BNR. 4 NYBØ

Fursetgarden anno 1943. Kunstnaren er sambygdingen Leon Ørbeck. Takk til Camilla Anett Akslen
Fursetgarden anno 1943. Kunstnaren er sambygdingen Leon Ørbeck. Takk til Camilla Anett Akslen
Nybø, eller Fursetgarden i 2015. Foto: Svein Ove Østrem
Nybø, eller Fursetgarden i 2015. Foto: Svein Ove Østrem
Lærar Knut Furset var ein avhalden mann og fekk oppleve å undervisa både som omgongskulelærar og på gamleskulen på Nedregotten.
Lærar Knut Furset var ein avhalden mann og fekk oppleve å undervisa både som omgongskulelærar og på gamleskulen på Nedregotten.
Olaf Furseth på eksersis? Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen
Olaf Furseth på eksersis? Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen
Kan det vere fursetslekt, eller studiekamerat av lærar Knut Furseth? Utlånt av Camilla Anett Akslen
Kan det vere fursetslekt, eller studiekamerat av lærar Knut Furseth? Utlånt av Camilla Anett Akslen
Camilla Anett Akslen har delt dette flotte bildet, men kven er han?
Camilla Anett Akslen har delt dette flotte bildet, men kven er han?
Jordajenta Johanne Knutsdotter Furseth (f.1888) frå garden Nybø, også kalla Fursetgarden.
Jordajenta Johanne Knutsdotter Furseth (f.1888) frå garden Nybø, også kalla Fursetgarden.
Kanskje søskenportrett. Karoline (sittande) og Olga (ståande). Mannen er litt usikkert enda. Olaf kanskje? Foto: Sponland 1910
Kanskje søskenportrett. Karoline (sittande) og Olga (ståande). Mannen er litt usikkert enda. Olaf kanskje? Foto: Sponland 1910
Kristian Furseth sin butikk i King County ved Seattle. Her saman med kona Mabel på 1930-talet. Utlånt av Oddmund Akslen
Kristian Furseth sin butikk i King County ved Seattle. Her saman med kona Mabel på 1930-talet. Utlånt av Oddmund Akslen
Olga Furset? Bildet er delt av Camilla Anett Akslen
Olga Furset? Bildet er delt av Camilla Anett Akslen
Furset-Johanne. Eit flott bilde signert fotograf Haagensen i Ålesund. Takk til Camilla Anett Akslen
Furset-Johanne. Eit flott bilde signert fotograf Haagensen i Ålesund. Takk til Camilla Anett Akslen
Kan dette vere Furset-Karoline, som gifta seg med bødker Paulsen tru? Bildet er delt av Camilla Anett Akslen
Kan dette vere Furset-Karoline, som gifta seg med bødker Paulsen tru? Bildet er delt av Camilla Anett Akslen
Ung Thomas "Tams" Akslen hos fotograf Sponland 1913. Han gifte seg til Fursetgarden. tilhøyrer Aalesunds Museum med arkivref.: AM-95003.020676
Ung Thomas "Tams" Akslen hos fotograf Sponland 1913. Han gifte seg til Fursetgarden. tilhøyrer Aalesunds Museum med arkivref.: AM-95003.020676
Karoline Furset, gift med Bødtker Paulsen, i Ålesund. Her med mann og barn. Utlånt av Camilla Anett Akslen
Karoline Furset, gift med Bødtker Paulsen, i Ålesund. Her med mann og barn. Utlånt av Camilla Anett Akslen
Olga Furseth g. Nelson (1891-1984). Ho gifta seg med Andreas Hilmar Giskeødegård (1891-1971), som kalla seg Andrew Nelson i Amerika. Olga slo seg ned i Tacoma, og dei gifta seg der rundt 1920.
Olga Furseth g. Nelson (1891-1984). Ho gifta seg med Andreas Hilmar Giskeødegård (1891-1971), som kalla seg Andrew Nelson i Amerika. Olga slo seg ned i Tacoma, og dei gifta seg der rundt 1920.
Magerholmslekt. Namna er ikkje heilt på plass enda, så her treng eg litt hjelp. Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen
Magerholmslekt. Namna er ikkje heilt på plass enda, så her treng eg litt hjelp. Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen
Litt usikker på stad og alle namna enda. Bildet er lånt ut frå Fursetgarden av Camilla Anett Akslen
Litt usikker på stad og alle namna enda. Bildet er lånt ut frå Fursetgarden av Camilla Anett Akslen
Foreningsmøte? Bildet lånt ut av Camilla Anett Akslen
Foreningsmøte? Bildet lånt ut av Camilla Anett Akslen
Kristian Furset er nok portrettert i Amerika. Han kalla seg Chris, og busette seg til slutt ved Seattle, der han dreiv handel. Lånt ut av Camilla Anett Akslen.
Kristian Furset er nok portrettert i Amerika. Han kalla seg Chris, og busette seg til slutt ved Seattle, der han dreiv handel. Lånt ut av Camilla Anett Akslen.
Bak f.v. Anna Harriet  Emblemsvåg, gift Akslen, Toralf Akslen, Karl Olaus "Kallen" Akslen. Framme f.v.: Ann-Kristin, Hans og Oddmund Akslen. Utlåner: Camilla Anett Akslen
Bak f.v. Anna Harriet Emblemsvåg, gift Akslen, Toralf Akslen, Karl Olaus "Kallen" Akslen. Framme f.v.: Ann-Kristin, Hans og Oddmund Akslen. Utlåner: Camilla Anett Akslen
Furset-Johanne Akslen og Majorie. Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen
Furset-Johanne Akslen og Majorie. Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen
Kan Thomas Akslen vere ein av desse to. Syntest at han til høgre kunne likne litt på Knut Magerholm frå Magerholmdalen.
Kan Thomas Akslen vere ein av desse to. Syntest at han til høgre kunne likne litt på Knut Magerholm frå Magerholmdalen.
Johanne f. Furseth og Thomas Akslen. Bildet er lånt ut fra Fursetgarden av Camilla Anett Akslen
Johanne f. Furseth og Thomas Akslen. Bildet er lånt ut fra Fursetgarden av Camilla Anett Akslen
Fursetgarden før huset vart bygd på. Tusen takk til Camilla Anett Akslen.
Fursetgarden før huset vart bygd på. Tusen takk til Camilla Anett Akslen.
Fursetgarden øverst og delar av Jakobgarden nederst anno 1991. Utlånt v Camilla Anett Akslen.
Fursetgarden øverst og delar av Jakobgarden nederst anno 1991. Utlånt v Camilla Anett Akslen.
"Agnes Margareth Nelson tre aar gammel" stod det bak på dette bildet frå Olga Furseth Nelson, til familien i Fursetgarden. Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen
"Agnes Margareth Nelson tre aar gammel" stod det bak på dette bildet frå Olga Furseth Nelson, til familien i Fursetgarden. Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen
Andrew og Olga Nelson ikring 1920. Olga kom frå Fursetgarden, og gifta seg i Tacoma. Utlånt av Camilla Anett Akslen
Andrew og Olga Nelson ikring 1920. Olga kom frå Fursetgarden, og gifta seg i Tacoma. Utlånt av Camilla Anett Akslen
T.v.: Olaf Furseth. Han budde det meste av livet i Alaska, og Fairbanks. Han dreiv mllom anna med gullgraving der. Bildet tilhøyrer Camilla Anett Akslen
T.v.: Olaf Furseth. Han budde det meste av livet i Alaska, og Fairbanks. Han dreiv mllom anna med gullgraving der. Bildet tilhøyrer Camilla Anett Akslen
Alaska på 1920-talet. Eg trur at det stort sett er snakk om slekt, og Olaf Furseth lengst til venstre. I midten er det truleg søskenborna Klaus Tynes (sittande) og Oskar Tynes (ståande bak), karen lengst til høgre er også kjent, men ikkje namnsett enda. Tynes-gutane var sønene til Karoline Clausdotter Magerholm, gift Tynes i Sykkylven.

Julehelsing til lærar Knut Furseth frå borneborna i 1933. Det er søstrene Helen og Arleen. Trur at Arleen er eldst. Dei er døtrene til Kristian (Chris) Furseth og kona Mabel.
Julehelsing til lærar Knut Furseth frå borneborna i 1933. Det er søstrene Helen og Arleen. Trur at Arleen er eldst. Dei er døtrene til Kristian (Chris) Furseth og kona Mabel.
Thomas Akslen på besøk i Amerika. Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen.
Thomas Akslen på besøk i Amerika. Bildet er lånt ut av Camilla Anett Akslen.
Portrett av Thomas Akslen frå utstillinga "Portrett av gammal bonde" av fotogaf Mattisen. Kopien er delt av Camilla Anett Akslen
Portrett av Thomas Akslen frå utstillinga "Portrett av gammal bonde" av fotogaf Mattisen. Kopien er delt av Camilla Anett Akslen

«NYBØ»

(også kalla Fursetgarden)

Nybø er ein nyare gard i bygda vår. Grunnen er i hovudsak skild ut frå Negarden bnr. 1 og Ystebøen bnr. 5. Det var omgongskulelærar Knud Andreas Karlson Furset (1845-1934) frå Furset på Stranda som fekk kjøpe nok jord til å etablere seg på dette gardsbruket.

Knud tok lærareksamen ved Volda lærarskule i 1864 og vart tilsett som lærar i Hatlehol, Emblem og Østrem skulekrins det same året. Han hadde kost og losji på Ødegård hos Jens K. Andersen «Ekenøsødegaard» i 1865. Det er godt mogeleg at han kun var busett der ein kort periode ved folketellinga, men ein kjenner også til eksempel der ugifte lærerar i Borgund var busett på same gard over lengre tid. Den eit år eldre namnebroren Knud Emblem frå Auregarden er eit slik eksempel.

Knud arbeidde som omgongskulelærar. Det betydde at han ikkje hadde nokon fast skule å gå til.  Gardbrukarane i kvar skulekrins vart pålagde å anten låne ut stova si til skulen, i eit visst antal dagar per år, eller på andre måtar sørge for mat, skulereiskap, brensel og liknande. Når Knud starta opp i gjerninga si var det ein vanleg måte å drive skule på. Det betydde at han var maksimalt 3 dagar på kvar stad, før han måtte pakke saman og gå til neste skulestad. Vegen kunne verte lang, særleg den tida då det var vanleg å byte mellom dei ulike skulekrinsane kvar veke. Då kunne han vera to dagar på Magerholm før han skulle halde hus på Hatleholen dei to neste. Ein stor del av løna var kost og losji, som han sjølv måtte kreve inn hjå dei skuldige. Det var nok ikkje den kjekkaste delen av arbeidet.

Kring 1865 var det vanleg å gå på skulen annankvar dag. Ein kunne då delast inn i storskule og småskule, men det er ikkje funne kjelder som gjev svar på om dette vart gjort på Emblem. Knud arbeidde i tre skulekrinsar i byrjinga. Bygda, slik me kjenner henne i dag, vart delt i to delar, med Storelva som grense. I vest var Eikenosa, Emblemsvågen, Røssevollen og Emblem ein krins, medan Østrem, Nedregotten, Aksla og Magerholm var den andre. Det er frå denne ordninga at begrepet «innai elva» stammar frå. Hatleholen var på denne tida truleg også rekna som ein del av bygda. Det var ikkje alle gardane som skifte på å vere skulestove, for det var ikkje alle som hadde plass. Dei siste åra med omgongskule vart foreksempel Magnusstova leigd til skulestove for Emblem krins, medan Mattisgarden og Skaret truleg var sjølvskrevne i Østrem krins. Det vert fortalt at Knud også tok på seg å skrive brev eller dokument for den i bygda som trengde hjelp til den slags. Dei fleste kunne nok skrive på den tida, men kjøpskontrakter og kårkontrakter var av ein art som det var vansklegare å beherske for folk flest.

Den 7. juni i 1874 gifte Knud seg i Borgund kyrkje med Oline Susanne Clausdotter Magerholm (1848-1930). Forlovaren hans var sjølvaste klokkar kyrkjesongar P. J. Holm. Bustaden var ved dette

høvet oppgjeven som Emblem i kyrkjeboka. Det er enno uvisst kvar han budde, men det kan anten vere snakk om losji på ein av emblemsgardane, eller at han hadde tatt fatt på å bygge seg ein heim der han seinare skulle få seg eigen gard. Kjeldene gjev ikkje noko sikkert svar på dette spørsmålet, men som gift lærar var i alle fall ikkje innlosjering på eit kammers nok. Han underviste omlag 24 veker i året slik at det var mogeleg å vere gardbrukar attåt. I dei viktige onnene var det behov for at borna deltok meir heime, så då vart skulegongen tilpassa etter dette.

Kjeldene gjev heller ikkje noko godt svar på når Knud busette seg på Emblem, men i panteboka for Negarden og Auregarden kan ein lesa at han fekk tinglest skøyte på to ubebygde markastykke frå desse to gardsbruka 13. august 1874. Det verkar som om det eine skøytet vart signert den same dagen. Det nye gardsbruket fekk namnet «Nybø», og ei skyld på 24 skilling. Av dette var det største markastykket, med skyld på 13 skilling, frå Thomas Clausen Emblem i Auregarden. Dette var svogeren til Knud. Negardsykket tilhøyrde på den tida svigerfaren Claus Olsen Magerholm. Prisen på den biten var på 60 speciedalar. Av dette fekk bygselsmannen Lars Karolus Olsen Emblem 20 speciedalar mot å avstå frå å kreve bruksrett. Han var nevøen til Claus, og dermed søskenbornet til kona Oline. Utfordringa med å finne seg ein gard vart dermed løyst innad i slekta. Magerholm-Claus var heller ingen kven som helst. Han åtte på den tida fleire gardar i Emblemsbygda. Knud fortsette å kjøpe attåt litt jord seinare også. I 1917 vart han einig med «Ebbe-Elias» på Skillingen (Tunheim) om eit makebytte av to parsellar, som fekk namna «Tunheim II» og «Tunheim III». Med dette fekk garden si utstrekking slik den har i dag.

Knud og Oline fekk 8 born. Den eldste var Karl Oluf Bernt (1876-1907). Han var truleg ugift og er registrert på samme gravstein som foreldra sine. I 1900 var han nemnd som arbeidar på telefonlinje. Han var truleg ansatt hjå Telegrafverket. Dette var ikkje noko latmannsarbeid. I alt slags ver skulle kabletrommlane rullast ut og stolpar røysast. Farleg var det òg. Om søstera Karoline (f.1879) veit ein berre at ho var tenestejente på Haram i 1900. Kristian (f.1882) og Olaf (1884-1968) veit me meir om. Begge drog til Amerika. Kristian var først tømmerhoggar i Tacoma og arbeidsformann i staten Washington. Det vert fortalt at han fekk trebein etter ei ulukke. Han slo seg då ned i King County ved Seattle og vart handelsmann. Han dreiv koloniaalforretning saman med kona Mabel. I 1930 hadde dei døtrene Helen og Arleen. Mykje tydar på at dei vart verande i same område resten av livet. Olaf drog til broren i 1902. Deretter fortsette han til Alaska for å søke lukka som gullgravar. Han kjøpte seg mellom anna skjerp i Yukon, og budde det meste av livet sitt i Fairbanks, Alaska. Han døydde også der på «Fairbanks Pioneers Home» etter kort sjukdomstid i 1968. Oddmund Akslen har fortalt at Olaf var ein tur heime då han var gutonge. Då måtte Oddmund og den eine broren springe opp på Skillingsetra for å hente Ebbe-Elias, som var ein god barndomsven av Olaf. På vegen heim måtte Elias nærast krype langs steingarden for at sauene ikkje skulle slå følge med dei heim att.

Der var også ei yngre søster som heitte Olga (f.1891). Ho hadde utvandra, og vart omtala som einaste attlevande slektning av Olaf i Amerika i 1968. Ho hadde vore tenar, og hatt ansvaret for husarbeidet hos handelsborger, og innehavar av manufakturforretning, Jørgen Waage i Notenesgta 2 i Ålesund. I 1910 hadde ho kome over dammen for å besøke søskenbornet Lina Berge i Tacoma, Washington. Dei hadde nok god kontakt, for sjølv om Lina ifølge folketellinga var fødd i «Scauth StilvaterAmerika», så budde ho på Nybø som pleiedotter i 1900. Stadnamnet er truleg feilskrive og skal vere South Stillwater, Minnesota, der det var ein del tømmerhoggarar frå Sunnmøre på den tida. Lina flytte så vidare til Tacoma. Der busette Olga seg også. Ho gifte seg med Andrew Nelson før 1920. I 1940 hadde dei to born på 20 og 14 år. Ved gravferda til broren Olaf i 1968 finn ein i minneorda at ho framleis budde på samme staden.

Dei siste søskena var Jensine (1887-1887), som berre vart 5 dagar gamal, og Klaus (1894-1894) som døydde av kolera. Dette kan vera det samme utbruddet som også ramma dei to borna i Sjursgarden. Frå kyrkjeboka kan ein lesa at Jensine vart heimedøypt av Knud, så dødsfallet kom nok ikkje heilt uventa. Johanne (1888-1961) var den siste av søskena, og den som skulle ta over farsbruket.

Den 26. januar 1892 fekk Knud tinglest et nytt skøyte på halvparten av bnr. 1, Negarden. Selgaren var nok ein gong svigerfaren Claus Magerholm. ein kan merka seg at kjøpet inkluderte «tilhørende Huse, nemlig en Stue- og en Ladebgning og iøvrigt med (..) undereliggende Herligheder og Rettigheder saaledes som det ifølge Skjøde har tilhørt mig, men ligsaa med de paa nevnte Brug hvilende Hæftelser og Forpliktelser for Købesummen Kr. 800,00 (....) hvilket Beløb idag er mig udbetalt».Mig er i dette tilfellet selgeren. Kontrakta kan ha vore ført til pennen av Knud sjølv. Det er mogeleg at det anten var Knud sjølv, eller svigerfaren som sette opp gardshusa og at lærar-huslyden budde der Det kan verke merkeleg at Knud i so fall ikkje hadde bygd gardshus på eiga mark tidlegare, for det kan verke som om Claus åtte husa til Knud på dette tidspunktet. Det er også mogeleg at Knud kan ha flytta tunet. Allereie 28. september i 1895 kunne Knud utvide med enno eit markastykke frå Klaus Nilsen Emblem på Ystebøen for ein sum på 275 kroner. No var ikkje garden lenger som noko småbruk å rekne.

Knud var omtala som ein særs akta lærar i bygda. Han fekk oppleva å vera den siste omgangskulelæraren i bygda vår, men også den fyrste læraren i den nybygde skulestova på Skaret i 1903. Skare-Nils, svigerfar til Inge Emblem fortalde i eit intervju med Sigurd Langleite på 1980-talet at han var ein av dei første elevane som fekk gå på denne skulen med «Furseten» som lærar. Nils fortel at han var svært gamal då og at dei fekk Lars Flydal som ny lærar etter kort tid. Knud gav seg som lærar i 1905, men fortsette ei tid med i forstandarskapet, og som revisor i Borgund Sparebank. Ein finn han der i 1927, eitt år etter at han skøytte frå seg garden til svigersonen.

Knud skulle syne seg å ha interesse for meir enn berre undervisninga. I 1867 var han med på å skipe «Prostilærarlaget», og han var aktivt med i det seinare «Borgund lærarlag», forløparen til Borgund Lærarlag, og møtte fast til lagets samankomster og møter. I tillegg deltok han fleire år i Borgund Herradstyre, sat i direktionen for Aalesunds Landmandsbank ved opprettinga i 1888, og var forstandar i Borgund Sparebank på sine eldre dagar. Der var han også formann i forstanderskapet frå 1917 til 1921, og revisor frå 1917. Han roa med andre ord ikkje heilt ned, sjølv om han gav seg som lærar i 1905. Han var framleis aktiv i bankverksemda til Borgund Sparebank, det som seinare skulle verte Sparebanken Møre, i 1927.

Svigersonen Heitte Tomas Hilmar Knudsen Akslen (1892-1974) og kom frå Aksla, bruksnr. 1. Tomas var den fjerde sonen i rekka og var såleis avhengig av å finna seg ei jordajente. Johanne Knudsdotter Furset (1888-1961) var eigentleg inga jordajente. Ho var den fjerde i syskenflokken, men det vart likevel ho som fekk overta. Tomas og Johanne fekk to born. Den eldste, Karl Olaus (1926-2007), tok over garden, medan broren Klaus Lorentz (1913-1931) døydde ung.

Eldstesonen til Tomas og Johanne, Karl Tomasson Akslen (1926-2007), tok over garden etter far sin. Som ungdom hadde han mellom anna vore soldat i Tysklandsbrigaden etter krigen. Skøytet på gardsbruket vart tinglyst i 1958, og han gifta seg med Anna Harriet Emblemsvåg (1929-1998). Ho kom eigentleg frå Oshaugen, for mora Anna Peterdotter Emblem frå Ystebøen vart gift der i 1929 med Hans Emblemsvåg. Ho døydde i barselseng det samme året og Hans reiste like etter frå bygda attende til USA, der han hadde arbeidd i fleire år før giftermålet. Anna vaks difor opp hjå besteforeldra sine på Ystebøen, og såg truleg ikkje så mykje til far sin før han kom heim att for godt kring 1940. Då var Anna 11 år.

«Furset-Karl» og Anna fekk 5 born. Toralf (f.1952) er eldst og har dreve mykje med klippfisk handel frå utlandet. Nestemann er Hans Anders (f.1954) som tok over garden, medan tredjemann, Oddmund Akslen (f. 1958) vart entrepenør og gravemaskinførar. Oddmund budde mellom anna ei tid på Garsendhaugen, før tunet vart rive og erstatta av eldreboligar. Då flytte han til Østrem og kjøpte Mattisgarden og Steinsgarden i samarbeid med storebroren, Toralf. Kona, Torill Berge frå Spjelkavika var i mange år fløytist og instruktør i Musikklaget Gjallarhorn. Ho starta opp bygdas første videoutleige i kjellaren på «Akslabuda». Søstera Ann-Kristin har arbeidd i mange år i bank og busette seg etterkvart med ektemannen, Per Helge Andersen på Ellingsøya. Sistemann i flokken var John (1966-2006), som døydde ung.

Hans Anders Akslen tok over garden og dreiv med mjølkekyr ved sidan av anna løna arbeid, som fabrikkmedarbeidar på Porolon a/s i Vegsundet. Dette vart ein vanleg kombinasjon etter den andre verdskrigen, der fiske vart erstatta av løna arbeid i blant anna Borgund kommune. Han gifta seg med Wenche Moa frå Spjelkavika. Dei fekk borna Janne Moa Akslen (f.1980), som er busett i Spjelkavika, Thomas (f.1985) som tok over bruket, og Karoline (f.1986), som er busett på Stranda og sambuar med Leif Magne Kjølås..

Garden vert no driven av sambuarparet Thomas Akslen og Camilla Anett Nærø Orten som er 5. generasjon på garden.

Inge Paulsen 15.11.2020 18:35

Min farmor. Karoline Kristine Furseth (1879-1954), datter av Knud A.Karlsen Furseth, ble gift med bødker Ragnvald Johan Paulsen i Skutvika, Ålesund. 7 barn.

Svein Ove 15.11.2020 18:44

Takk for info. Der kjem snart oppdatering av denne teksten, som har avventa ferdig bygdebok.