BNR. 11 SJURSGARDEN

Hovudhuset med kårdel i Sjursgarden. Ei stor takk til Leikny og Per Engesmo!
Hovudhuset med kårdel i Sjursgarden. Ei stor takk til Leikny og Per Engesmo!
Eit spesiellt bilete frå Sjursgarden. Det vart teke hos fotograf og syner Knut Lauritz og Lovise. Ho var tydeleg sjuk på dette biletet og det kan verke som om begge to visste at ho ikkje hadde så lenge att å leve. Kan det vere frå våren 2015 tru? Knut var utrøysteleg i lang tid etterpå. Knut satt att med døtrene og yngstedottera, Agnes, var berre 8 år på den tida. I 1917 døydde også Knut av bronkitt og etterlet borna sine foreldrelause. Biletet tilhøyrer bornebornet Leikny Flø
Eit spesiellt bilete frå Sjursgarden. Det vart teke hos fotograf og syner Knut Lauritz og Lovise. Ho var tydeleg sjuk på dette biletet og det kan verke som om begge to visste at ho ikkje hadde så lenge att å leve. Kan det vere frå våren 2015 tru? Knut var utrøysteleg i lang tid etterpå. Knut satt att med døtrene og yngstedottera, Agnes, var berre 8 år på den tida. I 1917 døydde også Knut av bronkitt og etterlet borna sine foreldrelause. Biletet tilhøyrer bornebornet Leikny Flø
Kaffislaberas i Sjursgarden. Året og namna er enno ukjent. Ei stor takk til Leikny og Par Engesmo som har klart å finne tak i dette biletet.
Kaffislaberas i Sjursgarden. Året og namna er enno ukjent. Ei stor takk til Leikny og Par Engesmo som har klart å finne tak i dette biletet.
Biletet er kanskje teke i aust for huset i Sjursgarden med Steffåløa i bakgrunnen. Orginalen har årstalet 1920 og det kan stemme godt, for den vesle guten er Hans Østrem (f.1915). Dei vaksne er f.v.: (Andreas) Ole Johan (Sjurs-Ole) Emblem (1834-1922), Bornebornet Karen Larsd. Østrem (g. Myklebust), sonen Lars Karl Joakim (Austrems-Lars) Østrem, bornebornet Magda Knutsd. Emblem (g. Sunde), moglegeins dottera Johanne Elisa Olsd. (g. Skjong) og mannen Laurits? og bornebornet Anna Knutsd. Emblem
Biletet er kanskje teke i aust for huset i Sjursgarden med Steffåløa i bakgrunnen. Orginalen har årstalet 1920 og det kan stemme godt, for den vesle guten er Hans Østrem (f.1915). Dei vaksne er f.v.: (Andreas) Ole Johan (Sjurs-Ole) Emblem (1834-1922), Bornebornet Karen Larsd. Østrem (g. Myklebust), sonen Lars Karl Joakim (Austrems-Lars) Østrem, bornebornet Magda Knutsd. Emblem (g. Sunde), moglegeins dottera Johanne Elisa Olsd. (g. Skjong) og mannen Laurits? og bornebornet Anna Knutsd. Emblem
Slektsamling i sjursgarden omkring 1920
Slektsamling i sjursgarden omkring 1920
Utsnitt av lokket på ølkruset til Sjurs-Ole. Namnet og årstalet 1859 er gravert inn. Midt på lokket er det støypt inn ein forgyldt dansk-norsk mynt frå Kong Fredrik III si regjeringstid (1640-1670) Truleg vart mynten prega kring 1650. Slik pynt var populær ein periode. Dei eg har sett har enten vore heile sølvkrus med 1600-tals mynt på lokket, som denne, eller porselenskrus med sølvlokk omtrent som dette. sølvarbeidet kunne variere mykje i kvalitet. Dette kruset har ingraveringar av enklare, og til dels litt meir amatørmessig stil.
Utsnitt av lokket på ølkruset til Sjurs-Ole. Namnet og årstalet 1859 er gravert inn. Midt på lokket er det støypt inn ein forgyldt dansk-norsk mynt frå Kong Fredrik III si regjeringstid (1640-1670) Truleg vart mynten prega kring 1650. Slik pynt var populær ein periode. Dei eg har sett har enten vore heile sølvkrus med 1600-tals mynt på lokket, som denne, eller porselenskrus med sølvlokk omtrent som dette. sølvarbeidet kunne variere mykje i kvalitet. Dette kruset har ingraveringar av enklare, og til dels litt meir amatørmessig stil.
Slåttonn i Sjursgarden. Løa stend enno, og huset kan skimtast bak løa mot høgre. Orginalen tilhøyrer Leikny Engesmo
Slåttonn i Sjursgarden. Løa stend enno, og huset kan skimtast bak løa mot høgre. Orginalen tilhøyrer Leikny Engesmo
Eit lite stopp før høyet skulle køyrast opp på låven. Er det ein hønsegård me kan sjå.  Skillingen i bakgrunnen. Orginalen tilhøyrer Leikny Engesmo
Eit lite stopp før høyet skulle køyrast opp på låven. Er det ein hønsegård me kan sjå. Skillingen i bakgrunnen. Orginalen tilhøyrer Leikny Engesmo
Sevrin Røssevold og Olaf Emblem frå Sjursgarden ca.1918 Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkivnummeret er: FAKf-100187.14270
Sevrin Røssevold og Olaf Emblem frå Sjursgarden ca.1918 Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkivnummeret er: FAKf-100187.14270
Anna Knutsdotter Emblem hjå fotograf Enok O. Simonnæs i 1918. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet og har arkivnummer: AM-95005.02249
Anna Knutsdotter Emblem hjå fotograf Enok O. Simonnæs i 1918. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet og har arkivnummer: AM-95005.02249
Familiesamling i Sjursgarden. Biletet tilhøyrer Karin Eriksen
Familiesamling i Sjursgarden. Biletet tilhøyrer Karin Eriksen
Til høgre står Hans Østrem (1915-1966) frå Larsgarden på Østrem. Han er med foreldra på slektsbesøk i Sjursgarden Biletet tilhøyrer Karin Eriksen.
Til høgre står Hans Østrem (1915-1966) frå Larsgarden på Østrem. Han er med foreldra på slektsbesøk i Sjursgarden Biletet tilhøyrer Karin Eriksen.
Olaf Emblem hos fotograf Enok O. Simmonær i 1917. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkivnummeret er: AM-95005.04416
Olaf Emblem hos fotograf Enok O. Simmonær i 1917. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Arkivnummeret er: AM-95005.04416
Kan det vere frå hovudhuset i Sjursgarden? Orginalen tilhøyrer Leikny Engesmo
Kan det vere frå hovudhuset i Sjursgarden? Orginalen tilhøyrer Leikny Engesmo
Bilete frå tunet i Sjursgarden. Orginslen tilhøyrer Leikny Engesmo
Bilete frå tunet i Sjursgarden. Orginslen tilhøyrer Leikny Engesmo

Dette bruket er eit av dei opphavelege 6 gardane på Matrikkelgarden Emblem. Emblem er truleg den første garden som vart rydda i bygda og «heim»-namnet i seg sjølv vitnar om høg alder. Oppdelinga i seks partar kom ein gong seint på 1500-talet, og det er soleis mogeleg å finna spor etter brukarar i Sjursgarden i 1603. Bruket var truleg del av den parten som har vore kyrkjegods.

I Aslak Bolt si jordebok frå 1440 kan ein finna at den katolske Erkebispestolen åtte delar av Emblem. På 1600-talet vart dette erkebispegodset lagt inn under kongen som krongods.

Om garden har hatt noko anna namn på folkemunne før «Sjursgarden» er det ikkje så lett å seie. Truleg har ein nytta noko anna enn gards og bruksnummer, og det er trass alt snakk om 6 ulike bruk med namnet Emlem frå slutten av 1500-talet . Problemet er at det i offentlege dokument er nytta bruksnummer og namnet på matrikkelgarden framfor slike meir folkelege kallenamn. Det interessante er at det kun finst ein brukar med namnet Sjur, så me veit i alle fall kvar namnet kjem frå.

Garden Emblem var lenge eit samla bruk. Frå denne garden trur ein at dei andre gardane i bygda stammar frå opphaveleg. Østrem var truleg ein av dei første frådelte gardane. Det som var igjen av den gamle storgarden på 1500-talet vart så delt i seks like store bruk med namnet Emblem. Den første brukaren, i det som vart Sjursgarden etter delinga, var Knut Jonsen som i alle fall dreiv bruket i tida 1603-17. Det er først og fremst mangel på skriftlege kjelder som gjer at ein ikkje kan seie med sikkerheit kor lenge han dreiv garden. Ein finn han fordi han betalte også landskyld til Kongen, og soleis var registrert av futen under krongodset.

Ein veit heller ikkje noko særleg om den neste brukaren som heitte Ingvald Eriksen. Truleg var han bygselsmann på bruket frå 1617 til ein gong omlag 1745, men det finst truleg ikkje nokon tinglysningar lenger som kan hjelpa oss med å fastslå kor lenge han dreiv garden. Det ein derimot kan finne om Ingvald, er at han skulle sette spor etter seg ved at slektsbanda etter han skulle vare i mange generasjonar framover. Han vart på mange måtar ein slags stamfar til dei som kom etter. Tek ein litt hensyn til at enkelte av brukarane i nokre slektsledd ikkje har direkte slektsband, ved at dei inngifte konene vert enker og omgifte før dei får born som kan overta, så kan dagens sjurs-ætt føre slektsbanda på garden attende til omlag 1617. Dette er imponerande med tanke på at det i mange år var eit bygsla, eller leigd gardsbruk.

Sonen Sjur Ingvaldsen Emlem (f. ca 1620) var den som Sjursgard-namnet stamma frå. Om det var i 1645 han tok over er det ikkje mogeleg å vite, men det er sikrare at han tok kår i 1690, og det er ikkje det einaste ein kan finna. I 1658 hadde han både hest, ukse, 6 kyr, 3 geiter og ein sau. Han dreiv garden saman med sonen sin ei tid før han gav seg i 1690.

Ingvald Sjursen Emlem (f. ca 1645) vart bygselsmann og drivar i 1690. Han vart temmeleg gamal, omlag 75 år, og han overlet drifta til sonen sin i 1705. Han hadde då drive garden i kun 15 år, men han var også temmeleg gamal då han overtok. Stemmer fødselsåret så var han 45 år når han fekk overta. Dette er ikkje så mykje å skryte av i våre dagar kanskje, men levealderen den gong var ikkje slik som no. Mange sleit hardt for levebrødet og døydde tidlegare, som ei direkte følge av livsførsla i kombinasjon med matstell og hygiene, eller kanskje ein heller kan seie mangel på den slags? Sjølv om gardane låg like ved matfatet, Storfjorden, og kornåkeren, så vart det meste av fisken tørka og grovsalta før den vart nytta til mat, i staden for å etast nykokt. Kjøt var det heller lite av i det daglege kosthaldet, og maten skulle vare. Resultatet av sjølvberging var tidvis svelteforing av både folk og dyr.

Jon Ingvaldsen Emlem (ca. 1687-1729) levde ei ei tid der det er lettare å finne skriftlege kjelder.  Han dreiv Sjursgarden frå 1705-1729. Jon vart ikkje like gamal som faren. I følge Kirkeboka for Borgund så var han berre 42 når han døydde. Enka Anne Størkesdotter Blindheim (1686-1746) var truleg ei driftig dame, for ho dreiv Sjursgarden åleine heilt til 1731 før ho i ein alder på 45 gifta seg opp att med «ung karl Axel Axelsön Emlem.» som var 15 år yngre. Eigentleg kom Aksel frå Nedregotten og var son av Aksel Larsen (ca. 1660-1733) og Johanne Olsdotter Solavågseide. Foreldra dreiv den delen av Nedregotten som like etterpå vart delt i bruka Steffagarden og Sirigarden. Brødrene til Aksel i Sjursgarden, Ole og Sjur fekk soleis kvar sin gardpart frå farsgarden.

Aksel og Anne sat rimeleg godt i det og skiftepapira syner det same. I 1746 hadde dei soleis 128 riksdalar i verdiar og berre 56 riksdalar i gjeld. Dei hadde både hest og 7-8 kyr samt kvenn og naust. Aksel gifte seg om att i 1747 med Malene Gregoriusdotter Røssevoll (1710-1797), dotter av Gregorius Andersen (ca 1669-1749) og Brit Olsdotter, som vart utrulege 97 år gamal før ho døydde som legdslem i 1767. Malene sine foreldre var truleg ikkje fødde i bygda. Broren Lars tok over Hansgarden på Røssevollen etter faren deira det same året som Malene gifte seg på nabogarden Sjursgarden nedanfor Røssevollbakkane. Rekka med oppatt gifte tok ingen ende med Aksel, for Malene vart nøydd til å gjere det same. På denne tida var det nær sagt umogeleg å greie seg om ein ikkje var minst to vaksne i tillegg til kårfolket. Nye giftemål var med andre ord heilt nødvendig, og den nye ektefella behøvde å vere yngre og helst enno meir arbeidsfør. Difor kunne aldersskilnaden vere stor. Aksel var 9 år eldre enn Malene og Malene var 15 år eldre enn sin andre ektemann, Ole Ingebrigtsen Emlem(1725-1785). Ho gjekk heller ikkje så langt av garde for å finne seg ektemake for Ole kom frå Auregarden, på andre sida av Steingarden bak sjursgardshusa. Ole er nemnd som brukar i 1755, året etter Aksel døydde, og fram til 1779. Han overlet bruket i ein alder av 54 år. Og døydde den 13. mars 1785 i en alder av 59 1/2 år uten at dødsårsaka vart registrert. Det var heller ikkje vanleg praksis å skrive slikt i Minsterialboka på denne tida. Presten skriv derimot i sjeleregisteret i 1769 at Malene og Ole lever skikkeleg og kjærleg, men at dei har få bøker.

Den neste brukaren var Nils Olsen Akslen (ca. 1750-1781), som var svigersonen til Malene og gift med stedottera til Ole, Anne Akselsdotter Emlem (1749-1812). Dei fekk ikkje mange åra saman, for Nils døydde allereie i 1781 etter berre tre år som gardbrukar i Sjursgarden. Anne gifte seg ein gong til. Den 16. juli 1782 var det Peder Olsen Rødsethatlen (1749-87), men dette giftermålet varte ikkje særleg lengre, for Peder døydde den 2. desember 5 år ette, berre 36 år gamal. Peder dreiv for det meste med fiske og hadde truleg ikkje den same interessa for gardsdrifta, men dei hadde eit par kyr og 4 geiter i alle fall. Eg finn ikkje dødsårsaka, men det er ikkje heilt usannsynleg at han kan ha drukna i forbindelse med fiske, sjølv om dette førebels er kun spekulasjonar.

Anne gifte seg ein tredje gong med Kolbein Larsen (ca. 1750-1824) den 25. november 1789. Borgundboka fortel at han heitte Gamlem og at han var fødd Lyshol opphaveleg. Problemet er at han i Minesterialboka for Borgund vart skriven med Emblem som etternamn. Det er dermed ei mogelegheit at han eigentleg kom frå Negarden og var son av Lars Olsen frå Vatne.(1725-1765). Lars kom til Emblem først i 1753 og difor kan Kolbein ha vore døypt Gamlem. Det var vanleg å skifte namn når ein flytte til ein ny gard. Problemet er at ein ikkje veit kva år Kolbein vart fødd og heller ikkje om det var Vatne, Gamlem eller Lyshol ein skal leite etter. Han døydde i 1824 i følge bygdeboka, men det finst ingen scanna kyrkjebok for dette årstalet som kan nyttast til å sjekke påstanden.

Den neste brukaren i Sjursgarden er Nils Nilsen Emlem (f. 1781). han var sonen til Anne Akselsdotter og hennar første ektemann, Nils Olsen Akslen. Nils d.y. Dreiv bruket frå 1798 til 1825 og hadde funne seg ei kone frå den same bygda. Inger Larsdotter Nedregota (1771-1850) frå Nedregotten. Ho vart døpt 19.12.1771 og var dottera til Lars Knudsen Nedregotten (1745-1785) i Guttormgarden. og niesa til Peder Knutsen Nedregotten (1739-1794) på Skaret. Faren og onkelen hadde fått frådelt kvar sin halvpart av farsbruket, som i si tid var et av kun to gardsbruk på Nedregotten. Mor til Inger kom frå Ebbegarden og heitte Anne Ebbesdotter Emlem (f. 1745)

Ein veit litt om Sjursgarden frå Nils og Inger si tid. I 1801 var Nils inne i sitt tredje år som husbonde på garden, sjølv om han berre var 21 år. Inger var 8 år eldre og begge var førstegongsgifte. Dei Hadde på denne tida eit born, Ole Nilsen, på 1 år og dessutan ei tjenestejente.

Det er Laurentze Larsdotter frå Guttormgarden som er oppgjeven som «Tiener». Ho var på denne tida 22 år og eitt år eldre enn Nils. Stefaren, Kolbein, og mora, Anne, budde fortsatt på bruket som «Inderster og vilkaarsfolk» på tredje året, sjølv om dei no kun var 48 år. I 1807 var det hest, 5 kyr, 5 ungfe, 5 sauer og 8 geiter på bruket. Dette var minst like bra som storbruka Negarden, Ystebøen, men Ystebø-Klaus var likevel i ei klasse for seg sjølv med eigne pengegåver til skuledrifta i Borgund og heile 2 hestar på sitt eige bruk. Slikt gav staus. Nils og Inger tok kår den 1.11. 1825 hos sonen Ole Nilsen Emblem (1800-1831).

Ole hadde sjølv nyleg fått bygsel hos kjøpmann Knud Danholm den 14. oktober same året. Sjursgarden hadde skifta eigar i løpet av den tida då faren Nils dreiv garden. I 1790 hadde handelsmannen J. A. Heide fått eigedomsretten til alle bruka under matrikkelgarden Emblem. Då han døydde vart alle bruka seld på auksjon, og det var ikkje så rett få bruk han åtte, berre i vår eiga bygd. Sonen og svigersonen,kjøpmann Knud Danholm, kjøpte kvar sin del av Emblem, og Knut fekk soleis eigedomsretten til Sjursgarden i 1809. Ole gifta seg med Andrine Christiane Arnesdotter Nedregotten (1799-1862), året etter at han hadde tatt over Sjursgarden. Eg kan ikkje finne at dei fekk nokon born eller at dei miste nokon born dei 5 åra Ole levde. Han døde 1.7.1831 og vart gravlagd den 11.7. 1831 utan at det vert skrive dødsårsaka i verken Ministerialboka eller Klokkarboka. Det einaste eg kan finne er at Andrine var framsynt og kjøpte Sjursgarden. Garden var det året til salgs, som del av skiftet etter avdøde Knud Danholm. Andrine vart dessutan den første sjølveigaren på garden den 9. januar 1832. Skøytet vart tinglyst den 2. september det same året.

Det var altså ho som vart eigaren av garden for ein sum på 200 Speciedalar. Det interssante i den forbindelsen er at ho i 1832 kjøper Indre Åkernes for 300 Speciedaler av Svigerfaren. Bruket var truleg fødestaden til faren til Andrine. Av skjøytet går det fram at salget har forbindelse med arv etter Andrine sin avdøde mann, Ole, og salget er ført til pennen av K.C. Krogh. Det er vanskeleg no i ettertid å få heilt klarheit i alle omstende, men eg trur at dødsfallet til Ole kom uventa. Andrine har truleg fått med seg farsarva inn i eit felles bu med Ole, eller så har dei kjøpt Indre Åkernes saman. I dei dagar var det husbonden som hadde dei fleste juridiske rettar i slike saker. Andrine var likevel alt anna enn ei passiv hustru i økonomiske saker. Seinare finn me ho også på «oppkjøpsturne» med sin neste mann, og sonen fortalde kring 1920 at ho i sin ungdom tjente hos Skrivaren Krogh. Stemmer denne opplysninga så kan ho sjølvsagt ha fått kunnskapar om pengesaker. Ei anna opplysning om at Krogh budde i Sjursgarden under utskiftinga av emblemsgardane er også særs interessant i denne anleiinga. Utskiftinga tok omlag 4 år frå 1830-34 og har Andrine og Krogh hatt såpass god kontakt så har ho nok også fått gode økonomiske råd på vegen. Det er i denne perioden at ho tinglyser eigne kjøp av minst to gardar, der Sjursgarden er den eine. Spørsmålet det er verdt å stille seg er kvar ho fekk alle pengane frå. Eg har ikkje klart å spore nokon lån og Ole var tross alt bygselsmann, så han kan ikkje ha hatt så mykje pengar mellom hendene. Kanskje Krogh er svaret her også? Det verkar i alle fall som om Åkerneset var ei form for investering. Det er mogeleg at foreldra på Skaret kunne hjelpe litt, men kvar 500 spesiedalar kom frå og vart brukt på berre eit halvt år, ja det er det ikkje sikkert at ein klarar å finne fullgodt svar på.

Eit anna trekk ved Andrine, kan ein finne i kyrkjepapira. Ho gifte seg ikkje opp att før den 30. juni 1833. Det betyr at ho var enke i nesten to år, der ho dreiv Sjursgarden og fullførte framsynte økonomiske investeringar attåt. Eg har ikkje funne at ho fekk nokon born med sin første ektemake, men ho hadde trass alt kårfolk å syte for. Nils og Inger klarte nok å hjelpa til en del med gardsdrifta, men på den tida måtte ein for det meste vere to vaksne i sine beste år for å klare å drive eit garsdbruk. Eg trur ikkje at dette skuldast at Andrine ikkje var attraktiv gifteemne. Rett nok var ho enke, men ho hadde berre så vidt passert 30 og ho var sjølveigar attåt. Eg vil tru at folk merka seg denne gardenka på Emblem. Ei forklaring kan og vere at ho ikkje godtok kva som helst av den som måtte vera på friarføter. I alle fall så fekk ho seg eit godt giftaremne i Lassegarden på Sula. Knut Olsen Kyrkjebø (1795-1840) var ein rik mann. Kor mykje han fekk med seg seg som medgift er uklart, men det var i so fall ikkje første gongen nokon frå Lassegarden fekk med seg eit skrin med sølv på sin veg ut i verda. Saman med Andrine så investerte dei stort i gardar som var til sal i distriktet. Breivik, Vedde, Eikrem og Nordre Åkernes var nokre av gardane som dei kjøpte. Sjølve kruna på eigedomsida var då dei kjøpte Giske Kapell for 100 speciedaler i juni 1834. Kyrkja vart så delt med broren til Knut, Johannes Olson Kyrkjebø som dreiv garden Teigene på Hareid.

Eg har førebels ikkje heile oversikta over kor mange gardar som Andrine og Knut åtte, men skiftepapira etter Knut er omfattande og desverre særs vanskeleg å lese. Ved gjennomgang av buet vart det eit overskot på 1400 speciedalar. Det vart også halde takst på bruket og ein kan der merke seg at det var snakk om to stover under eit tak. Det er mogeleg at dette er den same som stod heilt til den fall samman kring 1950, og er avbilda på denne sida. Elles var det både naust, sommarfjøs, stabbur og løe med fjøs, som alle var i særs god forfatning. Gardshusa åleine var takserte til 86 speciedalar, og det seier også noko om kor mykje dei overskytande 1314 speciedalane var verdt på den tida. Sjølv om det framleis var sjølbergingsdrifta som rådde på gardane i vår bygd, så var buskapen i Sjursgarden meir lik den drifta ein hadde med kun kjøtproduksjon over hundre år seinare. Knut og Andrine hadde 10 kyr, 15 småfe attåt hesten. Potet hadde dei enno ikkje tatt til med, og satsa på havre for det meste. Årsresultatet var på 6 tønner bygg og 22 tønner med havre.

I ein alder av 41 år vart altså Andrine enke for andre gong i 1840. No hadde ho også to born å ta vare på. Andreas Ole Johan var 6 år, Lars Karolus var 3 år. Lars døydde kun 9 år gamal den 11. mai i 1846. Ministrialboka fotel ingen ting om årsaka. Denne gongen gjekk det ikkje så lenge før Andrine var gift for tredje gongen. I arveskiftet etter Knut var det Andrine som fekk det meste. Gutane var ikkje så store på denne tida, men eg meiner å tyde at Ole og Lars fekk ein litan skjerv dei óg. Skiftepapira etter Lars den 22. september i 1846 dokumenterer dette. I dette skiftebrevet er Ole, Andrine og stebroren Knut Larssøn dei tre arvingane. Totalt var det snakk om 335 Speciedaler  som omfatta ein gardpart verd 250 Speciedalar og ein part i Giske Kapell verdt 50 Speciedalar. Truleg fekk brødrene Lars og Ole Knutsen like mykje i arv etter faren.

Lars Kristiansen Viddal (1813-1876) var 14 år yngre enn Andrine, men han delte hennar interesse for kjøp og sal. Dei gifta seg 4. juli 1841, eit år etter Knut var død. Dette var det ein kan kalle «normalen» i dei tilfelle der den eine fall frå medan den andre framleis var i aktiv alder for gardsdrift. I Lars si tid som brukar i Sjursgarden frå 1841-1865 kjøpte han mellom anna Hatlebakken, eit plassebruk som var utskild frå Negarden og han har også lånt ut pengar mot obligasjonar. I 1862 drukna Andrine inne i Tafjorden. I følge Gardsoga for Borgund band II så skal ulukka ha skjedd då ho og 6 andre skulle ro i land frå Dampbåten. Den lette robåten vart teke av eit stormkast og kvelva rundt. Lars var med i den same båten, men vart redda. Kirkeboka støttar opp om påstanden om drukninga, men elles er det lite som ein kan lesa i andre kilder om denne ulukka.

Det finst derimot kjeldemateriale om eit forlis utanfor Syltefjellet i juli 1862. Foreldra til Gunhild Eliasdotter Muldal drukna i den ulukka. Gunhild var då berre 2 år og vaks opp i Tafjorden. Det er mogeleg at det er snakk om det same forliset. Det er i alle fall godt mogeleg at det er snakk om det samme stormkastet for datoane stemmer. Ei Anne Pernille Olsdotter Tafjord døydde ved Syltefjellet av drukning 15. juli 1862. Dette er den eksakt same dagen som Andrine drukna. I følge Kyrkjeboka så var Andrine den einaste frå Borgund sokn som drukna. Leitar ein nærare etter i kyrkjeboka for Norddal, så finn ein at den tidlegare nemnde Anne og fem andre drukna 15. juli 1862 ved Syltefjellet. Dette stemmer særs godt med Borgundboka, med unntak av staden. Tenkjer ein seg at bygdebokforfattaren har skrive feil, eller har rekna heile fjordstykket frå Syltefjellet og innover som del av Tafjord i meininga namnet på fjordarma, så stemmer det. At akkurat 7 skulle drukne den 15. juli både ved Syltefjellet og i Tafjorden er det vanskeleg å ha tiltru til.

Sonen til Andrine, Andreas Ole Knutsen (1834-1922) var 28 år når mora drukna. Han var nær ved å miste stefaren også. Han hugsa truleg at faren døydde då han var 6, og at han miste bror sin , Lars Carolus Knutson, når han var 12. Det var med andre ord mykje sorg han hadde fått erfare på få år. Knut hadde ein bror til. Det var Knut Sevrin som var sonen til stefaren, Lars. Knut Sevrin Larsson (1842-1916) heitte «Store-Knut» på folkemunne og fekk mellom anna to gardpartar på matrikkelgarden Eikrem, en gardpart på Hanken, del av garden Vedde og 1/4 av Giske Kapell i morsarv etter Andrine. Overtakinga vart tinglest 1. juni 1864. Store-Knut vart også gardbrukar på Eikrem i 1866, det same året som faren skøytte frå seg Sjursgarden til broren Andreas Ole Knutsen. Lars vart truleg prega av både tapet av kona si i tillegg til at han var nær ved å drukne sjølv. I 1865 overlet han Sjursgarden til stesonen. Dette var kanskje del av ektepakta mellom Lars og Andrine.

Andreas Ole, eller «Sjurs-Ole» som han seinare vart kalla, var den eldste sonen til Andrine og dermed også odelsgut i Sjursgarden. Det var no på tide at han fekk ta over bruket. Sjølv løyste Lars kårbrev og vart verande på garden som kårkall og enkemann. Men Lars var berre 52 år då han løyste kårbrevet. Året før, den 17, juli 1864 hadde han gifta seg om att med den unge enka Johanne Jensdotter Emblem (1824-1878) på 40 år. Ho var truleg dottera til Jens Olsen Emlem (1790-1825) i Ebbegarden som døydde året etter at Johanne vart fødd. Kårbrevet rakk berre så vidt å verte tinglyst 28. oktober 1865, før Lars og Johanne fekk nye planar. På det same tinget vart skiftepapira etter Andrine lest opp. Det var først ved dette høvet at arva etter Knut Olsen Emblem vart fordelt. No var borna til Andrine vaksne, men det vart litt annleis enn det som Knut kan ha sett føre seg, for sonen Lars vaks aldri opp. Ved dette skiftet fekk Sjurs-Ole Sjursgarden, ein fjerde part i bruka Eikrem, Vedde, Reitebø, Hanken, Kipperberg og Viddal. 1/8 del av Brevik, 1/5 del av Indre-Åkernes. Det er interessant å merke seg at Andrine hadde tenkt seg at Sjurs-Ole og stebroren, Store-Knut skulle ha del i fleire av dei samme gardpartane i staden for å få ein større del av kvar sine gardar.

Kvifor Lars Kristiansen valde å gjere det på den måten er eg ikkje sikker på. Kanskje fanst det eit testamente etter Andrine, som var tufta på den tidlegare ektemannen Knut Olsen sine idear? Knut hadde foreksempel ikkje kjøpt Giske Kapell saman med broren sin, for i dei tinglyste kjøps-dokumenta er det berre Knut og Andrine som står oppført. Det må ha vore ein tanke kring dette, og ein kan også sjå at foreksempel Nordre Åkerneset vart delt opp i fleire partar med kvar sine eigarar ei tid etter kjøpet. Det verkar som om Sjurs-Ole og Store-Knut har fortsett å dele på eigedomane ei god stund. Det store pengebeløpet etter Knut, på 1400 Speciedalar vart truleg også fordelt på Kirkebø-slekta til Knut. Andre delar vart nok nytta til vidare investeringar i gardar som vart kjøpte på tvangsauksjon i distriktet.

Kvifor Lars Kristian valde å flytte frå Sjursgarden og ta fatt som gardbrukar igjen, veit eg ikkje. Det er mogeleg at livet som kårfolk ikkje frista dei likevel. Det endte med at Lars og Johanne fekk bygsla den vesle naboplassen «Skørene» som grensa til Sjursgarden i vest. Sjølv om det aller meste av eigedommar no var overdrege til sonen og stesonen, så hadde dei hadde truleg god økonomi og pengar til å kjøpe den vesle husmannsplassen under Auregarden, men slik vart det ikkje. Enka i Auregarden, (Henninga) Thomassine Olsdotter Emblem (1815-1900) ville nok heller ha arbeidskraft og slik vart det. Bygselet var eit eingongsbeløp på 70 Speciedalar, årleg festeavgift på 1 1/2 Speciedalar og 8 dagars arbeid på Auregarden i dei viktigaste onnene. Lars kunne nok vald seg ein av dei fleste gardane bygda og hatt råd til å kjøpe den óg sjølv om det meste av pengane og eigedomane no var overlate til stesonen. Likevel valde dei å verte bygselsfolk i staden. Det er ikkje mogeleg å spore noko anna skifte etter Lars Kristian, så arva etter han var dermed delt ut på førehand i 1865, når han tok kår hos Sjurs-Ole. Det same året vart det halde folketelling i Borgund.

Dette året vart det registrert 8 personar på garden. Lars og kona Johanne var framleis kårfolk, medan Knut Larsen (Store-Knut) var ugift og registrert på garden sjølv om han på den tida «farer tilsøs». Ole og kona Anne budde sjølvsagt på bruket med dottera, som hadde fått namnet feilskreve til Andrine. Dei to siste var tjenestguten Johan A. Nilsen på 21 år frå Skodje Prestegjeld og Berte L. Pettersdotter på 20 år, frå Ørskog Prestegjeld. Kanskje hadde desse to ein form for forbindelse eller kjentskap med kona til Sjurs-Ole som også kom frå Skodje Prestegjeld.

Andreas Ole Knudsen Emlem, eller Sjurs-Ole, var altså ein velhalden mann og rekna som ein av dei rikaste i området. Arva etter faren og mora hadde vore god. Han fortsette dessutan å kjøpa fleire gardsbruk på auksjon. Ein av desse var Larsgarden på Østrem, som hadde tilhøyrt dødsbuet etter Postmeister Tonning i ålesund, og vart seld av sonen Niels Albert Vogt Tonning i 1855, etter at han hadde flytta frå byen for godt. Sjurs-Ole hadde difor nok å ta seg til attåt gardsdrifta. Han hadde gifta seg med Anne Petrine Pedersdotter Glomset (1840-1881) i Ørskog kyrkje den 24. juni 1860. Den 19. april 1862 hadde eldstedottera Andrea Marie Lovise Olsdotter (1862-1937) vorte fødd i Sjursgarden. Ved dåpen 29. mai var onkelen Store-Knut, Johan Larsen Glomset, ste-bestefaren Lars , Johanne Larsdatter (truleg Glomset) og farmora Andrine fadderar. Andrea skulle desverre ikkje få verte kjend med farmora si, for dette var det fatale ulukkesåret der ho drukna eit par månader etterpå. Andrea vart seinare gift med Ole Kristian Ellingsen Humlen. Det same året som Ole hadde fått tinglest skøyte på Sjursgarden, kom sonen Knut Laurits Olsen (1866-1917) til verda den første januar. Det var han som fekk odel på farsgarden, sidan det på den tida var den eldste sonen som fekk odelsrettar, om ikkje foreldra valde det annleis. Tredjemann i søskenflokken var Lars Karl Joakim Olsen Emblem (1870-1952), som seinare vart kjend som lekmannspredikanten «Austrems-Lars» i Larsgarden på Østrem. Den siste i søskenflokken var Johanne Elisa Olsdotter Emblem (1874-1904), gift Sjong på Valderøya.

Sjølv om Sjurs-Ole var av dei rikaste i distriktet, handla med eigedomar, dreiv ei form for bankvirksomheit der han lånte ut pengar mot pantobligasjonar, så var det likevel ein ting han truleg ikkje kunne, for fleire av dokumenta etter han er underskrive med «påhalden penn». Det kan tyde at han ikkje kunne å skrive. Det finst fleire interessante arvestykke etter han. Mellom anna ei ølkrus i sølv, med inskripsjonar og ein sølvmynt festa i loket. I følge sonen, Lars, skulle kruset ha vorte til då ein gjekk frå speciedalar til krone som mynteining. Då fekk han smelta om nokre av «sølvdalarane» sine til ølkrus. Om han hadde fleire slike kruser, eller andre omsmelta sølvgjenstandar, veit eg ikkje. Sjurs-Ole gav seg som gardbrukar i 1891, men forsette enno nokre tiår med kjøp og sal av eigedomar.

Det var eldstesonen Knut Laurits Olsen Embem (1866-1917) som fekk ta over. Den nest eldste sonen, Lars, fekk Larsgarden i gåve frå faren. Skøyte og kårbrevet vart underskrive 16. juli 1891 og tinglest 23. april 1892. Her kjem det fram at Knut ikkje fekk overta heile Sjursgarden. Rett nok fekk han både løa, stabburet og reiskapen, men halve huset og halve kjøkkenet tilhøyrde enno faren. Det verkar også som om Knut skulle drive faren sin halvdel også, uten at han åtte denne. Knut skulle betale faren 1600 kroner for skøytet Det kjem også fram i det samme dokumentet at Knut har odelsrett på resten av garden også, og kunne difor kjøpe den andre halvdelen for same beløp, etter at faren er død.

Dei neste åra sel Ole fleire av gardpartane sine.Det aller første salet vart tinglest på ekstratinget 7.1.1893. Her selde han parten sin i Giskekyrkja saman med broren Knut Larsen Eikrem og søskenbarnet Ole J. Teigene, på mora Thea Tygesdotter Røssevoll Teigene sine vegne. Salsummen var på 16.000 kroner. Kjøparane var grunneigerane på Giske. Den 18. juli 1904 tingles han også skøytet på 1/4 del av garden Eikrem Gardsnr. 69 bruksnr. 2 til Johan Knudsen Eikrem for 1000 kroner. Ved arveskiftet etter Sjurs-Ole finn eg berre halvparten av Sjursgarden, Raudeberget Gårdnr. 54 bruksnummer 10 og 1/4 del av garden Brevik attende. Det vart beslutta å selge parten i Brevik til Petter J. Brevik ved arveskiftet. Salet vart beslutta i skiftesamlinga til dødsbuet 14.5. 1923 og tinglyst 5.11.1923. Samstundes vart Raudeberget seld til Oline Raudeberg for 1500 kroner.

Knut Laurits Olsen Emblem (1866-1917) gifta seg med Lovise Rasmusdotter Blindheim (1862-1915) Saman fekk dei 7 born. Dei to eldste var Lovise Anna Knutsdotter Emblem. (1889-1894) og Olaf Knutsen Emblem (1891-1894) Begge døde som barn. Anna vart 5 år, medan Olaf berre vart 3 år gamal. Olaf døydde først, den 16. januar, medan Lovise døydde berre 9 dagar seinare. Begge vart ramma av Difteri som truleg vart overført mellom søskena ved dråpesmitte. Ein kan vanskeleg tenkje seg korleis det måtte vere å miste begge borna sine med berre nokre få dagars mellomrom. Dei andre borna klarte seg. Anna Olivie Mathea Knutsdotter (1894-1989), g. Sunde, vart dermed den eldste i borneflokken som vaks opp. Ho vart fødd i desember og slapp derfor unna difterisjukdommen. Den eldste guten var nummer to i ungeflokken og fekk same namn som sin avdøde bror. Olaf fekk i tillegg namna Ragnvald Peder og var odelsguten i Sjursgarden. Dei andre borna til Knut og Lovise var Magda Leonora Mathilde (1900-1985), g. Solevåg, Ragna (1902-1986), g. Søvik, og Agnes Caspara Petra (1907-2004) g. Flø.

Hverken Knut Laurits eller kona Lovise vart særleg gamle. Lovise døydde 4. juni i 1915 av hjertefeil. Yngstejenta, Agnes var då berre 8 år gamal. Knut døydde to år seinare, den 20. april i 1917 av bronkitt. Det var mykje på ein gong for sjursfolket. Då arveskiftet vart avslutta 4. desember 1917 vart det beslutta at Agnes skulle få bu på garden til ho vart 15 år. Eldstesonen Olaf Knudsen Emlem hadde odel på den halvdelen av Sjursgarden som faren hadde hatt. Søstrene fekk sin del i arv frå verdiane av lausgodset etter foreldra. Anna, var 23 år i 1917, og måtte ta på seg morsrolla for søstrene sine. Olaf var berre 19 år og fekk ei tung bør som husfader og gardbrukar. Han fekk ansvar for kårfolket og søstrene sine attpå. Riktig nok fekk dei tre yngste jentene oppnemnd kvar si verge. Onkelen Lars Olsen Austrem tok verge-ansvaret for Agnes. Ved tinglysinga 12. desember 1917. Kanskje var det ansvaret som bidrog til at den unge gardbrukaren Olaf Ragnvald Peder Knutsen Emblem (f.1898) etterkvart fekk utferdstrong. Bestefaren, Sjurs-Ole, døydde i 1922 og allereie før skiftet var avslutta, så reiste han til USA. I fleire år hadde mange av ungdommane på nabobruka tatt turen over for å jobbe der eit kortare tidsrom, medan andre hadde reist på sjøen. Olaf må ha vorte påverka av historiene, som mellom anna naboane i Steffågarden og Negarden kunne fortelle. Dei hadde vore over dammen fleire gongar allereie. I 1923 var Agnes 15 år og forpliktelsane vart mindre. Kanskje følte han på seg at det var no eller aldri? Harry Akslen budde på Myrane frå 1923 og i Auregarden frå 1927. Han minnest at det vart diskutert i nabolaget når Olaf kom heim att. Fleire gongar minnest Harry at sjursgardsjentene snakka frampå om at Olaf nok kom heim snart og truleg kom han heimatt til sommaren, men slik vart det ikkje.

Ved skiftesamlinga 14. mai 1923 vart det beslutta at Sjurs-Ole sin halvdel av garden skulle selgast, men at borna til Knut Laurits Olsen Emblem skulle ha utløysingsrett. Det var likevel ikkje slik at Olaf fekk nokon førsterett. Derimot skulle søstrene gå framom han og den eldste systera først. Det vart også avklart at delar av bruket kunne selgast ut i bitar. Den 8. oktober 1923 vart arveskiftet avslutta og tinglest 5. november same året. Anne vart buande i Sjursgarden i kårdelen av huset. Dei gjenlevande borna etter Sjurs-Ole skøytte frå seg sine partar av garden til borna til Knut Laurits. Olaf gifte seg med Wernie Judge den 4. november 1935 i San Pedro California, men fortsatte å eige halvparten av bruket. Harry Akslen kan hugse at Anna vart buande i sjursgardshuset til 1940. Han var også med besteforeldra på juledrikke i Sjursgarden hos Anna, den tida han budde i Auregarden.

Eg er enno ikkje heilt sikker på resten av historia, men det var truleg slik at Anna flytta til Solevåg etter at ho gifta seg med Karl K. Sunde 21. desember 1940. Ho fekk skøyte på ein halvdel av gardshusa og parsellane «Myrvang» og «Tunheim» den 3. oktober 1933, men etter 1940 vart gardsdrifta truleg leigd ut til andre. Harry meiner å hugse at det var nokon som leigde huset og at dei dreiv med eit slag telefonarbeid. Leon Emblem fortalde dessutan at Anna hadde dreng og gardshjelp i sjursgarden før ho flytta. Ein av dei som budde lengst hjå Anna var nevøen Kåre Arnold Søvik, sonen til Ragna. Han meinte at det truleg var slik at Kåre fekk ein del av gardsbruket, inkludert husa, som takk for denne hjelpa. Det var den vestre tredjeparten. Agnes fekk sin part av bruket frådelt då ho gifte seg med Ingvald Olai Ivarsen Flø frå Syvde den 13.oktober 1934. Han var notbas og den frådelte parsellen fekk namnet «Lunheim». Sjursgarden vart med andre ord delt opp og fordelt på søstrene til Olaf.

Like etter krigen skal der ha budd ein forpaktar, med etternamnet Eidem, på garden som tok seg av enten Anna eller Olaf sin del. Sjursgardhuset datt saman tidleg på 1950-talet og har sidan vore utleigd som anten slåttemark eller beite. Ingvald og Agnes Flø slo i si tid delar av markene, medan andre stykke vaks igjen med krattskog. I dag ligg gardstunet nesten heilt gøymd i skogen. Stabburet og løa stend enno, men dei har fått hol i tak og veggar. Av hovudhuset er det stort sett berre grunnmuren, sikringsboksa og restar av støypejernsovnane att. Det er dermed viktig å få samla historia og bileta av det som ein gong var, før resten av garden også er borte. Har du ytterlegare opplysningar å bidra med, så vil eg sette pris på at du tek kontakt med meg på adressa: sveostrem@hotmail.com eller telefon: 95801801.