Larsgarden

Bryllaupsbiletet til Lars Olsen Emblem og Karen Marie Wilhelmine Hansdotter Holmeset i 1896. Lars kom frå Sjursgarden, fekk Larsgarden i gåve av faren og tok etternamnet Østrem/Austrem. Biletet hat tilhøyrt Henny Hollevik og er gjeve attende til Larsgarden av dottera Karin Hollevik Eriksen.

Flyfoto av Østrem frå 1950-talet ein gong. Mogeleg at det er eit Widerøe-bilete. Foto: Svein Ove Østrem

Bilete av ei ung Karen Hansdatter Holmeset frå Grytastranda. Ho gifte seg med Lars Austrem frå Sjursgarden på Emblem i 1896 og dei fekk Larsgarden på Austrem i gåve med faren til Lars, som var "Sjurs-Ole". Det er mogeleg at dette er anten forlovelsesbilete eller del av ein fotopakke med bryllupsbilete. Orginalbilete og avfotografering Lars Petter Barstad

Fotografering var ein gong ein høgtideleg aktivitet i fotografens atliér. Her er det Fotograf Moa som har foreviga nokre av borna til Lars Austrem. Lengst bak står Olav som døde tidleg. Til høgre står Klara saman med Astrid lengst til venstre. På krakken er det Henny som sit. Namna er skrivne på baksida av biletet.

Bilete av den fyrste Lida Austrem (1904-1906). Borna i Larsgarden på Austrem vart som regel fødd med 2 års mellomrom. I tråd med skikken fekk neste bornet det same namnet. Ho vart fødd i 1907 og vart seinae gift med Petter i Kaldhusgarden (Hatlebakken) Orginalfoto og avfotografering Lars Petter Barstad

Millitærbilete av Olaf Austrem frå Larsgarden på Østrem. Olav var eldste sonen til Lars Austrem, fødd i 1897. Olav Døydde nokre år etter at dette biletet vart tatt. Lars fekk ikkje fleire gutar etter at Olaf døydde, men den eldste sonen til broren Hans Austrem fekk det same namnet. Orginalfoto og avfotografering Lars Petter Barstad

Eg trur at biletet er frå Setnesmoen, og soldaten som sit som nr 2 f.v. er Olaf Larsen Østrem, eldste sonen til Lars Olsen Austrem. Truleg er det fleire frå bygda på dette biletet. Biletet tilhøyrer nevøen Olav Østrem.

Kan det vere snakk om søndagstur? eg kjem at med meir informasjon etter kvart.

Olaf var eldste sonen til Lars Austrem, fødd i 1897. Eg er ikkje heilt sikker på når han døydde, men det var ein gong etter 1917. Biletet tilhøyrer Lars Petter Barstad

Hans Larsen Østrem (1915-66) var yngste bornet til Lars Olsen Austrem. Han tok over garden saman med Aslaug Petrine Magerholm (1920-2002) og dei er foreldra til dagens brukar, Olav Østrem (f. 1942)

Lars Olsen Austrem og Karen Hansdotter Holmeset Biletet tilhøyrer Lars Petter Barstad

På baksida av dette biletet står "onkel Hans". Den eldste guten er Hans Austrem og staden er Sjursgarden på Emblem. Eg er ikkje sikker på kven den minste er, men begge dukkar opp att på eit anna familibilete, så det skal nok la seg gjera å finna ut kven det er etter kvart. Biletet tilhøyrer Lars Petter Barstad

Familiebilete av Lars Austrem sin familie. Bak frå v. Herborg (g. Akslen), Kaspara (g. Barstad), Klara (g. Myklebust), Astrid (g.Strømmen), Lida (g. kalhusseter) og Henny (g. Hollevik) framme frå venstre: Lars Austrem, Hans Austrem og Karen Hansdatter (f. Holmeset) biletet vart tatt i dottera Henny sitt bryllup

Peter Myklebust frå Ellingsøya og Klara Larsdotter Østrem frå Larsgarden på Østrem. Biletet tilhøyrer Olav Østrem

Astrid Larsdotter Østrem og Lauritz Strømmen. Biletet tilhøyrer Olav Østrem

Kaspara Larsdotter Østrem og Harald Barstad. Kaspara blei stort sett omtala som Bara. Biletet tilhøyrer Olav Østrem

Slåttonn i Larsgarden ein gong kring 1925-30. Ståande f.v.: Astrid (g. Strømmen) Lauritz Strømmen, Herborg? (g. Akslen), Klara (g. Myklebust) held rundt ein førebles ukjend gut, Lars Olsen Austrem, Peter (Pit) Myklebust. På høylasset i bakgrunnen står f.v.: Hans Larsen Østrem og ein ukjend gut. Biletet tilhøyrer Lars Petter Barstad

Slått på Østrem ein gong kring 1925-30. Guten er Hans Østrem (1915-66) "rakstedeia" er eg mir usikker på kven det er. Biletet tilhøyrer Lars Petter Barstad.

Borna i Larsgarden ca 1923? F.v.: Klara (g. Myklebust) mor, Karen Marie Hansdotter Holmeset (g. Austrem), Lida (g. Kaldhusseter) Astrid (g. Strømmen), Bara (egentlig Kaspara g. Barstad og mor til Lars Petter Barstad) og herborg (g. Akslen) . Framst står lillebroren Hans. Biletet tilhøyrer Lars Petter Barstad

Vinterbryllaup i Larsgarden. Brudeparet er Astrid og Laurits Strømmen i 1920. Det kan ikkje ha vore så reint enkelt å samle alle disse til middag innomhus. Damen i hvit kjole er Klara, bak henne står Henny med faren Lars og mora Karen Marie Austrem (dels skjult bak myrtekransen til bruda) Heilt til venstre står Antakeleg Pit som var gift med Klara Austrem og bakerst med hatt finn du naboen Fredrik Østrem. Guten med svarte klede lengst fram er Hans Austrem og deretter byrjar det å verte vanslegare å få på plass resten av namna.

Klara Østrem og Peter (Pit) Myklebust frå Ellingsøya. Klara var eldste dotter til Lars Austrem. Biletet tilhøyrer Lars Petter Barstad

Slektsbilete ved løveggen i Larsgarden på Austrem. ein gong tidleg på 1920-talet. Lars Austrem og kona Karen er omkransa av borna sine og svigersonen Peter (Pit) Myklebust frå Ellingsøya som var gift med eldstedottera Klara (ho står foran Pit), Biletet tilhøyrer Lars Petter Barstad

Klara Østrem med Abrahamsgarden i bakgrunnen. Legg merke til kor stor bakken utanfor løa var den gongen. Biletet tilhøyrer Lars Petter Barstad

Barnedåp på Østrem. Henny Østrem (g. Hollevik) sit med tvillingdøtrene Sonja og Hevik

Onkel "Pit" (Peter) Myklebust med Hollevik tvillingane Sonja og Hedvik på ryggen. Biletet vart tatt i barnedåpen deira på Østrem

F.v. Henny Østrem (g. Hollevik) og Anna? Brevik med dåpsborna og tvillingdøtrene Sonja og Hedvik i 1929. Mannen bak Henny er skjult, mens mannen lengst til høgre er Knut Hollevik. Biletet tilhøyrer Karin Hollevik (g. Eriksen)

Morfar Lars Olsen Austrem med dåpsborna Sonja og Hedvik Hollevik på fanget. Mormor Karen Hansdotter Hollevik i bakgrunnen. året er 1929 og biletet tilhøyrer Lars Petter Barstad.

Lars Olsen Austrem (f. Emblem) saman med kona Karen Hansdotter Holmeset framfor huset som dei bygde kring 1903 på Larsgarden på Østrem. Året etter bygde dei óg ny løe. Biletet er truleg teke i 1929 i barnedåpen til Hollevik-tvillingane, sonja og Hedvik, på Østrem.

Henny Østrem (g. Hollevik) med dottera Karin Hollevik (g. Eriksen) og tvillingdøtrene Sonja og Hedvik framom hovudhuset i Larsgarden hausten 1930. Legg merke til den flotte dekoren over trappa. Biletet tilhøyrer Karin Hollevik (g. Eriksen)

Dåpen til Karin Hollevik Eriksen på Østrem 1930. F.v.: Laurits Strømmen, Astrid Østrem (g. Strømmen), Karin, Laura og Edvard Brevik. Biletet tilhøyrer Karin Hollevik (g. Eriksen)

Fra Karin Hollevik Eriksens barnedåp i 1930. F.v.: Knut Hollevik, Karin Hollevik (g. Eriksen), truleg Henny Østrem (g. Hollevik) dels skjult, Herborg Østrem (g. akslen) mormor Karen Hansdotter Holmeset (g. Austrem) med enten Sonja og Hedvik Hollevik på fanget og armlenet, Lida Østrem (g. Kaldhusseter) Dei sit vestanfor hovedhuset og gamletrappa synes bak dei. I dag står huset til Olav Østrem på denne plassen, medan tappa er flytt til nordaustre hjørne.

Karin Hollevik (g. Eriksen) sin barnedåp på Østrem hausten 1930. F. v.: Edvard Brevik, Lauritz Strømmen, Anna Brevik, Astrid Østrem (g. Strømmen) med niesa Hedvik Hollevik i armane, Lars Olsen Austrem, Karen Hansdotter Holmeset (g. Austrem) med dotterdottera Kristbjørg Strømmen (g. Humblen), Mor Henny Østrem (g. Hollevik med dottera Sonja i armane. Biletet er lånt ut av Karin Hollevik Eriksen

Besøk på Østrem 1931 Her er heile familien samla. Framst står Sonja og Hedvik , Mor Henny (f. Østrem) held Karin på fanget medan faren Knut Hollevik stend bakerst. Biletet tilhøyrer Karin Hollevik Eriksen

Karen Hansdatter Austrem ( f.Holmeset). Biletet er tatt bak huset i Larsgarden på Østrem. Du kan skimte lønnetrea og løa i Abrahamsgarden Den gamle dama er eg ikkje heilt sikker på kven det er, men det kan kanskje vere Tommasiine Magerholm frå Magerholmvika

Karin Hollevik (g. Eriksen) flankert av tvillingsøstrene Sonja og Hedvik. De er på besøk hos besteforeldrene på Østrem i 1931

Karin Hollevik (g.Eriksen) på besøk hos besteforeldrene på Østrem i 1931. Biletet tilhøyrer Karin Hollevik Eriksen.

Familiebilete i tunet i Larsgarden på Østrem. Frame frå venstre står Herborg (g. Akslen) , Hans Larsen Østrem, og Astrid Østrem (g. Strømmen). I andre rekke frå venstre finn du Henny (g. Hollevik) saman med sin Svigermor og foreldrene Lars og Karen Marie Holmeset (g. Austrem) Bakerst står Hennys svigerfar og held eit foreløpig ukjent born i hendene Det kan vere Kristbjørg Strømmen (g. Humblen)

Bilete av dame med hatt og telefon. Dette er Henny Austrem (seinare gift Hollevik)

Hans Larsen Østrem (1915-66) var gift med Aslaug Petrine Magerholm (1920-2002) og overtok Larsgarden etter faren Lars Olsen Austrem, som kom frå Sjursgarden på Emblem.

Karen Hansdatter (f.Holmeset i 1871) Ho var gift med Lars Austrem i Larsgarden. Ho held det første bornebornet, Karen Marie Østrem i dåpskjole. Ho er mest sannsynleg identisk med ho som du såg bilete av like før i dette albumet.

Hans Larson Østrem (1915-1966) i godstolen sin med pipa for handa. Biletet tilhøyrer Olav Østrem

F.v. Olav Østrem, Lars Akslen og Per Kåre Østrem. Biletet er truleg tatt i tunet på Larsgarden og kanskje i 1946 eller 1947

Lars Austrem på sine gamle dagar. Bak han kan du sjå vedhuset i Steinsgarden og merke etter nokre gutfantar som hadde skrive på løemuren i bakgrunnen

Larsgardhytta på Østremsetra. Bak f.v.: Lovise og Oskar Emblem, Hans og Aslaug Østrem. Framme f.v.: ? , søskena Liv Østrem (g. Brevik) , Karen Marie Østrem og Per Kåre Østrem. ? Biletet tilhøyrer Olav Østrem

Konfirmasjonen til Liv Østrem (g. Brevik)

F.v.: Dels skjult framme ved traktoren står Per Kåre Østrem med ryggen til fotografen, Olav Østrem og faren Hans Larsen Østrem næras fotografen. Biletet er tatt ved det gamle grustaket like framanfor brua oppe på Grønevollen. alt jernarbeidet på traktorvogna er det Karl Flydal som bygde, medan trearbeidet vart gjordt på Larsgarden etter at ramma og beslaga var ferdige.

julefeiring i Larsgarden på Østrem. F.v.: Olav Østrem, Liv (g. Brevik), Karen Marie, Per Kåre, Aslaug Petrine (f. Magerholm) og mannen Hans med pipa. Biletet tilhøyrer Olav Østrem

Larsgardsnamnet

Larsgarden vart delt i tre delar (Larsgarden, Abrahamsgarden og Steinsgarden) i 1712. Namna på østremsgardane tyder på at dei fekk desse namna på eit seinare tidspunkt enn ved frådelinga. Truleg er Steinsgards-namnet eldst, for eg finn kun ein brukar med eit namn som kan likna. Steinar Olsen Straume (1700-1749) var den første brukaren som kom utanfrå etter at Steinsgarden vart frådelt Abrahamsgarden. På det tidspunktet var det altså 4 bruk og ikkje eitt eller to, som kan ha vore det opphavelege. Det vart difor behov for å skillja dei ulike brukarane, og ikkje minst borna deira, frå kvarandre. I løpet av mine søk i kirkebøkene så er det nemleg tre forutsetningar for namnevalg som kan ha påverka foreldra. Dei kan ha vorte oppattkalla etter besteforeldre, eller eit tidlegare avdød søsken. Barnedødligheita var nemleg stor før 1920. Den tredje forutsetninga var namnemoten. Ikkje så rett fekk populære namnekombinasjonar. For jentene kan det ha vore til dømes Constanse eller Laurentse som mellomnamn. Resultatet kunne då verte at ein fekk minst to Lars Knutsen Østrem. Kom dei frå same gard kunne «den eldre» og «den yngre» bidra til å skilje generasjonane frå kvarandre, men kom dei frå kvar sin gard, så kunne de by på problem.

Steinsgarden har soleis truleg fått namnet sitt kring 1733, Abrahamsgarden kring 1835 og Mattisgarden kring 1824. Eit så stort sprang i tid kan tyde på at gardsnamna kunne variere over tid. Eg vil tru at det var fleire enn Steinsgarden som hadde fått namn på folkemunne i 1733, og slik kan Mattisgarden ha heitt til dømes «Olegarden». Det verkar som om det er markante skikkelsar på dei ulike gardane og truleg også daglegtalen som har vore med på å endre gardsnamna. Det er ikkje sikkert at det var brukarane sjølve som stod for dette. Både Mathias og Abraham var markante karar, og det er neppe tilfeldig at nettopp desse fekk namna sine knytt til garden. Endringar av namna skjedde truleg gradvis ettersom dei gamle «hedersmenn» forsvann gradvis ut av det felles folkeminnet. Soleis har eg vore vand med å seie «Eriksengarden» i staden for Mattisgarden.

Når ein kjem til Larsgardsnamnet, så er det to mogelege kandidatar, Lars Andreassen Engeset (1830-1885) eller frå oldefaren min, Lars Olsen (Emblem) Austrem (1870-1952). Eg vil tru at namnet stammar frå den siste. Han var sonen til «Sjurs-Ole», som var den rikaste i bygda i si samtid. Vidare var Lars omreisande lekmannspredikant i sitt vaksne liv, ofte vald til formann ved både skylddelingar i bygda og andre nedteikna hendelsar som dei rettslege reforhandlingane av utmarksutskiftinga kring 1930. Enkelte har omtala han som ein slags lokal «høvding» i sine velmaktsdagar. Det kan då passe bra at han fekk namnet sitt i forbindelse med bruket han dreiv.

Eigarar

I likheit med Emblem har også Østrem vore eigd av Erkebispestolen i Trondheim. Deretter har ei rekke lokale stormenn, samt Apalset- og Brandal-ætta hatt eigedomsretten. Den siste som bygsla ut garden var Ole J. Knutsen Emlem, også kalla «Sjurs-Ole». Han kjøpte bruket frå postmester Tonning i 1855 og sonen Lars vart siste bygselsmann, før Sjurs-Ole gav garden i gåve til den same sonen i 1899. Lars Olsen Austrem vart soleis den første sjølveigaren på garden, som eg kjenner til.

Brukarane

Eg har også funne ein Oluff pa Østrerrym i jordeboka for perioden 1516 til 1521. Han skulle då betale 3 lod sølv, samt 1 mark og 1 mark « ffor iorde gotz sat» t il erkebispestolen i Trondheim. Her kan det verke som om det var ein brukar og to gardsbruk. Det er i alle fall ein rar måte å skrive opp mark.skylda på dersom der berre var eit. På den tida må. Samstundes skal ein merke seg at Erkebiskopen ikkje åtte heile Østrem. I 1530 hadde han berre 1 mællag, eller omlag 1/14 av heile matrikkelgarden. Det kan soleis ha vore ein brukar til på Østrem, som hadde andre eigarar og difor ikkje vart nemnd i denne jordeboka. Eg har ikkje funne hald for denne påstanden enno, så det vert difor berre spekulasjonar. Det eg derimot veit er at det har vore mange brukarar og eigarar på Østrem i fleire hundre år før 1500-talet. Desse har desverre historien lagt eit slør over. Eg kan heller ikkje seie for sikkert om Oluff sat på den delen som seinare skulle verte Larsgarden eller Mattisgarden.

Den fyrste i Larsgarden, som eg veit namnet på var Eiulf. Han dreiv i alle fall 2/3 av Østrem, medan Erik i Mattisgarden hadde resten. Dette var i 1603. Det kan verka som om Mattisgarden kan ha vore utskilld frå Larsgarden, og ikkje omvendt på grunn av størrelsesforholda, men sidan Larsgarden fekk bruksnummer 2, så kan ikkje dette ha vore tilfelle.

Den neste bruaren som me kjenner namnet på, er bygselsmannen Ole. Han skal hadde vore husmann under Østrem tidlegare. Dette er interresant fordi ein veit at det fanst husmannsplassar på Emblem på 1600-talet, men ikkje kvar dei låg. Skog var der truleg framleis nok av, men det er mogeleg at husmannsplassen kan ha lagt anten nær dei andre tuna, eller at det var ein som såg seg nytte i å rydde seg ein plass der skogen måtte vike utover 1600-talet. Eg kan også tenkje meg at denne husmannsplassen kan ha vorte teken oppatt som tun ved den vidare frådelinga av Abrahamsgarden på byrjinga av 1700-talet, dersom husmannsplassen var nedlagd på den tida. Eg veit desverre ikkje kvar husmannsplassen låg, og eg føler meg heller ikkje så sikker på kvar Larsgarden låg, sjølv om bygdeboka fortel at garden har lege nett der der dei fleste husa ligg no. Det er ikkje usansynleg at dette stemmer, for tenkjer ein seg at Abrahamsgarden låg ein stad mellom Mattisgarden og Larsgarden, så byrjar det å likna på eit klengetun. Ein skal og hugse at ein trong langt fleire gardshus den gong i motsetnad til slik det er no. Ein annan peikepinn er at den gamle postvegen frå byrjinga av 1800-talet går rett gjennom tunet og ofte er slike vegar påverka av tidlegare råser, men dei som stakk vegen kring 1800 fekk ord på seg for å trekke opp rette strekar på kartet utan å tenkja på geografien, og det finst slike eksempel på denne vegen óg. Ein skal heller ikkje gløyme at det i Røysane ovanfor dagens larsgardstun, og vest for dagens Abrahamsgardstun er funne brønn og at der framleis ligg restar av steingardar som ikkje passar inn i dagens inndeling av gardane på Østrem, og truleg heller ikkje slik inndelinga var på andre halvdel av 1800-talet. Nokre av steingardane verkar som om dei er bygd om og andre har fått redusert høgda samstundes som dei går på tvers av dei nyaste. Både aust og vest for «Larsgardsrøysane» har ein funne gamle graver i si tid, men det er desverre ingen som lenger veit kvar Ole hadde husmannsplassen sin.

Bygdeboka gjev også ein interessant opplysning om at Ole kun bygsla halvparten av larsgarden.Det kan anten ha vore økonomiske årsaker, sidan garden var så stor, eller praktiske årsaker dersom Eiulf ynskte å drive delar av garden framleis. Dette var også ei tid med ufred på kontinentet, og som del av Danmark, måtte også norske bønder ta del i finansieringa. Kor mykje ekstraskattar som kom i Emblemsbygda allereie før 1610, har eg ikkje førstehands kjennskap til, men i lensrekneskapet for 1606/07 finn eg at det vart oppretta sak mot Olluff af Østremb for at "hanndt icke wdgaff sin schatt effter Konn". Olluff ville med andre ord ikkje betale skatten, og for dette vart han dømd til å betale bot. I tiende-rekneskapen det same året finn eg at han var husmann på Østrem. Olluff tok anten over husmannsplassen frå Ole, som hadde bygsla Larsgarden dette året, eller så er Olluff og Ole den same. Eg vil tru at det siste er det soom er rett. Det verkar i alle fall som om noko var i gjære sidan Østremsgardane vart oppdelte på denne måten nett no. I tillegg kom det fleire grønår utover 1600-talet som kan ha påverka brukarane etter kvart. Store gardar gav store skattar og omvendt. Kanskje er dette litt av forklaringa på at bruka vart mindre og fleire brukarar dreiv samme bruk. I skattemtrikkelen frå 1647 mot slutten av trettiårskrigen finn me det same. Då er det 4 brukarar på Østrem. Eg veit at Peder og Hans,som står oppført på same linje med 4 mællag er dei to som delte på Mattisgarden. Oluff med 4 1/2 mællag er Ole, men der er ein som heitter Arnne også. Frå tidlegare veit me at Larsgarden hadde ein størrelse på 2/3 av Østrem. Her er den langt mindre. Arnne skatta av 4 1/2 mællag han óg. Truleg er dette starten på frådelinga av det som skulle verte Abrahamsgarden frå 1712. Kanskje var dette «husmannsplassen» som tidlegare vart nemnd, eller så har Larsgarden i praksis vorte delt allereie. Hadde det vore av meir praktisk art, så hadde dei truleg stått på same linje slik som dei to i Mattisgarden.

Den tredje bygselsmannen i Larsgarden var Ole Olsen Østrem (f. ca. 1595), sonen til den første Ole som bygsla kring 1606. I følge bygdebokforfattaren var Ole brukar til 1670 og vi finn han att i 1658 då han skatta for hest og 6 kyr. Etter Ole Olsen Østrem kan det verke som om det vart skifte av familie som dreiv garden. Det verkar i alle fall slik, for Erik Larsen (ca. 1630-1719) heitte Larsen til etternamn, og var truleg sonen til Lars Eriksen i Tykjegarden. Lars var neppe i slekt med Erik i Mattisgarden sidan faren hans dreiv på Røssevollen samstundes. Erik kan ha vore omlag 40 år når han kom og tok over kring 1670. Eg synest kanskje at det var litt seint dersom Ole før han vart fødd kring 1595. Erik tok i alle fall ikkje over før etter 1658.

Arne Eriksen (1670-1723) som var brukar frå 1698 til 1723 var sonen til Erik Larsen.Skiftebuet etter han syner at han var ein driftig kar. Det er nemnd at han hadde 140 rdl og gjeld på 63rdl. Av buskap finn vi at han hadde hest, 9 kyr, 2 kviger, 2 kalvar, 11 geiter og 6 sauer. Arne hadde også heile to færingar og part i seksring. Han brende tjøre og laga tønner for sal. Han hadde fleire bøker med kristeleg innhald og det var ikkje så vanleg den gongen. 9 kyr er óg temmeleg mykje for dåtidas sjølvbergingsbruk og han etterlet seg mykje kipperverkty. Part i seksring kan tyde på at han anten var med i notlag, eller at han deltok på utrorsfisket og var kanskje heilt ut på Storegga óg.

Arne vart gift to gongar. Den første gongen var han gift med Mette Jonsdotter som døydde i 1712. Truleg var det på grunn av komplikasjonar i forbindelse med fødselen det året Den andre kona hans heitte Eli Nilsdotter Brusdal. (d. 1765). Då Arne døydde i 1723 gifte ho seg oppatt med Peder Larsen (1700-1777) Peder dreiv ikkje Larsgarden særleg lenge. Han tok over i 1724, men allereie seks år etterpå hadde dei flytta på seg og kort tid etter tok dei over husmannsplassen på Vegsundrabben i staden. Flyttinga har truleg hatt anten økonomiske eller praktiske motiv, for etter kvart vart Vegsundrabben delt i to plassar. Det fine var at leiga vart halvert, men det same vart inntekta også. Arne satsa kanskje meir på fiske enn gardsbruk. Stedottera Mette Arnesdotter Østrem (f. 1712) var også med på flyttelasset. Ho gifte seg med brukaren av den andre husmannsplassen som vart oppretta på Vegsundrabben.

Etter Peder Kom Rasmus Pålsen (d. 1772) og bygsla i 1730. Anna enn at han dreiv bruket som bygselsmann til omlag 1760 og var gift med Anne Pedersdotter veit me ikkje. Kvar dei kom frå er også usikkert, men det er ikkje heilt umogeleg at Anne kan vera dottera til den tidlegare nemnde Peder som no sat på Vegsundrabben.

Det er ikkje så lett å finne så mange opplysningar om alle brukarane, men ein finn at det gjekk bra med Ole Ingebrigtsen Flisnes (1733-1804). Han hadde jamvel to tenarar. Likevel gjekk det ikkje så bra for sonen hans, Rasmus Olsen (1768-1808) som var brukar frå 1791 og til han døydde. Dette var ikkje nokon god periode for gardsdrift. Napoleonskrigane starta i 1800 i Europa og her var Danmark/Norge på Napoleons side. I 1807 kom Norge for alvor med i krigen og samme året stengde Engelske skip dei norske hamnene og hindra innføring av mellom anna livsviktig korn. Poteta hadde enno ikkje vorte allemannseige og det vart etter kvart hungersnød fleire stader i landet. Eg vil tru at dette fekk så stor betydning for Rasmus også. Det finst historier lik «Terje Vigen» frå både Hjørundfjorden og Sykkylven og det var blokade ved kysten på Sunnmøre også. I den eine fortellinga vart bøndene blitt stogga og fråtatt kornet, som dei hadde rodd heilt til Danmark etter; nærmast opp i eiga båtstø i Hjørundfjorden. Attpå kom det kjølegare klima og uår i landbruket. Desse forholda kan ha hatt ei betydning når gjelda hans vaks kraftig. Normalt ville fisket bidrege til å halde den værste svolten frå døra om det vart uår. Problemet var at det vart nokre uår i fiskeria også. Det er ikkje så lett å fastslå kvifor, men Rasmus skyldte pengar «over alt» då han døydde. Ein av kreditorane var handelsmenn i Bergen, og noko må ha gått veldig gale for han. Desse handelsmennene kan ha samanheng med kjøp av rådyrt såkorn under handelblokaden før 1808. Dei andre kreditorane var tjenestefolket på garden og jordeigaren. Verdien i buet var kun på 84 Riksdalar, medan gjelda var på 208.

Det tok fleire år før enka etter Rasmus, Mette Halvarsdotter Giskeøygard (f. 1770) vart gift opp att. Så myke gjeld var neppe freistande, men dette må ha vore ei usedvanlig kvinne. Kanskje fekk ho hjelp frå familien sin på Giske, men likevel måtte ho drive Larsgarden åleine og som falitt, heilt til ho gifte seg om att tre år seinare med Bottolv Anderson frå Holset. Han dreiv garden på bygsel frå 1811 til 1814. Då tok dei kår hos Ole Olsen Solavåg

Borgundboka gjev nokre opplysningar om gardshusa på 1800-talet, men dei er truleg ikkje komplette. Som bygselsmann åtte ein dei husa som ein sjølv hadde sett opp og dei kunne flyttast eller selgast dersom ein flytta frå garden. Det kan dermed ha vore ein del endringar i utforminga av Larsgarden i det gamle klengetunet på Østrem. I 1835 vart det halde takst på garden. Ole Olsen Solavåg (1770-1833) og Pernille Knutsdotter (ca. 1770-1837) hadde då ei røykstove, ei mindre stove (kårbustad?) som begge var i god stand. I tillegg hadde dei tømmerstabbur, sauefjøs, tømmerfjøs, løe, høyskjul og naust. Sel er ikkje nemnd, men det var nok eit på garden i tillegg til kvern og kanskje også eldhus. Det er mogeleg at dei bygningane som ikkje er nemnd tilhøyrar den forrige brukaren eller eigaren som Ole hadde bygsla frå. Det vart etter kvart temmeleg sto drift i Ole sine dagar. Dei hadde hest, 10 kyr og 20 sauder. Avlinga var på 3 tønner havre, 1 tønne bygg, 1/1 tønne blandkorn og 3-4 tønner potet. Den samla taksten var på 300 Speciedalar.

Sjølv om husa var i god stand i 1835, så valde sonen Knut Olsen (f. 1812) å sette opp eia stovebygning med gang, kjøkken og loft. Han hadde dessutan bygd seg nytt stabbur og nytt sel og naust saman med svigersonen. Eg veit ikkje når han bygde dei men dei er i alle fall nemnde i pantobligasjonar og eksekusjonsforretning i 1861. Han klarte med andre ord ikkje å halde forpliktelsane sine til Ole Knutsen Emblem («Sjurs-Ole») i Sjursgarden, men fekk fortsatt drive garden i to år til før svigersonen Lars Andreassen Engeset (1830-1885) bygsla garden i 1863.

Lars var gift med Karoline Knutsdotter (f. ca. 1832) og dei sleit nok med å få endane til å møtast. I 1875 vart det på nytt halde eksekusjonsforretning i Larsgarden. Dei skulda O. E. Devold 377spd. og då er ikkje gardshusa oppført som i Lars eige med unntak av færingsnaustet og det halve selet. Truleg er desse bygga dei same som vart nemnd i 1861. I tillegg er det no nemnd ei kvenn. Sjurs-Ole hadde kjøpt Larsgarden allereie i 1855 og det er mogeleg at han kjøpte gardshusa til både Knut (på auksjonen i 1861) og Lars (i 1875). Færingnaustet står der i alle fall enno med grind-konstruksjonen og austveggen inntakt, slik den var bygd i si tid. Resten er stort sett bytt ut så seint som etter orkanen i 1992. Om dette stemmer så er det forklaringa på at Lars ikkje eigde særleg mykje. Fleire av reiskapane som vert nemnd i 1875 finn ein også på garden den dag i dag og det styrkar teorien, for det ville vere vanskeleg for Lars å halde bygselskontrakta. Husa som Ole no åtte vart kanskje ein del av bygselskontrakta. O. E. Devold fekk også rett på avlinga på garden i 5 år og då må det ha vore vanskeleg, når dei stod i gjeld frå før av.

Fiske må ha vore del av berginga for familien og truleg har Sjurs-Ole hjelpt dei eit stykke på vegen. Når Lars døde i 1885, tok Karoline seg av drifta på garden og dreiv den i 9 år fram til Lars Olsen Emblem, sonen til Sjurs-Ole, bygsla garden i 1894. Karoline var då kring 62 år. Lars Olsen tok namnet Austrem (ikkje Østrem) og fekk seinare overdrege garden frå faren i 1899. Kanskje var dette farsarv eller sein bryllaupsgåve, for faren var ein velhalden mann. Karoline vert ikkje nemnd i bygdeboka som kårenke eller på annan måte enn at ho dreiv garden etter Lars var død. Dette er ikkje så vanleg og det er også litt rart at ho ikkje gifte seg opp att. Karoline har truleg slitt med å klare seg og det er truleg henne som ein finn i 1910-tellinga i Ålesund i Storgata 24. Ho bur der saman med dottera Ragnhild Eline og livbergar seg av «fiskearbeide», medan dottera er «skredderpike» og ugift 50 åring. Me finn dei også i 1900. Då leigde dei rom i Grimmergata 1. Karoline er då registret som «Arbeiderske, bryggarbeide,Fiskeforretning» medan dottera er «syerske». Det er mogeleg at ho ikkje vart så godt giftermål utan jord, eller medgift.

Kva var det så som gjorde det heile så vanskeleg for dei siste bygselsmennene på Østrem. Eg finn ikkje nokon god forklaring på dette. Abrahamsgarden og Steinsgarden vart riktig nok skild frå Larsgarden slik at det vart mindre jord å dyrke, men dette hende såpass tidleg på 1700-talet at det ikkje skulle ha noko å seie, for det var fleire som klarte seg godt etterpå. Fiske var alltids ei moglegheit Lars og Karoline hadde minst tre søner og fleire av de var i passande alder til å drive fiske etter 1875. Truleg kan dette ha berga dei i perioden 1875-1880 når Devold skulle ha avlinga.

Det er mogeleg at årsaka er enkel. Rasmus, som var den første som hamna i gjeld, var kanskje ikkje så god med pengar eller gardsdrift. For Lars vart nok problema overført frå svigerfaren. Her var det lite hjelp å hente hjå kårfolket om det var eit dårleg år, og borna var mange og små då gjelda truleg bygde seg opp. Kanskje kan me skimta at problema følgde heile 3 generasjonar om me tek med ugifte Ragnhild. På den andre sida gjekk det bra med eldstebroren Knut, som gifte seg med jordejenta Berte og vart brukar i Steinsgarden på Østrem. Han kjøpte også dette bruket i 1894 etter at eit nytt bruk, Ytrebø (eller «Flydalsgarden» som mange kallar den i våre dagar) vart frådelt.

Lars Olsen Emblem (1870-1952) vart den første sjølveigaren som budde på garden. Han var gripen av vekkingsbølga mot byrjinga av 1900-talet. Etter det eg har høyrt så vart mellom anna «Kinamisjonen» danna i Mattisløa på Østrem og det var kanskje her han vart med. Etterkvart byrja han å reise i distriktet som lekpredikant. Som tidlegare nemnd var Lars ein ruvande skikkelse i si samtid. Rett nok hadde det ikkje starta like bra. Han hadde fått ei dotter utanom ekteskap. Dette var Olivie Elise Larsdotter Emblem som vart fødd i 1895. Mora var frå andre siden av fjorden og heitte Lovise Jensdotter Hovden (1869-1940) frå Hoveden nær Hundeivika. Dei vart ikkje gifte og Lovise vart seinare gift med Fredrik Larsen (1862-1938) i Negarden. Olive vart gift med Ole Nikolai Olsen Folkestad frå Volda.. Kanskje var det skandalen som fekk faren til å utsette gåvebrevet på Larsgarden også. Det vart i alle fall skrive i klartekst av Sjurs-Ole at uekte born ikkje hadde arverett på Larsgarden eter sonen. Det var omlag på denne tida at Lars vart gripen av vekkelsesrøsrsla som nådde bygda på slutten av 1890-åra. I tillegg så må det ha vore kring 1895 at han møtte Karen frå Holmeset. Lars gjekk i alle fall skikkeleg til verks som nyfrelst og lekmann i indremisjonsrørsla. Han tok på seg meir enn eit verv og var også med på å starte søndagskulen i si tid. Kor mykje kontakt han hadde med Lovise og Olivia veit eg ikkje særleg mykje om, men det må ha vore merkeleg for Lovise å bu i den same bygda og høyre predikanten frå Østrem. Han var også med i styre og stell, av enkelte omtala som ein slags «bygdehøvding» med kraftfull røyst og ei evne til å snakke enkelt og kort i preikene sine, slik at folk forstod kva han snakka om. Ved sida av kommunale verv ved utskifting og skylddelingar kring 1930-åra, tok han også på seg kunngjeringsoppdrag på sine predikantreiser utanom gards-onnene. Det har vorte fortalt at det var han som fortalte at Magerholmen var til sals, og at det var slik Karl Engeset kom flyttande utover frå Norddalen. Kanskje var det på same måten Thomas Kaldhussæter fekk vite om Hatlebakken også? Når broren og odelsguten og enkemannen i Sjursgarden, Knut Knut Laurits Emblem, døydde i 1917, vart han verge for niesa Agnes på 10 år.

Lars sette opp ny løe og nytt hovedshus, som ein fortsatt kan sjå på garden. Løa var dels bygd av tømmer frå dei tidlegare driftsbygga på garden.Dette tømmeret er godt synleg i "høybrøten" fortsatt. Huset vart bygd av tømmer frå Glomset og det var truleg henta i skogen til "sjursgardslekta" der inne. Det vert fortalt om bygginga at dei kokte i gamlehuset medan det nye vart reist. Då var huset så dårleg at hesten stakk hovudet gjennom veggen for å smake. Historia kan stemme godt over ens med teorien om at Sjurs-Ole kjøpte gardshusa på auksjon. For ein bygselmann eller husmann var det ikkje verdi i å stelle hus som han ikkje åtte sjølv. Problemet var at dersom dei vart haldne i hevd eller utbetra, så steig også verdien og dermed også skattane. Eg tvilar på at Knut, Lars eller Karoline spekulerte i dette bevisst, men økonomien må ha vore skral etter 1861 og dermed hadde dei neppe overskot til meir enn absolutt nødvendig reprasjon. Skogen var fortsatt uthoggen etter skogøydinga på 16- og 1700-talet.

Lars gifte seg altså med Karen Marie Wilhelmine Hansdotter Østrem frå Holmeset i 1896. Saman fekk dei mange born. Olaf var den eldste, men han drukna utanfor Kristiansund på fiske i 1927. Det vert fortalt at han hekta seg fast i garnet og vart med ned. Dei andre borna levde stort sett opp. Klara Larsdotter (1899-1956)  gifte seg med bokhaldaren Peter «Pit» Sigvald Marius Myklebust (1899-1973) i 1924. Dei budde ei tid i Ålesund, før dei flytta vidare til Bergen, der Pit arbeidde som disponent for Arbeideravisa. I 1901 vart Astrid Nora fødd. Ho gifte seg med den tidlegare fotballspelaren for Ålesund fotballklubb, Lauritz Strømmen. I 1903 kom Henny Katinka (1903-1970) til verda. Ho gifte seg med Knut Hollevik (1900-1987). Året etter, i 1904, vart det fødd ei som heitte Lida, men ho døydde to år gamal. I 1907 vart ei ny jente fødd og fekk det same namnet. Lida Kamilla (1907-1991) levde opp og gifta seg med Petter Kaldhussæter (1907-1986) på garden Hatlebakken i Emblemsbygda. Kaspara Leonarda (1909-1976) gifta seg med Harald Herman Barstad (1908-1962). Dei busette seg i Ålesund, der den eine sonen, "Lille-Harald" framleis bur. Harald skal ha hatt ein mekanisk verkstad i nærleiken av "Brooklynbrua". Herborg Lid (1911-1993) gifta seg med naboguten Mauritz Jostein Akslen i Hølå. Hans var «attpåklatten» og den som tok over garden.

Hans Larsen Østrem (1915-66) tok over garden etter faren. Han var den yngste i den store syskenflokken, og den første med landbruksutdanning. Då broren, Olaf døydde i 1927, var det ikkje fleire odelsgutar enn Hans. Det vert fortalt at Marka Hans lo godt av dei nye ideane til "jyplingen" i Larsgarden. strengehøgda på hesene vart redusert og staurane satt ned i bakken i sikk-sakk mønster i staden for rette linjer. Hans brukte heller ikkje støtter ("skurer") og det var venta at det heile skulle dette når den neste vindkula kom. Hans hadde dessutan redusert lengda på hesene og sett dei i nord-sør retning. Marka-Hans vart likevel svar skyldig for larsgardshesa stod støtt i motsetning til mange av dei andre. I Hans tid var det ikkje nok å leva av garden åleine. Torget vart nytta hyppig i bær-sesongen og han fekk seg arbeid i kommuna, slik som dei fleste andre i bygda. Ei tid jobba han nattskift på Røssevolldemninga og dreiv garden på dagtid. Han gifta seg med Aslaug Petrine Magerholm (1920-2002) frå Spjelkavika, men med besteforeldre både på Ystebøen og i Magerholmvika. Dei gifta seg i 1940 og fekk skøyte på garden i 1945, men var kjærestar allereie i 1937, når Aslaug var siste budeie i Ystebøselet på den gamle Emblemsetra. Det vart spøkt med at det var Hans som laga «Breiskaret» på sine uttalige turar opp til setra den sommaren.

Dagens brukar i Larsgarden er Olav Østrem (f.1942), som er tredje slektsledd i Sjursgardslekta på Østrem. Han er nest eldst i søskenflokken som består av Karen Marie Østrem (f. 1941), Per Kåre (f.1943) og Liv (g. Brevik) Østrem (f.1948). Garden vart attåtnæring med lita eller inga inntekt. Olav Arbeidde heile si yrkesaktive karriære på Pla-ma, som var ei systerbedrift av Porolon a/s, og grunnlagt av Laurits Sunde frå Spjelkavika. Garden er no nedlagd.

Arkeologiske funn

Det er lita tvil om at Østrem er ein gamal gard, og truleg frå før vikingtida. Ein har mellom anna funne gjenstandar frå 800 e. kr. I mannsgrava låg det sverd, eit uvanleg stort spyd, fil, saks, smisté, skiferbryne og ein tverifla bronsering. Sverdet var frå karolinertida og Fransk. Smistéet var lite og truleg berekna på finarbeid. Funnet er frå 1877. Arkeolog Per Fett gav ut eit hefte frå 1950-talet med arkeologiske registreingar frå Borgund og Østrem. Det er ikkje gjort noko liknande registrering sidan, så dette er det me har å halde oss til framleis. Knut Larsen Østrem (1856-1947) i Steinsgarden (opprinneleg frå Larsgarden) fortalde i si tid at Kornelius Østrem fann mellom anna eit sverd og eit spjut i ei røys «oppe ved dei gamle tuna». Kornelius kom truleg frå Steinsgarden og bur i Ålesund i 1910. Kva han meinte med «dei gamle tuna» er eg ikkje sikker på. Knut var frå Steinsgarden og ein kan tenkje seg at dei snakka om noko som låg ovanfor deira eige tun. Det er mogeleg at Steinsgarden kan ha lege ein litt annan stad tidlegare, men røysane vert også nemnd og den plassen som har dette namnet i dag, og ligg vestanfor gardstunet i Abrahamsgarden. Utskiftingskartet frå 1904 syner dei beste jordstykka og dette området er ikkje del av dette, men det kan verke som om slåttemarkene ligg dels ikring denne staden. Området vert kalla «røysane» utan at det er noko steinrøys der frå naturens side, men det finst nokre steingardar der og nokre underlege steinar som ikkje passar med innmarksutskiftinga frå 1904. Dagens brukar har og sett noko som kan likna på innskripsjonar på dei mosegrodde steinane. Det er ikkje det så rart at nokre gamle Steingardar er bevart frå tida før 1904, men Lida Østrem (g. Kaldhussæter) fortalde ein gong at faren Lars Olsen Emlem (som tok namnet Austrem) (1870-1952) hadde sett foten ned og nekta døtrene å ta seg ut dette området som tomt i forbindelse med arv. Det skulle ikkje byggast noko ved Røysane. Det er truleg at det var her vikinggrava vart funne av Kornelius, og at det var snakk om ei eller fleire gravrøyser som hadde gitt staden namn. Bornebornet Olav Østrem som er dagens brukar fortel at det vart funne ei vikinggrav like vest for staden under grøftingsarbeid då han var gutonge. Han såg sjølv grava med restar av ty og våpen like etter at Konrad Østrem hadde funne henne. Grava låg på Mattisgarden sitt stykke og Konrad vart leigd inn av brukaren, Fredrik Østrem. Meininga var å drenere og forbereie potetåker der. Då han fekk sjå funnet sa han at det skulle dekkast til igjen, ellers ville det ikkje verte nokon potetåker. Grava låg djupt og det er mogeleg at det finst fleire slike graver i nærleiken som ikkje har vorte øydelagde av oppdyrking, oksygen eller plogen. Det er også funne ein interessant kisteforma stein oppe i den delen av røysene som tilhøyar Larsgarden sommaren 2013 og den gong eg var liten var der nokre eigedommeleg utforma steinar som kunne minne om eit slags hov eller alter der.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE