Høla

Tunet Høla under Akslanakken med hovudhuset på Øvste-Aksla i bakgrunnen. Foto: Ragnar Øverlid i 1961 for Borgund og Giske Bygdeboknemnd. Biletet er publisert i lavoppløst kopi med tillatelse frå bileteigaren Stiftinga Sunnmøre Museum. Biletreferanse frå DigitaltMuseum.no er: SM.F.001784

Legg merke til den flotte frukthagen. Biletet er fargelagd for hand på eit svart/kvitt bilete og stemmer ikkje heilt.

Johan Nilsen Hesseberg (1845-1926) og kona Johanne Larsdotter Akslen (1854-1927) Dei dreiv Høla frå 1877-1908 og fekk 12 born, der 10 levde opp. sonen Lars tok over garden medan sonen Nils gifte seg på nabogarden Skaret litt lenger vest i bygda. Orginalen tilhøyrer Judith Kvangarsnes

Johan Andreas Akslen, bror til Lars Akslen ii Høla, født i 1882

Johan Akslen frå Høla, bror til Lars Akslen f.1891

Jenny Johansdotter Akslen (f.1894) og ektemannen Nils Martin Aspehaug (f.1891). Dei gifte seg i 1917 og busette seg på Aspehaugen i Spjelkavika. Han arbeidde på Spilkevigs Snøre- Not- & Garnfabrikk i alle år, medan ho arbeidde der etter borna vart vaksne. Foto S. Moa og arkivref. i Fylkesfotoarkivet er: FAKf-100530.234823

Dama til høgre er Laura Ulvestad Akslen, mor til Maurits Akslen. Dama til venstre er Damen til venstre er søstra Lina Ulvestad gift Grytebust. (Fotografen er foreløpig ukjent men det ser ut til å være en profesjonell fotograf)

John Leidulv Larss. Akslen (f. 11.1.1908) fotografert kring 1909 ein gong.

Dette er barnebilete av Maurits Akslen til venstre. Storebroren er John Leidulv Akslen. Den vesle jenta er då truleg Lisa Akslen som var nummer tre i ungeflokken. Mauritz kan vere omlag fem år på biletet. og Lisa vart fødd i 1914, så då er truleg biletet frå 1915. på den tida var John 7 år. Ei stor takk til Margrete Kvalbein som sendte over desse opplysningane til meg. IFotograf: Ukjend.

Søskena frå Høla samla ein gong mellom 1945 og 1951. kanskje er det snakk om ein rund dag. Det er tre som manglar på dette biletet. Den eine er Henrikke som døydde 1945 og den andre er Ludvik som utvandra til amerika, men eg er ikkje sikker på kven den tredje var. Brørne er i alle fall Nils Lars og johan. Dei tre søstrene Er tre av desse: Nikoline, Olivie, Oline, Margrethe og Jenny. Eg skal kome attende med rett plassering. Biletet tilhøyrer Judith Kvangarsnes

Det gamle hovedhuset. Foto: Svein Ove Østrem

Den gamle vedboden/utedoen i endring til dobbel garasje for Amazonen til Lars Marius og Bobla til Maurits som Øyvind restaurerte. Foto: Svein Ove Østrem

Løa og traktoren. Foto. Svein Ove Østrem

Lærer Maurits Ulvestad som bodde på Slotsvik på Ellingsøya og var bestefaren til Maurits Akslen. Du kan lese mer om turen til Slottsvika i teksten som maurits skrev. (fotografen er foreløpig ukjent)

Høle-naustet til høgre. Foto: Svein Ove Østrem

Mauritz og Herborg (f. Østrem) Akslen.

F. v.: søstrene Lida Larsd. Kaldhussæter (f. Østrem) og Herborg Larsd. Akslen (f. Østrem) fotografert i selskap i Larsgarden på Østrem i 1980.

Mauritz Akslen ein gong på 1980-talet. Foto: Sigurd Langleite

Akslabrauta ein vakker vårdag i 2011. Den var lenge attgrodd, men no har den nok ein gong kome fram igjen i dagslyset. Foto: Svein Ove Østrem

Restar av traktorhengaren til Mauritz. Alt jernarbeid er utført av Karl Flydal, medan trearbeidet truleg er utført på garden. Vogna er identisk med dei som svogeren Hans Austrem og naboen Alfred Østrem fekk laga seg i flydal-smia. Foto: Svein Ove Østrem

Restane etter sommerfjøsen til Aksla, som låg kring 200 meter nord-aust for løa på Reiten. i dag veks det godt med granskog på plassen. Foto: Svein Ove Østrem

utsjånaden er endra nærast fotografen, men tømmerstokkane bak bordkledinga på Høle-selet er nett dei same som ein gong stod på murane på Urdastølen før Akslasetra vart flytta til dagens plassering. Foto: Svein Ove Østrem

Teksten om heimgarden er skreve av Maurits Akslen.
Han vart fødd 24/8-1911

Når eg tenker på den store utvikling som har skjedd i mi levetid, både med levemåte, økonomi og teknisk utvikling, fekk eg den idé at eg skulle skrive noko om den, så den oppveksande generasjon kunne få inntrykk av fedrenes slit og kav:

Garden

Garden Akslen, gnr 2 br. nr 4 i Borgund har vore i vårt eige i 4 generasjonar. Oldefar Lars kom frå Norfjord og oldemor Henrikke kom frå Godøy. Dei kjøpte halve garden. Dei hadde to døtre, Johanne og Kristofa. Johanne vart gift med Johan som kom frå Hesseberg. Dei overtok garden og kjøpte den andre halva. Garden har soleis vore i slekta si eige i forholdsvis kort tid.I gamle tider stod alle husa på Akslahaugen for begge tun. Seinare var husa til denne garden flytt ned for bakken, altså frå Haugen og nedfor bakken, og fekk soleis namnet "Høla". Garden var fram til 1890-åra lagt ut i mange små teiger, etter den tida har garden vore i to teiger: Heimemarka og Innlegsmarka (Brennhaug-Kvalen)

Garden hadde i gamal tid desse hus:   Stove, løe, stabbur, sel, sommarfjøs, høyløe og naust. Då detta huset vart bygt kring 1875 vart gamlehuset som stod oppunder bakken (sydaust for Hustad) selt til Spjelkavik. Stabburet var fjerna, berre ein del av trappa er synleg i dag. Då beita framom garden vart dårlege vart også somarfjøset rive. Murane er synlege ennå. Då sjøvegen vart opparbeidd, vart også lilleløa fjerna.

Slekta

Som nemnt var mine oldeforeldre frå Norfjord og Godøy, noko meir har eg ikkje granska på dei. Bestemor Johanne var gardjente og vart gift med Johan Nilsen Hesseberg. Mine besteforeldre fekk 11 barn, 2 døde unge og 9 vaks opp til høg alder. Far var nesteldst og overtok garden. Han gifta seg med dotter til Maurits Ulvestad og kona Lisa, død Kvalstein. Bestefar Ulvestad var lærar på Ellingsøya, bosatt i Slottsvik. Mor vart morlaus 16 år gamal, då var yngste søstra 2 år. Dei var 8 sysken. Sjølv er eg andre sonen til Lars og Laura. Det vart fortalt at eg var fæl til å skrike som baby og tante Bia la meg på tvers over vogga for å få meg til å tegja. Vogga var ei lite terkt tømra seng med megar under, slik at ho kunne bikkast opp og ned. Mitt lengste minne er frå eg var 3 år. Eg hugsar tante Henrikke sitt brudlaup i 1914.

Barndomstida var ei trygg og god tid. me var ein liten gjeng her som heldt godt saman. Bror Jon, Aksla-Tomas, Kristofferen, Reite-Tomas, Vedhaug-Karl og eg. Me streifa rundt i skog og mark, gjette krøter saman og leika saman. Det var helst lyreslåing, fotball og bading. Min første skuledag
var i kjellaren på den gamle skulen. Det var eit dårleg rom med grove umåla vegger, halvrote golv og to musehol der utøyet ofte kom inn i timane. Kleda vore var for det meste av heimespunne og strikka greier. Skorne var av feittlær med solesparere under. Eg hugsar godt dei høgtidsstunder då far tok meg med til Rese-Karl for å ta mål av meg for nye skor. då var det alt kome mange grimer
(bøter) på gamleskorne. Noko slikt som støvlar og vassklæde fanns ikkje.

Hausten 1926 vart eg konfirmert i Borgund Kyrkje ved prost Eikrem. Det var ein stor dag, nye fine kjøpeklær sydd av tante Henrikke. Sko frå Rese-Karl, ny salmebok og meire til. Det hadde lenge vore ruskever og kornet som sto i hes tok til å ta skade. Det var fint ver konfirmasjonsdagen og hesjene var turre, men fram mot kvelden truga det med regn, og skulle me då få brukbart korn, måtte me berga det. Eg måtte då få av meg stasen og gå i kornstålet. Det var mitt fyrste arbeid som vaksen.

Jon reiste til Amerika og det såg ut som eg vart den som skulle overta heime. Vinteren 1927/28 gjekk eg vinterkurs på Eidså Jordbrukskule. Det var ein lærerik og morsom vinter, var berre so alt for ung, nytta ikkje læretilboda som eg skulle, men vart likevel beste elev med hovudkarakter 1.46.

Vinteren 1929 var eg med ein båt frå Fiskarstrand som 2-garnsmann. Det var slik eg ikkje fekk lott, men hadde 2 eigne garn i kvar setting og pengene for den fisk som om i dei garna fekk eg. Det kunne vere spanande å sjå om eg traff og få fisk eller ikkje. Det var ikkje mange kroner den vinteren, men eg heldt meg med mat.

