POSTHISTORIA I BYGDA

Elvarum, frå den tida det var landhandel i kjellaren i huset framme til venstre. Det var Lars O. Emblem som dreiv handel og var poståpnar attåt gardsdrift og meieristyrar (meieriet vart nedlagd då Mork åpna meieri i Ålesund 1906)
Elvarum, frå den tida det var landhandel i kjellaren i huset framme til venstre. Det var Lars O. Emblem som dreiv handel og var poståpnar attåt gardsdrift og meieristyrar (meieriet vart nedlagd då Mork åpna meieri i Ålesund 1906)
Postkort til Hr. Ole Knutsen i USA, frå kona Marie i 1913. Han dreiv Steffågarden på Emblem, men reiste fleire gongar til Amerika. Eg har óg eit kort frå 1910 med tydeleg EMLEIM stempel
Postkort til Hr. Ole Knutsen i USA, frå kona Marie i 1913. Han dreiv Steffågarden på Emblem, men reiste fleire gongar til Amerika. Eg har óg eit kort frå 1910 med tydeleg EMLEIM stempel
Posttempel frå Emblemsbygda
Posttempel frå Emblemsbygda
Garsendhaugen slik den såg ut før den vart riven for å gje plass til eldreboligane på Emblem. I kjellaren var det i si tid postkontor.  foto: sigurd langleite ca 1984
Garsendhaugen slik den såg ut før den vart riven for å gje plass til eldreboligane på Emblem. I kjellaren var det i si tid postkontor. foto: sigurd langleite ca 1984
Gamleposten på Magnusbakken. Bildet er tatt den gongen Videoposten heldt til her.
 foto: sigurd Langleite ca 1984
Gamleposten på Magnusbakken. Bildet er tatt den gongen Videoposten heldt til her. foto: sigurd Langleite ca 1984
"Gamleposten" var Samvirkelag frå 1946-1959, postkontor frå ca 1969-1985 og "Videoposten" med Videoutleige i andre halvdel av 1980-talet. Alle verksemdene heldt til i kjellaren med eigen inngang som du framleis kan sjå på biletet.
"Gamleposten" var Samvirkelag frå 1946-1959, postkontor frå ca 1969-1985 og "Videoposten" med Videoutleige i andre halvdel av 1980-talet. Alle verksemdene heldt til i kjellaren med eigen inngang som du framleis kan sjå på biletet.
Det siste postkontoret i Emblemsbygda som hadde sitt eget bygg. "Nyeposten" låg rett ved sida av S-Laget mot øst.  foto: sigurd langleite 1984
Det siste postkontoret i Emblemsbygda som hadde sitt eget bygg. "Nyeposten" låg rett ved sida av S-Laget mot øst. foto: sigurd langleite 1984

Leitar ein i offentlege register, vil ein finne at Emlem Poståpneri vart fyrste gong registrert i Sirkulær 39, datert 23.12.1895. Ifølge registeret frå Postmuseet på Maihaugen var poståpneriet underlagt Ålesund postkontor og registrert "på dampskipsanløpstedet, i Borgund herred, Søndmør Fogderi". Det stod videre at poståpneriet "ble intil videre underholdt frå 1.1.1896. Poståpnaren var Lars Manussen Emleim, frå den no nedlagde  Magnusplassen. Eg veit enno ikkje om posten vart delt ut på sjølve kaia, eller om den vart  fordelt på andre måtar. Men var dette verkeleg det fyrste postkontoret i bygda? Ny informasjon kan gje oss svaret på det.

Poståpneria og postvegen

Eit poståpneri er eit eldre namn på eit lite postkontor på landsbygda i Norge, under leiing av ein poståpnar. Som namnet fortel, så var poståpnaren ansvarleg for å åpne postveska og ta ut det som skulle leverast ut, før posten som skulle sendast vart lagt ned i veska. Einkvar embedsmann, tjenestemann eller gjestgivar kunne verta pålagd å vera poståpner frå 1647, då postvesenet vart etablert i Norge. Løna den gong kunne vera fri porto for eigne brev, men det vart etter kvart innført betaling for poståpnarar. Frå 1842 vart mange landhandlarar utnemd som poståpnarar og i 1871 fell plikta for embetsmenn, tjenestemenn og gjestivarar heilt bort. 

Eg har ikkje funne nokon informasjon om korleis posten vart fordelt i bygda før 1896, men det går ein gamal veg med namnet "postvegen" gjennom tunet på Aksla, Reiten, Østrem, staden der det gamle klengetunet med Emblemsgardane låg (Steffågarden i dag) og vidare til Ystebøen, via Hegrevegane til Eikenosa. Vegen gikk heilt til Magerholmen i aust, men eg er ikkje sikker på om den gjekk heilt til spjelkavika. Ein kan enno finna ein rodestein på Aksla der namnet "Axla" er meisla inn. Diverre er det ikkje noko årstal på steinen. 

Eg veit likevel at det i 1810 vert sett igong vegbygging frå Sjøholt til Tøsse og då var ein allereie i gong med vegbygginga til Emblem men eg er ikkje sikker på om den allereie var ferdig. I eit "patent" datert den 4. februar 1822 vert det bekrefta sjøtr.ansport av post frå "Abelseth i Ørschoug" til ein stasjon på Emblem. Avstanden vart sett til to mil og befordringstida vart sett til 3 timar i godt vér og ein time ekstra i dårleg vér. I eit tilsvarande patent frå Aalesunds postcontoir 9. juni 1832 kan ein lesa at den nyansatte "postkarl" ved Tøsse poststasjon skal befordre posten så raskt den passerer til de nærmeste poststasjon som er Ørskoug postaapneri og poststasjonen på Emblem. Kvar låg så denne poststasjonen på Emblem. Kanskje gjev

dei andre poststasjonane oss ein peikepinn. Abelset og Tøsse var ikkje nokre tilfeldig valde gardar og det var gjerne embedmenn, overnattingstadar eller handelsmenn som fekk tildelt slike verv. Så vidt eg veit så var det ikkje nokon handelsmenn i Emblemsbygda på denne tida, men ein og annan storgard kunne ein finne. På Magerholmen vart det seinare overnattingstad og det har og vore skyssmoglegheiter der. Det er nærliggande å tru at poststasjonen låg der postbåten la til og hesteskyss tok over på landevegen mot Borgensund. Men det kan og ha vore

ein annan stad så lenge det ikkje finst skriven dokumentasjon. I 1838 vert truleg Emblem Poststasjon nedlagd når Nørvasundbrua er ferdig og Brusdalsvegen tek over som postveg. I 1868 vert postfrakt på land erstatta av dampskip med eigne postkontor ombord. Men dampskipsfart til tross, det vert igjen behov for poståpneri i Emblemsbygda idet 1800-talet er på hell.

Magnusplassen

Lars Magnussen Emleim var såvisst ingen storkar i bygda, og heller ingen landhandlar. Magnusplassen vart rydda frå ca 1850 av faren Magnus Larsen Skjortenes (ca 1820-1893) Plassen vart festa for 30 spd. og årsavgift på 1 spd. og 6 arbeidsdagar til eigarane i Ebbegarden. Sonen Lars tok over i 1879 og var skomakar. Bydeboka fortel at han var poståpnar dei siste åra han levde og at han døydde i 1900. Ei tid etter at han døydde vart plassen indregen under hovudbruket igjen. Kona hans, Petrine Knutsdotter Jarnes frå Sykkylven levde heilt til 1945. Det kan tyda på at dei var driftige folk på Magnusplassen, og det behøvde dei nok i ei tid utan pensjonsordningar. Lars hadde og ansvar for foreldra sine og mor hans, Berte Pedersdatter Skarbø, frå Ørskog, levde heilt til 1903. I eit intervju Sigurd Langleite gjorde med Karl O. Emblem i 1984,vert det fortalt at det óg var skule på Magnusplassen, fordi dei hadde to gode stover, med gang imellom som høvde til formålet. Kor lenge dette varte, veit eg ikkje, men ei eiga skulestove vart ikkje opna før hausten 1903. Pengane kom nok godt med for dei to enkene på Magnusplassen etterat Lars døydde. Poståpnarstillinga kan tyde på at Lars var ein akta mann hjå sambygdingane.

Lars Olsen Emblem på Elvarum

Den neste poståpnaren på Emblem passar betre inn, reint historisk, då han var den fyrste landhandlaren i bygda. Lars tok over stillinga 21. mai 1900, og er nemd som ein føregangsmann

i bygda. Han fortalde sjølv at han overtok farsgarden, Negarden, før han vart 18 år, og dreiv den til 1889, då han reiste i utenriksfart i 12 år. fekk utskilt Elvarum br. nr 15 frå Nergarden som han kom frå. Garden vart rydda heilt frå grunnen av på udyrka mark frå 1890-åra. Han fekk både Premielån og dyrkingslån til å hjelpe seg. Han hadde både hest, 3 kyr og sauer ved sidan av butikken og poståpneriet. I 1910-tellinga er 18 år gamle Josefine J. Furholm registret som "tjenestepike i huset og paa butikken".  Butikken starta han i 1900 som ein fileal for B. Berli i Ålesund, men overtok sjølv etterkvart. Lars var ivrig i politikken og innvald i Borgund Herredstyre alt i 1877 og sat uavbrutt i heile 12 år (3 periodar) Lars var óg pådrivaren for å bygge dampskipskaia i Emblemsvågen. Lars fortel journalist P. Stensager at posten komm to gongar i veka med dampskipet "Søndmørske". Godtgjerdsla for poståpnaren var då 60 kroner per år. Han ga seg som poståpnar og handelsmann i 1921.

Postkontoret på Garsendhaugen

Den 1.10. 1921 vart Joakim J Emleim (1870-1955) ny poståpnar i bygda. og Namnet vart endra frå Emlem til Emleim (Sirk. 53, 23.9.1921) postkontoret vart flytta frå Elvarum til kjellaren på garden Garsendhaugen, som Joakim dreiv. Joakim var skomaker ved sida av gardsdrifta og poståpnar-stillinga. Den eine sonen, Sevrin J. Emblem starta eit av dei største landhandleria i distriktet på farsgarden, nede ved den gamle vegen gjennom Emblemsbygda, og dreiv heilt fram til han brått døydde. i 1960. Poståpneriet vart aldri plassert saman med butikken slik som Lars Olsen Emblem

gjorde tidlegare, men held seg i kjellaren på Gardsenhaugen i mange år. Svigerdotter til Joakim, Eddy Ovidie emblem, frå Vigra, tok over som poståpnar 1. april 1940. Ho var gift med broren til Sevrin, Johan J. Emblem. Dei overtok Gardsenhaugen etter Joakim. So vidt ,som eg kjenner, til så

var poståpneriet på Garsendhaugen så lenge som Eddy var poståpnar. I 1968 vart postnummeret 6023 lagt til Emleim-namnet. Husa på Gardsenhaugen vart riven på 1980-talet for å gje plass til eldreboligane i bygda. Dei ligg no der tunet ein gong var.

"Gamleposten"

Eg trur at det var først då Evelyn Aurdal Kristoffersen (Nedregotten) vart konstituert, 1. juni 1969

at postkontoret vart flytt ned til den gamle bygdevegen på haugen midt mellom Sevrinbuda og Magnusplassen. Kjellaren hadde vore nytta som samvirkelag frå 1946-1959, før eit eige forretningsbygg stod klart innanfor elva ved Elvarum. Det er mogeleg at postkontoret flytta tidlegare, for eg har kun muntlege kjelder som nemner flytting kring 1970. Ein kan likevel sjå ein 

tendens frå tidlegare at eigerbyte også kan bety endring av stad. Poståpneri namnet vart endra til 

Postkontor, eller rettare sagt "underpostkontor" den 1.11.1973 (Sirk. 41, 31.10.1973). Det betyr at kontoret vart leia av ein "Poststyrar", Det kom ei ny statusendring 1.1.1977, då benemninga vart endra til "Postkontor C". Postkontor av type B og C, vart underlagt eit Postkontor A, med ein eigen postsjef og i dette tilfelle sat han i Ålesund. Leiaren av eit postkontor B fekk behalde "postmeistertittelen" og meir sjølvstende, medan dei gamle poståpneria, kalla underpostkontor, vart underlagd postkontor A fullt og heilt. Slik eg hugsar Gamleposten, så var det ein kjellarinngang midt på huset, med eit lite betongoverbygg. Når ein kom inn i kjellaren, så var det døra til venstre

som leia inn i den austre halvdelen av kjellaren. Her var det eit vindauge ut mot vegen og ei skranke

omlag 2 meter inn i rommet i heile rommet si breidderetning Aust-vest. skranka var kring 1,2 meter høg og bygd i tre. Oppå trekonstruksjonen var det glasvegg som ikkje gjekk so veldig høgt opp. Det var ei opning midt på med eit metallgitter som kunne åpnast frå innsida som ei lita dør. Den var god å ha om  det var større pakkar som skulle hentast eller levarast. Var pakkane for tunge eller store til å løftast, så kunne ein opne ei dør i skranka nærmare mot vestre berevegg. eg hugsar lite frå kontoret bak skranka for eg var ikkje høg nok til å sjå så mykje før Videoposten tok over på 1980-talet. Eg meiner å hugse at det var eit lite bord og to stolar, eller kanskje fleire framom vindauget, der ein kunne sitte medan ein ventar på tur.

S-laget bygger postkontor

I 1985 vart det bygd eit kvitt posthus i tre på austre delen av parkeringsplassen til Samvirkelaget.Så vidt eg kjenner til så var det Samvirkelaget som påkosta bygget og leigde ut til Posten Postekspeditør D, Marie Tone Follum, hadde vore vikar frå 1.3.1984, og vart no fast ansett frå 1. juni 1985. 1. april 1987 vart addressa endra til Emleim, 6022 Ålesund, ei endring som ikkje gjekk heilt upåakta hen. Postekspeditør. Lillian Fjørtoft vart ansett som vikar 1.januar 1988 og etterkvart

så nerma det seg slutten for eit eige postkontor i bygda. Eh hugsar at det vart endringar av åpningstidene, og ei rekkje brev vart sende ut til emblemsbygdarane frå postkontoret i Ålesund.

Eit av dei tok for seg spørsmål om åpningstidene. Den siste tida vart tidene sett slik at kontoret stengde omlag same tida som folk slutta på arbeid, og rakk ikkje fram. Til slutt vart ein informert i brevs form at det var for dårleg besøk til at ein kunne oppretthalde eige postkontor i den noverande forma.

Post i butikk

Postkontoret vart endra til Post i butikk og var i byrjinga nærast som "post i ei skuff". Nokre av tjenestane fall bort, men åpningstida var lenger, då den vart jamnstilt med Samvirkelaget si

opningstid. Nokre av dei ansatte vart opplært i drifta. Slik som tilbodet var i byrjinga, kan ikkje samanliknast med dagens tilbod i butikkane. Det medførte at fleire av posttjenestane måtte utførast utanfor bygda på Moa eller Blindheim. Dette påverka sjølvsagt bruken av posttjenestane på Emblem Samvirkelag. Den 1.april 1997 vart postkontoret nedlagd. Adressa Emleim, 6022 Åleund vart behalde enno ei tid, men så vart den endra til dagens addresse som er 6013 Ålesund. Den næraste tjenesta er no post i butikk på Kiwi på Flisnes. 

Kjelder:


Jubileumsheftet: "Samykjelaget Spjelkavik, Emblem Samvirkelag 50 år 1946-1996" som truleg vart utgjeve i 1996 av Sunnmøre Samvirkelag. historia om Emblem Samvirkelag vart skrevet av Sigurd Langleite.

Gardsoge Borgund og Giske, band II, Ragnar Øverlid, boktrykk L.L., Bergen 1961

Nettbasert Oversikt over historikk for postnummeret Emlem 6023, frå Poststedsdatabasen til Postmuseet på Maihaugen.

P. Stensagers intervju med Lars Olsen Emblem ein gong kring 1922.

Muntlig informasjon frå Olav Østrem 21.4.2011 om Garsendhaugen.

Eigne minner frå "gamleposten".

Wikipedia-informasjon: "Poståpneri"

Bilete av rodesteinen på Aksla: Foto: Bjørn Vidar Sæter

"Oppretting av en fast bipostrute mellom Borgensund og Ørskoug i 1785, og dens utvikling" av Øyvind Midtlid,
publisert i heftet: "Ålesund-98: Nasjonal frimerkeutstilling: 2. til 4. oktober 1998"

Registret informasjon om postkontora på postmuseet på Maihaugen:


Fylgjande opplysningar er å finna om bygdas eige og diverre nedlagde postkontor:

EMLEM poståpneri, på dampskipsanløpstedet, i Borgund herred, Søndmør fogderi, under Aalesund postkontor, ble intil videre underholdt fra 1.1.1896. Sirk. 39, 23.12.1895

Navnet ble fra 1.10.1921 endret til EMLEIM. Sirk. 53, 23.9.1921

Ved etablering av nye poststedsgrupper ble poståpneriet fra 1.11.1973 benevnt underpostkontor, sirk. 41, 31.10.1973, og fikk fra 1.1.1977 status av postkontor C. sirk. 35, 10.12.1976

Postnr. 6023 ble tatt i bruk i 1968, men postaddressen ble fra 1.4.1987 endret til Emleim, 6022 ÅLESUND (4. trafikktr. 26.11.1986)

Postkontoret Emleim, 6022 ÅLESUND ble nedlagt fra 1.4.1997. Ingen endring i postaddressen etter nedleggelsen. Sirk. 8, 20.3.1997 (men det ble etterhvert endret til 6013 ÅLESUND og brukes per dags dato.)

Datostempel av sveitsertypen med åpen stjerne nederst ble antakelig tilsendt ved oprettelsen.

Poståpnere/styrere:
Lars Magnussen Emleim 1.1.1896
Landhandler Lars Olsen Emleim 21.5.1900 (f. 1844)
Joakim J. Emleim 1.10.1921
Eddy Ovidie Emblem 1.4.1940 (f. 1903)
Evelyn Aurdal kristoffersen (Nedregotten) Kst. 1.6.1969 (f. 1917)
Postekspeditør D. Marie Tone Follum vikar 1.3.1984, fast 1.6.1985
Postekspeditør Lillian fjørtoft vikar 1.1.1988

De første kjente poståpnerlønninger

1899: Kr   60,-
1906: Kr 150,-
1912: Kr 200,-
1917: Kr 300,-

fra 1.7. 1917 ble det gitt et midlertidig dyrtidstillegg med 50% av lønnen

(Kilde: Postdatabasen, postmuseet på Maihaugen)

Det siste postkontoret blei bygd ved sida av S-laget og du kan sjå murane fortsatt
Veggar og tak blei kjøpt av Liv og Arvid Brevik og er no ein del av hytta deira.