Abrahamsgarden

abrahamsgarden er øverst på dette gamle flyfotoet frå 1950-åra. Biletet tilhøyrer Svein Ove Østrem

Andreas Østrem med familien sin ein gong kring 1910. Sittande f.v.: Andreas Peterson Østrem, Alfred, Sevrin Karoline (g Østrem) frå Ellingsøya. Bak f.v.: Johanne, Ole og Petter. Petter er far til Arthur Østrem som bor på garden no. Nevøen, Arild Østrem har overteke Abrahamsgarden .

Den gamle kona til høgre er Nikoline Birgitte Abrahamsdotter Østrem (1841-1918). Ho vart gift med Iver Myklebust frå Vartdal. Dei kjøpte garden Valkvæ på Godøya og skifte etternamn til Valkvæ, som skikken var den gong. Mannen til venstre er sonen hennar, Johan Iverson Valkvæ og familien hans. Biletet er frå 1914 og utlånt av Vibecke Valkvæ som og har funne fram opplysningane. Det var etter far til Nikoline at garden fekk nemnet Abrahamsgarden.

Ole Andreassønn Østrem frå Abrahamsgarden f. 18.9.1896.

Det er mogleg at dette er eit konfirmasjonsbilete av Sevrin Østrem frå Abrahamsgarden f. 1902 .jpg

Truleg er dette Thea Akslen frå Aksla som gifte seg med Peter Andreasson Østrem i Abrahamsgarden.

Abrahamsgarden slik den såg ut i 2007 før løa vart riven og ein starta å fylle opp og planere slåttemarkane nedanfor husa. Foto: Svein Ove Østrem

Kart som syner gardane på Østrem

Abrahamsgarden på Østrem vart frådelt Larsgarden i 1712. Opphaveleg var Østrem berre ein gard. Historia går truleg lenger attende enn vikingtida. Funn på garden vitnar om at det var drift her på 800-talet og gardsnamnet med «heim»-ending tilhøyrer dei eldste gardsnamna i landet vårt. Truleg var Austrem del av Emblem ein gong for lenge sidan. Dette gjev i alle fall meining til det gamalnorske namnet «Austrheimr» om garden er den austre delen av Emblem eller «Imileimar» som kan tyda noko slikt som «våre heimar».

Etter Svartedauden er garden registrert i 1520 med kun ein eigar. Det er mogeleg at den ikkje vart lagd øyde i det heile, men om Østrem vart øydegard så vart den rydda att svært tidleg. Det er ikke usansynleg at garden kan ha hatt fleire brukarar før 1300-talet, men der er ingen skriftlege kjelder som fortel om nokon deling før 1603, når garden vart delt i to. Ei tid på midten av 1600-talet var det tre bruk på Østrem, men det vanlegaste i tida frå 1613 og fram til i dag er 4 brukarar. Gardane er ikkje like store. I 1613 var tiende skatten fordelt 1-1-1/2-1/2 på dei fire oppsittjarane og det syner at larsgarden og Mattisgarden tilsvara 2/3 av heile garden, medan dei to minste bruka var på 1/6-del kvar.

Sjølveigande bønder på Østrem var uvanleg på 16- og 1700-talet og det var ikkje annaleis på Østrem. Dei fleste gardane fekk først sølveigande bønder etter 1850, mens Mattisgarden vart seld til Ole Larsen Emblem (f. 1756) og Alette Emblem (1762-1827) allereie i 1788.

I 1603 var det 2 brukarar på Østrem. Den eine heitte Erik og var brukar i Mattisgarden, som tilsvarar 1/3 av heile Østrem. Erik vart utkalla som soldat i Kalmarkrigen i 1611 og døydde moglegeins der, for sonen tok over bruket det same året. Eiulf var den andre oppsitjaren på Østrem og brukte truleg resten av Østrem. Det er denne delen som vart delt inn i tre mindre gardsbruk. Larsgarden vart skild ut allereie i 1606, då ein tidlegare plassemann som heitte Ole bygsla garden. Av ein eller anna grunn så sat enka etter Eiulf kun attende med halvparten av den delen som Eiulf hadde nytta. Ho gifta seg oppatt med ein tidlegare husmann på garden som heitte Rasmus Olsen. Eg har enno ikkje funne kjeldemateriale etter verken Rasmus eller enka etter Eiulf og kan dermed ikkje gå god for kven som tok over kva gardpart, men det er truleg slik at Ole tok over Larsgardsdelen medan Rasmus var brukar på den gardparten som seinare skulle verte Abrahamsgarden og Steinsgarden.

Den neste brukaren av Abrahamsgarden/Steinsgarden var ein mann som heitte Arne

og kanskje broren til Ole. Om enka etter Rasmus levde fortsatt og gifta seg oppatt med han, veit eg ikkje og det er dessutan mogeleg at ho tok kår hos svogeren i staden. Kjeldene frå denne tida er diverre usikre sidan det kun er namna på den mannlege brukaren som er nemnd.

Arne (f. ca. 1600) tok over bruket ca 1630 og vart i 1658 skattlagd for ein hest, ukse og 9 kyr. Sonen til Arne heitte Ole (ca.1650-1733) og var brukar heilt til han døydde i 1733. Her kjem problemet med kjeldene for alvor til syne. Granskar ein brukerane i Steinsgarden litt nærare så heiter den same brukaren Ole Andersen og fødselsåret er no ca.1656, medan dødsåret er det same. Det er mogeleg at det er snakk om feilskriving eller feiltyding av handskrivne kjelder som er årsaka. Kva som er rett er ikkje so lett å seia, men kjelda som registrerar buet etter Ole i 1733 og kallar han Andresen er kanskje den som er mest korrekt. Ole overtok altså Steinsgarden/Abrahamsgarden som eit bruk etter far sin og i 1712, når han var enten kring 50 eller 60 år, så vart garden delt i to like store delar. Det verkar ikkje som om delinga kan ha vore gardeigaren (truleg Captainen på Slinningen) si besluttning åleine, for det er nevøen til Ole, Anders Hansen som vert den fyrste bygselsmannen i Abrahamsgarden. Det er mogeleg at Ole og Anders vart einige om delinga sidan Andres ikkje var i nokon arverekkefølge etter Ole, og kunne dermed ikkje vere like trygg på å få overta heile garden etter han. Om denne hypotesen stemmer, så er det i så fall merkeleg at Steinsgarden går ut av slekta etter Ole og at ingen av borna tek over.

Den fyrste bygselsmannen i Abrahamsgarden var altså Anders Hansen (ca 1675-1749). og gift med Anne Nilsdotter. Garden fekk no bruksnummer 3. Det står ikkje noko om at han sette opp nye hus, men sidan det har vore 4 oppsitjarar på Østrem allereie, så kan det hende at gardshusa stod der. Eg finn ikkje noko skifte eller registreing av dødsbu etter Anders, så eg veit dette ikkje heilt sikkert, men buet etter den neste brukaren syner i alle fall at driftsbyggningane og hovedhuset vart bygd i Anders si tid, om dei ikkje var enno eldre. Årsaka til at husa kan stått der før, er at den neste brukaren kun har sett opp nytt stabbur, som var eit av dei viktigaste husa på garden. Det er mogeleg at det var for lite, men det kan óg tyde på at det var skralt og så gammalt at det måtte byggast heilt nytt. Ein skulle tru at dersom stabburet vart bygd i Anders si tid, så kunne det reparerast i staden. Borgundboka nemner óg at det mest vanlege har vore 4 brukarar på Østrem etter 1613 og plassebruk har fått liten eller ingen plass i gardshistoria. Det er mogeleg at den delen som vart frådelt kan ha vore husmannsplass ei stund allereie.

Den neste bygselsmannen i Abrahamsgarden kan vera son til den første, men er ikkje fødd i bygda.

Jørgen Andersen (1710-1758) vart ikkje så gamal, og det vart ikkje den første kona hans heller. Han var gift første gong med Brite Jonsdotter Emblem (1712-49) og gifte seg i 1750 med Berit Kolbeinsdotter Nørvasund (1707-79) Jørgen var brukar heil til han døde. Dødsbuet etter Jørgen nemner at han har sett opp sel, kvennhus og stabbur sjølv. Det er mogeleg at den forrige brukaren delte kvenn og sel med onkelen i Steinsgarden og at dette ikkje fantest tidlegare, men det kan òg vera slik at dei måtte byttast ut. Me veit at gardshusa frå det samla bruket Steinsgarden/ Abrahamsgarden vart vidareført som gardshusa i Steinsgarden og då kan det hende at ein eventuell gard nr. 4 var husmannsplass på Østrem og ikkje hadde råd til eiga kvenn. Om det var snakk om ein ukjend husmannsplass så hadde nok ikkje dei same beiterettane på fjellet heller utover kolmilebrenning og dermed ikkje behov for sel.

Berit Kolbeinsdotter gifte seg oppatt med Ole Pedersen Lyshol som var brukar frå 1759-1763. Det finst ingen andre opplysingar om han.

Ole Olsen (ca. 1734-65) var den som dreiv garden minst og døydde berre to år etter at han tok over garden. Borgundboka nemner at han kanskje var son til Ole Pedersen Lyshol, men dette er altså berre gissningar. Det me veit er at han gifte seg med førstegongs-enka Kirsti Madsdotter. Sidan Berit Kolbeinsdotter enno levde så må Kirsti ha kome frå ein annan gard enn Abrahamsgarden. Skiftet etter Ole Olsen er interessant, for det einaste huset han sette opp sjølv var ei kvenn. Dette var temmeleg kort tid etter at Jørgen hadde bygd seg ny kvenn og det er då truleg snakk om vårflaum i Storelva som har øydelagd det opphavelege kvennhuset. Det var 38 rdl. attende etter at gjelda var betalt. Elles var det snakk om eit klassisk sjølbergingsbruk med eigen hest, 3 kyr, 1 geit og 2 sauer. Det meste av kvardagskosten må med andre ord ha vore fisk og byggmjølsgraut, som for dei fleste andre på denne tida. Det er litt artig at det også vert nemnd ei eiga børse i arveskiftet, så den må ha vore spesiell.

Kirsti Madsdotter vart verande på garden og gifte seg for tredje gong. Denne gongen var det Erik Rasmussen Vikenes (f. ca. 1740). Om opplysningane stemmer, så vart han først brukar i 1767, heile to år etter Ole døydde. Det er mogleg at Kirsti var godt opp i åra på denne tida og kanskje det att på til gjekk gjetord om denne enka som var gifteklar for tredje gong. Det var også i ei tid då fleire husmannsplassar vart rydda i og kring bygda så det var kanskje ikkje så mange friarar å finne? Uansett måtte Kirsti finne seg ein yngre mann som var i arbeidsfør alder og det tok kanskje si tid. Det står respekt av henne som dreiv garden på eiga hand i heile to år, for på denne tida var ein heilt avhengig av to vaksenpersonar på kvart bruk. Mannfolka måtte ut på fiske i lengre periodar av gongen for å livberge seg og sine. Nokre gongar kunne dei vere borte mest heile vinteren og berre heime i dei viktigaste onnene eller bakst- slaktetida på hausten. Kvinnfolka måtte ta seg av gardsarbeidet, hushaldet og borna. Det er mogeleg at Kirsti no hadde vaksne gutar som kunne hjelpe seg og truleg god grannehjelp attåt. Mykje av slåtten og onnene var lagarbeid og sidan det fortsatt var klyngetun på Østrem, så var også markene og åkrane teigbytt. Alle brukarane måtte dermed arbeide i lag og fordele utkome i etterkant.

Knut Kortsen Romestrand (f. ca. 1743-1797) tok over Abrahamsgarden etter Erik og Kirsti i 1780

Erik døydde det samme året og om Kirst levde fortsatt så tok ho truleg kår hos Knut, utan at eg finn opplysningar om dette. Knut var gift med Gunnhild Larsdotter Myklebust frå Ellingsøya (f. 1741)

Knut hadde sjølv sett opp nytt naust, sel og ei halv kvenn (saman med Steinsgarden?) Det er tydeleg at kvennhusa nærmast var forbruksvare i Abrahamsgarden. Eg kjenner ikkje til om det har vore særs store snøsmeltingar på 1700-talet men eg kjenner til at Storelva kan vera særs stor når det er flaum og då stend kvennhusa utsatt til. Gjelda etter knut var stor og omfatta heile buet etter Knut inkludert buskapen.

Sonen Bernt Knutsen (1782-1876) lot seg derimot ikkje skremma av gjeldsbyrden åt faren og klarte seg også temmeleg bra. Bernt dreiv garden som bygselsmann frå 1800-1835 og var kun 18 år då han tok over garden. Han var 15 år då faren døydde og familien har truleg greidd seg brukbart dei tre åra fram til 1800, sidan Gunnhild ikkje gifte seg om att. Det tyder på at borna var såpass vaksne at dei kunne hjelpa mora. Bernt tok nok truleg farens plass i periodane med vinterfiske. I 1801-tellinga finn eg berre ein yngre bror som heiter Samund og er 5 år yngre enn Bernt. Samund vart truleg verande nokre år til i Abrahamsgarden og er omtala som tenar der. Bernt hadde gifta seg med den 7 år eldre Birte Poulsdtr. Medan Gunhild står oppført som «Vilkårskone». Dette tyder at ho har stilt krav og fått dokumentert krava sine til livsopphald på garden før ho overlet bygselskontrakta til sonen, 59 år gamal. Bernt, eller Bærent, som han vert kalla i 1865-tellinga vart sittande lenge som kårkall i Abrahamsgarden og han gifte seg dessutan oppatt med den 24 år yngre Inger Stenersdotter frå Hjørundfjorden på eit tidspunkt mellom 1801 og 1865. Ingen av borna til Bernt tok over etter faren.

Abraham Olsen Hareide (1801-1885) fekk bygsle garden i 1835 mot å gje kår til Bernt. Abraham er truleg også den som gav garden det namnet den har i dag. Han var gift med Karen Nilsdotter frå Vartdal (1803-91) I 1835 vart det halde takst på garden. Husa var då: Røykstovebygning med eige kammers, fordør og «skytje» under eit tak. Løe, kufjøs av tømmer, sauefjøs, stabbur og ei lita stove som Abraham sjølv hadde sett opp. Om den vesle stova var tenkt for han sjølv eller om dette var tenkt som kårstove, veit eg ikkje, men dei fleste gardshusa er i god stand med unntak av røykstova som var i «tåleleg bra stand». Det vart dokumentert at garden kunne fø hest, 6 kyr, 12-14 sauer og det kunne såast 2 tønner havre, og tilsaman 1 tønne halvt om halvt med bygg og blandkorn. Det var også mogeleg å så 2-3 tønner poteter. Poteta hadde med andre ord fått innpass på Østremsgardane og fått nesten like stor plass som kornåkrane. Det var enno teigbytte på Østrem og jorda til Abrahamsgarden varierte frå myrjord og sandhaldig jord til god moldjord. Taksten vart på 170 spd.

Selet, kvennhuset og naustet hadde med andre ord ikkje Bernt sett opp og ått sjølv. Truleg var det gardeigaren som hadde overteke eigedomsretten i arveoppgjeret etter Knut, far til Bernt og at dei framleis var i god nok stand.

Peter Andreas Rasmusen Ødegård frå Volda vart den fyrste sølveigaren på garden då han kjøpte den av postmeister Tonning i 1862. Tonning hadde sjølv kjøpt Abrahamsgarden og Larsgarden i 1845 frå arvingane til Kjøpmann Nils Wind. Wind hadde også ått Steinsgarden men hadde seld til Kristen Olav Sorte i 1840. Peter fekk ei særs tung bør. Han hadde gifta seg med Karoline Abrahamsdotter (f. 1834-1931), som var jordajente på garden. I 1865 har dei to born, Andreas R. på 3 år og Johan B. på 1 år. I tillegg skulle dei gje kår og livsopphald til svigerforeldra Abraham og Karen, men det var allereie kårfolk frå før på garden. Bernt levde enno og kona hans, Inger var att på til yngre enn Abraham og Karen. Om han hadde vore ein særs optimist, veit eg ikkje, men å skulle betale både 250 spd. for garden mot å gje kår til to par attpå er temmeleg vågalt på ein so pass liten gard. Peter måtte gje seg før året var omme og skøytte frå seg garden til Johan Elias Nilsen Emlem for same sum, mot at Johan tok på seg kårytingane. Peter fortsette som bygselsmann og er elles kjend som båtbyggjar og laga for det meste færingar.

Sonen Andreas Rasmus Petersen (1862-1942) kjøpte att bruket i 1889 og dreiv det til 1941. Han var gift med Karoline Eliasdotter Volstad (1867-1941). I 1900 var det heile 11 personar som var heimehøyrande på garden. Andreas og Karoline hadde sjølv tre born, Ole, Peter og Johanne på 4, 3 og under eitt år. Laura Petersdotter Davnes på 16 år var tjenestejente på garden og kårfolket levde enno. I tillegg er tre av brødrene til Andreas registrerte på garden. Karl Petersen Østrem (f. 1870) var opprinneleg fiskar, men hadde då ikkje jobba på fleire år på grunn av sjukdom. Boren Rasmus budde mellombels i Ålesund og dreiv fiske, medan Peter var tømmermann og budde i Sykkylven.

Eg finn ikkje opplysningar om nokon eiga kårstove i Abrahamsgarden, men det er registrert at dei har eigen frukthage, fjørkré, krøtter og dykar enten potet og korn eller berre poteter. Om Rasmus eller Peter har budd på garden etter Andreas tok over, er eg usikker på, for det er mogeleg at dei er registrerte på garden om dei ikkje hadde kjøpt eller bygsla eigen eigedom i 1900.

I 1910 er det ikkje noko kårfolk å spore på garden. Karl Petersen, som var sjuk, er heller ikkje å finne. No er det berre Andreas, Karoline og dei 5 borna på garden. Ole er eldst og er nemnd som tjenar på garden og som elev av «forts. Skole». Skuleåret 1910/11 vart det halde framhaldskule på Emblem og det var truleg på dette kurset han gjekk. Dei andre borna var Peter Andreassen (f. 1896) som tok over garden, Johanna Andreasdotter (f. 1900), Sevrin Andreasson (f. 1902) og Alfred Andreassen (f. 1908). Alfred kjøpte eit stykke frå Ebbegarden og Steinsgarden i 1934 og rydda seg eigen gard rett aust for Fursetgarden i bakken ovanfor «Ny-skulen».

Petter Andreassen Østrem (f. 1897) førte slektsgarden vidare etter at han fekk skøyte på garden i 1941. Han gifte seg med Tea Karoline Knutsdotter (f. 1897), som var den femte i ein syskjenflokk på 8 born oppe på Aksla (Br.nr. 1) i 1910.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
03.04 | 23:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

...
03.04 | 22:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE