulen og ungdomshuset. Oddar Ramsvik på stortromme og Arne Liaklev i framgrunnen mot høgre

Balkongen på ungdomshuset er pynta til festen. Foto: Aslaug Østrem

På veg opp den gamle Resebakken, med gamlebedehuset i bakgrunnen. Foto: Aslaug Østrem

Oppstilling på skuleplassen ved Blåskulen. Dette er første gongen med ny skulefane. Arne Nowak fekk æra av å bære ho i 17. maitoget. Biletet tilhøyrer: Arne Nowak

Ett av mange forsøk på å få minstemann til å stå fint på egenhand. Biletet er frå den gongen ein fotorull hadde kun 24 eller 36 bilete og det tok fleire dagar før ein fekk sjå om bileta vart bra. Foto: Marit Østrem

17. maitoget i Resebakken kring 1970. Biletet tilhøyrer Arne Nowak

17. maitoget passerar Blåskulen på veg innover mot Resebakken. Harry Bjørkavåg er dirrigent.

Toget med Blåskulen og gamlebedehuset i bakgrunnen. foto: Aslaug Østrem i 1974

Framføring av eventyret om Raudhette og Ulven kring 1980. Frå venstre: Marlene Mittet?, Marit Akslen, Katrin Tafjord, , Nina Akslen Yksnøy og May Elisabeth Akslen Nupen. .

Den første gongen 17. mai-komiteen nytta eigne hatta i toget. Biletet er frå omlag 1980 og er utlånt av Lillian Nedrelid.

Heile Fantefotball-laget samla før kampen på grasbana på Ebbemyra tidleg på 1980-talet. Foto: Marit Dale Østrem

Fantefotball ein gong tidleg på 1980-talet. Foto: Marit Østrem

Arne Valaker ber fana til Emblem Skulekorps

17. maikomitéen 1980. Foto: Aslaug Østrem

17. mai toget med Gjallarhorn passerar Gardsenhaugen. Biletet er utlånt av Roar Emblem

Kan det vere i 1977? Biletet er scanna frå ein gamal lysbildefilm som ikkje er heilt i slag lenger. Foto: Olav Østrem

!7. maikomitéen først i toget. Det er mogeleg at biletet er frå 1978.

Oppstilling på grusbana bak gymsalen. Det er mogeleg at biletet er frå 1980. Foto: Olav Østrem

Klar til avmars frå grusbana 1980. Undrar meg på om dette kan ha vore første gongen at toget stillte opp der. Seinare vart asfaltvegen frå lengdehoppgropa langs fotballbana nytta, slik som i dag.

17. mai 1960 ved ungdomshuset. F.v.: Mette Smogeli, Eli Hals, Arne Nedregotten og Eldrid Smogeli Fotograf Gunvor (Tulla) Nedregotten.

17. mai ein gong mellom 1960 og 1972 for her har ikkje Gjallarhorn fått uniformer enda. Foto: Gunvor "Tulla" Nedregotten. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten.

17. mai ein gong mellom 1960 og 1972 for her har ikkje Gjallarhorn fått uniformer enda. . Foto: Gunvor "Tulla" Nedregotten. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten.

Feiring ein gong kring 1962. Biletet tilhøyrer fotografen, Ragnar Ulstein

Gjallarhorn spelar utanfor Blåskulen 17. mai 1977. Det ser ut som om det er Kåre Kvangarsnes som dirigerar. Foto: Gunvor "Tulla" Nedregotten. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten

Gjallarhorn i toget 17. mai 1977. Foto: Gunvor "Tulla" Nedregotten. Biletet tilhøyrer Arne Nedregotten.

17. mai feiring i bygda

Svein Ove Østrem

Eg har sjølv gode minner frå barndomens grunnlovsfeiring. På skulen hadde me høyrd om Eidsvoll i 1814, fargelagd flagg, som skulle hengast opp i vindauga på Ny-skulen, laga 17. mai rosettar av kreppapir og elles pynta så fint me kunne i klasseromma, for dei skulle nyttast som kafé på den store dagen. Tavlene vart pynta med farga kritt og vi gledde oss til pølser, brus og is. Men feiringa har ikkje vore slik alltid. Før den 2. verdskrigen var det ikkje like stor feiring som no. Det var først og fremst etter 1945 at det tok verkeleg av, for no vart feiringa av frigjeringa frå tyskerane langt på veg hovudfokuset. Samtidig som dette skulle vera bornas dag, nett slik Henrik Wergeland ynskte det.

Feiringa før 1940

I eit intervju med Sigurd Langleite kring 1984 let Mauritz Akslen frå garden «Hålå» oss få høyra korleis det var då han var ung før krigen:

«Det var dårleg den tida. Det var ikkje mange som var interesserte den gangen, enkelte gongar kunne noken ta seg fri og møte opp på ettermiddagen, der kanskje kom ein foredragshaldar. Det var spakt. Det var helst ungane som samla seg, det kunne også vere to avdelingar, både utom elva og innom elva. En fortalde meg at han gamle Negards-Lars som hadde forretning der Navelsaker har huset sitt nå, og han hadde sveivegrammofon som han sette fram i glaset og spelte nasjonalsongar medan ungane sto og lytta på. Og så gav han dei kvar sin pose med sukkerbrød som det heitte den tida. Det var ein 17. mai, eg hugsar me fekk ein 50-øring og det heldt til ei brusflaske og ei halv sjokoladeplate og heime var det då også noke godt på ettermiddagen. Eg hugser eit år nabokona tok initiativet til å samle ungane i skulekjellaren og kokte sjokolade og me fekk godkake, det var svære greier.

Når det kom til ca 1924 blei det litt feiring, her var komen eit par østlendingar som dreiv gartneri på Emblem og dei var vel komne lenger uti kultur enn vi var her i bygda, så dei fekk ungdomslaget til å arrangere ei litt større samling. Men me hadde ikkje musikk, me song ein lite grann. Men dei hadde fått to gamlekarar med kvar si fele og eg huskar at dei var spesialistar på Napoleons-marsjen, så når me skulle marsjere inn på stemneplassen der utmed skulen, då ville dei spele den, men då braut han inn ein av desse, "Vi kan ikkje gå inn på stevneplassen til tysk musikk!". Han ville dei skulle spele norsk musikk! Men så dovna dette vekk igjen, men ungdomslaget forsøkte nå å halde tradisjonen igang. Eg var formann i ungdomslaget ein gong og då var eg åleine vaksen som møtte opp for å gå med barnetoget.»

Sigurd Langleite: så barnetog var i gang heile tida?

«Ja, men det var berre barnetog. Og så når me kom inn på plassen ved skolen så var det vel ein som heldt eit lite foredrag, men eg hugsar ikkje godt det. då var der også nokre eldre som møtte opp. Men det var skrøpleg med songen. Og noken skikkelig 17. mai vart det ikkje før i 1945, men då vart det også feiring.»

Korpsmusikken kjem

Det Mauritz erindrar om musikken i toget, skulle fortsette også etter 1945. Det fanst ikkje noko korps i bygda og fele eller trekkspel var det ein hadde. Ivar Flydal fortel at han gjekk ved sidan av Oddvar Ramsvik i 17.maitoget i 1952. Truleg så snakka dei litt om Ivar sine erfaringar som korpsmusikant då han budde på Stranda og Oddvar kom på trua om at dette kunne vere noko for vår bygd òg. Oddvar Ramsvik leigde så inn eit korps for eiga rekning til 17. maitoget i 1953, og det gav sanneleg meirsmak hjå sambygdingane. Resten er historie og korps har me hatt i bygda sidan den gong, jamvel om det nokre år har vore vanskeleg å samle nok musikantar. Me reiser stadig meir og dei åra me har vore utan skulekorps, medan Musikklaget har rekruttert stadig fleire utanfor bygda, har det ikkje alltid vore så mange musikantar og stemmer som dirigenten har ynskt seg.

Feiringa på byrjinga av 1980-talet

Me skal no gjera eit hopp i tid fram mot 1980-åra og feiringa den gongen, for den står i kontrast til det som Mauritz fortel.

Sjølve dagen vart starta med dynamitt-salutt kl. 7:00 og me kunne etter kvart høyra Gjallarhorn som vart bussa i kring i bygda, stoppa opp og spela på strategiske plassar den komande timen. Frå byrjinga på 1980-talet fekk Musikklaget også hjelp frå det nystarta Skulekorpset og speleplassane vart endå fleire. Sjølv på Hesseberg og i Ludvikdalen kunne ein nyta nasjonale tonar.

Idrettslaget hadde årlege 17. mai leikar for ungane på idrettsplassen kring klokka 8-9 og alle borna som deltok fekk premie med seg heim. Det var som regel friidrettsleikar med lengdehopp, 60-meter og so vidare. Me kunne prøva mange gongar kvar, så lenge me stillte oss i køa. Så vidt som eg hugsar så var det dei frivillege laga i bygda som delte på sjølve 17. mai-arrangementet og overskotet. For enkelte familiar kunne dette medføra årvisse opptrednader i enten komiteen, som kakebakar eller seljar i kiosken. På S-laget hos Arne Liaklev, kunne ein levera inn att det ein ikkje fekk seld. og kiosken vart plassert ute under overbygget sør for biblioteket. (det vart fjerna då skulen vart påbygd mot sør og erstatta med eit nytt overbygg mot aust) Her var det store glasdører og på innsida var det kakesal og kaffi for dei vaksne.

17. maitoget

Så vidt som eg huskar så var det god tid, kanskje litt for god tid, mellom barneleikane og 17. maitoget som starta omlag kl. 12. Dette vart lenge å venta for oss borna, for det vart ikkje noko is og brus før etter toget var komen attende til skulen. Først gjekk 17. maikomiteen med bowlerhattar, store sløyfer og flaggborg. Deretter gjekk Gjallarhorn, skuleborna saman med kvar sin klasseforstandar, med første klasse først og eigenproduserte faner. deretter kom skulekorpset og bygdefolket, Me gjekk stort sett frå baksida på skulen ved fotballbanene, vestover til Røssevollkrysset, attende på gamlevegen forbi S-laget, oppatt på hovudvegen og vidare inn mot bussgarasjene. På 1980-talet var byggefeltet og vegen bak Ungomshuset på plass, så då gjekk vi for det meste denne vegen attende til skulen. Det har vore fleire omleggingar av ruta opp gjennom åra og nokre gongar gjekk ein motsatt veg også. Før ny-skulen kom var festplassen ei kort stund på Blåskulen, men var lengst kring gamleskulen og Ungdomshuset på Skaret. Eg veit ikkje heilt kva år feiringa vart flytt til Blåskulen, men eg har i alle fall bilete frå 1971-72 utanfor Ungdomshuset, og bilete av Arne Nowak med den nye skulefana og slengbukse på skuleplassen ved Blåskulen.

Videospelaren

I nyare tid har skuleplassen sør for gymsalen og vest for dei eldste klasseromma vore nytta med stolar og jamvel dei gamle trebenkane frå ungdomshuset. Den gamle talarstolen vart henta frå ungdomshus-kjellaren og pynta med bjørkekvistar og farga kreppapir. Ein lastebilhengar vart nytta til scene og Respons tok seg ofte av lyden til 17. mai-talaren. Vart det styggevér kunne programmet avviklast inne i gymsalen og for oss ungane var det stort å få sjå teiknefilmar på ein nymotens videospelar i den eine garderoba. Eit fjernsynsapparat på kring 17 tommar innkapsla i kunstig teak var meir enn nok til å sjå godt for heile ungeflokken i bygda. Apparatet vart sett så høgt at ingen vart forstyrra om nokon reiste seg å gjekk. Tanken med det heile var at dei vaksne skulle få fred og ro til å høyre talen og då stengde også kiosken og kaféen.

Etter tale, musikk av korpsa og kora, endå fleire barneleikar med kasting på boks, potetløp, sekkeløp, styltrer, trehjulsykling og kanskje «fante-fotball» der dei vaksje hadde kledd seg ut, så vart det omsider tid for å avslutte for dagen. Bygdefolket gjekk kvar til sitt for å ete festmiddag, før kvelden vart avrunda med fest på Bedehuset.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett