Karl O. Emblem fortel om gamleskulen

Emblem skule 1952. Eg har foreløpig fått desse namna: 1. rekke f.v.: Jorunn Myre, Turid Kaldhussæter, Marit Karin Emblem, Anne Marie Reiten, Marit Emblemsvåg, Wenche Aleksandersen, Oddny Hansen, Margrete Bjørkavåg Opplenskedal. 2. rekke f.v.: ? Heitmann, Bodil Nedregotten, Solveig Skrede, Liv Karin Emblemsvåg, vikar Judith Kvangarsnes, Olav og Per Kåre Østrem, Lars Akslen, Ove Flø?, ? 3. rekke f.v.: Einar Røren,Svein, Terje krogsæter, Helge Larsen, Einar Nedregotten, Olav Egdar Bogdanov, Asbjørn Østrem

Året er 1951 eller 1952: 1.rekke f.v: Harald Kristoffersen, Reidar Hesseberg, Kjell Emblem, Odd Larsen 2.rekke f.v.: Fredrik Emblem, Jostein Flydal, Magne Emblem, Kjell Skrede.3.rekke f.v.: Erna Østrem, Ellinor Emblem, Kari Kaldhussæter, Oddhild Østrem, Kirsten Østrem. 4.rekke f.v.: Karl Nedregotten, Leikny Flø, Inger Sofie Hansen.5.rekke f.v.: Lærer Bernhard Olsen, Ruth Terøy, Tove Aleksandersen. 6.rekke f.v.: Inge Akslen, Frøydis Olsen, Solbjørg Kristoffersen, Lillian Sæter, Per Kristoffersen.

Skulebilete kan vere frå 1952. Første rekke f.v.: Åse Heitmann, Tove Aleksandersen, Frøydis Olsen. Andre rekke f.v.: Inge Akslen, Nils Jan Emblemsvåg, Harald Kristoffersen, Harald Reiten. Tredje rekke f.v.: Johanne Emblem, Ivar Flø, Inger sofie Hansen. Fjerde rekke f.v.: Oddhild Østrem, Ruth Terøy, Astrid Emblem Nest øverste trappetrinn f.v.: Ellinor Emblem, Kari Kaldhussæter, Inger Andreassen, Lillian Sæter. Bakerst f.v.: Solbjørg Kristoffersen, Sverre Hesseberg, Peter (Peto) Hesseberg og Ivar Reiten

For den som syntest at det var litt vanskelig å følge med på kven som var kven i teksten på orginalbiletet, så publiserar eg fasiten også. Det er Jostein Olsen som har fått søstera si, Frøydis til å legge inn namna. Ei retteleg stor takk til begge to! Eg fekk ikkje nok tekstplass på det forrige biletet til å nemne at Peto var vikarlærar dette året.

Første klasse ved Emblem skule 1954-55 Bakfra venstre: Solbjørg Krogsæter, Sigrun Smogeli, lærer Liv Ørstavik, Synnøve Emblem, Sissel Hansen. Framme frå venstre: Sigmund Nedregotten, Svein Nedregotten, Nils Olav Emblem og Kristoffer Emblem Biletet er utlånt av Sigrun Smogeli Ødegård

Lærar Lars Petersen Flydal (1883-1938) og kona Gurine Iverdotter f. Furset (1882-1944). Lars byrja som lærar i bygda like etter at den første skulestova på Skaret stod ferdig i 1903

Ella Emblem, eller eigentleg Ellevine Emblem, vart født 8.6.1900 og var dotter til Ole Elias Knudsen Emblem (1866-1958) og Marie Ellingsdatter Humlen, g. Emblem (1866-1940). Det er truleg henne mora skriv kort til i 1913 medan ho besøker tanta si ved Krøderen. Nevøen hennar, Inge Emblem fortel at ho arbeidde ei tid på Emblem Skule også då han gjekk på skulen. Inge er fødd i 1919 så det må ha vore etter 1926 for ho var ikkje der då han tok til i første klasse.

Lærar Berhard Olsen 1950

Ein av dei siste 17. maifeiringane på Ungdomshuset. Gamleskulen i bakgrunnen. Foto: Aslaug Østrem (f. Magerholm)

Eit gammalt lysbilete som syner gamleskulen ein gong på 1980-talet. Foto: Sigurd Langleite

Kart som syner skulane og omgongskulane på Emblem

Konvolutt som inneheld korrespondanse om innlegging av vatn på gamleskulen i 1934

Brev frå N Standal til krinsformann Steffen Nedregotten, datert 11. mai 1934.

Krinsforman Stefen Nedregotten sin beskrivelse av korleis ein tenkte seg å legge inn vatn på Emblem skule.

Brev ang. innlegging av vatn på gamleskulen i 1934. Det gjekk med andre ord heile 21 år før skulen fekk innlagt vatn.

Opptak på Emblem ved Sigurd Langleite, 3. februar 1984:

KARL SIGFRED O. EMBLEM , fødd 21/2 1907

Eg begynte på skulen i 1914. Vi var vel en 10-11 det året - vi var tre årgangar den gongen. Første året eg gjekk på skulen var det bare han Flydal - me gjekk 2 dagar for vika. For han skulle ha alle klassane og det var ein tredelt skule. Det blei nokså store klassar då. Året etterpå allereie - fekk vi ei lærerinne og det blei holdt småskule i kjellaren der inne på Gamleskulen. Den første lærerinna vi ha`var ei som heitte Inga Furholm . der ha`vore ei lærerinne tidlegare, men det ligger langt føre mi tid. Der var til og med framhaldskule på Emblem i 1910/1911. Eg hugsar det for eldste bror min gjekk på den og det var nå svært det. Og jeg trur fakta det var i den forbindelse vi ha`lærerinne. - så blei det fleire skuleviker for året då, sia småskulen blei utskilt frå dei 5 eldste klassene. Småskulelærerinna hadde både Emblem og Hatlehol i ein delt lærarpost. -

Der var mykje skuleborn i forhold til bygde si størrelse den gong, der var oppi 65 når det var på det meste, vi var oppe i 28-29 i same klasse og det var i grunnen det skulen hadde kapasitet til. Då sat me to på kvar pult då. Så var det jentene då som sat attmed omna, og han kunne av og te vere nokså heite. gutane sat meir uti periferien. der var ikkje måla på skulen, der var svære sprekker i timberet - ettersom det tørka så sprakk jo det. Likedan var der svære sprekker neri pultane. Og når våren kom og det blei litt varmt, så begynte desse store fluene å krype fram ut or veggå og til dels utor pultane også. - Eg hugsar at det blei kjøpt ein skjerm for omnen, det blei så varmt der borte at dei kunne ikkje vere der når det skulle vere så nokelunde varmt lenger uti skuleromet. Den skjermen var veldig god.

I den første tida så trur eg at lærar Flydal budde på skulen, der det er e kammers ved sida av som er der den dag idag. Om loftet var brukt til noke, kan eg ikkje hugse. Så var der eit stort skap

bortmed døra der læreren hadde bøkene og fysikk-instrumentane. Dei var veldig spennande, me ha`

no ikkje så mange. Men vi hadde no dette: Me sat rundt heile skulestova med hendene saman og så skulle då ein peike på noke som var som ei kule - som ein anode - Og han Flydal sveiva og laga elektrisk straum og så gjekk det som eit sjokk gjennom heile klassa. Dette var svært. Elles så he e ta skulebøkene mine endå. Dei ligg her og det tålest ikkje samanlikning med det dei he idag.


Vi ha forresten lang dag, vi begynde klokka 9 og slutta i 3 - halv 4-tida på ettermiddagen kvar skuledag.Men me ha`nå eit storfriminutt midt i. - Men for dei som ikkje var så interessert i å gå på skule så kunne det vere trasige dagar. Men dei fann seg i det, det skulle så vere. Det var ikkje så rart med skuleplassen heller då, han rakk ikkje lenger enn tett innom trappa, men han gjekk oppgjennom bakkja då utafor skulen, den muren som er der nå var lenger ute. - det var ein gong i mellomkrigsåra - då var eg med i tilsynet - så blei plassen utvida austover til der han er i dag, og muren innate skulen blei trekt innover, slik at det blei ein finare plan og så blei han innegjerda.


skulen var som ein samlingsplass for ungdomane, den vart brukt laurdagar og søndagar. Det artige var at gamlekarane me`var ivrige, på søndagane møtte dei opp på skuleplassen og slo lyre. På veien - riksveien - det var ikkje mange bilar som forstyrde leiken. Eg hugsar at han gamle Reite-Ivar, han var hissige, - litt hjulbeint, men kjapp - og han slo lyre nesten innåt skare-veien, og sprang som ein elding! Eldre karar i 40-50-års alderen, dei gav seg i lag med ungdomen og borna.


Eg hadde ein einaste lærar i heile mi barneskuletid, det var han Flydal . ikkje ein time med andre. Lars Flydal , far til Karl og Ivar. Han kom frå Sykkjelva, far hans hadde eit småbruk på Skjerva, nordapå kyrkja der, men namnet Flydal kjem jo frå Geiranger. Eg trur Flydal kom hit i 1905 og her skula han så lenge han hadde helse til det, men han ha`no mykje vikarar på slutten, men det var etter mi tid. så lenge eg gjekk på skule var han frisk, han ha`dette småbruket då som han dreiv, hanblei gift med ei jente herifrå bygdene, ho Gurine frå Eikenosa,


S.L.: Eg såg i ein av skulens protokollane at ein av elevene var "borte i tjeneste" - då var ho 8 år gamal?

Åja, då. Men dette måtte vere nokså langt tilbake.

S.L.: Ja, dette var vel i ca 1860-åra.

Ja, det er då ein generasjon før, min far var fødd i 1866, men han snakka i grunnen ikkje mykje om skuletida, han.

Det einaste var at før det vart skulehus, så vart det fast skulestad på Magnusplassen, for der var to nokså rømslege stuer der, med gang i midten. Det huset er vekke, det sto rett nordai den jordbruksundergangen under den nye riksvegen utafor Gardsholhaugen, mellom vårt bruk og Gardsholhaugen, der var ein plass som heitte Magnusplassen som var rydda og dyrka, han låg under Ebbe-bruket. Der var første postmannen også. Så lenge eg kan huske så var der ei enkje som heitte Petrine, ei gløgg dame. Men stova blei revet når plassen gjekk innatt under hovedbruket. Han blei forresten oppført som hytte uttai Løvika og stend der idag. Ombygd.


S.L.: Men du gjekk berre på skule på Gamleskulen der Husmortun er nå?

JA. - det var ikkje så enkelt alle tider, noke slikt som snøbrøyting var her ikkje og når her var ei snøri då så hende det at dei kom karane, og bar både ein og to ungar på ryggja for å greie å få dei fram på skulen. Eg hugsar så godt han jakop på Stia - dei kallar det Stampen nå - dei ha`tre jenter og ei er nå gifte med han Oskar på Myrå og ho Hjørdis lver endå.- Han kom like der inna i snøbrøytene og bar på to jentungar for å få dei på skulen.


S.L.: Alle hadde vel ikkje ski?

Jau, stort sett hadde gutane ski, som dei til dels hadde med på skulen, så skisporten er av tidleg årgang her i bygdene. Men det var ikkje så flotte saker som dei har no. Bindingane var nå enten ler eller tau. Eg var no ein 8-9 år då eg fekk meg kjøpeski i julegåve. Me gjekk mykje på fjellet og.


S.L.: Kva slags fag hadde dere på skulen?

Ikkje så mange fa som idag, det var kristendomskunnskap, geografi, naturfag, norsk, skriving og lesing og rekning.


S.L.: Kva skreiv dokke med?

Så lenge me gjekk i barneskulen så hadde me vanlege blyantar og når vi kom så langt at me ha` erverva ein del kunnskapar i skriving, så fekk me blekk. På desse gamle pultane var der laga ei hole til blekkhuset øvst, og så ei veite for penn og blyantar. Det var pnnskaft med splittapenner


S.L.: Det var slutt med fjørpennene?

Nei det var lenge før. - Vi hadde tavle i huset, og eg skal ikkje vere heilt sikker på om vi ikkje første året brukte tavle og griffel på skulen. Men det var nok svært lite vi brukte det. Det er berre såvidt eg huksar at vi hadde det. det kan vere at mine eldre søsken brukte det på skulen, at det er det eg hugsar. Så var det no song då, men noe som gymnastikk, det var ikkje fag. - Men vi var så aktive ellers, det var no slik at når vi kom att, så var det berre å få seg ein grannmat og så begynde å hjelpe til på garden, iallfall vår, sommar og haust. Vinterstida så var det kanskje noke småved som skulle huggast.


S.L.: Dokke hjalp til i fjøset kanskje?

Ja, vi hjalp til ein god del der, vi bar vatnet, frå ein brunn attmed huset, og så hadde dei ein svær kopparstamp og oppå den stod ei svær tynne med ein tapp nere. Så hakka vi halm - der var mykje åkrar her då - Så hakkelsen hadde vi oppi der og så var det å slå på vatn og så blei det som ei god løg, god drikke åt dyra. Så laga dei surpe - strålte ei neve med mjøl på og ha`oppi båsen åt dei. Så var det surpebytten då, det var vår jobb mykje, og også å bere vatn. Ellers i fjøsen var det dei vaksne som styrte. Dei våndla dei, og det kunne vel hende seg at vi kasta inn i båsane dei våndlane som var ferdige, dei låg på rad og rekke ettersom kyrne sto på båsene.

Noke sånn som drikke var der ikkje på skulen, skulle du ha vatn så var det å springe nord for elva så sant som ho ikkje var attefrøsa, så var det å slenge seg på magen og drikke i elva. Men det var jo heilt reint vatn overalt,ikkje ein kloakk.


S.L.: Kva slags leikar hadde dokke?

Det var helst å slå lyre, norsk og engelsk ball. Det var hovedleiken, og så var det å springe sundt huset og titte, og så var det "kjil på tre" var nå ein leik vi hadde. Men det fornemste var lyrespelet. Jentene var med.


S.L.: Du kjem ikkje på nokre artige episodar frå skuletida? Dokke var vel veldig lydige?

Åla, det var no forskjell på ungar den tida som det er idag. Det var ikkje alle som var like lydige. Men dei aller fleste var veldig lydige og pertentlige. Det hadde vi innprenta fra barnsben at du måtte vere lydige mot foresatte, det gjaldt foreldre og lærarar og alle som hadde myndigheit.


S.L.: Eg såg i ein gamal protokoll at dei en gong hadde oppe dette med avsraffelse på skulen?

Det hende aldri i mi tid, det kunne hende bort i skammekroken kanskje, og var det nokon som var vanskeleg, så vart dei rett og slett utjaga og bedd om å gå heim, men det var sver sjeldan. Og når det gjeld episoder - det var ikkje alle som var like gløgge då, - Eg hugsar ei jente som skulle stave fiskestang. Du veit me sag troe her. Så ho stava i veg: S-t-a-n-g- troe. Eg hugsar det vekte mykje latter. Og det var ikkje kjekt for henne som stava, men ho lærte det no. Me stava på den måten der for å lære oss å lese den gongen.


S.L.: Her har eg med nokre gamle protokollar, du ser her i 1902 var der møte 4. januar hos Ole Larsen?

Ja det var i Auregarden.


S.L.: Så her eit møte i august også hos Ole Larsen, men så i 1903 på Nedregotten skolehus. den

12. september 1903.

Då er dette huset oppført noke tidlegare enn det eg trudde. Her har eg regnskap over det det kosta å bygge skulen. Men her er ikkje årstall. Her er eit årstal - 1904, men det var brannskatt. så då var det altså etter denne boka her også oppkome. Men her er revisjonen, det var i 1907. Her er amtsbidrag - som dei fekk av fylket til bygging av skulen, det var 600 kroner for desse tre åra der. Ellers måtte dei låne pengar og skyte inn pengar, slik at det var bygda som både bygde og eigde skulen. -det er ikkje godt å finna ut av desse gamle papira, eg har rekna med at det var i 1905, men det ser ut for at skulen var oppkome før.


S.L.: Her er noke frå Emblem og Spilkevig skoledistrikt?

Ja, dei hadde nokså vide områder - felles lærar.


S.L.: Her er alle stadene utover frå Magerholm - frå 1859 - heilt ut til Vika, Åse og Naken. At der var så lite folk der ute?

Ja, der var berre gardsbruk. Emblemsbygda var av største stadar. Dette er folketalet dette då?

S.L.: Dette er skuledistriktet, ein lærar som hadde omgangsskule. skulekretsen gjekk heilt ut i Hatlane. Her står det: Formedelst fattigdom - borte i tjeneste. Ho var 8 år og heitte Petrine Pedersdatter. I Emblem krets. Men det står frå fleire plassar. Her er første boka - 1863- Her står Jørgen Knutsen Magerholmdal.

Ja, Magerholmdalen var jo eit småbruk,eit bygslebruk ovafor Magerholm, oppi dalen der, der bodde

4 generasjoner der - så det gjeng nokså langt tilbake. Dei kom i grunnen frå Nordfjord og dei heitte Tjugen dei som kom der - og du kan snakke om å gå på skule, men det fanst ikkje veg, om vinteren å ta seg ned frå Magerholmdalen og vidare derfrå 2 kilometer ut til skulen, det var i grunnen ikkje for små ungar på 7-8 år. Men likefullt så hadde dei nå 3 born sjølve og dei tok åt seg to born, desse siste som var der. Ein heitte Jonas og han kom vekk oppe i Ishavet i 1917. så var det ei som heitte Inga og ho vart gift og flytte herifrå. Men no er det nedrote alt der oppe. Denne gamle boka her kunne vere gjenstand for ei bygdahistorie. bygdeboka vi har er der bare nemdte den som vart atte

på bruket, dei andre er ikje nevnt. Du kan ikkje greie å fylgje med dei. Her er så mange som he vore så forsynlege dei he brukt mellomnavn, eg skulle ha kuna fylgje mange av desse! Men alle husmannsplassene som var her, dei er ikkje nemnde her og ikkje noken plass. Men me veit inderleg vel at dei he vore her for der er merke etter dei. Der er tydelege merker nede med dokke og likedant på magerholm.


S.L.: Du nevnte at du var tidleg ute og møtte opp når der var kretsmøter?

Ja eg var tidleg ute og møtte opp. Det interesserte meg. Der var ein kretsformann då som var i skulestyret frå kvar krets. Diskusjonane dei hadde kunne vere temmeleg harde. Er det nokken tid spareånda he vore virksom her i bygda så var det i den tida, spesielt når det gjaldt skulen. Somme

ville nå det skulle vere skamlaust då. Dei skulle bestemme kor mykje ved dei skulle levere frå kvar gard. Ein gardbrukar skulle levere dobbelt så mykje som ein småbrukar som ikkje hadde hest. Det var ikkje alle tider den var så turre denne veden. Ja det var no verst for dei som hadde vask og fyrte opp. Det var godt frammøte på desse kretsmøta. Det skulle gå på omgang det som ikkje var dagleg, for eksempel nedvask, det gjekk på omgang. Det blei nå skittent då av fyringa. så det var stor nedvask då ein gong for året og det var vel sannsynlegvis når det skulle takast til på nytt skuleår. Det var på omgang. Og så kunne det vere andre større arbeid, då var det å kalle saman og gjere på dugnad. Det var svært lett å få saman i alle anledningar. Sånn som å bygge bedehuset her inne - og likedan kaia - det var dugnadsarbeid. Og vegen opp til Magerholm, det var dugnads arbeid, eg hugsar eg var skulegut då. Det var vegen frå fergeleiet - kjøreveg opp til Magerholm, der var berre ein skarve veg om du kunne kjøre med slede. Likedan vegen på Eikenosa var bygde på dugnad. Det er ikkje lenger sia enn i 1928/29 då dei la om vegen gjennom Langhaugdalen - der har vore tre vegar der, den gamle var gjennom djupaste dalen. så la dei den om sør om haugane der - den gamlevegen går der den dag idag frå industrisenteret og utover, den var mykje bygd på dugnad, kommunen hjelpte til og så ydet gardbrukarane her inne så og så mange dagar - med hest då. Så dei var vel vande med dugnad. Eg hugsar eg var med og gjerda gard på fjella, då skulle det berast fram, staur og netting og spiker. så kom der ein luskande med spikerpakke. Er det noke å bere? Ja, er det ikkje så at ein skal arbeide etter skyld - han var småbrukar han, og ville ikkje gjere like mykje som hine!

Når det gjaldt fag på skulen så nevnte eg visst tikkje soge, det var eit viktig fag. Våre foreldre og besteforeldre hadde ikkje andre fag enn kristendom, norsk og rekning. Første året eg gjekk i skule -1914- då var det ikkje bestemt at det skulle vere nynorsk i skulen, så då begynde vi å lære riksmål. Men for mitt vedkommende ver det bare eit år. Så sia har eg hatt all mi opplæring på nynorsk.


S-L.: Læraren som var før Flydal, Furset?

Ja, han var frå Stranda. Og han hadde ein bror, han Iver på Eikenosa. "Kjøt-Iver". Han var ein framgangsmann, han Iver. Ein brytar. Han hadde to hestar og oppi 17-18 naut, ein svær gard. Dreiv med mykje tenarar. Dei fortel at der kom ein mann med ei kyr - dei reiste på Vågebåtane -VON-

Der kom ein mann med ei kyr - og han Iver gjorde ikkje meir føre enn at han lot båten vente, så tok han seg ein stein utav garden og stutte kyra og stakk henne og slakta henne og gjorde ferdig og fekk henne ombord i båten og med til byen og selde ho. Han kjøpte - det var handel som stod i haude på han. -Broren- han Furset- han var ein dyktig lærar og han var brukt til alt slag. Var der eit kårbrev som skulle skrivast, så var det å gå til Furset. Var det skøyter som skulle skrivast, så var det å gå til Furset. Og det var ikkje all tider så stort bekvendt, jeg har sett underskrifter her med påholden penn, så det var ikkje alle som skreiv namnet sitt. - Han var ein fin mann. Han var revisor i Borgund-banken i mange år sia han slutta i skulen. Eg sat i mange år ved same pult i ligningsvesenet som var overtatt etter hans. Han snakka så fint "vi der oppe vi har intet hørt" sa han og peikte oppi bakkane.


S.L.: Var der ei positiv haldning til skulen i di tid?

Det var ikkje halde for noke viktigt å gå på skulen, men ein skal ikkje laste borna for det. Det var ikkje populært blant foreldre at ungane skulle takast ut av arbeidet for å gå på skule. Og ein mann som forsette å gå på skule, han blei i grunnen ikkje halden for noke. Tidsånda var sånn. Det var om å gjere å få dei snarast muleg ut or skulen så dei kunne vere til hjelp - enten heime eller få seg teneste. Når foreldra hadde den instilling, så låg det lett for ungane å ha same innstillinga.

Eksamenstida var ei hard tid. Det var gjerne jentene som hadde dei beste karakterane. Dei ville ha det til at han Flydal favoriserte dei. - men det var no berre tøv. Eg trur dei fekk karakterar som dei fortente. Eg hugsar ein gong det var eksamen og det var geografi og ein blei spurt om elvar i Norge.

Han visste at det var ei elv sør i Norge som hadde omtrent same navn som ei av elvane her i bygda - Sira (Sirielva) - men så var han snar og brende til: Eitråna! Ein flink gut forresten. Det røynte nokså hardt på nervane åt ungane å skulle vere oppe til desse prøvene. Enkelte fekk ikkje virkeleg vise kva dei var gode for. Me var alle sammen då. Men me var nå framskula då, dei fleste var då ferdige med si skulegang, berre sjeldan at noken gjekk vidare på andre skular.


Nytt spor:


Når det gjaldt belysning var det ikkje rare greiene i gamle dagar. Når eg høyrer den julesangen: Det lyser i stille grender, kommer eg til å tenke på Emblemsbygda i gamle dagar. Eg hugsar ein ong me sto på Austremsbrua eg trur det var omkring juletider, eg og far køyrde tømmer over Melsvatnet og me kom frampå der ein kveld - eg hugsar ennå ag attletaover at eg ha´ikkje gjordt leksene mine. Me stod der o såg utover bygda, og då var det berre ein og annan toren her utover, då lyste det verkeleg i stille grender. Det var så silt, ikkje ein bil, ikkje fly, - Og då var det ein einaste plass her det verkeleg lyst godt, og det var nere på Mattisgarden på Østrem, då hadde dei fått elektrisk ljøs der nede. Berre på det bruket. Det står der nå endå, den kratstasjonen der


S.L.: Hadde han noko ekstra utdanning han då?

Nei, men han ha´ein svigerson som var maskinist, som eg trur styrte myke med detta. Så ha´dei ledning då opp i elva ned på denne generatoren. Vi var der ein gong, vi skuleunane o skulle sjå på detta vidunderet. Men det var voldsomt kor vi blei anmoda om ikkje å røyve nokon ting, for det var døden tilfølge! Eg trur sikkert det lille huset står der endå, det var rett over vegen for løa. Men der er mykje kratt. Dei som eig det er no i Amerika, men bruket er jo bortleigd på 20 år til gartnar Eriksen.


S.L.: Vart det berre brukt til belysning?

Nei, dei kokte også. eg hugsar dei fortalte det konene i bygda når dei var nå i drøs, kor fint ho hadde det ho gamlekona oppi Mattisgarda, ho slapp endåtil å stå opp or senga for å koke seg kaffi, ho slo berre på plata.


S.L.: når kunne dette vere då?

Å, eg kunne vel vere ein 8-10 år tenker e, så det var straks etter verdenskrigen. - Men det var no ikkje så tidleg, Sykkylven ha´no hatt strøm myke tidlegare enn me fekk det.

Desse gamle protokollane vil eg gjerne låne ein gong. dei er verdifulle fordi der er farsnavn tatt med og det gjer at eg greier å finne ut av slektene. Eg he kjøpt me bygdebøkene frå andre bygder og kan finne folka att slik.


S.L.: Når det gjeld denne festen, så trudde me at skulen var bygd då i 04 eller 05, men etter bøkene her så var den her i 1903 når dei hadde møte i skulehuset?

Ja, det er no heilt sikkert. Og du ser når vi blar i desse reknskapsbøkene så er der fleire år som er sammendratt. Ifrå 1904/05 og til 06/07 - dei første blada. Så at skulen vart bygde før han blei betalt, det er jo klart. Han vart bygde inni Hornindala, vart opptimbra der og så førde hit og sett oppå murane. Det var han Marka-Hans og Vedahaug-Kristian som var entrepenørar for murane. Dei skulle vere "skurefrie". dei skulle ikkje berre vere plane framme slik du ser muren no, men det skulle vere hogde stein. Dei skulle ikkje vere skura i bakkant. Men det vart ikkje heilt etterkome, så der vart nokre syrlege bemerkningar om at her har ikkje entrepenørane gjordt etter avtale, at dei skulle leverast "skurefrie", folk visste den gong kva det var.


S.L.: Då vi laga speidarlokale der og tok ned murveggen på sydsida, var det betong mellom vindua, men under var berre ei røys, delvis iblanda betong, vi tok ikkje bort noke fin stein derifrå. Vi prøvde å bevare resten av muren.

Skulen tapte ikkje noke på det som vart gjort.


S.L.: I desse notatane dine, har du tatt med om kalkbrenninga?

Nei, men eg tenker å ta det med - det høyrer inn under industrien! Eg trur desse kalkomnane står den dag idag inne med han Magerholm-Peder. Det var ein som heitte Aksel-anders som begynte å brenne kalk der og han bygde seg hus inne på Magerholmen og dreiv som eit losji der for folk som rodde ut og inn fjorden, så kune dei ta i land der og få seg mat og kanskje overnatte. Og dei brende kalk.Og likeeins ute på Blindheim og den omnen er betre bevart og skal nå fredast. Eg veit ikkje kor omnen her ser ut nå, men for en 40-50 år sida veit eg at han sto. Det kunne vært artig for ungane ein vårdag å ta dei med inn og sjå. Peder veit kor han står. Han står nedai huset nærmare sjøen. Det er same kalkådra som går forbi her, kloss inni husveggane her. Frå Magerholm går ho i sjøen og kjem att borte i Sykkylva. Ho kjem frå Blindheim og heilt ifrå Humla og Vedde og ute på øyane, på voksa f.eks. Kor det ber med ho etter å ha passert Sykkylven veit eg ikkje. På Eikenosa er der kolossalt store forekomster. Heile vegen utigjennom, ein kan ikkje vite kor djupt det er. Eg veit ingen som he selt - uten Reiten, dei selde sine forekomster, og Aksla kanskje, men her på Emblem er ikkje seld noke. Og det går inn over Torskehaugen der som skolen er. Han står sikert på mykje kalk.


S.L.: Då me grov der inne under gamleskulen for å få betre takhøgde, så skulle eg løyse ein stein og tok spettet under og der for spettet ned i eit hol. Det var ikkje djupare enn at eg nådde i spettet, men der var ope.

Ja, her renn ei elv gjennom her forbi huset vårt. Ei lita ei. Det var der vi tok alt vatnet før. Det var godt vatn. Og det er det som gjer at denne gamle garden beli ståande her akkurat. Eg veit kvar tuftene var på alle desse husa, det viser merke etter dei endå. Rundt omkring her var ca 30 hus, der var mange hus på kvar gard. Dei hadde utmarka kloss nedåt husa her, og så hadde dei denne gode vasskjelda her, og god utikt då, og så hadde dei samla desse gamle åkrane rundt seg her. Det var det ideelle. Men så flytte dei ut då frå 1835 og utover dit dei står idag, husa.


Ja når vi var ferdige med skulen så skulle me nå konfirmerast då. Vi gjekk for presten i Borgundkirka, Eg veit første dagen gjekk oss heile vegen frå Emblem og ut i Borgund kirke - i flokk. Og når vi var ferdige der, så gjekk vi til byen og følgde VON i vågane og så gjekk vi frå Vågå og hit inn. Eikenosvåga. Men seinare så gjekk ikkje dette der, ikkje bilar! Det hende vi brukte færing når det var god vind. - Men så var det at Elias Kvasnes begynde å gå med oss, kom inn i vågane og tok med frå fastlandet, ut i Vegsundet og indre delen av Sulalandet heilt ut til Vedde og så sette han tversover.Og han gjekk med oss resten av tida. så når vi skulle konfirmerast - så var nå det ein heil sermoni. Det var jo straks etter krigen då. Tre koner her fekk seg nokke tøy ute i Langevåga hos nokken slektningar dei hadde der. Då rodde oss frå Emblemsvågen inn i Aure i Sykkylven, og vi hadde med oss far åt ein ta dei. Fekk ta mål. Og så rodde oss innatt og passa - då var oss berre oss gutane og så rodde oss inn og henta dressane. Det var nye moter det året - 1921 - Andre forandringar var og skjedd. sangboka var obligatorisk for alle - den har eg liggande her. Eg he nå forresten så gamle som tilbake til Hans Nielsen Hauge. - Men det er ei anna sak. Så fekk oss kappe, og skjoldalue. Det var ei vanleg poplinskappe. Me var første kull som stilte på kirkebakken i kappe. Før den tid ha´dei fått paraply.


S.L.: Det kunde bli dyrt for dei som var dårleg stilt?

Ja, men her var ikkje så dårlege tider like etter krigen, der var mykje folk som tente gode penger. Det var først seinare det kom. Men det var nokså vanskeleg å få tak i det. Varer. Den økonomiske elendigheita kom først frå 1925 og utover. Kor jentene vart utstyrt kan ikkje eg hugse nå, men det var sjølvsagt ein konfirmasjonskjole. - Bunader fanst ikkje i den anledning. Men her var val kanskje bunader i bygdene. Synst å hugse det. Men det var vaksne jenter, de var ikkje den moten at dei skulle ha det til konfirmasjonen. det var sjeldan du såg bunad i bruk, men der fanst sorten.


S.L.: Det var kanskje store konfirmantkull?

Det året eg gjekk var vi 11 her frå Emblem. og så var vi sammen med Blindheim, Hatlehol, Spjelkavik, og utover der, og så indre delen av Sula. Det var et konfirmasjonslag. så var det Langevåg som var ei stor bygd den gongen og Heissa og Ellingsøya.


S.L.: Borgund Prestegjeld gjekk vel lenger nordover?

Ja, men dei hadde egen kirke på Hamnsundet. så dei var ikkje saman med oss om dei kirkelege handlingar.


S.L.: Fekk dere mykje gaver?

Det var ikkje mykje, men der var no sorten da. Det kunne vere klokke eller klokkekjeie. men klokke

var no forresten sjeldent, jeg tror ikkje jeg hadde skikkeleg klokke før eg var ein 25 år. O gkjøpte han sjølv.


S.L.. Så var det sjølve konfirmasjonen?

Ja, spørjesøndagen var værst, det tok nokså lang tid. Klokka var nå både 1 og halv 2 før vi var ferdig. Og likedan når vi hadde bispevisitas, det hadde vi også ein gang. Han hadde stort bispedøme, han skull få betre tid bispen nå. Men eg må seie det at det ergrer meg ikkje så lite at ikkje orgundkirka skulle bli bispekirke. For det er virkelig ei kirke det!


S.L.: Du har arbeid med kaibygginga?

Ja. Eg har både rekneskapet og protokollen. Før kaia vart bygde så måtte dei ekspedere dampbåten med færing. Han stoppa her utføre der kaia er no. og så måtte dei ro bort og ekspedere båten. Dei ha ein stor vør der borte som dei kallar storevøren den dag i dag og det var ekspedisjonstedet - for både post, varer og folk. men så vart nå kaia bygd då, mykje arbeid, det kosta vel ei kr. 6.-7.000 og det var pengar det i dei dage. Dei hadde eit andelslag, det var vesentleg folk her frå Emblem, Emblemsvåg, og også frå Røssevoll og frå Nedregota, som var medeigarar der. Kr. 60 pr. aksje og 103 aksjer trur eg det er. Men dei er komne i grava for lenge sia alle saman. Så eg tok det over eg for nokre år sia, heile greia, har passa godt på pengane, eg har avslutta regnskapet og no skal det samankallast til eit møte for å få det i skikkelege former. Eg vil ha klarheit i om ervingane til desse andelhavarane vil overta aksjene - der kan bli problem. Oss sette inn eit svært avertissement over 2 spalter med Emblem Kai - dei som hadde andeler måtte melde seg. Men det meldte seg berre ganske få. Det ble trua med at hvis dei ikkje meldte seg så blei aksjane dratt inn igjen i selskapet. Men vi skal no prøve, eg skal kalle saman desse unge nå, den tredje generasjonen og så skal dei få overta. Her er planer om småbåthamn der nede og då blir det spørsmål om kva dei skal gjere med kaia, ho må vere utgangspunktet og så må dei bygge ein molo.


S.L.: Det er eit andelslag som er i live endå dette?

Det er i grunnen det, det eksisterer, dei eig kaia og tomta - alt saman. det blei slutt temmeleg brått det der når bilane begynte å gå. Det var i 1930. Der er nokon småbåtar som er festa der og to-tre stykker leiger huset der til å ha saker i, men der er ikkje bolverk. Kommuna har nå brukt ho ein del,

men der er ikkje inntekter på ho nå av betydning. - Men det var litt av ein jobb å få ho bygd den gangen. Det var ein som heitte Andreas Emblem son av gamle poståpneren her, og handelsmannen, han Lars, som var sjef. Han blei seinare kaptein i Redningselskapet, på desse store båtane og han bor innpå Ørskog.


S.L.: Det skulle nå skrekkeleg mykje stein til?

Ja, men dei ha´hammaren å ta ta, dei skaut ned høge hammaren, og så ha´dei dykker. dei måtte ta henne att ein gong te, og bygge henne fram i eine hjørnet, for det blei for grynt - det var store dampbåtar som gjekk den gongen. "Jotunheimen" og Norddalsfjord og "Geiranger" og desse. Og eg skal sei deg at den gang det var mote blant sosieteten i byen å bo på landet på Emblem om sommaren, då var her trafikk! Der var svart med folk søndagane. Der budde byfolk omtrent i kvart einaste tun. Sjølvefolket flytta ut, enten i stabbur eller uthus, der var nokre kroner å tene på det. Og dei kom vel med, for her var store barneflokkar. Det stod jo på heile krigen, her var masse folk evakuerte hit inn då, og sia krigen og litegrann, men så blei det meir pengar blant folk og då kunne dei reise og bo på hotell - og så kom der opp ein masse hytter, og dei er her jo endå.


Tilbake til gamletida, når folk skulle varslast om eit eller anna som skulle foregå p skulenm enten det var dugnad eller anna, så gjekk det budstikke. Det vart skreve eit brev - av læraren, og denne budstikka måtte ikkje brytast. Ho gjekk frå tun til tun og måtte øyeblikkeleg leverast til neste tun. Dette var så seint at eg hugsar det godt. Det var berre ein lappe - eit brev - der det sto f.eks at det skal vere kretsmøte den og den tid på skulekjellaren eller noke sånt. Eller det blei oppfordra til å møte på skulen til den og den tid for å utføre eit bestemt arbeid. Dei slo ikkje opp plakater, varslingsmåen var å sende ei budstikke rundt heile bygda. Det skulle vere artigt å visst kor lang tid ho tok frå ende til ende i bygda, det veit ikje eg, men eg vait at ho skulle uoppholdeleg gå til neste tun og ruta var lagde på forhånd, slik at der var aldri spørsmål om noken misforståelser eller overlapping. Det var ingen som turte å bryte ei budstikke. Det var berre ei lappe inni ei konvolutt og ho gjekk.


S.L.: Du skulle fortelle om deling av skulekretser?

elva har vore som ei magisk linje bestandig. Frå gammalt gjekk byte mellom gardene til elva. Der var eit lite avbrekk der Navelsaker bur nå, der gjorde elva ei sving, der var noke ta Emblemsgardane innom elva, og så var det der skulen er nå, innpå skulen det som høyrer Nedregotten til, der kom Nedregotten utom elva, men stort sett så bodde folket innai eller utai elva. så det var konkurranse om kven som skulle representere bygda, om det skulle vere folk utai eller innai elva. Det blei no vald då av kommunestyret. så var det noen utai elva ein gong som syns at det var no forferdeleg kor innai-elva ha´rana åt seg tillitsverv. Ja, sa han, nå he dei no fått alt, oss he berre eit einaste tillitsverv att utai elva, og det er ein mann i varakomiteen! Dei hadde ein komite som dømde verane, tok ut avlsverane. Men det gjekk så gemytlig for seg. Og folketalet var temmeleg jamt - etter gammalt då.


- I seinare år har eg kjempa hardt i bygningsrådet når dei laga til sonedelingane, kommunen er delt i soner og bygda her er sone 6. og eg kjempa for at dei skulle skilje mellom Emblemsvågen og Flisneset. Nei, det spiller ingen rolle! sa dei då. Og flytte byte til kaiveien som går ned til Emblemsvågen. Det var ei grei linje. Så alt som var vestafor denne kaivegen det gjekk til sone 5, til Hatlehol og Blindheim, resten var sone 6. Eg sa at bygda er så lita at vi risikerer at vi mister både det eine og det andre her inne. Nei, det gjorde ingen ting. Når det er snakk om valmantal, så går dei til gards og bruksnummer og då høyrer dei på gardsnr. 7 til i manntalet her inne. - Eg ville ha stoppa på eit folketal på ca 1.000 - det vart passeleg på alle måter. då ville me kunne behalde skule, forretning, postkontor og bussruter. -


Bestemor var veldig flink å fortelle, steds, navn og kor setrane var, det har eg skrevet ned. Men så var det dene fjellheimen, ja, ho gjenge no over tindane no, sa dei. Dei kalla heile greia Tindane. Dei visste ikkje namna på dei, dei brydde seg ikkje med det. Eg har lagt ein linjal frå fjelltoppane og hit og ser kva vi ser: Her ser du Kolåstinden, Molladalstinden, Store og lille Sætretind, Breitinden, Ramoen, Kjeipen - han gjeng heilt opp på Strandabøtinden, så ser du Straumshornet, Hammarsttindane og Storehornet, ausekaret og desse her. Når du kjem aldri så lite opp her så ser du fjella ut Ørstafjorden etter eit skar der, om me ser Liadalsnipa tør eg ikkje seie.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE