VARGTID OG BJØNNAJAG

Når du går deg ein flott solskinnstur oppover Grønevollen og vidare fram til Østremsetra, så er det lite som vitnar om kva bygdefolket har hatt å stri med der oppe i tidlegare tider. Du kan framleis finna eit og anna sel i hellande terreng med oppmura fjøs under, og det er framleis mogeleg å høyra saudelåt om sommaren, men livet har ikkje alltid vore like harmonisk og fredeleg. I denne teksten skal me venda oss attende mot 1700- og1800-talet for å ta del i historier og opplevingar som har vorte fortalt vidare i fleire mannsaldrar etterpå. Nokre av desse historiene er truverdige og me kan finna hald for dei i skriftlege kjelder, medan andre kan ha vorte pynta på. Uansett så er dei ei verdifull kjelde som det er vel verdt å fortelle vidare.

Det er ikkje tvil om at det har vore både gaupe, bjørn og ulv i områda kring bygda vår. Gamle stadnamn som Bjønnahiet og Bjønnalågen vitnar om at dette ikkje har vore noko som berre høyrer 1800-talet til, eller fantasihistorier som vart fortalt kring grua på gardane i Emblemsbygda når mørkret fall på. I 1837 fekk me Formannskapslova og auka lokalt sjølvstyre. Dette vart stadfesta ved kongeleg resolusjon den 14. januar 1837 og vedtak på Stortinget 23. januar i 1936. Futestyre vart avløyst av kommuner og komunestyre, og slik vart det også danna ei Borgund Kommune, som vår bygd vart ein del av. Ei av dei første sakene som Kommunestyre representantane skulle ta stilling til var eit framlegg til ein plan om «hvorved flere Sogne skulde gaa sammen i den hensigt at utrydde eller formindske Antallet af Bjørne, Ulve og andre Udyr....» Ein såg for seg at mellom anna Dragsundet skulle ryddast heilt for rovdyra. Det var stort sett her at både bjørn og ulv kom seg til Yksnøya, Borgund kommune og dermed også bygda vår. Dette tyder på at det ikkje var eit lite problem.

Kor mykje bjørn og ulv som fanst på denne tida er vanskeleg å seie, men Elias Ekroll har rekna på det og han kom fram til at det før 1850 gjennomsnittleg vart drepe 5 hestar, 16 kyr og 60 får av bjørn og ulv kvart år på fastlandet på nordre Sunnmøre. Strekninga frå Dragsundet i aust til Spjelkavika var hardast råka. Ein stor del av dette arealet er Emblemsfjellet. Han skreiv også at tala truleg var for låge heller enn det motsette. Det kan bety at tala kan ha vore enno høgare. Særleg kan dette vera tilfelle dei åra når det låg is i Dragsundet slik at fleire ulveflokkar kan ha tatt seg over til Yksenøya. Slike år kan det ha vore vansklegare for ulven å finne seg mat og at den difor kom nærare inn på bygdefolket. Som du vil sjå av historiene nedanfor så er det ofte dei særmerkte hendingane som vart tatt vare på og gjenfortalt.

På 1920-talet vitja Peter Stensager bygda vår på oppdrag for Bygdebok-komiteen i Borgund Kommune. Målet var å samla inn stort og smått av historier og fortellingar frå dei eldste i bygda. Fleire av desse historiane handla om bjørn og ulv. Eg har forsøkt å sortere desse historiene litt. Fleire av dei har eg berre tatt hovudinnhaldet frå sidan Stensager har gjort det same. Desse har mista si opphavelege fortellerform så difor har eg lagt om til ei meir moderne språkdrakt. Du kan også lesa dei slik han opphaveleg noterte dei her på www.emblemsbygda.com.

Bjørn på tunet

Dette er kanskje dei historiene som prega folk  mest. At det var rovdyr på fjellet var ein ting, men når dei kom heilt inn på tunet, då vart dei ein trussel for småborna også. Den første forteljaren heitte

Ole Knudsen Emblem. Han vart kalla «Sjurs-Ole» av di han hadde drive Sjursgarden på Emblem. Ole fortalde at bjørnen ofte la seg til oppe i ura utanfor Fursetgarden og den var ikkje redd for å ta seg inn på gardstuna. Ein gong hunden på Eikenosa gjødde foruroligande, gjekk Hallstein Eikenos (truleg Hallstein Rassmussen f. 1765) ut for å sjå kva som skjedde. Han oppdaga då at bjørnen stod å kika inn fjøsdøra. Hallstein kasta øksa si etter bjørnen som satte i et brøl og sprang nedover lia til Hatlehol. Der slo den seg inn i fjøset og drepte ei ku. I Ole si levetid hadde bjørnen også klart å komme seg inn i sjursgardsfjøsen. Her hadde han drept ei kvige og lemlesta ei anna ved å sette klørne i bakparten på henne. Ho kom seg ut av fjøsen medan bjørnen helt taket framleis. Ho kom seg til slutt laus og kom seg heimatt til tunet sønderriven. Dette skal ha vore den siste bjørnen i bygda og Ole var sjølv med på det aller siste bjørnejaget.

Kristen Magerholm var ein annan av dei som var med på det same bjørnejaget. Han var då i konfirmasjonsalderen og han fortel at «hele stranden blev varslet for å sende folk fra begge sider av fjeldet, og bortenfor Brusdalsvandet og få gjordt jag like inn til Dragsundet» Faren til Kristen skal ha fortalt at han miste 2 kviger i fjøset på Magerholm som følge av bjørn, men dette var ikkje noko i motsetning til Sykkylven, som skal ha vore den staden på Sunnmøre med mest bjørn. Kona til Kristen heitte Marte og kom der ifrå. På hennar farsgard skal bjørn ha tatt livet av heile 9 kyr på ei natt medan dei stod fast inne i fjøsen. Kristen fortel også at gaupa kom til etter at bjørnen vart utrydda. Faren til Kristen var Ole Martinus Knutsen (1803-80), som i samtida vart kalla «Parat-Ole» på sine eldre dagar. Han var tidlegare drivar av hovudbruket på Magerholm.

Hallstein var ikkje den einaste på Eikenosa som som opplevde rovdyra på nært hald. Garden ligg høgt og praktisk talt omtrent heilt oppe på fjellet, der bjørnen kunne ligge skjult og vente. Ane Rasmusdotter Eikornås var omlag 80 år i 1920. Ho fortalde at det var mykje bjørn og ulv då faren dreiv garden. Ho hugsar også at ulven tok ein vær rett ovanfor tunet då ho var lita. Ulven drog med seg væren “opunder fjeldhammeren” Bjørnen slo seg ofte inn i fjøsen på Eikenosa i tidlegare tider og i hennar bestefar sin tid var det “tjukt av bjønn”. Det hadde vore bjønnajag då ho var ung. Dette bjønnajaget må dermed ha vore etter 1840. Kjøpmann Lars Olsen Emblem på Elvarum fortalde at bjørnen også skal ha slått seg inn i fjøsen i Negarden også i hans bestefar si levetid. Det vart halde bjørnejag til Dragsundet kvart år. Bestefaren var truleg Ole Olsen Kaldhusdal (ca 1790-1866). På nabogarden til bruket Framigard ute i Puskhola var det eit gamalt sommerfjøs og her hadde bjørnen ofte klart å komme seg gjennom taket for å drepe kviger eller småfe. Johan Rasmussen Ødegård (1853-1940) fortalde at der fortsatt var merke etter bjørneklørne på 1920-talet. Dette er heller ikkje så langt frå Bjønnalogen.

Går ein enno lenger attende i tid, så var det ikkje berre ein bjørn ein hadde å stri med. Bestefaren til Sjurs-Ole hadde nokre historier på lager. Det nytta ikkje å sende buskapen til fjells åleine på den tida, og småungar kunne ikkje nyttast til å gjete. Det var nok helst ungdommar i konfirmasjonsalder eller eldre som vart nytta til slikt arbeid. Ein gong sat det ei gjetarjente frå Steffågarden med ein handrok og spann garn samstundes som ho passa på dyra. Då kom ein bjørn so nær henne at ho kunne ta på den. Ho tok tak i strupen på bjørnen og bad den sette seg. Bjørnen gjorde som ho sa, og då ho var ferdig så klappa ho til den med rokken og gikk der ifrå. Dette er av dei mindre trulege historiene, men underhaldande ein sein haustkveld. Det er mogeleg at det var snakk om ein bjørnunge, dersom fortellinga er sann.. Ei anna særeigen historie frå bestefaren til Sjurs-Ole handlar om ei jente som vart kalla Reite-Kirsti på Østrem. Ho skal ha opphavet sitt frå Norfjordeid og kom innom Sjursgarden med kyrne. Ein stad nær tunet var der ein svær hatlerunn med einer under. Kirsti klatra opp i hatlerunna, men best som det var miste ho taket, datt ned og endte over skrevs på ryggen på ein bjørn. Bjørnen skvatt og gav frå seg ein «bøff» før den rusla vidare. Det var truleg morfaren til Ole som fortalde minst ei av desse historiene i si tid. Han heitte Arne Ellingsen Åkernes (død 1798) og dreiv gardsbruket Skaret på Nedregotten. Det var kanskje mor til Ole, Andrine Arnesdotter (1799-1862) som fortalte vidare desse historiene når han var gutunge. Reite-kirsti kan vera Kirsti Kristoffersdotter som var gift med Hans Rasmussen Myrhaug (1790-1865) på Reiten. Stemmer dette så kan ikkje morfaren ha vore den som fortalde historia. Det finst ikkje nokon andre gardskoner på Østrem eller Reiten med Kirsti som førenamn, men det kan ha vore ei av jentene på Reiten som ikkje tok over garden og då er i so fall muligheitene truleg større for nok slik oversikt finst ikkje.

Sykkylvsbjørnen på Hesseberg

I det fyrste bandet av Bygdebok for Sykkylven, "Sykkylven i eldre tid", har Ola Tandstad funne tak i ei gamal historie om Bjørnevitjing på Hesseberg. Bjørnen hadde lagt på svøm over Storfjorden frå ein stad som heiter Buvika, nord for Ørsneset. Denne strekninga er omlag 3,5 km lang og ein imponerande symjetur for ein bjørn. Bamsen kom på land i Litlevika på Hesseberg. Den kvilte seg truleg litt, men så fortsette den vidare opp på storåkeren som låg like søraust for Oppigard. Hunden på garden hadde fått auge på bjørnen og sette av garde etter den. No er ikkje ein hund særleg motstand for ein bjørn, og det tok nok ikkje så lange stunda før den fekk seg ein klaps av bjørnelabben. Hunden vart slått i svime medan bamsen fortsette vidare mot fjøsdøra. Den slo mot døra på smalefjøsen, men den var så solid at den ikkje gav etter, til trass for fleire forsøk.Til slutt måtte bjørnen gje opp forsøket og no hadde også husbonden oppdaga kva som hendte. Han festa eit neverstykke i enden på ein staur, tende på nevera og sprang ut på tunet. Han skreik og ropte, slik at bjørnen vart redd og sette til skogs.

Bjørnen vart seinare sett i Embleimsbygda, der den gjorde stor skade på buskapen. Kva som var årsaka til at bjørnen gjekk til åtak på husdyra veit ein ikkje, og symjeturen vitnar om at dette var ein særs frisk bamse. Kanskje var det eit ungdyr som hadde fått smaken på lettare byttedyr. Samstundes skal ein merka seg at Sykkylven var ein av dei mest bjørnetette stadane i landet på 1800-talet Årsaka til symjeturen kan dermed ha vore at ungbjørnen var på jakt etter eit eige revir. Var alt oppteke på Sykkylvssida, så vart det dermed behov for å symje over på den andre sida. Kor lenge den fekk herje i Emblemsbygda veit eg ikkje noko om, men til slutt sette bygdefolket ut gilder som var ei felle med sjølvskot, der bjørnen utløyste børseskotet sjølv, idet den byrja å ta for seg av åtet. Eit slikt sjølvskot vart etter kvart bana til bjørnen, og der vart den liggjande til han vart funnen og frakta til gards.

Bjørnejakt i Magerholmalen

Kåre Magerholm fortel også om Bjørn i Magerholmdalen: “I 1830-åra vart det gått bjønnamanngard over heile Uksnøya. På sydsida av nakken er der nokre stupbratte hamrar der ein bjørn heldt til i ei flå, der hadde han også hi. dit opp hadde ikkje jægrane kome seg, so bjørnen lurte dei. Dette var ein stor gamal hannbjørn som var grasbjørn, so han gjorde ikkje krøtera noko. Knut Tjugen var bestefar til bestefar min, og han budde då på Daleplassen. Den nye forpaktaren på Aksla - som forpakta Aksla etter Knut Tjugen - var Lars Akslen. Knut og Lars vart då samde om å skyte bjørnen. Bjørnen kom or hiet på ein viss dato om våren. Han gjekk over Løypemyra og fylgde nakkane fram til Grøndalen der han grov opp nokre røter som han åt. Knut og Lars la seg då oppe i ei flå i Sjylseternakken og venta. Og rett nok, der kom bjørnen! Dei skaut han. Han røyste seg då opp på bakføtene og datt på ryggen, daud. Knut Tjugen for heim etter hest og slede for å køyre til gards den skotne bjørnen. men hesten nekta å gå inn til bjørnen. Han bels i nasen og reiste seg opp, så dei måtte sprette han ifrå sleden og binde han i eit tre. Knut og Lars måtte drage bjørnen til gards med handemakt. Denne historia har gått i arv. "Dette hende før mi tid", sa bestefar. Bestemor hadde også tidlegare fortalt meg om ei gjente som heitte Kanutte som møtte ein bjørn utanfor Sjøalet ned for Daleplassen.” Kven denne Kanutte var, har eg enno ikkje greidd å spore opp. Det er mest truleg at ho var frå enno eldre tid!

Bjørneåtak på setra

Ole Larsen Nedregotten fortalde at det var bjørn på Emblem den gong faren hans levde. Ein mann frå Aksla hadde ei kvige som han skulle fø. Den sommaren var kviga på Urastølen, som var gamlesetra til Aksla. Her gikk bjørnen til åtak. Kviga la på svøm over setrevatnet med bjørnen på ryggen. Ho kom også i land på den samme måten. Bjørnen vart jaga med hund frå Urastølen til Eikremsetra der den la på svøm. Kviga klarte å komme seg uti Setrevatnet og la på svøm med bjørnen på ryggen. Ein annan fortalde at den saug blod av kviga som symde for livet. Etterkvart som ho kom seg på land igjen så helt bjørnen seg fortsatt fast. Folk på setrane ikring var ikkje særleg skvetne av seg. Dei kom til med rop, stokkar og staur. Bjørnen var som besett då han kom på land. Han gav seg ikkje sjølv om dei heldt eit lurveleven utan like. Ei gamal dame hivde då ta seg klea, vende raua åt bjørnen og feis. Då gav han opp jakta og rusla av garde. Kvar det vart av han er usikkert, men tidlegare munnlege kjelder fortel at dei jaga bjørnen med hund heilt til Eikremsetra, der bjørnen kom seg unna ved å leggje på svøm. Ei nyare kjelde fortel derimot at bjørnen vart funnen att, etter ei tid i Magerholmdalen. Det vart sett i gong bjørnejag over nakkane mot Reiteløypa, og at den vart skoten der. Bjørnen hadde i tillegg drepe fleire kalvar nede på bø-markane i bygda og ein kunne ikkje føla seg trygge når den kom så nært inn mot husa. Det var med andre ord ikkje like artig å vere setrejente i tidlegare tider med både bjørn og ulv ikring seg. Ei budeie skal jamvel ha opplevd at bjørnen sette i å hamre på seldøra med labbane. Jenta var snarrådig nok til å trive tak i grautkjelen idet ho hadde opna døra og sett kven som stod utanfor. Ved å kaste den glovarme grauten på bjørnen, fekk ho jaga den på flukt. Denne historia har ukjend opphav og det er ikkje nemnd på kva seter dette skulle ha hendt. Agnes Flø har fortalt vidare ei historie som ho fekk høyre med bestefaren sin som var Sjurs-Ole. Ein gong skal ei jente med namnet Ingebjørg ha møtt bjørnen ved Bjønnanakken. Ho vart livredd men ante råd og byrja forsiktig å kle av seg. Då ho var ferdig vart bjørnen så redd att han stakk av. Dei fleste bjørnehistoriene ovanfor er fortald i fleire versjonar i generasjonar, men med dei har eins hovudstruktur, så det er grunn til å tru på hovudinnhaldet i fleire av desse sjølv om det er grunn til å tvile litt på dei mest oppsiktsvekkande. Å kle av seg eller spele død er to råd som har vorte gjengjeve i fleire kjelder også utanom vår eiga bygd. Somme av kjeldene er så gamle at det er grunn til å feste lit til dei.

Bjønnajaga til Dragsundet

Johan Rasmussen Ødegård (1853-1940) vart født i Framigard bruksnummer 3 under garden Ødegård i Puskhola. Faren hans heit Rasmus Johansen (1826-1919) og var også fødd og oppvaksen på den samme garden. Han skal ha fortalt om eit stort bjørnejag den gongen han var kring 20 år:

« De gik alle mand av huse med de forskjelligste ting at gjøre larm med. Faren børsepipe uten kolbe og skjøt med løst krutt, tændte med knusk og flint. Det var flere bjørner i følge. De laget manngar fra tidlig om morgenen og kom til Dragsundet.” Johan fortalde vidare at svigerdottera hans var frå Magerholmdalen og at ho hadde ei bestemor som kom frå Østrem. Denne ungkona var Karoline Knutsdotter Magerholmdal (1888-1981). Ho hadde gifta seg med sonen til Johan, Ole Johnsen Ødegård (1887-1971) Bestemora til Karoline kan ha vore Randine Knudsdotter som var registrert som 45 år i 1865-tellinga Ho kan moglegeins vere frå Larsgarden på Østrem: “Hun har fortalt at hun var en gjente på 8 år, da bjørnejaget gik og for der forbi ved middagstider. Hun så en binne med 4 unger i "Jelet" der elven går ned. Der satte bjørnen sig og kvilte lidt. Manngarden var da længer ute. I Dragsundet lå 5 skarpskyttere på østresiden. De skjøt en bjørn som de fik iland, mens en eller to andre som blev skutt sank.” Dette kan ha vore omlag i 1828. To andre bjørnar overlevde og kom seg over til den andre sida: “Straks ovenfor er en hule nu næsten tilgrodd med mose. Den kaldes bjørnegraven. Om denne fortælles det at det var en frugtsommelig kone som var på leting etter hesten og møtte bjørnen. Denne begynte å grave en hule. av og til så den op om hun sat der endnu. Hun fik da av sig stakken og hengte den op på en buske og la på sprang. Bjørnen grov så ned stakken og trodde formentlig at det var konen.”

Elias Ekroll har skrive om bjønnajaga på Yksnøya i Sunnmøre Historiske lag sitt tidskrift frå 1926-1927. Dette var basert på muntlege overleveringar frå foreldre og eldre menneske som hadde opplevd slike jag sjølve. Rovdyrplaga var så stor at det påverka byggeskikkane også. Fjøsmurane måte gravast godt ned i grunnen og takhøgden måte vera så stor at bjørnen ikkje kom seg opp på taket. Det var også ein nedarva skikk at folk samla seg til slike bjønnajag mot Dragsundet med det samme bjørnen synte seg. Inne i Dragsundet låg det bjørnejegerar med børse for å gje bamsen ein varm velkomst. Borgund-folket starta jaget i Spjelkavika, medan folk frå Skodje stod klar til å ta over ved den gamle kommunegrensa på Magerholm. Denne ordninga hadde fungert i lang tid, men utover 1800-talet så lærte bjørnen seg til å skjule seg i ulendt terreng i staden for å la seg jage mot Dragsundet. Etterkvart vart også folket lei av å hive alt dei hadde i hendene når bodstikka om bjønnajaget kom. Dette kunne vere minst 4 gongar om året og kruttsalvar til å skremme bjørnen med var dyrt. Når det heller ikkje gav noko resultat, så møtte stadig færre opp på jaget. Dei færraste kunne på denne tida tenkje seg å gå på bjønnajakt åleine eller saman med eit par naboar. Med såpass mange rovdyr I nærleiken vart den einaste måten å samle nok folk på å få futen til å beordre bøndene på jag. Ein funderte mykje på korleis ein skulle bli kvitt bjørnen og endte opp med idéen om å leige ein finn frå Finnmark. Det heile var enklare sagt enn gjort for det var dårlege fobindingar mellom Sunnmøre og Finnmark i dei dagar.

Om det var ein finne som kom er heller usikkert, men det kom i alle fall ein kar til Spjelkavika i 1808 som levde godt nokre dagar på bygdefolket si bekostning. Han vart fortalt at bjørnen ikkje hadde fast hi i distriktet og dukka som regel opp på Yksnøya i juli månad. “Bjønnejegeren” ville då gå i strandkanten kring heile Yksnøya, og lovde at det skulle verte heilt fritt for bjørn og ulv om han fekk godt betalt. Han trong i så fall hjelp til arbeidet, husrom og mat i tillegg. Folk lot seg likevel ikkje lure og lovte løn dersom bjørnen heldt seg unna 4 månader i strekk. Karen tok på seg arbeidet og lova at no var alle udyra vekke, men det skjedde naturleg nok ikkje. Dette var ikkje den einaste luringen. Den neste lovte også å rense området for lindorm, som han meinte var særs plagsom på Skodje. Han snakka godt for seg og overtala dei som var skeptiske. Han beøvde i så fall gull til å skremme med, eit kraftig forsterka hus til å bo i og ein god del til, men han klarte heller ikkje å reinse området for skadedyr. Fabeldyret linormen var han heldigare med for det har i alle fall ikkje har vist seg sidan.

Heilt fram til 1838 var folk motlause etter dei mislykka bjønnajaga. Dei deltok like vel på futen si befaling, men ein sommar hadde bjørnen drepe så mange dyr att det oversteig tre års skatt på enkelte av gardsbruka i Skodje. Den gongen var det heller ikkje noko erstatning å få frå staten og det var få husdyr på dei enskilde gardane. Sivert Flåthe og Christen Sorthe valde no å sjå nærare på bjønnajagordninga. Dei merka seg at dei fleste hadde jaga på vegar og skoglause skrentar der det var lett å gå og det var sjølvsagt ikkje her bjørnen stakk seg unna. Dei laga dermed ei ny ordning der eit bestemt antal menn frå kvart bygdelag skulle ha ansvar for jag i kvar si skogstrakt. Dei skulle også ha ein oppsynsmann eller formann som dei andre måtte respektere. Ei ny lov krevde også at ein kvar som åtte eiga børse skulle ha med seg ei bestemt mengde dreia kuler som dei skulle skyte inn i skogen slik at bladverket og trea bevegde seg litt. Denne planen gav resultat og ein gong måtte 13 bjørnar forlate Yksenøya i eit einaste jag. Berre ein av dei vart skoten og 2 skadde, men til slutt vart det slutt på bjørn på Yksenøya. I 1926 var det omlag 40 år sidan sist det skulle ha vore nokon bjørn på Emblem.

Gråbein

Eventyr som Rødhette og ulven ber bud om at ulven har vore både frykta og omtala i uminnelege tider. Menneska har også ala nyttedyr som hunden frå ulven, men truleg var redsla for ulv større en frykt for bjørn. Ei medverkande årsak til dette er nok ulven si jaktform, der dei jagar i flokk. Ulvehyla om kvelden kunne vere nok til å sette ein støkk i dei fleste. På den tida då bestefaren til Sjurs-Ole (1834-1922) levde så skal der ha vore mykje gråbein, eller ulv, på Emblemsfjellet. Dei var særleg pågåande om vinteren når det var mindre mat å finne. Han fortalde at dei kunne komme ned til tuna i flokkar på 10-15 stykker. Seinare kom det også gaupe til bygda og dei var meir plagsamme enn ulven. Ane Karoline Ellingsdotter Emblem (1840-1925) frå Steffågarden fortalde også at det var gråbein på fjellet då ho var barn. Ei kvige skal ha vorte bitt i halsen på Gamle Emblemseter slik at den vart hes kvar gong den skulle raute. Den historia var også den siste ho høyrde om ulv. Det kan tyde på at ulveplaga vart mindre i andre halvdel av 1800-talet.

Svigerdottera til Rasmus Ødegård i Puskhola hadde besteforeldre på Østrem. Sjølv kom ho frå Magerholmdalen og heitte Karoline Knutsdotter Magerholmdal (1888-1981). Frå Østrem kunne ho fortelle følgande historie om ulven til Peter Stensager: “I hendes bestemors unge dage - hun var såvidt voksen da - var moren engang nede ved elven utenfor husene med hesten for å kjøre ved. Hunden var med. Da hørte de gråbeinshyl. Hunden satte av sted og skulde jage gråbeinen. De tok da utover efter lien og slos med hunden. Hun kom sig tilgards med hesten. Da hun så senere skulde efter hunden, talte hun 23 gråbein. De hadde slitt hunden istykker mellem sig. Det skulde våre et år da der lå is i Dragsundet at det kom så svært meget ulv ut på fjeldet her. Det var vistnok efter det store bjørnejag som ovenfor er omtalt.”. Det kan ha vore eit bjørnejag kring 1828.

Elias Ekroll fortel også om eit gråbeinsjag på Yksenøya i 1827. Ulveflokkane kunne ofte gjere meir skade på hest og krøter enn bjørnen. Å leige vaksne til å gjete krøtera var også dyrt for bøndene, så dette året vart ein samde om stortingsmannen Arne Grønningseter sitt forslag. Ein skulle starte jaget både i Tafjorden og Spjelkavika. Ein skulle gå manngard i heile Yksenøya si bredde og dei skulle jage dyra mot Skodje. Folk frå Vestnes og Tresfjord skulle sørge for å stenge fluktruta nordover. For kvar kommunegrense stod nye jaktlag klar til å overta. Det var hardt arbeid å bevege seg i myrjord og ulendt terreng heile dagen. Målet var å jage alle ulveflokkane over Taftesundet og vidare til Ellingsøya for så å drepe alle saman ved Kverve. Planen var utforma slik at når jagarlaga var slitne mot slutten på dagen, så var det lett og rimeleg flatt terreng som var oversiktleg å ta seg fram I. Det er mogeleg at planen til Arne ville ha fungert også, men ein annan ville det annleis. Amtmann Krogh hadde godkjent Arne sin plan og bedt lensmennene om å vera med på jaget og å sjå til at alt gjekk rett. Problemet var at ein annan stortingsmann, Henrik Remmen, hadde lagt sin eigen plan. Eg skal ikkje fundera vidare på kvifor han gjorde dette, men no vart endepunktet endra til Ørsneset nedanfor gardsbruket Helle i Vatne sokn. Problemet var at for å få dette til så måtte ein opp i høgfjellet på nattestid når folk var slitne etter ein lang jagardag. Remmen sjølv hadde nytta båt til Ørsneset i staden for å gå bjønnajag. Det heile endte no annleis enn at ulvane vart jaga på fjorden. Dei stakk seg vekk på fjellet i skodda mot slutten av jaget. Då Henrik vart kjend med flausa og dei sinte jagarane på land, så turte han ikkje å ro inn til land. Arne Grønningseter, på si side hadde avslutta jaget på Ørskogfjellet når han fekk vite kven som hadde tatt over komandoen og kva veg det bar.

Nokre tiår seinare vart likevel ulven utrydda på våre trakter og den siste bjørnen skal ha vorte skoten før 1900 ein gong ifølge Karl O. Emblem frå Steffågarden. Det er mykje som tyder på at dette stemte. Den siste tida var det truleg meir snakk om streifbjørn som kom med nokre års mellomrom. Gaupa kom truleg til bygda i tida etterpå, når det vart ledige jaktmarker. Ho var ikkje like farleg å jakte på på som ulven og bamsen, men den var truleg vansklegare å få has på utan sporsnø. I våre dagar er det stilt og trygt i både bygda og på fjellet. Ein og annan rovfugl finst sjølvsagt, men det er noko heilt anna enn dei historiene som du har fått lesa om her. Eg skal ikkje spekulera så mykje i sanninga og truverdet i denne teksten, men heller la dei få stå som restar av muntlege overleveringar frå dei som har levd før oss. I våre dagar så finst det ikkje så mange slike lenger.

Kjelder:

7. klasse Emblem skule 1999: «Gamle Emblemseter». Hefte frå historieprosjektet.

www.Digitalarkivet.no: 1865-tellinga for Magerholmdalen

Ekroll, Elias: «bjørnehistorier»; Sunnmøre Historielag sitt tidskrift for 1916-17

Magerholm, Kåre: «I bestefars rike» hefte frå 1986

Rolsen, Nordahl: "Dyrebogen historier om dyr samlet fra bygd og skog og fjeld". Cammermeyers forlag, Kristiania 1895

Stensager, Peter: «Mundtlige optegnelser vedr. Borgunds historie», Maskinskrevne ark frå tida mellom 1920 og 1925 med intervju av dei eldste i bygda vår.

Sunde, Bernt et. a.: «Minneskrift Borgund Kommune 1837-1937». Trykt ved Nasjonaltrykkeriet i Ålesund 1937

Tandstad, Ole: "Sykkylven i eldre tid", Fyrste bandet av Bygdebok for Sykkylven, Sykkylven Sogenemnd 1962

Øverlid, Ragnar: «Borgund og Giske band II, Gardsoge gardsnr. 1-51». Utgjeve av Borgund og Giske Bygdeboknemnd i 1961

Endre Furnes 14.03.2019 21:31

Et fantastisk arbeid du har lagt i denne sida. Skal kose meg med denne i lange tider. Takker så mye.

Svein Ove Østrem 15.03.2019 12:53

Takk for det. Alt er dessverre ikkje heilt oppdatert fordi eg har prioritert å få ut bygdebok dei siste åra. sjekk gjerne Gamle bilder fra Emblem på Facebook óg

Illustrasjonen "Gråbeinjag" vart teikna av Karl Uchermann. Teikninga vart publisert i Nordahl Rolfsens barnebok "Dyrebogen historier om dyr samlet fra bygd og skog og fjeld i 1895" Her vart ein kortversjon av gråbeinsjaget frå 1828 publisert.
Illustrasjonen "Gråbeinjag" vart teikna av Karl Uchermann. Teikninga vart publisert i Nordahl Rolfsens barnebok "Dyrebogen historier om dyr samlet fra bygd og skog og fjeld i 1895" Her vart ein kortversjon av gråbeinsjaget frå 1828 publisert.
Illustrasjon av bjørnejakta i Magerholmdalen. Teikninga er laga av Kåre Magerholm
Illustrasjon av bjørnejakta i Magerholmdalen. Teikninga er laga av Kåre Magerholm