SMØRMEIERIET I BYGDA

Slik kan bygdemeieriet i Emblemsbygda ha sett ut. Det låg ved elva så det hadde mest truleg vassdrift. Meieriet vart seinare demontert og brukt opp att som løe, så då var det truleg bygd av tre. Om det var lafta slik som på biletet er eg meir usikker på, men dei eg har sett bilete av i nabobygdene var nettopp lafta bygg så då var det truleg slik i vår bygd også. (fotograf ukjend)
Slik kan bygdemeieriet i Emblemsbygda ha sett ut. Det låg ved elva så det hadde mest truleg vassdrift. Meieriet vart seinare demontert og brukt opp att som løe, så då var det truleg bygd av tre. Om det var lafta slik som på biletet er eg meir usikker på, men dei eg har sett bilete av i nabobygdene var nettopp lafta bygg så då var det truleg slik i vår bygd også. (fotograf ukjend)
Meieribestyrar og seinare meierikonsulent R. P. Mork frå Volda. BIletet er henta frå Sunnmøre Meieri sitt hefte i forbindelse med 25 års jubileumet i 1943. Fotografen er ukjend.
Meieribestyrar og seinare meierikonsulent R. P. Mork frå Volda. BIletet er henta frå Sunnmøre Meieri sitt hefte i forbindelse med 25 års jubileumet i 1943. Fotografen er ukjend.

Du har kanskje ikkje høyrd om meieriet i Emblemsbygda tidlegare, og det er heller ikkje så rart for det er over 100 år sidan det vart lagt ned. På slutten av 1800-talet fekk me ei stor endring i mellom anna jordbruk og industri, som ein i ettertid har kalla «hamskiftet». Kort fortalt handlar dette om industrialisering og store endringar i korleis gardsbruka vart drevne. Ein gjekk vekk frå dei gamle tankane om sjølvbergingsjordbruk der kvar gard skulle vera så sjølvforsynte som mogeleg og mot ei pengehushaldning der ein kunne dyrke eller ale opp meir dyr enn ein trongde sjølve, for å selge kjøtet og mjølka og kjøpe det ein elles hadde behov for. Dei gardane som låg nærast byane spesialiserte seg truleg mest på fersk mjølk og kjøt, medan gardane som låg lenger unna kunne bearbeide mjølka til meir haldbare produkt som smør og ost. Slik vart det til at ein i Dalsbygda i Norddal kunne eksportere smør jamvel heilt til England, og norddalingane var langt frå dei einaste 

Føregangsmennene

Slike hamskifteprosessar krev også foregangsmenn til å starte det heile og i vår eiga bygd bør to nemnast særkilt. Den eine er (Nils) Matias Halvorsen i Mattisgarden på Østrem og Lars Olsen Emlem frå Negarden. Matias var tidleg ute med det meste. Han var av dei første som dyrka opp og planerte innmarka soleis at den var mogeleg å slå med hesteslåmaskin. Tidlegare nytta ein langhorv og småljå og då var det lettare å slå grastustane mellom steinane, men det var både tidkrevande og ressurskrevande og passa best i dei dagar då ein dreiv teigblandingsjordbruk der jordlappane var så små og sammanvevde at alle brukarane i klengetunet måtte drive slåtten i lag. Med flate steinfrie marker kunne ein slå graset raskt med hesten spent føre slåmaskina og var det fin tørk så kunne ein dessutan tørke høyet på markane i staden for å hesje. I tidlegare tider krevdest det og mykje folk til å gå og vende graset på marka slik at det vart heilt turt, men Matias hadde høyvendar og hesterive også og han var først ute med alle desse hestereiskapane. Matias var i det heile ein nytenkjande mann som fekk bygd trerenne frå Storelva og vassdrive elektrisitetsverk på garden sin. Dette var det første kraftverket i Borgund Herred. Han bygde seg sjøbod i Urda rett aust for nausta til østremsgardane og kjøpte opp fisk som han deretter salta og selde til Spania.

Medan Matias var nytenkjande og viste dei andre at alt dette nye kunne vera besparande og lønsamt på sikt, så tenkte handelsmannen Lars Olsen Emlem kanskje litt meir på framtidig inntekt for heile bygda i kring seg. Han både premielån og dyrkingslån på det velse utmarksstykket sitt som fekk namnet Elvarum. Han hadde sine tankar om korleis Trollfossen kunne nyttast til elektrisk kraft, men det var nok som handelsmann og postopnar han er mest kjend. Han var ein føregangsmann når det gjaldt å få bygd dampskipskai i Jektevika i Emblemsvågen slik at ein slapp den fårefulle bordinga og lossinga ute på fjorden i all slags vér. Han tenkte nok også litt på si eiga nytte som handelsmann og postopnar, men eg trur at han tenkte på bygdas beste i bunn og grunn. Lars var opphaveleg frå Negarden og ei tid var han gardbrukar der, før han overlet garden til sonen og reiste i utanriksfart i 12 år. Han engasjerte seg i politikken i Borgund Herradstyre og han var pådrivar for å få til eit bygdemeieri kring 1890. Kvifor han engasjerte seg i nettopp meieri, veit eg ikkje, men kring 1880 veit ein i alle fall at ein meieribestyrar med namnet Bruseth var på Sunnmøre for å halde foredrag om dyre- og mjølkestell. Han fokuserte også på renslighet og var naturlig nok ein aktiv forkjempar for bygdemeieri.

Folketalsauke og auka etterspørnad

Med auka folketal frå 1870-åra i Ålesund så vart det behov for enda meir meieriprodukt og særleg fersk mjølk. I tidlegare tider var det vanleg at bøndene tok med seg litt mjølk, smør og rjome når dei rodde til byen. Dei var med andre ord interesserte i å tena litt ekstra. Etter 1880 vart det fokusert meir på kvaliteten på mjølka enn før. Ein byrja for alvor å sjå samenhengen mellom kvaliteten på graset, gjødslinga og auka antal liter mjølk. Med betre stell kunne ein få betre inntekt også. Gardane i Emblemsbygda hadde starta omlegginga til auka produksjon av kjøt og mjølk, sidan byen låg så nær og dagsferske varer var det byfruene ønska seg. Iver Karlson Furset frå Stranda hadde óg merka seg den nye tida. Han hadde flytt hit til bygda og dreiv mellom anna med kjøp og sal av livdyr. Han slakta sjølv og skal ha vore av dei fyste som løyste torgrett i Ålesund. Det vert fortalt om han at ein gong han stod å såg vågabåten leggje til med ei kvige som han hadde kjøpt. Han treiv tak i ein kvass stein i steingarden, stutte henne i det ho kom på land, lot båten vente medan han parterte ho, lasta båten med skrotten og for så til byen for å selge slaktet med det same. «Kjøt- Iver» kjøpte etterkvart fleire gardar i bygda og busette seg ei tid på Eikenosa, så handelen gjekk nok temmeleg godt.

Meieriet ser dagens lys

Lars Olsen Emblem hadde enno ikkje starta som handelsmann då han fekk bygdefolket med seg og bygde meieri ved elva på farsgarden, Negarden. Dei valde plassen for å utnytta vasskrafta og oppå dei fuga steinmurane vart det bygd ei 1-etasjes stove i tre eller tømmer på omlag 50 kvadratmeter.

Lars fekk ansvaret for drifta av meieriet, men sjølve arbeidet gjekk truleg på omgang som pliktarbeid. Eigarane kom frå både Blindheim, Hatlehol og Emblem, men det var ikkje så mange gardar i bygda den gongen. Gardbrukarar med over fem kyr hadde som regel hest og gjekk samman om køyrelag for å få mjølka til meieriet. Plassebrukarane måtte som regel drage fram mjølka si sjølve med handvogn eller slede. Om sommaren var det budeiene som bar mjølka frå setrane i kring. Det er truleg at Blindheim, Hatlehol, Østrem, Akslen, Reiten og Magerholm hadde køyrelag til meieriet frå sine eigne gardar, medan Emblem hadde setrevegen sin like ved.

Meieriet hadde ei sjefsbudeie som fekk løn for arbeidet. I 1900-tellinga finn ein den 26 år gamle Eline Johandotter Emblem på Garsendhaugen som har tittelen meierske. Ho er ugift, født og oppvaksen på garden som låg like ved meieriet. Det er mogeleg at ho hadde gått på meieriskulen til R.P. Mork i Ørsta, før ho fekk jobben, men det var truleg heller ei intern opplæring på Emblem Meieri. Det var ikkje alle budeiene som var oppvaksne i Emblemsbygda. Martin Emblem frå Negarden fortel at onkelen, Elias Knutsen Emblem (1869-1949), opphaveleg frå Steffågarden, gifte seg med Johanne (1871-1957)som opphaveleg kom til bygda som meierske frå Ørskog. Elias fekk frådelt Storhugen bruksnr. 16 frå farsgarden i 1903 og dyrka opp heile stykket. Seinare flytte dei til Røssevollen i 1931 då sønene fekk seg gard der. Etter kvart har "Emblems Meieri" også vorte tigjengeleg som eigen tellingstad på Emblem i 1900. Det er litt rart, fordi det er oppgjeve i den same tellinga at huset ikkje vart nytta til overnatting. I alle fall finn eg att tanta til Martin. Ho står oppført som meierske under namnet Johanne Larsdotter Svinset frå "Ørskoug". Saman med den tidlegare nemnde meierska Eline, hadde dei ansvar for Berthe Ananiasdotter Fauske frå Sykkylven. Ifølge tellinga skal ho ha vore 24 år gamal. Berthe var berre "Midlertidig Logerende" og "Læremeierske". Berthe kom frå bruket "Hagen", Gardsnummer 3 og bruksnummer 6. i Sykkylven herred. I tellinga vart ho omskriven som "Meieriskoleelev".

Meieriet var eit smørmeieri, men veska som vart til overs vart truleg også nytta. Den vart kalla staup og var ein særs populær tørstedrikk under slåttonna. Når ein skulle slå med langorv eller hesteslåmaskin heile dagane så behøvde ein å vera klar i hovudet. Vinterstida kunne staupen også nyttast med fordel for den som var i skogen eller kløyvde ved på heimtunet. Produkta vart som regel frakta til byen og seld der. Ein veit ikkje med sikkerheit når meieriet vart starta, men det første meieriet i fylket vart i alle fall sett i drift i Surnadalen i 1886. Volda og Ørsta kom etter i 1886 og 1889. Meieriet i vår bygd er neppe eldre enn frå 1890. Dei fleste bygdemeieriea som starta i 1890-åra var smørmeieri og då det var knappheit på pengar desse åra, måtte meieria drivast med ytterst sparsemd. Det var svært sjelden at nokon starta i eit nytt bygg, så det er dermed sannsynleg at meieriet på Emblem også var ei gamel stove som vart flytt ned til elva for å utnytte vasskrafta til å drive smørkinna. Elles var det ikkje så mykje inventar. Ein trong berre ein separator, fløytetynne, ei panne til å varme vatn i og eit eltebord i tillegg til smørkinna. Mjølka kunne kjølast i elva og det var først når ein tok til å yste at ein trong skikkeleg gryte, trau, hyller og osteformar.

Meieridrifta i bygda

Korleis drifta og kvardagen var på meieriet kan eg ikkje seie noko sikkert om, for det finst ikkje nokon dokumentasjon på dette som eg har klart å finne. Eg vel derfor å ta med litt informasjon om Ørskog Meieri, for dei var omlag like store og mykje av rutinene var nok felles. Meieriet på Ørskog var tufta på 229 selde aksjar á 10 kroner kvar. Vårt meieri hadde neppe like mange aksjonærar, men prisen per aksje kan ha vore temmeleg lik. Mjølka skulle leverast før 8 på kvardagar og etter halv tre på søndag. Frå 1900 sette derimot presten i Ørskog ned forbud mot kinning på søndagar. Meierskene skifte ofte og det var vanleg med ein eller to elevar, så det er truleg at det var slik meierske Eline frå Garsendhaugen fekk utdanninga si. I 1916 fekk meierska i Ørskog heva løna si til 30,- etter søknad mot å kjøpe smør til eige bruk. I Emblemsbygda var det færre eigarar og mindre inntekter, så det er lite truleg at løna var høgare enn dette og i alle fall ikkje kring 1900.

Vasking av meieriet gjekk på omgang og slik var det også på Emblem Skule som vart oppsett i 1903. Brensel til ysting vart truleg fordelt per gard og ein kan sjå frå Ørskog Meieri at ein delte utgifter og ansvar etter dyretal. Bønder med meir enn 5 kyr måtte levere to kasser brenntorv, medan dei som hadde færre kyr kunne levere berre ei. Leverandørane måtte følge mjølka til byen og truleg ta seg av lossing og frakt i byen også. Den som følgde med båten fekk 1,5 krone for dette arbeidet og 50 øre ekstra om det vart behov for overnatting. Mjølkekvaliteten var eit problem i Ørskog og truleg like eins på Emblem. På Ørskog vedtok ein einstemmig at ingen kunne levere mjølk «frå fjøs, hvor bork, beit og fiskeaffald, samt rådden sild benyttes til fodring». Meieriet på Ørskog slutta seg etter kvart til Sunnmøre Meieri og la ned drifta så seint som i 1918. Meieriet vart seld på auksjon og inntekta vart fordelt på auksjonærane. Emblemarane fulgte nok samme vei også her, men gav seg altså nesten ti år tidlegare.

Slutten for meieriet

Eg veit ikkje nøyaktig når meieriet på Emblem vart lagd ned, men eg er temmeleg sikker på at dette skjedde omlag når voldingen R.P. Mork starta meieri i Ålesund i 1909. Lars Olsen Emlem fortel i alle fall i eit intervju med P. Stensager kring 1920 at meieriet vart nedlagd då Mork starta sitt meieri i byen. I jubileumsboka for Sunnmøre meieri står det skrive at meieriet på Emblem var i drift frå 1895-1905, men eg kjenner til at mellom anna årstala frå Ørskog er heilt riv ruskande gale, så eg kan ikkje feste like mykje lit til dette. Årstala er «arva» frå ei rekke små hefter frå bl.a. Mork og dei er ikkje kvalitesikra godt nok. Tendensen syner likevel at meieria nærast byen la ned først og så kom dei andre etter framover mot 1920. Mork måtte sikra seg leveringsavtaler før han kunne ta til og for bygdefolket så var det kanskje fristande å sleppe pliktarbeidet samstundes som dei fekk brukbart betalt for mjølka. Det hadde ikkje vore like god økonomi i dei gamle mjølkeutsala i byen mot slutten. Mjølkeprisen var lav til tross for etterspurnaden og byfolket var lei av å springja frå utsal til utsal i forsøket på å skaffa seg mjølk, smør og fløyte. Emblemsbygderane visste truleg at når det vart motorbåtdrift mellom Emblem og Ålesund så var det i alle fall ikkje bruk for bygdemeieria, for då kunne mjølka fraktast fram raskare uten å verte for varm eller sur. Det gjaldt nok å få forhandla fram ein god leveringsavtale før den tid og fleire gardane var no medeigarar i dampskipskaia, så då fekk dei litt i kaileige attpå. Mork starta i 1906 den første motorbåtruta som skulle bringe mjølk til meieriet i byen og etter kort tid hadde han eit heilt nettverk av båtar. Mjølkebøndene fortsette å levere mjølka si til Mork og vart med på å starte andelslaget som seinare skulle få namnet Sunnmøre Meieri etter 1918. Kring 1930 tok Emblemsbygda Billag over mjølketransporten og kunne snart levere stabilt i alt slags vér, sjølv om teleløysinga kunne vera eit hinder dei første åra. Med dette vart også dampskipskaia avleggs og ei ny tid med biltrafikk var i emning.

I dag er det få spor att etter meieriet. Etter det eg har hørt, så vart delar av murane brukt oppatt til bru-kar på brua innanfor løa i Negarden. Treverket vart kjøpt av Kjøt-Iver og frakta ut til garden Bjørkavollen bruksnr. 4 under Øygarden i Puskhola der det vart nytta ved bygginga av løa til Iver Andreassen (f. 1881). Iver var gift med Karen Iversdotter Furset (1878-1912) og var dermed svigersonen til Iver. Desverre så er løa riven no, så det er ikkje mogeleg å ta mål av stokkane for såleis å få eit klarare bilete av korleis meieriet ein gong såg ut. Eg har heller ikkje funne noko bilete av huset. Det er mogeleg at det hadde eksistert bilete om drifta hadde vore i gong kring 1910 då fotograf-brørne Steinkopf-Wold vitja bygda. Dei tok også eit ekstriørbilete av Berg-huset der Lars Olsen Emlem dreiv landhandelen sin, men eg kan ikkje sjå spor av meieriet på biletet, sjølv om Ebbegarden like ved synest særs godt. Dømet med slaktinga syner at Kjøt-Iver var temmeleg kjapp i vendinga og det er derfor mogeleg at meieriet var demontert allereie. Meieridrifta vart temmeleg kort i Emblemsbygda, men arvtakaren, Sunnmøre Meieri heldt stand mykje lenger. I dag er det for det meste snakk om rasjonalisering og nedlegging av både gardsbruk og videreforedlande industri, men minna består i alle fall i korte trekk her på denne nettstaden.

Arnold Farstad 01.10.2020 14:01

Fin og interessant antikkel - mjølkehistoria er mangfaldig - ig diverre for lite påakta. Eg skriv lit im mjølkesogA PÅ Nordøyane - til Haram kulturhistoriske