Brennhaugen

Tunet på Brennhaugen. Foto: Ragnar Øverlid i 1961 for Borgund og Giske Bygdeboknemnd. Biletet er publisert i lavoppløst kopi med tillatelse frå dagens bileteigar, Stiftinga Sunnmøre Museum. Biletreferanse frå DigitaltMuseum.no er: SM.F.001786

Dette er truleg Johan Knutsen Brendhaug frå Alvestad i Haram (1858-1934) og kona Else Paulsdotter (f. 1855) Fotografen er Enok O. Simmonæs ein gong mellom 1905 og 1910. Orginalplata tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: FAKf-100187.204131

Johan J. Brendhaug er truleg identisk med sonen til Johan Knutsen Brendhaug og Else Paulsdotter Brendhaug. Han vart fødd 13.8.1897 ifølge 1910-tellinga for borgund. Bildet kan dermed vere frå ein stad kring 1905 eller 1908. Biletet er tatt av Enok Simmonæs og orginalplata finst i Fylkesfotoarkivet: FAKf-100187.204136

Det er mulig at kvinna som sitter er Berta Sellø Nilsen med opphav fra Selje. Hun giftet seg i så fall med den langt eldre fiskeren Sivert Nilsen fra Borgund og fikk minst 2 barn. Det er mulig at hun har med seg søsteren sin på dette bildet. Den yngste jenta er i så fall Petra Anna Nilsen (f. 1908) som giftet seg med Andreas K Hesseberg (f.1887) som kjøpte Brennhaugen i 1927. det er med andre ord en viss mulighet for at Brennhaug-Petra er med på dette bildet. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: AM-95003.014555

Bryllupsbiletet til Petra Anna Nilsen (f. 1908) og Andreas Hesseberg (f. 1887) frå Nerigard på Hesseberg. Dei kjøpte Brennhaugen i 1927. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim

Petra og Andreas Hesseberg med borna ikring seg. Bak f.v.: Karl (Kallen) og Alfred. og dei to gutane som står ved sida av foreldra er f.v.: Reidar og Sverre Biletet tilhøyrer Peter Blindheim

Petra Anna Nilsen (1908-2000) frå Ålesund som gifte seg med Andreas Hesseberg og flytte inn på Brennhaugen. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim

Brudeparet Oddhild (f. Østrem) og Sverre Hesseberg. Dei bygde hus på garden ved staden der gamletunet ein gong låg. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim

Dette er biletet av Andreas Martinus Johan Karlsen Hesseberg (f. 1887) og søstera Karen Hesseberg (f. 1892) , sittande til høgre. Den unge kvinna til venstre er enno ukjend. Andreas og Karen kom frå Nerigar på Hesseberg. Då dette biletet vart tatt i 1914 var Andreas heime på besøk frå sitt nye heimland, USA. Han hadde emigrert i 1907 og slo seg ned i Eidsvold Township i Bottineau i Nord Dakota. I 1912 hadde den yngste broren, Daniel reist etter og bosatt seg i Rolette Township i nærleiken. Daniel vart gravlagd på Turtle Mountain Lutheran Cementrery i 1971. Andreas kom etterkvart heim og gifta seg med Petra Anna Nilsen (f. 1909) frå Ålesund. I 1927 kjøpte dei bruket Brendhaugen og flytta dit. Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: FAKf-100530.231808

Brendhaugen er del av den gamle matrikkelgarden Aksla, gardsnummer 2 i Emblembygda. Det er truleg Akslanakken som gav namn til hovudgarden. Det var ein gamalnorsk tradisjon å nytte lekamsdelar i fjellnamna og i dete tilfellet er namnet samansett av både aksel og nakke. Frå O. Rygh sin beskrivelse av gardsnamna i Romsdals Amt i 1908 kan vi sjå at uttalen den gong var lik dagens uttale. Namnet Aksla har vore skriven med «x» i staden for «ks», men har elles ingen store namneendringar frå garden dukkar opp i dei fyrste skriftlege kjeldene kring 1603. I 1723 er namnet framleis med x men elles skrive som i dag. Eg har ikkje noko grunnlag for å seie om namnet har vore annleis tidlegare, men forutset ein at gardsnamnet er gamalnorsk så kan garden vere rydda som eigen gard i vikingtida ein gong. Har fjellet heile tida gjeve namn til garden så vil i så fall namnet vore stava med bruk av det norrøne namnet «oksl» som tyder aksel. Det finst ingen arkeologiske funn på garden som kan fortelja om alderen, men det er mogeleg at Akslen har vore audegard og dyrka opp att på 1500-talet.

Brendhaugen kan ikkje skryte av so høg alder. Ser ein vekk frå ein plassemann under garden Reiten, som var del av Aksla fram til 1600-talet, så er det først kring midten av 1800-talet at plassebruka dukkar opp. Brendhaugen er ein slik plass og var opphaveleg ein del av felles utmark mellom Magerholm, Reiten og Akslen før 1840-åra. Kring den same tida vart Reiten seld til den første sjølveigaren, Hans Rasmussen Myrhaug (1790-1865) i 1833 og Den fattige bygselsmannen Jon Gundersen Vik (1796-1851) som kjøpte Høla i 1846, men som var så tilårskomen og fattig at han ikkje makta kjøpesummen på 200 Spd. og måtte skøyte garden til kausjonisten Lars Knutsen Emlem og bygsle i staden dei siste 6 åra han levde. Truleg var det behov for pengar, arbeidskraft og ikkje minst ein auka etterspørsel etter plassebruk som fekk dei nye sjølveigarane til å åpne for nydyrking og husmannsplassar som Brendhaugen.

Gardsnamnet «Brendhaugen» kjenner eg ikkje opphavet til. Det finst liknande Brendhaug-namn på både fjellområder og garder over det meste av landet. Truleg er det berre snakk om ein haug som har vorte nytta til å brenne bål på. Sidan det er gamal utmark i nærleiken av dei langt eldre husmannsplassane kring Magerholmvika, så kan det vere snakk om foreksempel kolmilebrenning som dei fleste plassemennene på Magerholm hadde rett på. Det er ingen ting som tyder på at namnet kan ha samanheng med eldre tiders heksebrenning og det finst ingen spor av nokon gamal tinghaug eller retterstad i nokon av dei kjeldene som eg har funne.

Den første plassebrukaren veit eg derimot meir om. Paul Olsen Kvien (1827-1912) kom frå Vartdal og fekk festebrevet sitt i 1849. Det var han som gjerda inn garden og dyrka det meste av slåttemarkane som enno er synlege. Paul var først gift med Kristi Knutsdotter (1817-1880) og deretter med Pernille frå Hjørundfjorden. På denne tida låg husa på andre sida av den gamle bygdevegen tettare inn under ein fjellhammar, omtrent der det i dag ligg ei stor steinblokk. I 1866 vart 3/10 av Brendhaugen skylddelt og kjøpt av Johan Pedersen Spjelkaviknes i lag med Akslagjerdet. Paul brukte resten av garden fram til han overlet garden til svigersonen Johan Knutsen Alvestad (1858-1934) frå Haram i 1884.

Det var eldstedottera Else Paulsdotter som fekk overta garden. I 1865 var det registrert 2 søsken på Brendhaugen. Den yngste, Petter E Paulsson (f. 1858) , var truleg odelson på garden sidan han var gut. Av ein eller annan grunn så tok han ikkje over bruket, og då vart det Else som vart verande på garden. Dette året vart det registrert 4 kveg, 2 får, 1/4 tønne med bygg, 1 1/4 tønne havre og 1 tønne med poteter men ingen hest. Plassen var fortsatt husmannsplass i heile Johan si tid som brukar. Han flytta også husa ned på hammaren der dei vart ståande heilt fram til dei vart rivne for nokre år sidan. Årsaka til denne flyttinga var at eit stort stykke av fjellet løsna og fall ned på tunet.

I 1900 har brendhaugfolket fått planta seg ein frukthage på plassen. Dei dreiv fortsatt med korn, potet og krøter ved sidan av, medan Johan driv både fiske og som murar attåt for å livberge familien som no hadde vokse til 7, kårfolket medrekna.

Kåre Magerholm har i heftet om barndomsminna sine frå Daleplassen i Magerholmdalen tatt med minner som omhandlar fleire av brukarane i nærleiken. Han nemner mellom anna Johan og Else på Brendhaugen: «Det var han Johan og kona Else (og ein Tafjord) som budde der. Der har eg eit minne ifrå som gjorde eit sterkt inntrykk på ein liten gutonge som eg då var. Ovanfor bygdevegen hadde Brendhaugfolket ein stor jordbæråker, og i den stod eit stort fugleskræmsel. det var ei stor trollkjærring i full mundering, og den klæsdrakta ho hadde på kan ikkje beskrivast, den måtte opplevast. ja, sjølve kråka måtte ha respekt for henne. Om ein målar hadde prøvd å måle henne hadde han gått Picasso i næringa. Frå trollkjærringa gjekk det ei snor over bygdevegen og opp til husa. Når folket på Brendhaugen drog i snora vart det eit syndens lurveleven på kjærringa! Det var nesten like fælt som mykje av den moderne musikken av i dag!

Dei var med andre ord nytenkjande på Brendhaugen og ein skal hugse at dette var ei tid lenge før ein byrja å nytta utgåtte fiskegarn til å dekke over buskene, slik at fuglane ikkje skulle få tak i den verdfulle bæra. Johan tok kår hos Den første sjølveigaren på Brendhaugen, Andreas Karlson Hesseberg (1887-1967)frå Nerigard, bruksnummer 1 på Hesseberg. Andreas gifte seg med Petra Anna Nilsen (1908-2000) frå Ålesund. og kjøpte plassen i 1927. «Brendhaug-Petra» og sonen Alfred (1930-2001) var dei siste som budde på garden. Gardshusa er i dag rivne og det er i dag opplagsplass for lastebil, gravemaskin på tunet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
03.04 | 23:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

...
03.04 | 22:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE