Jakobgarden

Dette kan vere Jakob Sørensen Emblem (1827-1921) og kona Steveline (Lina) Karoline Kristoffersd. Sperre (1831-1915) Dei flytta vidare til Kvalstein/Myklebust på Ellingsøya der han tok etternamnet Kvalsten. Opplysningane er henta frå Fylkesfotoarkivet som har orginalen på glasplate med arkivreferanse FAKf-100187.20618)

Ole Fredrik Berntsen Skår (1840-1927) og kona Anne Randine Knutsdotter Kvistad (1845-1926) fotografert ein gong før 1926 av ukjend fotograf. Dei sit ovanfor tunet mot Steingarden og grensa til Fursetgarden. Dei gifte seg 1871 og kom då frå Hjørundfjorden og tok over garden. Biletet er lånt ut av Eli Lundanes.

Knut Bernt Olsen (1876-1948) med familie. Første rekke f. v.: Emma Sivertsdatter Vegsundrabb (1871-1957), yngste sonen, Oscar Alfred Johan som senere bosatte seg i Spjelkavika og livnærte seg som rørlegger, knut. Andre rekke f. v.: Karl K Emblem som tok over Jakobgarden og Anne Knutsdatter Emblem som giftet seg med Louis. Wennersberg. Bakerst: Ole Knutsen Emblem.

Knud Bernhard Severin Emblem (1876-1948) og kona Emma Charlotte Fredrikke Vegsundrabb (1871-1957) dreiv Jakobgarden frå 1901 til 1934. Her er dei midt i slåttonna på sine eldre dager. Biletet er lånt ut av Eli Lundanes.

Petra Laura Ragna Emblem vart fødd i 1883 og er her hos fotograf Enok Simonnæs i Ålesund i 1906. Ho stend saman med ektemannen Skipper Johan Marenius Olsen Lysfjord frå Bindal i Nordland. Dei busette seg i Ålesund. Orginalplata finst i Fykesfotoarkivet med arkivref.: FAKf-100187.206155

Eli Emblem Lundanes med besteforeldra Knud Bernhard og Emma Charlotte i Jakobgarden 1938. biletet er lånt ut av Eli Lundanes.

Kaffeslaberas i Jakobgarden. Emma Charlotte er vertinne med kvitt forkle og kaffekjele. Eit par av gutane i bakgrunnen har kledd seg ut. Guten med Ruta kjole og svart damehatt er vel kanskje Karl Emblem så er det vel broren Ole Emblem som sit heilt fremst ved bordkanten med lys sixpence. Resten av namna er ikkje ferdig registrerte enda. Biletet er lånt ut av Eli Lundanes.

Bryllupet til Anne Betzy Emblem og Louis Henrik Vennersberg i Jakobgarden 1935. Biletet er lånt ut av Eli Lundanes.

Knud Bernhard og Emma med tre av borna. Kan det vere f.v.: Karl, Oskar og Anne Betzy? Biletet er enno ikkje ferdig registrert. Biletet er lånt ut av Eli Lundanes.

Her har eg kun avfotografer, men ikkje registrert namna enda. Det er vel kanskje Louis Henrik Vennersberg frå Mattisgarden i midten og kona Anne Betzy f. Emblem som nummer 2 frå venstre. Borna er vel kanskje Kåre og Marit med Petra like bak? Biletet er henta frå Anne Betzy sin album og lånt ut av Eli Lundanes.

Anne Betzy Vennersberg sin 50-årsdag. Namna er ikkje ferdig registrerte enda, men det er vel truleg eit bilete av søskena. I så fall er dei fotograferte kanskje f.v.: Oskar Emblem, jubilanten Anne Betzy, Ole Elias Emblem og Karl Emblem lengst til høgre? Karl tok over Jakobgarden medan Anne Betzy fekk seg tomt ved garden. Det er Huset til Anne Betzy og Louis Henrik i bakgrunnen med uthuset som vart bygd av material frå den siste mattisbua nede ved Østremsjøen. "Vennersberghuset" har i dag gateadressa Negardsvegen 41. Biletet er delt av Eli Lundanes.

Kartet syner Parselen som Alfred Østrem kjøpte attåt garden sin i 1945, og delen av Jakobgarden som Karl. kjøpte i 1935. Underlagskartet er henta frå http://www.skogoglandskap.no/gardskart, og bearbeidd i Photoshop.

Bruksnummer 7 på Emblem, heiter Jakobgarden, og var den austlegaste gardparten av Steffågarden etter utskiftinga av innmarka på emblemsgardane i 1835. Før denne tida var gardane teigbytt i små åkerlappar, og eit lappeteppe av slåttemarker som gardane bytta på å bruke i kortare perioder om gongen. Tanken bak utskiftinga var at kvar gard skulle få eit stort samanhengande stykke innmark kvar, og fleire valde å flytte husa sine dit, ut frå det gamle klengetunet. Steffågarden vart liggande der det gamle tunet låg, men det var ikkje mogeleg å samla heile garden i eit stykkje. Garden vart delt i to av Negarden, som kom i mellom. Garden var ikkje sjølveigd på denne tida, og vart i staden delt i to bruksnummer. Steffågarden var bruksnummer 6 medan det nye bygselsbruket, Jakobgarden fekk bruksnummer 7.

Gardsnamnet kjem truleg av den fyrste bygselsmannen på bruket, som heitte Jakob Sørensen Giske (1827-1921). Jakob var brukar på garden frå 1854-1972 og gift med Steveline (Lina) Karoline Kristofferdotter Sperre (1832-1915). I folketellinga frå 1865 hadde ho vald å bruke namnet Lina K. Dei har på denne tida 3 born, Kristine, Knud og Karoline. Kristine vart fødd i 1855, eit år etter at dei hadde fått bygsla bruket. Tre år etter hadde garden like stor avling som Steffågarden, og like mange dyr. Det betyr at garden gav rimeleg god avling. Dei hadde både hest, 5 kyr og 15 sauer. Avlinga var på 6 tønner bygg, 15 tønner havre og 10 tønner med potet og 38 skippund høy. Av ein eller annan grunn flytta familien frå bruket kring 1872. Jakob var då berre 45 år, så det kan ikkje ha vore alderen som var årsaka. Borna var heller ikkje gamle nok til å ta over, så det kan ha vore betre utkome som hadde freista. Dei flytte til Kvalstein på Ellingsøya og tok etternamnet Kvalsten. Dette var ikkje så lang frå heimstaden til Steveline på Sperre.

Den neste brukaren var Ole Berntsen Skår (1840-1927), frå Hjørundfjorden. Han var gift med Anne Knutsdotter Kvistad (1845-1926), som også kom frå Hjørundfjorden. Ein finn dei i 1900-tellinga og truleg var dette det samme året som dei overlet gardsbruket til sonen. I folketellinga for 1900, bur to av borna fortsatt på garden. Knud livnærte seg som fiskar, medan den seks år yngre søstera, Olivie,

er registrert som 19 år, ugift og sysselsatt «med Husgjerning og Kreaturstel». I tillegg har Ole og Anne ei pleiedotter på 12 år, som heitte Hilda Johansdotter. Ho var frå Ørskog og på forpleining for Ålesund fattigvesen.

Knut Bernt Olsen Emblem (1876-1948) tok over Jakobgarden etter foreldra mot slutten av 1900, eller 1901, og gifte seg med Emma sivertsdotter Vegsundrabb (1871-1957). I 1910-tellinga finn me heile huslyden, på 8, med kårfolket, borna Ole, Karl, Anne, og tjenestejenta Inga J. Furholm på 16 år. Inga var også «elev av forts. Skole». Dette var truleg framhaldskulen, som vart halden på kveldstid på Emblem skuleåret 1910/11. Karl O. Emblem fortel dessutan at ho var lærerinne på Emblem og Hatlehol skule, då han byrja i første klasse i 1914. Knut var bygselsmann heile tida han var brukar. Andreas Johansen Emblem hadde kjøpt Jakobgarden i 1913, men lot Knut få fortsette å bygsle heilt til han tok kår hos sonen i 1934.

Karl Knutsen Emblem (1907-1997) var den nest eldste sonen til Knut, og jamnaldringen til Karl O. Emblem i Steffågarden og Peter på Ystebøen. Han gifta seg med Petra Fylling (1919-2000) og kjøpte det meste av Jakobgarden i 1935. Karl stod som eigar også i 1961, og stykket til Karl vart skyldsett som bruksnummer 32, med namnet Elvatun frå kjøpsdatoen i 1935. Hovudbruksnummeret (7) vart kjøpt i 1945 som ein parsell til garden Solvang på Østrem. Kjøparen var Alfred Andreassen Østrem frå Abrahamsgarden. Han hadde også kjøpt attåt eit stykke frå Ebbegarden og Steinsgarden. Parsellen som ein gong hadde vore del av Jakobgarden ligg i dag nedanfor huset til Asbjørn og Anne Lise Østrem. Stykket som Karl kjøpte, ligg rett vest frå denne parselen og er skild frå av eit gjerde, vegen i nord og Ebbemyra stadion i sør. (sjå også på kartet i biletalbumet).

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.08 | 12:51

Det er noe som er utelatt fra Peder Greg Emblemsvågs tidslinje. SJ/ BN II/ N. 1964 til 1966. Deretter dro han til IØIII/ Steinkjer.
Han var min sjef, rådgiver

...
20.06 | 22:18

Send meg en e-post til sveostrem@hotmail.com så ordner vi det 🙂

...
20.06 | 22:05

Hei, Takk for morsomme sider. Min oldefar Karl Olaus Hatlehol er fødtl i 1852. Han ble senere tannlege i Oslo. Jeg skulle gjerne visst mer om forfedrene hans.

...
27.05 | 11:12

Dette er ikke Jakob Rasmussen Akslen ( senere Molvær). Jakob flyttet til Molvvær i Langevåg og giftet seg med Gina Molvær.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE