Ei kortfatta historie om brukarane på Skaret

Dette er skarefolket kring 1911. Bestillaren er Johan O. Nedregotten og truleg han som sit lengst til venstre. Johan var snikkar og bygde løa som stend på skaret i dag. Han overlet bruket til svigersonen Nils i 1917. Dei fotograferte er då truleg første rekke f.v.: Johan Olsen, Dina (f. 1903), faren Ole Larssen, Inga (f.1905) og kona Petrine Danielsdotter (f. Honningdal på Glomset). Bak f.v. kan vera Kristofa (1894) eller Olivia (1896) som var registrert som tjenar, Olave? (1899)

Dette kan vere Ole Daniel Laurits Johanson Nedregotten (f. 1891). Biletet er teke hos fotograf Sponland i 1911 og den orginale glasplata finst i Fylkesfotoarkivet under arkivreferansen AM-95003.013952

Dette bildet vart teke hos fotograf Sponland i 1911 av Olivie Nedregotten (f. 1896) Du finn ho også på familiebiletet i denne albumen. Den orginale glasplata finst i Fylkesfotoarkivet under arkivnummer AM-95003.014285

Truleg eit av dei siste bileta av Ole Daniel Laurits Nedregotten 1891-1918 som omkom då han fall frå masta på båten han var med på fangst med, på sin siste tur før han skulle heim att frå Amerika og ta over farsgarden. Biletet tilhøyrer Judith Kvangarsnes

Undrar meg på om dette kan vere Olave Johansdotter Nedregotten (1899-1978) frå Skaret. Namnet stemmer i alle fall med bestillaren hos fotograf Enok O Simmonæs i Ålesund. Orginalplata finn du i Fylkesfotoarkivet under arkivnummer FAKf-100187.147272.jpg

"Skare-Nils" Johanson Akslen frå nabogarden Høla hos fotograf Sponland i 1917. Han gifte seg med jordajenta Olava Johansdotter (1899-1978) på Skaret i 1920. Arkivreferansen til den orginale glasplata i Fylkesfotoarkivet er: AM-95003.033787

Biletet er truleg frå bryllaupet til Nils Johans. Akslen og Olave Nedregotten. F.v. Onkelen til Olave, Lars Danielsen Magerholm (f. Honningdalsnes og dreiv hovudbruket på Magerholm) I midten står Ole Elias Larsen som var far til bruda, saman med Johan Nilss. Hesseberg, kårmann i Høla som var far til brudgommen. Biletet er tatt på Skaret og tilhøyrer Judith Kvangarsnes

Bryllaupsbilete av Nils Johanson Akslen og Olave Johansdotter Nedregotten i 1920. Biletet tilhøyrer Judith Kvangarsnes

Høyonn på Skaret

Gamlestova på Skaret før påbygginga i 1952. påbygget midt på huset var det truleg Nils Akslen som sette opp. Dottera, Judith (gift Kvangardsnes) fortel at det i hennar tid var ei tante som budde der. Ungane hadde soverom i andre høgda mot venstre og foreldra i andre enden. Der var og ein eigen gang i den venstre del av huset som gjekk direkte til tanta sitt rom.

Gammalt og nytt. Her er ny-stova snart ferdig. Årstalet er truleg 1952. Delar av huset stod framleis då nystova vart bygd. Judith Kvangarsnes fortel at ho hadde rom lengst mot venstreog måtte klatre i stige opp på den overbygde trappa før ho kunne klyve inn vindauget i byggeperioden.

Den første gongen Skaret, Bruksnummer 1 under Nedregotten, dukkar opp i historia, er med brukaren Peder Knutsen (1739-94). Han var sonen til Knut Pedersen (1702-1767), som var den siste brukaren på det som bygdeboka omtalar som "Bruk II" på Nedregotten. Det var med andre ord i Knut si tid at dei to gardsbruka på Nedregotten vart delt vidare opp i fire bruk ved at kvar av dei to første vart delt i to. Først ut var "Bruk I", som vart delt i Steffagaren og Sirigarden ca 1730. Deretter vart Skaret frådelt bruk II i 1760, og til slutt fekk også Guttormgarden eige frådelingi 1869. Namna på dei ulike bruka kom seinare, slik at dei kunne skilljast frå kvarandre i daglegtalen. Skaret var det einaste bruket som me ikkje kjenner til noko menneskenamn på. Om folk kalla garden for "Skaret" heilt sidan 1760 tvilar eg på, det er i alle fall meir sannsynleg at dette namnet har samanheng med tida då det gamle klengetunet vart fråflytta og det nye tunet vart sett opp att lenger vest. Garden kan soleis ha heitt "Pedergaren" etter den første brukaren kring 1760.

Det er ikkje så tilfeldig at Nedregotten vart delt opp kring midten av 1700-talet. Det gjekk rimeleg godt med fisket, flketalet auka, avbrote av uår. Kring 1732 vart delar av eigedommen overført frå Brandal-ætta til Apalsett-ætta, og på ei tid der mange byrja å flytte frå bygda for å satse meir på fiskeria langs kysten, så vart det kanskje mindre behov for ein stor gard for å klare seg. Det var truleg eigarane som tok den endelege besluttninga, men det verkar som om dei tidlegare bygselsmennene på Nedregotten hadde eit ord med i laget dei også. I alle fall så fekk Knut Pedersen overlate garden sin til sønene Lars Knutsen (Guttormgarden) og Peder Knutsen, som fekk Skaret. På det andre bruket var det óg slekta som fekk drive begge dei oppdelte bruka vidare. Dette var ekstra trygt for kårmennene, tryggare for eigarane og ei stor hjelp for dei som trong noko å leve av om dei skulle bli verande i bygda. 

Denne Knut Pedersen ( 1702-1767) og kona Anne Ingebrigtsdotter (ca 1705-1769) var velståande folk, trass bygsel på Nedregotten. Skiftebuet etter Knut i 1767 er på heile 135 rdl. og nesten ikkje noko gjeld. Han hadde eigen hest, part i fire fiskebåtar og mykje fiskevegn ved sida av 5 kyr, 3 sauer og 3 geiter. Knut hadde bygsla halve Nedregotten lik far sin, Peder Larsen (ca 1660-1745), før han. Knut og Anne fekk minst 4 born. Dette var Birthe (f.1736), Peder som tok over på Skaret, Lars som tok over Guttormgarden og Anne (f.1749)

Sonen, Peder, dreiv garden frå 1760 til 1793, og var gift med Berte Larsdotter Reiten (1730-80). Eg veit ikkje kvar ho kom frå, for gardbrukarane på garden Reiten i vår eiga bygd brukte namnet "Østremsreit" på denne tida, så det kan ikkje ha vore derifrå. . Peder gifte seg enno ein gong med Anne Knutsdotter (f. 1756) som var 13 år yngre enn han. Peder fekk ingen god attest frå Borgundpresten, som skreiv at han var «slet opplyst» i motsetning til dei to konene hans som begge som fekk gode skussmål.

Peder Knutsen hadde truleg ein del pengar i arv frå far sin. Han kjøpte Skaret og vart sjølveigar i 1772. Det kan hende at han var inspirert av farens suksess, men det gjekk ikkje like bra. Etter berre fem år måtte Peder skøyte frå seg garden til Elling Olsen Roald og gå attende til å vere bygselmann. Skøytet vart tinglest den 8. juni det året. Truleg var Elling garantist for Peder. Då han måtte overta, let han Peder få fortsette å drive garden. I 1793 måtte Peder likevel gå frå gard og grunn og leve sitt siste år som legdslem. Eg veit ikkje kvifor, men dette var ikkje den beste perioden for den som skulle livberge seg av gardsdrift. Det var ei tid med dels uår og kaldare vintrar. Brukarane var avhengige av ein god kornhaust for poteta var enno ikkje allemannseige. Ei anna forklaring kan vera at Elling ikkje kunne verna Peder lenger. Eg finn ingen Elling Olsen i 1801 tellinga, så det er ei viss moglegheit for at han ved sida av å vera velhalden og kausjonist også er tilårskommen allereie i 1772 og difor ikkje i live i 1793. Kyrkjebøkene er temmeleg kronglete skrivne før 1800, så det er vanskeleg å finna han att i ein så lang tidsperiode som 1776-1794. Om arvingane til Elling eigde garden ei tid er ikkje så usansynleg, men dei følte nok ikkje det same ansvaret for Peder. Eg har litt tru på ei slik forklaring for det finst liknande eksempel på det same i bygda kring midten av 1800-talet.

Før Peder måtte skøyte frå seg garden må han ha forsøkt å berga seg ved å selje det som seljast kunne. Når han skøytte frå seg så kan han ha mista eigendomsretten til husa også. På den måten hadde Peder ingen økonomiske reservar eller noko av verdi når han seinare måtte gå den tunge vegen frå å vera bygselsmann til å verte fattiglem på legd. Allereie året etter, den andre søndagen i advent, døydde Peder, 61 år gamal. Her stoppar også opplysningane om Kona, Anne og det står ikkje registrert nokon ektefelle i Ministrialboka.

Det vart neppe noko å fordele på borna Berthe Laurence (f. 1781), Peder Christian (f. 1790) og Gunild Gurina (f.1793). Eg veit Heller ikkje kvar dei vart av. Det kan ikkje ha vore enkelt å gifte seg utan medgift, for dei vaks opp på ei tid der det stod verst til reint økonomisk

Den neste brukaren kom innai fjordane. Han heitte Arne Ellingsen Åkernes og kom frå Åkerneset. Arne døydde allereie i 1798, før eldstedottera vart fødd, men før det hadde han vorte far minst ein gong til. Arne og kona hans, Laurentze Larsdotter (1760-1835), var verkeleg arbeidsame folk og truleg ikkje så dårleg stilt, reint økonomisk heller. På berre 5 år hadde dei sett opp ny kvenn, sengabu, sel og naust. Forretningsteften fekk også dottera Andrine Arnesdotter Nedregotten (1799-1862) ta del i.

Ho vart godt gift i Sjursgarden og det finst ei mengd skøyter etter henne og hennar andre ektemann, Knut Olsen Kyrkjebø. Dei reiste mellom anna ikring og kjøpte opp gardar på auksjon i den fyrste helvta av 1800-talet. I skiftet etter faren Arne vart det også nemnd 4 kyr, 3 kviger, 5 sauer, 4 geiter og ei mengd fiskevegn. Du kan lesa meir om dei i eigen tekst om Sjursgarden på Emblem. Andrine var nummer to i borneflokken. ho hadde ei søster som heitte Else (1796-1821). Dei hadde også ein halvbror, Lars Petter Pedersen (1802-1837) som tok over bruket etterkvart.

I 1801-tellinga er 40 år gamle Laurentze registrert saman med den 12 år yngre ektemannen Johannes Pedersen. Der er det også nemnd dei to borna til Arne, Else Arnesdotter på 5 år og Andrine Arnesdotter på  2. Laurentze må ha hatt behov for å gifte seg opp att kort tid etter Arne døydde om ho skulle makte å drive garden vidare. Samstundes viste Laurentze å ta vare på døttrene sine. På denne tida var det vanleg at ektemaken overtok den juridiske eigedomsretten, og det økonomiske ansvaret, men Laurentze hadde overlete fleire av eigedomane etter Arne til døtrene før ho gifte seg om att, og sat truleg som forvaltar fram til dei vart gamle nok Dette skulle syne seg å vere lurt, for dei fekk ikkje ta over farsgarden. Det finst også prov for dette i eit skøyte som syner at dottera Andrine selde Åkerneset for mellom 250 og 300 spd. før ho overtok eigedomsretten over Sjursgarden og gifta seg om att, etter at hennar første ektemann døydde. Dette vitnar om foretningsteft hjå både Andrine og Laurentze, noko som ikkje kan ha vore så vanleg på den tida. Ho visste at dersom ho fekk ein son med sin andre ektemann, så ville denne få odelsretten, og slik vart det som kjent også.

Om Johannes Pedersen er det ikkje så mykje informasjon å finne. Han fekk bygselsbrev i 1800, men eg finn ikkje ut kven som eig garden etter Elling Olsen Roald. I Borgundboka finn eg ingen informasjon og den er dels motstridande. Frå bygselskontrakta kan ein lesa at Skaret hadde stovehus, to fjøsar, løe og eit lite stabbur i god stand. Det er 6-7 krøter, 6-7 småfe og 20 tønner korn.. Johannes tok kår hjå sonen Lars Peter Johannesen (1802-37), men Lars rakk berre å drive garden i ti år frå 1827-37 før han døydde.

Lars Petter vart gift med Olave Olsdotter Emlem (1802-81). Dei fekk i alle fall tre born saman. Den eldste var Johanne Birgitte (1827-1913) og ho gifta seg på Spjelkavikneset. Den neste var Ole Elias (1832-1923) Han tok over garden. Den tredje veit eg lite om. Ho heitte i alle fall Anne Jørgine Caroline og vart fødd i 1836, året før LArs Petter døydde.

Olave gifte seg om att med Petter Ananiassen Flisnes (1808- ca 55) som var brukar frå 1838-1855. I 1847 vart garden taksert. Stova av tømmer hadde no fått fordør. To fjøsar og ei løe hadde blitt til ei samanbygd løe med tømmerfjøs og stabburet hadde også fått eiga fordør. Garden avla fortsatt 20 tønner korn, men dyrehaldet hadde auka litt. Dei hadde no 6-7 krøter og 10 smaler, samt hest. Husa og buskapen vart taksert til 121 spd, medan jorda vart taksert til totalt 200 spd. 

Petter fekk også to døtre. Lovise (1841-1927) gifte seg i 1863 med Bernt Olaus Timotheuss. Spilkeviggjærde og busette seg på Spjelkavikneset. Søstra Anne Karoline (1845-1934) gifte seg med broren til Bernt, Haagen Timotheuss. Spilkeviggjærde i 1867 og busette seg først på Ytterholen. Då han døydde gifte ho seg om att med Andreas Kristians. Saltkjelsvik og dei busette seg på Rødsetholen.

Arvingane etter Elling hadde på denne tida seld Skaret og den siste eksterne eigaren som bygsla bort bruket var Peter Didriksen Giskeøygard, som selde til sjølveige til Ole Elias Larsen (1832-1923) i 1856.

Ole Elias Larsen var som tidlegare nemnd sonen til ovanfornemnde Lars Peter Johanessen og bornebornet til Johannes og Laurentze. Ole var gift med Olave Hansdotter Leirvåg (1835-1904) Borgundboka fortel at han var brukar frå 1856-91, medan han sjølv fortel at han var 27 år då han heldt utskifting og tok over garden. I gamletunet kring Steffågarden og Sirigarden fortel han at det var to løer som var ombygde til ei, med båsar, som rakk over begge. Det var han som flytte huset frå det gamle klengetunet og ut til skaret der garden ligg i dag. Ole dreiv med fiske i 40 år og spedde på kårinntektene som skinnhandler i 25 år. Han reiste ikring på bygdene, kjøpte opp og selde vidare til fjordkarane. Ein av dei han selde mest til var Lars Ramstad, og då særleg saueskinn. 

Eg er enno ikkje heilt sikker på kor mange born dei fekk. Det var i alle fall fire, og det er mogeleg at det vart minst fem også. Der er registrert ein Ole Ols. som dreng på Nedregotten. Han vart fødd i 1860 og døydde av tæring i 1886. Det er mogeleg at han er sonen til Ole. Lovise Agnethe Eline (f. 1862) er eg meir sikker på. Ho gifte seg i 1882 med Johan Nikolai Bastian Bernts. Erstad frå Sykkylven, og ho flytte dit. Johan Andreas Olavius (1864-1917) tok etterkvart over farsgarden, medan Hans Martinus (1871-1871) berre vart 5 dagar gamal. Dette vert totalt 4 born, men der skal vere minst ein gut til, som eg ikkje har funne namnet på.

Johan Olsen (1864-1917) var ferdig utlærd snikkar og gift med Petrine Danielsdotter Honningdal (1867-1938) frå Glomset. I 1910 var Johan registrert der inne på Glomset og det er skrive at han hadde hovudbustaden på Skaret. Det er truleg at det var der inne han fekk utdanning som snikkar. Han døydde tidleg av kreft og vart berre 53 år gamal. Petrine fekk det vanskeleg, økonomisk, der ho sat att som enke. Ho hadde hatt ein sjuk mann som ho skulle ta seg av ved sidan av gardsdrifta.  Johan og Petrine fekk stort sett berre døtre og dei av dei eldste døtrene vart jordajente på Skaret. Petrine var også søstera til Lars Danielsen Honningdal som gifte seg til hovudbruket på Magerholm og dreiv det fram til Karl Engeset kjøpte den. Du kan lesa meir om Lars i teksten om dette bruket og i Kåre Magerholm sin tekst om Daleplassen i Magerholmdalen.

Eg har funne minst 6 born. I folketellinga frå 1910 er sonen Ole Daniel Laurits (f.1891) den eldste. Han dreiv då som fiskar. Far hans,  Ole Elias Larsen, også kalla "Gamle-Ole", fortalde til journalist P. Stensager like før han døydde at det var meininga at Ole skulle ta over farsgarden. Men slik gjekk det ikkje. Han omkom under laksefiske i Amerika og han hadde då vore fullbefaren bestmann på vestkysten før han døydde i 1918. Ole Daniel skal ha vore på sin siste tur til Amerika og i ferd med å vende heim då han døydde tragisk i ei fallulukke frå ei skipsmast. Det vert fortalt at han hadde spart opp ein god porsjon pengar og førebutt seg på å ta over på Skaret, men då han døydde kom sparepengane hans burt på forunderleg vis, og ein meinte at det ikkje var alt som gjekk heilt rett føre seg der borte i Amerika. 

Kristofa (1894-1960-åra) var nest eldst. Ho gjekk både forsettelseskule på Emblem, Amtskule på Vestnes og husflidskule i Bergen. Ho gifte seg aldri, men flytte heim att og tok seg av mor si. Det var bygd ei eiga kårfløy mot nord på Skare-stova der begge budde. Du kan sjå bilete av denne fløya i fotoalbumet. Kristofa heldt også handverkskurs i Skarestova for sambygdingane. Eit av desse var i filering. Ho var også sydame for dei som trong hjelp til slikt. Etter mora, Petrine, døydde i 1938 vart Kristofa seinare innlagd på Oppdøl med "svage nærver" og døydde der på 1960-talet.

Olivia Kaia (f.1896) var den neste i borneflokken. Ho gjekk også på "fortsættelsesskole" på den eldste skulen i Emblemsbygda, like ovanfor Skare-tunet. Eg veit ikkje av noko vidare utdanning, og det var heller ikkje vanleg på den tida. Olivia vart seinare gift med naboguten Alfred Elias Østrem frå Vedhaugen og dei busette seg i Langevågen, der dei mellom anna arbeidde på konfeksjonsfabrikk. Det er mogeleg at det kan ha vore anten Devold-fabrikken eller ein underlevarandør. 

Olava (1899-1978) var den som skulle ta over bruket, medan Dina (1903-1994) og Inga (f.1905) var dei yngste i flokken. Dei skal eg fortelle meir om ved neste oppdatering av denne teksten. Mora Petrine måtte klare seg på eiga hand den hausten folketellinga vart halden, for då var Johan busett hjå slekta inne på Honningdalsneset. I tillegg hadde ho svigerfaren og kårmannen Ole å ta seg av ved sidan av dyrestellet. Det skal ha vore den seinare fullbefarne snekkaren, Johan, som bygde løa som framleis stend på garden.

Olava Johansdotter (1899-1978) gifta seg med naboguten Nils Johansen Akslen (1897-1986) frå Hølå i 1920. På bilete frå bryllaupet kan ein også sjå merke av dei vanskelege kåra som vart mora til del etter Johan gjekk bort. Nokre av glasrutene i kjellaren var bøtt med ty og husveggane bar preg av manglande stell. I Nils og Olave si tid gjekk det mykje betre. Dei dreiv garden frå 1920 til 1955. I denne perioden vart bygde dei også nytt stovehus på garden i 1952. Dette kan du sjå bilete av i albumet. Dette huset skulle verte ståande heilt fram til våre dagar.

Det vart på nytt ein svigerson som måtte til for å driva slekta vidare, og no var det Inge Martinussen Emblem frå Negarden, (f. 1919) som gifta seg med Johanne ("Jonna") Nilsdotter Akslen (f. 1923). Søstera Judith gifte seg med Kåre Kvangarsnes og fekk seg hustomt nede ved sjøen ovanfor nausta i Østremsvika. 

Inge og Johanne dreiv garden i mange år. Han arbeidde også i mange år på Emblemsruta som bussjåfør. No er det bornebornet Idar som har tatt over både garden og sjåførhua, om enn for Sularuta og ikkje det no nedlagde busselskapet i bygda. Han har no bygd nytt hus, som snart er klar til innflytting. Elles er garden nedlagd og store delar av markane og skogsteigane har vorte frådelt til hustomter. Borna var av dei første som fek frådelt tomter nær tunet. Etter den tid fekk skråninga mot Storelva, nord for garden, bilveg frå dei gamle bussgarasjene og vestover mot skulane. Der vart det også byggefelt frå byrjinga av 1980-åra. Dei seinare åra har også markane og dei gamle torvteigane kring tunet vorte bygd ut. Løa stend framleis, om enn i ombygd utgåve innvending.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE