OM MOBILISERINGA 1940 OG KRIGEN 

INTERVJU MED KARL O. EMBLEM

Eg er ikkje sikker på kva år dette bilete vart tatt eller om det har samanheng med krigen i det heile tatt. Truleg er dette tatt i forbindelse med rekruttskulen  kring 1932 og Hans Austrem er nr. 2 frå venstre i første rekke.
Det er trolig Ansgard Indreseter som er nr. 4 i bakerste rekke.
Biletet tilhøyrde Aslaug Østrem
Eg er ikkje sikker på kva år dette bilete vart tatt eller om det har samanheng med krigen i det heile tatt. Truleg er dette tatt i forbindelse med rekruttskulen kring 1932 og Hans Austrem er nr. 2 frå venstre i første rekke. Det er trolig Ansgard Indreseter som er nr. 4 i bakerste rekke. Biletet tilhøyrde Aslaug Østrem
Bilde frå ei lukklegare og problemfri ungdomstid i motsetning til det som skulle møte dei i 1940. Hans Austrem står fremst som nr. 2 frå venstre. Det er mogeleg at Ansgar Indresæter er ein av dei andre rekruttane på biletet. Fotoet har tilhøyrd Hans Austrem
Bilde frå ei lukklegare og problemfri ungdomstid i motsetning til det som skulle møte dei i 1940. Hans Austrem står fremst som nr. 2 frå venstre. Det er mogeleg at Ansgar Indresæter er ein av dei andre rekruttane på biletet. Fotoet har tilhøyrd Hans Austrem

Avskrift av Ragnar Ulsteins lydband-intervju med Karl O. Emblem 10. januar 1985.

Ragnar Ulstein.:  Den tiande januar 1985 og eg sit saman med Karl O. Emblem.

Karl O., du skal fortelje lite grann om tida 1940 og gjerne meir om du vil, men det er no spesiellt det vi er komne saman om, men først vil eg vite dine personalia, når du e fødd og slikt.

Karl.O.:   Ej va født på Emblem den 21.2.1907 og bor fremdeles på Emblem i Ålesund kommune.

R.U.: Og i 1940 var du?

K.O.: Syv og tredve år.

R.U.: Sju og tredve, var du då i arbeid på garden eller i Ålesund kommune?

K.O.: Både og. Ej hadde nå det vesentlege arbeidet på garden då, men ej hadde også en jobb i gamle Borgund kommune på ligningskontoret der, og det var akkurat i arbeid den tida ditte her med krigsutbruddet kom då i 1940, og ej huska så vel opptakten her. Ej hadde fått gult kort...

R.U.: Ja, et øyeblikk. Ej må berre skyte inn at du var jo gift med Sanna?

K.O.: Ej va ikkje gift

R.U.: Åh, du va ikkje gift?

K.O.: Nei, men ej stod i ferd med å skulle inngå ekteskap.

R.U.: Då kan vi gå vidare.

K.O.: Å opptakten då det var som sagt vi fikk ditte kortet og skulle møte i tilfelle mobilisering. Når det gjaldt 9. april, so fekk ej vite ka so ha skjedd på veien til Ålesund i bussen. Ej hadde ikkje sjølv haurt på radioen den morgonen, ej hadde det nokså travelt om morgonen å kome mej avgarde, så det, skulle stelle fjøs å forskjellig sånt då så ej blei aldeles lamslått å høyre ka det va so hadde foregått. Når vi kom ut på kontoret, vi hadde kontor i Ålesund i Godtemplar Logen, nei i I.O.G.T. ute med Stornespiren og den såkalte "Gundersalen", men den dagen blei det ikkje veldig  mykje gjort. 

Det var ingen ting sikkert utkome om mobilisering. Somme sa det skulle mobiliserast og somme sa at det ikkje skulle mobiliserast og når ej reiste heimatt den dagen so va ej akkurat like vise, men ej va ikkje tilfredse med det. Ej ville ha, vite eit av to, og så tok eg sykkelen min då å køyre ut i Borgund, eller til Nørvasundet, til lensmannskontoret og snakka med nå lensmann Fjærtoft, så vi va veldig godt kjent med. Ej sa det at ej gjerne ville ha klart nå dette her om ej skal møte, i tilfelle kor ej ska møte og korleis me skal reise, om det er oppsatt rute eller noke sånt. Han visste ingen ting, men han to militær il til Molde og snakka med dei der oppe, og så tok han militær il til Veblungsnes og da først gikk det ut altså mobiliseringsordre her i Borgund. Å det blei oppsett båtrute og det blei sendt rundt omkring melding om at den båten gjekk der og der ifrå, den og den tida, og då hadde folk å møte opp.

R.U.: Då du var ute hos lensmannen, ka dato var det trur du?

K.O.: Det var den tiande. Ej reiste då heimatt og gjorde mej klar å møtte opp nede på Emblemskaia den 10. april for å reise vidare innover til  Åndalsnes. Dei som møtte opp då her ifrå bygda det kan ej gjerne seie namna på: Det va Petter Kaldhusseter, vi to va i lag, både på eksisen og vi va i lag under heile felttoget her i Norge. Petter P. Emblem, han va jamnaldring med mej, og handelsmannen vår han Sevrin J. Emblem, en som heitte Louis Wennersberg, han va i eit anna kompani, men han va med heile tida. Det va vi som ikkje va stridande, ej va stridende men vi va ikkje i fremste rekke, vi va me i...

R.U.: Ikkje med i feltbataljonen?

K.O.: Nei, vi ver med i....

R.U.: Landvernet?

K.O.: Ikkje... ja, det var det men det var sambandsvesenet altso. Men så va det han Hans Østrem og en so heitte Indreseter ifrå Magerholm. Dei var i første rekke.

R.U.: Ansgar, ja.

K.O.: Dei va yngre. Vel, Vi kom inn til Ørskog, der står det oppmarsjerte biler som tok oss over fjellet og der låg då Møringen, den store nye ferga her i fylket, og tok oss med. Då var det blitt natt eller sein kveld og mørkt. 

R.U.: Va det blitt den 11. ?

K.O.: Det va kvelden den 10. 

R.U.: Kvelden den 10., så det va så raskt det gjekk altså?

K.O.: Ja, det gjekk so fort når det først kom i gang. Vi kom inn til Åndalsnes og blei mottatt der då seint på kvelden, eller det va no vel nærmare natt. Og vi fikk ta inn på anekset til Grand Hotell Bellevue på Åndalsnes. Der fekk vi vårt første opphald. Han Sevrin Emblem va i grunn den som kom først i arbeid. Han va ikkje stridende, men han va kjøpmann og hadde vare å salg og sånne saker og ting og pakking som spesialitet. Å ej huska at han kom seint om kvelden oppi rommet der som vi heldt til å sa: «-Ej he aldri i mitt liv handla så godt som ej he gjordt i dag,» sa han. Då ha han ste i heile dagen. So slapp han å vere med so veldig lenge. Sannsynligvis so va kje det behov for han lenger for den første fasen da med det arbeidet so han utførte, det va i bunn og grunn ganske fort over.

Den elevte so marsjerte vi bort til Veblungsnes på Moa der og der fekk vi utdelt våre soldat-effekter, og det var mykje so hadde møtt opp der da, som va innkalla til tjeneste av alle sorter og kategoriar. Og dei so ej merka mej, og det som ej syntest va rart, det at der for fly over men dei gjorde ingen ting i forbindelse med den store oppsamlinga av folk som der va. For då va ikkje engelskmennene endå komen til Åndalsnes. Vi fikk våre effekter utlevert og marsjerte tilbake til vårt oppholdsted i Åndalsnes, skifte og pakka våre sivile effekter. Ka so blei ta dei, det skal ej kome tilbake til seinare.

Så begynde hverdagen då dagen etterpå. Det begynte med at vi måtte bort på moa  igjen. Der va det ammunisjon om å gjere, den skulle fraktast derifrå. Å vi fekk eit ganske tungt og hardt arbeid med å lesse på biler og kjøre den derre opp til ein stor gård der lenger oppi so heitte Aak. Der blei han plassert i ei store utendørsbygning. Sia så gjekk det då på vakter. Vi såg den første bomba so fall. Vi stod oppå verandaen der på Hotel Bellevue og såg ei mine so blei slepte på ein båt inne i Isfjorden so hadde ankra opp der. Trefte heldigvis ikkje då. Fremdeles so va der ikkje komne engelskmenn. Vi flytte derifrå Åndalsnes og opp ca 4 km til ein gard som heitte Mjelva.

R.U.: Va dokke store styrker nå?

K.O.: Ja, det tør eg ikkje akkurat sei, men vår avdeling som heile tida heldt samen det va ca. 30 mann, men der oppe va jo alt befal oppe på Mjelva. Å elles so var der soldater plasserte rundt omkring, ikkje akkurat at ej veit så nøye kar dei va alle. Der på Mjelva gård der gjekk vi vakter, dessuten så måtte vi vakte på den ammunisjonen som vi hadde kjørt opp der og da kom der også engelskmenn. Da begynde spetakkelet med bombing å styr. Der datt bombe lenger borte. Ej syntest at det var så forferdeleg rart. Der var ein veldig lang engelskmann, han va over 2 meter. Med same bomba small så låg han skinnflat på golvet. Detta va ikkje vi vant med, vi stod like godt vi, vilde no helst ut i vinduet og sjå ka so det va so skjedde. Vi gjekk vakt då på Sogge bru å ha eit inntrykk av at det va noke galt med nervå til disse here karane, engelskmennene,  for dei va ikkje vant med sånne skrede og dei haurde det datt borti fjella. Det var store isdjukla og det gjekk ei og anna småfonna og sånn og då va det med ein gong: «kva i all verden va det so skjedde, kva var det derre?» Det høyrdes ut som skot eller eit kvart sånt og det var no berre bra dei var observante då, men dei va uvante va dei med dinna here naturen.

Vi heldt vakt oppe på Sogge og ingenting skjedde bortsett frå at det bomba der då borte på Devold-marka og rundt omkring. Når vi så fekk ordre om at nå skulle vi forflytte oss igjen og vi skulle opp til Romsdalshorn stasjon og ta toget der ifrå og vidare opp dalen. Der oppe var vi observant på to jernbanevogne som va usedvanleg godt beskytta. So snart som oss nærma oss so va det bajonetten på med ein einaste gang og lurte på kva det var, og det var altså Norges Banks gullbeholdning som var komen dit og skulle reise vidare da langs kysten nordover.  Det va no noke som oss fekk vite seinare. Vi tok toget og reiste oppover. Vi va mange da, men kor mange det veit ej ikkje, men det va no eit stort tog og det var sikkert fullt og me kom opp til Bjorli stasjon. Det var reisens endemål den gangen. Vi fikk på oss ryggsekkane, fikk geværa og skulle marsjere tilbake ned til Stugeflåten.

Der va ei masse snø og ein kjentmann traff me nå på der ute som kom heseblesande. Då hadde han vore oppi eit stykkje oppi fjellsida der og kontollerte fly som var nedskote, tysk fly. Dei hadde forsvinningsdrakter dei men noke sånt hadde ikkje vi. Vi gjekk i våre gamle grønne og det var ikkje so vanskeleg for flya å peile oss inne, og det gjorde dei også. Det var berre ein ting å gjere, og det va å gå rett i grøfta. So va det oppe igjen å marsjere. Men det var altså den farlegaste turen trur ej hadde under heile krigen, for vi hadde stadig fly og vi måtte berre  prøve å skjule oss som godt oss kunne. Dei kom so lavt at ej tenkte med mej at hadde ej no hatt ei lange troe no så ville ej kanskje nå oppi. Det va fakta, så eg lurte på kvar dei kom igjen og kom igjen og kom igjen og so forsvant dei. Ja, dei kom opp og skaut gjorde dei. Det var forferdelig. Kom opp på veien der då. Vi rusja nerigjønå bakken der, ned åt elva der, å der va det en del kratt som vi skjulte oss bak, men ej venta kvart øyeblikk på å få ei kule, det gjorde ej. Kom på veien så stod der ein lastebil og den var det dei hadde pepra. Alle våre kom heilskinna fram og ikkje bare det, men når vi kom ned då til Stugeflåten, der va stort selskap, der va kongen og der var kronprinsen. Dei stod på verandaen og gjorde honnør og saker og ting, og vi hadde ikkje vore der i mange minutta før vi høyrde ei forferdeleg kanonade oppe på Bjorli og det blei nå ropt i gevær å oss va no forberedt på at no skulle vi nå tilbake igjen, men så kom der då  beskjed om at dette her var faren over for det var fly som hadde klart å sette fyr på fire ammunisjonsvogner og der var det håndgranata og saker og ting eksplosiver altså som det høyrdest ut som det va ein kanonade. 

Vi fekk anvist, ja so va no det over då. So fekk vi anvist losji med nå, ej trur det va Enok han heitte, Stugeflåten der nede nedai veien. Der var eit stort nytt to etasjes hus. Der hadde vi det godt for så vidt. Vi forstod det at vi sku vere der nokre dager. So blei det uttatt vakter som skulle tjenestegjere då med natta. Der var mykje snø, svært mykje snø. Der va møka vega der oppi tunet til hotellet so kongen va og kronprinsen va og regjeringa. Der va det møka ganga så store snøvelte i mellom altså, mannshøgde, så det gjorde det litt nifst. Ej fekk ikkje vakt før, va det i firetida, men då var Kongen og regjeringa reiste. Så var det eit ganske artigt moment, Ej gjekk der med opplanta bajonett og fullt magasin, så kjøm der ein kar stikkende fram frå ei snøfonn. Vi hadde jo ordre om at her sku det gåast strengt til verks og dei hadde å vise, altså papir for sej. Og ej sette no bajonetten på han, ej og så forlangte å få sjå visumet hans. «Å, ja», sa han, «det er medisinaldirektør Karl Evang.», då kom han forfrøsen og elendige og skulle leite etter konge og regjering.  So fekk han då vite at dei var reiste, men vi to han no inn å varma han opp og fekk en divan og fekk mat og varmt i seg og han livna no ganske snart til igjen. Det va no en episode, men der var ikkje långsamt, der va ein stadig strøm med bila som kom frå Oslo og dei hadde vi å kontrollere og det var ikkje berre småfolk, det var altså samtlige ambassader som reiste ned Romsdalen den gongen og alle emja då etter Kongen og kronprinsen og regjeringa då sevlfølgelig. Vi såg at dei hadde hatt hastverk. Vi kika bak i bilen so låg der i hulter til bulter med protokoller og brevordnere og saker og ting og kle og saker og ting som dei hadde hivt inni i siste øyeblikk og sett av gårde. Det var en som påsto at hen hadde kontrollert en bil der det sat den engelske over.., en av dei engelske generaler som heitte Heremsaid, men om det var sant det veit eg ikkje, men han for den veien.

R.U.: Javel.

K.O.: Han var på desse kanter då. Men det er nå så, der var i alle fall mykje bra folk. Der va ikkje bare ambassader der var no funksjonæra då, høyere funksjonæra, byråsjefer , alt detta here så ej he alder vore i så flott selskap i mine dager. 

R.U.: Viss alle sku i hus og eller få dei videre ?

K.O.: Dei for videre, dei sku først og fremst ned til Åndalsnes og det va nå kongen og regjeringa og hass sitt følge det dei først og fremst tok peiling på. Så dabba det av. Ej får jo fortelle det at vår første og største funksjon det var at det vi skulde halde sambandet i orden. Vi va i sambandskompaniet ved kaptein Grøner som sjef. Han skal vi kome tilbake til. 

R.U.: Javel, sambandet i orden...?

K.O.: Det gjaldt veiane, om der var bomba veia som trongst repareast, om bruene holdt, om telefonlinjene var i orden og likedant det elektriske, linjene. Vi hadde spessialista på så og seie alle område. Å var der ein feil, var der eit brudd, så var det av gårde og det var ikkje so hyggeleg å stå oppi ein telefonstolpe under sånne forhold. Slapp nå ej då, men der va no dei som måtte gjøre det. Vi eksserte en del då, om dagane. Ej kan no bemerke det at det kunde trengest for vi hadde ikkje vore inne på noke slags militære øvelse sia 1928, på 12 år, og det var enda ikkje det verste. Han nestkommanderende som vi hadde med å gjøre, han var kontorsjef av yrke. Ej ska kje nevne namn, men han hadde ikkje vore inne på militærøvelse sia 1914. Det må innrømast. 

Noke særlig øvelse hadde vi heller ikkje. Vi hadde endel øvelse der nedpå Åndalsnes, eller ned på Mjelva var det, og der hadde så nær det gått gale det for nestkommanderende og en til stod oppå trappa der på Mjelva gård og visste ikkje ta før der kom susande ei kule so og seie rett inn i dørstokken. Då var der en som hadde hatt ikkje berre laus ammunisjon, men han hadde hatt ei han ikkje visste om. Ej må nå fortelle at det va ikkje lenge etter at konge og kronprins var reiste før bombene begynnde å dette, og det var noke mystisk. Det var ikkje berre bombe men det var reale spreng-bombe men det va også sånne som skulle sette fyr på husa da. 

R.U.: Brannbombe?

K.O.: brannbombe, men dei datt i snøven og dei gjorde ingen skade og ingen kom til skade på grunn av bombinga. So skulle vi flytte igjen. Ej trur ej e ferdig med Stugeflåten no....  ikkje heilt. Ein av dagane kom der flygera heseblesande å skulle ha tak i batterier. Dei hadde sett ned flya sine på Lesjavatnet og om natta så var der sprengkulde og batteria va frøsne og no var der om å gjere at vi kunde skaffe dei batteri slik at dei fekk flya på vingene igjen. Men dei fikk dei nok ikkje for tyskerane dei sette fyr på alt sammen, så når vi kom opp til Lesja så såg vi skjeletta igjen borte på isen. Då vi kom til Lesja, ja, det var i grunn neste stoppested det. Det var en lastebil som tok oss med frå Stugeflåten og opp igjennom dalen der. Ej huska det ej sat der heile tida attpå bakerste kanten, på lukekarmen der og hadde det veldig vondt, men vi kom då fram. Vi var dei einaste som kom fram av heile vårt kompani. Dei andre dei blei atte nede i dalen. 

Når vi kom der opp  så hadde der vore bombing. Alle vindu i stasjonsbygninga var selvfølgelig ute og en av Dovregubbane, dei nye lokomotiva som begynde å gå då tett før krigen på Dovrebanen, den låg velta og  på tvers over skinnegangen. Vi såg nå dessa flya som var nevnt, skjeletta ta dei då, og vi va trøytt rett og slett. Ej la mej ned på eit bord altså, kaldt var det men ej søvna som ein stein og søv ei god stund og det gjorde mej veldig godt. Vi venta på eit tog som sku ta oss ombord og det kom nå då, og hadde venta på eit heilt kompani, og vi var berre ein tropp på 30 mann. Vi hadde det romslig. Vi kom opp til Dombås, det va ikkje lenger veien da, så kunne vi ikkje kjøre på stasjonen for den var nedbomba og nedbrende. Vi stoppa toget før vi kom til tunnelen og det toget som skulle oppover til Oppdal det stod på skinnegongen rett vis a vis oss, der var eit lite skogholt i myllå. Det vi hadde av saker og ting å leve ta det var ei kasse med brød også ein potetsekk og det tok vi med oss da og rusla opp igjønå skogen og entra toget og det sette seg i sving og vi kom oss av gårde. Det var masse tunnella, som du veit på den banen der og det likte vi veldig godt. For då va vi trygge. Vi kom til Oppdal , vi kom som til en annen verdensdel, der var stilt og fredelig og rolig. Der var ein lita tropp som eksserte der på stasjonen. Dei hadde forsøkt å få ei slags uniformsplagg på seg slik at der ikkje skulle vere berre sivil, men dei visste ikkje ta nokken ting der oppe. Ett og anna flyet som for over då.

Vi blei tatt inn på hotellet. Og veldig godt mottatt vi fekk ein herlig middag vi kom ned på bomberommet, fekk legge oss i ei god seng og fikk sove ut og ete oss gode og mette. Og vi skulle selvsagt videre der ifrå, men sånn  gjekk det ikkje for vi fekk beskjed då om at no hadde tyskeren gått over frå  Østerdalen og hadde skåre av veien på Mullsberg, to mil lenger oppe cirka. Og vi fekk ordre om snarast mulig å returnere til Åndalsnes. Og vi entra toget og kom no nedatte der. Der blei vi innkvarterte på ein bondegard. 

R.U.: altså til  Åndalsnes?

K.O.: På Dombås, og blei verande der både den dagen og natta og då høyrde vi slagtommen lenger nede. Kanone og mitraljøse og dei var ikkje så langt unna, men der var ikkje nokre andre soldata enn oss på Dombås, men der var mykje nedbrendt og nedbomba og mykje bila som var sette ut av funksjon. Så skulle vi ta oss nerigjøna dalen sjølve og på eiga ansvar. Vi huka en liten...

R.U.: Var då troppen gått i oppløysing?

K.O.: Nei da, vi var samla, vi var samla heile tida. Vi fann ein liten buss, 17 seters buss og der fekk ikkje vi med alle på anna måte enn at vi reiv ut alle seter og stod som sild i tynne og fikk med alle. 

R.U.: Kva heitte troppsjefen?

K.O.: Ja, vi hadde ein troppsjef men han huska ej ikkje namnet på, ein kjekk kar forresten. Vi kjøyrde nedover der noken mil da, men så av en eller anna grunn so fekk vi ikkje bruke den bilen lenger, anna enn det at vi måtte ta beina fatt og kom nedover til Horgheim og nedover til dissa øvste romsdalsgardane der å gjekk nokså lenge også. Då kom der ein kompis, ein kamerat og køyrde so og seie tom lastebil og vi greidde å skare oss opp på dinna lastebilen, og køyrde oss nedover, vi sette ut flyvakt så  det var mange opphold, vi måtte søke dekning rett so det va då nedover på vei mot Åndalsnes. Vi såg no fleire og fleire merke etter krigens herjinger, men først før vi kom til Åndalsnes so hadde vi eit stort stopp oppe på Verma stasjon der oppe, for der hadde dei kjørt i samen to tog og eitt av dei var eit amunisjonstog og den amunisjonen han var spredt utover heile 

området der. Og det var sånne bombekaster bombe og det var mitraljøseskøt og geværskot og saker og ting, so vi gjekk der i fleire timer å bar sånne ting og la dei i store dungar. Flya gjekk over, lakken veit, det var det som var spørsmålet for det var fly som hadde ei svarte vinge og ei kvit. Vi blei no ferdige med det og fortsette nedover. Vi kom då over fly då som hadde dotte ned og landa i elva lenger nede. Når vi nærma oss Åndalsnes så såg os ljøskje liksom over der og kom så langt at vi såg Veblungsnes og Åndalsnes så var det i brann, og vi fikk også sjå at Molde brende den dagen. 

Tyskerane dei va ikkje komne så langt enno sevlfølgeleg, men engelskmennene dei va på vill retrett, 

store bilar, den eine føre og den andre etter og søkte dekning dei i lag med oss der som det var dekning å finne og der det var nødvendig. Og vi forstod då at slaget var tapt og at det var alvorlege greier som venta oss. Når vi kom ned til Åndalsnes så stod altså rett og slett anekset akkurat likedan so vi forlet det og det var det einaste som stod igjen med, hotellet var brent og husa var brent og stasjonen var nedbomba og vi berre fortsette innover mot Isfjorden, kom innover og utover igjen på andre sida, det va ikkje vei til Åndalsnes da, å kom til Nordvika prestegard. Der blei vi demobiliserte og merkeleg nok så fekk vi våre sivileffekter bortsett fra kofferten og en frakk og noke saker og ting.

R.U.: Det var sendt dit altså?

K.O.: Det var sendt dit, så det var orden i retretten, det forstod vi da og vi fekk reise heim igjen på eige ansvar. 

R.U.: Veit du omtrent kva dato det var?

K.O.: Det veit ej ikkje men ej veit det dagen etterpå var, ej trur fakta det var pinseafta den dagen. For ej trur det dagen etterpå vi kom heim var pinsedagen eller noke sånt. Så ein må nesten gå tilbake til almanakka då, men.

R.U.: Ja det er lett å finne ut av det. 

K.O.: Og vi fikk skyss ut te Spjelkavikskiftet, å då var det ikkje lenger veien heimatt enn at vi marsjerte. Men dei andre sivileffektene våre dei var ikkje framkomne eller heimkomne, men husa heime dei var fulle med byfolk. Oss hadde tre familia der som hadde evakuert frå Ålesund. Når pinsa var over så reiste ej no til byen og grov ti både mine og andre sine sivileffekter. Då hadde dei stått der ute på Skateflukaia heile krigen. 

R.U.: Hadde dei det?

K.O.: Ja.

R.U.: Men dokke leverte dei jo inn på Åndalsnes?

K.O.: Ja, dei va komne ut til Ålesund og der var dei oppstabla og var i orden.

R.U.: Javel, men det var ikkje lite det?

K.O.: Nei, ej syntest det var godt gjordt. 

R.U.: I sånt kaos og all den brenninga?

K.O.: Ja, vi visste ikkje kor det ha gått med andre, men vår tropp kom atte heile om med liv alle samen.

R.U.: Dei gjorde det, ja?

K.O.: Ja, så det.

R.U.: Men Ansgard Indresæter, og...

K.O.: Dei fekk vi ikkje føling med før ei stund etterpå. Og dei hadde gått, så ej forstår, rømt over fjella.

R.U.. Ja, dei hadde vore med i feltbataljonen dei?

K.O.: Ja, det var dei det so var ute i hardt ver. Nei dei hadde ikkje så mykje å forsvare sej med. 

R.U.: Nei, det var det ingen som hadde so og det der er no ein grei sak, emn det e no. Gjekk det ikkje på nervane all dinna smellinga og alt ditte her eller det som skjedde? Det hadde jo vært et ustanseleg jag?

K.O.: Det gjekk no selvfølgeleg hardt på nervane, det var jo så uvant, det kom så uforberedt, og vi hadde alder tenkt at vi skulde komme opp i en sånn ein situasjon som ditta der, så nervane va jo med i spelet, men vi har jo forsont oss med både de eine og det andre so vi som va med til siste slutt. Ej hadde intrykk av at det vart bedre og bedre og ein aksepterte situasjonen sånn som det va ,så det gjekk no bra. Det gjekk no ikkje på helsa laust i alle fall. Verken på den eine eller andre måten. Ej må sei det, men det gjorde veldig godt å få kvile ut. 

R.U.: Ja, då hadde du vore vekk frå 10. april og no er det faktisk din av dei første dagane i mai, dette her?

K.O.: Ja, det var omtrent tre vike.

R.U.: Vi skal no attende til Stugeflåten der konge og kronprins var. Så har du jo seinare  i aviser og bøker  fått kjennskap til  at det der vart gjordt vedtak om å skipe Nortraship og dermed får kontroll over den veldige norske handelsflåten som var på alle hav og det var jo eit historisk vedtak. 

K.O.: Eit anna moment ej kan kanskje nevne, ej e ikkje redde for å sei det, om at den kapteinen som me hadde der, Grøner, han var nazist.

R.U.: Var han det?

K.O.: Ja, og det var i grunnen ikkje so rart at bombene begynde å dette straks ette konge og regjering va reiste, for dei hadde sine forbindelser og kven det var eller ikkje det kan vi ikkje sei, men ein kan no tenkje seg det ein vil 

R.U.: Ja da, det er veldig rart det styret der. Men elles so er det interessant at du nevne det at dei flya som flaug over Veblungsnes då dokke kom, dei let dokke vere i fred. Det var kanskje fordi dei då ikkje visste om det kom til å bli kamp for alvor eller ikkje, for dei låg jo i forhandlinga med regjeringa på det tidspunktet. Men engelskmenna var jo deira store hovudmotstander, så når han steig i land då vart det alvor.

K.O.: Ej kunde no fortalt det også at før ej forlot Åndalsnes så var det oppstillt antiluftsvern der nede og det var faktisk frå før forrige verdenskrig, det var ikkje noko nyare. 

R.U.: Nei, det var alle som snakka om at det var engelskmennene som var på vei for å ta Norge samen med med tyskerane, dei ser no vekk frå det at engelskmennene som kom i land på Åndalsnes og i Namsos det var rekrutta og sammenskrapa avdelinga som ikkje var ferdige med si førstegongstjeneste. 

K.O.: Det var no ein del av dei som fall der nede på Kvam, ej trur no det var ei femti stykkje. 

R.U.: Ja, men det var elitesoldatar, men dei kom jo endå ei veke seinare enn dei som du såg først. Det var dei første en og en halv, to bataljonene, dei hadde uøvde soldatar uten panservernkanoner og slike ting, utan panservern gevær. Men so kom då den bataljonen som slosst ved Kvam og dei kom rett frå Lill i Frankrike dei og det var toppfolk, men dei mista jo forsyningsskipet sitt med tungt artilleri ute i Nordsjøen så dei kom i land utan artilleri.

K.O.: Ej nevnte heller ikkje det at vi fikk jo sjå dei fyrste fangane då på Åndalsnes før vi reiste derifrå. Det var sånne fallskjermsoldater som dei tok på Dovre. 

R.U.: Kva inntrykk fekk du då av dei?

K.O.: Ej veit ikkje ka eg skal seie, dei va no apatiske, heilt apatiske og dei som skulle vakte på dei, ej syntest det va no litt av ei komedie det, dei hadde oppstillt der med gevær og saker og ting, somme på kne og somme so stod og dei måtte no tru det var amatøra dei hadde med å gjere og det var det.  Oss hadde ikkje anna enn amatøra, det må innrømmast det. Der var nokre karar so ej kom i kontakt med, det sa ej heller ikkje, de e ant ein gløyme, og dei var disse madlakarane som det var så mykje snakk om.

R.U.: Ja, dei tilhøyrde andre bataljon.

K.O.:Ja, vi kom i kontakt med slike, spesiellt en gong, ej huska vi va ned på Stuguflåten, dei kom med bil og stoppa og dei begynde å skulle ta seg mat, og så begynde ej å sjå på dei og feltflaska til den eine va berre filler, så sa ej kar he du vore med dinna der, sa ej. Ei kule, sa han,  slo ned rett i myllå, oss sat framme, sa han, og feltflaska kom i veien. Lenger var ikkje han frå døden.

R.U.: Nei, dei var nært dei.

K.O.: Og det e i grunden merkeleg at så mange kom frå det uskadde og med livet, det var eit under.

R.U.: Ja det var den andre bataljonen, som altså sjefen var kaptein Navelsaker, det var den som låg nedai Vinstra og som blei riven opp av ein tysk fortropp på ein 7-8 mann som fyrte laust med alt dei hadde av våpen og lysamunisjon og lysgranater om natta. Og heile bataljonen på 700 mann rømte, med sjefen i spissen, forsvant og då alt var over så viste det seg at dei ikkje hadde mista ein mann mens  britane som låg der rett bak dei og låg der ein par døgn dei miste altså då ein 60 mann eller noke sånt.

K.O.: Ja, ej såg jo, var jo bort på der når ej reiste nedover dalen då, på ferietur. Nei, det var ei triste tid og det var ei enno tristare tid den som kom. 

R.U.: Ja, det må ej seie. Har du tenkt å fortelje noke om den tida, etterpå, under okupasjonen?

K.O.: Ja.

R.U.: Du heldt jo fram med di stilling?

K.O.: Ja, det gjorde eg. Det var i alle fall ikkje noken muligheit for mej å reise noken steds for ej hadde sjuk mor og  døde på hausten då. Far var invalid og ej va den einaste som var heime og ej stod i ferd med å gifte mej og ta over bruket men ej trur ej gjorde mitt. Ej veit første våren sete ej tre mål med mandelpotete og fekk ei uhørt stor avling.  Det var nydelege potete. Vi hadde berre greva og stod nesten til 14. oktober før ej fikk det opp. Og vi tok opp ei desimalvekt so vi selde potete nedai åkera, dei kom med sine papir og vi vog opp åt dei der. Vi greidde ikkje å ta det, det blei ei 6-7000 kilo med førsteklasses matpotete. Og så var det ein anna ting, ej begynde med ein gong å så kveite og det var heldigt for vi fikk ho til og vi slo til og fekk eit nydeleg godt matmjøl av den kveita. Nei, det va no ein massevis ein kan fortelje om krigen, men då hadde desse gardskvennene slutta å rusle å gå, men vi hadde ei mølle ut på Mauseidvågen, Røbekk Mølle og ho tok onnda og mol. Så måtte vi ha papir då på kor mykje vi sku få male, so var det no avsnakka då at me sku få ta dobbelt opp og han va so kjekk kar at han mol først det som han tok på papiret og så mol han på papiret ein gong til  dermed so fekk oss dele med dei so ha lite og det gjorde vi for det var ikkje alle so hadde det so flust. Vi var heldige vi som ha gard å åkra i forholdt til dei andre.

R.U.: Det var vel eit godt år 1940?

K.O.: Ja, det var eit svært godt år, det va det, og det var gode år seinare også, men dinna dere dobbelmalinga skjøna du, det fortel ein liten grand  om kor toskete folk kan vere. Tror ikkje du då at det var noken som skrytte ta det? «-ej fekk male dobbelt opp, ej» og så kom det ein frå myndigheitene  veit du og så vart det kniven på..., nei menneskje e fødde dom og det bli ho.

R.U.: Det e alltid noken.

K.O.: Og den mannen han kunne komme i den største forlegenheit med men heldigvis so gjekk det bra for det va no den einaste kvenna som rusla og gjekk der så det, det va nå ei borti Sykkjølva men det var no lenger onda. Nei, vi hadde ikkje mykje ulempane ta krigen på Emblem. Det var ein og anna gongen

R.U.: Dåkke var jo bak døra.

K.O.: et var vi, totalt, det var ein og anna gongen det kom ei kolonne så marsjerte og så hadde dei øvelser av og til borti haua der, men elles så var det på slutten, det kan ej nå gjerne fortelle, ej hadde no besøk, både ein og to og tre gonger ta tyskera. En gong hadde konå ei korg med ullnøster ståande på golva og då såg han på dessa ullnøsta: -«Ull», sa han og stod der på denne måten der og hadde ikkje mykje ull på seg den karen. Ein annen gong då var det nå alvorlegare. Ej va formann i billaget, det e no ikkje noke å ta opp detta her men, og så var det ein søndag det kjøm der to karer, morske karer og banka hardt på døra og ej let dei no inn. - «Du, Boss, bil!», sa dei. «Nei», sa ej, ej e kje buss, bil». -«Jo», sa dei, ej va buss, bil. Peikte eg på naboen der, der var en nazist som kunne tysk, og han ha informert dei. Men så var det forholdet at ej ha slutta laurdagskvelden ej. Dei hadde hatt årsmøte og valgt han Lars H. Akslen her til formann etter mej, men det visste ikkje han naboen. Ja dei sa ej va kje noke buss,bil og dei gjekk og traff så han karen, og jau då, han var forman . Ej laug, meinte han. Kom dei igjen i eit raseri, nei sa ej, ikkje buss, bil og så fekk ej en idé å to almanakkå og så peika ej på datoen i går og så var det «buss, bil». Så peika ej på dagen etterpå, «ikke buss, bil». Då skjønte dei det å so peika ej innover her og forklarte sånn noken londe, gebrokkent kar dei skulle gå

for å finne tak i bussen.  

R.U.: Skulle dei ha ein bil då?

K.O.: Dei skulle ha ein bil. Ein einaste gong var ej ute på NS-kontoret og fekk no altså sjå sorten. Dei va til og med truende og dei spurde kor det ha blitt av pengane så oss skulle ha for den buss dei hadde leigd nedover til Oslo. Dei ville berre vite navn og addresse så skulle dei ordne opp med mej. Nei, me fekk pengane so oss trong, men ej fekk ikkje noke represalier. Nei, oss hadde det kjekt på kontoret. Der var en nazist, gift med ei tysk dame. Så høvde det sånn då at me hadde ein jøssing, som me sa og han hadde radio. Han møtte først. Og kvar morgon då so var det nyheitene og så hadde vi då opptrykkte aviser so vi distribuerte og vi diskuterte og fortalde til vi såg han nazisten i svingen der med Borgundbanken, då visste vi ka tid vi hadde å gjøre på. Når han kom då, so blei det no slutt med den greia. Og ej va litt ille ute, ikkje so rett lite forresten, ej skreiv til fylkesmannen og forlangte mej fritatt for å delta på denne here surrogat herredstyret. Det blei blankt avvist. Og kunne berre gjøre, enda det var fole lett for mej å ikkje sleppe fri for ej likte det slett ikkje. Ein kunde no bli skulda for både det eine og det andre,  og det blei eg også att med ej sat då i ligingsvesenet og då va kje det heller populært. So va det et møte, vi gjorde vedtak. Det var ein søknad om at kommunen skulle bevilge tusen kroner til frontkjemparane. Det blei blankt avvist. Så var det ein då på Hessa som sa då at vi he ei familie der ute som sit så forferdeleg trongt i det at det e no bedre at vi bevilga nokre penga til dei. Og det gjorde oss. Men detta blei slutt igjen det. Naziordføreren gjekk ikkje med på detta der og heller ikkje fylkesmannen. So heitest det det då at vi hadde bevilga tusen kroner til frontkjemparane, som vi alder hadde gjordt. Og ditta rota dei opp att etter krigen var slutt. Og dei so hadde vore med på detta vedtaket då, det var no alle sammen det, dei skulle simpelt hen sleppe å møte meir dei. Ej skreiv eit langt brev åt dei og fortalde kva det var so hadde foregått og ej haurde ikkje eit ord meir. 

R.U.: Ordføreren var jo altså eneveldig han.

K.O.: Ja, visst var han det. 

R.U.: Dokke var eit råd, og kunne ikkje...

K.O.: Nei, ingen ting og dessuten så fikk me ei veldig god oppreising i og med at når krigen var slutt så var han ikkje til å stole på han karen som var formann i ligningsrådet og dermed så overtok ej jobben hans og det var jo ei tillitserklæring og ej fortsette i herredstyret.  

R.U.: Nei, det var jo ikkje så vanskelig å forstå dessa tinga der, men det var jo en del opphisselse naturlegvis i begynnelsen i 45, Så det e vel so det.

K.O.: Og det va spesielt den so va oppi ditte offentlige styre og stellet og kanskje somme var misfornøgde for  skattane og ditte here, så kan det lett føre til å finne noke kvart på det.

R.U.: Men, der va altså her inne på Emblem då i grunnen... , du nevne en nazist.

K.O.: Ja, no var no ikkje han heller innskreven nazist og det va no en eldre kar, men han sympatiserte og va ta disse here som når vinden snudde so va han med. Og når Sunnmørsposten gjekk over til å skrive nazistoff då trudde han Sunnmørsposten mykje bedre enn Bibelen. Men ellers so fanst  ikkje her ein einaste en altså, så vi kunne føle oss nokså trygge, men vi såg ka so foregjekk, ja, vi såg no folk so gjekk og lurte på å få seg far over til England veit du, men det var ingen som vart anmeldt. 

Berre ei lita episode til. Ej sto på trappa og venta på bussen ute med Borgundbanken i lag med nokre andre funksjonæra der, so kjøme der en par tyskera som sku vere med landruta, so spurte når landruta gjekk. Ej lest ikkje forstå, ej svarte ikkje dei i det heile tatt. De begynte å trekke på seg altså, og drog på seg ganske hardt, og best so det e så kom bussen og så berre peikte ej den denne veien der og så sprang dei, men dei såg att med sine, det sku ikkje meir tej. Og der stod eit kvinnfolk og kviskra «du må fortellje, du må fortelje, du må sei det», sa ho og var redde, neida det gjekk no fint. Nei det e vel ikkje verdt å spandere meir tid på ditta here, du e jo lei av...

R.U.: Vel, ej syntest det var flott ej gitt, du. Vi har brukt akkurat eit bånd no.

(Slutt)