BNR. 5 ANTONESGARDEN

Roar Opsahl 18.01.2020 11:50

Roar Opsahl heter ikke Arnvidsen som mellomnavn. Sondre er ikke født i 1992, men i 1993

Sveinov 18.01.2020 12:02

Heisann! Takk for korr. Nye tekstar kjem no som bygdeboka er ferdig

Roy Erik Jåbæk 11.05.2019 11:10

Hei. Jeg har et maleri av Leon Ørbeck som jeg mener er ca 100 år gammelt. Ble han en anerkjent kunstner?

Svein Ove Østrem 11.05.2019 11:38

Kanskje dotterdotter Linda Ørbeck på Emblem veit meir. Ho er også på Facebook.

Svein Ove Østrem 11.05.2019 11:37

så vidt som eg kjenner til, så vart han målarmeister og lakkerar i Oslo. Sonen Odd gjekk i lære der. Kor annerkjent han vart er eg usikker på.

Antonesgarden ligg lengst mot høgre ved sida av Knutgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Antonesgarden ligg lengst mot høgre ved sida av Knutgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Truleg er dette tidlegare landliggarar som var evakuerte til Knutgarden frå Ålesund sommaren 1940. Mange vart evakuerte til anten slekt eller tidlegare utleigerar denne sommaren. Den eldre mannen er Severin Kornelius Martinus Rasmuss. Emblemsvåg (1856-1952) og ikkje Emblem, som det står i teksten. I bakgrunnen står eit uthus tilhøyrande Knutgarden med mellom anna vedskot. Sevrin kom opphaveleg frå Rovde og dreiv Antonesgarden. Han var enkemann og nabo til Karen i Knutgarden.
Truleg er dette tidlegare landliggarar som var evakuerte til Knutgarden frå Ålesund sommaren 1940. Mange vart evakuerte til anten slekt eller tidlegare utleigerar denne sommaren. Den eldre mannen er Severin Kornelius Martinus Rasmuss. Emblemsvåg (1856-1952) og ikkje Emblem, som det står i teksten. I bakgrunnen står eit uthus tilhøyrande Knutgarden med mellom anna vedskot. Sevrin kom opphaveleg frå Rovde og dreiv Antonesgarden. Han var enkemann og nabo til Karen i Knutgarden.
Ein lavoppløyst biletkopi frå Fylkesfotoarkivet, AM- 95003.021973, teke 1913, der Karn Emblemsvåg sit i stolen og systera Sofie står bak henne. Opplysningane om dei fotograferte er gjevne av Par Almar og Gunvor Steinnes
Ein lavoppløyst biletkopi frå Fylkesfotoarkivet, AM- 95003.021973, teke 1913, der Karn Emblemsvåg sit i stolen og systera Sofie står bak henne. Opplysningane om dei fotograferte er gjevne av Par Almar og Gunvor Steinnes
Utskiftingskartet av innmarka frå 1907. Den observante lesaren kan sjå at det vart merka dels feil. LK stend for Lars Knutsen og bruknummer 1 som er Knutgarden, medan SR står for Sevrin Rasmussen og er Antonesgarden bruk nummer 2. Bruk nummer 5 er Vågsplassen og ikkje med på dette utskiftingskartet slik som Sandvik og Oshaugen. På denne tida ser ein tydeleg klengetunet markert. Knutgardsløa som i dag ligg ved vegen til Emblemsanden var då enno ikkje bygd. Gamleløa stod med endeveggane motsett veg.
Utskiftingskartet av innmarka frå 1907. Den observante lesaren kan sjå at det vart merka dels feil. LK stend for Lars Knutsen og bruknummer 1 som er Knutgarden, medan SR står for Sevrin Rasmussen og er Antonesgarden bruk nummer 2. Bruk nummer 5 er Vågsplassen og ikkje med på dette utskiftingskartet slik som Sandvik og Oshaugen. På denne tida ser ein tydeleg klengetunet markert. Knutgardsløa som i dag ligg ved vegen til Emblemsanden var då enno ikkje bygd. Gamleløa stod med endeveggane motsett veg.
Anton Ragnvald Peder Sevrinsen Emblemsvåg (1890-1987) Han emigrerte til Amerika i 1911. Då han fekk skøyte på farsgarden i 1939, men det var systera, Sofie som dreiv bruket fram til 1950. ho overlet bruket til Odd Ørbeck (f. 1920) og Helga Ødegård (1926). Odd var systersonen til Helga.
Anton Ragnvald Peder Sevrinsen Emblemsvåg (1890-1987) Han emigrerte til Amerika i 1911. Då han fekk skøyte på farsgarden i 1939, men det var systera, Sofie som dreiv bruket fram til 1950. ho overlet bruket til Odd Ørbeck (f. 1920) og Helga Ødegård (1926). Odd var systersonen til Helga.
(Hanne) Anna Karoline Marie Antoniusdotter Emblemsvåg (f.1872) vart først gift med Ole Larsson Fylling som omkom "Solon-natta" 1901. Ho gifte seg opp att med søskenbornet til Ole, Knut Steinsvik frå Herøy (f.1880), som er fotografert på dette biletet frå 1910. Guten er Ole (f.1902) som er oppattkalla etter far sin. Anna var nemleg gravid då han døde. Ole tok etternamnet til stefaren og vart snikkar og skipper, busett i Langevågen. Biletet er lavoppløyst digital kopi frå Fylkesfotoarkivet
(Hanne) Anna Karoline Marie Antoniusdotter Emblemsvåg (f.1872) vart først gift med Ole Larsson Fylling som omkom "Solon-natta" 1901. Ho gifte seg opp att med søskenbornet til Ole, Knut Steinsvik frå Herøy (f.1880), som er fotografert på dette biletet frå 1910. Guten er Ole (f.1902) som er oppattkalla etter far sin. Anna var nemleg gravid då han døde. Ole tok etternamnet til stefaren og vart snikkar og skipper, busett i Langevågen. Biletet er lavoppløyst digital kopi frå Fylkesfotoarkivet
Litt nyare Vinterbilete der Antonesgarden ligg lengst mot høgre ved sida av Knutgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Litt nyare Vinterbilete der Antonesgarden ligg lengst mot høgre ved sida av Knutgarden. Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
På veg til Skopshornet ca. 1960-62. F.v.: Ivar Flydal frå Sandane, Marit G. Emblemsvåg frå Knutgarden, Lars Ivar og Gunvor Flydal (g. Steinnes), Hallvard L. Emblemsvåg, seinare eigar i Knutgarden, Odd og Helga Ørbeck frå Antonesgarden. Biletet tIlhøyrer Gunvor Steinnes. Fotografen var truleg Lars. G. Emblemsvåg.
På veg til Skopshornet ca. 1960-62. F.v.: Ivar Flydal frå Sandane, Marit G. Emblemsvåg frå Knutgarden, Lars Ivar og Gunvor Flydal (g. Steinnes), Hallvard L. Emblemsvåg, seinare eigar i Knutgarden, Odd og Helga Ørbeck frå Antonesgarden. Biletet tIlhøyrer Gunvor Steinnes. Fotografen var truleg Lars. G. Emblemsvåg.
Anton Emblemsvåg på besøk i heimlandet ein gong kring 1967. Her er han fotografert framom Høybråten kirke på besøk med barndomsvenen Karl Johan Iversen (f.Furset) som vaks opp på Skorene og deretter Eikenosa. Fotografen er ukjend, men dei fotograferte er f.v.: Hjørdis Oline Hansd. Iversen (f. Bjørneset i Volda), Anton si første kone ( svenske Mathilda f. Klingsberg?), Anton og deretter Karl Johan Iversen som dreiv landhandel på Høybråten.
Anton Emblemsvåg på besøk i heimlandet ein gong kring 1967. Her er han fotografert framom Høybråten kirke på besøk med barndomsvenen Karl Johan Iversen (f.Furset) som vaks opp på Skorene og deretter Eikenosa. Fotografen er ukjend, men dei fotograferte er f.v.: Hjørdis Oline Hansd. Iversen (f. Bjørneset i Volda), Anton si første kone ( svenske Mathilda f. Klingsberg?), Anton og deretter Karl Johan Iversen som dreiv landhandel på Høybråten.
Antonesgarden med det nybygde gardshuset på tufta etter gamlehuset i framgrunnen og taket på huset som Odd og Helga bygde i bakgrunnen. 
Foto: Svein Ove Østrem 2015
Antonesgarden med det nybygde gardshuset på tufta etter gamlehuset i framgrunnen og taket på huset som Odd og Helga bygde i bakgrunnen. Foto: Svein Ove Østrem 2015
Antonesgarden med det nybygde gardshuset på tufta etter gamlehuset i framgrunnen og taket på huset som Odd og Helga bygde i bakgrunnen. Foto: Svein Ove Østrem i 2015
Antonesgarden med det nybygde gardshuset på tufta etter gamlehuset i framgrunnen og taket på huset som Odd og Helga bygde i bakgrunnen. Foto: Svein Ove Østrem i 2015
Kathrine Flydal og kua i 1972. Ho er dottera til Jostein I. og Berit (f. Arntsen) Flydal Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Kathrine Flydal og kua i 1972. Ho er dottera til Jostein I. og Berit (f. Arntsen) Flydal Biletet er teke frå Sandane og tilhøyrer Per Almar og Gunvor Steinnes
Nyhuset er bygd på same plass som det gamle og klassisk stil. Det kan sjå ut til å ha omlag same grunnflata også, men med ark og litt annan farge. Foto: Svein Ove Østrem
Nyhuset er bygd på same plass som det gamle og klassisk stil. Det kan sjå ut til å ha omlag same grunnflata også, men med ark og litt annan farge. Foto: Svein Ove Østrem

Antonesgarden er bruk nummer 5 i Emblemsvågen. Bruket vart utskild i 1712 frå Knutgarden, og frå den tid eit av to hovudbruk i Emblemsvågen. Matrikkelgarden Emblemsvåg er truleg det opphavelege sjøstykket til garden Emblem, som igjen er det eldste gardsbruket i bygda. Emblemsvågen, og områda like ved, er rik på funn frå både folkevandringstid og steinalderen, men Emblemsvågen vart truleg eige bruk først etter reformasjonen. Vi finn ein namngjeven Paul i Vågen i 1603. Du kan lesa meir om dei første brukarane i Emblemsvågen her på www.emblemsbygda.com .

Historia om Antonesgarden startar altså på byrjinga av 1700-talet. Den første brukaren var Sjur Torsen (d.1716). Han var svigersonen til Halvard Sjursen som var den siste brukaren av heile Emblemsvågen. Halvard hadde slite med å greie seg og makta ikkje å betale tiendeskatten til kyrkja. Når han døydde i 1699, var det kun 2 kyr, 3 geiter og 3 sauer attende. Enka, Siri Olsdotter Muri (d.1752) gifte seg opp att med Jon Knutsen og det var Sjur at garden vart delt. Han var gift med Randi Halvorsdotter Emblemsvåg(1+5) (1689-1744). Vi veit kun av eit born etter dei.

a) Thore (dp.1714-1719) døydde 5 år 7 veker og 3 dagar gamal.

Det kan verka underleg at gardeigaren, prost Finde, valde å dele garden når det var vanskeleg å klare seg der for ein bygselsmann. Det kan vere mogeleg at det var brukaren sjølv som yngste denne løysinga, for det var dottera til Siri, Randi Halvardsdotter Embemsvåg (1689-1744), som fekk frådelt denne gardparten. På den tida måtte ein ha noko å leva av om ein skulle stifte familie, og det var som regel ein gardpart eller ein husmannsplass. Før ein klarte å skrape saman midlar til å betale husmannsavgift eller bygselsavgift, måtte ein framleis vere ugift og i teneste på andre gardar. Siri var 23 år på den tida ho fekk ein bit av farsgarden og kunne gifte seg det samme året. Det kan også vera ei anna årsak til at hovudbruket vart delt i to. Halvsøstera, Anne Jonsdotter Emblemsvåg frå mora sitt andre ekteskap fekk Knutgarden, sjølv om ho eigentleg var etter Randi i arvefølga. Kanskje var det dermed slik at garddelinga vart eit resultat av at ei avtale i familien?

I likheit med dei fleste gardsbruka på Emblem vart også Emblemsvågen seld frå Niels Wind til kjøpmann Johan A. Heide. Antoniusgarden skifte soleis eigar i 1781, for 160 riksdalar. På denne tida vaks også folketalet. Stadig fleire levde opp, og det vart vanskelegare å finne seg ein leveveg. På denne tida valde stadig fleire frå Emblemsbygda å flytte nærare havet. Fleire vart husmenn kring Ålesundet. Andre vart husmenn utan jord og livnærte seg primært av fiske og handtverk. Dette kan vera litt av årsaka til at bruk med dårleg innkome likevel vart delt opp. Det kan óg verke som om klimaet vart litt varmare, og ein fekk stadig litt meir utkome frå gardsdrift og fiske. Storfolk som prestar og amtmenn byrja å interessere seg meir for korleis ein kunne auke avlingar og buskap ved hjelp av ny kunnskap om gardsdrift. Det tok lenger tid før bøndene kunne endre vanar. Dei rike hadde fleire bein å stå på, medan for folk flest så kunne mislukka eksprimentering føre til svelt i hel. På den andre sida skulle det syne seg at øvrigheita si interesse for nye vekstar og vitenskap også skulle komme den vanlege bonden til gode det komande hundreåret.

Randi og Sjur fekk ikkje så mange åra saman. Han døydde allereie i 1716. Ho gifte seg opp att med naboen Jakob Rasmussen Emblemsvåg (1677-1754) frå Plassevågen. Dei dreiv garden frå 1717 til 1743. Det verka som om dei klarte seg brukbart. Ved skiftet etter Randi i 1744 hadde dei 1/2 hest, 4 kyr, kvige, og ei sau. Hest var dyrt, og noko som ikkje husmenn hadde råd til. Det kan difor vere slik at brukarane i Knutgarden og Antonesgarden delte på hesten. Dei var i slekt, og såg truleg nytta av samarbeidet. Gardshusa låg samla opp under hamrane mot grensa til Emblem og Skorene med åkrane i hellinga nedanfor. Truleg var dette samme plassen der tuna framleis skulle ligge ved utskiftinga frå 1907 og framleis i våre dagar. 

a) Berite (dp.1718-1784) gifta seg først i 1747 med

 Ole Thyges. Akslen(4), frå Høla, brukar  Akslen(4). 

Ho gifte seg opp att i 1750 med enkemann Ole Larsen 

Furnes(1),  brukar Akslen(4).

b) Rasmus (dp.1722-1755) tok over bruket.

c) Halvor (dp.1725-1797) gifta seg i 1748 med 

Anne Siversd. Eikenosøydegard(3), brukar på

Framigar, Eikenosøydegard (3). Sonen, Halvor, vart 

seinare  brukar i Knutgarden, Emblemsvåg(1).

d) Siri (dp.1728) er ikkje nemnd i arveskiftet etter mora.

e) Anne (dp.1731-1775) gifta seg i 1768 med Jens Nils. 

Hoff(I), brukar Bjørge(2). Det var  halvdelen av garden 

der tanta, Inger, gifta seg.

f) Daardi (dp. 1734) er ikkje nemnd i arveskiftet etter mora.

Randi og Jakob tok seg kår hos sonen Rasmus Jakobsen Emblemsvåg (1722-1755) som gifte seg med Anne Jonsdotter Røssevoll (1711-1780). Han seiest å vere ein dyktig kar. Skifteoppgjeret i 1755 syner eit overskot på 150 riksdalar, noko som kunne samsvare med verdien av eit brukbart gardsbruk. Det omfatta ein buskap på 4 kyr, 2 kviger, sau og geit. I tillegg hadde han sjølv sett opp og åtte kverna og naustet på garden. Han hadde ein færing og ein liten båt som var bygd på garden, 23 vågar tørrfisk til ein verdi på 10 riksdalar og 3 riksdalar i lommeboka. Kverna stod truleg i nærleiken av Plassevågen der ei småelv kjem ned bakkane mot sjøen. Den vart også demma opp omtrent der Spilka har fabrikk oppe ved hovudvegen. Dammen kan óg ha vore nytta til sagbruksdrifta, og kanskje ha vore bygd allereie på 1600-talet. I våre dagar er det ikkje spor av dammen og det var det heller ikkje ved heimeutmarksutskiftinga i Emblemsbygda i tidsrommet 1885 til 1887.

a) Jacob (dp.1743-1801) gifta seg i 1768 med enke 

Maren Pedersd. Alnes(3), brukar Alnes(3). Dei

flytta til Klokkarsund, der Jacob døydde.

b) Torsten (dp.1744-1803) gifta seg først med N.N. Namnet

er ikkje kjend. Han gifta seg opp att i  1774 g.m. enka 

Ingebor Rasmusd.  Østrem(2) frå Larsgarden, brukar Humlen(6).

c) Gunild (dp.1746) tok over bruket etter kvart.

d) Randi (1748-1748) døydde 14 dagar gamal.

e) Jon (dp.1750-1765) døydde 15 år og 2 mnd. gamal.

f) Synneve (dp.1753-1814) gifta seg med enkem. Ingebrigt 

Larsen. Husmannsfolk u/ jord 1801,  brukar Haugen(1), Fiskarstrand.

Enka Anne gifta seg på nytt i 1756 med Hans Arnesson (Sul-)Øygard(1) (1735-1777) frå Hareid, men fekk ingen fleire born. Dei fortsette å drive garden til dei tok kår i 1771.  1784 tok han over i Plassevågen, og  gifte seg på ny med enka Marthe Jensdotter Hatlen(Y,1) (1720-1791), som opphavleg vart fødd på  Synnes. Halvbroren til Hans, Salomon, brukar Blindheims-Breivik(1+2).

Dottera Gunnhild Rasmusdotter Emblemsvåg (dp.1746) tok over bruket. Ho gifte seg med Ole Ebbesen Emblem(8) (f.1744) frå Ebbegarden. I tredje generasjon på rad finn ein 6 born i familien. Dei veit vi ikkje så veldig mykje om. I 1801 vert Gunnhild omtala som innerst i Emblemsvågen som «nyder amisse af sognekassen». Ho døydde visst på Røssevollen og då truleg på farsgarden hos slekta si.

a) Morten (dp.1772-1772) døydde 7 veker gamal.

b) Karen (1773-1847) døydde på Blindheim.

c) Ragnhild (dp.1775).

d) Martha (dp.1778-1779) døydde 1 1/4 år gamal.

e) Sivert Martinus (dp.1781).

f) Hans (dp.1783-1790) døydde 6 år gamal.

Den nye bygselsmannen heitte Jens Anderson Skjortenes (dp.1751-1787). Han kom opprinneleg frå Stranda, der han var fødd på Langlo. Familien flytta til Skjortenes i Stordal kring 1755. Jens hadde ei søster, Birthe, som budde i Ebbegarden, på Emblem(8). I 1786 gifte han seg i heimbygda med pige Johanne Erichsdotter Fram-Fausa (dp.1752-1825). Dei flytte til Emblem, og bygsla Antonesgarden det same året. Dei fekk ikkje lange stunda saman. Jens omkom på havet, og vart gravlagd året etterpå den 28. mai 1787. Dei fekk ingen born.

Enka Johanne Erichsdotter Fram-Fausa (134b) (dp.1752-1825) gifta seg på nytt i 1788 med  Ole Mogensson d.y. Hundeide(1) (1758-1823) frå andre sida av fjorden, og han tok over både bygselskontrakta og kårplikta. I Johanne si tid vart garden seld frå enka etter handelsmann Heide til Knud Danholm for 345 riksdalar i 1809. Knud kjøpte også ei rekke andre gardar i bygda. Ole var ein av mange som vart forhøyrd etter borgundopprøret i 1816, der Stephen Stephenson Emblem frå Steffågarden vart henta ut av fengselet i Kolvika. Ole fortalde som mange andre at han vart motvillig med. Han fekk følgeleg lite straff etter dette. Ole fekk 4 born med Johanne, men berre to levde opp. I tidsrommet 1792 til 1794 vert Johanne si søster, Anne Eriksdotter Fram-Fausa nemnd på Øvste-Aksla.  Ole og Johanne tok kår i 1820.

a) Jens Carolus (dp.1789-1789) døydde 7 veker gamal.

b) Ingebor Martina (dp.1790-1790) døydde 8 dagar gamal.

c) Ingebor Cathrine  Marie ( dp.1792-1831) gifta seg i 1814 

med ungkar Ole Pauls. Festøy(2), brukar Festøy(2).

d) Helena Andrina (dp.1796-1863) tok over bruket.

Svigersonen Anders Rasmussen Rørhus (1795-1875) kom frå Hjørundfjorden og forlova seg i 1820 med Helene Andriana.  På eit tidspunkt etter 1838 vart Helene spedalsk. Ho vart registrert i lepraarkivet, men fekk truleg ein mildare variant. Ho vart ikkje sendt til hverken lepasjukehuset i Bergen eller til Molde. Helene døydde heime på garden i 1863. Anders gifte seg opp att året etterpå i 1864 med Isachine Olave Olsdotter Akslen (1819-1896) frå Høla. Han var ikkje meir enn 54 år gamal når han tok kår i 1849. Han vart nemnd som fattiglem då han døydde. Isachine døydde som legdskone på Nedregotten. Dei fekk ei dotter i lag. Ho er nemnd som hushalderske i Guttormgarden, Nedregotten(2) i 1900.Kanskje var det der mora døydde?

a) Ole Johanes (dp.1821).

b) Rasmus  Emmanuel ( 1822-1858) tok over bruket seinare.

c) Johanne Maria (f.1824).

d) (Ole) Johan  Andreas ( 1826-1906) gifta seg i 1849 med

Ane Gurine Ludvigsd. Hesseberg(2), brukar  Hesseberg(2).

e) Ingeborg Marie (1828-1881) gifta seg i 1851 med Rasmus 

Ols. Søvikhaug, Øvre-Søvik(3), brukar  «Hatleholen-Ytre», Hatlehol(2).

f) Elen Johanna (1830-1906) gifta seg i 1860 med Ole 

Andreas Ols. Stokkereit, busett Buholmgata,  Ålesund 1900. 

Elen døydde i Bergen.

g) Ingeborg (1833-1892) døydde som fattiglem i Ålesund.

h) Hellene (1838-1838) døydde 6 dagar gamal.

i) Eline Olivia  Birgithe Marie ( f.1866) var ugift husholderske 

i Guttormgarden, Nedregotten(2) 1900.

Anders fekk bygselsbrev med Knud Danholm, i 1820 og dreiv garden til 1849. I 1840 gjekk skøytet på garden frå enkefru Marie Bruun født Danholm til Ole Peter Larsen Gjørvad for 185 Speciedalar. På denne tida vart fleire av bruka på Emblem kjøpt til sjølveige frå Bruun, men det skulle enno ta mange år før Antoniusgarden vart eit sjølveigd bruk. Det gjekk heller ikkje så bra med Anders. I august 1850 kom lensmann Landmark til Antonesgarden for å halde eksekusjonsforretning. Tinglysnings-protokollen er dels uleseleg, men ein kan tyde at det er ein A. Landmark var kreditor. Dette var kanskje den tidlegare futen, og fogden på Sunnmøre. Anders hadde ikkje noko særleg å betale for seg med. Han var no kårmann og hadde seinast året i forvegen lånt 76 Speciedalar. Truleg var det desse pengane med renter som no skulle inndrivast når han ikkje makta avdraget.

Sonen Rasmus Emmanuel Andersson Emblemsvåg (1822-1858) tok over bygselskontrakta etter far sin, men han vart ikkje verande lenge. Han gifta seg i 1848 med Massi Eriksdotter Bjerke(5) (1822-1849) frå Hjørundfjorden. Ho døydde i barselseng, 26 år gamal og året etter sa han frå seg bygselskontrakta.

Den tiande kjende brukaren på garden heitte Antonius Britanus Johannesen Spjelkaviknes(3) (1825-1920). Det er etter han at garden har fått sitt noverande namn på folkemunne. Han tok over i 1850, og dreiv bruket til 1886. Kona, Maren Beate Larsdotter Nedregard (1826-1889) kom også frå Spjelkavika. Dei gifta seg i 1849. Det var far til Maren, Lars Larsen Nedregård, som var gardeigar i Antonesgarden etter at han kjøpte det for 148 Speciedalar i 1841. Antonius fekk kjøpe garden  for 400 speciedalar  frå svigermor si i 1870, etter at ho vart enke . Av desse skulle 50 speciedalar betalast til hans eldste dotter, Lovise, i følge kjøpskontrakta. Det var kanskje hennar arv etter bestefaren. Videre vart 90 speciedalar omgjort til obligasjon som kjøparen vart skuldig svigermor si. Han måtte også ta over kårytingane til faren Anders. I tillegg lånte han 150 Speciedalar frå Borgund overformynderi, eit lån det skulle ta berre 6 år å betale attende.

a) Lovise Marta (1849-1924) var ugift. Er nemnd 

som fosterdotter hos besteforeldra på Nedregård i

1865. Ho var pleier for spedalske i Bergen, og 

døydde sjølv som  spedalsk.

b) Johan (1853-d. før 1896) gifta seg i 1882 med 

Sara Amalia Kristiansd. Nygaard frå Davik. Dei flytta

til Ålesund. Ho er nemnd som enke i «Torv Gade» 1900.

c) Lars (1853-1907) gifta seg i 1880 med (Berthe) Maria 

Johanne Eliasd.  Spjelkavikgjerde(5), brukar Spjelkavikgjerde(5). 

Dei flytta til  Ålesund i 1883. Lars døydde der. Maria emigrerte 

til Canada,  og Seattle, der ho døydde i 1937.

d) Ole Andreas (1855-1933) gifta seg i 1882 med Caroline 

Petrine Knutsd. Skarbø(1), brukar i Olevågen, Eikenosvåg(2). 

Flytte til Ålesund i  1885. Vognmann i Ålesund 1900, og 

enkemann 1910.

e) Maren Johanne  Karoline ( 1859-1897) tok over bruket.

f) Amalie Sophie (f.1866) gifta seg i 1888 med Kristoffer 

Olavius Lars. Søvik(2), brukar i Søvika.

g) Peter Andreas (f.1869).

h) (Hanne) Anna  Karoline Marie ( f.1872) gifta seg først i

1901 med Ole Martinus Larss. Fylling(6). Han gifta seg på

nytt i 1905 med  Knut Ragnvald Harald Hanss. Steinsvik, 

busett i Langevåg. Dei f ekk i 1899 sonen Anton med 

Joachim Thomas Peder  Johanss. Emblem(2), frå 

Garsendhaugen, som døydde ved  fødselen.

Truleg var det behov for ein del kostbar istandsetting av husa, og kanskje nybygging også. Gardshusa hadde nok forfalle når Anders dreiv garden. Med dårleg råd var det mest uråd å halde forpliktelsane sine. Antonius tok opp lån på 100 kroner frå Borgund Overformynderi i 1878, mot 5% rente. Det var samme kreditor som han i 1870 hadde lånt 150 kroner av. Det lånet var ikkje ferdig nedbetalt enno, men han syntest å klare seg rimeleg godt likevel. Antonius selde bruket vidare til svigersonen Sevrin Kornelius Rasmussen Kvalen (1856-1952) frå Rovde, mot kårkontrakt i 1886. Der kan ein mellom anna lese følgande:

Jeg underskrevne Antonius Johansen Emblemsvåg sælger, skjøder og overdrager hervedtil min kjære svigersøn Sevrin Rasmussen Emblemsvog mit ifølge Skjøde af 24 de Juni 1870, thingl. 19De December (..)eiende Gaardebrug i Emblemsvog, (..) for omforenet Kjøbesum Kr. 1200. tolv Hundrede Kroner, som er betalt saaledes: kontant betalt 1100 (elve Hundrede) Kroner og overtaget en Panteobligation til Borgund Overformynderi, stor 100, et Hundrede Kroner. Men saa forpligtelse han herhos til at svare mig og min Kone Karen Larsdatter Emblemsvog for vores Levetid følgende aarlige Føderaad: 1) 144 K; er et Hundrede fire og firti Kilogram Byg (8 Vog), 288 K; , to hundrede otte og otteti Kilogram Havre (16 Vog) og 560 Liter. Fem Hundrede og seksti Liter, Potetes, Alt af Gaarden almindelig Avling ... tilleveret i Løbet af Høsten og Vinteren saaledes som god Skik og Brug tilsiger. 2) Foder, Grædsgang, Agt, Tilsyn og Mælkning til 2 – to- Kjør og 4 – fire- Smaafæ (Sauer) og forsaavidt der af disse sidste er Lam skal de ogsaa fremfodres om Vaaren. 3) Fornødent Husrom for os og vort (...) obekvemmeligheder skal være i Lillestuen med Loft over og Kjelderen under og med Kammer, samt i Feldesskab med Kjøberen Fordør og Kjøkken. 4) 3 – tre- Kander Olie som Belysningsmiddel, tilberedt i ordentlig Tid. 5) Brendfang til Fornødenhed af samme Slags, som Kjøberen selv bruger. Jeg besørger selv Brændefanget tilavet og hjembragt saalenge jeg føler mig istand dertil, men ellers skal det færdigt tilbringes os og, om det i noget Tilfælde skulde blive nødvendigt, skal det ogsaa ophugges og bringes til Behov endog til vort Ildsted. 6) Kjærlig dengang til alle Tider, og kjærlig Tilsyn og Pleie, naar behøves, fornemndig i Alderdommen og er os udvist og har bestemte Grændser, og kan der i den Stand det nu ligger, avles omtrent 36 – seks og tredve – kilogram tørt Hø, paa sammen. Muld og Gjødsel til sammen svares os ogsaa, men som vi selv paakjøre, saa længe vi føler os istand dertil, ellers paakjøres det for os. Formaling af Føderaadskornet naar vi selv ikke ere istand til at formele det. 9) Fornøden Brug af Hest, paa de Tider det ikke medfører for stor Uleilighed for Kaaryderen. 10) Føderaadet, der hefter paa Bruget i hvis ... eller Besidderen dette end maatte komme, skal i det Hele og i det Enkelte være godt og forsvarligt i enhver Henseende, ligesaa det ogsaa skal leveres i ordentlig Tid saaledes som god Skik og Brug tilsiger. Føderaadets Verdi for 5 – fem- Aar er efter bedste Skjønn ansat til Kr. 851, otte Hundrede en og femti Kroner. 11) Naar et af Føderaadsfolkene ved Døden afgaar, bortfalder for den Længstelvende: 72 -to og sytti- Kilogram Byg, 108, et Hundrede og otte Kilogram Havre, 280 og to Hundrede og otteti Liter Poteter, 1 -et – Kofoder, 2, to, Smaafæfoder. Naar den Længstlevende ikke skulde selv være istand til at bruge Markestykket falder ogsaa dets Brug bort. 12) Skulde vi finde forgodt at borflytte fra Bruget, bortfalder Husrom (dog ikke for Foderkræaturene) ... Brændefanget Tilsyn og Pleie, Brugen af Marstykket, Brugen af Hest og Formaling af Føderaadskornet. Vi afhende i saa Fald vort Føderaad selv til ordentlig Tid. # Dette var altsaa om Føderaadet til os # I den herved solgte Eiendom ligger en uskyldsat Plads, «Reiten», der beboes af Ludvig Ingebrigtsen Emblemsvoog, hvis fæsteret forbeholdes ham efter hans Fæsteseddel (Pladsen følger naturligvis med i Kjøbet) # Thi skal ovennævnte Brug i Emblemsvog med de sammen tilhørende Herligheder, Rettigheder og Tiliggelser, men ogsaa med Byrder og Forpligtelser, herefter følge og tilhøre velmeldte Kjøber hvis Hjemmelsmand jeg forbliver efter Loven – Aalesund d. 11De januar 1886 – Antonius Johan Emblemsvog m.f.P. Vedtages Sieverin Rasmussen Emblemsvog. Til Vitterlighed.

Sevrin gifta seg i 1885 med (Maren) Karen Johane Karoline Antoniusdotter Emblemsvåg (1859-1897). Dei fekk fire born. Dei skal vi fortelle litt meir om:

a) Marie Anna Sofie (1887-1983) var eldst. Ho hadde tent litt pengar som budeie då ho emigrerte til USA i 1904, 17 år gamal saman med tanta si frå Garsendhaugen, Helene Johansdotter Emblem på 28 år. Helene hadde arbeid ei tid som meierske på smørmeieriet på Emblem. Det låg rett vest for Ebbegardsløa, bygd midt i Røssevollelva mot grensa til Garsendhaugen . Dei to drog først til Marie si tante i Clarkfield, Minnesota med «White Star Line» over Atlanterhavet. Dette kan vere kona til Siverin Julius Martinnus Johanson Emblem (f.1867) frå Garsendhaugen som emigrerte i 1893 til Minnesota. I so fall er det underleg at dei ikkje oppgav han i staden. Det er mogeleg at han var død og at enka etter han trong hjelp til gardsdrifta. Marie flytta etter kvart til St. Paul og deretter Minneapolis. I oktober 1905 gifte ho seg med læraren og gardbrukaren Hellick J. Glaim i Swede Prairie township. Han var frå ei av dei eldste nybyggarslektene der og arva bruket etter far sin. Dei fekk 7 eigne born og eit fosterborn. 

b) Anton Ragnvald Peter (1890-1992) tok over garden

c) Sofie Karoline Emilie (1894-1963) som tok seg av. Henne skal vi komme meir attende til. 

d) Karn Lovise Josefine (1897-1975) var yngst i borneflokken. Ho skal eg kome attende til. Sevrin og Karen fekk ikkje så mange åra i lag før Sevrin vart enkemann. Karen Johane døydde i barselseng i 1897. Sevrin gifte seg etter kvart opp att med Anne Eline Johansdotter Emblem(2) (1865-1943) frå Garsendhaugen. Det var hennar søster som Marie drog til Amerika i lag med

I 1900-tellinga hadde Sevrin «antatt oppholdsted Aalesund», men registrert i Antonesgarden ved tellingstidspunktet. Han var truleg på fiske i lag med dei fleste andre mannfolka i bygda. Det vert også opplyst i teljinga at han var «Leverandør af Sand til Aalesund». Det var kansje snakk om støypesand, og han gav seg med det før 1910. Heime var det Anne som dreiv bruket saman med kårkallen Antonius. Med born på 3, 6 og 13 så kan ein nok rekne med at ho fekk hjelp av eldstedottera Marie til å passe dei yngste. I tillegg var søstera hennar, Scharlotte Johansdotter Emblem frå Garsendhaugen, Emblem(2) registrert som tenar «sysselsat del med Kreaturstel, dels med Husgjerning». Scharlotte var 37 år og allereie enke på dette tidspunktet.

I 1907 vart det halde utskifting i Emblemsvågen. Til den tid hadde matrikkelbruket vore teigbytt med 10-15 teigar på kvar av dei to hovudbruka, Knutgarden og Antonesgarden. Resten var tidlegare plassebruk som gradvis fekk sjølveige. Dei fleste åkrane låg oppe under hamrane mot grensa til Emblems-gardane. Der hadde også husa lagt i ei klynge i eldre tider og dei ligg omtrent på same plassen den dag i dag. Grensa mellom Knutgarden og Antonesgarden vart sett midt gjennom dette klengetunet, der Antonesgarden fekk den austlege halvdelen der husa allereie stod. Soleis sparte dei kostbar flytting også. Dei fleste gamleåkrane vart dermed liggande på Antonesgarden sin eigedom, men det vart også ein god del av myrene, så dei vart nok vel forlikte likevel. Dei hadde rås til fjellutmarka vestanfor innmarksgrensa til Emblem og Røssevollen og inngjerda heimeutmark på Emblemsanden, mot Lisje-Helvete og vestanfor Plassevågen der den vestelgaste delen av byggefeltet på Flisneset ligg i våre dagar.

I 1910-teljinga hadde Marie reist til Amerika, medan dei andre borna framleis var heimeverande. Antonius vart registrert som Antones Jonassen, så han møtte truleg ikkje opp personleg på tellestaden på skulen i bygda. Anton dreiv som tenar med forskjellig arbeid på garden, medan Sofie tok seg av husarbeid på bruket. På den tida var det ikkje vanleg at eldre born gjekk heime, så dei vart som regel registrerte som tenarar i staden. Anton hadde enno ikkje byrja som tømmrar, men det var ei vanskeleg tid for unge å få seg arbeid på. Mange ungdommar reiste difor til Amerika for å arbeide i tømmerindustrien på vestkysten eller til slektningar. Det vart løysinga for både Marie og Anton etter kvart.

Anton Severins. Emblemsvåg (1890-1992) var fiskar og tømrar. Han fekk skøyte på garden i 1939, men dreiv det ikkje sjølv. Han reiste til Clarkville Minnesota i 1911. På den tida var det mange som reiste over dammen. Det var vanskeleg å finne seg arbeid i heimlandet på den tida, og løfter om gratis reise mot eit års arbeid i mellom anna tømmerindustrien på vestkysten lokka mange frå Emblemsbygda. Anton endra etternamnet til Emblem. Han fekk seg raskt arbeid som snikkar, då han allereie hadde litt erfaring med husbygging i Spjelkavika før han drog. Om det var planen at han skulle kome heim att veit eg ikkje sikkert. Han fortel sjølv at USA den gongen var eit betre land å bu i, og arbeidet var mykje betre betalt. Han gifta seg etter kvart der borte, og då var nok avgjerdsla tatt. Først gifta han seg med svenske Mathilda Klingsberg i Lake County i 1929. Deretter gifta han seg om att med Viola Myrtle Conger (1903-1999) i 1973. Han var fleire gongar attende til gamlelandet på besøk, og fekk vittjing den andre vegen óg. Han var ven med sambygdingen Hans Iversson Furset frå Skorene/ Eikenosa, som var handelsmann på Høybråten i Oslo. Der var han fleire gonger på sine vel seks besøk i heimlandet. I sitt 92. år vart han intervjua av Ålesund Arbeideravis i forbindelse med turen heim for å feire søskenbornet Gunnvald Myren i Spjelkavika. Det var første besøket på vinterstid. Han gleda seg til å prøve eg på torskefangst i Borgundfjorden, og dreiv då framleis litt som snikkar i pensjonistbyen Kings City, sør for Portland. Anton døydde i Portland, Oregon

Yngstesøstera, Karn Lovise Josefine (1897-1975), kalla seg sjølv Karen. Ho flytta til Oslo etter 1910, og gifta seg der med Leon Ørbeck. Han var opphaveleg fødd Harald Leonhard Ørbeck (f.13.12.1888) og frå Ørbeck på Eidsvold. I 1910 vart Harald registrert som busett i ei bakbygning i Bjerregaardsgata 13 saman med mor si, enka Petra Hansdotter Ørbeck (f.1865), og ei ugift syjente frå Nord Odalen som heitte Olina Thorgersen. Petra var 45 år gamal på dette tidspunktet ansatt ved «automat». Ho vart tidleg enke, for ho var enno ugift i 1900. Harald Leonard livnærte seg som «malersvend». Om Olina var i slekt veit eg ikkje, men med ei leie på 20 kr i månaden, så trong dei kanskje ta inn losjerane. Både Harald og Helga er fødd på Eidsvold. Helga var også uekte fødd, og busett på garden Ørbeck (191/1). Der budde ho først hos besteforeldra sine, og deretter hjå tanta og onkelen på samme gard. Ho tente litt attåt på handarbeide, og forsørga sonen sin på det. I 1900 er ho registrert som utmeld av statskyrkja. Harald Leonard nytta sjølv namnet Leon, som ei forkorting for Leonard. Leon og Karen gifte seg i 1922. Nok ein gong er det vanskeleg å finne bryllaupsregistreringa. Det kan også tyde på at dei vart gift utanfor statskyrkja og til dømes var i arbeidebevegelsen. Dei fekk gutane Odd (1920-1985) og Arvid (1922-1988), som kom til Emblemsvågen og hjelpte tanta og bestefaren med gardsdrifta om sommaren. Arvid emigrerte til Amerika.

Sofie Karoline Emilie Sevrinsdotter Emblemsvåg gifta seg aldri. Ho dreiv bruket for bror sin frå 1939 i lag med faren. Då dei ikkje makta drifta lenger, flytte Odd frå Oslo for å ta over i 1950. Det var nok ikkje så lett å greie seg på gardsdrifta åleine, så han fekk arbeid på Ødegårds Karosserifabrikk i Puskhola, og gifta seg med dottera til eigaren der, Helga Johanne Olsdotter Ødegård (1926-1977). Svigerforeldra var Ole og Karoline Ødegård. Karoline var fødd og oppvaksen i Magerholmdalen. Odd og Helga fekk borna Linda Karin (f. 1960) og Ole Leon (f.1961). Dei bygde seg nytt hus på garden.

I 1964 vart Antonesgarden sin del av friområdet på Emblemsanden seld frå Odd Ørbeck til Borgund Kommune for 120 000 kroner. Saka hadde pågått i om lag eit år. Det var mellom anna friluftsnemnda til Borgund kommune som tok initiativet til å kjøpe 23,6 dekar av Emblemsanden frå Antonesgarden,  til friområde og badestrand. Det vart peika på at dette var eit av dei finaste områda i kommuna. Det hadde dessutan vore nytta til badestrand temmeleg lenge, og fotballanlegg i over 30 år. Odd sa seg villjug til å selje sitt stykke frå austenden av parkeringsplassen til "utløået" av Storelva i Kriken. Han åtte også neset på andre sida av elvemunningen. Resten av området tilhøyrde stort sett Knutgarden i Emblemsvågen. Statens friluftsråd stilte raskt størstedelen av summen til rådvelde, medan både bygartnaren og kommuneingeniøren var positive til at Ålesund og Borgund i fellesskap skulle spleise på resten av beløpet det ville koste.

Begge borna tok over Antonesgarden etter foreldra sine. Eldstedottera Linda Karin (f.1960) gifta seg med Roar Opsahl (f.1961) i 1988, og reiv det gamle våningshuset for å bygge nytt. 

a) Sunniva(f.1990), busett Ålesund.

b) Sondre (f.1993), busett på garden.

Broren  Yngstesonen, Ole Leon, er sambuar med Anne Irene Lilleeide (f.1964). Ole Leon tok over huset som foreldra hadde bygd ved tunet. Det er i dag ikkje lenger gardsdrift i Antonesgarden.

a) Eirik (f.1992) er sambuar med Linn Strømsnes frå Ålesund.

Busett på Emblem.

b)  Anders (f.1999). Busett ved garden.

Søskena  og naboar, starta i 2017 å dele opp markane i Emblemsvågen til nye bustadfelt. Mykje av dette er no ferdigbygd skråninga der  Ludvikplassen og delar av markane Plassevågen låg, mot grensa til Flisnes. Delar av vegen til Emblemsanden er lagt om, og sikra bedre mot hovudvegen til Magerholm.