Tryggeset

Knud Simonsen Hole frå Hole ved Viddal og Mali Steffensdotter Mo frå garden Mo ved Sæbø. Dei busette seg på Trysethaugen i 1871. Biletet er utlånt av Tor Nedregotten som óg har gjeve informasjonen.

Steffen Kornelius Nedregotten og kona Lisa Johanne f. Valbø frå Sjøholt. Dei gifta seg den 3. juni 1906 og overtok Trysethaugen då faren til Steffen døyde i 1910. Fotografiet er utlånt av Tor Nedregotten som óg har gjeve informasjonen i biletteksten.

Årstall 1913. Bak står oldemor Mali, framme f.v.: Steffen, Knut, Sigvald og Lisa med minstejenta Ella på fanget. Biletet er utlånt av Tor Nedregotten

Knut Nedregotten står bakerst. f. v.: Lina, Steffen, Karl, kona Lisa m/ Sverre på fanget, Ella og Margit. Biletet er utlånt av Tor Nedregotten.

Samling på trappa ved inngangen til dagens hovedbygning, årstalet er 1927. Framme f. v.: Mali, Margit, Steffen m/ Sverre på fanget, Lisa og Karl, Knut står bak han. To damer i svart inntil veggen er ukjent. Jenta øverst m/ fletter er Lina. Sittande er Laura, søster til Steffen, ho bodde i Bergen og kom hver sommer på besøk til Trysethaugen sammen med mann og stedottera, Magda. Ho står foran Lina i kvit kjole, der er også ei anna jente i kvit kjole som er ukjend, truleg ei venninne av Magda fra Bergen. Legg merke til bergensfolket og deira kvite kjolar. Bilete med kommentar er lånt ut av Tor Nedregotten.

Årstalet kan vere 1917 eller 1918. Steffen og Lisa med f.v. barna Knut, Ella, Lina og Margit

Gamlehuset på Tryggeset. Det vart i si tid kjøpt inne på Ørskog, demontert og frakta til Tryggeset der det vart sett opp igjen.Det har også stått et enda eldre hus på Tryggeset der dagens hovudbygning står. Dette huset vart seinar nytta som kårbolig for Steffen og Lisa etter at Knut tok over garden. Biletet er utlånt av Tor Nedregotten.

Frå fruktblomstring på Tryggeset 2007. Foto: Svein Ove Østrem

Den gamle slipesteinen. Eg trur at dette er ein av dei best bevarte slipesteinane i bygda. Her er også eige tak og plass til både langhorvar og småljå. Den vesle skuffa som er spikra på veggen er truleg for oppbevaring av brynesteinar som ein nytta til sliping av ljåbladet på slåttemarka. Foto: Svein Ove Østrem 2007

Trappa til "nyhuset" på Tryggeset våren 2007. Foto: Svein Ove Østrem

Tryggeset, sett frå øvste del av Brauta ein fin vårdag i 2007. Foto: Svein Ove Østrem

Familie og bryllaupsgjestar samla på sørsida av Storhaugen på Tryggeset den 20. august 1938. Det var Lina Nedregotten som gifta seg med Kåre Rogne. Det var gjestar frå både Rogne, Sjøholt og Emblemsbygda. Biletet er utlånt av Tor Nedregotten

Familiebilete og amerikabesøk frå Sigvald Nedregotten kring 1938 ein gong. Bak f.v.: Lina (f. 1914), Sigvald (f. 1907), Sigvald si amerikanske kone, Linda, Karl (f. 1919), Knut (f. 1909) og Ella (f. 1912). Frame f.v.: Lisa, Margit (f. 1916), Sverre (f. 1926) og Steffen. Biletet tilhøyrer Tor Nedregotten

Tryggeset er bruk nummer 6 på garden Nedregotten. I 1906 vart Nedregotten skrive med kun ein t og uttala ne^regøtå. Så langt kjeldene rekk, så har gardsnamnet vore temmeleg likt med små variasjonar, som ein eller to t-ar eller n-ar på slutten. Det er vanskeleg å vere skråsikker på korleis gardsnamnet vart uttala før 1900, men det er mogeleg at uttalen ikkje endra seg særleg mykje gjennom tidene. «Nedregotten» finn ein allereie i 1617 før namnet vart stadig meir forfina i dei skriftlege kjeldene. Det heile kulminerte i «Nedre Gaatten», før ein fann attende til noko som likna meir på den opphavelege skrivemåten.

Truleg rakk garden Østrem opprinneleg heilt til sjøen og inkluderte det som i dag er Nedregotten. Kva tid dette skjedde er enno uklart, men me finn i alle fall ein brukar i 1603. Det er mogeleg at garden vart utskild på 1500-talet når gardane vart folkesett att etter Svartedauden. Det kan då forklare kvifor brukarane på Østrem vert kalla «Øfre Østrem» tidleg på 1600-talet. Det er óg interessant at Nedregotten og Østrem hadde same eigarar til langt ut på 1700-talet. Det er ikkje registrert nokon fornfunn på Nedregotten, i motsetning til nabogardane, og namnet er truleg uttleia frå «gote» som tyder krøtersti med gjerde på begge sider. Det finst ingen spor etter nokon «Øvregote», men Nedregotten har rett på å drive dyra mellom gardstuna i Mattisgarden og Larsgarden på veg til utmarka og sommerfjøsane ovanfor Storelva. Mangel på skriftlege funn av ein øvregote kan tyde at namnet kjem frå ei tid der østremskarane nytta beitemark nede ved sjøen og hadde krøterveg omlag der Nedregotten-tunet vart bygd seinare. Denne forklaringa kan passe godt, for dette er omlag der vegen opp til Østrem går i dag. Nedregotten låg opphaveleg i eit klyngetun fram til 1857 og dette tunet låg der Steffågarden, gardnr. 5, ligg i dag.

Tryggeset har truleg ikkje vore del av dette gamle klyngetunet. Borgundboka fortel at garden vart rydda under Steffågarden i 1820-åra. Den første brukaren var Ingebrigt Hansen Fureholm (ca 1775-1835) og kona Gjertrud Larsdotter. Ifølge Borgundboka fekk dei feste i 1822 på «en uryddet plads bestaaende af 3 markestykker, deraf en myr». Dei fekk rettar i utmarka mot avgift på 1 spd. og to arbeidsdagar per år. Det er mogeleg at Ingebrigt kom frå Flisneset, for eg finn berre ein Ingebrigt Hansen der i 1801-tellinga, og ingen med etternamnet Fureholm. Årsaka til dette kan vere at Fureholmen var den siste bustaden til Ingebrigt før han flytte til Tryggeset og at det ikkje har noko med kva gard han opphaveleg kom frå. Det finst fleire liknande eksempel på dette i Borgundboka. Stemmer dette så finn me att Ingebrigt fleire stader i Bygdeboka for Borgund.

Ingebrigt er nemnd som brukar i Plassevågen, bruksnr. 7 i Emblemsvågen i 1806 og bytte gard med Rasmus Rasmusen Fureholm i 1809. Fram til 1824 er han nemnd som brukar på Fureholmen før han altså tok til å rydda Tryggeset og fekk feste 1822. Bygdebokforfattaren Ragnar Øverlid har ikkje funne nokon fødestad og prov på kvar Ingebrigt eigentleg kom frå, men det er ikkje usannsynleg at han kom frå Hansgarden bruksnr. 1 på Flisnes. Han er i alle fall registrert der i 1801 som son av Hans Ingebrigtsen (f. 1745) og Guri Amundsdotter Sorte (ca 1745-1814). Han er i tellinga registrert som matros og det er kanskje slik han fekk pengar til å gifte seg og kjøpa seg gard. Hansgarden vart overteken i 1807 av veslebroren Amund som vart første sjølveigaren i 1807. Då hadde same slekta drive Hansgarden frå 1690, ei slektrekke som fortsette i alle fall til 1960. Årsaka til at Ingebrigt ikkje tok over Hansgarden var truleg at han allereie dreiv Fureholmen då faren døde i 1807. Eg finn ikkje nokon andre brukarar i folketellinga frå 1865 så det er mogeleg at garden låg aude nokre år før den neste brukaren bygsla plassen.

Kvar namnet Tryggeset har opphav, er eg ikkje heilt sikker på, men det er ikkje usansynleg at det var Johanne Jonsdotter Tryggeset (1817-73) som gav garden dette namnet. Johanne kom opphaveleg frå Tryset (også skrive Tryggeset) i Bondalen i Hjørundfjorden. Johanne hadde vorte dømd til tre års tukthus for nasking frå Nes-Jo i 1840 og det var etter dette ho flytta til Borgund og rydda seg ein husmannsplass (seinare kalla Kristiansplassen) på eiga hand. I ein alder på 47 år gifte ho seg med den 30 år yngre Kristoffer Pedersson Vegsundrabb i 1864. Kring 1866 flytte dei til Tryggesetplassen men flytte attende til Eikenosa igjen etter få år. No hadde Kristian Olsen, som truleg var drengen til Johanne, overteke plassen, men Johanne hadde rett på kår og ho budde der heilt til ho døydde i 1873. Det mislege ekteskapet vart oppløyst i 1872, eit år før Johanne døydde.

Den neste brukaren på Tryggeset vart heller ikkje verande så lenge. Hans Rasmus Skageflå (1836-1915) og kona Inger Marte Hansdotter Horvadrag (1832-191) kom begge frå Sunnylven. I 1865-tellinga var Hans ugift tenar og smed på Skageflå, medan Inger tente i Syltevika. Hans Rasmus skulle prøve seg på litt av kvart til yrke i løpet av livet. eg skal kome attende med meir lenger ned i teksten.  Familien flytte attende til Sunnylven, og truleg Skageflå, etter får år før dei etterkvart busette seg på Hole i Geiranger. Det er ikkje så mykje å finne om tida deira på Emblem. Eg har ikkje funne noko inn- eller utflyttar registrering i kirkebøkene for Borgund, og heller ikkje nokon opplysningar i panteregisteret for plassen Tryggeset eller hovudbruket Steffagarden. Det einaste funnet so langt er dåpen til sonen Johan Kristian Laurits i 1870. Då er Hans og Inger plassefolk på Nedregotten. Han var truleg den einaste av borna deira som vart fødd i Borgund. I tillegg hadde Inger sonen Karl Johan (f.1861) med Andreas Karlson Horvadrag før ho gifte seg med Hans Rasmus.

I november 1870 vart det  skrive kjøpekontrakt på plassen, som no kunne skillast ut som eige småbruk for første gong. Dette kjøpet skal eg kome attende til, men Hans og Inger vart ikkje nemnd i den samanhengen. Ein hadde på den tida tidligare nemnde Kristian og Johanne å brødfø som kårfolk også. Eg vil tru at kårfolket og kårytingane kan ha vore ei medverkande årsak til den raske retretten innover i fjordane igjen. Borna Oline Marta Hansdotter (f. 1867), Pernille Hansdotter (1874-1874) og Pernille Olivia Hansdotter (f. 1875) vart alle fødd på Skageflå i Stranda prestegjeld. Det kan tyde på at Inger og Hans Rasmus budde ei tid på Skageflå etter bryllaupet, og det var nok også dit dei flytte etter tida på Emblem. Bygdeboka for Sunnylven og Geiranger, bind 2, nemner at Hans Rasmus hadde kjøpt Skageflå frå far sin for 200 Speciedalar, det samme året som han døydde. Eg har ikkje funne ut om han selde før han flytte til Emblemsbygda. Kanskje var det derfor han kom attende dit? I alle fall så vart Skageflå seld i 1874 for det samme beløpet, men frå ein heilt anna eigar. Det vert berre opplyst at Hans Rasmus sat der nokre år før han fekk seg plass på Hole. Opplysningar om sonen Johan Kristian Laurits og Emblem er ikkje tatt med  i det heile tatt. Den same bygdeboka nemner at Hans døydde i 1915 på Hole. Der har eg ikkje funne nokon endeleg bekreftelse i kyrkjebøkene. Inger er heller ikkje like lett å finne. Det endar rett og slett med folketellingane i 1900 og 1910.

I 1900 finn ein Den vesle familien på gnr. 59 bnr. 1 "Kleive". Han livberga seg då som murar, medan dottera Pernille Olivia framleis var ugift "sypige" og budde heime. Plassen hadde ingen eiga jord, så Inger tok seg truleg arbeid på gardane i nærleiken. Ho er i alle fall registrert som jordbruksarbeidar, og det kan ikkje ha vore på eigen plass.  Ti år seinare er han registrert på om lag samme plass og i alle fall samme gard, sjølv om namnet no er Hole. i ein alder av 74 år var han framleis i arbeid. Murararbeidet var derimot bytta ut med jord- og veiarbeide. Inger var nok ikkje like sprek, eller så kan dei ha fått betre råd, for ho var heimearbeidande. Ho var dessutan 78 år gamal. Kor lenge dei levde der er enno uvisst. 

I 1871 kom det ein ny hjørundfjording åt Embleimsbygda og Tryggeset. Denne gongen var det Knut Simonsen Hole (1843-1910) frå Hole ved Viddal. Garden var no skyldset til 14 skilling. Knut var gift med Mali Steffensdotter Mo (1845-1934) frå garden Mo ved Sæbø. Tor Nedregotten har høyrd at oldeforeldra kom flyttande med robåt over fjorden, og med på lasset var sonen Simon Olaus (f. 29.9.1870) på under eitt år. I følge Kyrkjeboka omkom Simon i eit båtforlis i Giskesundet i 1893, 23 år gammal. 

Knut og Mali hadde kjøpt plassen for 160 Speciedalar den 12 november 1870. Etter ei tid måtte Knut låne meir pengar. I 1874 fekk han låne 87 Speciedalar frå Lars Kristiansen Emblem, som var kårmann frå Sjursgarden og busett på Skørene. Dette var meir enn halve beløpet som han hadde kjøpt Tryggeset for. I 1882 måtte han låne ytterlegare 400 kroner frå Lars, og 800 kroner frå Rønneberg & Sønner i Ålesund. Dette vart for mykje for han. Den 29 november 1884 gjekk difor småbruket på tvangsauksjon. Då hadde familien truleg flytta frå bruket allereie. Dei budde på Flisholmen i omlag 6 år. Bygdefolket i Emblemsbygda hjelpte dei å få bygselskontrakt på Tryggeset frå nyeigaren Ole Olsen Rørvik 8. mars 1890. Knut og Mali fekk ein son og dei 4 døtrene Lisa (f. 1872), Petrine Laura (f. 1877), Karoline (f. 1879) og Anna (f. 1883) som vart født på Flisholmen. 1900 er det også registrert ein gut med namn Aleksander Johansen på 8 år frå Skodje «paa forpleining», og på denne tide har frukthagen komme på plass kring husa. Dei hadde både fjørkré, krøtter, korn og potet medan Knut dreiv som bygselsmann på bruket. 

Sonen Steffen Kornelius Knutsen (1875- 1955) klarte å kjøpa attende garden 25. juni 1907. Steffen var bygningsmann og gifte seg den 3. juni 1906 med Lisa Johanne Valbø frå Sjøholt. I 1910-tellinga er borna Sigvald Steffensen (f. 10.2.1907) og Knut Steffensen (f. 5.7.1909) registrerte. Knut var død det samme året og Mali hadde no ansvaret for ei ny pleiedotter på 9 år, som heitte Gjertine Lundstrøm frå Ålesund. Mali var tydelegvis opptatt av å hjelpa dei som var verre stilt enn henne, sjølv om ho hadde passert 70 år. Steffen si eldste syster, Lisa på 38 år, budde fortsatt på garden. På dette tidspunktet var ho registrert som ugift og «løsarbeider». (meir tekst kjem seinare)

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE