Det heile starta ein 17. mai
der Oddvar Ramsvik og Ivar Flydal gjekk ved sidan av kvarandre. Begge
sakna gleda av å høyra eit korps i toget på nasjonaldagen. Truleg
fortalde Ivar óg litt om erfaringa som korpsmusikant
i Hornmusikken dei åra han budde på Stranda. Det heile endte i alle fall med at
Oddvar leigde inn korps for eiga rekning den påfølgande grunnlovsdagen i
1953. Dette gav meirsmak for langt fleire enn dei to, og ein kan ikkje
påstå anna enn at emblemsbygdarane var kjappe i vendinga. På
seinsomaren vart interessa lodda hjå sambygdingane. Superveteranen i
korpset, Per Kåre Østrem, minnest at Harald Reiten kom innom
Østremsgardane for å høyra om kven som kunne ha interessa av å
byrje i korps.
Onsdagskvelden den 11.
november 1953 vart det kalla inn til skipingsmøte på Borgheim,
Ungdomshuset i Emblemsbygda. Målet var å diskutere idéen og tanken
om eit korps i bygda. Oppmøtet seiest å ha vore godt og det heile
enda med eit vedtak om å starte musikkkorps. Dei valde óg eit styre
beståande av Trygve Emblem som formann, Oddvar Ramsvik som kasserar
og Ivar Flydal som styremedlem.
Instrument vart bestillt, og
tirsdagskvelden den 5. januar 1954 kunne forhåpningsfulle musikantar
møte opp og hente instrumenta sine. Kvelden etter hadde korpset sin
aller første øving med Ivar Flydal som dirrigent. Dei første
øvingane vart haldne i kjellaren på ungdomshuset, og i skulehuset
som låg vegg i vegg. Korpset si første besetning bestod av følgande
medlemar:
Dirigent: Ivar Flydal
B kornett: Jostein
Flydal, Sigbjørn Olsen og broren Jostein Olsen
Althorn: Leon
Emblem, Harald Reiten, Trygve Emblem
Tenor: Odd Larsen
Basun: Johan E.
Emblem
Baryton: Fredrik
Emblem
Bass: Oddvar
Ramsvik
Esshorn: Magne Emblem
Småtromme: Per
Kristoffersen
Stortromme: Erling Emblem
Korpsnamnet kom til etter
ein utlyst namnekonkurranse i bygda. Resultatet vart som kjent
Gjallarhorn, etter forslag frå Eli Marie Emblem (seinare gift
Reiten) og Harry Akslen.
17. mai 1954 kunne
Gjallarhorn endeleg ta plass i toget og syna fram det dei hadde lært
seg for første gong. Nasjonaldagen vart korpset sin aller første
opptreden og dei vart godt tatt imot av sambygdingane i toget som den
gongen endte på festplassen mellom den gamle skulen på Skaret og
Ungdomshuset. Året ette byrja Per Kåre Østrem i korpset og han er
den einaste som enno er medlem i 2011, 56 år etter! Dei første åra
budde han fortsatt på guterommet med instrumentet liggande under senga. Mora, Aslaug Østrem sukka visst tungt når 17. mai nærma seg
og ho skulle ta fatt på pussinga av det store
instrumentet.
I 1971 søkte korpset
medlemskap i Sunnmøre Kristelege Songarlag og var medlem der i 9 år, før dei vart medlemmar av Sunnmøre Hornmusikklag i 1980.
Uniformer fekk Gjallarhorn
for fyrste gong 17. mai i 1972, men det var ikkje før 17. mai 1980
at alle hadde lik farge på skjorta. Den var då knall gul og med
slips som hadde same purpurfarge som resten av uniforma. Tidlegare
var det kun den kvite musikanthua som vart brukt dei 18 første åra.
Ivar Flydal vart avløyst
som dirrigent av Harry Bjørkavåg etter 7 år i 1961. Ivar hadde
lagt ned eit banebrytande og trufast arbeid i og for korpset. Harry
var ikkje ringare, og heldt taktstokken heilt til 1981 med
tålmodigheit, pågangsmot og ei interesse som gav medlemane
inspirasjon til å yte sitt beste. Lars Arve Emblem tok på seg å leiie korpset ei kort periode før Harald Førde tok over i 1981. I likheit med dei
før han, så har Harald lagt ned eit imponerande stykke arbeid og han
er kunnskapsrik, energisk og musikalsk. Harald vart óg dirrigent
for Emblem Skulekorps. Det var med andre ord ein temmeleg lang tirsdagsskveld for han med begge
korpsa etter kvarandre, utan det la nokon dempar på engsjementet og humøret. For den oppmerksomme musikant kunne mangt et verbalt krumspring som "her var det en ørliten feil som ikkje e heilt riktig", gi både godt humør og vidare pågangsmot for den som streva med vanskelege tonekombinasjonar. Dette var heller ikkje dei to einaste korpsa
han hadde ansvar for. Ein dag kunne han vere i Langevågen, på Vestnes, Molde eller Sandsøya på dirrigentoppdrag. Øvingstaden vart etterkvart flytta til der dei
øver den dag i dag, på scena i gymsalen på Emblem skule.
Styret vert vald kvart år
på årsmøtet og tek seg av drifta, der formannen får det største
ansvaret og ledelsen. Det er derfor på sin plass å nemna dei som i
åras løp har tatt på seg dette utfordrande vervet:
1953-1957: Trygve Emblem
1957-1960: Harry Bjørkavåg
1960-1964: Oddvar Ramsvik
1964-1965: Terje Krogsæter
1965-1966: Helge Larsen
1966-1967: Tor Nedregotten
1967-1971: Per Kåre Østrem
1971-1972: Lars Arve Emblem
1972-1975: Kåre Kvangarsnes
1975-1977: Bjørn Larsen
1978-1979: Ingen formann
1979-1981: Terje Krogsæter
1981-1985: Ingrid Aasen
1985-1987: Torill Berge
1987-1991: Sigfred Sætre
1991-1993: Lars Arve Emblem
1993: Kjell
Storeide
Musikklaget har vært en
kjent og kjær deltaker på en rekke fester og tilstelninger av ulike
slag arrangert av foreiningar og lag frå bygda. Korpset har óg
stått for eigne faste tilstelningar med basar og den tradisjonsrike
1. mai konserten. Bygdefolket og støttemedlemar har møtt trufast
opp og bidratt til å gje Gjallarhorn den finansielle ryggraden den
har i dag. Likevel har det ikkje alltid vore like lett når korpset
har stått framom store økonomiske løft med behov for nye og dyre
instrument slik som då korpset gjekk over frå janitsjarkorps til å
verte brassband i 1992. Ei auka satsing på nasjonale og
internasjonale konkurransar krevde og sitt, men takka vere generøse
gåver frå både bedrifter og sambygdingar så takla gjallarhorn
utfordringa med glans, takka vere eit dyktig styre. Her var Kjell Storeide ein som særleg bør nemnast. Fleire lokale bedrifter lot seg overtale til å bidra med pengar til både S-tuba, pauker og slikt som kosta fleire titals tusen kroner stykket. Veteranar og støttemedlemmar, for ikkje å snakke om bygdefolket, deltok alle med sine bidrag år for år. Mange stillte trufast opp til musikklagets faste fonsertar og utlodningar i Emblemsbygda.
Ei auka satsing på
konkurransar tok til i 1988 med Korpscup i Volda den 12. mars og
deretter NM i janitsjar den 30. juni. Korpset deltok i 3. divisjon.
Andre konkurransar som bør nemnast er:
27. januar 1990: Korpscup på
Sjøholt
23. november 1991: Korpscup
på Sjøholt saman med Vestnes Musikklag som eit prøveprosjekt
27. juni 1992: Gøteborg
Music Festival saman med Vestnes Musikklag der korpset vann
marsj-konkurranse og fekk pris i konsertnummer-konkurransen.
24. februar 1993:
Brassfestival på Sjøholt
Vidare fortsette korpset med
fleire turar til NM i brass i Bergen frå 1995. ei slik satsing krevde mykje tid og øving, men samstundes gav turane auka samhald i gjengen.
Harald Førde var dirrigent
i både Gjallarhorn og Vestnes Musikklag på byrjinga av1990-talet og
begge korpsa sleit med rekrutteringa. For Gjallarhorn sin del var vi
på slutten stortsett ei rein brassbesetning med unntak av Berit
Helen Brevik på tverrfløyte. Samarbeidet mellom korpsa var både
triveleg og gav gode resultat i konkurransesamanhengar, men det vart
slitsamt med den lange vegen til fellesøvingar på enten Vestnes eller Emblem, og det enda difor
med at Gjallarhorn beslutta å endre seg til å verte brassband i
1992. I jubileumsåret i 1993 då korpset feira 40 års jubileum
kunne ein tella 27 medlemmar i korpset.
__________________________________________________________________________
Teksten er basert på
jubileumsheftet ved 40 års jubileet i 1993, avisutklipp frå
Sunnmørsposten, samt tillegsinformasjon frå Per Kåre Østrem.
Har du bilete av korpset eller tillegsinformasjon som kan bidra til å fylle ut meir av historia til korpset så håpar eg at du tek kontakt med meg på sveostrem@hotmail.com