Oshaugen i Emblemsvågen

Dette er "Os-Nikolay", sonen til Halvor Matiassen (1825-95) i Mattisgarden på Østrem og bror til Mathias Østrem som var den første som dyrka opp til hesteredskap og innførte maskinell drift i bygda og bygde sitt eget kraftverk - det første i Borgund kommune. Medan Mathias tok over farsgarden, måtte Nikolay gifte seg til ein gard. Han var først gift på Blakstad i Sykkylven, men gifte seg oppatt med Hansine Hansdtr. Davenes (1864-1934) som du kan sjå på biletet. I 1888 kjøpte dei Oshaugen i Emblemsvågen og

Dette er truleg Johan Nikolaisen Emblemsvåg (f 1892). Han var broren til Hans og Nikoline. Eg finn han ikkje att i 1910 tellinga.

Dette er truleg Hans Nikolaisen Emblemsvåg (f. 1898) og søstera Nikoline (f 1896) Begge vart født på garden Osehaug bruksnummer 4 i Emblemsvågen. Dei var borna til "Os-Nikolay"

Hans Nikolaisen Emblemsvåg (f. 23.6.1898) var son til "Os-Nikolay" og tok over garden Oshaugen br. nr. 3 og 4 i Emblemsvågen. Hans var ei tid i Amerika før han kom heim att og gifte seg med Anna Petersdtr. (f.28.3.1902) Anna kom frå Ystebøen på Emblem og var søster til Klara og Nikkoline som gifta seg med Petter og Knut Magerholm og flytte til Spjelkavika. Anna døde i barselseng samme år som ho hadde gifta seg i 1929. Barnet overlevde og fekk namnet Anna. Hans drog då attende til Amerika i 10 år til.

Oshaugen 2015. Foto: Svein Ove Østrem

Naustet til Båt-Nils frå innsida Foto: Krogsveen Eigedomsmegling frå salgsprospekt på nett våren 2017

Oshaugen ca. 1925. F.v.: ei førebels ukjent tenestejente på garden. Kjenner nokon henne att? Lovise Snefrid Ask, gift Emblemsvåg med borna Harriet og Kari. Bildet er lånt ut av Marit Bjørlo Leithe.

Osehaugen, bruksnummer 3 og 4 er ikkje av dei eldste gardane i bygda vår. Garden ligg på neset i sørvestre del av innmarka til Emblemsvågen, med grense mot garden Sandvik i aust. Garden er utskild frå Knutgarden.

Opphaveleg var heile Emblemsvågen kun eit gardsbruk, og før det så var dette truleg del av innmarka til garden Emblem. Ein finn spor av menneske heilt attende til folkevandringstida. Det låg fleire små gravhaugar her,  så folk har visst å utnytte området i lang tid. Gravhaugane kan setjast i samanheng med gravene på Ystebøen og vitnar om eit godt matgrunnlag i farne tider.

Emblemsvågen vart skild frå hovudbruket, Emblem, på slutten av 1500-talet. Deretter vart det to hovudbruk frå 1712, og slik har det vore sidan. I 1836 vart plassebruket Vågen rydda og seinare kom det til fleire plassar utover 1800-talet. Med plass og plassebruk meiner eg husmannsplassar, og dei var det ein god del av i Emblemsbygda. Husmannsplassane låg hovudsakleg nede ved fjorden og gav rom for livberging gjennom fiske. Andre attåtnæringar kunne vere brenning av kolmiler, om ein var så heldig å få rett til dette.

Dei to hovudbruka hadde teigblanding fram til utskiftinga i 1907, som bestod av 10-15 teigar. Gardshusa var opphaveleg samla i eit klyngetun oppunder hamrane mot grensa til Emblem. Eg er ikkje sikker på om dei nye bruka fekk sette opp husa sine i dette klyngetunet, men dei vart neppe sett opp der. Andre har beskreve plassane meir som «små hus nede mot berga» og «innover langs fjorden» så det var truleg slik plassehusa i Emblemsvågen stod før 1907 óg.

Utmarksbeitet i fjellet har Emblemsvågen alltid delt med emblemsgardane og Røssevollen. Dei hadde opprinneleg eit beitegjerde vestanfor Vågeplassen, nær Emblemskaia. Emblem og Røssevollen har fortsatt sjøveg, naustplassar og opplagstomter i Emblemsvågen, medan Østrem har hatt ei gammal «tømmerløype» som endte i Kriken, lengst søraust. Her var det tørt ved fjøre sjø, men ein kunne kome seg inn med ein lasta trerøring når det var flo. Merka etter tømmerkjøringa var fortsatt synleg kring 1920. Kriken er elvesletta nær volleyballbana og bålplassen på Emblemsanden, der Storelva renn ut i fjorden.

Emblemsbygda og Emblemsvågen har i tidlegare tider hatt mektige eigarar langvegsfrå. I 1624 var det Jakob Rosenkrantz som eigde begge gardane. Andre eigarar har vore borgarmeisteren i Bergen, Astrup-slekta og ein rekke prestar og prostar. Brukarane har så leigd gardane eller plassane. Først på slutten av 1800-talet byrja sjølveigarane å dukke opp. Osehaugen har aldri vore ein husmannsplass, og brukarane var aldri leiglendingar, men det er ikkje noko stort bruk og heller ikkje det beste utgangspunktet for å fø ein storfamilie med kårfolk attpå.

I 1868 kom voldingen Nils Rasmussen Løset (1840-1910) til bygda, saman med kona Nikoline Simonsdotter Kaldvatn (1842-1929) som óg var frå Volda. Han kjøpte seg eit stykke av Knutgarden for 250 speciedalar og rydda seg ein gard. Selgaren var Knut Ingebriktsen Emblemsvåg (1839-1917) og Oline Nilsdotter Blindheim, opphaveleg frå Vigra. Då knut selde til Nils, heldt han att retten til åttringnaustet, som han hadde sett opp der, og han ville framleis ha retten til å jage kyrne sine langs elvakanten på Osehaugen, vår og haust. Stykket vart skyldsett til 18 skilling med bruksnummer 3. Seinare kjøpte han attåt eit stykke til som vart skyldsett til 10 skilling. No var skylda på bruket 28 skilling, og garden fekk bruksnummer 4. I 1890 vart skylda revidert til 40 øre og det var med andre ord ingen storgard akkurat. 


Det finst fleire historier om Nils og Nicoline. Nokre av dei kan du også lesa  om under plassen Løvika, Nedregotten(7). Dei flytte nemleg dit, og rydda  seg ny plass i 1891. Når det gjeld tida på Oshaugen, så vert det fortalt at Nicoline var svært nysgjerrig, og til dels sjalu. Ho fekk Nils til  å snu heile naustet, slik at ho kunne sjå kven som kom og gjekk, når han arbeidde der. Gamlehuset  låg nemleg nærare naustet, ved småelva som renn ut der. Dørene vart flytt vekk frå sjøen, slik at  Niccoline kunne sjå kven som vitja mannen. Han vart helst kalla «Båt-Nils». Færingane fekk god  omsetning i distriktet, og kanskje finst nokre av dei på Emblem også.  Osehaugen overlet Nils til Nikolay Halvorsen.


I den gamle bygdeboka frå 1961 vert Nikolay Halvorson (1858-1926) omtala med etternamnet Blakstad, og opplysningar om at han var frå Sykkylven. Dette er ikkje heilt korrekt. Han kom rett nok frå Sykkylven då han kjøpte Osehaugen i 1888, og kona, Hansine Hansdotter Davenes (1864-1934), var frå Sykkylven men Nikolai Halvorsen vart fødd i Mattisgarden på Østrem. Garden vart heitande «Mattisgarden»  etter broren hans . Mattis Halvorson Østrem var den første i bygda som dyrka opp markane for hestereidskap, og han bygde dessutan det første kraftverket i Borgund Kommune ved hjelp av svogeren til Nikolai. Nikolay hadde ingen gard å overta, men han fann seg ei jordajente på Blakstad i Sykkylven og gifta seg der. Seinare gifta han seg opp att med Hansine, og flytta attende til Emblem. Med seg på lasset hadde dei med seg sonen Knud på 7 år. Etter kvart fekk dei enno fleire born. 

a) Knut Lauritz (1881-1902) som vart fødd på Blakstad.

b) Lovise Ingeborg  Hansine ( f.1884) gifta seg i 1906 med vognmann Leonard Ols. Gåseidnes, busett Ålesund.  Han var 

bror til Lars, og begge byrja å kalle seg Wennersberg.  Lars gifte 

seg med   Inga Østrem(1), frå Mattisgarden. Det  var søskenbornet 

til Lovise. Dottera Maria  «Maja» Wennersberg gifta seg med Christian Midthus, busett  ett aust for tunet til Ytrebøen, 

inne på Magerholm.

c) Jensine Karoline  Birgitte ( 1889-1891) var tvilling.

d) Inga Nikoline (1889-1891) var tvilling.

e) Johan Ingvald (1892-1946) gifta seg i 1922 med Louise 

Snefrid Ask, busett i Ålesund. Han arbeidde  ei tid i California 

frå 1910, saman med broren Hans og  søskenbornet   Fredrik Østrem(1). Familien leigde seg inn  i Knutgarden, hos   Karen Emblemsvåg om sommaren på  1930-talet. Du finn ein eigen

tekst i venstremenyen av dottera Harrieth, gift Leite, om dette.

f) Hilmar Jørgen (1894-1895) døydde av kikhoste.

g) Nikoline Hansine  Petrine  (1896-1985)  gifta seg Larsen, 

og tente på   Blindheimsnes(1) i  1910. Er  gravlagd i samme 

grav som foreldra sine.

h) Hans Bernhard (f.1898) tok over bruket.

i) Laura (1901-1902) døydde av strupehoste.

j) Knud Lauritz (1904-1986) gifta seg i 1947 med Svanhild 

Nilsen, King County Seattle. Han drog til  USA i 1923, 

og har etterslekt der.

k) Hilmar Karl (1906-1983) tok over bruket seinare.

Garden gav på ingen måte mat nok til å brødfø familien. I 1900-tellinga er det registrert dyrking av korn og potet, og han hadde dessutan litt fjørkre og krøter. For å få endane til å møtest måtte han, som så mange andre i bygda, livberge seg på fiske og tørking av fisk på berga. Tørrfisken gav pengar i lommeboka for den som klarte å få til god kvalitet. Nikolay selde truleg fisken til broren Mathias, som hadde bygd seg ei sjøbu på eit berg rett ved Østrems- og Nedregotnausta. Det seiest at han dreiv eksport heilt til Spania. Han hadde også eigen frakteskute, og det var på veg heim frå ein slik tur at han stoppa i England, for å kjøpe med minikraftverket til garden sin.

Eldstesonen Knud tok ikkje over farsggarden, og det gjorde heller ikkje den nest eldste sonen Johan heller. Det kan bety at garden ikkje var særleg attraktiv eller lønsam. I 1900 er Knud registrert som fiskar i staden, med mellombels bustad i Ålesund, og ved teljinga i 1910 er han ikkje registrert i Borgund kommune lenger. Både Knud Hans og Johan reiste på godt betalte arbeidsturar til Amerika. 

Det var mange sambygdingar som begav seg over Atlanterhavet for å finna seg ekstra arbeid. Nokre var sjømenn som gjekk i land, medan andre for over eine og åleine for å arbeide i trelastnæringa i kortare periodar. Emblemsbygdarane hjalp kvarandre med å få arbeid der borte. I Steffågarden på Emblem var faren og fleire av søskena til Karl O. Emblem, samt fleire av slekta deira i Negarden og Auregarden på arbeidsturar til California. I heimbygda var det lite å ta seg til og det var ikkje mykje å velje i. Når alternativet var arbeidsløyse så vart behovet for å reise frå heimlandet også større. Men det forunderlege var at såpass mange kom attende. Frå bilde i slike "Lumber Camps" på vestkysten finn ein gjerne fleire slektningar på samme staden. Hans, Johan og søskenbornet Fredrik Østrem var i alle fall på samme bilda, før Fredrik tok til å satse på fiske og fiskebåtar i staden. 

Hans Nikolaisen var ein av gutane som kom heim og han hadde funne seg ei jente på Ystebøen óg. Det er ikkje utenkjeleg at han vart saman med Anna Petersdotter Emblem (1902-1929) før han drog. Kanskje var det behovet for å skaffe pengar, slik at dei kunne gifte seg og kjøpe Oshaugen frå faren Nikolai, som var årsaka til heile amerikareisa? På denne tida fantest ingen folketrygd og pensjonsordning, slik som i dag. Nikolai trong derfor pengar til å klare å forsørge seg og kona si resten av livet. På større gardar kunne ein ta kår hos den nye brukaren, og dette var ein del av betalinga. 

Hans og Anna gifte seg i 1929. Dei overtok bruket, men lykka vart ikkje varig, for Anna døydde i barselseng alt det same året som dei vart gift. Bornet overlevde fødselen, og fekk namnet Anna "Lill-Anna" Harriet Emblemsvåg (1929-1998). Faren, Hans, drog rett attende til Amerika medan Anna vaks opp hos besteforeldra på Ystebøen. Så vidt som eg veit så returnerte han omsider til gamlelandet igjen like før andre verdenskrig. Hans kjøpte formelt garden i 1930, og skøytte ikkje frå seg bruket før i 1947.


Broren Hilmar Karl Emblemsvåg(3+4) (1906-1983) fekk skøyte frå bror sin i 1947, men hadde dreve  garden heilt sidan faren døydde i 1926. Hans tok nok omsyn til dette, når han selde seg ut. Hilmar  gifta seg med Anne Kristine Edø (1913-1989).

a) Nils Jan (1938-2011) tok over bruket.

b) Herdis Annie (1953-2012) gifta seg i 1972 med Jostein 

Ole Overå, busett i Oslo.


