BNR. 2 OPPIGAR PÅ HESSEBERG

Bak frå venstre: Rasmus Hesseberg, Anna Emblem (seinare gift med Ole Hesseberg,eldre bror til Rasmus), Oline Lid, Karen Hesseberg og Gustav Hesseberg. framme i midten sit Nikoline Hesseberg. Biletet er utlånt av Annie Hesseberg

Bilde av Hessebergfolket på besøk på Hatleholen kring 1904. Frame f.v.: Karl Hatlehol, Petter Olsen Hesseberg. 2. rekke f.v.: Ola Hesseberg og Rasmus Hatlehol. 3. rekke f.v.: Anne Hesseberg (1884-1916, Anne Hatlehol. Bakerst f. v. Kalla Hatlehol, Ukjent mann, som kan vere Matias Lillestøl. Forbindinga er som følger: Petter Og Rasmus hadde begge funne seg ektemake på Grebstad i Sykkylven. Petter vart gift med Thomassine (f.1860) medan Rasmus gifte seg med Anne (f. 1865) Biletet tilhøyrer Annie Hesseberg

Rasmus Tomas Petterson Hesseberg (1897-1981) fotografert ein gong kring 1920. Fotograf: ukjend
Rasmus Tomas Petterson Hesseberg (1897-1981) fotografert ein gong kring 1920. Fotograf: ukjend
Brudebildet til Lovise Magerholm og Rasmus Hesseberg. Dei andre på bilde er bak frå v Tore Magerholm, Karoline (Kalla) g. Nilsen Ellen Lillestøl g. Øpsen(Rasmus var onkel til Ellen) Heilt til h.Olava,yngste søstra. Biletet er utlånt av Annie Hesseberg

Dette er høyst sannsynlig brudeparet Anne Pedersdtr. f. Hesseberg (1884-1916) og Matias Larsen Lillestøl (1879-1953). Matias giftet seg igjen i 1917 med Sofie Jonsdtr. f. Rudi fra Ørsta. Matias og konene var brukere av "Lillestølen" ved Brusdalsvannet i dengang Borgund kommune, fra 1905 til 1953. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: AM-95003.009146 og er fotografert av Johannes Sponland i 1909

Lovise Tøsse som vart kalla "Tøsse-goma". Biletet er utlånt av Annie Hesseberg
Lovise Tøsse som vart kalla "Tøsse-goma". Biletet er utlånt av Annie Hesseberg
Tommasine Grebstad Hesseberg (1860-1946) som var farmor til Annie Hesseberg. Ho gifta seg med Petter Olsen Hesseberg (1856-1917). Tomassine er mor til Rasmus. Biletet tilhøyrer: Annie Hesseberg
Tommasine Grebstad Hesseberg (1860-1946) som var farmor til Annie Hesseberg. Ho gifta seg med Petter Olsen Hesseberg (1856-1917). Tomassine er mor til Rasmus. Biletet tilhøyrer: Annie Hesseberg
Dette bilde er teke rundt 1964. På hesteryggen sit Inga . Ho er eldste dottera til Peter (Peto) og Liv Hesseberg. Farfar Rasmus held i taumane.
Biletet er utlånt av Annie Hesseberg
Dette bilde er teke rundt 1964. På hesteryggen sit Inga . Ho er eldste dottera til Peter (Peto) og Liv Hesseberg. Farfar Rasmus held i taumane. Biletet er utlånt av Annie Hesseberg
Konfirmasjonsbilde av Lovise Magerholm g. Hesseberg i 1916.
Konfirmasjonsbilde av Lovise Magerholm g. Hesseberg i 1916.
Rasmus Hesseberg og kona Lovise frå Magerholmvika, på sine eldre dagar. Det er mogleg at biletet er tatt i forbindelse med eit jubileum, for eg har sett fleire kopiar av biletet. Dette tilhøyrde Aslaug P. Magerholm Østrem, som var niesa til Lovise.

Ellen Lillestøl gifte seg med Johan Øpsen. Mor til Ellen kom frå Oppigar og heitte Anne Gurine Sofie Hesseberg (1884-1916) Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Ellen Lillestøl gifte seg med Johan Øpsen. Mor til Ellen kom frå Oppigar og heitte Anne Gurine Sofie Hesseberg (1884-1916) Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Søskenborna f.v.: Ellen (f. Lillestøl) Øpsen og Annie Hesseberg. Mor til Ellen kom frå Oppigar og heitte Anne Gurine Sofie Hesseberg (g. Lillestøl) 1884-1916. Dette biletet vart truleg gitt til naboane Lars og Sofie (f. Heggebakk) Hesseberg i Nerigar. Biletet tilhøyrer i dag Peter Blindheim

I 1603 finn me ein Peder Hesseberg som eigar av heile Hesseberg. Allereie i 1607 vart garden delt i to gardsbruk. Det eine var Nerigard, bruksnummer 1 og det andre var Oppigard med bruksnummer 2. Begge bruka fekk då nye bygselmenn, og medan Nerigard fekk Størker Justsen, så skal me derimot følge brukarrekkefølga på Oppgigard, som byrja med Peder Eriksen. Då Peder døydde i 1630-åra, vart dei to hessebergbruka slegne saman att ei kort stund. I 165o vert det oppgjeve i dei skriftlege kjeldene at enka sat med bruket. Det er sjølvsagt vanskeleg å fastslå med sikkerheit kven dette var, men det kan vere ei viss moglegheit for at dette kan ha vore enka etter Peder Eriksen. Samstundes er det då uklart kvifor garden då vart sammanslegen med Nerigard i 1630. Det kan ha samanheng med at Peder døydde på det tidspunktet.

Ein Erik Bodvarson (ca.1632-1713) overtok bruket kring 1660. Kanskje vart han gift med enka etter Peder før han. Erik fekk 5 born. Synneve (ca.1664-1751) var eldst. Ho gifte seg i 1705 med enkemannen Joen Joenson Røssevoll(3) i Tykjegarden og vart gardkjerring der. Anne den eldre (ca.1679-1729) gifte seg på nabobruket Pegarden på Røssevollen med Aslach Aslachsen Røssevoll(5) i 1711. Kanskje møttest dei då ho var på besøk eller arbeidde for søstera si? Den tredje i borneflokken var Ole (ca.1684) som vart utkommandert som soldat. Ein finn han i millitærrullane i 1713, men så stoggar spora etter han. Anne den yngre (ca.1686) er lettare å finne att. Ho gifte seg med Ingebrigt Olsen Emblem(9) i Auregarden i 1710. og vart brukar der. Det er interessant å merke seg at dette tunet ligg i bakkehellinga like nedanfor innmarka til bruka der søstrene busette seg. Dei må difor ha hatt nær kontakt med kvarandre. No byrjar me også å finna litt fleire samanhengar mellom brukarane. Den tredje oppsittaren på garden vart yngsteguten Erik Eriksen (ca.1697-1737), var nemleg sonen til denne første Erik. Erik var brukar frå 23 års alderen i 1720, til han vart 53 i 1750. Han vart i 1716 gift med Margrethe Pedersdotter Glomset(Ø,2) (ca.1692-1742) frå Nilsgarden. Dette var forøvrig søstera til Ingeborg som gifte seg til Negarden på Emblem. Ingen av borna tok over bruket. Det er funne 6 born etter dei. Maria (1720-1742) var eldst og vart ikkje gift. Ho døydde berre 22 år gamal. Karen (1726-1806) gifte seg i Steinsgarden, bruk 4 på Østrem i 1759 med Ole steensen Østrem(4). Oluf (dp.1724) er nestemann i flokken, men han veit me ikkje meir om. Kanskje han døde tidleg? Peder (1728-1742) rakk knapt å feire 13 år. Han døydde berre 8 veker etterpå. Med Ingeborg (dp.1732-1804) gjekk det betre. Ho gifte seg i 1758 med Nils Nilsen Neberg frå Bergen og dei busette seg i Ingebrigtsgarden på bruk 1 på Fiskerstranda lenger ute i fjorden. Knud (ca.1737-1809) var den yngste. Han flytte til Ytresæter(1) i Stordalen og endra etternamnet til Sæter i 1809. Han vart gift tre gonger. Første gongen var med jordajenta Marte Olsdotter Ytresæter(1) i 1758. I 1785 gifte han seg med Guri Rasmusdotter Hjelde frå Voll i Rauma, før han året etter gifte seg den siste gongen med Berthe Jetmundsdotter Holt(1) frå Stordalen. Margrethe tok kår då ektemannen døde i 1734. Ho gifte seg opp att i 1738 med ungkaren Jens Knudsen (1712-1775). Han var fødd på Gangstad(1) og seinare nemnd som formyndar på Gudmundset i 1758. Me veit ikkje kor lenge Margrethe levde, men ho var truleg død før 1743.

Den neste brukaren var Niels Larsen (ca.1688-1742)Han kom kanskje frå Lied lenger inne i fjorden og var gift med Gyri Olsdotter Stavseng(120f) (f.1700). Dei fekk to born. Det var Giertru (dp.1734) som vart fødd på Hesseberg og tok over garden seinare. Birthe (dp.1738) var eldst og eg veit ikkje om ho levde opp. Dei fekk kort tid som brukarar på Oppigar. Niels døydde i 1742 og Gyri gifte seg opp att med enkemannen til kårkona Margrethe (sjå over), Jens Knudsen (1712-1775). Han vart også gift ein tredje gong med enka på Håhjem(3), Anne Paulsdotter, og vart far til Marte Håhjem (dp.1769). Ho vart jordajenta på plassebruket på Håhjem.

Gjertrud Nilsdotter Heseberg(2) Lars Larsen Gudmunset   dreiv garden i berre 10 år. Kva som var årsaka til at dei ikkje dreiv lenger, veit eg ikkje, men eit nytt ektepar tok i alle fall over i 1760. Elias Matiassen (d. 1785) dreiv garden i heile resten av si levetid, på 25 år. Han var gift med Marta Størksdotter som er av ukjent opphav. Sonen deira, Matias Eliassen (f. ca 1760) overtok då faren døydde og gifte seg moglegeins det same året med Anne Olsdotter.

Om sonen Peter Olaus Matissen (1792-1874) er det litt meir å fortelle. Han overtok bruket i ei vanskeleg tid i 1815, og det endte ikkje der. Den første kona, Marie, døde i barselseng, noko som i seg sjølv ikkje var så reint uvanleg den gongen. Peter vart deretter trulova med Anne Marte Pedersdotter (1792-1869) frå nabogarden Heggebakk. Paret fekk også dottera Marie (1818-1907) saman, men ekteskapet vart det ikkje noko av. Peter gifte seg i staden med Ågot Olsdotter Blindheim frå Sykkylven (1794-1856) og dei tok til seg fosterdottera Anne Gurine Ludviksdotter frå Ørskog. Anne vart fødd i 1825 og vart jordajente i Oppgigard. Eg veit ikkje kvifor, men det er mogeleg at Peter ikkje fekk andre born som levde opp utanom med Anne Marte frå Heggebakk. Samtundes har arverekkene på gardane på Emblem ikkje alltid vore like logiske og odelsbaserte, så det er vanskeleg å fastslå ein slik påstand med sikkerheit. Anne Marte vart gift inne på gardsnummer 9 ,Øvre-Glomset, med Iver Zakariasen Halvardsæter, det same året som dottera vart fødd i 1818. Då Anne Marte flytte inn til Glomset bar ho dottera si i vogga frå sjøen og opp til garden (Bygdebok for Skodje bind 1 s.125). Marie,dottera til Peter og Anne Marie gifte seg på på gard nummer 13 inne på Valle, med Lars Petter Valde, medan halvsystera vart verande og gifte seg som jordajente på Øvre Glomset. For moro skuld kan eg nemne at Marie også vart mormor til Inger Sofie Jørgensdotter Valde (1883-1954) som gifte seg med Ole Elias Johansen i Ebbegarden. (Du kan lese meir om borna til Inger Sofie i teksten om Ebbegarden). Marie var også mormor til Ane Oluffa Jørgensdotter Valde (f.1888). ane Oluffa gifte seg med Johan Andreas Johansen Akslen (1882-1964) som var onkel til Mauritz Akslen og fødd i garden Hølå på Emblem. De bosatte seg i Spjelkavika og fikk 6 barn. Du finner litt mer om onkelen i teksten om garden Hølå.

Anne Gurine gifte seg med Ole Johan Andreas Andreasen (1827-1906) frå Emblemsvågen, og frå dette ekteparet har garden Oppigard vore i den same slekta heilt fram til i dag. Vi finn dei i 1865-tellinga, og då hadde dei fem born. Lovise er yngst på to år. Deretter følger Agnette på 5, Rasmus på 7, Hans på 10 og til slutt eldstemann, Peter M. Olsson på 13 år. Kårkallen Peter Matiasson på omlag 75 år bur fortsatt på garden. I tillegg finn vi ein ugift legdslem, på 47 år, som heitte Berte M. Petersdotter. 

Eldstesonen Petter Olsen Hesseberg (1854-1917) tok over etter foreldra sine. Han gifta seg med Tomassine Grebstad (1860-1946) frå Sykkylven. I 1900-tellinga står dei oppført med 11 heimehøyrande personar på garden. Berte er der ikkje lenger, men kårfolket, Ole og Anne levde framleis. Dei tre døtre og 6 søner. Anna Gurine var eldst og fødd i 1884. Albert vart fødd året etter, og som 15-åring var han allereie ute på fiske. Gurine (Gina) (1887-1988) var nest eldst og berre eit år yngre enn Albert. Etter Gurine kom borna på rekke og rad. Ole (f.1889), Ludvig (f. 1891) , Nikkoline (f. 1893). Som ein kan sjå, så kom borna med 2 års mellomrom, men deretter tok det fire år før Rasmus vart fødd i 1897. Årsaka til dette var at dei fekk sonen Peter i 1895, men han døydde det same året. Attpåklatten, Gustav, vart fødd 3. september 1900. Han var påført med blyant i tellinga og det kan tyde på at han vart lagd til like etter sjølve tellinga var over. Det er oppført både eit hovudhus og eit føderådshus på garden. Kårfolket budde i det siste. Truleg er hovudhuset som står den dag i dag, identisk med hovudhuset i denne tellinga. Du kan sjå ungdomsbilete av fleire a desse borna i biletalbumet.

Rasmus var med andre ord den nest yngste sonen i familien og han tok over garden etter foreldra sine. Grunnen til dette er at Albert, Gina, Ole, Ludvig og Gustav reiste til Amerika. Rasmus fekk dermed garden fordi alle brørne hadde reist. Det var berre Ole som kom attende i 1932

I 1910-tellinga budde berre Nikoline, Rasmus og Gustav heime, og det var først i 1927 at Rasmus gifta seg med Lovise Magerholm (1902-68), frå Magerholmvika. 

Sonen Peter (Peto) Hesseberg (f. 1930) tok over etter faren Rasmus, men fortsette ikkje sjølve gardsdrifta. . Peter er busatt i Ålesund og gift med Liv (f. Sollid i 1928). Peter er pensjonert journalist i sunnmørsposten og var mellom anna ein ivrig arrangør av fjellturane «Til topps med Sunnmørsposten» i si tid. Søstera, Annie Hesseberg (f. 1928) bygde seg hus og busette seg litt lenger nede i bakken, vestanfor Oppigard.

I dag er løa og kårstova borte. Stabburet vart flytta over vegen til den same sida som hovudhuset i 2012 og ny tilkomstveg er bygd over den staden der løa ein gong låg. Den fortsette ned heimebøen mot Nedigar der det i 2013 er husbygging på gong like utanfor dette tunet. Dagens eigar er Torstein Hesseberg (f. 1962), som er sonen til Peter og Liv. Han er gift med Carmen Alvarez (f. 1975) Saman har dei pussa opp hovudhuset, bygd ny trapp og parkeringsplass.