PEDER EMBLEMSVÅG

Peder Greg Larsen Emblemsvåg vart fødd i Knutgarden, bruksnummer 1 i Emblemsvågen den 29. april 1921. Han var son til gardbrukar Lars Karl Knudsen Emblemsvåg (1872-1923) og Karen Marie Emblemsvåg (1878-1962) frå garden Myren i Valldalen. Peder var yngst i ein borneflokk på 10. Alle søskena budde nok ikkje heime då Peder kom til verda. Eldstebroren var 18 år gamal og fleire av dei eldste søskena var truleg i teneste på andre gardar etter konfirmasjonen. Peder hadde truleg lite erindring av far sin. Han var berre to år gamal då Lars døydde av astma og bronkitt. Slikt kunne få alvorlege følger på den tida.

1920-åra var ei vanskeleg tid for folk flest i Borgund, og ufatteleg mykje hardare måtte det vere for ei enke med 10 born. Men dette var ikkje tid for å sette seg ned og sørge. Karen krumma nakken og synte ei utruleg styrke som både småbornsmor, husmor og einsleg gardbrukar. Ho gav så visst ikkje opp nokon gong heller, for ho fortsette slik i heile 20 år. Då var ho 65 år gamal. I tillegg tok ho inn losjerande om sommrane i den verste tida med alt som skulle bergast i hus. Ho trong så visst pengane, og flytta sjølv ned i kjellaren med borna sine, men det som berga familien var truleg at dei eldste borna var for vaksne å rekne. Dei litt yngre kunne óg hjelpe til med både hus og bornepass, men det var likevel Karen som måtte sørge for at alle fekk klede og mat på bordet kvar einaste dag. Ho vert også omtala i særs gode ordelag av dei landliggarane frå byen som var så heldige å få vere i Knutgarden heile sommaren. Våren og sommaren 1940 hadde ho framleis husrom og hjarterom for dei som rømde frå krig og bombefrykt i Ålesund. Karen må ha påverka Peder til den heidersmann han for ettertida vert omtala som.

Me veit litt om korleis det såg ut i Knutgarden den gong Peder var liten gut. Tre- og murveggar var kvitmåla med breie vindaugskarmar der geraniar i alle fargar pynta opp. Nede i kjellaren hjå gardsfolket var det grue og ein svart komfyr. Der stod to vassbytter med ei vassause som alle drakk vatn frå. På veggane hang heimelaga hyller med pyntekapper på der koppar og fat med rosepryda glasur hadde plassen sin. På golvet var det filleryer og borna fekk plass kring eit trekvitt langbord med tilhøyrande slagbenk, der truleg Karen sov om natta. Utanfor kjellardøra var det ei stor steinhelle til benk. Den var plassert slik at dryppande vatn frå torvtaket ikkje skulle nå mjølkespannene som stod til tørk. Der var også eit kvitmåla stakittgjerde der silaklutane og dørslaga vart hengde til tørk etter stell av mjølka.

Karen var ei triveleg dame med krølla hår og rull i nakken. Samstundes fekk både byborna og eigne born tidleg lære seg å ikkje springe på attlegane der slåttegraset skulle få vekse seg til i fred. Karen fekk 80 kroner i leige for å låne ut husvere i to månader. I tillegg skulle byfolket ha mjølk, egg og det som dei trong til matstellet. Kyrne kunne altså ikkje sendast på setra. Dei beita heller i heimeutmarka, enten omlag der dei eldste byggefeltgatene, «Luvikdalen» og «Brennevegen» vart bygde på slutten av 1970-talet rett vest for tunet, eller på Emblemsanden i aust. Når kvigene var kalveferdige måtte ongane hente dei anten ute i «Løkane» eller «Brendhaugane», der byggjefeltet ligg i våre dagar. Peder måtte også hjelpe til med ein gong han var gamal nok til å dilte med. Vidare fekk ungane tidleg ansvar for å gje kalvedrykk til småkalvane, trakke høyet i høyvogna, springe ærend og ikkje minst halde byungane med selskap. Det er godt mogeleg at byjenta Harriet Emblemsvåg, seinare gift Leithe, leika seg saman med Peder der nede i Emblemsvågen fleire sommrar. Der var også godt naboskap i Emblemsvågen, så Karen fekk nok både hjelp og gode råd når det trongst.

Eg veit ikkje så mykje om skuleåra til Peder. Han valde seg ei millitær offiserskarriere allereie før den andre verdskrigen og etter skulegongen på Emblem. Han var kanskje var ei tid i teneste som dreng før han flytte til Trondheim, 18 år gamal. Det er lite truleg at Peder kun hadde tankar om ei trygg inntekt då han valde denne vegen, for han visste at det var farlege tider i Europa med Tyskland på framars austover. Samstundes så hadde Norge vore nøytralt ved den førre verdskrigen og få trudde at Tyskland eller England skulle forsøke å okkupere eit lite land som Norge. Likevel vil eg tru at militær strategi kan ha vore tema på 5. divisjones skule i Trondheim der han byrja i 1939 og ein visste at jernmalm og andre råvarer frå Norge kom til å verte viktige for dei krigførande partar. Likevel kom hærtakinga som ei stor overrasking. Då Tyskland uventa gjekk til åtak på Norge i aprildagane 1940 vart Peder med på forsvaret av Norge. Han deltok i krigshandlingane som soldat i Nord Trøndelag, før dei vart oppløyst og avvepna av den tyske overmakta. Kanskje kom han heim att til Emblemsbygda etter dette, men han vart i so fall ikke verande der særleg lenge.

Som den einaste frå Emblem, var han med på å stele attende M/S Erkna med kjenningsmerka M-144-HØ17, som hadde vorte rekvirert av den tyske marina etter okkupasjonen. Den tidlegare jerndampbåten. Berekna på fiske låg nemleg i april 1940 ved Hatlø verkstad i Ulsteinvik for å skifte til meir moderne motor. Tyskerane nytta båten mellom anna i Nord Norge i omlag eit år. I november 1941 hadde Erkna kome heim att ein tur til Sunnmøre. Fleire hadde syssla med tanken om å ta båten attende. Midt på natta 17 november 1941 gjekk 60 mann ombord i båten ved «Halvdanbuda» i Ulsteinvik. Her var Peder med. Dei sette kursen mot Lerwick, og var framme på Shetland den 19. november. Dette er den største rømningsgruppa som kryssa Nordsjøen i same farty. Dei var dessutan veldig heldige som kom seg over midt mellom to stormar. Båten skulle seinare gjere tre turar attende til Norge i 1942 for den berømde «Shetlandsgjengen», før ein meinte at båten no var for lett gjenkjenneleg.

Peder drog vidare frå Shetland til fastlandet. Han fekk først plass i den Norske Brigade, og vart raskt tatt ut til utdanning i Kompani Linge. Han var ferdigutdanna der i 1942. Etter dette vart han kadett ved Krigskulen i London i klasse C frå 1942 til 1943. Ved uteksamineringa vart han sett i tjeneste for 10. Kommandos. Dette var ei elitestyrke som skulle nyttast på kritiske stader i Europa mot slutten av krigen. Peder vart derimot flytta over frå kommandogruppa «Farnborough 8» til oppdrag i Norge for å hjelpe den lokale Milorg avdelinga i Gausdal med organisering og instruksjon. Han vart floge inn frå Skottland til Sverige 8. januar 1945 og møtte distriktsjef, Wilhelm Molberg Nilsen i Milorg i Gudbrandsdalen ved Tretten 10. februar 1945. Det vart bestemt at han skulle ha ansvar for beskyttelsestiltaka i Lillehammer-avsnittet.

I februar vart også små spesialkontainarar sleppt med hell framom Mjølrakkhaugane i snøstorm. Utstyret vart gravd ned. På denne turen vart også utstyret til karane i «Farnborough 8», Peder Emblemsvåg, Einar Boyesen og Johs. Elvestad med. Men det kunne gått gale. Noke av utsyret fall ned eit stykke unna landingsplassen. Noko av dette var utstyret til Peder. Heldigvis vart det funne av nokre damer frå Otta. Dei kjende til ein lokal motstandsmann i Roterudbygda og sende utstyret dit. Tilfeldigvis var Peder der akkurat då. Han nytta dekknamnet «Bjarne Roald» Desse vårdagane skulle verte nokre av dei farlegaste han til no hadde opplevd.

Frå sin eigen rapport, gjengjeve i bøkene « Vi vil verne vårt land: Antisabotasje i Norge 1944-1945» og «-Det var ei rar tid: Hjemmefronten i Gudbrandsdalen 1940-1945», så sette han mellom anna opp ein plan for å hindre tyskerane i å ødelegge kraftforsyninga i området. Men Gestapo hadde fått nyss om at det var motstandsmenn der.Ved Neverfjell gjekk han seg ein dag rett på ei tysk skipatrulje. Dei hadde kvite forsvinningdrakter og hadde laga ei «lomme» utan at han hade sett dei. Tyskarane stod bak trea og ropte «halt» samstundes som dei opna eld frå tre kantar med maskinpistolar då han var kloss innpå dei. Til alt hell klarte han å vende om utan å verte trefft. Han kasta sekken og køyrde utfor ei bakkeskråning i håp om at dei var dårlegare på ski. Det skulle syne seg at dei var betre på ski og skaut kvar gong dei kom til ei lyning i skogen. Han hadde ingen andre valg enn å gjere motstand ved å legge seg i dekning og skyte mot dei her og der på vegen. Då tyskerane måtte søke dekning fekk han endeleg eit forsprang. Han traff minst tre tyske soldatar som segna om. Under flukta kom han midt inn på setervollen på Grøtåsen uten å merke at tyskerane heldt på å gjennomsøke seterhusa. Det enda med at han vart skoten i låret. Nysnø gjorde at det vart vanskeleg å skjule spora etter seg Likevel klarte han å kome seg i dekning. Det syner óg kor dyktig han var. Med eit skjorteflak som bandasje Etter diverse omvegar enda han på Nordsætervegen. Der fekk han magekrampe slik at han måtte legge seg ned. Samstundes høyrde han tyskerane i skogen bak seg. Med berre eit magasin attende i Colten vurderte han å skyte seg sjølv i eit redsleanfall, før han kom til hektene igjen. Tyskerane fann han ikkje.

Peder roa ned ei tid med instruksjonsarbeid for dei lokale Milorg-karane, før han drog vidare til Gausdal i slutten av april 1945. Når frigjeringa kom var 100 mann fullt bevepna og klar til innsats.

Den 10. mai fekk Milorg dessutan ansvaret for alt vakthald i Lillehammer og Gudbrandsdalen iført engelske «battledressar» Peder var med som millitær rådgiver i distriktsledelsen i Heimestyrkene D-23 ved den tyske kapitulasjonen i Norge. Lillehammer var ein viktig by på denne tida og hovudkvarter for den tyske hæren i Norge. I tillegg skjulte det seg både gestapistar og sivile som hadde torturert og til og med drept sivile, milorg-menn inkludert. Lensmennene i Gudbrandsdalen gjekk ut med ei oppfordring til alle unge våpenføre menn om å melde seg til vakttjeneste. Det skulle syne seg vanskeleg å rekruttere frivillige då dei fleste heller ville vere med på å feire at 5 års okkupasjon var slutt. Til slutt var eit vaktlag på 40 mann klare i uniform etter nokon rundar med skytetrening. Sjefen var Peder Emblemsvåg. Det var spennende dagar, for tykse soldatar med våpen var framleis i fleirtal, men det enda bra. Etterkvart tok dei også over vakthaldet ved det gamle Gestapo-hovudkvarteret som skulle nyttast som fengsel for mistenkte. Milorg fekk vidare ansvaret for å innhente overløpera som hadde rømt til fjells og gestapistar som forsøkte å gøyme seg mellom vanlege tyske soldatar.

Sjølv om grigen må ha tæra på, så fortsatte Peder som offiser i infanteriet etter krigen. Dei som møtte Peder huskar drivet og engasjementet hans. Dette var ein kar som var respektert og som ein fekk tillit til. Han flytte aldri heim att til farsgarden og Emblemsvågen. Då han vart pensjonist busette han seg i staden på Elverum. Han fekk melom abba følgande heidersteikn etter innsatsen under krigen: St. Olav med Eikegrein, Haakon 7. medalje, Starmedal 39-45 og deltakarmedalje.

Peder vart konstituert som major i infanteriet og beordret som instruktør og lærer ved skyte- og vinterskolen for infanteriet frå 1.november 1954 Han gifte seg året etter i 1955 med Tora Marie Ormsted (f.1927). ho var dottera til gårdbrukar Otto Gabriel Ormsted (1893-1951), frå Stange og Elida Linstad (1896-1967). I 1962-63 var han Stabsjef ved 6. divisjon i Nord Norge. Dette var ein høgare millitær komandoeining for land- og luftforsvaret i Nord-Norge. Som Oberstløytnant var Peder også sjef for IØ3 frå 1967 til 1969 som var Infanteriets øvingsavdeling nr. 3 på Steinkjersannan. I 1970 vart han utnemnd til Oberst og beordra til sjef for brigade 5. Den stillinga hadde han i 10 år. Dei to siste åra, frå 1981 til 1983 var han sjef for Østoppland forsvarsdistrikt og Østoppland Infanteriregiment nr. 5. Han pensjonerte seg i 1983. Guttorm Eidslott, med barndomsåra frå Emblemsbygda fortel at han var feltprest på Terningmoen i Elverum tidleg på 1980-talet. Der fekk han helse på Peder som då hadde pensjonert seg. Det var ein spesiell oppleving. Han er den norske offiseren som fram til 1989 hadde leia flest brigadeøvelsar i fredstid og han slutta ikkje å utdanne seg vidare gjennom ei rekkje kurs i inn- og utland

Peder døydde brått sommaren 1989, men bedriftene lever stadig etter han i ei rekkje prenta verk og på internettet. Han vart beskreven som aktiv, plikttru og energisk i all si verksemd. Generalinspektør Dagfinn Danielsen omtala han også som ein av etterkrigstidas markante lederskikkelsar i infanteriet i minneorda etter han i 1989. Ho Karen, mor hans, må ha vore stolt av sonen sin og fekk følge han eit stykke på vegen fram til han vart stabsjef i 1962.  Båra vart jordfest og gravlagd på Ottestad ved Stange i Hedemark, kun 68 år gamal.

Kjelder:

Berg, John: «Krigskolen i London 1942-1943» publisert av John Berg, Oslo 2000  http://www.nb.no/nbsok/nb/f6c9bfb04ffefa4fd948456795a429fe?index=6#74

Danielsen, Dagfinn: Nekrolog for Peder Emblemsvåg i Aftenposten 15.6.1989

Gausdal historielag: «Gausdal fra krig til fred 1940-1945», Gausdal historielag 1990  http://www.nb.no/nbsok/nb/67e44bdbf72697f007a2411e796a8df2?index=7#0

Hovdhaugen, Einar: «Gudbrandsdalen gjennom krigsåra 1940-1945» Otta; Gudbrandsdal historielag 1950  http://www.nb.no/nbsok/nb/fd6aace217ac9e445c0af1e2dd52bb6e?index=10#0

IØ III: «Infanteriets øvingsavdeling nr 3: 1953-1993» Steinkjærsannan: IØ III, 1993  http://www.nb.no/nbsok/nb/2970612f4d2bd5ea8c50ceca8f654afb?index=38#68

Larsen, Tor: «På vakt for freden», nyheitsklipp frå avisa Dølen frå 7.5.2015

Lunde, Jon Vegard: «-Det var ei rar tid: Hjemmefronten i Gudbrandsdalen 1940-45», Otta 1982, Jon Vegard Lunde presseservice http://www.nb.no/nbsok/nb/b2f35e8294eb1f1569336382be50d97b?index=8#123

Nilssen, Wilhelm Molberg; «I Milorgs tjeneste: D23/Hjemmestyrkene, Distriktsledelsen 1943/45, Thorsrud lokalhistorisk forlag 1995 http://www.nb.no/nbsok/nb/6701d0e6e28282925584149456398511?index=9#147

Welle-Strand Erling: «Vi vil verne vårt land, antisabotasjen i Norge 1944-1945» Norsk Hjemmefrontmuseum 2000 http://www.nb.no/nbsok/nb/2da9f294297f9e1359d139eb85c37e13?index=3#0

Finn Kirkestuen 28.08.2019 10:51

Det er noe som er utelatt fra Peder Greg Emblemsvågs tidslinje. SJ/ BN II/ N. 1964 til 1966. Deretter dro han til IØIII/ Steinkjer.
Han var min sjef, rådgiver