OM KLEBERGHAMMAREN

Utsnitt av hammaren og dagbrotet fotografert våren 2013. Foto: Svein Ove Østrem
Utsnitt av hammaren og dagbrotet fotografert våren 2013. Foto: Svein Ove Østrem
Klebersteinform som vart funne av Karl Nedregotten i tidsrommet 1935-1938. Tenk om den stammar frå Kleberhammaren? Det er ikkje heilt utenkjeleg då den er funne i nærleiken. Biletet tilhøyrer stiftinga Sunnmøre Museum ref. nr. SM.002681 og et først publisert på www.digitaltmuseum.no
Klebersteinform som vart funne av Karl Nedregotten i tidsrommet 1935-1938. Tenk om den stammar frå Kleberhammaren? Det er ikkje heilt utenkjeleg då den er funne i nærleiken. Biletet tilhøyrer stiftinga Sunnmøre Museum ref. nr. SM.002681 og et først publisert på www.digitaltmuseum.no
I 1959 rissa Nils Kristian Magerholm inn bokstavane sine då han var med faren Petrus på krabberaking på berga i nærleiken.  Foto: Svein Ove Østrem
I 1959 rissa Nils Kristian Magerholm inn bokstavane sine då han var med faren Petrus på krabberaking på berga i nærleiken. Foto: Svein Ove Østrem
Utsyn frå Kleberghammaren Foto: Svein Ove Østrem
Utsyn frå Kleberghammaren Foto: Svein Ove Østrem
Inskripsjon Foto: Svein Ove Østrem
Inskripsjon Foto: Svein Ove Østrem
Foto: Svein Ove Østrem
Foto: Svein Ove Østrem
Arild Nedregotten ved Nedrasa stein Foto: Svein Ove Østrem
Arild Nedregotten ved Nedrasa stein Foto: Svein Ove Østrem
Utsikt frå Hellaren
Utsikt frå Hellaren

Kleberstein er ein mjuk bergart som det er mogeleg å skjere i med kniv. Den har vorte nytta som byggematerial i ei fleire gamle kyrkjebygg, der Nidarosdommen er det finaste i midt-norge. Steinen har også ei rekkje andre nyttige eigenskapar. Først av alt er den eldfast, slik at den kan nyttast til å lage kokekar av. Det finst ei rekkje oldtidsfunn av klebersteinsgryter frå andre stadar i landet, og ein kjenner til fleire klebarsteinsbrot frå bronsealder og vikingtid. Eit av desse finst truleg på Emblem. 

I våre dagar er steinslaget kanskje mest kjend i peisar og steinomnar, men ein trur at ordet Kleber kan ha kome av «kleberg», eller ein stein som ein kunne laga «Kljå» av. Det tyder at det var snakk om stein som kunne nyttast som vevstein og vevlodd ved tekstilproduksjon på gardane i eldre tider. Den har også ei rekkje andre namn som «grjotstein» og «grøtstein», men i vår bygd er det altså Kleberg-namnet som er nytta. Eg vil på ingen måte påstå at namnet dermed forklarar kva steinen frå Emblemsbygda vart nytta til og eg er på ingen måte spesialist på dette feltet, men arkeologiske funn frå bygda er frå mellom anna folkevandringstida og Skylehellaren like ved kan truleg ha vore nytta allereie i steinalderen, sjølv om dei rikhaldige funna der stortsett er av nyare dato. Årsaka til denne påstanden frå arkeologen si side er at dei mest konkrete funna kun var frå den aller øvste delen av det djupe kulturlaget i hellaren. Eg kjenner heller ikkje til nokon annan grundig undersøking etter utgravingane i 1922-23. Det var konservator Johs. Bøe som grov ut denne hellaren saman med Rasmus Buset. Bøe grov også ut gravene i røysa på Ystebøen. Det er interessant å merke seg at dei fann ein smeltedigel og ei ikkje minst ei klebergryte i Skylehammaren. Truleg stammar heim-namna frå omlag samme tida som dei nyaste av desse funna. Det tyder at garden Østrem, som hadde eigedomsretten til Kleberghammaren, eksisterte omtrent på den tida klebersteinsgryta vart etterlatt i Skylehammaren. Problemet at dette har det vore alt for lite forskning på til at noko kan stadfestast desverre.

Det er nok sikrare at der kan ha vore eit klebersteinsbrot i bygda når Berdor Hedinson på Emblem (f. ca. 1220) busette seg på nabogarden. Broren til Berdor heitte tilfeldigvis Grjotgard. Namnet kjem truleg frå ordet Grjot, med betydninga «gryte». I so fall vil grjotstein bety «grytestein» og grjot vart også nytta som namn på nettopp klebersteinen som vart nytta til å produsere gryter. Brynestein fann ein ofte på same staden, nett slik som i Emblemsbygda. Grjotgard-namnet finn me også lenger attende i tid. Ein av desse var Grjotgard Herlaugson (ca. 790-867 e.kr.). Han var jarl og hadde sete på Selva, ved innløpet på Trondheimsfjorden, då Harald Hårfagre la Trøndelag under seg på slutten av 800-talet. Sonen hans heitte Håkon Grjotgardson og vart truleg den første Ladejarlen. Broren til Berdor fekk altå ikkje namnet sitt frå Emblem, men namnevalet og slektsnamnet syner at han var av god ætt og at klebergsteinen har hatt stor betydning på den tida, faktisk så mykje at det vart eit førenamn. Me veit at klebersteinen er kjent som emne for kokekar få yngre bronsealder og fram til førromersk jarnalder, men det vart også nærast masseprodusert rundt 800 e. kr. med inngangen til vikingtida. Dette var samstundes som den tidlegarde nemnde jarlen, Grjotgard Herlaugson, levde.

Borgundpresten Hans Strøm skreiv i boka «Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør», 1760-åra at nesten all klebersteinen var uthoggen og vekke på den tida han forfatta sitt berømte bokverk. Den vart då nytta som avlssteinar i smiene. I tillegg kunne ein på samme staden utvinne sandstein til bryne også. Dette er interessant for på garden Østrem vart det nettopp funne graver frå 800-talet med mellom anna reiskap til smijernsarbeid i 1877, og nedanfor tunet i Larsgarden har ein i nyare tid også funne slaggklumpar av ukjend årgang.

Hans Strøm skreiv ikkje berre om bygda, han oppsøkte truleg også dei fleste plassane som han skreiv om. Det er difor interessant å ta med ordrett kva ha skreiv i dansk språkdrakt etterpå:

Klæbersteens-hammer er en bierg-hammer, eller rettere en Bierg-huule, som ligger imellem de tvende Gaarde Emblem og Østrem, paa et brat Bierg nær ved Søen, fra hvilken man på disse af Naturen dannede Trappe-trin kan gaae op til huulen. Bierget i sig selv maa vist nok til Deels bestaae af den i Sverrig saa kaldte Sielfraasteen, eller Muria faxi ex mica fpatoqve Ninnæi, som Tid efter anden Stykkevis er falden ud saaledes, at huulen har faaet en høi hvælving over sig, eller en saa kaldet Hammer, som hænger lige over Hovedet, naar man gaaer derind. At huulen viterlig har saadan Oprindelse, kan tydelig nok erfares af de mange Steene eller udbrustne Bierg-stykker, som findes liggende i Huulens Bund, og bestaae af en med Glimmer blandet Sandsteen, som undertiden tages herfra og andvendes til Bryner. Derimotd bestaaer Huulens faste Bund egentlig af Bergsteen eller Klæbergsteen (nemlig den almindelige Falcum particulis acerolis fparfis friabilibus opacis fubvirefecentibus Linnæi) som har givet Huulen eller Bierg-Hammeren Navn; men da den idelig er bleven udhuggen og anvendt til Alvsteene i Smede-Verksteder, saa har den nu efter Anseende ikke meget tilbage af denne nyttige Steen-Art.

Strøm nemner ikkje noko om sal eller næringsvirksomheit på denne tida. Kanskje ikkje så rart sidan det var lite att av kleberstein då. Kanskje hadde det også vore slik ei god stund før han kom på besøk. Hans Strøm nemner berre hovudgardane Østrem og Emblem, til trass for at dette dagbrotet allereie låg under Nedregotten på den tida. Nedregotten vart nemleg fråskild Østrem i si tid, og eg vil tru at det var eigarane av Østremsgardane som sat att med fortenesta ved eventuell sal og meir industriell prega utvinning i tidlegare tider. Sidan Strøm ikkje nemner noko slik drift, må det i so fall ha vore ein god del år tidligare at dette inntekstsgrunnlaget tok slutt. Erkebispestolen i Trondheim eigde 1/14-del av garden i følge dei eldste skriftlege opplysningane om eigarane på Østrem i 1530. Det tyder på at Erkebispestolen kan ha hatt økonomisk interesse i garden før 1500 også. Det hadde vore ei artig historie om det fanst kleberstein frå Emblem i Nidarosdommen, men arealet har vore so pass lite at ein ikkje kan sjå føre seg at det vart henta emne til anna enn mindre produkt, som til dømes gryter og vevstein. Uansett er tankar kring indiustriell produksjon berre spekulasjonar når det enno ikkje er funne rekneskap eller skriftlege kjelder som støttar ei slik hypotese.

Sjølv om det er påvist mange klebergsteinbrot i Norge, så er det eigentleg få når ein tenkjer på kor mange bygningsteinar og gjenstandar ein har funne frå vikingtida og middelalderen. Det kan bety at kleberstein kan ha hatt høg verdi. Produksjonen avtok på 1300-talet. På denne tida var det nemleg teglstein som vart stadig meir vanleg. Mange stadar vart kunskapen til og med gløymt, men det kan verke som om dette ikkje var tilfelle på Emblem og garden Østrem. Denne påstanden forutset likevel at Hans Strøm si utgreiing om bruken av steinen frå Emblem var faktabasert og ikkje berre generell. Ein kjenner også til bruk frå mellom anna Buskerud som vart drevne på 1600-talet og kanskje i verksamheit omlag samstundes som kleberghammaren.Eg vil likevel tru at hammaren ville bli nemnd særskild i kjelder frå mellom anna 1603 eller 1607 om der framleis var drift på Emblem. Laksevarpet rett ved vart i alle fall notert i kjeldene, og der fekk ein til og med eige registrering i panteregisteret samman med gardsbruka . Det er også mogeleg at det var gardeigaren som tok seg av drifta. Problemet er berre at der ikkje finst kjende spor som kan kaste lys over dette spørsmålet. I så fall kan lagmann Pål Helgesen, seinare busatt på Brandal, ha vore ein av drivarane frå 1586

Bygdebokforfattaren Ragnar Øverlid fortel i gardsoga band II at Det var mogeleg å spore namnet «Øfre-Østrem» i byrjinga av 1600-talet. Det kan tyde at ein framleis såg på Nedregotten som nedre del av Østrem, sjølv om frådelinga skjedde på 1500-talet. Det er mogeleg at delinga kan ha skjedd i løpet av andre halvdelen av dette hundreåret. Ein kan tenkje seg at det kan ha hatt ei forbinding med reformasjonen og nye eigarar som tok over det gamle kyrkjegodset. Østrem og Nedregotten har i alle fall alltid hatt felles seter og utmark. Østrem har framleis sjørettar på Nedregotten og Guttormgarden hadde rett til å føre dyra sine over Østremskarane sine teigar på veg mot vår og haustbeitet på Kleberghammaren. Nedregotten-karane hadde på den andre sida krøtersti over Østrem si innmark mot Storelva og sommarfjøsane oppe i fjellsida like ovanfor utmarksgrensa.

Kleberghammaren har altså ved sida av gode beiteforhold og verdfull brukstein også hatt laksevarp i uminnelege tider. På byrjinga av 1600-talet dreiv dei to gardane varpet ilag, men i 1775 vart det oppretta eiga sak om kven som hadde retten til dette varpet. «Heinrich Løndal, boende i Volden» teikna på den tida eit kart over heile Østrem og Nedregotten. Desverre er dette kartet bortkomen. Resultatet vart at eigaren av Østrem og ein sjølveigar i Sirigarden under Nedregotten, Jørgen Apalset, hadde retten. Til slutt var det Lars Einarsen Nedregotten i Steffagaren som kjøpte varpet i 1867.

Det var ingen tydelege spor etter ei eventuell uthogging av klebersteinsgryter då eg besøkte staden våren 2013. Det kan skuldast at det aller meste vart utnytta og at det også vart brote ut brynestein på samme staden etter den tid. Sjølv om det er nokre stader der ein kan sjå noko som kan minne om meir kvadratisk uthogging ein gong for lenge sidan så er nok brotet for lite til å ha vore leverandør av stein til Nidaros, men det kan ha vorte produsert mindre dekorelement til steinkyrkene i Borgund og kanskje Borgund Kaupangen.

Våren 1897 var ein herr Lorentz Lorek innom bygdelaga frå Spjelkavika til Hesseberg. I følge dei tingleste kontraktene så var han translatør «af Kristiania. Samtlege grunneigarar skreiv kontrakt der han fekk rett til å ta ut stein mot 2 kroner per kubikk og 100 kroner i fast årlig avgift. For denne summen kunne det også byggast tilkomstvegar der det var behov for slikt. Den førebels øvre grensa for steinuttaket på Nedregotten-gardane var på 30 kubikk. Lorek hadde nok med seg ei standardkontrakt, for skrivaren tok seg ikkje bryderiet med å skriva ut heile tinglysningsteksten for kvart matrikkelbruk. Alle gardane vart også tinglst etter kvarandre på ekstratinget den 29. juli i 1897. Eg har førebels ikkje funne Lorentz Lorek i digitalarkivet. I følge kontraktene kan det verke som om han i 1897 hadde kontor eller annan yrkesmessig forbinding med Trondheim, sjølv om han altså var busatt i Oslo på denne tida. Den einaste Lorentz Lorek som eg har funne i Oslo vart fødd i 1887 og var registrert som «student mine.» i 1910. Der kan sjølvsagt vere ein forbindelse dersom dette kanskje kan vere sonen hans. Det er godt mogeleg at denne omreisande forretningsmannen eigentleg var geolog og hadde tatt på seg oppdraget for ein oppdragsgiver eller eit større selskap. Dei hadde i alle fall visst lenge at der var både kalkåre, mogeleg brynestein, Kleberstein, marmorartar, olivinartar og kanskje edlare steinar også?

Kristen Magerholm er ein av dei som i si tid var med på mineralleiting på både Øsrkogfjellet og i Emblemsbygda, men han var husmann og hadde ikkje pengar til å starte opp på eigahand. Der han fann noko interessant, fekk han ikkje kjøpsrett eller bruksrett, medan søket etter krystall i Hessebergstranda gav null treff. Saman med Anders Akselsen og Lars Danielsen på hovudbruket på Magerholm klarte han likevel å starte opp kalkutvinning og kalkbrenning i industriell storleik. Men det gjekk ikkje så bra, for ein orkan velta heile industrieventyret og knuste både fraktebåt, kai, kalkomnar og lagerbygga. Nedanfor Pehaugen på Magerholm. Det vart ikkje noko praktisk resultat av Lorentz Lorek sine kontrakter. Eg har ikkje funne prov for at nokon fekk utbetalt meir enn den årlege fastleiga på utvinningsretten. Brukarane var likevel rimeleg godt nøgde med å få 100 kroner utan at det vart gjort noko. Frå slutten på 1890-talet var det stor interesse for både mineral, fallrettar og andre framtidige inntekter frå naturresursane i Norge.

Frå omlag 1900 finst der ikkje spor etter utvinning av større dimensjonar frå Kleberghammaren. Truleg var det meste av utvinninga no berre til eige bruk. Likevel vart rettane til utvinning av mineralforekomstar framleis omsett fram mot 1930-talet. I tillegg vart retten til å demme opp og bygge ut Østremselva også seld. Dette vart det heller ikkje noko av, for like etterpå starta ein på utbygginga av elektrisk kraft frå Tafjord-vassdraga i staden.

I våre dagar er det lite som vitnar om tidlegare tiders ressus-utnyttelse nede ved vasskanten på Nedregotten. Den mjuke steinen og utrasingar kan kanskje forklare dette. I dag er det berre spora og innrissa initialar frå besøkande i den mjuke brune steinen som er att. Dette er ei spanande lita historie i seg sjølv, for kven er eigentleg alle desse som har sett namn eller forbokstavane sine ved Kleberhammaren. Det får i so fall verte omhandla i ein ny tekst ved et seinare høve.

Kjelder:

Fett, Per: «Førhistoriske minne på Sunnmøre. 13 : Borgund prestegjeld» Historisk museum, Universitetet i Bergen 1950

Stensager, P: Intervju med Kristen Magerholm, notat ca. 1922

Pantebøkene for Sunnmøre: www.digitalarkivet.no

Sunde, Bernt m. fl.: «Borgund og Giske I» Borgund og Giske Bygdeboknemnd, Boktrykk Bergen 1957

Øverlid Ragnar: «Borgund og Giske II, Gardsoge, Gardsnr. 1-51» Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961