Matrikkelgarden Magerholm

Kartet syner dei største Gardane og plassebruka på Magerholm. I tillegg syner kartet omlag kvar Berntsenhuset låg, før det vart rive og dagens kai vart bygd. Du kan enno sjå delar av tørrmuren og beplanting som var kring huset

Søndagsettermiddag på Magerholmen under krigen. Ståande f.v.: Johan Emblem, Olger Garshol, Olaf Nedregotten, Harry Bjørkavåg, Leif Emblem?, mann bak med slips er ukjend, Karl Østrem, Oddvar Ramsvik, Arthur Østrem, Karl Akslen, Laura Akslen, Olga Østrem, Inge Emblem, Sverre Nedregotten, Erling Nedregotten (Stykkje?), Knut Akslen, Johanne (Jonna) Akslen, Nusse Lysfjord, Karsten Emblem, Judith Akslen (Kvangardsnes), Martin Torvik m/ hatt, Trygve Emblem, Ola og Leon Emblem. Biletet tilhøyrer Judith Kvangarsnes

Anna Klausdotter Magerholm. Ho var dotter til Klaus Olsen Emblem frå Negarden og Olave Jetmundsdotter Hjorthol frå Sykkylven. I 1910-tellinga var ho registrert som enke, med særskilt husholdning hjå søstera, Jensine Klausdotter på Magerholm. Det står elles at ho då var rentenist og livnærte seg i tillegg med strikking. Ho budde truleg saman med Lina Hansdotter Hesseberg som og var enke og strikka på oppdrag for andre.

Bilete av den første manuelle fergekaia i tre. Legg merke til korleis det såg ut før det vart fyllt igjen ut til sjølve holmen. Foto: ukjend

lengst til venstre sit Karoline Klausdtr. Magerholm, gift Tynes (1860-1949). Ho gifte seg i 1890 med Ole Amundsen Tynes som var fødd Velle (1864-1951), brukar på Tynes. Borna er f.v.: Adolf Olsen Tynes (1899-1989). butikksjef i Ålesund. Gift 4/11 1927 i Ålesund med Gurine Olsdtr. Hatlestad frå Norddal. Kornelia ("Konna") Olsdtr. Tynes, (1902-1996) gift med maskinmester Laurits August Olsen Osen ved Skarbøvik. Den eldste er Oskar Olsen Tynes, (1897-1975) Han var maskinist og var frå Åmundgarden, Tynes, Sykkylven.Oskar vart gift 1926 med Selma Olaviusdtr. Grytebust, (1901-1994) Ho var frå Leita, Grytebust. Oskar og Selma budde i Ålesund. Foto: Sigvald Moa Arkivref. i Fylkesfotoarkivet: AM-95002.15022

Matrikkelgarden Magerholm er gard nummer 1 og bruk nummer 1 i Ålesund kommune. Årsaka til dette, er at ein i si tid starta nummereringa lengst aust, i det som ein gong var Borgund Herred. Årsaka til dette var at Hesseberg har vore ein del av Skodje og vart ikkje del av Borgund før i 1916.

Det er truleg ingen som enno har tolka gardsnamnet, men det er mogeleg at namnet i fyrstninga vart nytta på kun holmen. Etter kvart har holmen gjeve namn til heile garden.

Det er funne ein dolk på garden som stammar frå bronsealderen, og slike funn kan tyda på at garden har vore rydda før vikingtida. Til trass for at Magerholm er av dei største gardane i området, så låg den truleg brakk etter Svartedauden. Det er først i 1603 ein med sikkerheit kan seie at garden var i drift att. På denne tida var det 2 brukarar på garden. Med unntak av ein kortare periode på 1600-talet, der det var tre oppsittarar, så var det 2 brukarar fram til 1830-åra. Etter den tid har det vore kun ein brukar, men det har i staden vorte frådelt fleire husmannsplassar. Den mest kjende og største av plassane har vore Magerholmvika, som vart rydda kring 1730. Men ei rekkje mindre plassebruk har vorte rydda og lagt ned opp i gjennom årtidene, utan at det finst særleg god historisk dokumentasjon for ettertida. Det vert fortalt at det til og med stod hus på sjølve holmen ei tid, og det har truleg vore fleire «fjordastover» nede ved sjøen, der brukarane ikkje hadde noko jord. Ein ser at det truleg har vore fleire slike små hus utover i bygda og konsentrasjonen av husmenn kan ha vore størst kring Magerholm, for her var det lunt og gode vekstvilkår sjølv på små åkerlappar. Garden har lange skysstradisjonar og då særleg båtskyss over fjorden til Tussvika, eller innover mot Glomset og Solnør. Slike skyssoppdrag ha gjeve ei kjærkommen inntekt til plassebrukarane der inne. Frå kring 1809 har det vore brukbart god rideveg gjennom bygda og ei tid før 1850 var den både hovudveg og postveg i Borgund. I dag er garden kanskje mest kjend som ferjestad, med forbindelse til Sykkylven.

Magerholm har stort sett vore del av større gods-samlingar i likheit med dei fleste andre gardane i distriktet. I 1624 var Magerholm del av Rosenkranz-godset. I 1646 var det borgar Rasmus Larsen som stod som eigar, medan Prest Kristoffer Hjermann i Borgund åtte garden på slutten av 1600-talet. Rasmus Smit på Giske hadde og eigelut i garden, før den frå 1710-73 kom i familien Castberg sitt eige. Ein tredjedel av garden hadde opphaveleg vore kyrkjegods og deretter Giskegods i 1650.

amtmann Lillienskjold, Chr. Sæd og amtmann Hans Hagerup hadde også eigedomsinteresser i garden før Johan Heide fekk eigedomsretten til heile garden via kona si. I 1814 vart garden seld til sjølveige og har vore sølveigd etter det.

Når det gjeld dei fyrste brukarane på garden så finst der ein grei oversikt i Gardsoga for Borgund, så eg skal ikkje gjenta det her, men det er likevel ei og anna artig historie som er verd å ta med likevel.

Jens Jensen Heltne (f. ca 1770) kjøpte i 1814 heile Magerholm, inkludert Magerholmvika for 542 dlr. I 1814. 200 hadde han lånt av handelsmann Heide, som åtte garden før han. Jens må ha gjordt det svært godt for han innfridde heile lånet allereie i 1815. Han var gift med Gunnhild Pedersdotter (f. ca 1790) og var ein stri kar, som var stadig i krangel med naboane sine. Jens var særleg i krangel med bygselsmannen sin, på bruk 2, Knut Olsen (1780-1840) frå Søre-Kaldvatn i Volda. Kvart år hadde dei saker gåande i forlikskommisjonen, og mange av dei gjekk vidare til vanleg rettargang også. Truleg var dette årsaka til at Jens skøytte frå seg heile garden allereie etter 6 år og flytte derifrå, medan Knut og kona Brite Knutsdotter vart buande og fortsette å driva bruket sitt i ti år til.

Knut var visst nok ein stribukk han óg, og det var kanskje årsaka til at desse to var i tottane på kvarandre så ofte. Dei kunne krangle om det meste og det gjekk så langt at Jens lovde Knut eit anna gardsbruk, som han åtte utanfor bygda, om Knut ville flytte.Det vart ikkje noko av denne avtalen og til slutt var det Jens som måtte gje seg.

Halvor Pedersen Morken frå Apalset kjøpte heile Magerholm av Jens i 1820. Halvor var ein særs velståande mann og hadde på same tida kårrett på garden Morken som han hadde eigd tidlegare. Jens fekk overta dette kåret som del av salsprossessen og flytte dit. Halvor eigde fleire gardar på Sunnmøre, og i eit intervju med P. Stensager kring 1920 fortalte barnebarnet, Kristen Olsen Magerholm, at Morfaren skulle ha kjøpt heile 18 gardar på ein gong. Halvor var kanskje den rikaste på Sunnmøre på denne tida. I Emblemsbygda åtte han ei tid både Eikenosa og heile Eikenosvågen med 3-4 gardar. Halvor slo også saman bruk 1 og 2 i 1830. Knut og Brite på det andre bruket fekk då kår og rett på å få bli buande i stova si på bruk nummer 2, der også kårmannen Jakob Toresen (1755-1830) allereie budde. Stemmer årstala så kan det vera etter Jakob sin død at Halvor slo saman bruka. Kona til Jakob, Guri Nilsdotter, som truleg kom frå Hesseberg, var allereie død i 1825. Det vart trulig ikkje noko nytt giftermål på Jakob, så dermed passa det godt for Halvor å slå saman bruka i 1830. Kristen Magerholm gav også ei anna interessant oppysning kring 1920. Knut var visst farfaren til Kristen Olsen Magerholmdet, og det stemmer, for far til Kristen var Ole Martinus Knutsen Magerholm (1803-80), eller «Parat-Ole» som han vart kalla. Ole var gift med Kirsti Halvordotter Apalset (1805-87). Parat-Ole rydda både Krissenplassen under Magerholmvika og Bøen, eller «Paraten», som plassen også heitte ei tid. Ole kunne ikkje ta over farsgarden, bruk 2, sidan morfaren, Halvor hadde slått saman bruka og overlete garden til svogeren Torkild Halvorson i 1843 i staden.

Torkild og kona Olave Jetmundsdotter Hjorthol (1816-70) frå sykkylven fekk ikkje meir enn to år saman før Torkild døydde, i 1845. Enka fekk taksert garden til 328 spd. og gifte seg oppatt allereie same året med Klaus Olsen Emblem (1820-1907), som kom frå Negarden og var son av Ole Olsen Kadhusdal (ca 1790-1866). Ole var den fyrste sjølveigaren i Negarden, og Klaus var dermed også onkelen til handelsmann Lars Olsen Emblem på Elvarum. Kirsti Halvorsdotter kom no langt bak i arverekkjefølga, men ho hadde likevel fått med seg brukbar medgift. Riktig nok var Kirsti og Parat-Ole plassefolk på Bøen, men ho åtte Magerholmvika og garden Furset på Stranda, som ho hadde fått av faren. Dei fekk heile 13 born, og ein av desse var altså Kristen, som gav namn til husmannsplassen «Krissenplassen» litt lenger vest for Bøen.

Klaus Olsen Emblem vart og ein velståande mann, og åtte også fleire av gardane i Emblemsbygda i 1865 var det 4 born boande på garden, menhan hadde fleire born også, for det eldste bornet, Thomas, var heile 20 år på denne tida og vart truleg buande så lenge fordi han hjalp faren med gardsdrifta. Eg finn i alle fall ei Oline Klausdotter Magerholm som vart fødd i 1848 og ho er ikkje nemnd i 1865-tellinga. Det er mogeleg at Thomas var odelsguten på garden, men av ein eller annan grunn så tok han ikkje over likevel. Det er mogeleg at det vart for lenge å vente, for eg finn han attende på bruk nummer 13 på Emblem, kalla «Myrane» i 1900-tellinga. Garden ligg tett intil Hovudvegen og midt mellom vegkryssa til Ystebøen og Røssevollen. Han var då gift med Karn Larsdotter. Dei hadde ingen born, men hadde ein pleieson i regi av fattigvesenet, som heitte Knut Edvartsen Kolvig, og det er truleg at enka Marie Larsdotter Kolvig på 60 år, som også bur på samme garden, kan vera mor til guten. Ho er truleg ikkje gift på dette tidspunktet og «Sysler dels med husligt- dels også indhøstingsarbeide». Thomas har i tillegg tatt seg av halvbroren sin, Halvor Torkildson Magerholm, som er ugift og lever «paa forpleining af egne Midler». Mykje tyder på at Thomas og Karn hadde stor omtanke for dei ikring seg som ikkje hadde det like godt. Det vart den eldste dottera, Jensine Klausdotter (1856-1929), som tok over og gifta seg med Lars Danielsen Honningdal frå Glomset (1856-1929). Dei andre borna til Klaus vart også rimeleg godt gifte. I 1900-tellinga finn me mellom anna at Oline vart gift med Lærar Knut Furset og at Knut fekk kjøpe ein del av Negarden frå svigerfaren. Knut og Oline fækk også kjøpe litt utmark frå Auregarden attåt og fekk skild ut det nye bruket «Nybø» kring 1874.

I 1924 selde Lars Magerholm og Magerholmdalen til Engesetslekta frå Dalsbygda i Norddal. Karl Engeset (1865-1940) var medeigar i Møllers Tran, som mellom anna dreiv trandamperi i Nord Norge og i vårt eige fylke. 1920-talet var ei usikker tid, reint økonomisk, og i 1922 hadde mellom anna aksjonærane til det Kooperative handelslaget i Spjelkavika beslutta å selge både butikk og varelager til Hans Iverson Furset frå Embem, då dei frykta at dei skulle miste innskota sine. Familien til Karl Engeset valde truleg å selge seg ut av traneventyret med same grunn. Utbyttet av salet valde dei å investere i jordbrukseigedom, som var langt tryggare, for dei var ein stor familie.

Så vidt som eg veit så vart søskena til Karl medeigarar i Magerholm, som var av dei største i Borgund. Avkastinga frå salet av Møllers tran var ikkje nok i seg sjølv og dei måtte også låne pengar frå sine tidlegare bankforbindelsar i Bergen. Opplysningane om salet hadde nådd dei i Norddalen via emmissær Lars Olsen Austrem frå Larsgarden som og tok oppdrag som prokurator, når han likevel var så mykje på reise. Karl bygde forresten den fyrste fergekaia på Magerholm i samarbeid med Doktor Weiberg-Aurdal som hadde kjøpt seg ei privat ferge. Fergehistoria kan du for øvrig lesa meir om her på emblemsbygda.com. Sidan 1927 har Magerholm vore i Engeset-slekta sitt eige.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

12.07 | 20:50

Tusen takk

...
12.07 | 20:47

Dama bakerst mener jeg er fru Schjeldrup og dei to gutane Nils Petter og Gunna. Schjeldrup hadde hytte mellom kalkovnen og attlegå til Lars Akslen( idag Harry A

...
12.07 | 20:39

Han bakerste ... heilt rett.. det er Otto Andreassen

...
25.05 | 22:32

Veit dessverre ikkje så mykje meir om akkurat han, men veit meir om slekta på Oshaugen. Ta gjerne kontakt på sveostrem@hotmail.com

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE