EMBLEMSONGEN AV LISA THORVIK

Her er eit utsnitt som syner tekstforfattaren Elisabeth (også omtala som Lisa og Elisa) Torvik lengst mot venstre. på høgre side sit ektemannen Johan Torvik med skipperhua. Biletet vart teke på 1940-talet og er eit utsnitt av eit større bilete med budeiene og vener på Østremsetra. Biletet tilhøyrer Judith Akslen g. Kvangarsnes som sit i kvit finkjole midt på biletet. Bak henne sit Laurits Hanken.

Emblemsbygda kring 1910. Biletet med bygdefolket er signert stavangerfotografen Steinkopf-Wold
Emblemsbygda kring 1910. Biletet med bygdefolket er signert stavangerfotografen Steinkopf-Wold

Ja, Emblemsbygda du fager er, du ligg her lunt mellom fjord og fjell, med grøne skogar og lune krokar, vi elskar deg.

Frå Magerholm og til Ålesund by, har vi våre bussar som herleg flyr. Det er modeller ja av dei beste, det kan du tru.

Her står den vakre Akslanut, han kneiser flott mot himlens sky, med graner ranke og berg så blanke, vi stolte er av deg.

Med hus og hytte i vid omkrets, for her er staden vi likar best, her inn seg flytte og bygde hytte i kvar ei krå.

Om vinterstida i snø og slaps, ein ynskjer seg gjerne ein annan plass. Men i vårens dagar, då er her fagert det må vi sjå.

Ja, er du elskar av Guds natur, så kan du på fjellet ta deg ein tur, for aldri ser du i vide kretser, ein stad som der.

For der er sletter og vatn og fjell, og grøne skogar og elvar som renn. Du høyrer susen frå Vassnakknuten ein stille kveld.

Og fuglen syng i kvart tre og runn, og gauken galer i bjørkelund. Då må du kveda og høgt deg gleda ei sumarsstund .

Ja, lat oss syngja høgt i kor, at her på Emblem er den beste plass på jord. Så la oss takke for Gud oss skapte så fager stad.

Teksten er skriven av Elisabeth Olsdotter Løvik (1901-1980). ho gifte seg med enkemann og skipper Johan Jakobson Torvik (1884-1969). Dei flytta etterkvart frå Kolvikbakken og busette seg på småbuket Elvemyr 4. under Nedregotten kring 1940 . Ein kan tydeleg lese at ho vart glad i bygda si. Blant fleire i bygda vart ho ofte kalla "Fru Torvik" også.

Esther J. Boyle 30.08.2021 09:55

Finnes det et opptak tå denna songen? eg vil gjerne høyra

Svein Ove 30.08.2021 15:56

Kjenner ikkje til opptak eller notar dessverre.