Gamle Emlemseter

Budeier på veg mot bygda med mjølk frå Gamle Emblemseter. F.v.: Ukjend, Lovise Emblem (f. Akslen), Lina Aasen?, Lisa Emblemsvåg. Takk til Kristoffer Emblem for hjelp med namn.

Vestsida av Ystebøselet vinteren 1962. F.v.: Roger Magerholm, Stein Liaklev og Arne Liaklev. Arne er for mange kjent som vår mangeårige butikkbestyrer på S-laget i bygda. Takk til Nils Kristian Magerholm som hadde namna.

Sørsida av Ystebøselet i 1955

Nordsida av Ystebøselet i 1958

Omlag slik såg Ystebøselet ut i 1937 då farmora mi, Aslaug Magerholm (seinare g. Østrem) gjekk på setra for sine besteforeldre på Ystebøen. Fargane er kun nytta for å dele dei ulike interiørdelane frå kvarandre. Peter og Antonette Emblem kom til Spjelkavika med hest og vogn for å køyre henne til seters med alt ho trong for sommaren. Det heldt visst på å gå gale, for ved Lillevatnet vart hesten skremd av noko og ville kaste seg uti. Det gjekk heldigvis bra. Det er Aslaug som fortalde meg korleis det såg ut og kontrollerte handteikninga etter kvart. Dette er sjølve selet.

Omlag slik såg fjøsen under Ystebøselet ut i 1937 då farmora mi, Aslaug Magerholm (seinare g. Østrem) gjekk på setra for sine besteforeldre på Ystebøen. Fargane er kun nytta for å dele dei ulike interiørdelane frå kvarandre. Det er Aslaug som fortalde meg korleis det såg ut og kontrollerte handteikninga etter kvart.

Eg kom nyleg over eit kart som beskriv seltufta i hellinga mot Kubbane som selet til Garsendhaugen. Ystebøselet er også temmeleg kjend, men kor mange hadde sel på Gamle Emblemsetra og kven hadde dei ulike seltuftene? Eg kan ikkje huske å ha sett nokon samla oversikt. Tala på biletet ligg over nokon av dei synlegaste murtuftene. Er det nokon som veit meir? I ei hefte som elevane på Emblem skule gav ut for nokre år sidan er mellom anna Sjursgard-selet, Knutselet (Emblemsvågen?) og Våganeselet (Emblemsvågen) nemnd. Videre veit ein at "nysetrane" på andre sida av Breiskaret er Skillingsetra og Auresetra. Det kan bety at Skillingen kan ha hatt sel på Gamle Emblemsetra også. Alderen på selet kan tyde på at det opphaveleg kanskje var Ebbeselet. Det er godt mogeleg at Hatlebakken også hadde eit sel i tillegg til Steffågarden og Auregarden, men der var fleire gardar med setrerett. Jakobgarden, Antonesgarden er nokre fleire med sel. Det skulle vore artig å få sett namn på tuftene etterkvart.

I 1885-1889 var det 9 sel på stølen. Kan det vere dei 6 opprinnelege Emblemsbruka og 2-3 sel tilhøyrande Emblemsvågen (Knutgarden, Antonesgarden og kanskje Vågane?)

Begge desse sela har opphaveleg stått på Gamle Emblemseter. I 1907 vart dei visst flytta nærare heimagardane til staden som me i dag kallar Auresetra bak Rotanakken. Nærmast står Negardselet og det raude i bakgrunnen er Aureselet. Sjursgardselet vart også flytta hit den gongen, men det er der berre steinmurane att av. Foto: Svein Ove Østrem

Det seiest at Hatlebakk-selet også stod ei tid på Gamle Emblemseter saman med Skillingsetra og Steffågard-selet. Dei vart flytta på andre sida av Kubbane i 1930-åra når der kom traktorveg frå Østrem til Østremsetra og Akslasetre. Staden heiter i dag Skillingsetra. Auresetra frå 1907 ligg like ved. Foto: Svein Ove Østrem

Setring har lange tradisjonar i Norge. Me veit at ein tok med seg denne driftsforma ved ekspansjonen lenger vest mot Island, Grønland og Færøyane på 800-talet. Det er mogeleg at seterdrifta er like gamal som fedrifta i Norge og at den er ei etterlevning av nomadisk driftsform slik vi kjenner den i mellom anna samisk kultur. Ei seter vart oppretta for å utnytte utmarksbeita som låg for langt frå heimebøen til at ein kunne flytte dyra kvar kveld og morgon. I nokre bygder har ein hatt jamvel to setrar for å utnytta foret høgt til fjells, men det mest vanlege har truleg vore ei seter. I Emblemsbygda har ein nytta enkle sommarfjøsar like ovanfor innmarka. For dei som hadde sel så vart sommerfjøsane truleg nytta kun på vårparten før dyra vart flytta til fjells, Mauritz Akslen fortel at dei slapp først dyra austover mot Brennhaugen på våren, før dei flytta dyra ovanfor utmarksgjerda nedanfor Stornakken. Her var det fjøsar der dyra overnatta nokre netter før jagardagen. Østrem har hatt sine sommarfjøsar like ovanfor gardane i likheit med Emblem som har hatt sine på Legane. Nedregotten har hatt sommerfjøsar ovanfor Larsgarden og Storelva. Nokre stadar i Norge har ein jamvel hatt meir permanente gardshus der huslyden kunne bu heilt fram til foret frå setreslåtten var brukt opp. På vestlandet har det vore meir vanleg å frakte lauvris og høy til gards på vinterføre i staden og etterfylle i høystålet kring påsketider. det er truleg dette som har vore mest vanleg i vår bygd før 1800-talet, men gardane på Emblem har ikkje hatt fjellslått i nyare tid.

Kvar setrane har lege på Emblemsfjellet gjennom tidene, er det vanskeleg å seie i dag. Ekspertar på fauna kan kanskje finna spor etter gamle setrebøar, men eg kjenner ikkje til grundige undersøkelsar av dette på Emblemsfjellet. Det eg veit, er at klimaet byrja å verte kaldare kring 1400-talet og at dei høgast liggande setrane i landet vårt vart lagt ned. Nokre stadar slik som på Herdalsetra i Norddal kommune har dagens seter opphaveleg vore ein gard før 1700. No er ikkje Emblemsfjellet særleg høgt, men stemmer teorien til Karl O. Emblem, så fanst det ein gong ein seterstøl sørvest for Haugstølvatnet (eller Haustølvatnet). Dette vatnet ligg omlag like høgt som Bigtonhytta og litt lenger aust. Karl O. hadde høyrt at denne setra vart flytta inn til Langevatnet fordi huldra var så plagsam. Det er grunn til å tru at denne setra inne ved langevatnet er det som ein i dag kalla Gamle Emblemseter. Bygdeboka nemner at setrane kan ha vore flytta 2-3 gongar før dei vart plassert på dagens setrevollar. Eg kjenner berre til at Emblemsetra har vore flytt så mange gongar.

Me veit at klimaet forverra seg utover 1700-talet og perioden frå omlag 1650 og utover mot 1800-talet har også fått namnet «Den vesle istid». Dette er samme tidsbolk der andre setrar vart flytt og høgtliggjande gardar vart fråflytt. På denne tida var ein særs avhengig av å dyrke korn på gardsbruka. Sjølv om tempraturen ikkje sank så mykje så vart det kaldare vintrar og kortare vekstsessong. Det vart difor behov for å flytta setrane lågare slik at ein kunne halde på dei urgamle tradisjonane med jagardag til setra kring jonsok og nedattaking kring barsok (Bartholomeusmesse) 24. august. Gardsdrifta var mykje meir tidbunden i tidlegare tider med faste gjeremål tilpassa merka på primstaven. Både Mauritz Akslen og Karl O. Emblem beskriv nokre av desse gjeremåla i si beskriving av gardsdrifta i Steffågarden på Emblem og gardsbruket Høla . Dei fortel óg om korleis dei nytta heimbøen og sommarfjøsane fram mot jagardagen her på www.Emblemsbygda.com.Eit anna argument er at gardane ikkje var så oppdyrka som no. Desto tidlegare ein fekk buskapen vekk frå heimebøen, desto meir for kunne ein berge i hus før vinteren.Det var først på slutten av 1800-talet ein byrja å fokusere på mjøkedrift og kjøtproduksjon. Før den tid var det snakk om svelteforing om vinteren. Dyra var ofte så magre at dei knapt kunne stå når dei vart sendt ut på beite. Hjørundfjordbøndene leigde også plass til sine dyr på vinterforing i Emblemsbygda.

Det var ikkje alle som hadde eige seterhus eller setrerett. Det var for det meste husmannfolket som måtte nytta sommarfjøsane heile sommaren. På Gamle Emblemseter var det gardane Ystebøen, Auregarden, Sjursgarden, Steffågarden, Skillingsgarden, Jakobgarden og gardane i Emblemsvågen som helt til. Dei andre gardane i bygda hadde setrar lenger aust. Østrem, Aksla hadde setrar kring Setrevatnet der du framleis finn Østremsetra. Aksla og Reiten hadde sine sel på austsida av vatnet like ved den raude hytta der det i dag vert kalla Huldrestølen. Gamlesetra til Aksla heitte Urdastølen og vart flytta i 1925 dit Akslasetra ligg i dag. Mauritz fortel at sela vart demontert, stokkane merka og så batt dei det heile saman til ein flåte som så vart fløtt til vestenden av vatnet. Stokkane vart deretter enten køyrd med hesteslede og for det meste flytt med handemakt dei resterande 5-600 metrane .Når Reiten flytte sine sel mot Akslasetra er eg ikkje sikker på, men det var truleg av samme årsak og i same periode. Magerholm har si seter i Magerholmdalen og Kåre Magerholm hadde høyrt om ei enda eldre seter nærare Svartevatnet.

