MADS BRETANNUS VALBØ FRÅ MAGERHOLM

Mads Britannus Knudsen Magerholmvik og kona Ann Oline Hansdotter Valbø frå Ørskog. Dei to eldste gutane er også på biletet som kan vere frå 1885-1886. Bakerst står Tomas, medan Ole Martinus sit mellom foreldra sine. Fotografen skal vere Olaf A. Simonnæs og orginalen finn du i Fylkesfotoarkivet under arkivnummeret FAKf-0198.262274
Mads Britannus Knudsen Magerholmvik og kona Ann Oline Hansdotter Valbø frå Ørskog. Dei to eldste gutane er også på biletet som kan vere frå 1885-1886. Bakerst står Tomas, medan Ole Martinus sit mellom foreldra sine. Fotografen skal vere Olaf A. Simonnæs og orginalen finn du i Fylkesfotoarkivet under arkivnummeret FAKf-0198.262274

Enkelte gongar sluttar ikkje enkeltbilete å fascinere meg. Dette biletet av ein staseleg Mads, er eit av desse. Fotografen er Olaf A. Simonnæs og biletet kan vere frå tidsrommet 1885-1886. Utfordringa med denne tidfestinga er at han skal ha starta i fotolære hos onkelen Enok Simmonæs i Ålesund først i 1887. Uansett må det ha vore eit tidleg arbeid. Eg fekk lyst til å sjå litt nærare på kven denne Mads var for ein kar. Ørskog historielag har lagt ned eit godt historisk grunnlag for kvar Mads enda opp i vaksen alder. Dette skal eg kome attende til etter at eg har sett litt nærare på kvar han kom frå, og slekta på Magerholm.

Den 7. november 1832 vart Mads Bretannus Knudsen Magerholm fødd i Magerholmvika, og han vart døypt i Borgund kyrkje den 22. mai det påfølgande året. Det er ikkje så mykje som tydar på at det vart ein særleg lysteleg barnedåp, for faren, Knut Iverson Magerholmvig (ca. 1786-1846) og Else Marie Pedersdotter (1791-1856) var nygifte, og bornet unnfanga utanfor ekteskapet. Å skaffe fadderar til ein slik dåp i 1832 var nok heller ikkje så lett, og det vart gjerne den næraste slekta som måtte trå til. Ut frå fadderlista kan det verke som om det berre var Else sin familie som stilte opp. Skrifta i den handskrivne kyrkjeprotokollen er dels vanskeleg å forstå, men det kan verke som om den første heitte Themotheus Pedersen Spilcheviggen. Den neste heitte Cornelius Pedersen Spilchevig, og så følger broren Lars Pedersen Spilchevig Giære. Det neste namnet klarer eg ikkje og tyde, men eg lurer litt på om den siste kan vere en Maren Pederson Spilchevig Gjære. Det er ingen spor av Knut si slekt her og det er tydelegvis kun søskena som var fadderar. Det var ikkje så vanleg på den tida.

Fadderlista gjev oss ein peikepinn på kvar Else kom frå. Broren Timoteus hadde eit sopass uvanleg namn at han vart lett å finne i bygdeboka for Borgund. Timoteus Pedersen (1795-1848) var brukar på Gjerdet, bruksnummer 8 på Spjelkavikgjerdet ,og det står ein god del i bygdeboka om garden på hans tid. Det syner seg at Timoteus tok over bruket etter far sin, og dermed også far til Else, Peder Rasmussen (f. 1765). Peder var også oppvaksen på Gjerdet og hadde tatt over etter far sin, så slekta hadde halde til på bruket ein del år. Peder hadde ei tid vore bygselsmann på Rødsetreiten også før han i 1793 tok over farsbruket. 

Bygdeboka for Borgund og Giske fortel at Peder gifte seg med ei Birthe Timoteusdotter Orvedrag (ca. 1767-1803) frå Geiranger, men det ser ut til å vere feil. Slektsgranskar Egil Rabbevåg har funnet ut at der ikkje er registert nokon Timoteus i Sunnylven, Geiranger eller Norddal. Det finst faktisk berre ein Timoteus i heile landet som kan høve og det er gruvearbeideren Timoteus Andersen som kom til Fiskå frå Røros og gifte seg der med Else Pettersdotter Fischaa i 1756. Timoteus kom nok for å arbeide i gruvene til den vidgjetne og særs upopulære futen Ole Alsing, opphaveleg frå Aukra. Han fekk 5 born og ei av desse heitte Birthe Timoteusdotter Fischaa (dp.1762). Vanlylvsboka fortel ikkje kvar ho vart av, men det er interessant å merke seg at mor hennar heitte Else, slik som eldstedottera til Birthe Timoteusdotter på Spjelkavikgjerde. Der vart også gravlagd ein Timoteus Andersen i Borgund i 1794. Han hadde kanskje flytta etter då han vart eldre. Denne Timotheus er kanskje den samme som vart døypt i Sokndal/Støren i 1726 og var son av "bergknekten" Anders. Birthe kom til Spjelkavika første gong som tenar for sorenskrivar Bull.

 Peder hadde drive mykje med fiske og frå skiftet etter Birthe finn ein både færing, part i trering, seksring og åttring samt mykje fiskevegn. Buet var på 246 Riksdalar, medan gjelda var på 138. Gjelda var stort sett til handelsmenn i Bergen, der Peder bytte klippfisk og skinn mot brennevin, korn, tobakk og hamp. Tida i byrjinga av 1800-talet var ikkje særleg god for den som trong kjøpa seg korn. Det kan også ha påverka skulda. Han gifte seg om att med Johanne Jørgensdotter Vasstrand i 1817 og makta å kjøpe garden til sjølveige i 1821, så det stod ikkje så gale til med han.

Det var altså frå Spjelkavika at Else Marie vandra innover den temmeleg nye hovudvegen og postvegen opp brattbakkane frå Ødegård i Puskhola, via Eikenosa, Hegrevegane, Østremsgardane, Reiten og Øvste-Aksla mot Magerholmvika. Der hadde ho kanskje fått lovnad om teneste kring 1830 ein gong. Det var truleg ikkje så mykje som ho hadde med seg på ferda utover det ho stod og gjekk i. Inne på Magerholmen venta ein ugift bygselsmann, men særleg unge kan dei ikkje seiest å vere. Frå vigselspapira frå 17. juni 1832 vart det opplyst at Knut var 46, medan Else var 41 år gamal. Eg er ikkje heilt sikker på om dei var forlova, eller om bryllaupet vart planlagd fordi Else vart gravid. Gifteringen på handa kunne verke som formildande når dåpen skulle gjennomførast, men Else var omlag 5 månader på veg, så det vart nok lagt merke til då ho stod brud, og det er nok mogeleg at presten gav ein reprimande frå preikestolen også, for det skulle syne seg at dette ikkje var den første gongen Knut hadde opplevd noko slikt.

Eg nemnde tidlegare at far til Else gifte seg om att i 1817 med Johanne Jørgensdotter Vaatrand, men det var ikkje den einaste begivenheita der, for det syner seg at Else hadde vore gift ein gong tidlegare også. Ho gifta seg det same året som far sin og med ein frå Vasstranda. Dette var Madtz Erichs. Vasstrand, som var eit år yngre enn henne. Men lykka vart kortvarig, og dei måtte tole ein god del motgong. Både i 1818, 1819 og 1820 måtte borna følgast til grava etter kort tid. Dei tre første borna døde i barselsenga. Dei to neste gjekk det betre med. Helene vart fødd i 1821 og Lars Martines i 1824, utan at eg veit meir om kvar det vart av dei etter 1825. Så råka sorga bruket nok ein gong. I august 1825 døydde mannen Mads. kanskje vart teneste den einaste mogelegheita for Else og dei to borna som vart sittande att. Ho makta truleg ikkje å halde på plassen på Vasstranda, og det verka som om ho ikkje fann nokon å gifte seg med heller. Kvar det vart av ungane veit eg ikkje. Sidan ho var enke, så kan det vere at ho fekk arbeid som hushalderske for ungkaren Knut i Magerholmvika. Gardsoga for Borgund gjev truleg også svaret på kvifor ho enda der inne. Mads Eriksen Vasstrand (1793-1825) hadde nemleg kjøpt to gardpartar på Vasstranda for 526 Speciedalar. For å makte kjøpet hadde han lånt 150 Spd. hjå lensmann Bjørstad og løyst obligasjon med selgaren, Hans Olsen Lermo på 373 Spd. Det enda ikke bra og Mads gjekk fallitt. Eigedomane vart seld på tvangsauksjon til Halvor Pedersen Apalset på hovudbruket på Magerholm. Han fekk dermed kanskje eit visst ansvar for enka, Else og borna også. Ein kan tenkkje seg at det kan ha vore Halvor som fekk henne til å flytte dit.

Med giftermålet vart faren til Knut registrert også. Han heitte Iver og budde på Romestrand i 1832.  Det er grunn til å tru at det var Iver Olsen Romestrand. Det står ikkje meir opplysningar om han i Digitalarkivet, men han kom truleg frå Ulstein Prestegjeld og budde kanskje der også. Ved raporteringa av dødsfallet til sonen i 1846, vert Knut Iversen Magerholmvik i alle fall registrert som plassemann og med fødselsnamnet Romestrand. Eg kan også sjå at Knut fekk minst ei søster, som heitte Ingeborg og vart fødd i 1792.

Livet i Magerholmvika vart alt anna enn lett. Knut var husmann der i tida frå 1818 til 1846. I 1822 hadde han berre ei kyr og nokre sauer. Hest var det ikkje på garden. Dette kan verke underleg når Mons, som hadde drive bruket frå 1805-1811, kunne vise til stort overskot, var nærast gjeldfri og hadde mykje fiskevegn i tillegg til 3-4 kyr, 5 geiter, sauer og ei fin samling med klede. Mons var truleg bemidla frå før han kom til Magerholmvika, for Lars Apalset som dreiv både før 1805 og etter 1811, han endte på legd. Det var difor truleg lite å ta over, og dårleg råd kan ha prega vedlikehald av husa også i åra før Knut tok over. Bygselskåra åt Knut var noko heilt anna enn den tidlegare Mons hadde opplevd, med kun ein slåttedag hos handelmann Heide på Vågneset. Etterfølgaren var Jens Jensen Heltne (f. ca. 1770) som hadde kjøpt både Magerholm og Magerholmvika i 1814 og busette seg på hovudbruket på Magerholm. Under hans styre måtte Knut vente lenge før han fekk tinglest bygselsvilkåra sine. Det første året måtte han delta med minst 9 arbeidsdagar for Jens. Då byselssetelen vart tinglyst i 1840 var årsavgifta det dobbelte av det Mons hadde, han skulle også bidra med for til 2 kyr og ein sau, gje frå seg 6 vågar av kornet sitt og nytte 2 arbeidsdagar i onnene hjå eigaren. På den positive sida kan nemnast at han fekk rett på å hogge tømmer og ved for sal.

Bygdeboka for Borgund fortel at dei tre ekteskapa åt Knut Iversen Magerholmvik var bornlause, men at han hadde fått eit uekte born med ei jente på garden før han gifte seg. Desse opplysningane er kun delvis korrekte så langt som eg kan sjå. Det er rett at Knut og Else hadde ein gut på veg, då dei gifte seg i 1832, men fleire giftermål har eg ikkje klart å finne. Bygdeboka gjev heller ingen namn på desse. Heller ikkje Else er nemnd der. I 1821 finn eg derimot ein ny dåp. Her er Knut Ivers. Magerholmvig oppgjeven som faren, medan «U-pige» Inger Ingebrigtsdotter er oppført som mora, og ho vert dessutan registrert som fastbuande i Magerholmvika. Fødestaden står ikkje der, men eg har funne Anne Ågnesdotter Hesseberg frå Nerigar på Hesseberg som ein av fadderane, saman med kårmannen Lars Joachimsen Apalset i Magerholmvika. Det kan vere eit spor. På hesseberg finn eg ingen som kan høve til namnet ingebrigt, som kan ha vore far til Inger. Andre fadderar er truleg borna til Lars, for dei har ikkje noko anna gardsnamn etter seg, slik Anne har. Eg vil difor tru at Ingeborg var dottera til Ingebrigt Ingebrigtsen Magerholmvig (1750-1792), som var brukar i Mageholmvika frå 1785. Han fekk i alle fall ei dotter med namnet Ingeborg det same året. Kona hans heitte Anne Kari Klausdotter (ca. 1755-1837) og dei kom snart på fattigkassa. Den siste tida var han dessutan sengjeliggande. I 1791 vart Magerholmvika oppgjeve som «øde» og av dyr hadde dei berre ei svart hoppe attende. Når Ingebrigt døde i 1792, var der ikkje noko attende å leve for. Anne var i tillegg gravid. I digitalarkivet finn eg spor som kan stemme på desse påstandane frå bygdeboka. Anne gifta seg deretter oppatt med Lars Jochumsen, som eg har nemnd tidlegare. Ho nytta stort sett namnet Karen Clausdotter i arkiva og ved 1801-tellinga. På det tidspunktet budde Maria Ingebrigstdotter på 14 år og Jochum Larsen heime. Anne og Ingebrigt hadde altså minst ei dotter som levde opp. Det einaste som er rart, er at Inger ikkje er nemnd som heimeverande på bruket i 1801-tellinga, men er det den same Inger som heitte Inger Berta Ingebrigtsdotter Magerholmvik, så må ho ha vore nærare 30 år i 1821 og omlag 10 år i 1801. Tek ein med dei økonomiske problema, så kan ho ha vore i teneste allereie. Det kan verke rart at der finst to Inger i Magerholmvika, og stemmer hypotesen min, så døydde ho som ungpike allereie i 1823. Kanskje hadde ho hatt eit håp om å gifte seg med Knut?

Eg finn ingen prov på at Knut gifte seg tre gonger. Derimot har eg funne at han fekk eit born utanfor ekteskap i 1821 og det var ikkje så langt unna i 1832 heller. Han gifte seg kun med Else, så vidt som eg kan sjå, og han var heller ikkje sett ned på i nabolaget. Då eigaren i Magerholmvika, Ole Knudsen, seinare kalla «Parat-Ole» og far til mellom anna Kristen Magerholm, gifte seg i 1829, var Knut forlovar. Bruda heitte Kristi Apalsett og var dottera til den velståande Halvor Apalsett, som hadde kjøpt både Magerholm og Magerholmvika og Vasstrand-bruka i si tid. Ole sin far hadde før dette eigd halve Magerholm og Kristi fekk no Magerholmvika i medgift og arv. Dei busette seg etter kvart oppe på Paraten, eller Bøen som bruket også vert kalla i våre dagar. Truleg vart kåra betre for Knut, når Halvor kjøpte ut den tidlegare eigaren, Jens. Knut dreiv for det meste med fiske, og kom også opphaveleg frå eit fiskedistrikt lenger ute mot havet. Det vart på sjøen og fiske at han enda livet sitt i 1846. Enka, Else fekk då kår hos Ole Knudsen, som kan ha drive bruket sjølv ei kort tid.

I 1865 finn ein ikkje spor att etter verken Else, Knut eller borna deira. Ei digitalt søk i digitalarkivet gjev heller ikkje så mykje resultat, men takka vere Ørskog historielag, så veit me i alle fall korleis det gjekk med sonen Mats på biletet ovanfor. Han gifta seg i 1870 med Anne Oline Hansdotter (f. 1846) frå Petergarden, bruksnummer 1 på Valbø i Ørskog. Foreldra heitte Hans Jørgen Jonsen Valbø (1809-1897) og Oline Toresdotter Rem (1810-1895) frå Valldalen. Hans var sjølv fødd og oppvaksen på denne garden. Oline var den andre kona hans og dei fekk berre ei jente, men han hadde 4 born frå før av. Etter giftermålet fekk Anne Oline kjøpt og frådelt ein eigen plass frå farsgarden. Den fekk gardsnummer 2. Løysinga vart truleg slik sidan Mads ikkje hadde noko mogeleg arv i Magerholmvika. Den nye plassen på på Valbøen fekk namnet «Massplassen». Dei fekk 7 born. Dei to eldste finn du på biletet. Eldstemannen (Hans) Tomas (1876-1916) vart verande på Sjøholt, medan Ole Martinus (f. 1880) drog til Canada. Dei andre borna er Karl Elias Johan (1882-1884), Karl Andreas (1884-1959) busette seg på Sjøholt. Dei to neste vart ikkje særleg gamle. Dette var Anne Marie Elise (1887-1888) og Anne Eline (1889-1890). Den siste i borneflokken var Lars Andreas Matias (f. 1891)

I 1900-tellinga finn eg at Mads er innskriven som sjølveigar, «jordarbejdsmand» og gardbrukar.  Karl Andreas og Lars budde heime framleis. Karl gjekk i snekkarlære det året. Der budde også ei som heitte Eli Eliasdotter Stene, som var fødd og oppvaksen på Ørskog. Ho var 84 år gamal og fattiglem. Når ein beveger seg ti år fram i tid, til 1910-tellinga, så var det berre Mads og Ann Oline som var framleis heimeverande på Massplassen på Valbøen. Mads var på den tida 78 år, medan Ann Oline var berre 57. Det er mogeleg at ein av dei var sjuk det året, for der budde då ein sjukepleiar som heite Olave Hansdotter Lande. Ho var også frå Ørskog, så det kan verke mindre sannsynleg at ho leigde husrom. Då Mads døydde i 1914 gjekk Massplassen attende til hovudbruket igjen. Dermed gjekk bruket over i historien i lag med Mads Britannus frå Magerholmvika, men slektsbanda på Ørskog finst truleg framleis.