Utdrag frå intervju med Inge Martinussen Emblem 6.10.2011

Martinus Knudsen Emblem (1881-1949) og Thea Emblem (f. 1886) Dette var foreldra til Inge Emblem. Ho var fødd i Auregarden og han i Steffågarden på Emblem. I 1910 var Martinus registrert som sjømann og truleg hadde han eit opphald i Seattle og i Canada óg. Dei gifte seg 24.6.1917 og budde dei første åra i Auregarden hos hennar foreldre som dreiv garden heilt til 1936. Då broren Lars tok over bruket, kjøpte dei Negarden og flytta dit.

Borna til Ole Larsen Emblem (1858-1952) og Marte Helene Eliasdatter Giskeøydegard, g. Emblem (1864-1948) i Auregarden. Framme f.v. Petra Emblem, Lars Emblem og Thea som var mor til Inge Emblem. Bak f.v.: Oline Emblem, g. Nedregotten, Laura Emblem, g. Akslen og Oskar Emblem. Det var Lars som sykla seg i koll på glattisen, og Oskar som dreiv Emblemsbygda Billag i mange år.

Dette er truleg eit bilete av "Tante-Ella" frå Steffågarden på Emblem. Ho var søster til mellom anna Inge sin far, Martinus og bygdehistorikaren Karl O. Emblem. Inge fortel at ho og var lærarinne ei tid på Emblem skule då han gjekk der.

Bilete av "Lars-Onkel" eller Lars Kornelius Olsen Emblem (1897-1952) som dreiv Auregarden og er faren til Leon Emblem. Foto: Leon Emblem

Auregardsbåten som vart skifta ut i 1952. Det var denne som Inge var på fiske med i 1928. Han nemner også nybåten og den kan du sjå bilete av under Auregarden på Emblem. Foto: Leon Emblem

Ekornes Møbelfabrikk i Ekornesvågen. Her jobba Inge Emblem etter at han slutta på Blindheim Møbelfabrikk. Foto: Svein Ove Dale Østrem

Ein kan stadig sjå restar av gamlevegen frå Magerholm til Spjelkavika ved sidan av den eksisterande vegen. Det var nok ikkje like mykje gras på vegen då den var i bruk, men det var likevel ingen behagelig køyretur med bakke opp og bakke ned på dårlege grusvegar. Noken syns det var kjekt med humpinga medan andre vart bilsjuke og fort gjekk det ikkje, i alle fall ikkje i teleløysa eller på vinterstida. Om sommaren var det utallige grinder som skulle åpnast. Biletet syner vegen like utanfor Eikenoskrysset. Til venstre ser du dagens flatare bilveg. Foto: Svein Ove Østrem

Inge Martinussen Emblem, fødd i 1919, vokste opp i Negarden, rett ova i haugen frå der han bur no, i ei leiligheit som tilhøyrer eldreboligane. Desse boligane vart bygd der garden Garsendhaugen, eller Tørkevollen låg fram til 1980-talet. Inge var 9 år då han kom til Negarden. Han vart fødd oppe i Auregarden og bodde der før foreldra kjøpte Negarden. Borna måtte tidleg vere med å bidra i den daglege gardsdrifta, alt etter kva dei greidde å gjere. Bjørkaris var ein del ta saudematen og bløytt halm var også vanleg. Silo kom seinare, men kraftfor brukte dei litt av. Ein var ganske stadbunden som følge av gardsdrifta. Dei dagane ein gjekk på skulen og hadde friminuttn var det stort sett å slå lyre. Det var om å gjere å klare å slå over stor-ospa som stod utai skulen. Noken var flinkare enn andre, men kven som var best, det var nok litt om kvarandre. Dei kunne óg nytte bilvegen som gjekk rett forbi, for det var ikkje så mykje bilar på den tida. Friminutta vinters dag vart stort sett nytta på kjelke ned Hjellhaugreset, Dei rakk to turar kvart friminutt og måtte følge tida sjølv. Det va no kjekt å ta seg en ekstra tur til, så det var no ikkje alle som kom seg inn at i rett tid.

Den første læraren Inge hadde på Emblem skule var ei gammal enslig dame som heitte Laura Humlen frå Humla. Lars Flydal var hovedlæreren, men det var også ei som heitte Ella Emblem som var søskenbarnet til Inge og systra til Karl O. Emblem. Bernhard Olsen kom mykje seinare og då var Inge ferdig på skulen. Ungane på emblemsgardane var ikkje så mykje inna om elva. Det var ei slags grense som skillde bygda i to. Dei utai elva var for seg og dei innai elva var for seg. Bygdeboka nevne denne gamle grensa som vart brukt til både grannehjelp og ved julelag på gardane. Det var ikkje noko uklarheit mellom dei to grupperingane som Inge veit om, men først og framst ei praktisk ordning. Ved større dugnadar og større hendingar som bedehusbasaren var heile bygda samla, men det kunne no vere litt oppdeling og konkurranse i for eksempel fotball den første tida. Inge fortel at han ikkje var noke særleg interessert i fotball. Han vart seinare busssjåfør i Emblemsruta men vil ikkje sei at det var på grunn av ei interesse for bil og motor. Den tida han vaks opp var det ikkje snakk om kva ein ville, men kva ein måtte gjere. Når ein var ferdig med folkeskulen så var det realskule som var eit sommarhalvår på Vigra og der gjekk han. Det var nokså vanleg på hans tid at ungdomane gjekk realskule.

Han deltok også på torskefiske ein sessong i en liten 28 fots motorbåt og der var dei 4 mann i ein liten lugar. Den eine var Ebbe-Elias som var nabo til Negarden, på Skillingen. Inge hadde også ein onkel som heitte Lars Olsen Emblem (f. 1897). Han sykla seg i koll på glattisen og miste livet då han var 52 år. Han var på den tida brukar i Auregarden. Lars kom frå Fiskerstranda for Leon heldt på å bygge seg ein motorbåt der ute og «Lars-onkel» hadde vore der ute for å hjelpe han. På vegen heim til bygda glei han med sykkelen på glattisen utai Puskhola. Lars hadde hatt ein liten båt sjølv tidlegare og det var på den båten Inge hadde vore på fiske utanfor Godøya saman med Lars, faren sin og Ebbe-Elias, når det var vér til det. Dei hadde ein liten lugar i båten der dei kunne sitte ein 3-4 mann samtidig, så det var trangt å sove ombord. Den eine køya måtte gjerast om til sitteplass om dagane. Kvar enkelt hadde med eigne fiskevegn og knytte dei saman til eit større garn. Inge var 16 år den gongen og fisken vart delt etterpå. Dei hadde omtrent 2 settingar på ein 30 garn og den fisken som ein fekk i garna sine fekk ein behalde sjølv. Det var ikkje så stort fiskeri det året men så fekk Inge ein stor rugg i sitt garn så det var han som hadde fiskelykka ombord. Dei sette garna i fire-tida på ettermiddagen og så var det å ligge å vente. Somme gongar låg dei då kring Alnes og andre gonger på Vigra. Når garna skulle dragast så var det å stå opp tidleg om morgonen. Tidlegare hadde ein hatt med seg ungjenter til å koke og å gjere opp fisken slik som dei gjorde på Reitebåten, men det var ikkje vanleg då Inge dreiv fiske nokre år seinare. (sjå Karl O Emblem sine forteljingar om fiske.)

Dei han hugsar som hadde motorbåt, som var bygd som små fiskebåtar, var Ystebøen, Auregarden og Reiten (Reite-Ivar) og dei som eigde båten var stort sett skipper ombord. Mattis Østrem hadde ei eiga sjøbu som stod rett aust for Nausta til Østrem på en oppbygd platting i naturstein, men han hugsar ikkje heilt utforminga. Han selde visst tørrfisk heilt til Spania i følge andre kilder og det var vanleg å tørke fisk på nær sagt kvar eit berg den tida.

Inge møtte Johanne Nilsdatter Akslen (f. 1923) frå Skaret på Ungsomshuset og på dans. Det var også dans ute på skuleplassen på laurdagar i sommertida. Han var med i ungdomslaget. Det var litt av kvart av aktivitetar der, blant anna folkeviseleikar og Inaumnesingen i handskrivne bøker. Inge var ikkje med på bygginga av ungdomshuset for det var det året han vart konfirmert, altså før hans tid. Inge gifte seg, flytte inn på Skaret og tok over garden der. Det merkast no at Ungdomshuset låg like ved og det var no en del sjau derifrå men det gjekk ikkje ut over nattesøvnen.

Inge kan ikkje hugse å ha høyrd kvifor oppkoma like ved Breiskaret heitte «Ølkona». Han kan derimot bekrefte at det vart feira Sankthans på «Øvste Legane» og der var det sommerfjøsa. Ebbegarden og Garsendhaugen hadde sel. Far til Olaf Hesseberg hadde en fjøs og Fursetgarden like så. Hatlebakken hadde ingen fjøs, kun selet på Skillingsetra, som står den dag i dag. Inge var med på feiringa oppå Legane og minnest ikkje nok anna feiring på Emblemsanden før speiderane byrja kring 1960-talet. Han kjenner ikkje til noke eige bilete av av Legane eller Nedregodten-fjøsane. Han veit ikkje så mykje om nedregotten sine fjøsa men meiner at dei var skikkeleg oppmura

Skaret hadde sel og frittståande fjøs på Østremsetra. Fjøsen for av garde under orkanen i 1992. Inni fjøsen lå det karosseriplater frå ei gamal Emblemsrute. Dei vart ikkje brukt til anna enn reperasjon og stort sett ikkje brukt. I tillegg hadde han ein gammal godsbil frå Emblemsruta til å ha ved i under trea like bak bussgarasjene på andre sida av vegen som kom tidleg på 1980-talet. «Vedskuret» vart ikkje benytta som buss, kun som påbygd lastebil.

Oskar Emblem var onkelen til Inge og var lenge sjef for Emblemsbygda Billag. Den gongen var det ikkje snakk om anna enn at ein måtte skaffe seg ein jobb om en likte den eller ei. Når Inge var ferdig med skulen på Vigra så var det ikkje så godt å vite ka en skulle gjere. Han begynte først på Blindheim Møbelfabrikk i 1937. Då var det ikkje bussruter så tidleg om morgonen så då måtte dei sykle utover for å vere på plass på Blindheim klokka 7. Ein måtte med andre ord tidleg opp men han slapp heldigvis å gå i fjøsen først slik som mange andre frå bygda måtte gjere før dei for på arbeid.

Inge viser fram møblane som er identiske med skjenken og spisebordet som Aslaug og Hans Austrem kjøpte seg og mange med dei. Han var med med å bygge den typen møblar. Rolf Ekornåsvåg stod for treutskjeringane. Inge vart 29 år før han fekk sertifikatet. Det gjekk då ei eiga «Arbeidsrute» frå Emblemsbygda Billag til byen. (denne fortel også Karl O. Emblem litt om i forbindelse med 1940). Så begynte ein del frå Emblem å jobbe ute i Spjelkavika, og Inge hadde på den tida slutta på Blindheim og fått seg jobb på Ekornes Møbelfabrikk i Ekornesvågen og han var ikkje den einaste frå bygda som jobba der då. Det vart rett og slett for lite med berre ein buss som gjekk kring kl. 7-7:30 utover. I Spjelkavika var det somme som arbeidde på skofabrikken og andre på møbelfabrikkar og liknande verksemder.

Emblemsbygda Billag hadde då ikkje råd til å ansette ein mann for å få kjøre to bussar utover. Det heile vart løyst på den måten at Inge snakka med Rolf Ekornåsvåg om han gjekk med på at Inge køyrde ei arbeidsrute til Spjelkavika først før han returnerte innover att for å arbeide på fabrikken og det gjekk Rolf med på. Inge starta så å køyre arbeidsruta til Spjelkavika, før han parkerte bussen i Ekornåsvågen og jobba der til klokka 16:00. Deretter tok han turen ut til Spjelkavika igjen og henta arbeidsfolket heim att. Inge hadde eigentleg starta karriera som grindagut som gutonge. Det var ein 12-13 grinder på strekninga Magerholm – Spjelkavika som skulle åpnast og lukkast sommarstida, men han var ikkje med på måkinga som Mauritz skriv om. Etterkvart vaks behovet for bussavgangar og særleg om somrane. Før privatbilen vart allemannseige så var det mange som hadde hytte på Emblem og Emblemsfjellet vart ein ynda utfardsstad for byfolket. Om vinteren var det skiturar som lokka og haust og vår var det fotturar. Bygda hadde óg ei fin strand som lokka og ved den første fotballbana til Emblemsbygda Sportsklubb sto det også ein litan kafe som Georg Embelmsvåg dreiv. Ein kunne kjøpe seg is mellom anna, men det var ikkje innlagd strøm. Isen vart laga på staden med eigen sveivereiskap og det var Inge også med på å lage i si tid. Ellers var det nok kaffi, småkake, vaflar, løfse og den slags. Det var ekstra inntjening når det var kamp eller utleige av bana til andre fotballag.

Han merka ikkje så mykje til dårlege veia i si tid som bussjåfør for det hadde begynt å bli veivedlikehald i litt andre formar enn tidlegare då det var dugnad og rodeansvaret som gjaldt. Med bussane måtte Billaget sjølv vedlikehalde og pløge den første tida før kommuna tok over ansvaret.


Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE