TELEFONSTASJONEN

I 1876 var representantar frå Aalesunds Handelsforening til stades på verdsutstillinga i Philadelphia. Dei fatta interesse for idéen om bruk av snurpenot og dory til fisking. Samstundes tok dei også med seg to telefonar heim til Ålesund. Dette var dei to fyrste apparata som nokon gong kom til Europa, og det er sannsynleg at den første telefonsamtalen i Europa fann stad mellom eit par hus i Skaret i Ålesund. Allereie i 1883 vert det oppretta telefonforbindelse mellom byen, Spjelkavika og Langevåg. I 1885 kjøpte telegrafbestyrar Edvard Endresen det private telefonanlegget som Jens Bull Andersen har oppretta nokre år tidlegare.

Sjølv om Ålesund var tidleg ute med denne nyvinninga, tok det lang tid før den første telefonen kom til vår eiga bygd. Kven den første telefonbestyraren i bygda vår var, har eg ikkje klart å finne ut av, men Karl Karlsen Nedregotten (f. 1878), sonen til Karl Syversen på Elvemyr tok i alle fall over ansvaret for den private telefonstasjonen i 1898 Det er interessant å merke seg at dette er hans eige ord, frå eit intervju mes Sunnmørsposten. Det tyder at Karl ikkje var den første telefonbestyraren i bygda. Dottera, Olga Nedregotten (1921-2001), fortalde i 1987 at Karl dreiv telefonsentralen i eit kammers i Guttormgarden på Nedregotten, før han flytta den til Resebakken litt lenger vest. I 1910 må Karl ha hatt nok å henge fingrane i, for han hadde fått kjøpe eit stykke av Sirigarden dette året og trong då truleg å setta opp hus også. Fjøsen var ikkje sett opp når folketellinga vart halde, men det er lite truleg at han venta for lenge. Bruket fekk namnet «Myrvang» og låg på toppen av Resebakken litt lenger aust for staden der bedehuset ligg no. I tillegg dreiv han som både skomakar og telefonbestyrar. Etterkvart innreidde han eit eige rom til telefonstasjonen på Myrvang. Med åra fekk han hjelp av dottera si, Anna som tok over drifta som den siste bestyraren i bygda vår. På ytterveggen vart det hengd opp eige skilt slik at alle i bygda skulle vite kvar sentralen låg. Det var stor stas å ha telefonsentral heime hos seg, for dette var eit betydningsfullt ansvar. Det er likevel litt rart at me ikkje finn beteikninga telefonbestyrar bak namnet til Karl i 1900-tellinga.

Tor Nedregotten minnes at det var ein gang like innanfor hovuddøra på Reset. Til venstre var kjøkkenet og til høgre låg skomakarverkstaden til Karl. Lenger inne i gangen, på høgre sida låg rommet med telefonsentralen. Han hugsar berre at det var Anna som styrte sentralen, medan Karl var som oftast å finne i skomakarverkstaden. Tor var ofte på Reset i barndommen. Om kundetelefonen og koblingssentralen stod på to ulike stadar i Rese-huset er eg usikker på. Var det to som hadde eigen telefon som prata, så var det var ingen annan måte å finne ut om samtalen var slutt på enn å bryte inn på linja med faste mellomrom. Dette kunne høyrast av dei som prata som eit lite klikk. Telefonar vart den fyrste tida kun nytta når det var absolutt nødvendig, og det kunne soleis vere alvorlege hendelsar som låg bak når ein vart sendt bod etter. Dei vanlegaste bodskapa kunne vere dødsfall, tidspunkt for begravelse, eller melding om at nokon i familien hadde hamna på sjukehus. Det kunne óg vere gledesbodskap som fødsel.

Dei som arbeidde på dei manuelle telefonstasjonane i Noreg var stort sett kvinner, og nokre kunne frå tid til anna få ord på seg for å vera vitebegjærlige eller nysgjerrige, for den som sat på sentralen fekk vite ein god del om bygdefolket, når dei skulle viderebringe telegram og bod. Telefon-stasjonen på Reset var annaleis, ved at det var ein vaksen mann som var bestyrar dei første åra. Det er sannsynleg at det vart oppretta eit slags telefonlag i bygda i forkant av etableringa, og i likheit med postopnarstillinga og kaiekspeditørstillinga, så var det særs tiltrudde i bygda som fekk ta på seg dette ansvaret med bygdefolkets samtykke.

Telefonsentralen på Reset var manuell og ein måtte fysisk feste ei leidning mellom dei to som skulle snakke saman for at dei skulle få kontakt og høyre kvarandre. I den første tida frå 1898 var det berre 4-5 som hadde telefon i bygda. Det vert fortalt at abonnentane sjølve måtte sette opp stolpar og reparere linja om noko var gale. Når gardane på Østrem etterkvart bygde si telefonlinje frå Reset, så vart den ikkje bygd av impregnerte trestokkar, slik som no. Dei fellte ei gran eller ei furu, og røyste dei kvista stokkane opp der det var behov for det. Andre plassar kvista dei kun delar av eit tre på rot, om det passa seg slik. Isolatorane vart skrudde rett inn i det rotfaste treet, medan greinene over og under lina fekk stå att. Denne framgangsmåten vart også nytta det siste stykket ned til huset i Kaldhusgarden (Hatlebakken), for der var det eit fint strekk med grantre langs vegen.

Ein av desse heimelaga telefonstolpane stod like ved gamleskulen og vart flittig nytta til klatrestativ. Etterpå var dei fine skulekleda fulle av kvae. Det siste stykket som vart kobla til i bygda, var strekninga frå Magerholm til Hesseberg kring 1950. Her måtte også kundane syte for linja si sjølve. Telefonlinjene i bygda var med andre ord ikkje av dei aller beste og vart det brot på linja, så måtte ho skøytast. Det seiest at det då kunne verte løysingar med alt frå hesjetråd i metall til hyssing som vart prøvd ut. Det siste alternativet gav heller dårleg resultat.

Når det ikkje var så mange telefonane i bygda i byrjinga, så var det behov for å løna eigne telefonbod. Minsteløna var på 50 øre og det var mykje pengar den gongen. Bara, søstra til Anna, var ei av dei som var telefonbod. Slike bod var også eit alvorleg oppdrag, for folk ringde ikkje i så ofte den gongen, som me gjer i dag. Det kosta 25 øre å ringje i omlag 3 minutt. Ved eit tilfelle vart telefonbod nytta som ein narrestrek også. Då var det læraren som fekk unngjelde og måtte springje snarast råd ut på Reset frå gamleskulen på Skaret. Skulle telefonbodet springe langt, fekk dei 25 øre kilometeren. Måtte ein springa til ytterkantane av bygda, så vart det 3-4 kilometer kvar veg. 

Karl måtte også passe på at telefonlinja var i stand. Det medførte "linjegong" heilt frå Spjelkavika til Glomset. Slike befaringar vart det mykje av, sommar som vinter. Karl meinte at han hadde gått tilsvarande ein runde kring jordkloden til saman. Ein gong han stod å heldt begge endane i ei avsliten linje, ringde dei frå både Spjelkavika og Emblem samstundes. Dei fekk kontakt med Karl som levande "knute" på linja: "-Det var berre så eldbrisingen stod kring øyrene ---!" I utgangspunktet var telefonsentralen åpen frå 9:00-13:30 og 16:30-19:00, men det var ikkje så nøye med opningstider i gamle dagar.  Rese-Karl svara på telefonen heile døgnet. Den 11. desember vart han intervjua i samband med omlegginga frå manuell til automatisk sentral i bygda.  journalisten vart ikkje kreditert for teksten han skreiv i Sunnmørsposten, men det vart gjeve ein treffande beskrivelse av gamlebestyraren som ein 85-åring som var "rask i tankegangen og snerten i replikken som i sine beste år" journalisten la til at han var ein skøyer av dei sjeldne som kunne fortelle om mange muntre episodar frå gamle dagar. Han var og ein viktig konsulent for bygdebokforfattar Ragnar Øverlid nokre år tidligare. I dette intervjuet fortalde han om den gongen då han hadde gått linjegong saman med "han Larsen på Skøye" i tre dagar på leit etter ein linjefeil i Hesseberg-markene. Etterkvart kom det ein gutonge forsiktig bort til dei og spurde om det gjekk an å skøyte telefonlinja med hyssing. Karane skjøna med eitt kvar feilen låg og då var det fort gjort å finne den. 85-åringen dreiv fortsatt skomakerverksemd og assisterte på telefonsentralen hjå dottera Anna hausten 1963. Han arbeidde like raskt og lett på sine eldre dagar.

Sidan telefonsentralen var manuell, så var det ikkje like enkelt å nå fram til riktig mottakar. Ein kunne koble opp linje til foreksempel Østrem, men der var det på 1950-talet 3 abonnentar, så då måtte telefonstyraren bruka ulike ringesignal slik at ein visste kven telefonen var til. Ein kunne då nytta eitt eller fleire ring etter kvarandre for å fortellja dette. spaninga kunne vera stor i byrjinga, om det berre vart eit ringjesignal eller fleire. Å bestille rikstelefon kunne ta fleire timar, og bestillaren vart gjort oppmerksam på dette. Det kunne også ta lenger tid enn som så, til frustrasjon for den som hadde hast. Per Kåre Østrem fortel at ein gong tanta, Klara, og onkelen Peter «Pit» Myklebust, var på besøk frå Bergen, så skjedde det noko i Bergen som onkelen absolutt skulle ha eit ord med i laget om. Han var redaktør i Bergen Arbeideravis og hadde dårleg tid. Problemet var at det kravde rikstelefon og at det kun var manuell telefonstasjon i bygda, fleire tiår etter at Ålesund og Bergen hadde fått sine automatiske stasjonar. Telefonen i Larsgarden var berre ei trekasse med sveiv i og her stod altså den frustrerte redaktøren og sveiva hissig i vei, medan ho Anna på telegrafstasjonen pusta og strevde med å koble linje heilt til Bergen. Det var ikkje nokon enkel sak den gongen, og Pit var ikkje vand med ei so gamaldags løysing.

Ved sidan av telefonering, så vart det etterkvart vanleg å sende telegram. Dette kunne vere både forretningstelegram og private festtelegram ved selskaplege lag som bryllaup og konfirmasjon. Dei innringde helsingane vart skrivne på fine blankettar med ulike motiv, kalla LX-telegram. Slike helsingar og forretningsbeskjedar var vanlege heilt til 1975.

Gamlekarane i nabolaget brukte å møtast utanfor telefonstasjonen på Reset. Det var to støypte murkantar på kvar side av bygdevegen. Den eine gjekk til hovudtrappa til Rese-huset, medan den andre var delt i to og låg litt lenger nede, ved Olav Hansen sitt hus. Begge murane vart nytta til møteplass. Samlingstaden ved Reset fekk etter kvart namnet «Børsen», og det var truleg berre karar som møttest. Det var hovudsaklig på søndag formiddag at ein 8-10 gamlekarar frå husa ikring møttest for å frette nytt, diskutere politikk og liknande. Omlag klokka 11 byrja godlukta frå middagsmaten å merkast og då var det på tide å gå heim. Eg veit ikkje når Børsen vart «lagd ned», men ein hadde nok meir tid til å snakke saman før. Østremskarane møttest på kårloftet til Lars Austrem i Larsgarden og fleire samla seg også på handelslaga, der var det eigne benkar på mellom anna «Myrstad fillial» på Magnusbakken. Det er mogeleg at det vart færre slike møtepunkt når stadig fleire fekk seg arbeid i kommuna attåt gardsdrifta.

Karl gav seg etter kvart som bestyrar for telefonstasjonen, og overlet til dottera, Anna. 11. desember 1963 vart den manuelle telefonstasjonen avlasta av ein automatisk stasjon på Elverum. Sentralen var av typen 7D og kunne handtere 100 telefonnummer ved åpninga. Sunnmørsposten fortel i avisa dagen etterpå at det hadde vore "eit heilt kompani av telegrafverkskarar" som "hadde grave i jorda og klatra i stolpar og kobla alle linjer som skulle til." Talet var nok ei overdriving, men skulle omkoblinga gå raskast mogleg, så behøvde dei nok ein del telemontørar. Avdelingsjefane, Ole Ludvik Larsen og Nils Norrud kunne konstatere at alt fungerte perfekt. Frå første stund var det full fart på alle telefonlinjene. I 1963 fekk sentralen ansvaret for nummera 9800 til 9899 og hadde 75 abonnentar. Sentralen hadde seks linjer på sambandet til Spjelkavika og Ålesund, medan lokalsambandet i bygda bestod av fem linjer. Det var med andre ord ikkje alle som kom gjennom på første forsøk på åpningsdagen, sjølv om dei kunne vri på nummerskiva no i staden for å kontakte dei som betjente telefonsentralen. Ein var med andre ord ikkje heilt fri frå ventetid enno, men etterkvart vart sentralen vidare bygd ut. Dette var heile 34 år etter automatiseringa i Ålesund. Ei av årsakene til at den seine nyvinninga kom til bygda, var truleg det beskjedne talet på brukarar og restriksjonane på kven som fekk telefon etter den andre verdskrigen del av årsaksamanhengen. telefonnummera har også utvikla seg frå eit til 8 siffer. 

Me kan neppe sjå føre oss korleis det ein gong var, men med automatiseringa vart også dei gode historiene langt færre og børsen vart historie. I andre bygder tok den lokale butikken over som samlingstad med eigen kaffikrok i fleire av nabobygdene, men slik vart det ikkje i vår eiga bygd. Dei frivillege laga og foreiningane tok etterkvart over som viktige samlingstadar. I våre dagar er det nye medier og Moa som er dei største treffstadane. Det er likevel ikkje all utvikling som er av det gode. telefonsentralar krever straum og smarttelefonane krev større ressursar når dei er i bruk. Dei siste åra har ein stadig mista telefonforbindinga. Dei nye knytepunkta har berre nokre få timars levetid att, dersom straumen vert vekke, og det er som regel i slike krisesituasjonar ein treng telefonen. Det tok lang tid før dei små bygdene fekk att nett og telefon etter stormen Dagmar sine herjingar i romjula 2011. Det hadde kanskje vore tryggare å ha litt av det gamle nettet også, som kunne fungere utan straum.

Per Østrem 06.05.2012 11:09

Kjekt å lese dette Svein Ove. Du har fått medmye
Det er mogeleg at dette er Karl K. Nedregotten med kona Berte Johanne Ananiasdotter Fauske (1876-1925) Borna er truleg Anna (f. 1904) og Ananias (f. 1906)
Det er mogeleg at dette er Karl K. Nedregotten med kona Berte Johanne Ananiasdotter Fauske (1876-1925) Borna er truleg Anna (f. 1904) og Ananias (f. 1906)
Guttormgarden omlag 1987. Her leigde Karl KArlsen Nedregotten eit kammers i den austlegaste enden av huset til telefonsentral frå kring slutten av 1910/1911 før den vart flytta ut i Karl sitt eige hus på Reset. Foto: Sigurd Langleite
Guttormgarden omlag 1987. Her leigde Karl KArlsen Nedregotten eit kammers i den austlegaste enden av huset til telefonsentral frå kring slutten av 1910/1911 før den vart flytta ut i Karl sitt eige hus på Reset. Foto: Sigurd Langleite
Reset, eller Myrvang, som var det opphavelege namnet på bruket. Karl Karlsen Nedregotten fekk bruket frådelt i 1910 og starta kort tid etter opp ein telefonstasjon i eit kammers i hovudhuset. Stasjonen var i drift til omlag 1965. biletet er utlånt av Arne Nowak
Reset, eller Myrvang, som var det opphavelege namnet på bruket. Karl Karlsen Nedregotten fekk bruket frådelt i 1910 og starta kort tid etter opp ein telefonstasjon i eit kammers i hovudhuset. Stasjonen var i drift til omlag 1965. biletet er utlånt av Arne Nowak
Frå framsida på avisa Sunnmørsposten 12. desember 1963. Kvaliteten er ikkje så god fordi biletet er er avfotografert frå skjerm og henta frå mikrofilm. Orginalbiletet er dessutan saksa og fleire bilete er lagt oppå kvarandre. Du kan sjå bilete frå innsida på telefonsentralen i bygda øvst, medan Rese-Karl er fotografert medan han nyttar den gamle manuelle sentralen på Reset.
Frå framsida på avisa Sunnmørsposten 12. desember 1963. Kvaliteten er ikkje så god fordi biletet er er avfotografert frå skjerm og henta frå mikrofilm. Orginalbiletet er dessutan saksa og fleire bilete er lagt oppå kvarandre. Du kan sjå bilete frå innsida på telefonsentralen i bygda øvst, medan Rese-Karl er fotografert medan han nyttar den gamle manuelle sentralen på Reset.
Den automatiske telefonentralen tok over for manuell drift i Resehuset kring 1965.
Foto: Svein Ove Østrem
Den automatiske telefonentralen tok over for manuell drift i Resehuset kring 1965. Foto: Svein Ove Østrem
Den klassiske raude telefonkiosken, med betydeleg meir moderne innmat, enn dei som stod i bygda. Så vidt som eg veit, så var det to stykker på Emblem etter 1965. Den eine stod intil sørveggen på det kvite gatekjøkkenet på Magerholm fergekai fram til 1997, medan den andre stod ved sidan av telefonsentralen på Elverum. Dette biletet er ikkje frå bygda. Foto: svein Ove Østrem
Den klassiske raude telefonkiosken, med betydeleg meir moderne innmat, enn dei som stod i bygda. Så vidt som eg veit, så var det to stykker på Emblem etter 1965. Den eine stod intil sørveggen på det kvite gatekjøkkenet på Magerholm fergekai fram til 1997, medan den andre stod ved sidan av telefonsentralen på Elverum. Dette biletet er ikkje frå bygda. Foto: svein Ove Østrem