Ivar Flydal og båtbygging på Emblem

Ivar tek ein pause i bygginga av ein færing. Fotograf: Ukjend

stavnen på den nybygde færingen. Fotograf: Ukjend

Klinking av færing. Fotograf: Ukjend

Arbeid med overbygget. Fotograf: Ukjend

Båten er enn inne i nausten og klar for sjøsetting ein gong kring 1981. Fotograf: Ukjend

Ivar Flydal i arbeid kring 1981. Fotograf: Ukjend

Asgeir Flydal er på plass med traktoren når båten skal sjøsettast. Fotograf: Ukjend

Sjøsetting av ein ny båt i Emblemsvågen. Her ventar slekt og vener på flo. Broren Karl Flydal står nærast fotografen. Foto: ukjend.

Test av sjølvbygd båt ved Emblemskaia. Fotograf: Ukjend

Nybyggd båt i sitt rette element. Fotograf: Ukjend

Det nyaste båtbyggjarnaustet til Ivar Flydal i Emblemsvågen. Fotograf: Ukjend

1) KILDETEKST:

SAMANDRAG AV EIT INTERVJU SOM ELEVAR VED EMBLEM SKULE GJORDE KRING 1986 MED IVAR FLYDAL.


Eg vart født den 16./6. i 1909. Fødestaden var "ute i Marka" på Emblem.
Mor mi heiter Gurine Eikenos og faren min heiter Lars Flydal. Mor var husmor og far var lærar. Barndomsheimen mil låg i Flydalgarden på Emblem. vi var til saman 6 stykke og eg var 16 år når eg flytta heimefrå for fyrste gong. Eg arbeidde som gardsbruks-dreng i tre år og gjekk på landbruksskule. Eg var gift 2 gonger. Fyrste gongen gifte eg meg med
Signe Olga Emblemsvåg i 1935. Signe døydde i 1973. I 1982 vart eg gift med Emilie Hauge. Eg bodde 18 år på Stranda og resten på Emblem. Eg har 3 born, 2 gutar og ei jente.

2) Kildetekst:


IVAR FORTEL SJØLV I EIGE SKRIV:

Dei siste åra eg budde på Stranda tenkte eg ofte på at eg snart skulle til Emblem for å overta ein gard. Det var heimgarden til Signe, kona mi. Garden låg i Emblemsvågen. Men det var ein liten gard, så eg måtte ha ei bi-inntekt. Eg tenkte mykje på kva det kunne vere.

Ein dag eg gjekk på vegen på Stranda, såg eg eit blad som låg i vegkanten. Eg tok opp og las. der var ei annonse om eit teiknekurs for båtbyggjarar. Eg melde meg på dette kurset. Dette vart starten på båtbyggjinga.

Denne tida arbeidde eg på fabrikk. Det var i krigen, og det var vanskeleg å få tak i material til fabrikken. Ein dag kom det eit jernbanevognlass med material til fabrikken. Der var det og båtbord. Eg fekk plukke ut all materialen eg ville. Så fekk eg leige ei garasje, og tok meg til å byggje den første båten. Det tok meg 1 år å byggje båten. Eg bygde han på fritida mi om kveldane.

I 1948 tok eg over farsgarden til kona mi på Emblem. Då tok eg til å byggje båtar i eit naust i Emblemsvågen. Eg var usikker og syntest eg ikkje hadde nok innsikt til å starte åleine. Difor måtte eg ha ei spesiell andaktstund over kjelen, der eg nedbad Guds hjelp og velsigning. Dette har eg fortsatt med seinare og.

3) BILET-LINK:

I fotoarkivet i Møre & Romsdal finn du eit artig bilete av Ivar Flydal frå den gongen han budde og arbeidde på fabrikk på Stranda. Han var og med i Stranda IUF´s Hornmusikk. Det var den kjende fabrikkeigaren og møbel-gründeren P.I.Langlo som hadde gjeve pengar til å kjøpe instrumenta. Kopierar du linken som er markert med blå skrift under og limar han inn i addresse-feltet så kjem du direkte til dette biletet:

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

16.09 | 10:53

nr. tre bak frå høgre er Leif Emblem.framme til høgre kan vere Olav emblem

...
10.09 | 20:55

Fantastisk at du skrev ned dette Kjartan ,Har hørt en del fra før ,men dette var utfyllende .

...
12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE