Mattisgarden

Pernille Pedersdatter Viddal (1861-1947) avfotografert etter 1910 hos fotografen. Ho sit på stolen omkransa av dei to døtrene sine og borneborna. Døtrene bak er f.v. Inga og Ingeborg Mathiasdotter som vart fødd i 1889 og 1891. Dei to borneborna er Borghild (f. 1906) og Louis Wennersberg (f.22.5.1907. Begge borna var på denne tida pleieborn i Mattisgarden, medan mora, Inga Mathiasdotter Østrem (g.Wennersberg) livnærte seg som syerske og faren, Lars, var registrert uten fast arbeidsplass som løsarbeider i 1910. Både Inga og Lars var svært unge på denne tiden så det var kanskje ikke like lett å få fast arbeide for en småbarnsfamilie.

Kan dette være Inga Østrem, gift Wennersberg (f. 13.4.1889)? I så fall er dette dotter til Mattis H. Østrem i Mattisgarden og mor til Louis Wennersberg (f. 22.5.1907). På dette biletet er det nok søstera hans, Borghild, som vart født i 1906 men eg er enno ikke heilt sikker. Louis vaks delvis opp i Mattisgarden hos besteforeldrene sine og han er nemnd som fosterson i 1910-tellinga. Foreldra og søstra bodde då i første etasje i Lihauggata 8 i Ålesund. Inga livnærte seg som "syerske" mens mannen Lars Vennersberg var "løsarbeider" dette året, men dei var temmeleg unge den gongen.

Os-Nikolay vart fødd i Mattisgarden, men gifte seg først på Blakstad i Sykkylven, før han seinare flytte attende til bygda og busette seg på Oshaugen i Emblemsvågen. Du finn meir innformasjon om han under Oshaugen på denne websida.

Dette er truleg Ingeborg Nilsdotter Østrem (f. 1835) frå Mattisgarden. Ho var gift med Halvor Mattisson som var født på garden. Det kan forøvrig nemnast at ho er mor til Os-Nikolay som er nemnd i gardsoga på Oshaugen i Emblemsvågen.

Restane av det gamle kraftverket i Mattisgarden. Det var (Nils) Matias Halvorsen Østrem (1852-1936) som sette det opp i 1916. Han var ein foregangsmann av dei sjeldne og var óg av dei første som dyrka opp jorda slik at ein kunne bruke meir hestedriven reiskap som slåmaskin. Kraftverket har vassdriven turbin og det var opprinneleg eit trerør som transporterte vatnet frå storelva. Det var bunta på omlag samme måte som tønner og det var truleg den eine svigersonen hans som hjalp til med konstruksjonen og bygginga. Så vidt som eg kjenner til så var han ingeniør men desse opplysingane er enno ikkje heilt bekrefta.

Nærbilete av turbinen. Vatnet kom inn bakveggen omlag midt på biletet, gjekk inn i turbinen og ned under de vesle huset. Frå yttersida av kraftverket og fram til turbinen vart det nytta jernrør.

På dette gamle flyfotografiet kan du sjå korleis Mattisgarden såg ut i si tid. Fargane er påført for hand på eit svart/kvitt bilete og stemmer ikkje så godt med verkelegheita desverre.

Sida er nyoppretta. Etterkvart vil eg legge ut ein tekst om gardshistoria i samarbeid med Malvin Garshol.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Johan Arne Viddal | Svar 22.11.2016 22.53

Flott initiativ. Min far forpaktet , Ole Bernhard Viddal forpakta Mattisgarden fra 1958 - 1963 da Fredrik Østrem og kona drog til California hvor ha døde (1962

Svein Ove 23.11.2016 00.06

Takk. Vil gjerne vite meir om den delen av historia. Min e-post er sveostrem@hotmail.com

ann christin Barman | Svar 31.01.2014 12.30

Hei igjen!
Vedr. Mattisgaarden og hvem som stod for kraft anlegget der var det min bestefar Arne barman f.1872 som var ingeniør og g.m.Ingeborg Blindheim f.1890

Svein Ove Østrem 31.01.2014 14.25

Takk skal du ha. Vet du noe mer, har bilde av ham etc. så kan du gjerne kontakte meg på følgende e-post: sveostrem@hotmail.com

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE