DEI SOM HAVET TOK

tanteLiv 29.12.2013 10:22

Hei Svein Ove. Vår bestemor Klara Magerholm døde i 1974, og ikke i 1970 som du her skriver. Ellers er jeg kjempeimponert over alt du finner og setter i system

Svein Ove 29.12.2013 12:20

Ja her gikk det litt vel raskt unna. Hadde ikkje skreve ferdig fødselsdatoen heller. Takk for hjelpa
Olaf Hilmar Larsen Østrem (1897-1917) frå Larsgarden på Østrem. Biletet vart teke hos fotograf Enok O Simonnæs i Ålesund det samme året som han omkom utanfor Kristiansund
Olaf Hilmar Larsen Østrem (1897-1917) frå Larsgarden på Østrem. Biletet vart teke hos fotograf Enok O Simonnæs i Ålesund det samme året som han omkom utanfor Kristiansund
Ole Anreasson Østrem var odelsonen i Abrahamsgarden på Østrem. Han drukna i Setrevatnet på Østremsetra 1927
Ole Anreasson Østrem var odelsonen i Abrahamsgarden på Østrem. Han drukna i Setrevatnet på Østremsetra 1927
Peter Magerholm (1896-1950).Han var skipper på fiskebåten "Torulf" av Bergen. Den 2. november 1950 forliste båten ved Sværholtklubben i Finnmark og Peter omkom.
Peter Magerholm (1896-1950).Han var skipper på fiskebåten "Torulf" av Bergen. Den 2. november 1950 forliste båten ved Sværholtklubben i Finnmark og Peter omkom.

Herren gjev og Herren tek, heiter det i eit gamalt ordtak. Desse orda gav kanskje meir trøyst i tidlegare tider enn dei gjev i våre dagar. Før var ein meir klar over kva farer det medførte når ein la ut i åpen båt både til kvardag og fest. Fisket gav mat, og tidvis litt ekstra på kistebotnen for folket i Emblemsbygda. Gardane kunne gje god grøde, men det vart ikkje snakk om noko dyrking eller særleg bevisst gjødsling for å få betre utkome før mot slutten av 1800-talet. Folk dyrka stort sett dei åkerlappane som dei hadde dyrka til alle tider Målet var å vere mest mogeleg sjølvhjelpte med det ein trong. I våre dagar veit me at ein kan få langt betre utkome ved å flytte ikring på åkrane. Kosten var i liten grad kjøtmat før 1880-åra og brødmat vart vanleg del av det daglege kosthaldet nærare 1900. Ein rimeleg stor gard i bygda hadde litt småfe og omlag 4 kyr på svelteforing om vinteren. Fisket var difor ei særs viktig matkjelde og usemje om retten til laksevarp eller tørkeberg kunne verkeleg utarte seg med handemakt. Fiskemat er i våre dagar sett på som eit sunt alternativ, men problemet var at ein nytta lite fersk fisk i tidlegare tider. Fisk til eige bruk hadde gjerne sine eigne «onner» og fangsten vart tørka i grovsalt. Resultatet vart ikkje like bra som fersk og nykokt fangst. Salt og tørking var stort sett det konserveringsmiddelet ein hadde og det sette også sitt preg på helsa. Magesår vart resultatet for fleire. Sunnheitskommisjonar vart oppretta utover 1800-talet. Distriktslekjar Michael Krohn sine populærvitenskapelege foredrag er nok av dei meir kjende no i ettertida. Han påpeika allereie i 1857 at bøndene i Manger og Lindås Prestegjeld sende den mest næringsrike maten frå seg i byte mot pengar på bekostning av folkehelsa. Kor stort omfanget var i Emblemsbygda, kan eg enno ikkje seie med sikkerheit for det vart mellom anna først transportert søtmjølk til Ålesund i 1906.

Held me dei siste tredve åra utanfor, så har kvardagsmaten i bygda vår stort sett vore fisk av eit eller anna slag, gjerne sild og potet eller potet og sild. Det vert fortalt om lærarsonen og bygdesmeden Karl Flydal (1914-2001) at han ein gong ville oppmuntre drengen sin lite grann. Det hadde stort sett vore fisk på bordet dag ut og dag inn i det siste. Medan dei sto å arbeidde på føremiddagen så spurte Karl om guten visste kva dei skulle ha åt middags. Guten vart svar skyldig og då fekk han «Hvetefront» til svar. Drengen vart gåande å lure veldig på kva slags rett dette kunne vere. Kveite kunne no bere bod om eit eller anna bakverk. Men då han kom åt middagsbordet vart han skuffa, for der stod det potet og Kveitehaud.

Frå omlag 1736 til omlag 1750 opplevde me ein gullalder i fisket i Romsdals amt. Silda og torsken kom i nn til kysten store mengder. Om sommaren var det dei som våga seg langt til havs ut på fiskebankane i opne båtar, medan ein på hausten kunne fiske mest sei til eige bruk, og sjølvsagt kveite framunder jula for den som hadde reiskap til den slags. Det var nok ikkje så mange frå Emblemsbygda som rodde heilt ut på fiskebankane i byrjinga, men i likheit med fjordbøndene så hadde dei sine eigne notlag, og kom meir og meir med på utrorsfisket. Frå 1740-åra flytte Fleire frå Østremsgardane til husmannsplassar på Nordigard, Bakken, Røysa og Ysteneset. Fleire av desse var også søsken. Andre busette seg på øyane ikring og fisket var truleg ein viktig årsak. Fram mot 1900 var mest alle frå bygda med på både utror. Ein finn fleire av emblemsbygdarane busatt i Byen når 1900-tellinga vart gjennomført. Desse hadde leigd seg rom i samanheng med fisket og nokre hadde jmavel med seg familien sin også.

Bøndene i bygda var hovudsakleg fiskarbønder før 1920. Kvinnfolka og dei gamle var heime og dreiv garden mellom onnene, medan dei konfirmerte gutane og mannfolka var på fiske. Sjølv om dette arbeidet var særs risikabelt, gjekk folk likevel mann av huse for å vere med då auksjonane tok til kring Kyndelsmesse . Fiskeri var skikkeleg mannfolkarbeid og av mange sett på som det aller gjevaste. Kunne ein kome seg ut på fiskebankane på det opne havet var det enno meir stas. Borgundfjordfisket hadde også rekordmange deltakarar, men då var det gjerne unge gutar, kårfolket og tidvis kvinnene i bygda som tok seg av slikt «nærmast heimstøa». Fram mot 1910 var dei fleste ute på fiske sjølv når det nærma seg julestria. Stadig fleire hadde dessutan funne seg ei god attåtnæring i tørking av fisk for sal. Av desse var Mattis Østrem i Mattisgarden den største. Han eigde ein havpart av Skøyte galeasen «Avance» som vart bygd ved Liaaen verft i 1884. I Emblemsbygda hadde han eiga sjøbu og dreiv med direktehandel med Spania. I Negarden satsa også kjøpmannsonen Fredrik Larsen Emblem stort på tørkinga fram mot 1936. Etter 1910 kom storbåtar og motorbåtane for alvor til bygda med namn som «Kviten», «Shalivar», «Sjøblomsten», «Fri» og «Elv»mellom anna og me finn ei rekke opne storbåtar som kom frå Emblem. Ystebøbåten, Aurebåten og Reitebåten var to av desse.

Med aukande fiske til alle årstider, og opne robåtar, skulle ein tru at talet på ulukker ville stige også, men for Emblemsbygda sin del, så verkar det ikkje slik. Det var inga markant aukning i takt med folketalsauke og lengre fiskesessongar utover 1800-talet. Likevel ser ein at talet på drukningsulukker er litt lavare etter at fisket vart profesjonalisert og dei overbygde dekksbåtane tok over. Men no måtte ein drive meir enn berre sessongfiske for å kunne betale rekningane. Fleire ungdommar tok seg hyre på fangstskuter i ishavet og fiskebåtar langt til havs. Når ulukker hendte, så kunne heile mannskapet stryke med, slik som det kunne verte med dei gamle storbåtane. Sett over tid var det framleis ulukker der anten enkeltpersonar fall overbord, eller heile båten gjekk ned. Årsaka til at talet på emblemsbygdarar som sette livet til gjekk ned, var truleg at dei var langt færre enn før og båtane vart tryggare. Dei fleste i bygda vår gav seg når dekksbåtane tok over. Som fiskarbønder var det vanskeleg å stable så stor summar på føtene når ein skulle drive gard attåt. Men det var dei som forsøkte seg. På Røssevolden fin ein nokre, medan Auregarden, Aksla-karane og Negards-karane satsa mykje pengar på større motorbåtar som «Vilson», utan større hell. Dette var før Brunvollmotorane kom for sal. Auregarden satsa deretter på fiskebåt på eiga hand, medan negardsfolket satsa stort på tørking av fisk for eksport i staden.

Denne teksten er ikkje meint å vera nokon samla historie om fiskeria i Emblemsbygda. Eg vel heller å skriva litt om dei ulukkene som anten har hendt mellom Flisfjorden i vest og Hessebergstranda i aust, eller som har råka nokon frå Emblemsbygda. Utfordringa har vore at ein ikkje har funne ein like god dokumentasjon på dødsårsak i kyrkjebøkene før slutten av 1840-åra. Eg har difor vald å fokusere mest på tidsrommet 1850-1930, medan eg i tida før 1850 har presentert dei ulukkene som eg per dags dato har funne. Det har vore eit ynskje å fortella litt meir om dei som måtte bøte med livet i fjorden eller på sjøen. Dette er kun første utgåve, og eg vil freiste å oppdatere ettersom nye opplysningar kjem til. Årsaka til at eg valde eit sopass dystert tema er at ingen har skrive noko om dette før. Enkeltulukker er nemnd i ulike kjelder, kvar for seg, men mi erfaring er at dei anten har vore ufullstendige eller ukorrekte. Gardsoga har soleis vore minst truverdig og eg vonar difor å bøte på dette. På den andre sida bør det påpeikast at kjeldematerialet aldri har vore so tilgjengeleg, digitalt og søkbart som i våre dagar. Utfordringa har berre vore å finne dei rette søkeorda og stvemåtane som til ein kvar tid vart nytta. Eg skal ikkje påstå at eg har funne alt, men eg trur at eg likevel har funne mange av dei. Eg har mellom anna gått gjennom alle dei skanna kyrkjebøkene for Borgund i tidsrommet 1845-1930 og gått gjennom årsaka for kvart einskild dødsfall. Eg vonar at teksten kan vera til hjelp for seinare ættegranskarar.

Den første kjende ulukka

Vinteren 1794 sokk postbåten på Flisfjorden. Posten forsvann og begge postbøndene omkom. Dei vart heller ikkje funne att. Etter dette forliset byrja ein for alvor å vurdere å sende posten frå Sjøholt til Nørvasundet (Borgensund) over land i staden for å nytte fjorden på delar av strekninga. Det er neppe tilfeldig at desse diskusjonane tok til den same våren. Problemet var berre at veg ikkje fanst på denne tida og planane vart etter kvart skrinlagde, men ikkje heilt gløymde. I 1809 starta arbeidet så smått på vegen frå Magerholm til Blindheim. På den måten vart det mogeleg å passera Flisfjorden landvegen. Eg har ikkje klart å finne ut kven desse to postbøndene var, for dødsårsaka drukning var ikkje nemnd i kirkjebøkene for Borgund Skodje eller Ørskog den aktuelle våren. Eg finn heller ikkje to i arbeidsfør alder med samme dødsdato våren 1794 som kan vere høvelege kandidatar. Av dei ansettelsesbrev som eg har sett, så var det truleg ansett lokale unggutar eller menn frå distriktet ikring den postruta dei skulle betjene. Det var også ei mogelegheit for å sleppe millitærteneste.

Det eg derimot veit, er at det var mot instruksen å ro Storfjorden i staden for den mindre farlege Ellingsfjorden via Straumen ved Solnør gard. Postbøndene kunne få bøter om dei ikkje var frame til pålagd tid, og problemet var at det ofte fraus is der inne. Flo og fjøre kunne også verke inn på mogelegheita for å koma seg gjennom der med båt. I den vidare brevkorrespondansen mellom Fogd Nordløw, Generalvegmeister oberst von Krogh og postmeister Wind vart mellom anna isen og forseinkinga av posten i intil 3 dagar nemnd, men då utan at postførarane kunne klandrast. Det er difor ikkje heilt sikkert at det var frykta for bøter som fekk dei til å prøva seg på Storfjorden i staden. Truleg var problemet såpass stort til tider at dei fleste såg mellom fingrane med transport utanfor instruks. Problemet var at Flisfjorden var alt anna enn trygg. Emblemsfolket hadde reservestø lenger vest i retning Spjelkavika dersom fjordstykket var utrygt når kyrkjebåtane skulle roast heim. Det var heller ikkje uvanleg at folk inna fjordane på byferd vart liggande verfaste ved Glomset eller på Magerholmen. I bygdesoga for Stranda vert det mellom anna fortalt at nokre strandarar vart liggande verfaste på Magerholmen i heile 13 dagar, men bygdebokforfattaren antydar at det truleg ikkje var véret som forhindra byferda alle desse dagane.


1829

Seint på året (dato ukjend red. anm.) gjekk Nils Olsson Skjaastad (f.1778) frå Skjåstad ned på Flisfjorden med ein vedfamn han skulle til byen å selge saman med ein annan kar. Dei dreiv i land att på Hareid, og vart gravlagde der. Presten skreiv: "Ulykelig hendelse. Ananias Jonsen Rekke(dal) drognet i søen ved Flisnes på Fiorden". Opplysningane er henta frå Hjørundfjordboka band IV, "Gard og ætt".

Den 17. mars 1846 bles det opp til orkan på Sunnmøre. Frå kyrkjeboka for Borgund kan ein lesa at det omkom eit båtlag frå Emblemsbygda. Den eine var Knut Iverson Magerholmvik (1785-1846) som var bygselsmann og kårmann i Magerholmvika då han kom bort på sjøen. Med i båtlaget var også ein dreng på 21 år som truleg heitte Lars. Om han var fødd på garden eller om han kom frå ein annan stad, er det vanskeleg å tyde, sidan avfotograferinga er temmelg dårleg. Plassemann Anders Rasmusson Østremsreit (ca. 1813-1846) som rydda husmannsplassen Gjerdet og ein gardmann som kan ha vore Lars Pedersen Axelen (ca. 1806-1846) på Øvste-Aksla. I så fall er årstala (1801-1847) i bygdeboka ikkje korrekte. Dette er også den tydinga som Sula Sogelag har kome fram til då dei gjorde om kyrkjeboka til søkbar tekst.

Den 6. juli 1853 la folket frå Knutgarden, bruksnummer 2 på Hovden på heimveg frå bryllup på Eikrem på Sula. Det var ikkje så lang veg dei skulle ro, for garden ligg mellom Hundeidvik og Tussvika, men dette fjordstykket med Flisfjorden er uberekneleg. Her møtes straumar frå Breisundet, Vegsundet, Storfjorden og Hjørundfjorden. Det finst ein omtale av ulukka den 25. august det same året som vart publisert i avisa Morgenbladet:

«Den 6te dennes forulykkedes kort indenfor Flisnes en Færingsbaad fra Søkelven med 7 Personer, der agtede sig hjem fra et Bryllup; blot en Mandsperson blev reddet, medens de øvrige 6 fandt Graven i Bølgerne. Det blæste en temmelig sterk vestlig Vind, der kom oftest paa dette Sted er forenet med Bølgegang, da Havsøen gjennom Bredsundet og Storfjorden har fri Pasage derind. - Det er imidlertid at befrykte, at Brendevinet, og det sterke Bryllupsøl have sin Andeel i den Ulykke; thi det er desverre en stor Sjeldenhed at se en Mandsperson komme ubeskjenket hjem fra deslig Sammenkomster».

Det er grunn til å tru at observasjonen om bølgegang og kraftig vind er korrekt, men siste del er nok meir journalistens moralske innspel. Det kan sjølvsagt vere grunn til å stille spørsmålet om fleire dagars bryllupsfeiring kan ha påverka vurderinga om å legge ut på fjorden. Båten var mykje i bruk og det viktigaste framkomstmiddelet i tillegg til nyttereiskap på fiske. Kvar søndag rodde dei til kyrke og passerte denne strekninga, så det er grunn til å tru at dei var godt kjend med farene på Flisfjorden. På den andre sida kan det ha blese opp etter at dei la i veg. Uansett vart utkomet av ulukka tragisk. I Gardsoga for Sykkylven, bind 3, skriv Martin Gjævenes i 1983 litt meir om dei forulukka. Husbonden Jørgen Elias Larsen Hovden (1794-1853) kom frå Eikrem, så det var nær slekt han hadde vore i bryllaup hos. Gardskona Marte Hansdotter Sætre (1793-1853) var heller ikkje oppvaksen på Hovden, men ho var dottera åt halvbroren til den forrige brukaren som var bornlaus. Saman hadde dei fire born: Torstein (f. 1821), Lars Martinus f.1826), Kristian Severin (f. 1833) og Karen Marie (1835-1915). Alle desse borna, så nær som Karen Marie var i ulukkesbåten som kolsegla. I tillegg var kona til Torstein, Olava Olsdotter Gjørvad (f.1819) og sonen Jørgen Elias Olaus Torsteinson på 6 år med på ferda. I den same gardsoga kan ein lesa at det var Bernt Olaus Hansen Erstad som klarte å kare seg fast på båtkvelvet til han vart berga av folk frå nabogarden,Kurset. Denne opplysninga er interessant, fordi det kan bety at dei var komen over på Sykkylvsida av fjorden då ulukka hende. Det er også mogeleg at dei var ute i same ærend, men då vil eg tru at fleire hadde vorte berga. Det er dermed truleg at kurset-folket la ut med båt då dei såg kva som hende. Det kan også tyde på at Hovden-folket vart overraska av anten vind eller bølger når dei var komen minst midtfjords. Det må ha vore eit frykteleg sjokk for Karen Marie på 18 år som med eitt var den einaste attende på Knutgarden. Det er også mogeleg at ho vart vitne til at dei kjempa for livet ute på fjorden. Ho gifte seg i 1854 med Knut Elias Sætre (1823-1896) som kom frå same grannelag som mor hennar.

Andrine Christiane Arnesdotter Nedregotten (1799-1862) kom frå Skaret og gifta seg i Sjursgarden. Ho og borna hennar skulle verkeleg få merka dødsfall på garden. I ein alder av 41 år vart Andrine enke for andre gong i 1840. No hadde ho også to born å ta vare på. Andreas Ole Johan var 6 år og Lars Karolus var 3 år. Sistnemnde døydde kun 9 år gamal den 11. mai i 1846. Ministrialboka fortel ingen ting om årsaka. Denne gongen gjekk det ikkje så lenge før Andrine var gift tredje gong. I arveskiftet etter Knut var det Andrine som fekk det meste. Gutane var ikkje så store på denne tida, men eg meiner å tyde at Ole og Lars fekk ein litan skjerv dei óg. Skiftepapira etter Lars den 22. september i 1846 dokumenterer dette. I dette skiftebrevet er Ole, Andrine og stebroren Knut Larssøn dei tre arvingane. Totalt var det snakk om 335 Speciedaler som omfatta ein gardpart verd 250 Speciedalar og ein part i Giske Kapell verdt 50 Speciedalar. Truleg fekk brødrene Lars og Ole Knutsen like mykje i arv etter faren.

Lars Kristiansen Viddal (1813-1876) var 14 år yngre enn Andrine, men han delte hennar interesse for kjøp og sal. Dei gifta seg 4. juli 1841, eit år etter Knut var død. Dette var det ein kan kalle «normalen» i dei tilfelle der den eine fall frå medan den andre framleis var i aktiv alder for gardsdrift. I Lars si tid som brukar i Sjursgarden frå 1841-1865 kjøpte han mellom anna Hatlebakken, eit plassebruk som var utskild frå Negarden og han har også lånt ut pengar mot obligasjonar. I 1862 drukna Andrine inne i Tafjorden. I følge Gardsoga for Borgund band II så skal ulukka ha skjedd då ho og 6 andre skulle ro i land frå Dampbåten. Den lette robåten vart teke av eit stormkast og kvelva rundt. Lars var med i den same båten, men vart redda. Kirkeboka støttar opp om påstanden om drukninga, men elles er det lite som ein kan lesa i andre kilder om denne ulukka.

Det finst derimot kjeldemateriale om eit forlis utanfor Syltefjellet i juli 1862. Foreldra til Gunhild Eliasdotter Muldal drukna i den ulukka. Gunhild var då berre 2 år og vaks opp i Tafjorden. Det er mogeleg at det er snakk om det same forliset. Det er i alle fall godt mogeleg at det er snakk om det samme stormkastet for datoane stemmer. Ei Anne Pernille Olsdotter Tafjord døydde ved Syltefjellet av drukning 15. juli 1862. Dette er den eksakt same dagen som Andrine. I følge Kyrkjeboka så var Andrine den einaste frå Borgund sokn som drukna. Leitar ein nærare etter i kyrkjeboka for Norddal, så finn ein at den tidlegare nemnde Anne og fem andre drukna 15. juli 1862 ved Syltefjellet. Dette stemmer særs godt med Borgundboka, med unntak av staden. Tenkjer ein seg at bygdebokforfattaren har skrive feil, eller har rekna heile fjordstykket frå Syltefjellet og innover som del av Tafjord i meininga namnet på fjordarma, så stemmer det.

Sonen til Andrine, Andreas Ole Knutsen (1834-1922) var 28 år når mora drukna. Han var nær ved å miste stefaren også. Han hugsa truleg at faren døydde då han var 6, og han miste bror sin , Lars Carolus Knutson, når han var 12. Det var med andre ord mykje sorg han hadde fått erfare på få år. Knut hadde ein bror til. Det var Knut Sevrin som var sonen til stefaren, Lars. Knut Sevrin Larsson (1842-1916) heitte «Store-Knut» på folkemunne og fekk mellom anna to gardpartar på matrikkelgarden Eikrem, en gardpart på Hanken, del av garden Vedde og 1/4 av Giske Kapell i morsarv etter Andrine. Overtakinga vart tinglest 1. juni 1864. Store-Knut vart også gardbrukar på Eikrem i 1866, det same året som faren skøytte frå seg Sjursgarden til broren Andreas Ole Knutsen. Lars vart truleg prega av både tapet av kona si i tillegg til at han var nær ved å drukne sjølv. I 1865 overlet han Sjursgarden til stesonen. Dette var kanskje del av ektepakta mellom Lars og Andrine.

Ein betre periode

I tida 1864-1873 var ein god periode der ingen frå vår bygd drukna, men den 5.1.1873 døde ungkarl Thore Britanus Johannes Andersen Magerholm (f.1853) Han var 20 år gamal, og det verkar som om det var ei enkeltståande ulukke under vinterfisket. Kyrkjeboka gjev ingen informasjon om stad eller årsak. Det var heldigvis ikkje kvar ulukke som endte tragisk heller, for 14.9.1877 skreiv «Den Norske Rigstidene» om Ludvig Ingebrigtsen Emblemsvaag frå Ludviksplassen i Emblemsvågen, Ole Martinus Ingebrigtsen Valle Emblem(1830-1912) frå Ystebøen og Niels Rasmussen Løset Emblemsvaag (1840-1910). Nils dreiv plassen Oshaugen, før han seinare rydda seg ein ny plass i Løvika. Nilse vart kalla Båt-Nils på folkemunne. Desse tre karane vart heidra for tapper redningsdåd i mars månad. Eg har ikkje makta å finne ut kven dei redda.

Ein stad mellom 1870 og 1890 skal Lars Olsen Emblem (1870-1953) frå Sjursgarden ha kollsegla med Sjursgardsbåten. Eg veit ikkje noko meir enn at det gjekk bra, og både mann og båt vart berga.  Lars var sonen til «Sjurs-Ole» og bornebornet åt den tidlegare nemnde Andrine. Han fekk Larsgarden på Østrem i gåve av far sin. Lars vart ein markant lekpredikant i samtida etter 1890-åra.

Den 25. februar 1881 vart derimot ei ulukkesnatt av dei større. I kyrkjeboka i Borgund finn ein heile 9 mann som drukna. Ei tilsvarande ulukke året før der mann gjekk ned ved Runde vart mykje omtala og dikutert ved fleire høve sjølv på Stortinget. Det seier noko om kor uvanleg det var på denne tida at så mange omkom på ein gong. Årsaka har eg ikkje funne, men uvér og kollsegling syntes å vere vanleg årsak. Fleire kom frå Alnes og Myklebust, men der var også tre tenestegutar frå vår eiga bygd. Albert Olsen, 24 år, heitte Hatlen til etternamn, men var opphavelg fødd på Hesseberg. Dei to neste var Kornelius Rasmussen Østrem (1850-1881) frå Abrahamsgarden og Lauritz Halvorsen Østrem (1862-1881) som kom frå Mattisgarden. Laurits var broren til «Os-Nikolay» som eg skal komme attende til i neste avsnitt. I følge kirkeboka var det berre ein gut frå Alnes som vart funnen att etterpå.

13. mars 1883 finn eg at seksåringen Karl Olavius Larsen Magerholm drukna. Han var sonen til Lars Danielsen Magerholm (1856-1929) som var gardbrukar på hovedbruket på Magerholm. Det var han som selde Magerholmdalen og sin eigen gard til Karl Engeset (1865-1941) frå Norddalen.  Årsaka var ikkje oppgjeven, men det er mogeleg at han anten kan ha forulukka i båt eller under leik nede ved sjøen.

Torsdag 13. august 1885 kom ein voldsom storm inn over Sunnmøre. 7 større båtar og seksringar vart råka. 33 menn omkom denne ettermiddagen. 29 av desse kom frå Ålesund, medan 2 kom frå Sykkylven og dei siste 2 frå Borgund Kommune. Abraham Olsen Østrem (1801-1885) med opphaveleg fødestad på Hareid, var på denne tida kårmann i Abrahamsgarden på Østrem. Det var han som hadde gjeve namn til gardsbruket, eit namn som framleis eksisterar på folkemunne. Abraham var truleg glad i å ferdast med båt på det åpne havet. Han var dessutan i god form til trass for sine 84 år. Det var så visst ikkje latmannsliv på fiske i åpen robåt, men jamnaldringen Paul Markuson frå Godøya var så visst ikkje nokon ungfole han heller. Begge omkom. I det heile var det berre 2 som vart redda. Den eine av desse var Peter Svinøy som klarte å klamre seg fast til kvelvet på båten i heile 18 timar før han vart berga av dampskipet «Hero» sør for Runde. Dei fleste av dei omkomne var frå Buholmstranda i Ålesund og var dårleg stilt reint økonomisk. Enno verre vart det då mannfolka fall frå. Ei innsamling til dei etterlatte vart sett i gong og så vel statsrådar som storkjøp menn bidrog attåt alle dei som ikkje hadde like mykje å gje. Avisa «Morgenbladet» gav 8000,- åleine.

Uhellet ved dampbåten

I eit intervju med P. Stensager på vegne av Borgund bygdeboknemnd, fortalde Kristen Magerholm på Kristenplassen om slekta si. «På plassen i lien vestenfor husene til Lars Danielsen bodde Kristens far til sin død i 1880 («Parat-Ole» på plassen Paraten også kalla Bøen red. anm.). En bror til Kristen, Martinus, bodde der sist. Han var yngre end Kristen og ca, 70 år da han døde. Den ældste av brødrene var nu Kristen. En anden, Ole bodde på Vestnes var smed og døde 1918, 84 år gammel. En anden bror, Peder, kom bort på sjøen 14. august 1885.(årstallet er feil) En anden, Knut, kom bort 8. aug.1887 (korrekt er 29.8.1886 iflg. Kirkeboka) , da Kristen og guldsmed Stamnes i Ålesund samt et par andre skulde ro bort til D/S "Robert". (Dette var ifølge kirkeboka ved Tusvika) Foruten Knut omkom en mand til, men Stamnes og Kristen og en tredie mand blev reddet av dampskibet i sidste øieblikk og måtte følge med til byen.

Titranulukka

Etter 1887 kom det ein stillare periode. Sjølv om det omkom folk framleis, så var det i alle fall ingen frå vår eiga bygd. Etter 6 gode år omkom tjenestedrengen Simon Olaus Knutsen Nedregotten (f. 1870) omkom i båtforlis i Giskesundet 1893og 14.10.1899 drukna ungkar Bernt Jørgensen Nedregotten (f.1882) i ein storm. I kyrkjeboka for Borgund fann eg i tillegg brørne Hans og Lars Larsen Gjøsundsæter frå Vigra. Alle var ugifte og kansje på same båt. Det er mest sannsynleg at dei var innvolverte i Titran-ulukka der fleire andre frå Borgund og Sunnmøre omkom ved Frøya. Det var eit sterkt lavtrykk som førte til Orkan frå nordvest. Store delar av sildeflåten var samla på denne staden var omlag 30 båtar som forliste og 140 mann som drukna den natta. Årsaka til at alle desse var ute på havet var at veret var så fint, og fiskedampskip hadde fått god fangst der like før. Desverre var det berre stille før stormen, eller orkanen, som det var i dette tilfellet. Orkanen gjorde skade fleire stader langs kysten og det er mogeleg at det var då kalkomnane på Magerholm vart knuste.

1902

I «Søndfjords Avis» den 12. februar 1902 kan me lesa at to mann fall overbord og drukna fredagen i førevegen. Dei var mannskap på ein dekksbåt på havet utanfor Ålesund: «Ulykken skede idet der skulde lægges ind et Reb. Medene stod herunder og la sig over Storfeilbommen. Pludselig gik Stjødet løst og Bommen tog de to Mand overbord. En tredie havde nær gaaet samme Vei, men blev holdt igjen i sidste Øieblik.» Knut Emblemsvåg var ein av dei som omkom. Den andre var Ivar Viddal som hadde gifta seg berre tre månader i forvegen. Eg finn at Knut som Knut Lauritz Nikolaiss. Emblemsvaag (1881-1902) i kyrkjeboka for Borgund. Han var ungkar og oppført som fiskar. Knut var med andre ord sonen til Nikolai Halvorsen Emblemsvåg (1858-1926), eller «Os-Nikolay» som han vart kalla på folkemunne. Nikolay kom opphaveleg frå Mattisgarden på Østrem, og hadde vore gift på Blakstad i Sykkylven, før han kjøpte Osehaugen i Emblemsvågen og flytta dit med si kone nummer 2, Hansine Hansdotter Davenes (1864-1934) frå Sykkylven. Ved 1900-tellinga fann eg fem born på bruket, og i 1901 kom nummer 6, Laura Nikolaisdotter Emblemsvoog til verda. Aldersgapet var temmeleg stort, med 20 års avstand mellom eldstemannen Knut og minstedottera Laura. Fiske var ei nødvendigheit for både Nikolay og sønene medan dei heime, store som små, laut ta seg av det tidkrevande tørkearbeidet. Tørrfisken vart kanskje seld enten direkte eller til broren Mathias på Østrem som hadde si eiga brygge lenger aust i bygda og eksport heilt til Spania. 1902 vart eit tungt år på Osehaugen Først måtte dei gravleggje Knut, og 20 oktober måtte dei følge yngstedottera si til grava, som hadde døydd av strupehoste 5 dagar i forvegen. Nokre år seinare skulle også broren Hans oppleve å miste den unge kona si, Anna Peterdotter Emblem (1902-1929) frå Ystebøen like etter at dei vart foreldre for første gong.

Østremsfolket vert råka

Olaf Hilmar Larsen Østrem, Eldstesonen i Larsgarden drukna då han fall over bord under fiske utanfor Kristiansund den 16. februar 1920. Så vidt som eg har høyrd, så skal han ha hekta seg fast i garnet under utsettjinga. Kyrkjeboka fortel at han fall overbord under sildefiske. Faren Lars Olsen Østrem tok dødsfallet tungt og gløymde aldri det som skjedde. Han snakka ein god del om eldstesonen sin og hadde fått framkalla eit stort bilete av både Olaf og dottera Lida (nummer 1) som aldri rakk å verte 2 år gamal. Kanskje mintes han si eiga kolvsegling, og frykta han må ha hatt når han med eitt kjempa for livet i bølgene på Flisfjorden.

I 1927 vart folket i Abrahamsgarden på Østrem råka ein gong til. Ole Andreasson Østrem (f. 1896) var 31 år, ungkar og fiskar, som dei fleste av jamnaldringane sine. Den som fekk arbeid var heldige på denne tida og mange trong å samle seg midlar til å kunne overta gardsbruk og kjøpa ut søskena sine. Ole var visst den som skulle overta farsgarden, men slik vart det ikkje. Nevøen Arthur minnest den siste gongen han han såg onkelen sin i live. Han skulle ein tur opp på Østremsetra, men på vegen stoggan han framom huset og lyfte nevøen opp på skuldrane sine ei ri, før han la i veg. Den fine haustturen endte tragisk. Då Ole var ein tur ute på Østremsvatnet for å fiske så kolva båten. Kva som hende vidare, veit eg ikkje sikkert, men han drukna som følge av dette uhellet.

Petter Magerholm (1896-1950) kom frå garden Magerholmvika. Han gifte seg i 1918 med Klara Peterdotter Emblem (1896-1974) frå Ystebøen. Dei busette seg i Spjelkavika like ved staden der den gamle tregarasja til Spjelkavikruta vart bygd, og som yngste sonen Petter tok over sidan. Huset stend der også i våre dagar, overdådig festkledd i dragestil. Petter var opphaveleg stuert, medan Klara arbeidde på mellom anna skofabrikken. Etter kvart arbeidde han seg opp til Kaptein på båten M/K «Torulf» av Bergen. Han var ein del vekke på sjøen, og det har vorte fortalt meg at Klara tok hurtigruta nordover for å vitje han kort tid før ulykka. Dei møtte ikkje kvarandre, for han hadde forsove seg den dagen, slik at ho måtte reisa vidare med uforetta sak. Den 7. november 1950 finn ein referat frå ulukka i Firda folkeblad. Båten hadde 800 hektoliter sild ombord. Ein trudde i samtida at det var lasten som hadde vorte gradvis forskjøve slik at båten velta. M/K «Asbjørn» av Tjøtta må ha sett kva som skjedde ved Sværholtkubben like ved og kom til unnsetting. Mannskapet hadde klart å kome seg opp på kvelvet av båten, men Petter var då medvitslaus og dei fekk ikkje liv i han etter det. Dei to andre var Harry Olsen på 25 år frå Russvåg og Håkon Nilsen, 19 år, frå Lurøy.   Peter var faren til Aslaug Petrine Magerholm Østrem (1920-2002) som gifta seg til Larsgarden på Østrem.

Kjelder:

Bugge, Kristian: «Ålesunds historie 1» 1923 Diverse avisartiklar som er datert i sjølve teksten Døssland, Atle: «Med lengt mot Havet 1671-1835», Fylkeshistoria for Møre og Romsdal Band 1, Samlaget, Oslo 1992

Gjævenes, Martin: «Sykkylven Gardsoga 3», Sykkylven Sogenemnd. sats trykk og innbinding: Norbok a/s Oslo/Gjøvik 1983

Kirkebøkene i Borgund frå www.digitalarkivet.no Kirkebøker for Borgund, Ørskog og Skodje i perioden 1794-1930  

Programhefte nasjonal frimerkeutstilling i ålesund oktober 1998  

Standal, Ragnar: «Vegar før vegar var 2. Fjelleier på Sunnmøre og i Romsdal» Hjørundfjord sogelag 1996  

Tvinnereim, Jon: «Grotid i Grenseland: 1835-1920» Fylkeshistoria for Møre og Romsdal Band 2, Samlaget, Oslo 1992  

Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske band II, Gardsoge gardsnr. 1-51» Borgund og Giske Bygdeboknemnd, Boktrykk L.L. Bergen 1961

Krohn, Michael: «Om maden vi nyde» Populærvitenskapeleg goredrag i sunnheitskommisjonen i Lindås og Manger Prestegjeld 28.9.1857

Emblem, Karl O. «Fiske og fangst». Notat frå omlag 1980.

Måseide, Knut: Bankskøyta – «et snart glemt pionerfartøy i norsk havfiske». Publisert i Årbok for Sunnmøre 2013 Tidskrift for sunnmøre Historielag, Sunmøre historielag 2013