Sommarane var eg heime, men om vinteren kunne eg vere borte nokre viker. I 1930 var eg på fiske i
Borgundfjorden. Det var so far og onkel Nils hadde ein liten motorbåt saman. Den fekk me låne. Den var åpen uten lugar, så me leigde hus på Kavelen. Det var eg og onkel Edvard som var saman. I Borgundfjorden var eg og i 1931/32/33/34. I 1935 fekk eg plass på ein Koparvikbåt (Jackhav) til Torskefisket ved Island. Det vart ein hard tur for ein nybegynner. Sjøverk på overseilinga og med 3 til 6 timar søvn for døgnet i drifta. Det vart bra tur, kr. 450 frå mars/april til mai. 1936 og 37 var eg med same båt både på silde- og torskefiske. Der var eg og i 1939 og -40. Eg hadde då vore forlova i to år og var tenkt å gifte oss. Det var ikkje så greitt å setja bu i dei harde 30-åra, men då eg hadde greidd å samle saman nokre kroner på desse turane, skulle me gå saman.

Så kom den tunge dagen 9. april 1940. Eg sat ved kjøkenbordet for å ete då radioen melde at storbyane i landet var hersett av tyskarane og det som me heldt for utenkjelegt hadde hendt. Eg kjende korleis maten vaks i munnen, og det vart ein alvorsfyllt dag. Det svirra alle slags rykter.
Ålesund og Åndalsnesområdet var ikkje teke og det vart mobilisering. Bror Lars og svograne Hans Austrem og Petter Kaldhusseter reiste i krig for å stoppe tyskeren i Gudbrandsdalen. Dei hadde ingen ting å stå imot den store overmakta med, så om kort tid var dei heime att. Kanskje var det best at det gjekk som det gjekk.

Ålesund vart evakuert og vi fekk fullt hus. Her i huset var 5 familier: Liseth, Stokke Olsen, Hovden og Fossdal utanom våre folk. Alle sengar, benkar og golv var opptekne. Det var ikkje lenge før Ålesund var hersett og livet roa seg litt. Så folket fekk flytte attende til sine heimar. På tross av krig og rasjonering fekk me saman til bryllup og 2. november 1940 gifta me oss. Me hadde fått fiksa litt på husa, det gjekk bra. Skulle ta over garden i 1940, men for skuld dei vanskelege tilhøva brukte me garden saman fram til 1947. - Resten er nyere tid.

Gardsarbeidet

Eg ska forsøke å ta for meg gangen i gardsarbeidet ca året 1923/24. Når snøen gjekk vekk om våren var det fyrst å få ut markatadet (naturgjødsel) Då køyrde med med to vogner. Den eine vart lesst på då den andre var for hesten på marka. Me hadde 3 gjødselplasser: Kugjødsel - grisgjødsel og saudegjødsel. Når tadet var ute, var det å pløye åkrane for å få sådd kornet. Det var to sorter, bygg og havre. Når kornet var sådd, var det potetene sin tur. Oftast hadde me då eit nybrot å rydda o så grønfor (Havre slega grøn) Innimellom gjekk anna arbeid som rydding, pålag heile garden vart raka frå fjell til fjøre, for me slo over alt mellom runner og steinar, (gåslått). I april skulle sauene vårklippast og merkast. Me hadde 5-6 lammesauer, 8-10 lamb som skulle merkast. merkinga gjekk soleis:   øyremerket for garden her var av høgre og klipp ned i venstre øyra. Me tok då saudesaksa og klyppte og til blodstillande middel brukte me oske. så var det å få klaver med namn i på dei vaksne dyra.

Rundt 1. mai vart sauene slept framom garden og då var det ofte lange dagar for borna å gjete dei so dei ikkje kom heimatt dei fyrste 14 dagane, før det vart så mykje mat på fjellet at dei for dit. Når me var fri sauene, så var det kyrne sin tur. Fyrst hadde me dei opp Akslabrauta og inn om garden. Der var då eit sammanhengande område frå Storledet til Brendhaug-ledet, øvste Brendhaug og ned til Kvalen, der var ikkje verken hytte eller hus. Seinare vart dei jaga langs garden innom Aksla husa, gjennom Tversledet og framom garden. Det vart dei innsett i sommarfjøsen nokre netter, til dei for på setra i jonsok tider.

Når me hadde fått våronna unda vart det kanskje ein lettare tid. Ugrasreinsking, moldkøyring, reprasjon av hus og reidskap og meir slikt. I begynnelsen av juli tok så slåtten til og den sto på
i ca 7 veker den tid. Det var ikkje så mykje maskinslåing den tid, det var sjeldan hesjing, alt vart turka på marka og då kunne det ofte vere lenge mellom terredagane. Det vart lettare då hesjing kom i bruk. Det var så mykje ljåslått og der det no er maskinmark for me mellom runner, stein og tuer med ljåen. Når karane hadde slege, kom kvinnfolka og raka og bar det framt il turkeplass. Det var ofte vanskeleg å få høyet turt i våte somrar. Det kunne vere sol om morgonen når me kasta høyet utover. Plutseleg kune det kome regn og så vart det til å sete. Kanskje skein det av igjen og det vart kasting på nytt. Men oftast kom då høyet inn på ein eller annan måte rundt 24. august, då var slåtten ferdig. Var det gode veksevilkår eit år kunne me slutte av slåtten nokre dagar for å skjera byggen som var mogen. Månadskiftet august/september kom som regel buskapen frå setra og vart sett i band på hoa. Så var det lauing. Me kunne ta inn ca. 700 laukjerv (bunter). Det var å hogge ned bjørka, kviste av tynnkvisten til laukjerv. Lauveden gjekk til heimebruk og stamma vart kutta til salgsved. Hausten var ei travel tid, med kornskjering, potetopptaking, hoslått og meir slikt. Når kornet var turt, vart det lagra i vestre ende av løa. Det kunne vere harde jobbar å få det inn når det truga med regn og haustbløyte. Lauvet vart stua aust på høystålet.

20. september var det saueskiljedag, då skulle sauene heim. Det var spanande å sjå om alt kom heim. Sume år kunne alt kome, men oftast var noko borte. Det var ein av dei store dagane i året då sauene kom, mykje større og feitare enn då dei for. - Storsauen - Lillesauen- Flekken - Rompeløysa-

Når alt var i hus, var det å tenke på truskinga. Truskardagen var også ein av dei store dagane for borna. Då skjedde det så myke, det hende me fekk vere heime frå skolen den dagen for å hjelpe til med halmen, som det heitte. Me var tre gardar som gjekk saman om bytearbeid. Skaret - Gutomgarden og oss. Fyrst var det å få truskegreierne på plass. Truskemaskina og ristaren på låven og motoren på trappa. Når alt var klart var det å samle folket. Då var det spanande å sjå om alt gjekk som det skulle. Arbeidet var delt slik: Ein gav maskina - 2 løyste opp banda, ein la fram - ein raka drøsen under ristaren og lempa i halmstrået, der ein drøss av ungar tok undan. Ein passa motoren ute - med olje og vatn. Dette kunne ta ein dag den fyrste tid eg hugsar. Seinare vart det mindre korn og mindre tid. når ein var ferdig på ein plass, var det å rigge opp på ny. Når truskinga var over, var det å dryfte kornet. Det vil seia å skilje kornet frå agnene. Då brukte me dryftemaskina som står på låven idag. Ho bles agnene bort, men der vil kome nokre halmstubbar i kornet og det måtte me borna ligge på kne og ta bort. Kornet vart fyllt i sekker og det skulle så seinare turkast og malast. Turkinga gjekk for seg i ei stor gryte i kjellaren der far kunne sitja i dagesvis og turka korn. Der måtte jamn fyring og ustanseleg skuffing i kornet.

Når kornet var turka, sto malinga for tur. Det var då å fylle kornet i sekkar att og bera det på kverna
Far leigde kvern av Reiten. Det var eit lite hus som sto i elva opp om "Skjerva". Kverna var driven av ein kall som gjekk opp til ein stein som gjekk rundt og "nika" - skrapa mot ein fast understein. Det var fælt til bråk i kvernhuset, der far dreiv med maling natt og dag. nå er kvernane i elva borte. I den seinare tid mol me kornet på mylner i Sykkelven eller Mauseidvåg. Bygmjølet vart som regel brukt til graut, havremjølet gjekk til supper og flatbrød.

Når mjølet var ferdig, sto bakinga fyre. Då var det å rigga opp bakstebordet i kjellaren. Me leigde då oftast to bakarar (Myre-Gurine og Stige-Oline) Far elta deigen i ei stor gryte og la ho på bordenden. Der vart ho delt opp i emner og utbaka til leivar. Baksthella var nå komen på plass i grua og det var sikkert ein av fars beste dagar, når han sat ved grua og steikte flatbrød. Det kunne bli baka 7-800 leivar som vart stabla på loftet. Flatbrød som far skulle ha med i fiska vart samanlagt etter eit eige system. FLatbrødet vart brukt utover heile året, helst til betar ved middagen, men også til Sôpe, det var flatbrød bløytt i surmjølk mest som ein graut. Det var ofte brukt til formiddagsmat på utearbeid, bringa på slåtteteigen i spann og det kunne smaka godt.

Ein annan ting om hausten var slakting. Sauene vart fyrst klippte. Slakting vart gjordt heime, det var far og bestefar som sto for det, men me var ikkje store før me laut vere med og halde. Det kunne vere 7-8 skrottar hengande i kjellaren. Kjøtet vart for det meste til spekekjøt. Til jol hadde me jolegrisen å slakte og då måtte me få hjelp av Reite-Ivar for å stikka den. Det å nytte ut slaktet var ein stor kunst, det gjaldt å få mest mogleg mat av det, det var ikkje så lett å gå på buda og få tak i pølser og kjøtdeig den tida. - Blodet vart teke vel vare på til blodpølsen, og ein stor del av innmaten vart dels kokt og ukokt male til môr. Skinna vart selde til skomakaren, som og var skinnhandlar.
Når no alt var kome i hus, trur eg dei gamle var på ein måte trygge. dei hadde mat i hus, og etter ein strevsam haust, kom jola.

Etter jol reiste far i fiska. Han var med ein 50-fots motorbåt frå Valderøy, det eg minnast. Fyrst var det storsilda med drivgarn og sidan torskefiska med line. Nå var det mor og ungane som laut styre heime. Bestefar var i den siste tid han levde berre som ein oppsynsmann. Me gjekk på skule annankvar da, så me fekk høve til å delta på arbeidet. Me borna laut môke snø, bera ved og når bekken var tom, laut me bera vatn frå Sirielva til både hus og fjøs. Det kunne ta på i snø og kulde.
I fjøsen måtte me gjere reint, plukke ut "lauvris" og ha inn nytt, lempa ned halm og høy, agner og lauv. Mor "viska"= lagde høydottar til dei einskilde dyra. Ho viska til ein heil dag i slengen. Morgon - non og kveld. Og så var det for oss å kaste i dyra vandlane som låg oppstabla på kvar sin plass for kvart dyr. Det var ikkje drikkekar - så me laut "brynne" = gi dyra vatn i bytter to gongar om dagen. Til hesten laut me laga surpe, bløyta halm med noke mjøl på.

Det gjekk nokolunde. Verst var det når dyra skulle kalve. Far kom heim kvar helg - som oftast nådde han båten VON som kom inn i Ekornåsvagen, men det hende han ikkje kom før langt på natta. Når far kom med fisk eller sild, laut me møta på kaia med hesten. det hende far sende heim ein stamp sild i vika og då måtte mor sprette ca 200 sildar til flaktsild. Noko vart salta, men det meste gjekk til opphhenging (boknasild) Me var ikkje store før me laut hjelpa til med både flekking og opphenging. Det kunne vere ein fælt kald jobb!

Mjølka vart levert ombord i båten på Emblemskaia. Me hadde køyrelag som bringa mjølka på kaia og ein dag for vika var det vår tur. Var det mykje snø, var det ein hard jobb å få fram sleden, sele på hesten og få han i drettet. Hesten var vill av di han var roleg på stallen, så det var ikkje godt å få det til for ein 11-12-åring. Men som oftast gjekk det bra. Ei og anna spann ramla vel og miste ein skvett. I mars/april kom far heim og så var det å ta til på nytt arbeidsår.

Samferdsle

Når folk så seint som i århundreskiftet skulle til byen eller andre stader, så var det å gå, ta hesten eller med båt, segling og roing. Det kunne vere så ymse med vinden, så det vart helst roing. Når folk skulle til byen, var det å kome seg opp tidleg, kome seg til sjøss og setja seg ved årene. Turen til byen var lagt opp i fire skift, til Borgund Kyrkje 3 skift. Dei skifta i roinga ved Flisneset, Raudeberget på Tørla og ved Vågnesholmane. Det hende at folk var tidleg oppe og plukka hagebær, rodde så til byen og selde ho og rodde heimatt. Det var ikkje store fraktutgifter. Sjølv har eg vore med å laste tre-røringen med ved i støa. Far rodde då med eit par årar, Jon og eg med kvar si, til vedtorget inst i Buholmsundet, selde veden og rodde heimatt. Ein gong då løa skulle reparerast, tok me ombord 10 tønner sement, men då var det nære på at me skulle søkke ned. Me laut ta nødhamn i Vågane og gå heim. Neste dag var det stillare og me gjekk og henta lasten. Seinare fekk me ein liten 3-hesters motor i tre-røringen og då vart det lettare.

Frå gamalt var her eit meieri i bygda, det sto mellom Ebbeløa og Nergardsløa i elva der. Når det vart nedlagt tok mjølkebåten til å gå frå Emblemskaia. Det var same båten som gjekk på Sykkelven som gjekk oppunder kaia. Det var fylkesbåtane som gjekk der. Frå Vågane gjekk VON som eit privat A/S eigde. Dei var nokre øre billigare på frakta, så folk gjekk ofte dit for å spare 50 øre tur/retur. Von var for oss ein veldig stor båt, han var vel 40-45 fot. Idag kune dei kanskje få plass til 4 slike båtar på dekket på Magerholmferga.

då det vart teke til med å reise på torget med poteter, grønsaker og bær, var det nokre privatbåtar som gjekk onsdag og laurdag. Frå Magerholm gjekk ein liten båt, han gjekk oppunder Nedregotsvika (Urda) og tok ombord folk og varer frå gardane her. Ystebøbåten gjekk frå Emblemskaia. Det var mang ein spanande og kald tur rundt Flisneset, ofte i kuling og regn.

så kom det store gjennombrotet i samferdsla: Den første buss kom til bygda og tok til med rutekøyring. Det var ein stor dag då den bussen kom. Vegen gjekk då pålag der huset til Lars er nå og opp "Akslabrauta". Den Brauta var så vanskeleg å køyre at det var vanskeleg å kome opp for bilane slik dei var den gong. Nybussen kom då og skulle prøve bakken, han greide det fint. Det var ein Chevrolet med plass til 12 passasjerar og eit rom for mjølka og andre varer. Bak var ikkje dør, berre ein presenning. Vegane var ikkje rare den gongen, bake opp og bakke ned og frå Magerholm til Spjelkavik var der 14 grinder, så det var gode greier å få vera med som grindagut, det vil seia å hoppe av og opne grinda og ha ho igjen, og så hoppe på igjen og fortsette slik 28 gongar på ein bytur. Dette var i 1929. Bilen vart snart for liten og fleire kom til etter kvart. Garasja for bilane sto under Akslabrauta, litt sør for huset til Lars. Vegen har vore omlagt 2 ganger seinare.

Ein ting i reiselivet må takast med, det var vitjeturane til Ellingsøya. Som nemnt var mor derifrå og me var ein tur til bestefar kvart år. me for då anten med båt eller landevegen. Reiste me med båt, hadde me som regel med ein vedalast, for dei hadde ikkje så mykje ved på øya. Det var då å få ved i tre-røringen, ungar og bagasje oppå. Me rodde så forbi Flisneset ut Vegsundet, inn Nørvasundet under Brua og over Ellingsøyfjorden til Slottsvika. Bestefar sto då som oftast og tok imot, for han såg fantefyljet kome på lang avstand. Nå var det å få veden på land, vera der helga over og så reise heim mandag. Ein annan veg me for var med hest og vogn til Breivika, Der sette far bølet av, køyrde så hesten tilbake til Spjelkavik og sette han inn i løa til onkel Johan. Då han kom attende var det å få flokken i båt og ro over fjorden. Båt fekk me låne av ein i Breivika.

Foreningsliv

Frå gamalt av var det berre kyrkja og presten som sto for den kristne aktivitet. Men frå rundt hundreårskiftet vart dei første frie misjonsorganisasjonar skipa i bygda. Det var då ikkje bedehus, så møta vart haldne i heimane eller kanskje i ei løe. Ei av misjonsforeiningane var soleis skipa i Mattisløa på Austrem. Den første ute var Det norske Misjonsselskap som seinare vart kalla gamlemisjonen då Kinamisjonen og Indremisjonen og Santalmisjonen vart skipa. Det var pålag same tid det vart bygd bedehus og mitt minne gjeng ikkje lenger attende enn til bedehuset.

Tida før det blei høve til fri nattverd var det vanleg at presten kom inn 2 ganger om året og heldt gudstjeneste med altergang for dei gamle og sjuke som ikkje kunne kome seg til kyrkje, då det var ei tung reise dit den tida. Desse samlingane var på ein kvardag klokka 11 og då var det vanleg at heile grenda tok fri. Der var ikkje orgel på huset den gongen, men eg hugsar godt den kraftige allsongen frå den tid.

Basarane som dei ymse foreningane skipa årleg var også i den første tid eg hugsar haldne kl. 11 på kvardag. Det var mest som ein festdag. Folk møtte jamt opp. Utanom det vanlege møtet var der då auksjon over innleverte varer. Eg hugsar godt den haugen som låg rundt på plattforma. Det var for det meste gardsprodukt og heimelaga ting: Mange posar med ull - 1 mark eller 2 mark- ( 1/4 kilo eller 1/2 kilo) trådhesper, vottar, strømper, ullbuler, grevskaft, river, balletrau, kaser og meir slikt.
Det var då vanleg at ein fekk den mest humoristiske til auksjons-mann og forsamlnga ga bud. To anstendige menn skreiv ned kjøpar og sum, det vart seinare samla inn ved eit bud som gjekk rundt på bygda. Seinare kom bruken av utloddning til og det første som vart lodda ut var eit vaskevannstell med mugge, fat og såpefat!

Utanom misjonen og deira foreningar vart det skipa eit frilynt ungdomslag som hadde motto og arbeidsoppgåve: "Målsak - skogsak - norskdom - fridom og kristendom". Dei hadde til vanleg møte 14. kvar dag. Dei hadde då det handskrive bladet "Innaomnesingen", små foredrag diskusjonar og folkeviseleik. Den første tid var møta heldne i skulekjellaren, før ungdomshuset vart bygt i 30-åra.
Helselaget og Idrettslaget vart skipa i nyare tid.

Sjukdom

Når nokon vart sjukk i åra rundt 1920 var det ikkje så greitt. Det var ikkje berre å ta telefon og ringe etter lege eller ambulanse. Men når nokon var svært sjuk, vart ein nok nøyd til å få tak i lege. Då var det å gå til telefon på Reset og be legen kome og så var det å vente. Det var då berre legeskyss som hadde løyve til bil, å det var eit særsyn og folk skjøna det var noko galt fatt ein stad. Når så bilen stansa kom mest alle gutongane i bygda for å sjå på bilen. Skulle legen då kanskje heilt til Hesseberg, var det endå verre. Klarte bilen Akslabrauta, var det å gå i båt på Magerholm og ro til Hesseberg, opp bakkane der og så same veg attende.

Lungebetendelse var det ikkje råd å snu, det gjekk sin gang. Klarte pasienten 9. døgnet "Krisedøgnet" vart han frisk att. Det kunne bli mange strie døgn og då måtte naboane skifte på med nattevakt. Det var folk som låg til sengs heime i årevis og vart stelt av sine eigne. Ein sjuketransport eg hugsar var omlag såleis: Ein fekk tak i lege som gav ordre om innlegging på sjukehus på grunn av akutt blindtarmbetennelse. Det var då samla folk, laga ei slags båre og så var det å bere mannen til Hamarsvika og få han ombord i ein motorbåt. Det var ein gamal båt som rista over alt på grunn av ein gamal 2-takts Alfa. Farta var ikkje stor, men på 1.1/2 time var dei kome fram til buholmskaia og derifrå til sjukehuset. Mannen vart operert, situasjonen var kritisk, men han klarte det.

Ei anna hending: Ei kvinne skulle føde, stillinga var vanskeleg. Jordmora sto rådvill og det måtte lege til. Ute var det nærmast snøstorm, mannen og karane elles var i fiska. Då tok nabokona og drog fram sleden, sela på hesten, køyrde til byen og fekk tak i lege, og alt gikk vel.

spanskesjuka var ei hard tid. I mange heimar låg heile familiar til sengs og då måtte naboane hjelpe kvarandre med dyr og matstell. Det var mange som døydde rundt omkring, og ein del av Borgund Kyrkjegard har fått namnet "Spanskesjukekolonien". så vidt eg hugsar var det berre ein som døydde av den sjuka her i bygda.

Tuberkolosen var ein hard sjukdom i 20-åra. så vidt eg hugsar døydde her da ca 20 personar, mest unge mellom 20 og 30 år.

Belysning

då eg vaks opp var belysninga parafinlampen. Eg hugsar godt når eg gjekk på buda med parafinspanna i ei hand og siropspanna i andre. så kom då det storhende, me fekk elektrisitet i 1923.  Det gjekk mange skumle meiningar fram før det hende. Somme klaga på galne menneske som for heilt inn i Tafjorden etter ljos. Mange ville ikkje ha "styggheita" i hus, andre våga på at dei skulle sitja på ei 1.000 watts kokeplate aldri så lenge! Dei fleste hadde berre til ljos, men enkelte kunne ha ei plate på 1.000 watt. Då verket kom i drift var det vanskeleg å verte av med straumen, så Verket ga tilskot til kjøp av slike elektriske komfyrar. det vart sagt at her var hus i bygda som ikkje hadde innlagt elektrisitet før etter siste verdskrig. Det store gjennomslag for elektrisk komfyr kom like før, under og etter siste krig. - Vaskemaskinar og frysere og slikt er av nyare dato.

Kyrkjereis

Frå gamalt av var det robåten og hesten som var brukte til kyrkjetur, og dei som ikkje hadde noko slikt, gjekk. Det var ikkje berre for gudstenesta folk tok ut den tida. det var for å få vite nytt og. Eg hugsar godt lensmannen sto og las kunngjeringar av ymse slag under ein stor paraply i hjørnet der støtta av Hans Strøm står i dag. Når folket kom heim frå kyrka kom naboar gjerne saman for å frette nytt. Det var lite med aviser og slett ikkje radio den tida. Sjølv har eg ikkje vore med robåt, men eg har reist i åpen motorfæring. Det var helst frå Nergotsjøen og Emblemsvågen, ofte fleire båtlag tok ut og det vart ofte kapproing. Det var den tids idrett. Det er fortalt at unggutar kvelvde om kyrkjebåten julaftan, pussa vekk alle flisar og smurde han med tran, så han skulle gli lett. så det var den tids skismurning!

Den store styrkeprøven var når eit hundretals robåtar tok laust frå Kyrkjeberget, og dei mest spreke tok til med kappror. "Innomnesingane" som Emblemsbygdarane vart kalla av di dei budde innom Flisneset, var gode roarar. Eidsnesingane hadde ein spesialbygd båt med utplukka mannskap, så dei var det vanskeleg å overvinne. Det er fortalt om Magerholm-Lars - ein staut haugianer og båteigar at han var så ivrig i denne idretten, såg han at det bar mot tap, kviskra han berre: Knekk ei år! Ei år vart knekkt, og når stubbane for langs båtsida, hadde dei den å skulde for tapet.

Den tid var det så at Borgund Kyrkje hadde høgmesse 1ste høgtidsdag og Sykkelven 2nendag. Det var då ofte fleire båtar som tok ut frå Magerholm med folk til Sykkelvskyrkja.

Husmora


Ei god gardkone i dei dage måtte kunne mykje. Det viktigaste var å "akte" som det vart kalla. Ho hadde ansvaret for at foret skulle rekke over vinteren. Ein måte å gjere det på var å merke fjølene i løegolvet: Til den fjøla til jul, til den fjøla til Kyndelsmess (2. februar) til den fjøla til Marimess (25. mars) o.s.b. Dette var rettleiingar frå år til år.

Vidare måtte dyra haldast friske og det var mange gode "kjerringråder" den tid. Så måtte ho passe på når dyra - både sauer og kyr - hadde brunst. Eg kan hugse at eg var med mor heilt på Eikenosa som siste utveg heldt okse, men oftast var det då nærmare. Vidare laut dei passe på ved kalving og lamming som ofte kunne vera kritisk når karane var i fiske. Om hausten og om våren var det saueklipping. Og klippe 20 sauer kunne ta på, sjølv om det var mannfolka som bringa ut og inn på klippestaden. Mykje av ulla vart brukt heime, men ein del vart levert til Tollås eller andre mot varebyte. Eg kan endå sjå for meg desse kvinnene når dei bar på ullsekk frå Buholmskaia til nord i Skansen, tenk om det var idag!

Når ulla var komen i hus og kveldane vart lange, tok innearbeidet til. Først vart ulla riven opp av storkammen. Skulle det verta grå ull, blanda ein inn ein del svart prosentvis etter så mykje som ein ville ha det farga. Når ulla var kjemma i store flak, vart det småkammen sin tur. Då vart det fine "kaurar" eller "tuldar" som somme kalla dei. Så kom rokken fram og spinninga tok til. Det var først å spinne ein enkel tråd, som seinare vart spunne saman to og to til det ferdige garn. Eg hugser mang ei skumringsstund når mor sat og tvinna garn. Garnet var nå ferdig og skulle til strikking. Deg vart laga votter, strømper, gensarar og ullundertøy. Den tid eg hugsar var der to som tok mot garn til strikking med maskine. Det var ungane sin jobb å gå med garn til dei. Kan hugse dei var sure når tråden var tjukk eller full av "kalvehaud" - det var dårleg spunne garn.

Enkelte år vart det satt opp vev. Då måtte rennebommen fram og seinare vevstolen. Tidlegare var det vove vadmelsty, men eg hugser berre veving av ulltepper. Då var det ungane som måtte spole - lage spole til skyttelen. Det var ofte som eit fangenskap når det var fint skiføre og eg måtte sitte i kjellaren og spole. Når veven var ferdig, vart han innlevert til stamping. Det var ein Volle i Grimmergata som tok imot for fabrikken i Mauseidvåg. Det var ein prosess der veven vart gjordt jamnare og tettare. Votter og strømper tøva me heime. Det var å bløyte votten i heitt vatn, nika han på vaskebrettet gang etter gang.

Alt dette sto husmora for i tilegg til alt anna. For eksempel måtte ho ta seg av stellet av môr og pølsematen av sauer, storfe og grisen. Ho laut skolde tarmar til môren. Magen, vinstra og netthua og noke av tjukkaste tarmen til blodpølse. Ho laut passe blodet so det ikkje surnar, finne ut kva som skulle kokast eller ikkje av innmaten. Ho laut laga môr, rullepølse, syltaflesk og blodpølse. Alt måtte passast nøye, saltast og kryddrast etter alle kunstens reglar. Då det oftast var store barneflokkar var det mykje bløting og stopping. Når karane var i fiske, laut ho få mjølka fram til vegen kvar dag, måke litt snø og kanskje bere vatn. Sommaren laut ho ut og rake og våren var lauvrydding. Det var mykje kav, men når golvet var vaske og koparkjelen sto blankpussa på den store komfyren, finduken var komen på bordet, og far var ventandes heim, då var det helg.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
03.04 | 23:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

...
03.04 | 22:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE