"BYGDA VÅR"-PROSJEKTET HAUSTEN 1987

Karl Flydal i smia
Karl Flydal i smia
arbeidsbenken i smia til Karl Flydal
arbeidsbenken i smia til Karl Flydal
5. klasse 1987 på skulekjøkkenet.
5. klasse 1987 på skulekjøkkenet.
Karl Flydal demonstrerar arbeidet i smia
Karl Flydal demonstrerar arbeidet i smia
Bjørn Eivind Skarpås Haagensen intervjuar Ivar Flydal utanfor naustet i Emblemsvågen.
Bjørn Eivind Skarpås Haagensen intervjuar Ivar Flydal utanfor naustet i Emblemsvågen.
Karl Flydal på besøk på skulen
Karl Flydal på besøk på skulen

Litt om «Bygda vår prosjektet»

Mykje av materialet som du no finn her på denne web-sida hadde nok gått i gløymeboka om ikkje Rektor Sigurd Langleite og lærarane ved Emblem skule hadde sett verdien i bygdehistoria vår. Hausten 1987 tok skulen på seg eit stort historieprosjekt som skulle inkludere bygdefolket og alle klassane på skulen. Målet var «å bli kjend i Emblemsbygda. Få betre kontakt mellom skulen og bygda og å få til eit samarbeid mellom lærarane.» 20 timar vart avsett for kvar klasse i perioden 20. oktober til 2. november 1987 fordelt på kring 2-3 timar per dag. Til saman vart omlag 120 undervisningstimar nytta og då er det forbereiande arbeidet til lærarane og Rektor ikkje nemd. Sluttrekneskapen syner at lærarane nytta 189 timar til forbereiing og etterarbeid , inkludert møter og totalkostnaden på prosjektet endte på 18.809 kr.

Emna som vart plukka ut var: post, telefon, butikk, båt, kaiene, bil / Emblemsbygda Billag, vegane gjennom bygda og smed. To og to klasstrinn vart organiserte i storgrupper med 3 lærarar. Lærarane bestemte innhald og arbeid som alle gruppene skulle gjere uavhengig av kva tema dei fekk ansvar for. I eit forbereiingsmøte datert 14.9.1987 vart ein enige om å nytte ei blanding av teikning og fotografering i tillegg til dei bileta som Sigurd Langleite hadde tatt. Resultata skulle framførast for medelevar og foreldre, Det kom forslag om at dei kunne kle seg ut og foreksempel lage ein butikk og stille ut ting som er utlånt frå heimane, eller vise teikningar. Elevane skulle lage intervju, illustrere, skrive stilar om det dei hadde lært og samanfatte dette i mellom anna veggaviser og hefter. Etterkvart vart det bestemt at ein skulle nytte gymsalen og samle heile bygda. Slik vart det også.

Første og andre klasse vart sett saman i ei storgruppe, 3. og 4. vart til ei gruppe og 5. og 6. likeeins.

Elevane vart delt inn i mindre grupper, på tvers av klassetrinn i storgruppa. 5. og 6. klasse vart delt inn i gruppe 1, 2 og 3. Eg har desverre ikkje noko nedskrivne opplysningar om kven som gjorde kva i 1.-4. klasse eller inndelinga i smågrupper utanom Sigurd si gruppe. Bileta på denne sida gjev deg likevel ein god peikepinn om du ynskjer å få vite meir om dette. Resten av teksten handlar om 5. og 6. klassingane sine ansvarsområder.

Gruppe 1 hadde Kolbjørn Kildehaug som hovudansvarleg lærar. Storgruppa bestod av følgande elevar: Bjørn Harald Reiten, Patricia Stafseth, Steinar Øye, Ole Kristian Østrem, Gerd Lise Wiig, Lena Bjørdal, Libeth Brevik, Kjell-Petter Dalen, Wenche Emblem, Svein Erik Haugmo, Vegard Helgheim, Odd Stian Jacobsen og Harald André Langedal. Dei arbeidde med kaiene i bygda.

Gruppe 1a skulle ta for seg «Mattisbua og vegen dit». Reidun Garshol og Jonna på Skaret var sett opp som intervjuobjekt og ressurspersonar. Gruppe 1b intervjua Knut Nedregotten og fekk lære meir om Nedregottvika (Hammarsvika) og vegen dit. 1c fekk temaet Emblemskaia og god hjelp av Eli og Harald Reiten medan gruppe 1d intervjua Mauritz Akslen og Peder Magerholm om Magerholmkaia. Her hadde Sigurd samla inn bilete og gjordt lydbandopptak på førehand. Trygve Østrem fortalte óg om båtliv på fjorden i 1987 sidan han arbeidde som statslos.

Sigurd Langleite var hovudansvarleg for storgruppe 2. Øyvind Akslen vart leiar for gruppe 2a, Leif-Sindre Emblem fekk ansvar for gruppe 2b, Jo.Einar Emblemsvåg for 2c og Birgitt Skarpås Haagensen vart leiar for gruppe 2d.

Øyvind André Akslen, Marthe Indrestrand, Frode Akslen og Trine Valaker arbeidde med vegane gjennom bygda. Dei fekk besøk av Bjarne Nedregotten som teikna vegane på kart og påviste restane. Han vart intervjua av elevane som ville vite meir om dei første råsane, korleis den første vegen vart til, korleis folk tok seg fram etter den eldste vegen og kva slags varer dei førte fram. Stiloppgåva vart: «Då Ola datt ned frå låvebrua og måtte til doktor?». Elevane skulle også teikna

ferdafolk på den første «vegen», teikna moderne ferdsel langs riksvegen, peika på farene med dagens bilveg og ei rekke andre spørsmål.

Leif-Sindre Emblemsvåg, Elisabeth Nedregotten og Jon Inge Engesmo skulle arbeide med Emblemsbygda Billag frå starten og til krigen. Dei fekk besøk av Osker Emblem, intervju med han og ei rekke billettar og kort frå billaget som enno var i drift. Sigurd hadde intervjua Peder Magerholm, Oskar Emblem og Nils Akslen på lydband og avskriftene fekk elevane utdelt. Dei fekk óg eit skriv om Emblemsbygda som Karl O. Emblem hadde skrive.

Jo-Einar Emblemsvåg og Frode Ulveraker såg nærare på Emblemsbygda Billag under krigen. Dei intervjua Ole Larsen, fekk kopi av ei reportasje om feriefolket som kjem til bygda. Sigurd hadde tatt opp lydbandintervju med Jofrid Emblem og samla ein rekke bilete på førehand.

Birgitt Skarpås Haagensen, Pål André Slettedal og André Larsen. Intervjua Trygve Emblem, samla informasjon om Billaget i etterkrigstida fram til nedlegginga av billaget og sammenslåinga med Ålesund Bilruter. Sigurd hadde tatt lysbilete og samla avisutklipp åt dei medan dei sjølve skulle teikna moderne bussar, godsbil og passasjerar, skrive stil, reportasjar og fortellingar som skulle utstillast i gymsalen.

Asbjørg Gjertsen hadde ansvar for storgruppe 3 som var følgande elevar: Sylvia Åland, Anne-Marthe Havikbotn, Anette Storeide, Oddbjørn Lystad, Espen Fredriksen, Kjetil Berdal, Torbjørn Akslen, Bjørn Sindre Blindheim, Anette Florvaag, Gro Janne Henningsen, Pål Harald Søvik og Svein Ove Østrem. Asbjørg delte elevgruppa vidare inn i følgande undergrupper:

3a hadde ansvar for «Telefon på Reset» og skulle mellom anna intervjue Olga Nedregotten og Myre-Lisa heime hos Olga. Ho hadde allereie fått tak på intervju med bestyrar Karl Nedregotten frå avisa og ein liten manuell telefonsentral som skulle nyttast i gymsalen.

Gruppe 3b arbeidde med den nye telefonsentralen og televerket. Posthistoria frå byrjinga til posten flytte inn på Magnusbakken var det gruppe 3c som fekk ansvar for. Den siste gruppa fekk hjelp av Per Engesmo til å lære meir om den gong postkontoret var på Magnusbakken.

Uttillinga vart ein suksess og gymsalen var full av foreldre, søsken, besteforeldre og det verkar som om dei fleste av sambygdingane var på plass i løpet av dagen og ettermiddagen når utstillinga stod frame. Bileta syner nokre av dei som deltok og opplevinga skapte minne som i allefall eg hugsar timeleg godt den dag i dag. Du fekk kanskje ikkje oppleva denne utstillinga, men kunnskapen vil eg forsøke å ivareta her på www.emblemsbygda.com. Samstundes vert arbeidet utvida og vidareført med nye tekstar og ny lærdom etter kvart.

-Svein Ove Østrem-

Kjelder:

Handskrivne møtenotat, bilete, negativ og utkast til undervisningsopplegg som framleis er å finne i hyllene på Emblem skule.