Den
første gongen Skaret, Bruksnummer 1 under Nedregotten, dukkar opp i
historia, er med brukaren Peder Knutsen (1739-94). Han var sonen til Knut Pedersen (1702-1767), som var den siste brukaren på det som bygdeboka omtalar som "Bruk II" på Nedregotten. Det var med andre ord i Knut si tid at dei to gardsbruka på Nedregotten vart delt vidare opp i fire bruk ved at kvar av dei to første vart delt i to. Først ut var "Bruk I", som vart delt i Steffagaren og Sirigarden ca 1730. Deretter vart Skaret frådelt bruk II i 1760, og til slutt fekk også Guttormgarden eige frådelingi 1869. Namna på dei ulike bruka kom seinare, slik at dei kunne skilljast frå kvarandre i daglegtalen. Skaret var det einaste bruket som me ikkje kjenner til noko menneskenamn på. Om folk kalla garden for "Skaret" heilt sidan 1760 tvilar eg på, det er i alle fall meir sannsynleg at dette namnet har samanheng med tida då det gamle klengetunet vart fråflytta og det nye tunet vart sett opp att lenger vest. Garden kan soleis ha heitt "Pedergaren" etter den første brukaren kring 1760.
Det er ikkje så tilfeldig at Nedregotten vart delt opp kring midten av 1700-talet. Det gjekk rimeleg godt med fisket, flketalet auka, avbrote av uår. Kring 1732 vart delar av eigedommen overført frå Brandal-ætta til Apalsett-ætta, og på ei tid der mange byrja å flytte frå bygda for å satse meir på fiskeria langs kysten, så vart det kanskje mindre behov for ein stor gard for å klare seg. Det var truleg eigarane som tok den endelege besluttninga, men det verkar som om dei tidlegare bygselsmennene på Nedregotten hadde eit ord med i laget dei også. I alle fall så fekk Knut Pedersen overlate garden sin til sønene Lars Knutsen (Guttormgarden) og Peder Knutsen, som fekk Skaret. På det andre bruket var det óg slekta som fekk drive begge dei oppdelte bruka vidare. Dette var ekstra trygt for kårmennene, tryggare for eigarane og ei stor hjelp for dei som trong noko å leve av om dei skulle bli verande i bygda.
Denne Knut Pedersen ( 1702-1767) og kona Anne Ingebrigtsdotter (ca 1705-1769) var velståande folk, trass bygsel på Nedregotten. Skiftebuet etter Knut i 1767 er på heile 135 rdl. og nesten ikkje noko gjeld. Han hadde eigen hest, part i fire fiskebåtar og mykje fiskevegn ved sida av 5 kyr, 3 sauer og 3 geiter. Knut hadde bygsla halve Nedregotten lik far sin, Peder Larsen (ca 1660-1745), før han. Knut og Anne fekk minst 4 born. Dette var Birthe (f.1736), Peder som tok over på Skaret, Lars som tok over Guttormgarden og Anne (f.1749)
Sonen, Peder, dreiv garden
frå 1760 til 1793, og var gift med Berte Larsdotter Reiten
(1730-80). Eg veit ikkje kvar ho kom frå, for gardbrukarane på
garden Reiten i vår eiga bygd brukte namnet "Østremsreit" på denne
tida, så det kan ikkje ha vore derifrå. . Peder gifte seg enno ein gong med Anne Knutsdotter (f. 1756)
som var 13 år yngre enn han. Peder fekk ingen god attest frå
Borgundpresten, som skreiv at han var «slet opplyst» i motsetning
til dei to konene hans som begge som fekk gode skussmål.
Peder
Knutsen hadde truleg ein del pengar i arv frå far sin. Han kjøpte Skaret og vart sjølveigar i 1772. Det kan hende at
han var inspirert av farens suksess, men det gjekk ikkje like bra.
Etter berre fem år måtte Peder skøyte frå seg garden til Elling
Olsen Roald og gå attende til å vere bygselmann. Skøytet vart tinglest den 8. juni det året. Truleg var Elling
garantist for Peder. Då han måtte overta, let han Peder få
fortsette å drive garden. I 1793 måtte Peder likevel gå frå gard
og grunn og leve sitt siste år som legdslem. Eg veit ikkje kvifor,
men dette var ikkje den beste perioden for den som skulle livberge
seg av gardsdrift. Det var ei tid med dels uår og kaldare vintrar.
Brukarane var avhengige av ein god kornhaust for poteta var enno
ikkje allemannseige. Ei anna forklaring kan vera at Elling ikkje
kunne verna Peder lenger. Eg finn ingen Elling Olsen i 1801 tellinga,
så det er ei viss moglegheit for at han ved sida av å vera
velhalden og kausjonist også er tilårskommen allereie i 1772 og
difor ikkje i live i 1793. Kyrkjebøkene er temmeleg kronglete
skrivne før 1800, så det er vanskeleg å finna han att i ein så
lang tidsperiode som 1776-1794. Om arvingane til Elling eigde garden
ei tid er ikkje så usansynleg, men dei følte nok ikkje det same
ansvaret for Peder. Eg har litt tru på ei slik forklaring for det
finst liknande eksempel på det same i bygda kring midten av
1800-talet.
Før
Peder måtte skøyte frå seg garden må han ha forsøkt å berga seg
ved å selje det som seljast kunne. Når han skøytte frå seg så
kan han ha mista eigendomsretten til husa også. På den måten hadde
Peder ingen økonomiske reservar eller noko av verdi når han seinare
måtte gå den tunge vegen frå å vera bygselsmann til å verte
fattiglem på legd. Allereie året etter, den andre søndagen i
advent, døydde Peder, 61 år gamal. Her stoppar også opplysningane
om Kona, Anne og det står ikkje registrert nokon ektefelle i
Ministrialboka.
Det vart neppe noko å fordele på borna Berthe Laurence (f. 1781), Peder Christian (f. 1790) og Gunild Gurina (f.1793). Eg veit Heller ikkje kvar dei vart av. Det kan ikkje ha vore enkelt å gifte seg utan medgift, for dei vaks opp på ei tid der det stod verst til reint økonomisk
Den
neste brukaren kom innai fjordane. Han heitte Arne Ellingsen Åkernes og kom frå Åkerneset. Arne døydde allereie i 1798, før eldstedottera vart fødd, men før det hadde han vorte far minst ein gong til. Arne og kona hans, Laurentze Larsdotter
(1760-1835), var verkeleg arbeidsame folk og truleg ikkje så dårleg
stilt, reint økonomisk heller. På berre 5 år hadde dei sett opp ny
kvenn, sengabu, sel og naust. Forretningsteften fekk også dottera
Andrine Arnesdotter Nedregotten (1799-1862) ta del i.
Ho
vart godt gift i Sjursgarden og det finst ei mengd skøyter etter
henne og hennar andre ektemann, Knut Olsen Kyrkjebø. Dei reiste mellom anna ikring og
kjøpte opp gardar på auksjon i den fyrste helvta av 1800-talet. I
skiftet etter faren Arne vart det også nemnd 4 kyr, 3 kviger, 5
sauer, 4 geiter og ei mengd fiskevegn. Du kan lesa meir om dei i eigen tekst om Sjursgarden på Emblem. Andrine var nummer to i borneflokken. ho hadde ei søster som heitte Else (1796-1821). Dei hadde også ein halvbror, Lars Petter Pedersen (1802-1837) som tok over bruket etterkvart.
I
1801-tellinga er 40 år gamle Laurentze registrert saman med den 12
år yngre ektemannen Johannes Pedersen. Der er det også nemnd dei to borna til Arne,
Else Arnesdotter på 5 år og Andrine Arnesdotter på
2. Laurentze må ha
hatt behov for å gifte seg opp att kort tid etter Arne døydde om ho
skulle makte å drive garden vidare. Samstundes viste Laurentze å ta
vare på døttrene sine. På denne tida var det vanleg at ektemaken
overtok den juridiske eigedomsretten, og det økonomiske ansvaret, men
Laurentze hadde overlete fleire av eigedomane etter Arne til døtrene før ho gifte seg om att, og sat truleg som forvaltar fram til dei vart gamle nok Dette skulle syne seg å vere lurt, for dei fekk ikkje ta over farsgarden. Det finst også prov for dette i eit skøyte som syner at dottera Andrine selde Åkerneset for mellom 250
og 300 spd. før ho overtok eigedomsretten over Sjursgarden og gifta
seg om att, etter at hennar første ektemann døydde. Dette vitnar om
foretningsteft hjå både Andrine og Laurentze, noko som ikkje kan ha
vore så vanleg på den tida. Ho visste at dersom ho fekk ein son med
sin andre ektemann, så ville denne få odelsretten, og slik vart det som kjent også.
Om Johannes Pedersen er det ikkje så mykje informasjon å finne.
Han fekk bygselsbrev i 1800, men eg finn ikkje ut kven som eig garden
etter Elling Olsen Roald. I Borgundboka finn eg ingen informasjon og
den er dels motstridande. Frå bygselskontrakta kan ein lesa at
Skaret hadde stovehus, to fjøsar, løe og eit lite stabbur i god
stand. Det er 6-7 krøter, 6-7 småfe og 20 tønner korn.. Johannes
tok kår hjå sonen Lars Peter Johannesen (1802-37), men Lars rakk
berre å drive garden i ti år frå 1827-37 før han døydde.
Lars Petter vart gift med Olave Olsdotter Emlem (1802-81). Dei fekk i alle fall tre born saman. Den eldste var Johanne Birgitte (1827-1913) og ho gifta seg på Spjelkavikneset. Den neste var Ole Elias (1832-1923) Han tok over garden. Den tredje veit eg lite om. Ho heitte i alle fall Anne Jørgine Caroline og vart fødd i 1836, året før LArs Petter døydde.
Olave gifte seg om att
med Petter Ananiassen Flisnes (1808- ca 55) som var brukar frå
1838-1855. I 1847 vart garden taksert. Stova av tømmer hadde no fått
fordør. To fjøsar og ei løe hadde blitt til ei samanbygd løe med
tømmerfjøs og stabburet hadde også fått eiga fordør. Garden avla
fortsatt 20 tønner korn, men dyrehaldet hadde auka litt. Dei hadde
no 6-7 krøter og 10 smaler, samt hest. Husa og buskapen vart taksert
til 121 spd, medan jorda vart taksert til totalt 200 spd.
Petter fekk også to døtre. Lovise (1841-1927) gifte seg i 1863 med Bernt Olaus Timotheuss. Spilkeviggjærde og busette seg på Spjelkavikneset. Søstra Anne Karoline (1845-1934) gifte seg med broren til Bernt, Haagen Timotheuss. Spilkeviggjærde i 1867 og busette seg først på Ytterholen. Då han døydde gifte ho seg om att med Andreas Kristians. Saltkjelsvik og dei busette seg på Rødsetholen.
Arvingane
etter Elling hadde på denne tida seld Skaret og den siste eksterne
eigaren som bygsla bort bruket var Peter Didriksen Giskeøygard, som
selde til sjølveige til Ole Elias Larsen (1832-1923) i 1856.
Ole
Elias Larsen var som tidlegare nemnd sonen til ovanfornemnde Lars Peter Johanessen og bornebornet til
Johannes og Laurentze. Ole
var gift med Olave Hansdotter Leirvåg (1835-1904) Borgundboka fortel
at han var brukar frå 1856-91, medan han sjølv fortel at han var 27
år då han heldt utskifting og tok over garden. I gamletunet kring
Steffågarden og Sirigarden fortel han at det var to løer som var
ombygde til ei, med båsar, som rakk over begge. Det var han som
flytte huset frå det gamle klengetunet og ut til skaret der garden
ligg i dag. Ole dreiv med fiske i 40 år og spedde på kårinntektene
som skinnhandler i 25 år. Han reiste ikring på bygdene, kjøpte opp
og selde vidare til fjordkarane. Ein av dei han selde mest til var
Lars Ramstad, og då særleg saueskinn.
Eg er enno ikkje heilt sikker på kor mange born dei fekk. Det var i alle fall fire, og det er mogeleg at det vart minst fem også. Der er registrert ein Ole Ols. som dreng på Nedregotten. Han vart fødd i 1860 og døydde av tæring i 1886. Det er mogeleg at han er sonen til Ole. Lovise Agnethe Eline (f. 1862) er eg meir sikker på. Ho gifte seg i 1882 med Johan Nikolai Bastian Bernts. Erstad frå Sykkylven, og ho flytte dit. Johan Andreas Olavius (1864-1917) tok etterkvart over farsgarden, medan Hans Martinus (1871-1871) berre vart 5 dagar gamal. Dette vert totalt 4 born, men der skal vere minst ein gut til, som eg ikkje har funne namnet på.
Johan Olsen (1864-1917) var ferdig utlærd snikkar og gift med
Petrine Danielsdotter Honningdal (1867-1938) frå Glomset. I 1910 var
Johan registrert der inne på Glomset og det er skrive at han
hadde hovudbustaden på Skaret. Det er truleg at det var der inne han
fekk utdanning som snikkar. Han døydde tidleg av kreft og vart berre 53 år gamal. Petrine fekk det vanskeleg, økonomisk, der ho sat att som enke. Ho hadde hatt ein sjuk mann som ho skulle ta seg av ved sidan av gardsdrifta.
Johan og Petrine fekk stort sett berre døtre og dei av dei
eldste døtrene vart jordajente på Skaret. Petrine var også søstera til Lars Danielsen Honningdal som gifte seg til hovudbruket på Magerholm og dreiv det fram til Karl Engeset kjøpte den. Du kan lesa meir om Lars i teksten om dette bruket og i Kåre Magerholm sin tekst om Daleplassen i Magerholmdalen.
Eg har funne minst 6 born. I folketellinga frå 1910 er sonen Ole Daniel Laurits (f.1891) den eldste. Han dreiv då som fiskar. Far hans,
Ole Elias Larsen, også kalla "Gamle-Ole", fortalde til journalist P. Stensager like før han døydde at det var meininga at Ole skulle ta over farsgarden. Men slik gjekk det ikkje. Han omkom under laksefiske i Amerika og han hadde då vore fullbefaren bestmann på vestkysten før han døydde i 1918. Ole Daniel skal ha vore på sin siste tur til Amerika og i ferd med å vende heim då han døydde tragisk i ei fallulukke frå ei skipsmast.
Det vert fortalt at han hadde spart opp ein god porsjon pengar og førebutt seg på å ta over på Skaret, men då han døydde kom sparepengane hans burt på forunderleg vis, og ein meinte at det ikkje var alt som gjekk heilt rett føre seg der borte i Amerika.
Kristofa (1894-1960-åra) var nest eldst. Ho gjekk både forsettelseskule på Emblem, Amtskule på Vestnes og husflidskule i Bergen. Ho gifte seg aldri, men flytte heim att og tok seg av mor si. Det var bygd ei eiga kårfløy mot nord på Skare-stova der begge budde. Du kan sjå bilete av denne fløya i fotoalbumet. Kristofa heldt også handverkskurs i Skarestova for sambygdingane. Eit av desse var i filering. Ho var også sydame for dei som trong hjelp til slikt. Etter mora, Petrine, døydde i 1938 vart Kristofa seinare innlagd på Oppdøl med "svage nærver" og døydde der på 1960-talet.
Olivia Kaia (f.1896) var den neste i borneflokken. Ho gjekk også på "fortsættelsesskole" på den eldste skulen i Emblemsbygda, like ovanfor Skare-tunet. Eg veit ikkje av noko vidare utdanning, og det var heller ikkje vanleg på den tida. Olivia vart seinare gift med naboguten Alfred Elias Østrem frå Vedhaugen og dei busette seg i Langevågen, der dei mellom anna arbeidde på konfeksjonsfabrikk. Det er mogeleg at det kan ha vore anten Devold-fabrikken eller ein underlevarandør.
Olava (1899-1978) var den som skulle ta over bruket, medan Dina (1903-1994) og Inga (f.1905) var dei yngste i flokken. Dei skal eg fortelle meir om ved neste oppdatering av denne teksten. Mora Petrine måtte klare seg på eiga hand den hausten folketellinga vart halden, for då var Johan busett hjå slekta inne på Honningdalsneset. I tillegg hadde ho svigerfaren og kårmannen Ole å ta seg av ved sidan av dyrestellet. Det skal ha vore den seinare fullbefarne snekkaren, Johan, som bygde løa som framleis stend på garden.
Olava Johansdotter (1899-1978) gifta seg med naboguten Nils Johansen Akslen
(1897-1986) frå Hølå i 1920. På bilete frå bryllaupet kan ein også sjå merke av dei vanskelege kåra som vart mora til del etter Johan gjekk bort. Nokre av glasrutene i kjellaren var bøtt med ty og husveggane bar preg av manglande stell. I Nils og Olave si tid gjekk det mykje betre. Dei dreiv garden frå 1920 til 1955. I denne
perioden vart bygde dei også nytt stovehus på garden i 1952. Dette kan du sjå bilete av i albumet. Dette huset skulle verte ståande heilt fram til våre dagar.
Det vart på
nytt ein svigerson som måtte til for å driva slekta vidare, og no
var det Inge Martinussen Emblem frå Negarden, (f. 1919) som gifta
seg med Johanne ("Jonna") Nilsdotter Akslen (f. 1923). Søstera Judith gifte seg med Kåre Kvangarsnes og fekk seg hustomt nede ved sjøen ovanfor nausta i Østremsvika.
Inge og Johanne dreiv garden i mange år. Han arbeidde også i mange år på Emblemsruta som bussjåfør. No er det bornebornet Idar som har tatt over både garden og sjåførhua, om enn for Sularuta og ikkje det no nedlagde busselskapet i bygda. Han har no bygd nytt hus, som snart er klar til innflytting. Elles er garden nedlagd og store delar av markane og skogsteigane har vorte frådelt til hustomter. Borna var av dei første som fek frådelt tomter nær tunet. Etter den tid fekk skråninga mot Storelva, nord for garden, bilveg frå dei gamle bussgarasjene og vestover mot skulane. Der vart det også byggefelt frå byrjinga av 1980-åra. Dei seinare åra har også markane og dei gamle torvteigane kring tunet vorte bygd ut. Løa stend framleis, om enn i ombygd utgåve innvending.