Ein
har funne spor etter menneske i Emblemsbygda heilt attende til eldre
steinalder. Eit av funna er ei trinnøks som stammar frå tida kring
3000-7000 år før Kristus. Busetnaden på Emblem er nok ikkje like
gamal som øksa, men ein skal likevel langt attende i tid. Det er
grunn til å tru at garden er rydda før vikingtida, for namnet
Østrem kjem frå eit «heim»-namn, og tilhøyrer dei eldste
gardsnamna ein har her i landet. Nabogarden, Arkeologiske funn på
Østrem stammar frå kring 800 e.Kr. og bidreg til å bekrefte den
høge alderen på garden.
Østrems-namnet
har endra seg gjennom tidene. I 1568 er namnet stava «Oustrem», og
i tida fram mot 1723 er garden stava i fleire ulike variantar, Østrem
er ein av desse og me kan finna denne stavemåten i 1603. K. Rygh
hevdar i boka «Romsdals Amt», s174, at det opphavelege namnet kan
ha vore Austreimr, i tydinga aust og heim. Han fann dette namnet
heile 15 gonger i gamle skrivne kilder og hevdar at namnet vitnar om
ei tid då garden vart skilld frå garden Emblem. Namnet kan ha
markert at dette opphaveleg var den austlege delen. Det finst diverre
ingen kjende kjelder som kan stadfeste når Østrem vart ein eigen
gard og me veit derfor ikkje kor gamal denne garden eigentleg er.
Det
finst to sagn om Østrem. Den eine fortel at det var to brør som
dreiv garden saman. Ein dag rauk dei uklar og det heile endte med at
den eine broren rømde til skogs. Den attverande broren høyrde ikkje
meir frå han. Ein dag såg han at det steig røyk opp over Eikenosa,
då han skulle sjå kva det var, fann han at broren hadde slått seg
til der. På den tida stod skogen så høgt at det ikkje var mogleg å
sjå Eikenosa frå Østrem. Det andre segnet fortel om Heilage Olav
som skulle ha besøkt Emblem og lagt at ein gullstav som var så gild
at han kunne tjene som skatt for heile kongeriket i 7 år. Gullstaven
skulle finnast på «Austrems austre reine». Det siste sagnet er det
neppe verd å sette så mykje lit til, for det finst fleire liknande
gullstav-sagn i tillegg til dette. Det er dessutan teke ut mykje sand
på gardane, og den minst røyrde staden finst i dag under tunet i
Steinsgarden.
Det
er uvisst om Østrem var øydegard etter Svartedauden, men den har i
så fall vorte rydda særs tidleg att, for ein finn ein brukar på
garden i 1520. I kjelder frå 1603, kan ein sjå at garden var
to-delt på den tida. Kring midten av 1600-talet kan ein finna 3
gardar, før Østrem vart delt i 4 bruk.
I
1613 betalte gardane tiende i forholdet 1-1-1/2-1/2. Det var
Mattisgarden og Larsgarden som var størst i denne firedelinga, medan
Larsgarden var den største garden når det kun fanst to bruk. Ved
to-delinga var Larsgarden dobbelt så stor som Mattisgarden, men vart
deretter delt i Larsgarden og Abrahamsgarden, før Abrahamsgarden
vart delt i to delar. Steinsgarden vart med andre ord frådelt
Abrahamsgarden.
Garden
har truleg gått heilt til sjøen før 1500-talet og Nedregotten har
då vore del av garden Østrem. Borgundboka fortel at tunet alltid
har lagt der husa i Steinsgarden, Larsgarden og Mattisgarden framleis
ligg. Eg er ikkje heilt sikker på om denne påstanden stemmer heilt,
men det er i alle fall ei viss sansynlegheit for at dette kan stemme.
Østrem var også eit klengetun, slik dei fleste gardane på Sunnmøre
var før 1900. Mesteparten av åkrane skal ha lege i eit belte
ovanfor og søraust for innmarka slik det gamle utskiftingskartet frå
1904 syner. Slike gamle åkerlappar gir eit visst inntrykk av korleis
åkrane har lege, i alle fall eit par hundre år attende i tid, og
kartet støttar opp om påstandane om at Klengetunet har lagt kring
Larsgarden og Steinsgarden. Det er også funne restar av brønn like
vest for dagens tun i Abrahamsgarden og det er eit åpent belte der,
som kan ha gjeve plass til både klengetun eller eventuelt ein
husmannsplass. I tråd med gamal sedvane, var det teigbytte på
Østrem og dei måtte som regel drive slåtten i lag, for bøtene med
slåttemark og åker vart særs likt fordelt i ei rekke små
jordlappar som hang saman og hadde mange brukarar. Denne driftsforma
hadde den fordelen at ein hjalp kvarandre i onnene, men det var eit
tungvint system, og med hamskifteprosessane vart det lettare å få
større sammenhengande stykker for kvar gard. Ein veit ikkje
årstalet, men det var truleg på 1800-talet at brukarane bytte jord
slik at det vart større samanhengande stykker for kvar gard.
Utskiftinga i 1904 endra ikkje på den enno eldre teigbyttinga, for
då måtte gardshusa flyttast og det vart for dyrt og unødvendig.
Larsgarden og Steinsgarden.fortsette dermed å vera delt i 2
innmarkstykker.
Østrem
har vore rekna som ein god korngard og det vart tidleg starta med
hagebær og grønsaker. Garden var del av beitefelleskapet i
Emblemsbygda, fram til utmarksutskiftinga i 1890, der Østrem og
Nedregotten fekk sams utmark. Desse to matrikkelgardane fekk også
felles beiterett på fjellet, medan heimeutmarka vart delt.
Nedregotten fekk sommarfjøsar og eigne bøter oppe i fjellsida
ovanfor Storelva. Setra ved Østremsvatnet er nok ganske gamal, og
Nedregotten har felles setervoll med Østrem. Kyrne på setra beitte
mest mot Skurene i aust. Seterdrifta enda kring 2. verdskrig.
Garden
har hatt moldteigar i fjellet og nok slåttemark nede i bygda. Frå
gamalt av var det godt med skog, men etter avskoginga på 16- og
1700-talet vart det meste av skogen hogd ned. Sjølv kring 1910 kan
ein sjå at det er svært så snautt oppover fjellsida ovanfor
gardane i bygda. Storelva og Sirielva har bidratt med vasskraft til
både kvenn og trøsking.
Omlag
1530 eigde erkebispestolen 1/14-del av garden. På 1600-talet finn
ein ikkje att dette i rekneskapen for «Stiktens gods», som var
namnet på det konfiskerte bispegodset på Sunnmøre frå 1547.Det er
mogeleg at dette er den samme delen som vart kjøpt av lagmann Pål
Helgesen i 1586, og som sonen, Rasmus, på Brandal eigde. Garden
fortsatte å vere i Brandal-ætta, før landskylda i 1670-80 vart
lagt ut til «Capitainen» på Slinningen. I 1732 hadde Pål Apalset
kjøpt 3 1/2 mællag i garden frå svogeren Claus Leyrdal, som var
inngift i Brandal-ætta, Resten av garden hadde han truleg fått i
arv. Østrem var del av eigedommane i Apalset-ætta til 1788, når
futen Nordløv kjøpte opp heile garden. Futen heldt ikkje særleg
lenge på eigedomen, for han selde året etter. Sorenskrivar Bull
kjøpte då 2/3-delar av garden, medan brukaren Ole Larsen, i
Mattisgarden, kjøpte ut sin eigen gard. Etter Bull, var det kjøpmann
Nils Wind som kjøpte resten av garden i 1789. Arvingane til Wind
skøytte Larsgarden og Abrahamsgarden til postmeister Tonning i 1845,
medan Kristian Olsen Sorte kjøpte Steinsgarden. Resten av
eigedomshistoria kan du lesa meir om i undersidene for kvart bruk.