HISTORIA OM EMBLEMSKAIA

Kaihuset på Emblemskaia i 2007. Foto: Svein Ove Østrem
Kaihuset på Emblemskaia i 2007. Foto: Svein Ove Østrem
Restane av dampskipskaia i "Jagtevika".
Restane av dampskipskaia i "Jagtevika".
Kvittering for verdisending med posten
Kvittering for verdisending med posten
Udskrift av "allemannsretten for tomta i Jagtevika og sjøveg
Udskrift av "allemannsretten for tomta i Jagtevika og sjøveg
Svar frå Skipper Skudvig i Søndmør Dampskibselskab
Svar frå Skipper Skudvig i Søndmør Dampskibselskab

Den 12. januar 1905 vart det halde eit «forudgaaende berammelse møde» hos Fredrik Emblem i Negarden. Målet med møtet var å få bygd ei dampskipskai «fraa Aanesset i Emblemsvog». Det vart skrive i møteprotokollen at dette ikkje var det første møtet om den saka. Det var allereie teikna 67 aksjer i «Aktieselskabet Emblemvogs Kai», med ein pris på 25 kroner kvar. Selskapet hadde dermed lovnad om ein aksjekapital på 1675 kroner, før møtet vart halde.

Den anonyme referenten fortel at Sevrin Rasmussen Emblemsvåg (1856-1952), opphaveleg frå Kvalen i Sande, var tilstades på møtet. Sevrin åtte Antonesgarden og fekk spørsmål om han ville donere grunn til veg og kaiplass. Utskiftingskartet i Borgundboka frå 1907 syner at Sevrin eigde fleire jordbøter på vestsida av sjøvegen og den vestlegaste nausttomta. Lars Knutsen Emblemsvåg frå Knutgarden var også like mykje berørt, men han hadde truleg gjeve sitt samtykke allereie, og skulle visa seg å verte ein særs aktiv aksjonær, med fleire års gjerning i styret. Det meste som er skrive om kailaget, det fyrste året, gjev inntrykk av at ein ser for seg at samtlege grunneigarar ville «godhedsfuld afgive» grunn til aksjeselskapet. Sevrin er ikkje viljug til å gi frå seg si dyrkamark og det verkar som om dette overraska møtedeltakarane. Referenten går att på til så langt som å skrive at Sevrin gjer dette «uden grund» . Det vart dermed bestemt at ein skulle foreta eit «lensmann sjøn baade med hensyn til vei og grund til kaien». Protokollen syner at veistykket det er snakk om, er fra enden på den allereie eksisterande sjøveg, vestover bak nausta og videre ut til kaia. Dette er truleg identisk med vegen til staden der dampskipskaia ligg den dag i dag.

Lars O. Emblem, Peter K. Emblem og Lars K. Emblemsvåg vart valde til «bestyrelse», medan Hans P. Larsen Røssevoll vart vald som «sufrliant». Bestyrelsen vart pålagde å fortsette arbeidet med å få på plass veg og kai snarast råd. Møtereferatet vart godkjend og underskrive av følgande frammøtte: Fredrik Emblem, Andreas M. Emblem, Nils J. Emblem, Jakob L. Emblemsvåg, Elias K. Emblem, Lars K. Emblemsvåg, Ole Johansen Emblem, Knut B. O. Emblem, Peter K. Emblem, L. O. Emblem Hans P. Larsen Røssevoll og Lars Røssevoll.

Dette er med andre ord ikkje den fyrste gongen kai-saka hadde vore diskutert. Andre bygdelag hadde fått seg kai fleire år tidlegare og dette var ein langt tryggare måte å losse varene på, enn å leggje til ved sidan av dampskipa ute på fjorden i all slags vér. Ludvik Ingebrigtsen på Ludvikplassen i Emblemsvågen var ein av ekspeditørane som hadde hatt dette farefulle arbeidet. Han var registrert som ekspeditør for «Søndmørskibene ved Emblemsvog» i 1900-tellinga, medan Lars Olsen Emblem på Elvarum var omskrive som landhandler og poståpner i den samme forlketellinga. Lars var ein pådrivar for å få dampskipa inn til land og forenkle lossinga. Som poståpner måtte han borde dampskipa ute på fjorden, og som handelsmann mottok han varer i store kvanta. Store sirupstønner på 2-300kg var vanskelege å losse opp i små robåt på den lunefulle fjorden. Kring Flisneset hadde fleire liv gått tapt opp gjennom tidene og jamvel postbåten skal ha koll-segla der. Den 8. august 1887 hadde mellom anna Peder, broren til Kristen Magerholm drukna då han saman med Kristen, gullsmed Stamnes frå Ålesund og to andre skulle forsøke å ro ut til Dampskipet D/S Robert. For bøndene i bygda ville det vera ein fordel med kai når levande dyr skulle fraktast med dampbåt og det var også mogeleg å ta seg betalt via kaiavgifter, slik at ein kunne betale ned på byggekostnadane etter kvart.

Årsaka til at det tok såpass lang tid å få eiga dampskipskai i bygda, er det vanskeleg å finne svar på, men ein kan lesa at ei rekkje bygdelag hadde forbode dampskipa å leggje til kaia då dei byrja å transportera folk og varer på fjorden. Ein frykta at gneistar frå skorsteienen skulle antenna kaia eller husa ikring, så fleire stadar fekk båtane forbud mot å leggja til land. Det skulle syne seg at denne frykta var overdriven og eg veit ikkje om emblemsbygdarane hadde vore redde for noko slikt i det heile. På slutten av 1800-talet byrja gardsdrifta å «skifte ham», ved at gardane gjekk meir og meir bort frå å dyrka alt dei trengde på eigen gard, til å levere stadig fleire hushaldsvarer til byane mot betaling. Ålesund var ein by i vekst og låg i nærleiken. Dette kan ha medverka til at ein på Emblem såg nytteverdien av ei slik kai. Med pengehushaldning ville det og verta auka behov for å kjøpe det ein ikkje dyrka sjølve. R. P. Mork, i Ålesund, var nok allereie i gong med å knyte alliansar og leveranseavtalar med mjølkebøndene kring byen. Emblem var ikkje noko unntak. Frå 1906 skulle meieriet i bygda leggjast ned og fersk mjølk skulle sendast med båt til byen. Iver Karlsson Furset på Eikenosa dreiv dessutan stort med kjøp og sal av livdyr og slakt. Han hadde torgrett i Ålesund som ein av dei fyrste,og dei fleste i bygda såg nok kva veg det bar. Truleg er dette nokon av årsakene til at det hasta å få seg eiga kai.

I Sykkylven hadde ein beslutta å byggje kai i Haubukta allereie i 1894, men her var det kommunestyret som både fatta vedtak og stod for omkostningane. S. C. Grebstad tok på seg oppdraget for 3000,- og forplikta seg samstundes til at kaia skulle stå ferdig før St. Hans 1895.

Situasjonen var altså heilt annleis på den andre sida av fjorden, og der hadde kaia vore i bruk i 10 år allereie. På Emblem måtte bygdefolket sjølve ta seg av både initiativ, bygging og finansiering og det tok nok si tid å overbevisa sambygdingane om å påta seg slike store kostnader. For den vanlege emblemsbygdaren så var nok ikkje behovet for båtfrakt av varer særleg stor, og pliktarbeid på bygdevegen var det heller ikkje nokon interesse for. Så vidt eg kan sjå, så må mellom anna behovet for enklare frakt av mjølka vera noko som dei fleste kunne sjå nytten av.

Det gjekk berre 5 dagar frå det første kailagsmøtet til ein på ny var samla for å velja kjøpmann Lars Olsen Emblem til formann. Dei hadde ikkje gitt heilt opp håpet med å få Sevrin til å gi frå seg grunnen gratis. Formannen fekk no tillatelse til å foreta «en reise til Amtmanden i Sagens anledning paa egen bekostning,» om det ikkje lykkes å komme til einighet med Sevrin. Eg er ikkje heilt sikker på om dette vart nytta som ein slags trussel eller bekreftelse på at her skulle det verta kai uansett, men det kan ha verka slik for Sevrin i alle fall.

Arbeidet med å få i stand kai forsette med full styrke. Lærar Knut Furseth skreiv brev til Søndmøre Dampskibselskab den 28. januar. Han kunne fortelle følgande: «Spørgsmaalet om Kai paa anførte Sted, samt anlæg af farbar og til enhver Tid fremkommelig Vei til vanne, har i flere Aar været omtalt Mand og Mand imellem og vundet almindelig Interesse og og Tilslutning af tilstødende Opsiddere i Bygden, og det er min personlige Formening, at saavel Kaien som ikke mindre Vei til denne, for Tid og Fremtid, saavel for Bygden, som for Trafikk og Færdsel i Almindelighed vilde blive et ikke saa lidet Gode, som at dersom Spørgsmaalet om Grund og Grundafstaaelse i omhandlede Øiemed kunde ordnes på rimelig Maade, vilde det øvrige sandsynligvis kunne lade sig gjøre».

Berre to dagar etter brevet vart sendt, kom det i retur med positivt svar frå ein G. Østlie, på vegne av Søndmørske Dampskibsselskab. Østlie har merka seg at det va mange fiskarar i bygda som dreiv fiske fra Ålesund. Deira hyppige turar mellom bygda og byen hadde ført til «en ikke liden persontrafik paa Stedet. En Kai der anser vi derfor høist paa Krævet, da det ofte er forbundet med fare at benytte Baat til Landfarten fra Dampskibene, spesielt i vestlige Vinde». Selskapet ville sende kaptein Skudvig på inspeksjonsrunde for å utarbeide en videre uttalelse om kaistaden den 18. mai 1905.

Kva var det eigentleg som førte til at dampskipskaia skulle leggjast til Emblemsvågen og at det i denne perioden ikkje var nokon alternative plassar når grunneigaren sette seg imot. Kvifor ville aksjonærane frå Emblem nytte både lensmann og amtmann i denne saka? Svaret finn eg i eit anna brev, som truleg også er skriven av lærar Knut Furseth. Han kallar dokumentet for «Udskrift» og det er truleg ei avskrift av eit eldre dokument, som vitnar om ein overeinskomst mellom brukarane på Emblem, Røssevoll og i Emblemsvågen. Kor gamal denne avtalen er, er det vanskeleg å svare på utan orginaldokumentet, men ein skal hugse at alle desse tre matrikkelgardane har vore ein sams gard ein gong for lenge sidan. Emblemsvågen kan ha vore sjøstykket til Emblemsgardane og dei har derfor hatt behov for å sikra seg ein fortsatt veg- og naustrett når Emblemsvågen vart frådelt.

Her finn ein namnet «Jagtvigen», der det var avmerka ei båtstø med nausttomt og opplagsplass. Opplagsplassen og nausttomta var tiltenkt felles nytte for brukarane på både Røssevoll, Emblem og Emblemsvåg. Desse gardane hadde dessutan vegrett ned til tomta. Aksjonærane, som hovudsakleg var frå desse gardane, meinte difor at dei hadde retten på si side når dei ville byggje veg og felles kai på denne staden. Forfattaren av denne kopien fortel vidare at tomta var tydeleg oppmerka og låg mot Sydvest der ein i 1905 kunnen sjå restar av ein gamal naustmur. Den var også merka med nedsatte vinkelsteinar og grensene er beskrevet særs nøyaktig i dokumentet slik at ingen skulle vera i tvil. Dokumentet gav også rett til å planera ut opplagsplassen, så det passa nok godt inn i planane til forkjemparane for dampskipskaia.

Den tiande februar helt Kaiselskabet på nytt møte hos Ole K. Emblem, med 12 av dei ivrigaste aksjonærane på plass. Det hadde enno ikkje lukkast å komme til einigheit med Sevrin i Emblemsvågen, men kaiplanane heldt fram som før. Ein beslutta å byggje ei trekai med planert opplagsplass i bakkant. Styret vart nok ein gong pålagd å få fortgang i planlegginga. Den 18. februar 1905 var 17 aksjonærar samla, i håp om å verte einige i tomtesaka. No vart det diskutert å betala erstatning til berørte grunneigarar, men dei klarte likevel ikkje å verte einige og måtte avslutte møtet utan resultat. Det verka nok temmeleg håplaust på dette tidspunktet. Styret fekk ingen nye krav eller pålegg og ingen diskuterte utforming på nokon kai. Eg finn ikkje fleire møtereferat og vel å tolka det slik at ein kanskje var i ferd med å gje opp. Truleg var dei litt for ivrige på å få Sevrin til å gje frå seg mark vederlagsfritt, og fekk han vite at dei både ynskte å bruke lensmann og Amtmann til å få det slik dei ville, så er det ikkje så rart at han ikkje var like viljug til å forhandla om nokon erstatning heller. Samstundes finnst det eit skriv med godkjenning av planane frå kaptein Skudvig, som har møtt opp ein og ein halv månad tidlegare enn den oprinnelege planen. Noko meir har også foregått i kulissane, for på den neste sida i møteprotokollen finn eg ei handskrive kontrakt datert den 27. september 1905:

«Jeg underskrevne Iver Karlsen Ekornaas erkjender herved Dags Dato at have solgt og overdraget til Lars Olsen Emblem den af mig af Emblemsvoogs Opsiddere kjøbte Kaiplads og Tomt for den samme Kjøbesum som i Kontragten er vedgaaet, mod at jeg forbeholder mig Ret til at tage indtil ti Aktier i Anlægget.

Nævnte Kjøber faar samme Adgang og Ret, som jeg i Henhold til Kontragt er indvilget, dog bemerkes, at der ikke maa opføres andre Hus end i Kontragten benævnt. Kjøbesummen betales til Grundeierne til 24de Juni 1906 mod Skjøde. I tilfælde man ikke til den Tid ser sig Udvei til at paabegynde Kaianlæg forbeholder jeg mig Ret til at have nærverende Kontragt.

Emblem den 27de September 1905.

Som kjøber            Som Sælger

L.O. Emblem         Iver K. Ekornaas»

Kva som har hendt dette halvåret er det vanskeleg for meg å spekulera i, men no vert det i alle fall på ny fart i planlegginga. Andreas Emblem frå garden Hatlebakken blir vald til leiar, og samstundes leiar for kaibygginga. Han får ei vekeløn på 15 kroner, rekna frå den dagen han forlet heimen og til han kommer heim igjen. Reiseutgiftene dekkes også av selskapet. Andreas skulle kontrollere at alt arbeidet med dampskipskaia vart utført fagmessig og han fekk rett til å bestille material og redskap, om dette vart skaffa «paa billigste maade». Løna for 8 timars arbeid på kaia vert sett til 2 kroner for ein fullt ut arbeidsdyktig mann, medan formannen får bestemme løna til dei som enten er for unge eller for gamle til å utføra eit skikkeleg dagsverk. Formannen skulle utarbeide liste over arbeiderane, løna deira og sørge for å betale ut løna kvar månad. Formannen måtte leggja fram planar for styret og få desse godkjent, samt rette seg etter pålegg frå styret. Formannen skulle heile tida ivreta selskapets interesser. Lærer Knut Furseth vart vald som kasserar.

På generalforsamlinga for Emblem Kaiselskab den 9. april 1906, hos Fredrik Emblem, vart rekneskapen godkjent. Lars Olsen Emblem overførte tomta, som han hadde kjøpt frå Iver på vegne av kaiselskapet og ein hadde allereie leigd ut kaia for eitt år, frå den datoen den stod ferdig. Leigetakaren skulle betala 200 kroner for leigeretten i to jamnt fordelte halvårlege rater. Lars fekk også utbetalt 25 kroner av kasseraren for «haste-udlæg». Som poståpner fekk han rett til fri adgang på kaia, «men i tilfelde han løser Billet svares Kaipenger.» Den siste setningen gjeld truleg dei gongane han som privatperson eller landhandler fekk eller sendte varer via kaia. Det står ikkje i protokollen kven som har leigd kaia for eit år og det er mogeleg at det er eit dampskipsselskap, men det interessante er at det siste punktet på saklista er streka ut: «6. Da Iver Karlsen Ekornaas har leiet Emblems Kai.» Det er særs mogeleg at det er han som var leigetakaren. Kvifor dette vart streka ut etterpå, er eg ikkje sikker på, men eg finn fleire slike spor i seinare møtereferat.

Ein måtte kalle inn til nok ei generalforsamling to veker etterpå, fordi ein i diskusjonen etter opplesinga av statuttane kom fram til at styret ikkje hadde vore lovleg valgde tidlegare. Eit nytt val var såleis nødvendig. Iver vart no vald til formann. Ole Larsen Emblem fekk 32 stemmer, Lars K. Emblemsvåg fekk 24, medan Peter K. Emblem fekk verte vara med 23 stemmer. Ein beslutta vidare «at indgaa til Sundmøre Dampskibsselskab med Begjæring om at få Ekspedisjonen overdraget til den som har leiet Kaien.» Her er nok ein gong namnet til Iver vorte stroke over i protokollen. Og erstatta med «den som har leiet Kaien». Styret vart også pålagt å få i stand dette så snart som mulig. Kva som var årsaka til at Iver sitt namn vart stroke over, er eg ikkje sikker på, men det er mykje som tydar på at det var nettopp Iver som var leigetakaren, og det må i såfall alle dei frammøtte aksjonærane ha visst. Årsaka til at «leigaren» ynskte ekspedisjonen, var truleg at det var litt pengar å hente i dette. 200 kroner i leige var den gongen ein stor sum og då vil eg tru at det var ynske om å få litt attende også.

Den 9. mai vart den tredje generalforsamlinga våren 1906 halde. Då det var behov for å drøfte spørsmålet om «ydderligere Uddybning af Grunden». Det må ha vist seg at det ikkje var djupt nok for dei store dampbåtane, eller kanskje det var snakk om hindringar i den næraste leia ved kaia som dei ikkje hadde oppdaga tidlegare. Dei 14 frammøtte beslutta å forhandle med ein dykker og arbeidarar snarast råd. Ein måtte også få tak i arbeiderar som kunne utføre sjølve arbeidet. Den 19. juni måtte generalforsamlinga ta stilling til om kaia skulle forbli ubenytta til dampskipsanløp fram til utdjupninga var ferdig. Styret då fekk beskjed om å få fortgang på arbeidet. Den 22. august var arbeidet fullført av dykker A. O. Tjærvaag, og nok ei generalforsamling var halde. Ein bestemte seg no for å leige inn 2 murarar og forsøke å få tak i resten av arbeidskrafta i eiga bygd. Formannen fekk tillatelse til å søke om lån på selskapets vegne slik at ein kunne betale for arbeida som allereie var utført.

Den 31. oktober 1906 vart årets siste generalforsamling halden og ein vart einige om «at sende en Skrivelse til formanden i Diriksionen for Søndmøre dampskibsselskab og oplyse om at Kaien er færdig og at samtlige Skibe læger til og ordner Expedisionen efter Kaiselskabets ønske». No stod altså kaia klar og møta vart færre, men først måtte ein få orden på rekneskap og delt ut aksjebreva:

Den 7. januar 1907 vart dei frammøtte på generalforsamlinga orienterte om rekneskapet. Kostnaden var på 6140,- og ein hadde teikna 106 aksjer. Opprinneleg hadde ein håpa på å selge sopass mange aksjer at dei kunne settast til 25 kroner stykket.Ingen hadde tenkt seg at kaia skulle verte så dyr. Etter ein diskusjon vart det einstemmig beslutta at kostnadene på kaia skulle fordelast i forhold til kor mange aksjer som var seld, når ein fekk fullstendig oversikt over anleggskostnadane.

Styret skulle deretter skaffe aksjebrev til kvar aksjonær som skulle overrekkast snarast råd.

E in beslutta å innbetale 3 kroner, fordelt i to like deler, med frist i januar og 1. juli 1907.

Knut Furseth ynskte ikkje å forsette som kasserar, og vart avløyst av Andreas Magnussen Emblem etter at revisjonen var ferdig. Ole Knutsen Emblem vart vara-kasserar, medan Lærer Lars Flydal og Steffen Knudsen Nedregotten vart valde som revisorar. Det vart ikkje så mykje fortgang i aksjebrev-saka, for det var først den 27. november 1907 at eit forslags til aksjebrevtekst vart lese opp. Lars Olsen Emblem fekk leige kaia i 5 år mot ei avgift på 350 kroner per år.

Frå 1908 byrja ein det fyrste normale driftsåret etter at alle arbeidslister hadde kome inn og lønningane vorte utbetalt. Frå no av vart det færre møter og generalforsamlinga behøvde no først og fremst å verte einige om revisorar og årleg innbetaling av aksjeinnskudd. Ved generalforsamlinga i 1909 vart aksjeinnskuddet redusert til 1 krone. Lars Olsen orientert forsamlinga om at inntjeninga på kaia ikkje var så god som planlagd. Leieutgiftene hans var høgare enn inntektene og han fekk lov til å redusera leigesummen til 330 kroner per år. Selskapet heitte no «Emblems Kai».

I 1911 får generalforsamlinga og den nye formannen Peter K. Emblem søknad om å redusera leigekostnaden til Lars O. Emblem med 30 kroner til 300,- Dette ville verte eit totalt avslag på 50 kroner frå den opprinnelege summen, og søknaden vart ikkje innvilga. Det vart også halde ei ekstra generalforsamling knytt til ein skriftleg søknad i anleiing Nils Rasmussen Nedregotten sin bortgang. Bostyraren ynskte å betale kontant heile gjelda som Nils hadde vore ansvarleg for i eit eingongs-beløp mot å avslutte ansvaret for vidare gjeld på dei tre aksjene.Dette vart enstemmig vedteke.

I 1912 gjekk leigeavtalen på kaia ut og Lars Olsen Emblem fekk no levera anbod på leige av kaia. Det verka som om inntektene ikkje hadde auka særleg, for no ynskte han berre å betale 250 kroner per år i 5 år. Vidare hadde det truleg vore ein disputt om kaipengar for passasjerar som skulle i land eller ombord på dampskipa til «Søndmørske». Generalforsamlinga såg ikkje at dei på dette tidspunktet kunne kutte avtalen med selskapet om kaipengane for «Passasjerer med Baatene» Ein avtale om forbehald ved sjukdom eller død vart derimot godkjent. Samstundes vart det krevd at dersom andre selskap ynskte å leige plass for anløp på emblemskaia, så kunne ikkje Søndmørske eller leigetakaren nekte dette. Det kan bety at Lars hadde hatt ein eigen klausul og at han var ekspeditør for nettopp «Søndmørske» sine båtar. Det var ikkje uvanleg å ynske einerett, men etter kvart som konkurransen auka, så kunne det vera to konkurrerande ekspeditørar på kaiene og i Ålesund kjempa fleire selskap om å få passasjerane til å velje nettopp deira båt innover fjorden. Det hadde med andre ord utvikla seg konkurranse om transporten. Dei siste åra hadde ein nytta motorbåt i staden for dampskip til Emblem, med stoppestad i Straumgjerde. Dermed vart rutetilbodet auka, men det hadde også vorte enklare å konkurrere. Omlag på samme tida kan motorbåtforbindelsen til Glomset ha tatt til og dei la til ved sjøboda til Mattis, like aust for nausta til Østremsgardane. Aktieselskapet Von frå Sula hadde starta opp i 1909 og hadde eiga rute frå Vegsundet og etter kvart Ekornåsvågen med motorbåten Vidar. Så no kunne emblemsbygdarane velje og vrake i tilbod. Dette var neppe ei heldig utvikling for eigarane av emblemskaia, men dei hadde i det minste ansvaret for mjølketransporten intil vidare, og truleg den beste kaia for større vareleveringar. Kjøpmannen i bygda hadde også eiga interesse i å fortsette å bruke kaia, så rekneskapen gjekk enno i belanse, men noko stor inntekt var det ikkje.

Frå 1913 byrjar ein å merke behov for reparere. I 1915 vedtok ein å støype ein betongplatting der varene skulle lossast og elles i den utstrekning som styret føler er påkrevd og nødvendig. Fænderverket behøvde også ein reprasjon og utgiftene skulle fordelast på aksjonærane. Det er mogeleg at ein ynskte å halde på dei største kundane sine og å konkurrere på gode kaiforhold. Om prisane var like konkurransedyktige, veit eg ikkje, men nokre år seinare finn eg dei fyrste spora av korleis avgiftene vart fordelte på dei ulike vareslaga, for i 1919 vart kaiavgifta revidert.

For last på 100kg vart kostnaden 20 øre og meir eller mindre etter varenes vekt eller størrelse, med en minste avgift på 10 øre. Oljefat skulle no koste 40 øre, 1 sirupsfat 60 øre, hest 1,-, ku 50 øre, småfe 15 øre, støpegods fekk avgift på 25 øre pr. 100kg. Mjølk som det vart sendt mest av, skulle frå nyttåret 1920 koste 2/10 øre per liter.

Formannen fekk i oppdrag å forhandle med Sevrin Emblemsvåg om ny ekspeditør på kaia. Det endte likevel med at Lars O. Emblem fekk fortsette som før mot ei godtgjering på 50,- i 1920. Det vart vidare bestemt at han skulle besørge alt med ekspedisjonen, men fekk fritak for å innkassere kaipengane for ekspediterte varer. Varer som ikke var ekspederte kunne førast i ei eiga bok. Ein hadde no gått bort frå å kreva kaileige og heller byrja å betala ekspeditøren for jobben. Dette verkar ikkje som noko godt teikn, med tanke på inntjeninga på kaia og låna som trass alt skulle betalast i faste avdrag til Borgund Sparebank.

I 1921 vedtok generalforsamlingen at reprasjon fortsatt skulle vera pliktarbeid for aksjonærane og at plikta skulle tilpassast antal aksjer. Ein vedtok å bruke sement til å lage ei bane mellom kaia og kaihuset, for dette vart billegast. Ein gav også styret rett til å lage betongplatting for lossing av varene og ei kaiavgift på 50 øre for matrialar som skulle lossast eller lastast. Ekspeditøren vart dessutan pålagd å utøve skjønn i slike tilfelle. Den 30. desember vart den andre og siste generalforsamlinga halde i 1921. Ein hadde hatt ei inntekt på 783,38,- det året, før utgiftene vart trekte ifrå, og ny ekspeditør vart Joakim J Emblem. Han skulle ta til i arbeidet frå nyåret 1922. Han tok også over postopnaransvaret frå Lars Olsen Emblem. Joakim fekk no ansvar for å krevja inn alle godsinntektene frå kaia og ta vare på pengane som skulle overrekkast kasseraren 1. juli og 1. januar. I 1922 vart det i tillegg beslutta at bilettane for passasjerar skulle reduserast frå 20 til 10 øre. Truleg hadde dette samanheng med at sambygdingane heller valde å gå til Ekornesvågen for å få billegare skyss.

I januar 1925 hadde gjelda til Borgund Sparebank vorte redusert til 1400 kroner. Hans Furset søkte generalforsamlinga om å få leige boden på kaia. Leigesummen vart sett til 5,- per år. Det som er interessant her, er at han gav seg som kjøpmann i Emblemsbygda eitt eller to år tidlegare. Hans var sonen til den tidlegaren nemnde Iver Karlsen Furset, og hadde drive butikk både på Skorene og på Magnusbakken. I 1922 kjøpte han opp eigedom og varebehaldninga til det fyrste kooperative handelslaget i Spjelkavika og selde etterkvart butikken i Emblemsbygda. Han skifta også namn til Hans Iversen og flytta dit ut. Kvifor han ynskte å leige boden på kaia i 1925, og ikkje tidlegare, verkar litt rart. Inntekta til ekspeditøren på kaia vart fastsett til 5% av kaiinntektene frå 1.1.1925. Den 20. juni vart det halde ei ny generalforsamling hos Johan J. Emblem. Formannen, Lars Olsen Emblem var no død og vart erstatta av Ole Larsen Emblem. Det same året vedtok ein også å kjøpa seg brukt kran frå Overud og Aspesæter for 100 kr.

I 1926 vart det innkalla til generalforsamling den 2. februar. Emblems Landhandel ynskte å leige eit rom i ekspedisjonshuset. Søknaden vart godkjend mot ei årleg leige på 25 kroner i to rater. Kven eigaren av Emblems Landhandel var, er eg ikkje sikker på, men det var i alle fall før Samvirkelaget si tid, og det kan då vera enten Sevrin Emblem, eller L.K. Akslen som hadde kjøpt butikken på Magnusbakken ette Hans. Så vidt som eg veit, så starta ikkje Sevrin opp før 1929-30 og då var det nok Lars K. Akslen som kalla butikken sin for Emblem Landhandel. Han dukkar også opp 2 år seinare i referatet frå den 11.1.1928 der generalforsamlinga kom fram til at sjøboden som stod på kaia og som eies av Lars K. Akslen skulle det betales 30,- per år for i grunnleie. Var eigaren ikkje interessert i å betale, «så maa huset fjernes innen utgangen av april måned. Frem til så skjer skal leien betales til kailaget.» Det er grunn til å tru at dett er etter at butikken på Magnusbakken hadde brent ned. Ein ny butikk vart riktig nok bygd på omlag samme plassen, men det varte ikkje lenge før Lars gav seg og selde til Per Myrstad & Co i Spjelkavika. Så lenge Lars ikkje var kjøpmann lenger, så fekk han truleg ikkje like gode rettar på kaia, og det er det ein her ser eit eksempel på.

I 1931 ser ein at noko har skjedd. Avgift, i forbindelse med lagring av saltfisk på kaia, blir satt til 50 øre pr 1000 stk i 1931. No var det liten trafikk på kaia og Emblemsbygda Billag hadde starta opp drifta. Utleige av lagerplass på sjølve kaia vitnar om dette. Fortsatt var det ei båtrute som gjekk innom kaia og i 1932 vedtok ein å sette kaia i stand igjen slik at den vart like bra som før og at ein skulle kontakte Møre Fylke om å få rute til Emblem slik som før og å kontakte Møre Fylkes Direktion om å få nedsatt kaipengane for billetten frå 20 til 10 øre pr. billett. Joakim J Emblem sa opp stillinga si som ekspeditør dette året, fra og med 1. juni. «Man diskuterte spørsmaalet om ekspeditør men ingen var villig at paatage sig stillingen da indtegterne paa kaien er saa liten at det vil ikke svare sig for nogen efter som det har vært til denne tid. Det blev sat forslag fra formanden om, at den som vilde paata sig expeditionen skulde faa den indtegt som kaien gav til løn, saa selskapet slap nogen ekstra utgift til expeditøren. Dette blev enstemmig vedtat og møte hevet.» Kassaboka til kailaget syner også at det er liten inntjening, og at det stort sett er litt kaileige og aksjonærane sjølv som står for det meste av inntektene i aksjeselskapets levetid. I 1931 finn eg den siste innbetalinga med kaiavgift for frakt av mjølk til Sunnmøre Meieri.

Kassaboksidene frå tida 1932-1940 er desverre rivne ut så det finst ikkje noko som er skrive før 27. august 1940. Då er det fortsatt generalforsamlingar det er snakk om, men namnet er no A/S Emblems Kaiselskap og det er reprasjonar av kaia som vert diskutert og godkjend. Kassaboka syner at det i perioden 1932-1950 er lite som skjer. Frå 1942, når den siste båtruta til kaia vert nedlagd, finn eg heller ingen eksterne inntekter. Kailaget var truleg meir eller mindre innaktivt fram til 21. november 1945. Kailaget gjekk i balanse desse åra med 79,33,- netto, men det er mest snakk om innbetalingar frå aksjonærane, samt Knut og Per Nedregotten som leigde kaia til opplagsplass for material. Avgifta vart sett til 10,- for kaia og 10,- for kaihuset, tilsaman 20 kroner per månad. Kor lenge dei heldt til på Emblemskaia er eg ikkje sikker på, men det vart i alle fall forhandla fram ny leigekontrakt med nye leigetakarar frå 1952 og då er kanskje Per og Knut etablerte inne på Magerholmen.

På ny vart det ein lang pause og inga generalforsamling før den som vart halde 26. april 1951 på postkontoret i kjellaren til Eddy og Johan J. Emblem på Garsendhaugen. Johan var sonen til tidlegare kaiekspeditør og postopnar Joakim J. Emblem. Det står i protokollen at Gullik Heitmann ynskte å leiga kaia, men i kassaboka finn eg berre leigeinntekter frå Flemsøys Rederi på Hareid med årlege innbetalingar frå 1953-1959. Seinare korrespondanse mellom rederiet og formann Karl O. Emblem 31.8. 1971 gjev informasjon om at leigeavtalen frå 1952 gjaldt oppbevaring av spekktankar på Emblem Kai. Det tydar på at kaidrifta hadde meir eller mindre stagnert, med unntak av langtidsutleige av kai og kaihusa. Det var nok vanskeleg å drive kai når Emblemsruta hadde tatt over det meste av varetransporten og båttrafikken var nedlagd. Kailaget hadde litt å gjere dei fyrste åra med busselskap i bygda, for vegane var temmeleg dårlege og særleg om vintern og våren i teleøysinga. Billaget såg det som påkrevd å ha alternativ båtskyss for å få mjølka tidsnok av garde. Men frå 1932 var vegane truleg brukbart betre ute i Myrabakken, og då var det berre Akslabrauta som baud på problem for bussane. Så lenge bussen kunne køyra frå bygda heile året, så var det ingen behov frå beredskap lenger og mjølka frå Magerholm kunne ein alltids kjøre litt med hest om det vart behov for det.

Sidan Kaia stod ferdig i 1906 hadde varehandelelen og antal butikkar auka, men kaiselskapet møtte konkurranse med både motorbåtfart frå Østremsvika og Von-båtane frå Sula som la til i Ekornåsvågen frå omlag 1909. Samme året vart dampskipa erstatta av Motorbåten M/B Aure, men motorbåtane frå Von hadde billegare billettar og ein kunne spare 20-25 øre på å gå dit ut, raskare vart det óg. Østremskarane brukte som regel «vågabåtane» ute i Ekornåsvågen og var heller ikkje aksjonærar i Emblemskaia. Dei nytta nok også Mattisbrygga. Frå 1930 var det skyss berre to gongar frå Emblemskaia og i 1942 var som sagt all båtskyss lagt ned.

Den neste generalforsamlinga vart ikkje halde før 25.10.1971 i følge møteboka, men referatet syner likevel til eit ekstra årsmøte den 16.12 1966, så det tyder på at alt ikkje vart notert skikkeleg. Årsmøtereferatet frå 1966 finn eg etter kvart i kassaboka. Dette året finn eg også ei rekke brev til Flemsøy Rederi med påfølgande svar, brev til Johan Johansen Emleim, krav om livbøye og lys på kaia samt vidare korrespondanse. Saldoen 1.1.1971 var på 1199,63 kroner , medan det den 25.10 1971 kun er 261,- att etter at lys og livbøya var på plass. No er det Karl O. Emblem frå Steffågarden som tok tak for å få oppdatert leigeavtalar og kassarekneskap. Dei frammøtte andelseigarane var:

Karl O. Emblem, Petter P. Emblem, Johan E. Emblem, Fritjof Emblem, Karl K. Emblem, Edvin E. Emblem, Lars Emblemsvåg, Ivar Flydal og Odd Ørbech. Det var truleg på denne tida ein beslutta å leggje ned heile aksjeselskapet. For å få orden på eigartilhøva skulle arvingane til alle kjende eigarane av gamle aksjar tilskrivast. Dette skulle vera eit krav om oppgåve over kvenn av arvingane som skulle overta aksjane. Dersom desse ikkje svarte innan fire veker, skulle aksjane overtakast av kailaget utan noko vederlag til arvingane. Karl K. Emblem, Petter P. Emblem, Fritjof Emblem og Ivar Flydal vart valde til å setja i gong det mest nødendige vølingsarbeidet av kaia og kaihuset for selskapets rekning. Karl O. Emblem førte den siste rekneskapen for kailaget i 1984. Pengane som var til overs vart tatt ut av banken og kontoen avslutta. Sidan har det ikkje vore nokon kommersiell drift av kaia.