HUSMENN OG BYGSELSMENN PÅ EMBLEM KRING 1865

I tida frå 1801 til 1865 skjer det ei endring i bygda vår. I 1801 var det berre 30 registrerte bruk og plassebruk, medan talet i 1865 har auka til 44, ei auke på nær 50%. Årsaka til denne auken er samansatt, men eg vil likevel forsøke å gripe fatt i nokre hovudtendensar. Eg føreset at dei fleste gardane er ny-rydda, sjølv om det er ei mogleg at nokre av desse kan ha eksistert som små husmannsplassar allereie i 1801, utan å vere registrerte i den store folketellinga. I Borgundboka skriv Ragnar Øverlid at ein av plasshensyn har hatt ei nedre begrensing for kva som er tatt med. Dette har først og fremst påverknad for nyare frådelte tomter med eineboligar, men særs små plassar og einskilde fiskarstover, der leigaren ikkje har hatt nokon jord, kan og ha vorte ramma av denne beskjeringa. Men sidan dette har vore ei såpass omfattande folketlling så er det likevel grunn til å tru at opplysningane for det meste er korrekte for åra 1801 og 1865 i alle fall.

Ein av stadene der plassebruka veks kraftigst i antal, er på Magerholm. Klaus Olsen Emlem (1820-1907) er den einaste sjølveigaren der i 1865. Han gifte seg med Olave Jetmundsdotter Hjorthol (1816-1870), frå Sykkylven, som hadde fått garden i arv etter sin første mann i 1845. Klaus og Olave var velhaldne folk og dei åtte fleire gardar i bygda. Dei hadde 7 husmenn, samt ein bygselsmann under seg i 1865. Dette inkluderte Daleplassen i Magerholmdalen, og 4 andre husmannsplassar med namnet Magerholmvig. Tre av desse plassane veit ein ikkje med sikkerheit kvar dei har lagt, men Borgundboka fortel om anna busetnad på Magerholm nesten heilt nede ved sjøkanten. Kring 1850-åra skal det også ha vore eit hus på sjølve holmen, der farande folk kunne overnatte.

Ein skal ikkje gløyma at Magerholm var eit knutepunkt, den gongen som no, med moglegheit for båtskyss, og truleg også hesteskyss frå kring 1809, når postvegen stod ferdig med endepunkt her. Frå Mageholm kunne ein ro mot Solnør, sjølv om hovudruta skulle gå forbi Skodje mot Borgund. Dei som kom roande inne frå fjordane valde nok også å drage båtane over Dragsundet og fortsette ut mot Ellingsøyfjorden, for Flisfjorden kunne vera verhard. Men Storfjorden var likevel raskare. Postkarlane kunne likevel velje denne raskaste vegen, om dei var seint ute eller det låg is i Dragsundet. Når Magerholmvegen stod ferdig fekk den hovudvegstatus. Det likte bøndene i bygda særs dårleg. Slik status medførte meir pliktarbeid på vegen når den skulle vera i stand for post og skyss heile året. Få år etter valde likevel vegmeisteren å bygge ein ny hovudveg gjennom Brusdalen, sjølv om stykket frå Magerholm til Solnør var mykje kortare. Årsaka var at bøndene i Borgund gjorde så dårleg vedlikehald. Ein skal ikkje sjå bort frå at dette var målet til bøndene også, og i så fall fekk dei det akkurat slik dei yngste, for på den tida var vogn og hesteskyss kun for dei «velkondisjonerte», medan bøndene brukte hesteslede eller kløv i staden.

Folketalet steig i heile landet utover 1800-talet. Denne auken inkluderte også Romsdals Amt, som Sunnmøre var ein del av. Frå 1835 til 1920 vart folketalet i Romsdals Amt meir enn fordobla. Historikaren Tore Pryser peikar på stadig lågare dødstal og færre barnedødsfall utover 1800-talet som ei del-årsak. Innføring av potetdyrking og færre krigar førte også til mindre hungersnaud etter 1820. Emigrering til USA var enno ikkje noko stort tema på Sunnmøre, og for Emblemsbygda sin del så har eg ikkje funne emigrantar i det heile. Flytting til bystrok frå bygda var det heller ikkje særleg mykje av. Eit raskt søk i digitalarkivet sin base syner at det i 1865 er kun 9 menneskje med namnet Emblem/Emlem i Ålesund. Desse er igjen fordelt på kun to familiar. Eg finn ei Oline Eiriksdotter som kjem frå Østrem, og som gifte seg med fiskaren Lars Larsen Hellevig, som sjølv var innflytar med fødestad i Ørskog Prestegjeld. Vidare finn eg kun to med Magerholm til etternamn. Den eine var smeddreng og den andre var tjenestejente. Begge kom frå Pe-Haugen. Sophie på 20 og Ole på 18 år var dessutan begge born av Anders Akselsen (1816-1879). Det var Anders som i si tid skal ha dreve overnattingstaden på sjølve holmen.

Desse funna kan tyde på at emblemarane flytte lite på seg, og at folketalet vaks av den grunn. Men det ein ikkje må gløyme er at dette var ei tid då ein skifte etternamn når ein flytta, eller gifte seg med ein gardagut eller jordajente. Denne namnebyttinga gjaldt gutane også, og kan bidra til å skape ei viss forvirring for den som forsøker å granske slektsledda sine. Eit eksempel på dette er Os-Nikolay som i bygdeboka er omtala som Nikolay Blakstad. Årsaka til dette namnet var at han skifte etternamn når han gifta seg på Blakstad i Sykkylven. Det som ikkje vert nemnd er at han er fødd og oppvaksen i Mattisgarden på Østrem. Min oldefar og tippoldefar gjorde det same. Lars Olsen Emlem fekk Larsgarden på Østrem i gåve av far sin. Han endra deretter namnet sitt til Østrem, og tidvis brukte han namnet Austrem også. Borgundboka er ei tidvis skral kjelde fordi ho oppgjev kvar tilflyttande folk kom frå på ein uklar måte. I tilfellet med Os-Nikolay burde det gå klarare fram at han kom frå Østrem opphaveleg, men bygdeboka tek heller ikkje med søsken av brukarane utan at det er ei svært spesiell historie knytta til dei.

I 1801-tellinga har dei fleste familiane i bygda minst 2 born eller meir. Dei fleste brukarane er under 50 år, og enno fleire er kring 40. På Østremsreiten har dei berre eit born i denne tellinga men husbonden er kun 28 år. I våre dagar høyrest kanskje ikkje dette så ungt ut, men mange var kring 30 før dei hadde råd til å finne seg ein husmannsplass eller gard. Det verkar som om antall born også er påverka av økonomisk situasjon og at dei med meir enn tre born hadde ofte betre økonomi.

I 1865 er fleire av brukarane og husmennene yngre enn i 1801 og med nokre få unntak inne på Magerholm, så har kvar familie fleire born uavhengig av om dei er husmennn eller betre stilte, reint økonomisk. Eg finn ikkje noko hald for at fleire born veks opp, men funna tyder på at det er ein god del som gifte seg til gardar utanfor Emblemsbygda skifta etternamn slik at dei er vansklegare å spore i ettertid.

Ein finn ein god del fleire sølveigarar i bygda i 1865. Dei fleste er fortsatt oppført som «husmenn med jord» eller «Gaardbruker og leilænding», men no er det 14 sjølveigande bønder. I 1801 er det kun 4-5 som er nemnd som «bonde og gaardbruger», medan dei andre står oppført som «gaardbeboer», husmenn eller vilkårsfolk. Ingen av disse eigde bruka sine sjølve. Ein kan tru at ein som er nemnd som bonde og gaardbruger sat bedre i det enn en gaardbeboer, og det kan nok hende, men dei var likevel begge leigetakar.

Eg nemnde tidlegare Magerholmen som eit eksempel der gardbrukaren, Klaus, åtte sin eigen gard i 1865. Dette er også det bruket som har flest husmenn, og det kan synest å vera ein samnheng mellom sjølveigde bruk og husmannsplassar. Det kan vere grunn til å tru at behovet for gardsbruk vaks i takt med befolkningsveksten. For sølveigaren kan det nok ha vore freistande å leige ut utmarka si på denne måten. For det første fekk han ei gratis oppdyrking og for det andre så kunne han få onnehjelp og leigeinntekter. Husmannsplassen kunne seinare leggast inn att under hovudbruket eller selgast for ein betre pris. Talet på husmenn uten jord, innerster og legdlemmer som trong hjelp til å overleve vaks også utover 1800-talet, men dette er ikkje like synleg i Emblemsbygda, for her var det fortsatt plass til fleire husmannsplassar i 1865, og mange av dagens bruk vart rydda nettopp i perioden 1800-1890. Gardane vart mindre og fleire behøvde ei attåtnæring ved sidan av garden og fisket. Kring 1900 finn me fleire som sper på inntekta som skomakar, syerske, bygningsmann og liknande, men opplysningane om slike inntektskjelder er ikkje like lette å finne i 1865. På denne tida har ein ikkje byrja å dyrka opp heimebøane til meir rasjonell drift med mellom anna slåmaskin, sjølv om den gamle teigblandinga på innmarka allereie var avskaffa ved utskifting på nokre av gardane i bygda. Ein kan kanskje tru at utbreiinga av eventuelle ekstrainntekter utenom fisket var heller lite utbreidd før slutten av 1800-talet og at dette er del av eit forklaringsgrunnlag for kvifor fleire gardar i bygda byrja å gå fallitt i 1860- og 70 åra. Enkelte av brukarane sat og på bygsla gard med stor borneflokk og kårfolk som levde stadig lengre med særkilde kårrettar attåt.

Det finst også nokre unntak, og Ole Martinus Knutsen (1803-80) på plassebruket Paraten på Magerholm er ein av desse. Han var gift med dotter til eigaren på hovudbruket, Halvor Pedersen Morken frå Sogn. Halvor var ein velhalden mann og åtte fleire gardar på Sunnmøre. I 1843 skøytte han Magerholm til sonen Torkild Halvorsen (d. 1845) Dottera, Kirsti, måtte då finne seg ein annan stad. Ho var heldig og fekk lov til å rydda seg ein husmannsplass saman med mannen Ole Martinus, som vart kalla «Parat-Ole», på folkemunne. Men sjølv om Kirsti og Ole var husmannsfolk så var dei ikkje dårleg stilt likevel. Dei eigde Magerholmvik og Furset på Stranda etter far til Kirsti, så dei var både eigarar og plassefolk samstundes. Det er også verdt å nemna at dei fekk 13 born. I Magerholmvika derimot klarte dei tre plassemennene aldri å brødfø seg og sine kring 1865. Dei har vore heilt avhengig av fiske, attåt-arbeid for andre, handverk og sidan arbeid på kalkverket som reiste seg nede ved sjøen i 1867.

Potetdyrkinga var ei revolusjonerande endring på 1800-talet. Prestane nytta preikeestolen til å tale varmt for poteta og prestegardane gjekk føre som gode eksempel. I 1865 dyrkar samtlege bønder og plassemenn omlag like mykje potet som korn i Emblemsbygda. Poteta var meir hardfør og takla betre dårlegare vekstvilkår. Dermed vart det stadig færre uår som kunne føre til hungersnaud dersom både kornhausten og fisket slo feil. Frå kring midten av 1600-talet og mot midten av 1800-talet var det fleire periodar med kaldare vintrar med mykje nedbør. Når vår og haust var kaldare enn normalen tidlegare, så vart også veksttida til avlingane kortare. Ein kan sjå at gardar som tidlegare har vore omtala som gode korngardar vel å satse meir på poteta i staden.

Fleire av dei nye plassane som vart oppretta i bygda kring 1840-1880 vart rydda av slektningar åt bygselsmenn eller plassemenn i bygda. Krissenplassen, Pe-Haugen, Stigeplassen, Stigen, Vestly og ei rekke andre er oppretta på denne måten. Andre plassebruk kan knyttast til tidlegare tjenestefolk på hovudbruka, medan nokre få husmannsplassar ikkje passar inn i slike kategoriar i det heile tatt Sidan husmannsplasane var små, så kunne som regel ikkje plassemennene hjelpa slektningar med husrom eller livsopphald om dei behøvde det. Sidan folketalet vaks, så har nok talet på dei som hadde behov for støtte frå fattigkassa via legdsordningar også auka. Her er det litt vanskelegare å få oversikt over antallet, for fleire av dei som vart registrerte i bygda vår, kom frå andre stadar i distriktet. Det kan tyda på at legdslemmar kan ha vorte flytt ikring utanfor deira eiga heimbygd. Truleg kan dei ha hatt tilhald i fjøsen saman med dyra og dei øvrige tenarane, slik som det er beskrive ellers i amtet.

Det var truleg ein viss forskjell på born av husmenn og born av dei som var likare stilte. Sidan såpass mange av husmannsplassane var så små, så må fiske ha vore særs viktig. Fiskesesongen omfatta store delar av året mellom dei store onnene. I desse periodane har kona vore den eigentlege husmannen og tatt seg av borna, dyra og husa åleine. Borna måtte tidleg lære seg å bidra i gardsdrifta og det kan nok ha vore harde tak for enkelte. Husmannsborna har truleg vorte sendt heimanfrå og ut i teneste ganske tidleg. I dei gamle skuleprotokollane på Emblem finn me mellom anna prov for at jentungar heilt ned i 8 års alderen har blitt tatt ut av skulen for å få seg arbeid. Ungane til dei meir velbeslåtte har nok i mange tilfeller hatt mogelegheit til å bu heime heilt til dei gifte seg.

I tida fram mot 1900 vart dei fleste humannsplassane utskild som eigne bruk og kjøpt av plassemennene. Dei bygsla gardsbruka vart også seld til brukarane og nye jordlappar vart delt opp og skild frå dei opphavelege gardane. Steinsgarden er eit slikt eksempel. Iver Karlson Furset (1851-1942) kjøpte Steinsgarden, og delte frå eit stykke til ein ny gard som fekk namnet Ytrebø. Året etter selde han Steinsgarden til Knut Larsen Østrem (1856-1947) frå Larsgarden. Ytrebø selde han seinare til svigersonen Lars Petersen Flydal i 1909. Frå 1900 var det stort sett på Magerholm ein fann husmannsfolk. Ellers så var det kun Magnusplassen på Emblem, Ludviksplassen i Emblemsvågen og Vestrem på Østrem (kalla Nydal i 1900-tellinga). Dei siste husmannsplassane vart enten nedlagt eller kjøpt av brukarane før 1940.

Mot slutten av 1800-talet hadde også oppdyrkinga og overgang til bruk av hestemaskiner endra både gardsdrifta og inntektene radikalt. I ettertid har ein kalla denne tida for det store hamskiftet og bruka endra driftsform frå sjølvberging til kjøtproduksjon og pengehushaldning. Meir rasjonell drift, og etter kvart meir forståelse for effekten av god gjødsling og bruk av kunstgjødsel gav betre utkomme. Det vart med andre ord lettare å livberga seg og fleire måtar å tjene til livets opphald. Fleire i Emblemsbygda fekk seg jobb i industribedrifter i Borgund og særlig i Spjelkavika etter kvart. Småindustrien blomstra i byrjinga av 1900-talet. Husmannsvesenet var ein måte å livberga seg på som ei følge av auka folketal i Emblemsbygda, og Amtet forøvrig, utover 1800-talet. Samfunnsendringar, industrialisering og moglegheit til å få seg periodisk arbeid på sjøen eller i USA bidrog til at folketalsauka ikkje var like kritisk for livbergingsevna til emblemsbygdarane. Kvinnene fekk også nye typar arbeid som «butikkjomfru», meierske, fabrikkarbeidar. Behovet for bornepass vart større og frå kring 1900 vert fleire born oppført som «pleiebarn» hos slekt eller besteforeldre slik som på Daleplassen og i Mattisgarden på Østrem. I dag er det lettare å få hjelp til pass av borna og det er knapt nokon gardsbruk i drift i bygda vår i det heile. Vi er ikkje lenger avhengig av å dyrke jorda eller å leiga oss ein husmannsplas for å overleve.

Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.