Kåre Magerholms barndomsminner frå Magerholmdalen

Familiebilete kring 1905. Bak f.v.: Andreas Magerholm (1889-1918), Karoline Magerholm (1888-1981) Sittande f.v.: Knut Magerholm (1860-1949) Knut Magerholm (1898-198o) og Petrine Andreasdotter Apalset (1854-1946) Biletet tilhøyrde Karl Magerholm og er utlånt av dottera Åshild Magerholm Kvam

Daleplassen i Magerholmdalen fotografert i retning mot fjorden. Dei må ha hatt ei fantastisk utsikt mot Sykkylvsfjella den gongen. Biletet har tilhøyrt Karl Magerholm og er utlånt av Åshild Magerholm Kvam

Daleplassen i Magerholmdalen. Biletet har tilhøyrt Karl Magerholm og er utlånt av Åshild Magerholm Kvam

Kven er dette? Kan det ha vore arbeidarane på enten skofabrikken eller Sopilkevig Snøre og Notfabrikk i Spjelkavik sentrum (der Baronen Hotell ligg i dag) I alle fall så er det truleg Knut Magerholm på midterste rad lengst til høgre. Årstalet kan ha vore kring 1905 ein gong. Biletet har tilhøyrt Karl Magerholm og er utlånt av Åshild Magerholm Kvam

Knut Knutsen Magerholm (1894-1983). Biletet er frå Setnesmoen og teke i forbindelse førstegongtjenesta. Biletet har tilhøyrt Karl Magerholm og er utlånt av Åshild Magerholm Kvam

Bak frå venstre: Knut Magerholm (1860-1949) og kona Petrine Andreasdotter Apalset (1854-1946) var mellom anna bestefar til Kåre Magerholm som har skrive teksten. Dei to som sit framom er Johan Ekornås Ødegård og kona Hansine (fødd Flisnes). Knut og Petrine flytte dit i 1927. Biletet er teke i hagen nedanfor gamlehuset på Ødegård i Puskhola i 1936. Det er med andre ord svigerforeldra til Karoline i Puskhola. (Den digitale kopien er utlånt av Åshild Magerholm Kvam).

Eit flott bilete av Daleplassen som Kåre Magerholm malte av husa frå vest mot austleg retning. Ei stor takk til Geir Magerholm som har funne tak i og avfotografert måleriet.

Daleplassen i Magerholmdalen slik Kåre Magerholm hugsar den. Han har sjølv laga dette biletet. Denne digitale kopien er utlånt av Tone og Roger Magerholm. Kvar orginalen er, veit eg enno ikkje.

Her har Kåre Magerholm foreviga bestefaren sin, Knut Magerholm

Knut Magerholm d.y. ( 1894-1983) var far til Kåre Magerholm. Han gifta seg med Nikkoline Petersdatter Emblem frå Ystebøen og busette seg som fabrikkarbeidar i Spjelkavika. Begge to var i arbeid på fabrikk, så det var truleg årsaka til at Kåre vart sendt til besteforeldra som treåring.

Bilete av Karoline Knutdatter Magerholm (1888-1981)saman med brørne Knut t.v og Andreas i midten. Karoline gifta seg med Ole J. Ødegård og flytta ut i Puskhola. Knut (1894-1983) gifte seg med Nikkoline Petersdatter Emblem frå Ystebøen og flytta til Spjelkavika, der dei arbeidde på fabrikk. Knut er far til Kåre Magerholm. Andreas (1889-1918) reiste til Amerika. Han kom heim i 1917 og busette seg på Flisneset saman med kona Maria Rot frå Vartdal. Andreas døde av spanskesjuka og Maria var gift på ny i Barstadvika.

Dette hønsehuset står no ved Storelva like vest for huset til Svein arne Hoel. Det stod opprinneleg oppe i Magerholmdalen, slik Kåre fortel i teksten.

Daleplassen i Magerholmdalen slik Kåre Magerholm hugsar den. Han har óg laga dette biletet

Andreas Knutsen Magerholm (1889-1918) var onkel til Kåre Magerholm. Han reiste til Amerika, men kom heim 1917 og busette seg på Flisnes. han døydde som ei følge av spanskesjuka.

Karoline Magerholm (1888-1981) hos fotografen kring 1912. Ho var tanta til Kåre Magerholm. og Gifta seg med Ole J Ødegård i Puskhola.

Gamleselet i Magerholmdalen slik Kåre Magerholm hugsa det

Hesten nekta å nærma seg den skotne bjørnen. Teikning: Kåre Magerholm

Hesten måtte tjorast fast... Teikning: Kåre Magerholm

Kåre Magerholm sitt sjølvteikna kart over Magerholmdalen

Dårlig kopi av Magerholmslekta si samling foran restane av huset på Daleplassen. Truleg er biletet tatt seint på 1970-talet eller tidleg på 1980-talet.

Barndomsbilete av Kåre Magerholm, vel 2 år før han vart sendt av garde til besteforeldra i Magerholmdalen som treåring. Fotograf: Førebels ukjend

Det er ikkje like lett å sjå at her har det gått ei fin rås til Daleplassen ein gong. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Et stykke av gamlevegen på sørsida av Skurstønakken like før den svingar inn mot Daleplassen. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Daleplassen og tufta etter hovudhuset åpenber seg med eitt. Framleis er markane åpne og godt synlege

Fjøsmurane er framleis godt synlege. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Husmurane er godt synlege saman med restar av tømmer og bjelkar som har falle ut og ned på marka. Foto: Svein Ove Dale Østrem

På klårversdagar kunne ein høyra kirkeklokkene i Sykkylven frå denne trappa. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Utsyn frå Daleplassen. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Kjørevegen mellom Daleplassen og Nybrøtet er enno brukandes. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Motlysbilete i retning Storfjorden og Ikornes. Foto: Svein Ove Dale Østrem

I BESTEFARS RIKE   
(Skrive av Kåre Magerholm i 1986)


Lytt til ein ljom i dal og fjell,
av tralling og bjølleklong, 
av lokk og lur og bekkespel,
ein gjenljod av huldresong.


Ja! Dette er fra Magerholmdalen, som har vore Magerholmgardens og alle bygselplassane som låg under hovedbruket, sin havne og sætersdal i mange år. Ja, heilt ifra bjørnen og ulvens tid. Ellers har det vore tømmerdriift i dalen fra langt bak i tida!

Mi meining med å skrive dette, er å bevare minnet om folket som busette seg i dalen for 150 år siden, og budde der i 100 år. grunnen til at eg kom til mine besteforeldre i Dalen, var at eg var eldste sonesonen, og heitte opp att  etter dei. Bortsett fra at ho Anna og ho Petra, søskenborna mine i Puskhola, var der i to korte periodar vart eg verande åleine i Dalen som barn. Derfor vart konsentrasjonen om det eg opplevde sterk. So minnene derifrå har sete klistra fast i meg gjennom heile livet.

Eg kom til dalen då eg var tre år og for derifrå då eg var sju for å byrje i skulen i Spjelkavik. Seinare etter at besteforeldra mine flytte frå Dalen til Puskhola i 1927 var eg med bestefar fleire gongar inn att i Dalen der han slo "Nybrøtet", eit stykke han hadde brøte opp sjølv.

Etter kvart som åra gjekk fortalde dei mykje om slekta og om sine forfedre. Etter fjøstellet om kveldane sat vi i ljoset av parafinlampen og fortalde og song.

Vi hadde kjyr, det var ho Grådue, Blomsterei, Litago og to kviger og gris og ti sauer. Og so var det hunden, han Karo. Ofte var eg med bestefar rundt om i dalen, han såg då oftast etter sauene. Han fortalde då om nakkane, som heile dalen er omkrinsa av. Om namna på desse, og kvifor dei har desse havna. Om myrar og elvar og bekkar og skar, om tjørehjellen der det vart brent tjøre. Om kolmiler som var ei attåtnæring. Og ellers fortalde han om mange navn på heimbøen. Vest på bøen heiter Rognestølen, der hadde den gamlaste Magerholmsetra lege. Nakken utanfor heiter Gamlesetranakken, kalt Gamstenakken. Der var frå gamalt av tre små sel, to av desse vart flytta lenger fram i dalen der den noverande sætra er. Truleg er det murane etter disse to sela som viser enno, like nedanfor dei noverande sela. Det tredje vart ståande att på Daleplassen heilt fram til bestefars tid. Dette vart flytt til Skaret på Emlem og stod nord for bygdevegen på Reset og vart brukt av Myre-Karl til hønsehus. Sonen til Karl, Konrad, har no flytt det lenger nord der det står no.

Om Dalefolket

Bestefar sa: "Det er ingen som har lidt nokon naud i Dalen". Dei hadde nesten alt dei trongde. Dei dyrka korn, dei avla både bygg og havre. Dei hadde også prøvd med kveite, men det var vanskeleg å få mod. Dei hadde kvern i elva, som mol grovt. Dei hadde truskemaskiner. Dei vart drevne av ein kall som stod lenger framme i elva. Der var dugnadsfolk frå Magerholm til trusking, kornskjering og til flatbrødbaksten. Dei leigde i den siste tida, mann og hest til pløging av åkrane. I den tida eg var der var det han Jakop-Knut fra Emlem som pløgde. Folket på Magerholm hjelpte kvarandre i onnene og ellers om det kneip om. bestefar hadde seks dagar pliktarbeid på hovedbruket. Eg hadde inntrykk av at Lars Magerholm og bestefar gjekk godt saman, dei var saman både i fjell og på sjø. Det hende ofte at dei for over Storfjorden saman til kyrkja i Sykkylven. Konene var sjølvsagt med. Ein gong dei skulde tilbake fra kyrkja i Sykkylven over fjorden, bles det opp med sterk vestavind. då var det ho bestemor som tok roret. Ho Ensina, kona til Lars, var redd og sat i framskuten og gret. Då ropte han Lars: "Kva du sit og ryler etter kjerring, sjå på ho Petrina (bestemor) du!".  Ja, sigle det kunne ho bestemor, for det hadde ho lært av han Hoseth-Bendik på Vatne. Ho hadde tent han i tre år. Ho måtte vere med han på utror på havet. Ein gong det vart stygt vér måtte dei søke havn inn til Alnes. Der kom det ein gubbe ned på brygga og sa: "Hø? Hev døkke med døkke kvinnfolk i slikt ver. Det må då vere måte på! "

Dalefolket hadde heilt sidan dei kom i slutten av 1820-åra dreve mykje sjøen. Dei var til stadig ute med garn, liner og kastenot, og på linefiske etter kveite. Bestefar var godt kjend på botnen i Storfjorden. Han viste om med og merker. Kveiteliner var botnaliner. Dei kunne ikkje setjast på sjeten botn, for der vart agnet oppete av åtet. Dalefolket hadde også dreve linefiske ved Furstranda.
og i årerekker var dei på torskefiske på Lestadbukta i åpen båt, og loserte på Alnes. Bestemor fortalde at det var ofte hardt å sita åleine att i Dalen når mannen hennar var vekk på fiske, og borna var små. Ho måtte ofte fylgje dei til skulen. og når snøen var djup måtte ho gå i forvegen og trakke rås.

Barneminner fra Magerholmdalen og Magerholm

Eit vakkert minne frå Dalen! Dette var i grunn ein tradisjon for dalefolket å stå ute på trappa Nyttårskvelden når veret var fint for å høyre Kyrkjeklokka i Sykkylven. Dette kan eg koma i hug særskillt ein gong det var fint måneskin. Det glitra i snøen. Vi hadde føling av å stå oppe i eit sølvparadis, med all sin glitter og prakt. Bestefar fortalde om stjernehimmelen, og sang eit salmevers- Det var: Drag Jesu mei opp efter dei. så følger jeg med lengsel. Da kyrkjeklokka i Sykkylven ringde Nyttåret inn, og hadde slege eit slag for kl. 24.00, tok me tre einsame mennesker som stod på trappa i Magerholmdalen kvarandre i hendene og ønskte Godt Nyttår. Eg fekk eit glas saft, det var stor stas den gongen!

Den store Heggen

Utanfor huset i Dalen var hagen med solbær, rips og stikkelsbær, også ei apal. kissebeær var der på eit tre ut på ei av dei gamle seltuftene lenger ut på bøen. Like nedanfor hagen stod ein kjempestor hegg, i den var sjorareir kalt Grisen. Kan kome i hug den heggen om våren. Då var han dekt av kvite blomar. Ja, då kalte vi han "vårbruda vår"! , og om hausten med all sin veldige fargeprakt, i gul, raudt, brunt, grønt, ja i alle nyansar. Men ei stormnatt bles heggen ned. Den vart liggandes langs innsida av løa. Den var so stor at den rakk femten meter ovanfor løa. Den stengde inngangen til fjøsen, så ho bestemor måtte i vedhuset etter sag og øks for å sage tunell inn til fjøsdøra.

Den grove grauten

Om vinteren hadde vi alltid noko å henge fingrane i. Bestefar var mykje i vedhuset, og saga og hogg ved. Om kveldane batt han kaser, noko på bestilling, og noko til foretninger i byen. Bestemor spann, strikka og vov. Dei var sjølvhjelpte mest over alt. Når dei for til handelsmanen, var det mest for å kjøpe parafin, salt, sukker, gjær og noko siktamjøl som bestemor blanda i heimemjølet til brødbaksten. Til kveldsmat kokte bestemor alltid graut. Den var eg ikkje særleg begeistra for. Den var so grov at eg kjende agna for ned gjennom halsen. Bestefar skulda på kverna i elva som hadde for eltt overstein. "Ingen tok skade av grauten!".

Eit uver i Grøndalen

Eg fylgde bestefar nesten over alt, også var eg med han på sjøen, mest når han skulle sete ut garn.

Ein tur eg aldri gløymer! Det var ein tur til Svartevaslia der hadde  dalefolket rett til å take never og bark. Nevra vart brukt til å reparere hustaka med, for der var torvtak på alle husa i Dalen, og bjørkabarken brukte han til barking av vegna (garn). 
Vi la tidleg i veg om morgonen og veret var fint då me starta. Råsa går fyrst over Stormyra langs elva (Eiteråna). So kjem vi fram i Grøndalen. Den dalen er liksom ei stor gryte for seg sjølv fremst i dalen. I botnen ligg ei stor myr (Grøndalsmyra). ho ligg der om hausten gul og raud, ho minner om eit kjempestort teppe på eit stovegolv. I syd er ein fjelltopp som heiter "Blånobba". råsa går vidare over Svartevassremen og ned til Svartevatnet. Der går bytet mellom Borgund og Skodje. På nordsida av Svartevassfjellet ligg Svartevass-lia, der dalefolket hadde neverrett. Dette fjellet har ogso andre navn. Blåfjellet og Merafta.

Vi arbeidde i lia utover dagen med nedfelling av bjørk, avflekking av never og bark, og nevermeisa fekk bestefar på ryggen og vi la på heimveg. Eg syntest at han nevnte noko om uver, han var liksom so lav i målet. Men då vi kom i Grøndalen vart det so underleg stilt, mørkt og rart. Eg syntes eg såg huldra i alle skuggar, og dei store gamle trollfurene som veks der hadde virkelig blitt om til troll som strekte sine svære sidearmar til alle kantar. Plutseleg vart det eit voldsomt smell, og eit ljos som eg aldri hadde sett før. Og so braket som kom etterpå. Eg hylte og skreik, og kneip tak i den brune vadmeltrøya til bestefar min.: "Er det dommedag som ho bestemor har fortalt om!!?" "Så,så", trøsta bestefar "det er nok berre ei sterk torebyge". Då vi kom heim fanst det ikkje ein turr tråd på oss. Eg gjekk rett i senga den dagen. Ja, det kan eg vere glad for, for dei svære trollfurene i Grøndalen hadde byrja å svinge med sidearmene etter meg den dagen!

Eiteråna

Eiteråna er navnet på elva som kjem frå Grøndalen og renn ned gjennom dalen, Å-bakkane, og går i sjøen like utanfor eiteråneset, omtrent midtvegs mellom Magerholm og Hesseberg. Navnet skriv seg frå at når ho har stor vassføring freser ho. Ja, då er ho eitrande sint!

Harde slag for Dalefolket

Det var nok ikkje alltid greitt for dalefolket heller. Dei var nøktern og sparsame folk. Dei kunne spare seg opp penger som dei sette i banken. Ho Inga, pleiedotter til bestefar, hadde vore på Austlandet og tjent. Ho hadde spart seg opp 8000,-. Desse pengane må du sete i banken, sa pleiefaren. Ho so gjorde, og der rauk banken - den gjekk konkurs. Bestefar mista 14000,- og Inga kr. 8000,-. Dette var harde bud for ørespararane den gongen. Besteforeldra mine hadde ein litan gut som døydde. Han heitte Rangvald. Då vart det sorg i Dalen. 
Fleire år etter døydde sonen Andreas.Han hadde vore i Amerika og tjent penger, då han kom heim kjøpte han Hansgarden på Flisneset. Det var i 1918. Same året døydde han i Spanskesykja. Bestemor fortalde at der var nedsett femten kister i same grava. Dette var i indste og nøraste kråa på Borgund kyrkjegard. Andreas var gift med Maria Rot frå Vartdal. då mannen døydde selde enkja garden og flytte til Barstadvik der etterkomerane bur endå.
Bestefar sukke tungt og sa: " Det har vore mangt", men det hardaste slaget for han var at han måtte flytte frå Dalen. For Dalen var hans rike, der treivst han, der song han, der hadde han sin motgang og medgang, der levde han! Eg veit at det gjekk hardt inn på han at han måtte flytte frå Dalen!

Folk som vitja Magerholmdalen i mi tid

Ein tur opp i Dalen var ein fin tur for dei fleste folka på Magerholm og omegn. Det vart då mest søndagstur. Dei eg kan kome i hug var han Vika-Tore og ho Kalla, syster hans, og han Steffå og sonen Peder frå Pei-Haugane. Og so må eg for all del ikkje gløyme ho Hesseberg-Tomasine. Ho skratta og log støtt, og hvis nokon fortalde ei skrøne vart det ikkje stopp i skrattinga.
Borgund-prestefrua, Eikrem, var kvar sumar gjest i Dalen. Ho hadde med speidarar, og dei rasta fram på Lynghaugen. Elles var det slekta vår som kom. Kan ikkje kome i hug Puskefolket når dei kom. Det var han Onkel Ole og ho tante Kalla og borna, Johan, Anna, Petra, og Knut og Helga sat på hesteryggen. Hesten heitte "Tryggen", ja , då vart det stor stas! Om vinteren var der sjeldan besøk. Det var mest han Lars på hovedbruket. Han starta med tømmerkøyring strakst snøen kom, og held på med dette heile vinteren. Lars var ein lun og koseleg kar, og ein jamn slitar.

Oppe i Nybrøtet

Etter at bestefar hadde flytt frå Dalen var han kvar sumar innatt. Han hadde haldt att der eit stykke som han hadde brote opp sjølv. Dette stykket kalla han Nybrøtet. Dette stykket ligg i utmarka ovanfor løa. Eg var fleire gonger med han og slo der. vi overnatta i huset. ein dag vi to sat i Nybrøtet og hadde kaffipause begynte eg å spyrje han ut om Bjønnanakken. Den nakken ligg rett i syd for Dalehusa. Kvifor hadde nakken dette navnet? kvifor hadde slåttemarka på nordsida av nakken navnet Bjønnahåla? og kvifor heitte den vesle myra på sydsida Bjønnamyra?

No fekk eg for fyrste gong høyre han fortalde om bjørn: I 1830-åra vart det gått bjønnamanngard over heile Uksnøya. På sydsida av nakken er der nokre stupbratte hammrar der ein bjørn heldt til i ei flå, der hadde han også hi. Dit opp hadde ikkje jægrane kome seg, so bjørnen lurte dei. 
Dette var ein stor gamal hannbjørn som var grasbjørn, so han gjorde ikkje krøtera noko. Knut Tjugen var bestefar til bestefar min, og han budde då på Daleplassen. Den nye forpaktaren på Aksla - som forpakta Aksla etter Knut Tjugen - var Lars Akslen. Knut og Lars vart då samde om å skyte bjørnen. Bjørnen kom or hiet på ein viss dato om våren. Han gjekk over Løypemyra og fylgde nakkane fram til Grøndalen der han grov opp nokre røter som han åt. Knut og Lars la seg då oppe i ei flå i Sjylsternakken og venta. Og rett nok, der kom bjørnen! Dei skaut han. Han røyste seg då opp på bakføtene og datt på ryggen, daud. Knut Tjugen for heim etter hest og slede for å køyre til gards den skotne bjørnen. men hesten nekta å gå inn til bjørnen. Han bles i nasen og reiste seg opp, så dei måtte sprette han ifrå sleden og binde han i eit tre. Knut og Lars måtte drage bjørnen til gards med handemakt. denne historia har gått i arv. "Dette hende før mi tid", sa bestefar. Bestemor hadde ogso tidlegare fortalt meg om ei jente som heitte Kanutte som møtte ein bjørn utanfor Sjøalet ned for Daleplassen. Kven denne Kanutte var, har eg enno ikkje greidd å spore opp. Det er mest truleg at ho var frå enno eldre tid! Det er nokso truleg at bjørnen likte seg i Magerholmdalen i den tette skogen. Det er eit dyr som likar å rusle einsam omkring. Derimot går ulven mest i flokkar og likar seg best på snaufjellet.

Historia om Dalefolket- kvar dei kom frå og kvar dei for

Til dette har eg hatt stor hjelp av bror min, Petrus, som driv med slektsgransking!

Den fyrste som busette seg i Dalen var Knut Salvesen Tjugen frå Loen i Norfjord (1777-1862) og kona Barbro Olsdatter, også frå Loen (1777-1862) fra bnr. 16 gnr. 70. Far til Knut Salvesen var Salve Knutsen Tjugen (1751-1832). Kona til Salve var Sigrid Jakopsdatter Sæten (1758-1791). Knut Tjugen var brukar på bnr. 1 gnr. 70 i Loen. Knut og familien reiste so frå Loen til  Eidsnes på Sula, der dei forpakta ein plass. So flytte dei der ifrå til Aksla bnr. 2, innanfor Emlem. Det var Borgund-presten som då eigde Aksla, som ordna dette. Som attåtnæring tok Knut seg jobb som tømmerkøyrar. Han hadde hest sjølv. Han arbeidde hjå Halvard Morken frå Sogn. Han eigde då Magerholmgarden. Halvard Morken var ein velhalden mann som eigde fleire gardar på Sunnmøre. Bestefar fortalde at Halvard hadde ein son som heitte Torkjeld. Knut Tjugen og Torkjeld arbeidde godt saman både høgt og lågt, på sjø og land.

Av forpaktinga på Aksla vart det inga fortjeneste av, då der var to kårfamiliar å halde. Knut og familien flytte so frå Aksla til Magerholmdalen. Dei budde førebels i eit sel som stod att på den eldste sætra som Knut med familie slo seg ned på. Den heitte Rognestølen. Knut fekk i år 1830 bygselfeste på Daleplassen, med alle rettar og årsavg. 2 1/2 spd. og 6 dagars pliktarbeid på hovedbruket. Knut sette so i gang med bygging av hus på Ramsdalsgjerdet som ligg like inn, og ovanfor Rognestølen. Han bygde røykstove, stabbur, løe med fjøs, kvennhus, hønsehus, og naust ved sjøen like innanfor Gasseneset der Per Nedregotten no har trelastlager. Dette vitnar om ei sterk og målbevisst arbeidsfamilie som det lyser respekt av. Då timberet vart teken på skogen og alt vart saga med handsag. Ja, eit hurra for dei! Knut og Barbro hadde fem døtre. Anne, Sigrid, Randi, Jannika og Ane. Jannika og Randi var tvillingsøstre. Desse flytta frå Dalen straks dei vart vaksne. Ho Randi vart att, og det er mor til min bestefar.

Anne (1814-1852)

Anne var den eldste dottera til knut og Barbro. Ho for til Spjelkavik og vart gift med Nikolai Nikolaisen Spjelkaviknes. Nikolai var frå ein plass som heitte Synnaforplassen på Leitevågen. Ein kan sjå murane etter husa der enno. Faren var smed. Nikolai var ein dugande mekaniker. Han fekk so feste på ein plass ved Lillevatnet. Det var eit utmarkstykke under hovedbruket Spjelkavik, som han bygsla frå 1846, og kalla dette Bigton, brn. 8. Sonen til Anne og Nikolai var Hans Bigton (1851-1929). Han var gift med Karen Amundsdatter Melseth (1855-1919) frå Ørskog. Sonen deira var Andreas Spjelkavik (Bigton) (f.1889) som var gift med Else Indreberg (f.1897). Andreas starta rutebilselskapet Spjelkavikruta, og vart sidan disponent der. Syskjena til Andreas var Nikoline Garseth, Ragna Bigton og Ellen Nedregård.

Sigrid (f.1818)

Den andre dottera til Knut og Barbro var Sigrid. Ho reiste til Vanylven frå Dalen som ung jente og tok tjeneste hjå eit gamalt ektepar som ikkje hadde born. Ho arva 400 daler etter dei. So reiste ho til Sykkylven og tok teneste der. ho vart trulova med ein kar på Vik. Dei bygde seg nytt hus. Sigrid hadde sett pengane sine inn i det nye huset. Men då dei skulle gifte seg fann karen seg ei anna. Han overtok då både huset og alt. Dette gikk so hardt inn på Sigrid at ho miste forstanden, og ho sa stadig: "Fanten som tok pengane mine, han tok pengane mine, han tok pengane mine!!" Fanten som tok pengane hennar, og ho han vart gift med, var foreldra til Marte som vart gift med Kristen på Krissenplassen på Magerholm.

Jannika (f.1820)

den tredje dottera til Knut og Barbro var Jannika. Ho var tvillingsyster til Randi. Ho reiste til Ekornes i tjeneste. Der fekk ho seg ein kjærest med navn Hans Ekornnes. dei skulde ha barn, men vart ikkje gift. Hans hadde ei anna som han skulde ha barn med også, og gifta seg med henne. Jannika fekk ein gut som ho fekk døypt Sevrin. Då Jannika ikkje var gift måtte ho fortsette å ta tenester. Foreldra til Sevrins far tok seg av guten, og han voks opp hjå dei. Då han vart vaksen reiste han til Vegsund og tok jobb som dreng hjå Hatlemark. Sidan kjøpte han eit stykke som han dyrka opp, bnr. 5 Gamle Vegsundet. Same året gifta han seg med Berte Magerholmdal. Berte og Sevrin var syskenborn.

Randi (1820-1892)

Randi var den fjerde dottera til Knut og Barbro. Randi var tvillingsyster til Jannika. ho gifte seg med Ingebrikt Larsen Emlem (1818-1849). Dei overtok Dalen og rydda og dyrka opp den gamle Rognestølen yst på plassen. Dei dyrka både korn og poteter der. Men so døydde Ingebrikt. Enka vart oppattgift med Knut Jørgensen Mo fra Bondalen (1828-1887). Foreldra til knut Mo var Jørgen Martinus Viddal (f.1800).  Kona var Pernile Moe fra Bondalen. Randi og Knut hadde fire born. Det var : Petter, Jørgen, Berte og Knut. Den siste var bestefar.

Petter

Petter gjekk i gullsmedlære og reiste til Oslo og vart gullsmed der. Petter og kona hadde ikkje born. Men ein morgon dei kom ut på trappa stod der ei korg med eit lite barn i. Då dei ikkje greidde å spore opp den rette mora, tok dei barnet til seg. Dei fekk barnet døypt, og ho fekk navnet Gudrun. Ho vaks opp hjå dei. Mine besteforeldre fekk ofte brev frå Gudrun.

Jørgen

Han vart gift med Berte Larsgård på Larsgården ved Nørvasundet. Han tok då navnet Jørgen Larsgård. Berte og Jørgen hadde ikkje born.

Berte

Berte vart gift med Sevrin Hansen Ekornes som var son til Jannika, dotter til Knut Tjugen. Dei var søskenborn. Dei budde i Gamlevegsundet, bnr. 5. sonen deira var Karl. Kona Anna Vegsund. Sevrin gjekk under navnet Vegsund-Sevrin.

Knut

Knut var min bestefar (1860-1949) vart att på Daleplassen, han vart gift med Petrine Andreasdotter Apalseth frå Ørskog (1854-1946). Bestefar reiv då ned den gamle røykstova, og bygde nytt hus i 1888. Ellers var her løe med fjøs, stabbur, hønsehus , kvernhus og naust ved sjøen. Bestemor hadde ei syster i Ålesund som heitte Nikoline. Ho var gift med Ole Longva. Bestemor tok til seg to av borna hennar. Det var Inga og Jonas. Dei voks opp i Dalen. Då Inga var lita fekk ho ein hudsjukdom. Bestemor gjekk da to gonger i veka med Inga på ryggen fra Magerholmdalen til Ålesund for behandling hjå doktor Parelius. dette foregjekk over eit lengre tidsrom. Respektabelt gjordt! Jonas kom vekk på ishavet. Ho Inga vart gift med Ingebrigt Nybø på Hovdenakk i Ørsta. Han var i mange år Ishavskytter, og ellers gardbrukar og pelsoppdrettar.

Karolina

Karolina vart fødd same året som det nye huset var bygd (1888-1981). Ho vaks opp i Dalen og kunne fortelje mykje der ifrå. Ho vart gift med Ole Ødegård i Puskhola (1887-1971). Han starta med snikkarverkstad, og fortsette med karosserifabrikk. Sonen Johan og sønene hans driv på med det enno.

Knut

Knut var min far (1894-1983). Han og bestefar dreiv ei tid saman med kveiteliner i Storfjorden. då han gifta seg med Nikkoline Emlem (1898-1980) -Ystebø-Nikka- mor mi, flytte dei til Spjelkavik der dei arbeidde på fabrikkar resten av tida.

Andreas

Andreas (1889-1981) reiste til Amerika. då han kom heim for å slå seg ned her kjøpte han Hansgarden bnr. 1 på Flisneset. Han døydde same året. Det var spankesykja. Onkel Andreas var gift med Maria Rot frå Vartdal. då mannen døydde selde enkja garden til Bernt Eidsvik og flytte til Barstadvik, der etterkommerane bur enno.

Ragnvald

Eg veit ikkje kva tid han vart fødd, eller kva tid han døde. 

Ane

Ane (f.1825) var den femte dottera til Barbro og Knut Tjugen. Ho vart trulova med Petter Opskar frå Ørskog. Han døydde straks før bryllaupet. Ane fekk ein gut som ho kalla Karl (1862-1936). Ane budde i Håhjemsvik der Karl voks opp. Karl var ein flink skomakar. Han sydde sko til mange. Han arbeidde mykje på prestegarden på Skodje. Likeeins hjå lensmann Qvale på Solnør. Seinare kjøpte Karl Jogarden på Furstranda og tok navnet Karl Furstrand. Karl Furstrand gifte seg 3. oktober 1898 i Strandakyrkja med Beate Qeis (1868-1962).

Borna

Olivia Helga     (1899-1947)     var gift med dykkar Valdemar Lerfald
Anna                (f.1900
Hans                (1903-1986)     var gift med Nikoline Solnørdal
Birgitta             (f.1906)            var gift med Ole Nes på Trandal
Klara Bergljot  (f.1913)


Magerholmgarden skulde selgast

Då Lars og Jensina på hovedbruket var blitt gamle vilde dei selge Magerholmgarden. Bestefar spurde då han Lars om han fekk kjøpe Daleplassen. Til dette spørsmål svara Lars at det skulde han få. Prisen var 5000,-. Bestefar syntest då det var leitt at Dalen skulde fara ut or slekta. Han tenkte då på alt han og hans forfedre hadde slete opp, grøfting, bryting og bygging av husa. Då spurde bestefar meg: "Vil du Kåre ha Dalen so skal eg kjøpa han til deg?" Eg var då berre ein liten gutonge, og kunne ikkje seie korkje ha eller ja. Men ho bestemor sette seg sterkt imot dette og sa: "Kva er det du tulla med Knut! Hev oss ikkje krøpe nok her oppe i snøva om du ikkje skal lokke andre også hit opp!" Det kom nok også eit anna bilete inn her som ho tenkte på. Det var ikkje aldertrygd i den tida. Dei måtte leve resten av livet av sparepengane. Eg har tenkt over dette seinare. Hadde eg svara ja den gongen so hadde kanskje Dalen vore i slekta enno.

Magerholmgarden bytte eigarar

So selde Lars og Jensina garden til Karl Engeset frå Norddal. Lars heldt att Bøen, eller Paraten som dei kalla plassen. Den ligg vest for hovedbruket. Der bygde dei seg nytt hus og løe. Der budde dei til dei døydde. Karl Engeset (1865-1941) brukte garden frå år 1924 til 1941. Sonen Hjalmar (1894-1957) brukte frå 1943 til 1957. Sonen Olaf Engeset (f. 1932) har bruket no. Olaf har satsa stort på tømmerdrift i Magerholmdalen. Han har fått opp ny tømmerveg, og moderne maskiner er i drift både i dalen og på vegen. Det er ikkje berre skurtømmer som vert levert, det er ogso slipp-tømmer. Teig for teig vert rydde, og ny skog vert planta, både gran og furu! Eg har høyrd av folk som meiner at det er synd at Magerholmdalen, som er kommunens grøne dal, vert rasert på denne måten. På den eine sida kan eg vere enig med desse, men på den andre sida: Olav Engeset, som eig garden, kan ikkje leve av "romantikken".

Ein trist dag

Det var den dagen eg måtte fare frå Dalen. Det var i Mai i 1927. Besteforeldra mine fylgde meg nedover bakkane, og tårene rann nedover kjakane mine. Det var ei stor trøst då bestemor kviskra meg i øyra: "Kom oppatt til sumaren i ferien". Eg for til Spjelkavik og begynte i skulen. Like etterpå reiste bror min Andreas til sine besteforeldre i Dalen. Han har også mange kjære minner frå Dalen. same året om hausten 1927 flytte dei frå Dalen til Puskhola der dei budde til dei døde.
                               

Om Forfattaren:

Kåre Magerholm vart fødd 28. november 1919 og døde 13. desember 1997. Foreldrene var Nikoline Peterdatter (f. Emblem) frå Ystebøen og Knut Knutsen Magerholm frå
Magerholmdalen. Familien busette seg i Spjelkavika, der foreldra arbeidde på fabrikk.
Han skreiv i 1986 eit hefte om barndomsminna sine frå Magerholmdalen. Han har og
teikna og mala alle bileta som du finn på denne sida. Dei vart publiserte i heftet han skreiv og diverre i svart/kvitt.

på biletet i albumen til denne sida er Kåre 1 år. To år etter flytte han til besteforeldra i Magerholmdalen i 1922, og blei verande hos dei heilt til han var 7 år og byrja på skulen i Spjelkavika. Det er denne perioden han skriv om i denne teksten som no er digitalisert.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Svein Ove | Svar 05.03.2017 19.50

Ein finn att Jannika i Vegsundet i 1903. Ho vart aldri gift og døydde der av "alderdomsvaghed". Det er usikkert kor lenge ho budde hjå sonen sin der.

Ingebjørg Nilssen | Svar 05.03.2017 17.45

Ville gjerne visst hvordan det gikk med Jannika, Sevrin I Vegsundet sin mor???

Ingebjørg Nilssen | Svar 16.02.2017 16.56

Kjempeartig å lese dette. Hadde gleden av å treffe Petrus nå nylig i min fars begravelse. Sevrin Vegsund er min oldefar, han var far til min farmor Inga Vegsund

Svein Ove 05.03.2017 00.19

Kjekt å høre. Berre sei frå om du veit om fleire bilete eller tekstar.

janne bolsøy | Svar 15.02.2015 22.50

Beate furstrand er min tipp oldemor. Og olivia helga var min oldemor.

Svein Ove 17.02.2015 18.41

Så artig! Jeg er på jakt etter digitale kopier av flest mulig fra denne slekta. Bare si fra om du har bilder eller mer info

Svein Ove | Svar 01.11.2012 18.35

Så fint! Jeg tror at det var Petrus som skaffet til veie bildene som ble kopiert i sin tid. Han var en av konsulentene bak den opprinnelige bygdeutstillingen.

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE