Vestrem gardsnr.4 bruksnummer 6 på Østrem

F.v. Dottera Karoline Hansdotter Østrem (f. 1891), Hans Larsen (Marka-Hans) Østrem (1858-1942) og kona Marte Hansdotter f. Akslen (1856-1934) Hans kom frå Larsgarden på Østrem medan Marte kom frå bruk nr. 1 på Aksla

Karoline Hansdotter Østrem (f. 1891) er dotter til "Marka-Hans" Informasjonen kjem frå Per Almar Steinnes. Fotograf: Ukjend

Dette kan vera Elias Hansson Østrem (f. 1886), men det er óg ei moglegheit for at det kan vera namnebroren Elias Rolf Østrem som var to år eldre, bodde i Apotekergata og jobba i manufakturforretning. Er det nokon som kan hjelpe?

Hans Hansson Østrem (f. 1890) I 1910-tellinga var han fortsatt registrert som busatt på Vestrem og omtala som sagbruksarbeidar. Det er mogeleg at han då jobba i USA ein periode.

Karoline Hansdotter Østrem (f. 1891) er dotter til "Marka-Hans" Informasjonen kjem frå Per Almar Steinnes. Fotograf: Ukjend

Dette er truleg Hans Hansson Østrem (f. 1890) som var yngste son av "Marka-Hans" og kona Marte frå Aksla

Garden er opphaveleg ein husmannsplass under Østrem. Plassen vart rydda på bømarka til Larsgarden på Østrem av Hans Nikolai Larsen Østrem (1858-1942) etter tinglyst kontrakt den 16. oktober 1891. Det var eigaren i Larsgarden Andreas Ole Johan Knutsen (Sjurs-Ole) Emblem (1834-1922) som la til rette for ei slik ordning, medan Iver Karlsen Emblem fekk obligasjon på eit stovehus til ein verdi av kroner 400,- som var datert den samme dagen. Han fekk med andre ord hjelp av to av dei rikaste mennene i bygda til å få seg plassebruk og hus. I 1896 pantsette han det han sjølv åtte til ein med etternamnet Fugleborg (eller Fugelberg?) slik at han kunne sette opp ei løe også. Det er mykje som tyder på at desse rikmennene ikkje gjekk etter profitt i dette tilfellet. Truleg hadde dei gode forbindingar til både svigerfaren og faren til Hans. Far til Hans var truleg ein av dei første bygselsmennene som Ole fekk. Iver er også registrert i forbinding med giftermålet til Hans som forlovaren til kona Marthe. Han var nemleg gift medIngeborg Marie Hansdotter Akslen og svogeren hennar.

Hans var fødd og oppvaksen i Larsgarden på Østrem. Faren til Hans, eller «Marka-Hans», var Lars Andreasen Engeset (1830-1885). Lars hadde gifta seg med Karoline Knutsdotter Østrem (f.1832) som kom frå Larsgarden og dreiv bruket saman med svigerfaren sin frå han kom i 1859 til han tok over bygselvilkåra i 1863. Lars klarte seg ikkje så bra og det vart halde eksekusjosforretning i 1875. Sjurs-Ole hadde kjøpt garden av postmeister Tonning i 1855, og han hjelpte truleg Lars ut av knipa ved å kjøpe dei husa som Lars og svigerfaren hadde sett opp på tunet. Stort meir hadde dei ikkje å selge for garden leigde dei, eller bygsla som det heitte den gongen. I gåvebrevet på Larsgarden til sonen Lars Olsen Emblem i 1899 er det skrive at det gjeld både garden, husa og alle «underliggende herligheder» Sjurs-Ole åtte fleire bruk og var ein velbehalden mann. Han lot Lars få bo livet ut på garden, men Sjurs-Ole ynskte også å hjelpe sine eigne born og difor fekk ikkje borna til Lars Engeset noko ny bygselskontrakt. På den andre sida så delte han frå eit stykke til Hans, medan broren Kristian allereie hadde fått seg ein husmannsplass på Vedhaugen. Ein annan bror, Knut, gifta seg og vart bygselsmann og seinare sjølveigar i Steinsgarden. Bestemora deira Nille overlevde både dottera si og svigersonen og fekk bo i Larsgarden som kårkone heilt til ho døydde kring 1898. Det er truleg ho som fekk tilnamnet Røyse-Nille. Dei siste åra ho levde hadde bygselsbrevet til Lars Olsen Emblem vorte tinglyst, Det tyder på at ho fekk kårytingar frå Lars, som var sonen til Sjurs-Ole i omlag 4 år. Lars tok namnet Østrem og fekk garden i gåve først etter at Nille var død. Det er mogeleg at dette var bevisst og kan bety at dei ikkje ynskte å gjere dette mens ho levde.

Marka-Hans fekk altså truleg litt hjelp til å finne seg ein husmannsplass av dei som på sett å vis kasta han ut frå farsgarden ved å nekte han mogligheita til å bygsle. No var han heller ikkje eldst i søskenflokken men nummer to i rekka etter Knut i Steinsgarden. Broren Vedhaug-Kristian var nest yngst og nummer 5 i barneflokken, medan Karoline og Ragnhild og Anna Kristofa var dei andre syskena til Hans. For søstrene så var det truleg ikkje så vanskeleg å verte gifte, men for gutane var det verre om dei ikkje kunne finne seg ei jordajente. Som regel måtte dei ha eige bruk eller kontrakt på ein husmannsplass for å få gifte seg. I vigselsregisteret vart det notert at Hans var fiskar og det er interessant, for det kan tyde på at han ikkje hadde fått rydda husmansplassen før han gifte seg. Den registrerte adressa var også Østrem. Dette kan tyde på at han budde i Larsgarden etter at han gifta seg og fram til 1891.

Marka-Hans gifta seg med Marthe Hansdotter (1856-1934) frå Aksla. I 1900-tellinga er han nemnd som både fisker og steinarbeider ved sidan av «pladsebruger». Når tellinga fann stad var han midlertidig busatt på Hildremyr i Haram. Truleg var det snakk om byggearbeid sidan det vart skrive at han var «Pladsebruger m J Stenarbeider og Fisker». Det kan verke som om steinarbeidet er framheva. Noko anna som er litt rart er at han i 1900 hadde fire registrerte born. Elias som vart fødd i 1886, Hans i 1890, Karoline i 1891 og Lars i 1894. Men eldstesonen vert kalla «Larssen» medan dei andre vert kalla Hanssen. Det betyr at Lars var stesonen til Marka-Hans. Eg finn ikkje nokon spor som kan tyde på at Marte kan ha vore gift ein gong før. Det er heller ikkje nemnd noko slikt i kirkebøkene når Hans og Marthe gifta seg i 1889. Det syner seg at Elias var uekte born av Lars Peter Rasmussen Blindheim og at både han og Marthe var ugifte når Elias kom til verda. Dei var begge registrerte som tenarar på dette tidspunktet i 1886. Den slags var ikkje noko ein tok lett på i dei dagar, men det fortel samstundes ein del om Hans som likevel gifta seg med åleinemora Marthe.

Det er mogeleg at dei kan ha venta ei stund på å få gifte seg og at det var difor dei ikkje venta heilt til dei fekk seg ein eigen plass. Det er også mogeleg at det ikkje var så lett for dei å få seg noko eige. Kanskje er det årsaka til at Sjurs-Ole og Iver hjelpte Hans og ikkje Kristian som trass alt gifte seg først. På den andre sida er det mogeleg at Iver kan ha gjeve hjelp til eldstebroren, Knut, for han var berre bygselsmann då han tok over Steinsgarden. Iver kjøpte så garden medan han budde der, delte frå det stykket som skulle verte Flydalsgarden rett vest for Vestrem og deretter så selde han resten av bruket til Knut, truleg med ein god avtale på nedbetalinga også.

Marka-Hans bygde mellom anna tørrmurane til Gamleskulen på Skaret i Emblemsbygda saman med broren Kristian på Vedhaugen. Han lånte også ut handborer til ungdomslaget når ungdomshuset skulle byggast. Det gjekk truleg temmeleg bra med han også for i 1909 kjøpte han husmannsplassen av Lars Olsen Østrem og skilde den ut som eit eige gardsbruk. Hans var ikkje så høg av vekst og det vert fortalt at han stod på ei fiskekasse i tre når han skulle hesje dei øvste strengane på hesjane sine.

Av ein eller anna grunn så tok ingen av borna over bruket etter faren. I 1927 fekk Peter Johannes Jakobsen Nystøl skøyte på garden, men han vart ikkje verande så lenge og flytta få år etterpå. Knut Knutsen Akslen (f.1890) tok over i 1932 og var brukar heilt fram til 1958. Dette var svigerfaren til Bjarne Ramsvik. Samstundes så var Marthe og Marka-Hans tante og onkel til Knut Knutsen (1890-1964), for Marthe og Knut kom begge frå hovudbruket på Aksla. Knut kjøpte bruket i 1932 og dreiv garden til 1958. To år før han hadde kjøpt Vestrem så hadde han gifta seg med Anne Gurine Myklebust (1898-1965)frå stranda

Bjarne Nils Ramsvik (1921-1990) vart fødd 23. januar 1921 i Ramsvika. Foreldra var Hans Edvardsen Ramsvik (1880-1951) og Marie Sofie Henriette Emblem (1879-1963) frå Ebbegarden. Det kan vere interessant å merke seg at faren til Marie truleg var ein av fadderane til Marka-Hans.

Bjarne drog saman med Peder Emblemsvåg til Shetland og vidare til England den 17. november 1941. Saman med 58 rømlingar, hovudsakleg frå Sunnmøre, så deltok han på den største lasta med folk på ein kjøl i løpet av den andre verdskrigen. Dei stakk då av med båten Erkna som var rekvirert av den tyske krigsmarine og låg ved Hatlø verkstad i Ulstein. I England meldte dei seg til krigstjeneste. Etter krigengifta Bjarne seg med jordajenta Elise Knutsdotter Akslen (f.1935) og fekk skøyte på garden i 1958.


Kjelder:

1865-, 1900- og 1910 tellinga ved hjelp av www.digitalarkivet.no

Ei rekke søk i kirkebøkene for Borgund Kirke på vigsel, fødsel og dåp for kontroll av opplysningane i Borgundboka.

Gravminneregistrering på etternamnet Ramsvik og Akslen:

http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=15&mode=ko&start=40

http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?id=15&mode=ko

http://www.disnorge.no/gravminner/vis.php?mode=fy&start=20

Gåvebrev på Larsgarden frå Ole Knutsen Emblem til sonen Lars Olsen Emblem i 1899. Handskrive og tinglyst dokument med opplysningar om bygsel, humansskontrakt og pant.

Om båten Erkna og andre verdskrigen: http://www.heroy-kystlag.no/?cid=5#cid=5

Øverlid, Ragnar: «Bygdebok for Borgund og Giske Band II, Gardsoge» Borgund og Giske sogebok nemnd 1961

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE