INTERVJU MED JOFRID AKSLEN EMBLEM

AV SIGURD LANGLEITE

Intervju med Jofrid Akslen, av Sigurd Langleite 1985

JOFRID AKSLEN EMBLEM, fødd 29/6. -21

S.L.: Korleis var det å vere barn i slutten av 20-åra og fram til krigen?

Eg hadde det nå godt som barn. Det var så stor forskjell på då og nå, når oss gjekk på skulen så hadde oss fine klær som oss hadde på då, og så når oss kom heimatt så var det å byte av seg dei klærne med ein gong og så til å hjelpe til med eitkvart heime. Oss som budde så nær skulen, oss fekk springe heimatt og spise middag.

S.L.: Då hadde dokke lang skuledag?

Ja, eg trur det var til ho var ca 3- halv 4 og skulen begynde klokka 9 om morgonen. På skulen var det ikkje lagt inn vatn og hvis oss var tørste, så måtte oss springe ned i ei elv som gjekk der, spørje om lov til å gå ned i elva og drikke! Oss sat på pultar to og to i lag. eg hugsar ein dag eg skulle gje ho eg sat lag med ein liten puff, og der for ho utfor pulten og ned på golvet. Eg kipte meg, kva no læraren kom til å seie, men han sa berre: "Du må sjå til å få sete!"

S.L.: Dei var vel ikkje så galne som dei hadde ord på seg til, lærarane den tida heller?

Nei,eg har ikkje noke vondt å seie om lærarane. 

S.L.: Det var ikkje så mykje leiker og utstyr den gangen?

Ja, men så var oss mykje meir glade for tinga våre den tida trur eg, enn borna i dag. Eg hugsar spesielt ein dag mor reiste til byen - oss hadde separator heime og mor laga rømme og fløyte. så mor reiste til byen for å selge o skulle kome att med ein båt nedmed sjøen på Nedregota. Ho skulle kjøpe meg nye sko og eg veit eg var fleire gonger ute på trappa for å høyre om båten kom, for å sjå desse skorne. Og om oss gjekk på buda for å handle, så kunne oss få 2 øre for å kjøpe oss drops og det var oss glade for.

S.L.: Og så blei det tatt godt vare på tinga?

Ja, me såg det spesielt om somrane når me flytta ned i kjellaren og hadde byfolk frå Ålesund som budde her inne "på landet". Då budde me i kjellaren - på steingolv og der la me nokke golvtepper. Attføre potetbingane hengde me forheng så me slapp å sjå rett inn i dei. Oss følte oss kan hende litt mindreverdige oss borna her frå landet, for det virka som byborna fekk så mykje meir enn oss. Eg veit ein gong eg hadde fått ein ring med raude stein i, og den steinen miste eg ned i ei tue, eg syns eg ser for meg tuva endå. Eg grov og leita for eg skulle finne att steinen. Og ho byjenta kunne ikkje forstå at eg synst dette var så dumt, å miste ein stein utor ein ring. Men det var ikkje så ofte oss fekk presanger.

S.L.: Men ein måtte vel rekne med at dei som flytta inn på landet slik hadde godt utkome?

Ja, eg syns eg kan hugse at dei betlte - etter så mykje hus dei hadde då - men ein 30 kroner for sommaren, kanskje opp i 50 kroner for heile sommaren. Eg hugser fyrste gongen det kom ein gut på skulen som hadde fått glidelås i ein gensar. Kva han drog glidelåsen opp og ned og synte oss. Det var første gongen eg såg glidelås, og då gjekk eg på folkeskulen.

S.L.: Dokke måtte hjelpe til heime sa du?

Ja, både i hus og i fjøs. Det var visst at oss borna var ned og gav kyrne etter middag. Mamma laga til vandlane om formiddagane, og la dei i ei rast så oss berre kunne gje dei. Og det var tidleg oss lærte å melke.

S.L.: Arbeidet for husmora var forskjellig fra ei husmor i våre dagar?

Ja, det var tidleg op. Trur pappa sto først opp og var ned og fyrte opp i omnane når det var kaldt. Oss hadde ikkje innlagt vatn på kjøkenet og det kunn vere føse oppå vassbytta som stod der. så var dei då i fjøsen, det gjekk mykje tid med dyra. Og så var det å steike brød og vaske kle. Ho hadde ein vedakomfyr. Saudene fekk lauvris, av bjørk, og eg hugser at ho skulle ha noke ekstra varme på steikeomnen, då ho tok med seg oppatt eit fange med lauvris, især om ho skulle lage vannklingre, for dei skulle ha så sterk varme. Då var det berre å bryte ihop og kjøre inn, så det blei nokså ruskje på golvet.

S.L.: Du nemde klesvasken?

Dei brukte å legge klærne i vatn kvelden før, slik at dei låg over natta og blei bløytt opp. Så var det å fyre oppunder ei stor panne i kjellaren og bere vatn frå ein bekk i nærheiten. Så kunne der ofte vere lite vatn, så når klærne var vaska og kokt, så måtte ein ofte gå eit stykke end i elva for å skylle dei der. då hadde me gjerne med ein stamp til å øse vatn oppi. Det var nå litt forskjellig. Og det var ikkje alltid godt å få turke dei. Men oss vaska ikkje så mykje klær, som nå. Det var meir ullklede, og oss hadde ikkje så stor garderobe.

S.L.: Menå skylle klærne slik om vinteren då?

Ja, det kunne vere kaldt det. Men det var helst når det var lite vatnoppi bekken dette. Så spann dei mykje, karda ull og vov både ulltepper og golvtepper og sydde og strikka og lappa mykje klær mot det dei gjer no.

S.L.: Det vart ikkje mykje tøy kjøpt?

Nei, alt dette vart strikka i bygda, det var ei som hadde strikkemaskin i bygda og ho strikka både strømper og ulltrøyer og sånt, eg hugsar oss borna gjekk med det. Ei anna brukte å spinne åt folk, eg hugsar eg var inne med ull som ho skulle spinne åt oss. Og så var det ikkje så ofte oss fekk nye klede, men eg hugsar eg skulle stad og ta mandlane og då fekk eg meg ei ny kjole, han var ruta, og eg syns eg ser han fore meg den dag idag, for det var stor stas. Om sommaren var det mykje arbeid ute, og då måtte ein ta det lettvindt inne så ein fekk vere med på garden, både vår og sommar.

S.L.: Om hausten var det mykje ekstra?

Ja, det var slaktinga då . Grisen blei nå slakta kloss inni jula for det skulle lagast syltaflesk og pølse og slikt til jul. Eg he ofte tenkt påå at dei kunne makte alt det inni jula. For husa skulle nedvaskast, kjøkenet var jo temmeleg skittent då ta fyring med vedomn. Så då såg ein tydeleg kor ein hadde vaska og ikkje! Men av det at ein hadde ikkje noke å oppbevare fersk mat i, så grisen måtte slaktast inn i jula.

S.L.: Og elles skulle alt vere ferdig, sengetøy og dukar? 

Ja, eg hugsar at lillejulafta - oss hadde sydde bolstrar av jutesekkar eller lerretsekkar - Ja lillejulafta var det å få all den gamle halmen ut av dessa bolstrane og så var dei stappa med ny halm frå hausten, det syns oss ungane var svært, du kom så høgt oppi senga og det var nydeleg godt å leggja seg oppi denne reine halmen. - Når det gjaldt å handle til jul så vart det nå ikkje kjøpt inn så mykj. Oss hadde på garden det oss trong. Til jul var det helst han pappa som skulle avstad og handle og det var gjerne ikkje før julafta, då hadde han med seg liste over det han skulle ha. Det måtte vere travelt for handelsmennene dei dagane, eg trur det var berre ein vane dei hadde at dei skulle dryge så lenge før dei handla. - Julegåver var heller ikkje så mykje av. Heime med oss hadde me ei tante i byen og ho var tante til mange på Emblem og mange  Spjelkavika og så brukte ho å gje annakvart år julegåver, eit år her og eit år i Spjelkavika. Hugsar det var stor glede når dei kom pakkane frå henne. Folk slapp iallefall å studere på kva dei skulle kjøpe for å gle eit barn, slik som i dag.

S.L.: Vart det kjøpt inn noke frukt til jul?

Jau, apelsiner og nøtter og fiken trur eg. Bananer var ikkje vanleg. men turka frukt hadde oss nå, rosiner og svisker. Eg veit at første gong Karsten fekk ein banan - faren hadde vært på sjøen - han likt han ikkje, og berre kasta han. Det var uvandt!  -Epler hadde oss gjerne litt sjølve og elles kjøpte oss med sånne somhadde meir av slaget her i bygda. 

så var det nå julefesten på bedehuset, barnefesten, som oss gledde oss på. Juletrelysa var stearinlys, så når oss gjekk rundt treet så var det av og til det ville drype ned på kledene våre. Eg hugsar ein gong eg hadde på meg ein nye fløyelskjole og der draup det på den! - Og så hadde oss mykje meir juleselskap den gongen enn nå, oss gjekk til naboar og til slekt i julelag. då var det ofte sjokolade å drikke og kansje bruna fiskekaker attåt kveldsmaten - og også hadde dei framme frukt.

S.L.: Kor store selskaper hadde dei då som vanleg?

Ein to/tre familiar saman, og då fekk oss borna leike oss med blindebukk og styr.

S.L.: Og når det gjaldt møblering i husa?

Oss hadde to stover, ei som oss brukte til vanleg og så storstova og ho blei ikkje oppfyrde anna enn kvar gong oss venta besøk. Kvar haust var det tradisjon at to av systrene hennar mamma kom i besøk og då var det å ta i bruk storstovå og det var stor stas. Samleis i høgtidene. Der hadde me eit bord og vanlege pinnestolar. og så hadde me ein fine spegel og konsollbord, som sto mellom vindua. Og ein kommode også kanskje. 

S.L.: Ikkje nokre stoppa møblar?

Nei, det første var korgmøblar. Eg hugser at då mamma og pappa hadde sylvbryllau, då fekk dei i presang både frå syskena hennar mamma og syskena hans pappa, så då hadde oss 4 sånne korgstolar.

S.L.: Og på kjøkenet var det eit vanelg bord og ein benk?

Ja, og så stolar då. Og på kjøkenet hadde oss måla golv, og det blei nå slitt og kom ned i det trekvite og då måtte ein skure.

S.L.: Og så sto det høge kular der det var kvist?

Ja, det gjorde det. O det var tidleg me måtte hjelpe til med å vaske golv. samleis gjekk n vasken av skulen på ogang i bygda, så det var to naboar av gongen som gjekk og vaska. så om somrane setra oss. Det likte eg fole godt. Når klokka var 7-halv 8 då fekk oss gå på setra, og då måtte dei andre kave framleis nede på markane, men då rekna me at me var fri oss. Me mjelka og sov der og så måtte oss tidleg opp - i 5-tida -f or å mjelke  igjen og få mjelka nedatt til mjelkeruta kom. 

S.L.: Sra du på Urdasetra? 

Nei, ho vart flytta før mi tid. 

S.L.: Kor mykje mjelk kunne du bere om morgonen?

Ei ca 20 liter. I bæretre over akslene. Eg veit ei som sto og sjaga ei stund før ho skulle til å gå, for det kunne vere tungt. 

Sommarstider hugsar eg at det kom omstreifarar og ville ha hus. Ein dag oss arbeidde på markane då kom der eit par stykker ned og spurde om dei kunne få sleppe opp i løa. Og då straumde det til frå alle kantar, det var eit heilt fylgje som kom, men dei fekk nå ligge i løa og så skulle dei få stelle til litt mat oppi kjellaren. Så kan eg hugse han Eidem kom frå Sykkylven, han sndagskulemannen som hadde vært i Israel, han synte lysbilder og det var første gongen eg såg lysbilder. Då gjekk eg på folkeskulen.

Og så var det basarane da, det var om tysdagane klokka 2, og då fek me fri skulen for å gå. Då var det auksjon, og to karer sat og skreiv. Så var det mat, det var to snitta brødskiver med brunost. Heime hadde me berre vanleg heimesteikt brød, og eg syntest eg kjenner smaken ta desse snitta-brødskivene endå. Det var ein slags bygdatreff desse basarane. 

S.L.: Det var auksjon i di tid?

Ja, to karer satt og skriev opp kven som kjøpte og prisen, og så betalte dei seinare. Det var ull, trådhesper, kaser og slikt.

S.L.: Kaser - kva er det?

Det var sånn som dei brukte å bere ved i, laga av bjørketeine kanskje, med to stropper så dei hadde hendene i for dei bar dei på ryggen. så var det strikka votter og ragar og slikt. Ein får nå meir for pengane sine nå enn før, for eg veit ein kar som tente på Giske før krigen, han fekk 20 kroner månaden i løn og når han var ferdig etter 6 månader så skulle han kjøpe seg ein dress. Den betalte han 72 kroner for, så han måtte arbeide i 3 og en halv månad for å få seg ein dress.

S.L.: Hugsar du første gong du høyrde radio?

Ja, det var ein ifrå byen som heitte Sveen som hadde barnetimer, trur det var sundagane klokka 5.

Oss fekk nokså tidleg radio heime. Det var aftensang klokka 6 sundagane og då kom mange av naboane og haurde på, så det kunne sitte fullt både på stova og på kammerset ved siden av.

ja eg fortalde at me skifta halm i sengene lille julafta. Men då skulle me også bade, då var det ein stor trestamp frå kjellaren som vart brukt til klesvask - opp på kjøkenet, og varme vatn på komfyren og h oppi stampen, og då fekk oss bade ein etter ein.

S.L.: Det måtte bli skittent etterkvart, vatnet?

Dei skifta nå vel! Men det vart vel ikkje skifta vatn for kvar som bada seg. Eg synst eg kan ikkje hugse at vi bada anna enn til jul. Elles blei oss vaska ved eit vaskarfat. Me fekk ikje mykje snop, eg hugsar far hadde kjøpt ei eske med Smørbukk karameller på ein auksjon. Den hadde han oppi ei kiste på lofta. Oss var så spent når han for loftstrappa om han skulle opp og hente oss kvar si karamelle.

Lillian Nedrelid 31.07.2011 19:31

koselig og lese korleis det var då Jofrid vaks opp .Ein god del av det kan eg kjenne meg att i ,men eg var nokre år yngre ,og eg vaks heller ikkje opp på gard .