Sonen Nils Jan Emblemsvåg (3+4) (1938-2011) gifta seg i 1961, med Anne Johanne Ingebrigtsen  (1939-2017) frå Haramsøya. Nils Jan var aktivt med i revy og teater. 10 år gamal las han dikt på  NRK, saman med programleiar Rolf Kirkevaag. Nils Jan vart også russepresident i Ålesund. Dei  fleste kjenner han nok best frå sine mange år som realfagslærer ved Blindheim Ungdomskule, men

han har også budd utanfor bygda, i forbindelse med si lærergjerning. 1964 kom sonen, Halvor, til  verda på Rena. Anne arbeidde som syerske når dei gifta seg. Nils Jan var då framleis student i  Trondheim. Det vert fortalt at han var den yngste som hadde stått på talarstolen, for å halde 17.  maitale, på Emblem. Den gongen var det ikkje vanleg at skuleborna fekk slikt oppdrag. Han nådde  ikkje over kanten på talarstolen, utan noko å stå på.

a) Nils Arne (f.1961) gifta seg først i 1996 med Nina Løberg, 

Asker. Så gifta han seg på ny i 2007 med Ane Helene  Stang, 

busett i Vollen ved Asker.

b) Olga Anna (f.1963) gifta seg i 1987 med Ole Roger 

Frøland, busett på Hankane.

c) Halvor (f.1964) tok over bruket.

d) Jan (f.1971) gifta seg først i 1997 med Navita 

Oberoy, Mumbay. Han gifta seg opp att i 2006 med 

Tone- Ellen Thune frå Vågstranda, og i 2019 med Marianne 

Synnes, frå  Ålesund. Ho er stortingsrepresentant for Høgre 

i Møre og  Romsdal. Han er busett i barndomsheimen på 

Oshaugen.


Sonen Halvor Emblemsvåg(3+4) (f.1964) tok over bruket, og fekk skøyte frå faren i 1997. Han arva  mykje av den same gleda for realfag, og utdanna seg til sivilingeniør i teknisk fysikk. Han var heller  ikkje den einaste i søskenflokken som valde seg realfag som utdanning. Halvor gifta seg 1990 med  Cathrine Jystad frå Trondheim. Dei budde ei tid i både Vesterås og på Sunndalsøra. Halvor gifta seg  på nytt i 1996, med Marita Liss Giske (f.1966). 2016 selde dei garden, og er i dag busette på  Blindheim.

a) Cecilie (f.1990) er saman med Johnny L. Dahle, 

busett i Trondheim.

b) Marte (f.1992) er student, busett i Trondheim.

c) Matias Leander (f.1997) er busett i Ålesund.

d) Isak (f.2002) er busett i Ålesund


Geir Bertil Aspehaug (f.1979), frå Hesseberg, kjøpte Oshaugen hausten 2016. Han er sonen til Anne-Lise Blindheim, frå Bryggå, Hesseberg(3), og Gunnar Aspehaug frå Spjelkavika. Dei bygde  seg hus på tomt frå Bryggå, der Geir vaks opp. Han er banksjef i Sparebanken Møre i Spjelkavik, og  sambuar med Tina Corneliusen Skorpen (f.1981). Ho er oppvaksen på Brendhaugen, på Flisnes, og

utdanna jurist. Ho jobbar no hos NAV Pensjon avd. Ålesund. Dei har tatt opp att gardsdrifta, og dreiv nyleg  litt med sauar.

a) Fredrik (f.2009) er busett på Oshaugen, Emblemsvåg.

b) Emil (f.2013) er busett på Oshaugen, Emblemsvåg.

c) Thea (f.2014) er tvilling,  busett på Oshaugen, Emblemsvåg.

d) Sofie (f.2014) er tvilling,  busett på Oshaugen, Emblemsvåg.

-->

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...

Marit Bjørlo Leithe | Svar 17.10.2018 20.35

Interessant lesing, for meg som prøver å skrive om slekta mi fra Osehaugen. Min bestefar var Johan Ingvald Emblemsvåg. Han dro 11.04.1910 tilCalifornia.

Svein Ove 17.10.2018 22.52

Eg har no litt meir om Osehaugen, som ikkje ligg her enda. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.04 | 14:14

Vi vil mer enn gjerne ha tekst og bilder om det, ja Send gjerne til sveostrem@hotmail.com, da kan jeg sende tilbake det jeg vet om Olivia

...
28.04 | 13:22

Vi hadde hytte i Løvika. Det var min barndoms paradis. Dersom det framdeles er aktuelt,skriver jeg gjerne noe av det jeg husker.

...
28.04 | 05:56

Min farfar, Rasmus Østrem f. 1877, var nest eldste sønn på Ibrahamsgården. Ingen odel da så vidt jeg kan forstå. Dro til Ålesund som fisker.Gift med Olivia.

...
23.04 | 16:22

"Dei eldste i bygda", eller "Bjørnejag og overtru". Dei finst på emblemsbygda.com dei også

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE