Ystebøen

F.v. Klaus P. Emblem (1900-1929), Husfader, Peter Knudsen Emblem (1869-1949), Petter P. Emblem (1907), Antonette Klausdotter Emblem (1874-1955), Olga P. Emblem (1904) og Anna P. Emblem (1902-1929). Bakerst f.v.: Klara P. Emblem (1896-1974) Det er mogeleg at fotografen er stavangerfotografen Steinkopf-Wold. Kopien tilhøyrer Olav Østrem

Handkolorert bilete av Ystebøen. Orginalbiletet tilhøyrer Olav Østrem.

F.v. Klaus P. Emblem (1900-1929), Husfader, Peter Knudsen Emblem (1869-1949), Petter P. Emblem (1907), Antonette Klausdotter Emblem (1874-1955), Olga P. Emblem (1904) og Anna P. Emblem (1902-1929). Bakerst f.v.: Klara P. Emblem (1896-1974) Det er mogeleg at fotografen er stavangerfotografen Steinkopf-Wold. Kopien tilhøyrer Olav Østrem

Annleiinga er ukjend enno, men det er i alle fall Nikkoline Emblem (g. Magerholm) som sit framme og lengst til høgre. og Lisa Jenny Petra Jensdatter Eikrem Tusvik som sit lengst til venstre. Kan det ha vore eit bilete av arbeidarane på skofabrikken i Spjelkavika, eller venniner? Biletet har tilhøyrt Karl Magerholm og er utlånt av Åshild Magerholm Kvam

Nikoline Olivie Bergitte Peterdotter Emblem frå Ystebøen og mannen Knut Magerholm frå Daleplassen i Magerholmdalen (1894-1983). Dei flytte til Spjelkavika og arbeidde mellom anna på Spilkevig snøre og notfabrikk.

Bryllaupsbiletet til Klara Petersdotter Emblem og Peter Magerholm i 1918. Han kom frå Magerholmvika medan Klara kom frå Ystebøen og var eldste dotter til Peter Knutsen (1869-1942) frå Sykkylven. Bak Klara står søstra Nikkoline Petersdotter Emblem. Ho vart og gift Magerholm, men mannen Knut kom frå Daleplasen i Magerholmdalen. Begge søstrene busette seg i Spjelkavika der dei arbeidde på blant anna skofabrikken.

Garden er skild ut frå det som truleg var den første garden og som gav bygda namn. Namne-gransking tyder på at Emblem kan stamma frå det gamalnorske namnet «Imileimar», som er eit heim-namn og av dei eldste i landet. Gravrøyser i Emblemsvågen og på Ystebøen bidreg óg til å bekrefta ein temmeleg høg alder. Sjølv om den fyrste mann som me kan finna namn på er Bård på Emblem på 1200-talet, så er truleg garden frå føre vikingtida. Matrikkelbruket Emblem gjekk truleg heilt til sjøen, før Emblemsvågen vart utskild som eigen gard på 1500-talet.

Ystebø-namnet på Emblem er ikkje eit unikt namn i landet vårt. Det er mogeleg at gardsnamnet har samanheng med det gamle klengetunet på Emblem. Området dit garden seinare var flytta, kan ha vore den bøen som låg lengst vest, eller ytterst («yst») mot enten Eikenosa eller utmarka. Det er grunn til å tru at bøane og åkrane på det gamle Emblemstunet hadde eigne namn. Ein kan den dag i dag spore nokre av desse namna, som «Hampåkeren», «linåkeren» på meierimyra ved Røsevoldelva og dagens tun i Ebbegarden, Om «langåkeren»-namnet er like gamalt, er vanskeleg å verifisere i ettertid. Samtlege av desse og fleire andre lokale namn er desverre i ferd med å gå i gløymeboka. Andre bøar og åkrar kan truleg ha hatt liknande namn som «Ystebøen». Ein kan med andre ord tenkje seg at det kanskje fanst ein Øvstebø, Instebø, Nestebø eller liknande som «Ystebø» er kalla opp i forbindelse med. På det gamle klengetunet var det nok eit større tal med små jordlappar, bøar og åkrar som vart lagd på naturlege og solrike områder. Grøfting og jorddyrking av større samanhengande områder med forbetring av jordsmonnet kom seinare, ved innføringa av maskinell drift. Før denne tid vart dei mest egna områda plukka ut og fordelte etter tur, år for år på kvart einskild bruk. I tillegg kunne dei små bøane og åkrane verte delte inn nærast kvar einskild kvadratmeter på ein slik måte at det var omogeleg å gjere innhaustingsarbeidet dersom ikkje alle brukarane gjorde dette på same tid. Fleire av markene frå den gongen er no utvida, og meir utjamna, men det ligg framleis slåttemarker nedanfor tunet i Steffågarden, der dei ein gong låg, på rekkje og rad frå Myrane i vest til Ebbegarden i aust.

Kring 1520 var det to brukarar på Emblem. Omlag 80 år seinare var det 5 bruk på garden, og bruk 1 var dobbelt så stort som dei fire andre bruka. Då Didrik Villumsen (ca 1655-1718) sat som bygselsmann på storgarden i 1714 vart Negarden fråskilt Ystebø-bruket. På denne tida var det Christian Sæd som åtte Giskegodset og garden var då ein del av dette godset. Årsaka til denne delinga kjenner eg ikkje, men det er sonen til Didrik, Peder Didriksen (1698-1768), som bygsla halve farsgarden og beheld bruksnummer 1. Peder vart den første brukaren i Negarden, medan faren sat attende med det som vart Ystebøen med bruksnummer 5. Didrik døydde i 1718 og enka, Anne Pålsen, dotter av den førre eigaren, dreiv ei stund garden åleine før ho gifte seg opp att med Knut Sjursen Emlemsvåg (ukjend dødsår). Han dreiv garden saman med Anne i 4 år frå 1725-1729. Etter kvart fekk sonen til Anne bygsle bruket, men i mellomtida var det Jakob Jonsen og Anne Knutsdotter som sat som bygselsfolk på Ystebøen frå 1729-1740.

Jens Didriksen (1706-1755) vart ikkje så gamal, men i buet etter han var det både 98 Riksdalar attende når gjelda var oppgjordt, samt part i tre båtar, 2 naust og heile åtte kverner. På toppen av det heile hadde han eit sølvbeger verdt 5 rdl. Det var altså inga armod å spore på Ystebøen. Jens var gift med Anne Rasmusdotter frå Erstad (ca 1700-1782). Ved skifteoppgjeret i 1755 hadde dei 124 riksdalar i verdiar og 32 riksdalar i gjeld. Anne vart gift om att med Saxe Arneson Muri (1700-1759) frå Muri i Valldalen. Han hadde også vore gardbrukar på Myklebust i Valldalen og gift to gongar tidlegare. Det første ekteskapet var med jordajenta Inger Knutsdotter Valldal (1700-1750). Dei fekk tre born. I 1751 gifte han seg om att med enka Ragnhilde Thorsdotter Muriaas (1695-1756) og fekk tre born til. Han fortsette å drive garden Myklebust til omlag 1756. Saxe gifte seg så ein tredje gong og flytte til Ystebøen. Eldsteguten, Knut, fekk ta over i Valldalen. Saxe døydde på Ystebøen berre to år etter det tredje giftermålet. Han fekk ingen born med Anne.

Anne Rasmusdotter vart ei gamal dame på heile 82 år. Ho gifte seg om att ein tredje gong etter at Saxe døydde i 1759. Pengeverdiane i buet var no auka til 210 riksdalar, medan gjelda var på 142, men det meste var ubetalt arv etter to arveoppgjer. Saxe var truleg meir enn normalt interessert i fiske som attåtnæring. Han etterlet seg mykje fiskevegn, fleire småbåtar, og ein «Sjøbåt» på Stadnes. Den tredje mannen til Anne var tredve år yngre og heitte Jon Olsen Barstad (f. ca 1730). Jon dreiv Ystebøen i 11 år frå 1760-1771. Det vart visst ikkje så mykje til gardsdrift med han. I 1769 vart det registrert at han var «sygelig i sitt hoved», kva no det måtte bety. I 1787, fem år etter Anne sin død, var han dreng på Emblem i staden. Gardsdrifta på Ystebøen hadde han sagt frå seg allereie i 1771. Eg har ikkje funne noko kårbrev til Jon i 1771, og sidan han måtte livnære seg som dreng i 1787, så kan det ikkje ha vore att særleg av verdiar etter Anne. Med henne vart det også slutt på slektsledda attende til den første brukaren på garden, Didrik Villumsen. Han døydde i 1718, og Anne i 1782, så det vart temmeleg mange brukarar på Ystebøen på kort tid.

I 1771 vart det altså skifte av bygselsmann på Ystebøen. Jens Jonsen Alvik (ca. 1741-1786) var gift med Anne Jetmundsdotter Holen frå Vågnes.(f. 1750) Begge kom med andre ord utanfrå bygda. Eg har få opplysningar om dei, men det er ikkje så sikkert at det gjekk så bra. På denne tida var det også kuldeperiodar og feilslåtte avlingar. Garden vart i alle fall bygsla i to halvdelar i løpet av Jens sin tid som brukar. Det er ikkje så lett å vite den eksakte årsaka til dette. Kanskje yngste jordeigaren

seg meir inntekter i ei tid med mindre utkome, eller kanskje bygselskåra på ein so stor gard vart for vanskeleg å makte åleine. Jens var einaste brukar i 3 år før oppdelinga, og han vart berre 45 år gamal. Då hadde han drive garden i 15 år

Hans Pettersen Høgh (1720-1777) vart fødd på garden Skuggen, like ved Nørvasundet. Han var den som bygsla andre helvta av Ystebøen. Hans hadde tidlegare bygslå eit bruk på Sunde, før han flytte til Flisholmen og budde der saman med søstera Maren og svogeren Paul Arnesen Nørve. Då svogeren døydde i 1766, tok han over heile Flisholmen, og kjøpte holmen i 1771. Etter få år flytte Han vidare til Emblem. Flisholmen selde han for 165 riksdalar, og hadde med andre ord råd til både bygselbrev og meir attåt. Han hadde kanskje talent for økonomi også. Det kan verke som om det var dette som lokka, for særleg lettare gardsdrift kan det ikkje ha vore på Ystebøen. På den andre sida så var garden framleis del av klyngetunet nede i bygda, og han vart ikkje yngre med åra, så det kan kan dermed ha vore meir sosial tryggheit som lokka. Hans døydde tre år etter at han kom til Emblem. Han var gift med Guri Jakobsdotter, som no vart enke. Ho behøvde ikkje leite så lenge etter ny ektemann. Guri gifta seg med broren til den andre bygselskona på Ystebøen, Anne.

Endre Jetmundson Holen frå Vågneset (1743-1790) var altså broren til Anne, og svogeren til Jens Jonsen Alvik som dreiv den andre helvta av Ystebøen. Endre fekk bygselsbrev i 1778 på parten som Guri og Hans hadde drive tidligare. Då svogeren døydde i 1786 overtok Endre denne delen også, og vart bygselsmann på heile Ystebøen. Guri døydde før Endre, så han gifte seg om att i 1789 med Anne Olsdotter Giskeøygard. (1746-1811). Dei rakk ikkje å få noko langt ekteskap, for Endre døydde berre eit år seinare. Anne gifte seg no opp att med Klaus Nielsen Grytten frå Vatne. Han veit ein meir om.

Klaus Nilsen Grytte (1764-1819) var den første brukaren som kjøpte garden. Han var son av Niels Olsen Grytten (1725-1802) på Gryte i Grytten Prestegjeld. Niels vart gift i 1750 med Catrine Clausdotter Bjørnøy (1728-1821), som var frå Janecken-ætta. Ho stamma frå Claus Janecken (ca.1610-1674) frå Rostock i Tyskland. Kring 1627 kom han til Bergen, der han utdanna seg til gesell hjå Hanseatane. Han vart med andre ord handelsborgar. Seinare flytte han til Bjørnøy og gifta seg med enka Catrine Johansdotter Vind (ca 1615-1684) Claus gjorde seg også bemerka saman med Store-Rasmus i bøndenes kamp mot fogden. Det er mogeleg at Klaus vart oppatt-kalla etter enten tippoldefaren, Claus Janecken, eller bestefaren som også heitte Claus til fornamn.

Han gifta seg kring 1791 med enka Anne Olsdotter Emblem (f. Giskeøygard) på Ystebøen. Det er mogeleg at Claus og Anne kan ha møtt kvarandre i 1787, når søstera Ellen Nilsdotter Grytten gifta seg med Ingebrigt Knudsen Emlem (f. Nedregotten) i Negarden. Det er også mogeleg at det var søstera som fortalde Claus når Anne vart enke i 1790. Han hadde også eit søskenborn i Steffågarden  som heitte Eli Jonsdotter Emlem (f. Bjørnøy) (1751-1807) så han var nok godt kjend på Emblem, og han har kanskje vore dreng i bygda før han gifte seg. På den tida var det så å seie umogeleg å fortsette å drive gard utan ektemake. Ein gifte seg temmelig raskt på ny. Claus var 28 år og ungkar ved giftermålet. Dei fekk ingen born saman. I 1811 døydde Anne, etter berre 10 års ekteskap. Ho vart begravd i Borgud kirke 4. desember det same året.

Klaus gifta seg på ny i den 26. juli 1812 med Ingeborg Monsdotter Magerholm (ca. 1785-1860) frå Magerholmvika. Saman fekk dei 4 born. Den eldste var Anne Klausdotter Emblem (1813-1821) Ho døydde berre 8 år gamal. Oline Clausdotter Emlem (1814-1899) vart då jordajenta på Ystebøen, så henne skal me kome attende til seinare. Nille Clausdotter Emblem (1816-1898) gifte seg i Larsgarden på Østrem, medan den yngste dottera, Karen Clausdotter vart fødd i 1819, det same året som Klaus døydde. Ho gifte seg i 1842 med Jens Elias Ols. Wademyr frå Ørskog. (f. 1824) I likheit med fleire av dei andre gardbrukarane på Emblem, så hadde Claus fått tilbod om å kjøpe Ystebøen av Kjøpmann Arent Nicolay Heide (f. 1764-1812). Arent døydde kort tid etter tinglysinga av skøytet i 1812. Han var son av nok ein handelsmann, Jørgen Arnoldus Heide, som mellom anna dreiv handel på Vågneset på Sula. Jørgen hadde ått alle bruka på Emblem, men ved dødsbuauksjonen i 1809 hadde sonen Arent fått tilslaget på halve garden medan svogeren Knut Danholm fekk tak på resten. Ystebøen vart altså i Arent sin eigedom. Årsaka til at Arent og Knut selde mellom anna Emblem, kan verke opplagd. Knut Danholm var allereie død, så her var det enka som selde. Kanskje hadde Arent sopass skrantande helse våren 1812, at han valde å selje han óg.

Ein kan finne Claus som ein av bidragsytarane til «Borgund fri og Fatigskule» (1742-1876). Året 1812 var nemleg eit av dei mørkaste i skulens historie. Ein mangla mellom anna mat til elevane som budde der. Prost Baade fortel at han måtte be om stønad til skulen frå preikestolen. Dette resulterte i at tre notlag og 4 bygdelag på øyane og nordsida samla saman gåver «in natura». Den einaste einskild-personen som gav til skulen var, Klaus på Ystebøen. Sjølv om han nett hadde kjøpt eige gardsbruk, kunne han likevel gje 12 merker mjøl og to merker smør til skulen

Claus døydde kun 7 år etter at han hadde kjøpt Ystebøen, men han overlet seg likevel eit rikt bu på netto 500 Spd, til tross for at han hadde kjøpt bruket for 800 Spd. få år tidlegare. Garden vart taksert til 221 spd. Han hadde avla vel 30 tønner korn og hadde tidvis heile 2 hestar. Det er også nemd mellom anna 11 kyr og 9 småfe, og det er temmelig brukbart for eit sjølvbergingsbruk i teigblandingstida. Det er også interesant å merka seg at Claus er i slekt med dagens brukarar, for det er ikkje så vanleg at slekskap kan knyttast så langt attende på det same bruket i bygda vår.

Ein veit også ein del om Ystebøen frå skiftepapira som vart tinglyste etter etter Claus den 4. april 1820. Ystebøen var på denne tida framleis del av det gamle klengetunet åt gardane på matrikkelgarden Emblem. Som namnet fortel, låg gardshusa til emblemsgardane i ei tett klynge kring staden der gamlehuset i Steffågarden ligg i dag. Det var på den tida åreskog og nok einer til ved. Hovudhuset var truleg av den tradisjonelle sunnmørstypen som ein kan sjå fleire dømer på om ein tek turen Sunnmøre Museum. Ljoren var derimot bytta ut med ein billeggar-omn, og hadde då truleg ei oppmura pipe også. Vidare var kjøkkenet skild frå stova. Det var også eiga fordør og kammers. Kammerset var truleg ikkje nytta til rom for kårfolket i Claus si tid, for der var ikke kårfolk på Ystebøen på den tida. I 1801-tellinga finn ein dessutan berre 3 tenarar på garden. Arne Gregoriusen på 21 år, Kirsti Rasmusdotter på 17, og Martinus Ingebrigtsen på 8 år. Kirsti hadde truleg ansvar for mellom anna setringa, medan Martinus kan ha hatt enklare oppgaver, og det kan ha vore meir ei praktisk ordning. Det er nemleg mogeleg at han var sonen til søskenbornet Eli på nabobruket Negarden, som låg vegg i vegg. Sidan Claus ikkje hadde kårfolk eller born i 1801 så hadde dei god plass, for på den tida sov tjenestefolket som regel i løa. I Negarden hadde dei derimot fullt hus med både kårfolk, 4 born og dreng.Ystebøen hadde elles eige stabbur, fjøs med høy og kornløe, 2 smalefjøs, stabbur og nytt sel. Det er mogeleg at dette er det same selet som stod på Gamle Emblemseter fram til 1960-talet. Frå 1814 til 1819 vart det bornelåt på Ystebøen også. Eg skal ikkje seie for sikkert at Claus ikkje fekk nokon born med si første kone, men eg har ikkje klart å funne spor etter born i alle fall.

Ingeborg gifta seg om att med Steffen Endreson Frøysa (ca.1774-1832). Dei vart gifte 23. juli 1820. og Steffen døydde 16. desember 1832, etter berre 12 år som brukar. Han dreiv garden heilt til han døydde. I kirkeboka for Borgund vart det oppgjeve at han var 58 år gamal. Eg har ikkje funne prov for at dei fekk born saman.

Ingeborg vegra seg kanskje for å gifte seg om att ein tredje gong. Ho var no kring 50 år, med born som byrja å verte gamle nok til å ta over sjølve. Men etter 2 år som enke stod ho likevel brud i Borgund kirke den 2. juli 1834 . Det mest vanlege var å gifte seg med ein yngre og vel arbeidsfør kar, som kunne bidra i gardsarbeidet. Slik vart det ikkje denne gongen, for ektemannen var 19 år eldre, med sine 71 år. Arne Olsen Østrem kom enten frå Larsgarden eller Mattisgarden. Han vart ikkje så mykje eldre og døydde tre år seinare, i 1837. Ingeborg og Arne dreiv naturleg nok ikkje Ystebøen medan dei var gifte. Ingeborg tok kår det same året som ho gifta seg. Kårkontrakta vart underskrive 14. april 1834 og tinglyst allereie 1. mai, i god tid før ho gifte seg med Arne. Det meste var med andre ord ordna på førehand. Arne hadde ikkje så mykje verdiar etter seg han heller. Skiftet etter han var på 15 Speciedalar.

Som eg nemnde tidlegare så var det dottera, Oline Clausdotter, som vart jordajente. Ho gifta seg med Nils Olsen Solavåg (1806-57) den 27. mai 1833. Eit nærare søk i kirkeboka avslører fleire interesante opplysningar. Nils heitte eigentleg Nils Britanus Olsen Østrem og var sonen til Ole Solevåg (1770-1833) Opplysningane i bygdeboka er med andre ord berre delvis korrekte. Nils var fødd i Solevågen, men i 1814 tok faren over Larsgarden på Østrem. Han hadde endå ikkje byrja å nytte gardsnamnet Østrem i 1833, medan sonen hadde skifta namn. I kyrkjeboka vart alderen på Nils sett til 25 år, medan Oline vart registrert som 19 år. Stemmer dette, så vart Nils fødd i 1808, ikkje 1806. Av ein eller annan grunn vart bruda sin far registrert som Ole Emmelem. Dette er merkeleg sidan ho rett nok er innskriven som «Clausdatter». Dette må ha vore ein misforståelse. Dette var også på eit tidspunkt der mora var enke og hadde ikkje gifta seg om att enno. Nils var brukar frå 1834 til1857 og den første brukaren som fekk samla garden i eit stykke, der garden ligg den dag i dag, lengst vest. Han flytta truleg bitar av det gamle tunet etter. I 1840 fekk han også skøyte på Ystebøen for 210 Speciedalar Her er det verdt å merke seg at skøyte på Ystebøen ikkje kom frå Ingeborg åleine. I panteboka står det at Ingeborg skøytte Ystebøen saman med Knud Olsen Østrem som gift med Nille Clausdatter til Niels Olsen. Nille var svigerinna til Nils og åtte sansynlegvis ein gardpart i Ystebøen framleis. Det kan ha vore rest av arva etter faren som enno ikkje var utbetalt. Knut Olsen var broren til Nils og den som tok over bygselskontrakta i Larsgarden på Østrem. I 1835 vart Nils og Oline foreldre til Ingeborg Severine Nilsdotter Emlem, og i 1846 finn eg dessutan Klaus Nilsson Emlem. Han skal me kome attende til seinare.

Oline gifte seg for andre gong med ungkaren Ole Martinus Ingebrigtsen Valle (1830-1912) den 7. oktober 1859. Han gifte seg og tok over bruket to år etter Nils døde den 18 september 1857. Dette er særs uvanleg på ein slik stor gard. I 1865-tellinga finn eg berre sonen til Nils som heimebuande.

Klaus var på den tida 19 år, så det kan ha vore fleire. Ingeborg har foreksempel flytta før den tid, og fleire born kan ha flytta óg. Årsaka til at Klaus framleis budde heime, var at han hjalp stefaren med gardsdrifta. Klaus var dessutan den som skulle ta over på Ystebøen. Dei hadde også ei tjenestejente på garden dette året. Ho heitte Ingeborg Marie Olsdotter og var 17 år gamal. Eg veit ikkje meir om henne anna enn at ho kom frå same prestegjeld. I 1865 hadde dei 1 hest, 13 kyr, 8 sauer, 13 geiter og ein gris på Ystebøen. I 1868 var det registrert 1 hest, 11 kyr, 20 sauer og ei brukbar avling på garden. Sjølv om poteta hadde gjort sitt inntog i bygda, så dyrka dei framleis både bygg og havre. Resultatet dette året endte på 12 tønner bygg, 35 tønner havre, 34 tønner med potet og 72 skippund høy. Ein kan også merke seg at talet på dyr varierte ein del på kort tid.

Den neste brukaren heitte altså Klaus Olaús Carolus Nilsen Emlem (1846-1912), og vart fødd på garden. Han var sonen til Oline og hennar første ektemann, Nils Olsen Solavåg. Klaus fekk først skøyte halve bruket i arv i 1858 etter etter far sin, men i 1869 fekk han også skøyte på den andre helvta frå mora for 280 Spd. Skøytet vart tinglest 8. oktober 1869. Mora og stefaren fekk tinglest kårbrevet 8. oktober 1869. og det same året tok han over garden saman med kona Hanna Amundsdotter Eikrem (1848-1923) Hanna fekk kår 7 februar 1905 hos svigersonen og skreddaren, Peter Bastian Knudsen (1869-1949) frå Blakstad i Sykkylven. Han var ektemaken til Antonette Klausdotter (1874-1955), og dei hadde gifta seg den 10. november 1895. I 1931 fekk dei attest frå lensmannen på at Antonette var den einaste arvingen etter foreldra sine. Peter var aktiv på sjøen  og medeigar i større fiskebåtar med mannskap på gjennomsnittleg 5-6 mann inkludert skipper. Båten på Reiten var kanskje ein av dei største i tida før 1935, men Ystebø-båten «Fri» låg ikkje so langt etter den heller. Frå 1928 til 1940 finn ein fleire obligasjonar til Borgund Sparebank. Truleg

har minst ein av desse forbindelse med båtinvesteringar. Det største lånet på 3000,- i 1931 står det ingen spesifikasjonar på. Dette var omlag samstundes som at Peter fekk attest på at han og Antonette var einaste livsarvingar etter foreldra hennar, så eg kan ikkje sjå at pengane skulle brukast til å betale ut andre livsarvingar. Pengane kan likevel ha vorte nytta til investeringar på garden. Ein finn også to lån i mai og juni 1928 på 300,- kvar. Alle låna vart innfridd allereie den 20. mai 1935.

Ein del av tilbakebetalinga kom truleg frå salg av ein parsell av garden til Ole Larsen Krogset og Lars Fauske Krogset for 500,- den 1. mai 1935. Likevel var det framleis 3100,- som skulle betalast attåt. Eg har ikkje funne nokon opplysning om sal av Ystebø-båt eller liknande hendingar i det same tidspunktet, og pantebøkene gjev heller ikkje svar på kvar pengane kom frå. Truleg er det snakk om langsiktig nedbetaling med pengeoverskot frå fisket som var i havn dette året.

Peter og Antonette finn du fleire tekstar om i Sula Sogelag sine årskrifter. Bornebornet Andreas Magerholm har forfatta desse flotte skildringane basert på eigne opplevingar frå barndomen. Peter var også ein av pådrivarane for å bygd dampskipskaia i Emblemsvågen.

Dei fekk fleire born. Klara Jenny Petra Peterdotter Emblem (1896-1974) var eldst. Ho gifta seg med stuert og seinare skipper Peter Knudsen Magerholm ( 1896-1850) frå Magerholmvika. Dei busette seg i Spjelkavika der Klara mellom anna arbeidde på Skofabrikken. Den neste i borneflokken var Nikoline Olivie Bergitte Peterdotter Emblem (1898-1980). Ho gifta seg med Knut Knudsen Magerholm frå Magerholmdalen. Dei busette seg også i Spjelkavika. Knut og Nikkoline arbeidde begge på fabrikk. Knut vart tilsett på Spilkevig Snøre- og Notfabrikk, medan Klara jobba på skofabrikken saman med søstera si. Fleire av borna vaks opp hjå besteforeldra på Ystebøen eller i Magerholmdalen. Du kan lesa meir om dette i teksten om Daleplassen i Magerholmdalen, som Kåre Magerholm har skrive. Det fanst ikkje nokon bornepass ordning for den som var under skulepliktig alder på denne tida. Den eldste sonen var Klaus Amandus Peterson Emblem (1900-1929), men han tok ikkje over garden, for han vart ikkje gamal, og døydde allereie i 1929 av tæring. Det var det veslebroren, Petter, som gjorde. Antonette og Peter fekk enno fleire døtre. jenter. Anna Petersdotter Emblem (1902-1929) gifta seg på med Hans Nikolaisen (f.1898) på Osehaugen i Emblemsvågen medan yngstejenta Olga (f.1904) gifta seg på Haramsøya.

Harry Akslen fortel at då han var smågut og busatt på Myrane nedanfor Ystebøen, så fekk ein kveitekrok i handa, då han klatra i morellbærtrea. Faren vart rådlaus og tok med seg Harry opp til Klaus på Ystebøen. Han var visst nevenyttig med den slags legehjelp. Sjølv Klaus ana uråd denne gongen og vurderte å ta harry med seg på sykkelen og oppsøke legen. Slikt var ikkje billeg på den tida, og han valde til slutt å gjere inngrepet sjølv. Klaus varma opp barberbladet sitt med ei fyrstikk og skar forsiktig i handa for å få ut kroken. Inngrepet gjekk godt og verken bornehanda eller senene  vart skadde. Harry har framleis eit lite arr til minne om kveitekroken og hjelpa han fekk av Klaus på Ystebøen. Broren Petter Arthur Petersen Emblem (1907-1975) fekk skøyte på Garden i 1946. Han var gift med Solveig R. Garshol (1913-1966).


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
03.04 | 23:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

...
03.04 | 22:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE