Skorene

Slektsamling på Skorene kring 1928. Framme f.v.: Iver Karlson Furset, Margit Flydal (g.Hanken), Ingrid Indreberg og Ingeborg Marie Hansd. Akslen (g. Furset) Bak f.v.: Anna Iverd. Furset (g. Røssevoll), Gurine Iverd. Furset (g. Flydal), Karoline Karls. Furseth (g. Paulsen), ukjend, Elisa (Lisa) Iverd. Furset (g. Emblem) og truleg Elisa si dotter, Anna Joakimd. Emblem (g. Hesseberg) Takk til Gudrun Flydal Andersen, Gunnvor Flydal Steinnes og Per Almar Steinnes.

Oskar Nedregotten er her fotografert utanfor huset på Skorene. Biletet er utlånt av Roar Emblem

Iver Karlson Furset (1851-1942) og kona Ingeborg Marie Hansdotter Akslen (g. Furset i 1877) feirar truleg gullbryllaup i 1927. På denne tida var butikken på Skorene nedlagd og Eikenosa seld.

Bileta i stigande rekkefølge (Nummereringa): Arne Hansson Furseth, Inga Larsdtr. Flydal, Olga Tøgersen (g. Indreberg), ukjend, Margit Larsdtr. Flydal?, Ingrid Hansen (f. Indreberg), Anna Joakimsdtr. (g. Hesseberg), Gudrun Flydal, Kjøt-Iver, Ingeborg Hansdtr. Furseth, Hjørdis Sandvik (f. furseth), Anna Iversdtr. Røssevold (f. Furseth), Johan Joakims. Emblem, Karl iverson Furseth, ukjend, Karl Larss. Flydal, Petter Larss. Flydal, Karl Bjørkavoll, Gurine Iversdtr. Flydal, Johanne Iversdtr. Indreberg (f. Furseth), Elisa Iversdtr. Emblem (f. Furseth), Lars Petters. Flydal, Hans Iverson Furseth, Hans Inge Furseth, Inga Furseth (f. Hjelle på Sula) og Joakim Johanson Emblem. Biletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes.

Dette er bilete frå den samme dagen som det forrige gruppebiletet. Det er truleg snakk om Gullbryllaupsfeiring på Skorene. Biletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes

Fotostatkopi av eit måleri som syner både huset og løa på Skorene

Kjøpmann Hans Iversson Furseth

Bryllaupsbilete av Karl og Oline Nedregotten. Han kom frå Guttormgarden og ho var frå Auregarden. Dei budde på Skørene, som hadde kome attende i Aureslekta si eige etter Kjøt-Iver. Karl og Oline er foreldra til Oskar og Karsten. Du kan sjå bryllaupsbilete saman med foreldra i biletalbumet til Auregarden. Biletet er utlånt av Roar Emblem

Kjøt-Iver i røvegarden på Skorene. Den låg litt lenger vest for husa. Biletet er tatt enten i 1928 eller før. Eit bilete frå denne serien vart i alle fall nytta som julekort frå bornebornet Sevrin J. Emblem. Dette biletet hadde følgande påskrift: Eit symbol på bestefars gavemildhet, forevises her, klarere end mange ord. Hilsen Severin”. Orginalen tilhøyrer Gunvor og Per ALmar Steinnes.

No eit bilete av Kjøt-Iver i røvegarden på Skorene. Dette vart nytta som julekort frå bornebornet Sevrin J. Emblem som kanskje var fotografen også. Det er mogeleg at det er frå 1928, eller kort tid i førevegen. Teksten bakpå finn du kopi av i dette albumet. Biletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes.

Baksida på bilete nummer 2 av Kjøt-Iver i røvegarden. Biletet tilhøyrer Gunvor og Per Almar Steinnes.

Kistoffer, Olav og Kjell Emblem ved gamlehuset på Skorene tidleg på 1950-talet ein gong. Hesten, Brita og elghunden Gubbe høyrte til på Myrane like ved. Biletet tilhøyrer Roar Emblem

Kristoffer Emblem og hesten Brita frå Myrane. Biletet er truleg frå tidle 1950-tal. Det tilhøyrer Roar Emblem

Skorene er opphaveleg ein husmannsplass som vart rydda under Auregarden kring 1850. Det var Hans Laurits Iversen Nedregård (f. 1831) som fekk feste på «et markestykke kaldet Skørene». Summen var eit eingongsbeløp på 30 spd. Hans skulle også betala ei årleg festeavgift på 1 spd. og skulle arbeide 6 dagar kvart år for grunneigaren. Dagane var fordelt på 1 dag om våren, 4 dagar i slåttonna og 1 dag om hausten. Kona til Hans heitte Karoline Fredriksdotter Frøland (f. 1832). Ho kom frå Hjørundfjorden. Karoline måtte óg forplikte seg til å arbeide 6 dager i Auregarden, slik som ektemannen. Ho utdanna seg til jordmor i Bergen og hadde distrikt heilt ut til Nørvasundet og Ellingsøya. Hans og Karoline flytta til Dyrberg på Gåseid kring 1865. Hans var bror til Hans Magnus Iversen Nedregard (f. 1826) som fekk frådelt Hatlebakken frå Negarden og rydda plassen i 1850-åra.

Den neste brukaren var Lars Kristiansen Viddal (1814-1876). Lars hadde vore den tredje og siste ektemannen til Andrine Arnesdotter Nedregota (1799-1862). Ho hadde opphaveleg gifta seg med Ole Nilsen i Sjursgarden, som vart berre 26 år gamal. Andrine hadde gifta seg opp att med Den særs rike Knut Olsen Kyrkjebø frå Lassegaren på Sula og deretter ein tredje gong med Lars før ho omkom då båten ho sat i vart velta i eit stormkast inne ved Tafjorden 15. juli 1862. Lars overlevde ulukka og overlet Sjursgarden til stesonen Ole Johan Knutsen (1834-1922), som hadde tilnamnet Sjurs-Ole, det same året. Lars var registrert som kårmann i Sjursgarden i 1865, men endra planar etter at Hans og Karoline flytte frå Skorene og bygsla plassen i 1866. Då hadde Lars hatt 4 år som kårkall i Sjursgarden.

Eg tvilar på at det var dårleg økonomi som førte til at han vart bygselmann, men det kan vore meir eventyrlyst sidan han hadde pensjonert seg alt som 51-åring. Det er også mogeleg at ulukka hadde sett sine spor i 1862 og at det var årsaka til at han overlet garden så raskt. Lars hadde også gifta seg oppatt med Johanne M. Jensdotter før folketellinga i 1865 og ho var kun 43 år det året tellinga vart gjordt. Det kan hende at det var ho som fekk Lars med på å flytte til Skorene når plassen vart ledig. Eg stussar litt på kvifor Lars og Johanne ikkje kjøpte Skorene, men det er truleg at enka etter Lars Martinus Knutsen Giskeøygard (1814-63) i Auregarden ikkje ville selge det vesle bruket. I bygselskontrakta frå (Henninga) Tomassine Olsdotter Emlem (1815-1900) vert det krevd både 70 spd. som eingongsbeløp, 1 1/2 spd. I årleg festeavgift og 8 arbeidsdagar i Auregarden. Slik gratis onnehjelp har nok vore ein av grunnane til at det dukkar opp så mange plassebruk etterkvart som gardbrukarane vert sjølveigarar. For enka Tomassine var dette kjærkomen hjelp, og Lars hadde også akseptert å gå ifrå å vera velbehalden sjølveigande bonde (sjølv om det var Andrine som eigentleg sat med skøytet på Sjursgarden), til å verte bygselsmann.

I 1878, to år etter Lars død, kjøpte Iver Karlson Furseth (1851-1942) Skorene. Han budde her ei tid før han kjøpte heile Eikenosa i 1896 for 3450,- og flytta dit. Iver var bror til omgangskulelærar Knut Furseth og ein dyktig kjøpmann. Han var slaktar og kjøpte livdyr som han slakta heime på garden. Kjøtet vart seld på torget i Ålesund kvar laurdag og det vert fortalt at han skal vera ein av dei fyrste som løyste torgrett. Kjøt-Iver dreiv Skorene samstundes som han eigde Eikenosa og ei rekke andre gardar attåt. Han skal ha fødd over 20 kyr i tillegg til slaktedyra som han kjøpte og han fekk også medalje av Møre Landbruksselskap i 1923 for oppdyrking av mellom 70 og 80 mål jord, berre på Eikenosa. I 1922 selde han Eikenosa og flytte nedatt til Skorene, der han bodde fram til omlag 1933.

Det var butikkdrift på Skorene før Kjøt-Iver flytta attende. I 1910 finn vi kun ei ung dame på 21 år registrert på Skorene. Det er Johanna Eikenæs som er ugift og «bestyrerinde av landhandel» Karl O. Emblem (f. 1907), som vaks opp i Steffågarden, skreiv ned følgande minner om denne butikken på Skorene til jubileumsforedraget for Emblem samvirkelag i 1982:

«Når det gjaldt Skorene, handelen der, det er det lille gråe huset som ligg bortpå marka sør for Røssevollveien. Der var handel i vestre enden. Der var eit vindu norover og eit vindu sørover. Og inngangsdøra - og den lille gangen og så butikken som var delt med ein liten faste benk mellom døra og disken. Der sat alltid ein to tre gamlekarar på den benken. Eg likte veldig godt å gå på buda. Det var ikkje noke som var ferdigpakka. Smør kom i butter, måtte vegast opp, mjølet måtte dei vege opp, sirap og også ein veldig svær artikkel den tida det var parafin og lampeglas. Og me var veldig glade for å gå på buda, det kunne kanskje vanke litt godt og. Så var det sirupspanna i ei hand og kanskje oljespanna i den andre, eller du hadde mindre søsken i eine handa. Og så var det vanleg med formaninga:  Vær nå forsiktige og la ikkje smøret kome i lag med parafinen, det var ikkje bra. Og så ver forsiktig og ikkje knuse lampeglasa. Og det var oss.

Alt skulle vegast, dei hadde desse balansevektene, skålvektene me kalla, og det likte dei godt gamlekarane, då såg dei om det blei gitt god eller dårleg vekt. Det var voldsomt ka dei grein på nasa då dei kom desse nye vektene, med dene lange visaren og ei masse tal. Dei var skeptiske og der var dei som var snare og heiv opp loddern når dei kom heim for å ta stikkprøver på om det var rett vekt. Og så var der ei gammal kone der i nærheiten som var nokså jamne med det der, og når ho fekk det til å stemme då, sa ho: Å jammen vog ho Sanna rett! Dei hadde ikkje så mange kroner å leggje frå seg i forretningane.»

Det var sonen til Iver, Hans Iversson Furseth som dreiv butikk i det vesle huset. Etterkvart flytta han butikken inn på Magnusbakken og den låg då omtrent der Gamleposten vart bygd seinare. Det betyr at det vart slutt på butikkdrifta på Skorene før Iver flytte frå Eikenosa for Hans selde butikken på Magnusbakken i 1922. Hans hadde fått kjøpe det første kooperative handelslaget i Spjelkavika to år tidlegare saman med foretningsbygget der butikken heldt til. Butikken gikk etter kvart så godt at hans la ned drifta på Emblem, bytte etternamn til Iversen og flytte til Spjelkavika. Men før Hans flytta fekk Sevrin Emblem frå Garsendhaugen prøve seg bak disken og det gav meirsmak. Kring 1960 hadde Sevrin bygd seg opp og styrte eit av dei største landhandlane i distriktet (Sevrinbuda på Emblem).

Kjøt-Iver vart truleg buande på Skorene til kring 1933. Då selde han i alle fall den vesle garden til Oskar Emil Olsen Emblem (1902-1995) frå Auregarden. Oskar var ein av grunnleggarane av Emblemsruta, 4 år tidlegare. Han var gift med Lovise Karoline jakobsdotter Akslen (1905-1987) frå garden Stigen. Du kan lesa meir om Oskar på dei to undersidene som handlar om Emblemsruta og eg har dessutan publisert utdrag av eit intervju med han på 1980-talet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
03.04 | 23:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

...
03.04 | 22:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE