FERGA SOM BRANN VED MAGERHOLM

Eit dramatisk bilete frå Storfjorden ved Magerholm i 1941. Fotografen er Knut Brune som truleg var del av mannskapet på ulykkesferga. Han fekk foreviga eit særskild syn der brannmenn frå Spjelkavik kjempar for å sløkke brannen som herja på Bilferga Geiranger. Dette var ei særmerkt ferge, men ho vart også rekna for å vere ei «ulykkesferge». I denne vesle teksten skal vi sjå litt nærare på litt av historia til B/F «Geiranger».

Turistferga på Storfjorden

I 1937/38 vart det sett opp ei krisebevilgning på 200 000 kroner i vegbudsjettet for stamvegen frå Romsdalen til Sogn og Fjordane via Trollstigen til Valldalen og Hellesylt. Departementet ønska å unngå trafikkvanskar i komande år, så dei løyvde difor pengar til ei bilferge frå Valldal til Hellesylt.

I 1936 hadde Kong Haakon opna vegen over Trollstigen og soleis knytt Valldalen til omverda . Tidlegare var det kun Fjordabåten som frakta gods og pasasjerar, men no kunne ein kome til bygda med bil. Både Åndalsnes, Trollstigen og Geiranger vart turistmagnetar frå før og truleg så vart Valldalen mykje besøkt etter at nyheita om vegen hadde spreidd seg i riksmediene. Kravet vart å få på plass ei ferge med plass til 15 bilar. Det var med andre ord ikkje det store behovet etter dagens målestokk, men fergedrifta var i sin spede barndom og biltrafikken like eins. Det fanst ikkje så mange fergene på denne tida og nokre av dei var ombygde båtar Som eit eksempel kan ein nemna at to av dagens største fergesamband, Molde-Vestnes og Magerholm-Ørsnes, kun hadde ein bilkapasitet på 4 og 7 bilar per tur i 1938. Rutene var også litt annleis, for molde-ferga gjekk til Helland og magerholm-ferga gjekk til Aure på dette tidspunktet. Departementet krevde også at den nye ferga skulle vere vegvesenet sin eigedom, sjølv om MRF skulle få disponere henne. Vegvesenet kunne også omdisponere ferga dit det var behov for henne, også utanom fylket, til ei kvar tid.

Ein rekna seg fram til ein byggesum på omlag 320 000, noko som var mykje pengar på denne tida. På same tid var vegløyvingane til Møre og Romsdal Fylke på 1,1 millionar kroner per år. Det var frå denne potten at dei resterande 120 000 kronene skulle hentast frå. Fergedrifta skulle også haldast ope kun på sommarstid. Det vart vidare bestemt at ferga skulle få namnet B/F «Geiranger», og ho vart planlagd og spesialtilpassa til drifta på Storfjorden. I tillegg til å gå ruta Valldal-Hellesylt, hadde ein no også planlagd å utvide ruta til både Stranda og Geiranger. Ferga var ei storferge med alle dei krav som ein i dag set til ei bilferge. Difor vart ho også ei mønsterferge for framtidige nybygg. I tillegg til gode vilkår for bilar, fekk ferga også flotte opphaldsrom til passasjerane og ei stor bysse slik at dei reisande kunne kjøpe seg mat undervegs. Det gjekk visst gjetord om laksemiddagane ombord og utsikta frå middagsbordet på den flotte utsiktssalongen må ha vore spektakulært for reisande innover Geirangerfjorden. Ferga gjekk tett innunder fossane «Dei Sju Søstre» hadde i tillegg høgtalerar der turistane fekk vite meir om både landskap og attraksjonar undervegs. Kapteinen spela dessutan gramofonmusikk ved både avreise og ankomst. Fergeturen var på heile 3,5 timar og var del av ein særmerkt avsluttning på den nye «gullruta» frå Åndalsnes som stod klar året i forvegen. Med fergeforbindelse til Geiranger, kunne ein og ta seg over fjellet til Grotli og austlandet. Søndag den 11. juli 1937 starta nyferga på sin første tur frå fergekaia i Geiranger. Fyrbøtar og kol behøvde ein ikkje på ei slik nymotens ferge der «oljen renn av seg sjølv». B/F «Geiranger» kunne gjera heile 12 knops fart med sine 242 Bruttotonn.

Ferga brenn

Hausten 1941 vart ferga innleigd til å frakte høy ut Storfjorden. Ho vart mykje nytta til godstrafikk i vinterhalvåret. Ferga var fullasta og passerte Magerholm då ho tok til å brenne. Kva som var årsaka er eg ikkje sikker på enno, men det kan ha vore fleire grunnar til dette. Ei årsak kan ha vore at det gjekk varmgang i høylasset, dersom alt graset ikkje var tørt nok enno. Høylasset kunne dermed tatt fyr ved sjølvtenning. Ei anna årsak kan ha vore at fergedekket hadde vore så fullstappa at høyet kan ha kome i kontakt med noko som hadde gjeve varme eller friksjon nok til å skape eld. Den siste moglege årsaka kan ha vore at nokon hadde vore uforsiktige med åpen eld, ved tenning av sigarett eller liknande. Katastrofa var i alle fall eit faktum. Elden må ha spredd seg særs raskt i det turre høyet og soleis overtent ferga. Brannvesenet i Spjelkavika vart bodsent. B/F Frigg II tok brannbilen ombord og frakta brannmannskapet ut til ferga. Dei hadde nok vatn å ta av frå fjorden, men vegen vart nok uansett for lang på dei dårlege vegane, med alle grindene, mellom Spjelkavika og Magerholm. Truleg ville heller ikkje dagens brannvesen klart å berge meir av ferga, som brann heilt ut. Men det var likevel eit hell i uhell at det ikkje vart brann i Geirangerfjorden på somarstid når ferga var fullasta med pasasjerar om bord.

Nye ulukker

Den tyske okkupasjonsmakta rekvirerte den utbrende ferga, og skulle sjølv stå for gjennoppbygginga. Reparasjonsarbeidet vart ikkje ferdig før i 1944, og då vart ferga sendt til Nord-Norge. Etter krigen kom ferga attende til sin gamle arbeidsplass som turistferge og godsferge elles i året. Men det gjekk desverre ikkje så lang tid før eit nytt uhell ramma henne. I 1947 var «Geiranger» på veg frå Ålesund til Molde og Åndalsnes med hestar og møbellast. På ny tok lasten på ferga fyr, og denne gongen valde kapteinen å sette henne på grunn i fjøra ved Kringstad, like vest for Molde by. 17 av dei 24 hestane døydde, men menneska ombord berga seg. MRF overtok skroget frå vegvesenet og fekk ferga oppattbygd på nytt for forsikringsutbetalinga. B/F Geiranger fortsette turistfarten til Geiranger heilt fram til 1962. No hadde biltrafikken auka so pass at ein behøvde større ferger. Ein måtte stadig sette att bilar på sambandet, og dermed måtte «Glutra»

og «Eira» settast inn i staden, etter uttalige klagar på kapasiteten. Geiranger vart no flytt til sambandet Valldalen-Eidsdal der ho vart hjelpeferge. Det vert fortalt at ho frakta heile 500 bilar på ein dag, noko som må ha ført til minst 32 turar over fjorden, eller 16 gongar tur-retur. Truleg var talet enno meir enn dette om ferga ikkje var stappfull kvar gong.

Den 18 august 1966 møtte ferga sin avgjerande lagnad, då den grunnstøytte, glei ut frå land og sakk i Storeisundet mellom Vevang og Averøy. Ferga vart etter kvart heva igjen, men denne gongen vart ho kondemnert og seld til eit firma på Rovde. Etter ein periode som sandlekter endte ho sine dagar som ein del av kaia ved sandtaket. Har du interesse av å lesa meir om ferga og sjå bilete av ferga der ho ligg i dag, kan du følge denne nettadressa: http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=1203

Bilete av brannslokkinga ved Magerholmen 1941. B/F Frigg II har henta brannbilen på Magerholm fergekai. Her har ho lagd ned lemmen slik at det vert lettare å kome til med brannslangane. Biletet er truleg tatt frå livbåten til B/F "Geiranger" av Knut Brune som var mannskap ombord.
Bilete av brannslokkinga ved Magerholmen 1941. B/F Frigg II har henta brannbilen på Magerholm fergekai. Her har ho lagd ned lemmen slik at det vert lettare å kome til med brannslangane. Biletet er truleg tatt frå livbåten til B/F "Geiranger" av Knut Brune som var mannskap ombord.
B/F "Geiranger" i turistfart like intil fossane "Dei Sju søstre" i Geirangerfjorden. Fotografen er truleg Anders Beer Wilse. Årstalet er ukjend.
B/F "Geiranger" i turistfart like intil fossane "Dei Sju søstre" i Geirangerfjorden. Fotografen er truleg Anders Beer Wilse. Årstalet er ukjend.