Setrevegen til den gamle Emblemsetra gjekk opphaveleg frå Røssevollen, før mange byrja å nytta ei rås som byrja mellom Jakobgarden og Fursetgarden. Ystebøfolket nytta i alle år Røssevollvegen til seters. Råsa var både krokut og smal og det var kvileplass ved Rotanakken, ved Ølkona og oppe i Breiskaret der det óg var ein oppmura kvileplass på det høgste punktet på setreråsa. I tidlegare tider budde budeiene på setra og tok seg av det meste av konserveringa sjølve. Dei ysta ost, syrna mjølk, separerte fløyten, kinna smør og laga åfalringje. Noko av mjølka vart dessutan boren til gards. På slutten av 1800-talet vart det sett i gong bygdemeieri i bygda og då vart det nødvendig å bere all mjølka frå setra kvar morgon. Sidan setrejentene ikkje behøvde å ta seg av mjølkebearbeidinga på setra så var det heller ikkje nødvendig å bli verande der oppe om dagane. Jentene deltok då i gardsarbeidet på dagtid, før dei gjekk til seters til mjølkinga om kvelden. Deretter overnatta dei på setra og mjølka omlag kl. 5 neste morgonen slik at dei rakk å bere mjølka til meieriet så tidleg som mogeleg.

Aslaug P. Østrem (f. Magerholm) var den siste budeia som budde på Gamle Emblemseter i 1937.Ho gjekk på setra for besteforeldra sine på Ystebøen. Så vidt som eg hugsar så fortalde ho at ho reiste til seters med hest og vogn frå foreldra sin heim i Spjelkavika. Raskaste vegen var innover Vasstrandsvegen og oppover mot Langevatnet omlag der vegen opp til demninga går i dag. På vegen vart hesten skremd og heldt på å springje ut i Brusdalsvatnet. Det var truleg besteforeldra som sjølv fekk buskapen til seters. Dei fleste eg har snakka med fortel at det var som om dyra visste vegen og kva som skulle skje. Dei var heller ikkje vanskeleg å få med seg til seters. Vel framme på Setra skulle selet sandskurast, Dei nytta granbar på golva for at det skulle lukte godt og sengehalmen vart erstatta med ny halm. Til slutt skulle reine dukar og tepper på plass. I fjøsen la dei torv i båsane til dyra. Flytting av trekister med mat, klede, reiskap og anna som ein trengde, var mannfolka sitt ansvar. Dei skulle også sørge for brennsel i løpet av sommaren. Setretausene var på mange måtar priviligerte. Ein kjenner til at dei var tidleg ute med å få seg arbeidsty som gode regnfrakkar, arbeidsbukser i denim og til og med tennisko dei siste åra. Dei måtte vera med i slåttonna heime på garden, men dei slapp unna ein del av arbeidet og oppvasken for i halv-sju-tida måtte dei fram på setra att.

Laurdagane fekk setretausene ofte med seg noko ekstra godt på veg til setra. Dei fekk som regel vere på setra heile søndagen og då kunne det verte friarbesøk også. Jentene hadde vaska sela grundig reine på fredagen, pynta seg og kokt festmat som rømmegraut med løfse attåt. Var det mange på besøk så vart setrevollen nytta. Ein av dei ivrigaste friarane sommaren 1937 var Hans Austrem, odelsguten i Larsgarden. Gamlefolket spøkte med at han struk til seters so ofte at han kom til å slite ned heile Breiskaret. Hans og Aslaug vart også gift nokre få år seinare. Laurdagskvelden kunne ungdomane vere oppe heilt til midnatt og ei helg kvar sommar var det setrehelg. Den helga kom det ekstra mykje folk frå både bygda, grannebygdene og kanskje frå Ålesund også. Setrejentene var som regel i konfirmasjonsalderen eller tidvis yngre når dei gjekk på setra. I eldre tider var det truleg ei meir vaksen sjefsbudeie på stølen. Ho hadde hovudansvaret den gong det var ysting og slik var det også på andre stølar i kring. Denne tradisjonen kan ha tatt slutt kring 1890, for det var billegare å leige ungjenter når ein kun skulle bera mjølka til gards.

Om kveldane på den tida det var fleire budeier på stølen, kunne dei samla seg i eit av sela med handarbeid, leika seg på vollen med lyrespel eller gøyme og leite. Kvardagskosten var løfse, brødmat og graut. Dei kunne også plukke bær i ledige stunder. Etter 1850-åra var det mest kyr, men i tidlegare tider var det ein god del geiter også og kanskje ein eller to grisar attpå . Det kunne hende at budeiene på dei ulike setrane for på besøk til kvarandre. Frå Urdastølen til Gamle Emblemseter tok det omlag ein time og det var då mogeleg å låne seg båt og ro Langevatnet på langs.

Dei fekk ikkje like mykje mjølk frå kvar ku den gongen som no. Det mest vanlege på 1930-talet var ca. 4-5 kyr som skulle mjølkast. Når kvar ku gav omlag 3-5 liter med mjølk, vart dette kring 16 liter som skulle berast med handemakt til bygda av dei unge jentene i all slags vér. Dei hadde då eit børatre til å hjelpa seg. Mjølka frå kveld og morgon vart halde frå kvarandre i eigne bytter og dei måtte leggja silarkleda over så det ikkje skulle kome rusk nedi mjølka når dei gjekk. Når jentene starta mjølkinga klokka 5, så var dei ferdige med handmjølkinga og nede i bygda til mjølkebilen (etter 1925) kom klokka 7:30. Eg veit ikkje om dei måtte vera på plass tidlegare den gong ein nytta hestetransport til Dampskipskaia, som vart bygd i 1906, eller når det var bygdemeieri i bygda frå ca 1890-1906. Det eg veit med sikkerheit er at sommarruta med båt passerte Emblem 9:30 i 1920, så det er mindre truleg at setretausene måtte starte fjøsstellet tidlegare enn kl.5. Mauritz Akslen hugsa at det var eigne køyrelag, den gong han setra som unggut. Plassemennene måtte drage fram mjølka for eiga hand. Mauritz var ein av dei svært få gutane som setra. Eg veit ritig nok om ein i Magerholmdalen óg men det var spesielt.

Hausten 1937 vart det slutt på setringa på Gamle Emblemseter. Ystebøselet var då det einaste selet som framleis hadde vorte nytta til setring på stølen. Ystebø-selet vart ståande att åleine til det fall ned ein gong på 1960-talet. Dei andre sela vart flytta ein gong mellom 1929 og 1937 til dei to stølane som i dag heiter Auresetra og Skillingsetra på sørsida av Breiskaret like ovanfor fellesbeitet på Emblemsfjellet. Årsaka til flyttinga var truleg at setervegen vart for lang. Akslafolket hadde samme syn og flytte si seter nærmare setrevegen som vart bygd til Østremsetra. Aksla, Reiten og Østrem delte truleg på utgiftene og arbeidet på vegen frå Grønevollen til den nye Akslasetra. Eg har høyrt at også Emblemsgardane var interesserte i å samarbeide om seterveg, men dei klarte ikkje å verte enige om kvar den skulle gå. Emblemskarane ville naturlig nok byggje vegen omlag der setrevegen deira gjekk, medan karane på Østrem, Reiten og Aksla meinte at det vart for tungvint med ein omveg heilt ut dit når det var kortare å betre med veg opp Grønevollen. Emblemskarane bygde ikkje nokon alternativ veg på eiga hand, men flytte sela sine nærare fjellvegen frå Østrem. Emblem fekk ingen vegrett opp Grønevollen og det kan ha påverka levetida til emblemsetrane.

I følge Borgundboka så har gardbrukarane i bygda ikkje hatt behov for nokon fjellslått (etter 1850?) av di dei har stort sett hatt nok innmarkslått til å klare seg. For plassemennene har denne slåtten vore tvingande nødvendig i lag med tjørebrenning heilt fram til 1900-talet. Lars Samuelsen Storstein (1836-1927) og Ane Håkensdotter Frøysa (1844-1917) på plassen Nygjerdet på Røssevollen var to av desse. Det vert fortalt at dei dreiv mykje fjellslått på nattestid. Lars var tømmermann og jobba for andre på dagtid. Om natta måtte han gjera arbeidet på sin eigen plass.

Setringa på dei andre gardane i bygda varte likevel ikkje særleg lengre enn på Emblem. Dei fleste setrane vart nedlagde kring andre verdskrigen. På Østremsetra heldt dei på til om lag 1950 og Akslafolket gav seg 1-2 år tidlegare. I dag er det mest hytter att på Emblemsfjellet. Du finn likevel eit og anna sel som har vorte nytta til setring i tidlegare tider. Høleselet, Skillingselet og Hatlebakkselet er tre av desse. Alle har vorte flytta til nye murar og det er vanskeleg å sjå føre seg korleis dei såg ut den gongen. Ein fleire tusen år gammal tradisjon er soleis over for Emblemsbygda sin del.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE