Litt historie om Ny-skulen i bygda vår

Biletet er truleg frå hausten 1978. Du kan sjå materialar kring gymsalen og den er ennoi ikkje ferdigmåla på utsida. Bilane er også parkert på sjølve skuleplassen i staden for på parkeringsplassen der den enno ukjende fotografen har stått. Dette kan tyde på at annleggsarbeidet pågjekk enno i gymsalen.

Kopi av eit bilete som vart tatt på sjølvaste inviingsdagen i mars 1979. Frå venstre: vaktmeister Jostein Olsen, formannen i byggekomiteen, Erling Røsvik, skulesjef Kåre Vatne og rektor Sigurd Langleite. Biletet er enten frå Sunmøre Arbeideravis, eller Sunnmørsposten.

Avisreportasje frå skuleinnviinga i mars 1979. Eg veit ikkje kva avis den er henta frå. Klippet er henta frå skulens eige arkiv.

Emblem skule i 1988. Den var opphaveleg kvit og raud. Foto: Svein Ove Østrem

Siste skuledag på Emblem skule i 1988. Framme t.v.: Pål Harald Søvik og Lennart Hjelme. Bak f.v.: Jon Inge Engesmo, Bjørn Sindre Blindheim, Ole Kristian Østrem, Steinar Øie og Øyvind André Akslen

Emblem Skule i 2007. Du kan sjå litt av nybygget mot høgre, og gamlebygget har vorte mala gult. Foto: Svein Ove Østrem

Dei første modulane er på plass rett vest for skulen i 2007. Foto: svein Ove Østrem

Også gymsalen har vorte endra litt sidan den stod ferdig. Her kan du sjå endringane på biletet frå 2007. Foto. Svein Ove Østrem

Påbygget som stod ferdig i 1998 kan du sjå i venstre del av biletet med kvit farge. Foto: Svein Ove Østrem

EI enkel planskisse etter hukommelsen som syner utforminga av ny-skulen frå 1978

Undervisninga i bygda vår har endra seg kraftig frå den gamle omgongskulen, med sirkulerande opphald i dei enkelte gardstovene, og fram til dagens skulebygg ved Ebbemyra. Elevtalet har vokse i takt med talet på skuledagar per skuleår og ein kan ikkje lenger nytte det same klasserommet til å undervise samtlege elevar samstundes, ellerdele inn i storskule og småskule annankvar dag. No kan ein sjølvsagt stille spørsmål med kor mykje fritid tidlegare tiders skuleborn faktisk hadde. Mauritz Akslen minnest sin eigen skulegong som timar med fineklede og høfflegheit. Når ein kom heim var det å finne tak i arbeidskleda med det same. Ungane tok nok i eit tak før dei gjekk på skulen óg. Haustferien var eigentleg «potetferie», der borna fekk fri for å hjelpa til med innhaustinga heime. Sommarferien var like eins.

Den første skulestova på Skaret hadde 25 kvadratmeters skulestove i eit einaste rom, medan det var sløydsal og tidvis undervisning for småskulen i kjellaren. Denne skulen vart snart for liten. Ungdomshuset låg så og seie vegg i vegg, og matsalen i kjellaren vart etter kvart nytta som undervisningslokale. Tidvis var det også kroppsøving i storsalen oppe. Blåskulen erstatta gamleskulen i 1956. Den var allereie i ferd med å verte for liten, då den stod ferdig, med kun 2 klasserom. Kjellaren var planlagd som sløydsal, men har også vorte nytta til bygdekino og gymsal. Andre etasje på den kvite fløya var opphaveleg bygd som leiligheit for læraren med lav takhøgd, men vart aldri nytta til dette formålet. Behovet for undervisningsrom var nemleg såpass stort at alt areal måtte utnyttast.

På 1970-talet vart det ein rekkje endringar i skulekvardagen. Det nye byggefeltet, lengst aust på Flisneset skulle tilhøyre Emblem skulekrets. Klassane skulle delast inn i alderstrinn, eller «fulldelt skule», og vidare kom det ny mønsterplan. Undervisninga på laurdagane tok slutt,og for å møte desse utfordringane, så måtte skulekjellaren utnyttast enno betre. Ved hjelp av ein foldevegg kunne ein få plass til to ekstra klasserom, slik at det vart plass til 5 klassar samtidig. Kjøkkenet på gamlebedehuset vart leigd til husstell, og verkstaden til Jon Nedregotten vart nytta som sløydsal. Skuleborna måtte skyssast heilt til Blindheim ungdomskule, om dei skulle få innandørs gymnastikk, men slik kunne ein ikkje ha det i lengda. Tilflyttinga til bygda var aukande og difor trong me ein ny skule på Emblem.

Til trass for plassmangelen, så tok kommune og plannemdene seg god tid til å planlegge den nye skulen i bygda Ei av årsakene var truleg at fleire av desse reformene var under utreiing når planlegginga starta, og ein ville truleg vite meir om resultatet før ein byrja å bygge. Allereie hausten 1972 vart det halde orienterande møte og bygging av ein ny skule. Fleire løysningar vart diskuterte i åra som gjekk og ein måtte også ta hensyn til framtidige behov. Eit av forslaga gjekk ut på at alle elevar frå dei nye byggefelta på Flisneset skulle gå på skulen på Emblem i framtida. Flisneset tilhøyrde eigentleg Hatlehol skulekrins. Borna i Ludvikdalen og Brennevegen, lengst aust mot emblemsbygda gjekk på Emblem skule, men utbygginga av Flisneset var berre so vidt i gong på denne tida, og med ei slik fellesløysing, ville ein ikkje bygge nokon ny skule på Hatlehol eller Flisneset i det heile tatt. Ein valde også å halde på tradisjonen med å plassere skulen omlag midt i skulekrinsen. Med ei slik utviding mot byggefelta i vest ville også ny-skulen ha behov for å flyttast tilsvarande. Ein kom så langt at ein diskuterte ei plassering nær Gullmyra, men slik vart det ikkje likevel. Denne løysinga med bygging av skulen i dette myrområdet førte til stor motstand frå bygdefolket. Idrettslaget hadde óg vore interesserte i ei samlokalisering av skule og idrettsanlegg, men grunnboringar i desse myrane synte at det ville bli både vanskeleg og dyrt. Når det vart dyrt med opparbeiding til fotballbane, så var det nok ikkje enklare å byggje ein heil skule heller.

Etter ein god del om og men, vart vedtaket om bygging på Ebbemyra endeleg vedtatt. Plass for idrettsanlegg vart teikna inn på det same reguleringskartet og ein fekk fleire fordelar ved valet av denne plassen. Den viktigaste fordelen var kanskje at den nye skulen ville ligge like ovanfor Blåskulen, slik at ein ikkje trong bygge like stort i første byggetrinn. Skulen vart likevel ikkje så liten med 1264 kvadratmeter i motsetnad til gamleskulen på Skaret som hadde eit klasserom på berre 25 kvadratmeter. Men talet på elevar berre voks, så det var ikkje så mykje likevel. Idrettslaget såg på si side for seg eit samarbeid med skulen, med felles nytte av både utendørsanlegga og gymsalen med tilhøyrande garderober. Tanken var at det skulle byggast både fotballbane og eit fullverdig friidrettsanlegg etter kvart. Grunneigarane gjekk med på å selje tilstrekkeleg med areal, men Fylkeslandbruksstyret sa nei.Det vart likevel ei løysing med fotballbane og litt til, ved at bana vart flytt lenger inn på kommuna si tomt, og at skulen vart flytta nokre meter lenger mot sør.

Hausten 1978 vart skulen teke i bruk, medan gymsalen først stod klar nærare årskiftet. Rekninga kom på 6,2 millionar, og var på ingen måte det billegaste skulebygget i kommuna. Ein nytta eit nytt prinsipp for arealutnytting, slik at det vart ei åpen løysing mellom spesialrom og klasserom. Totalt vart det bygd 4 klsserom, der to av dei var langt større enn dei andre. Dei største romma hadde hustellareal, i det klasserommet som låg mot vest, og handarbeidsrom i det store klasserommet som låg mot aust. På denne måten kunne romma både nyttast som ekstra areal ved gruppearbeid, og som vanleg klasserom når det ikkje var hustell eller handarbeid på timeplanen. Samstundes kunne ein ha vanlege teoriykter i hustell eller handarbeid, før ein gjekk over til den meir praktiske delen. Totalt vart det 4 nye klasserom på «Ny-skulen». Dette var sjølvsagt ikkje nok for 6 klasser, når spesialromma ikkje kunne nyttast separat, men ein hadde vald å fortsette med å bruke Blåskulen. 1. og 2. klasse fekk ein meir avskjerma start på skulegongen der nede, medan ein framleis unne nytte blåskulekjellaren til sløydsal, forming og metallsløyd. Den kvite fløya vart mellom anna nytta til musikkrom. Løysinga innebar også eit grupperom og bibliotek som kunne nyttast til framsyningsrom, skulefjernsyn, eller som eit ekstra grupperom.

I mars 1979 vart skulen offisiellt invidd med ei eiga markering, der både Ålesund skulestyre og representantar for fylkesskulesjen, byggeledelse, arkitekt og entrepenørar var til stades. Elevane hadde forbereidd eigne innslag, og Musikklaget Gjallarhorn stod for musikken. Rektor Sigurd Langleite leiea dei frammøtte gjennom programmet , som forøvrig inneheldt både talar og lykkeønskingar. Fotballbana var klar til bruk ved den første seriekampen etter sommerferien, den 6. august det same året. Skulen tok no over som stemneplass på 17. mai, som idrettsplass og som samlingsplass ved dei fleste idrettsarrangementa, både vinter, vår og haust. Musikkorpsa fekk nytte scena i gymsalen til øvingsformål, og ein kunne i tillegg starte musikkbarnehage, leia av Synnøve Molnes. Kort sagt så vart Ebbemyra det nye samlingspunktet i bygda.

No er også denne skulen for liten. Det starta med at Blåskulen etter kvart vart for nedsliten til å kunne nyttast, og det vart ikkje betre av at skulestart for 6-åringar og SFO vart innført. Samtundes vaks talet på skuleborn voldsomt, og talet på byggefelt like eins. Eit nytt tilbygg stod ferdig i 1998, men det var ikkje nok. Kommuna måtte sette opp ekstra modulbygg på 270 kvadratmeter hausten 2006. I tilstandsoversikta for 2007, som var eit saksframlegg for bystyret for perioden 2007-2017, kunne ein konstatere at det ikkje var plass til nye elevar den kommande hausten. Lærararbeidsplassar var det for lite av, og ein måtte både ta ei PCB sanering i tillegg til at det var behov for å bygge ut skulen til to parallelle klassar i først omgang. Som ei midlertidig løysing måtte ein kjøpa endå fleire modular og forsøke å få til ei løysing med leige av rom på det nye klubbhuset til idrettslaget. Bystyret stemde for ei slik løysing som kunne avhjelpe behovet nokre år til, men ein har ikkje komne lenger sidan.

Framtida er no uviss. Det er ikkje tvil om at ein må utvide skulen. I ein artikkel i Sunnmørsposten den 17. oktober 2011 er skulen enda til på lista over dei 9 verste skulane, når det gjeld vedlikehald. Ytterveggane og taket på den eldste delen er i ei dårleg forfatning, mens det ikkje er avsett nokon pengar i økonomiplanen til kommuna. Kva som vert løysinga i framtida vil eg ikkje spekulera for mykje i, men sparsemd har stort sett alltid vore eit stikkord ved skulebygginga i bygda vår. Dette skuldast rett nok at den eldste skulen vart bygd og driven av bygdefolket, mest på eiga hand, medan Blåskulen vart bygd av ei særs sparsommeleg landkomune. Ny-skulen er riktig nok ikkje så prega av sparsemd, men løysinga dei siste åra har derimot synt oss ei fattig kommune, med store økonomiske utfordringar, når det gjeld å finne pengar til drifta og det daglege vedlikehaldet. Dårleg vedlikehald kan igjen framtvinge behov for nybygging etter kvart, men det vert nok ikkje dei første åra. Eit anna spørsmål er om dei med skuleborn på Emblem skule, vil verte boande i mange år framover, eller om det heile tida vil verte utskiftingar, med stadig nye bornefamiliar som behøver barnehage og skuleplass. Stadige nedleggingar av gardsbruk, kan i alle fall føre til endå meir bygging i bygda vår, og då får me berre håpe at kommunepolitikarane er forbereidde.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

10.12 | 22:33

Veldig trivelig lesing, takk! Knut Salvesen Tjugen var onkel til min tipoldefar.

...
17.10 | 22:52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
17.10 | 20:35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

...
16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE