Karl O. Emblem fortel om fiske i gamle dagar

Karl O. Emblem intervju om fiske, ved Sigurd Langleite ca 1984

Gardane her i bygda var små, vanlege middelsgardane fødde ein 4-5 kyr, hest og nokre sauer. Nokre få var nokke større, men også mindre, dei fødde 2-3 kyr og hadde ikkje hest. Dette var for lite å leve av for dei store familiene som var den gongen. dei måtte sjå seg om etter inntekter. Kontanter til skatt og det dei trengte å kjøpe. some slo inn på handverk, dei kunne vere murarar; det var helst småbrukarane, dei kunne vere snikkarar og sånt. Men dei aller fleste måtte ty til sjøen. Den lå nokså nær her. til vanleg hadde dei storfjorden rett nerføre, og det gav sjølvsagt mat, men ikje alle tider kontanter. Så det var storhavet å lite på for gardbrukarane. Dei hadde ordna seg slik at dei hadde bra store båtar sjølve, der var fleire motorbåtar her i bygda, eg kan nemne enkelte: "Kviten", den var far medeigar i, det var ein møringsbåt utan motor, men dei dreiv mykje sjøen med den, den var dekket. Når dei slutta å drive sjøen med den så bytte dei båten millom seg, slo han sund og vi fekk roret veit eg. Det låg frami skjyla i fleire år. Og ellers var der fjøler både her og der i golv og sånt, som skreiv seg frå Kviten. Ein fellesbåt heite "Shallivar" og ein heitte "Sjøblomsten", det var han Fredrik. Ystebøbåten kala dei "Fri" og Aurebåten heitte "Elv" og så hadde dei ein på Røssevollen. Ellias Nedregotten hadde ein nokså store båt, ein ca 35 fot. Og Reite-Ivar, Ivar Østremsreit hadde den som antageleg gjekk langst av desse større båtane her, Nord. Det er den eg vil fortelle om no for det var på denne eg starta mit sjøliv som fiskar. Eg var vel noke over 20 år. Far var vekke - i Amerika - og eg fekk bruke luten hass då, ein garnlut, ca 30 garn, noke bomull og noke hamp. Så høyrde det med kuler og sekke, det var nå stein. Kuler det batt vi ungane mykje inni hampetau. Og så var det træler, det er flottørane på strengen, som vi sa, eller ilen. Den var dubbel i enden oå ilen og så kommer då geilene og alt det tilbehøret for å vere utrusta til å reise på storhavet.

Bemanninga var 5 mann med skipper. Men før vi begynde på torskefisket tok dei som regel ein 3-4 viker utpå Mebotn og utfor land her med seieline, og med slufser, som dei sa, det var ei hjuks - eit snøre med mange onglar på. Og rodde sei. Det var eg også med på det første året. Og andre året eg var med og. Så hadde vi nokre sildegarn ombord, ein 14-15, som vi slengde utføre, som dei sa. Og me hadde sildegarnsutstyr på båta, så me fiska ein del sild.  Og vi fiska sei, for å få nokre kroner då utover til torskefiske begynde- Men det var då storsesongen, det då. Det blei ikkje nokke særleg med torsk før enn i slutten av februar. I gamle dager var det nå Kyndelsmessdag som var den sore dag, men det leid noke lenger utpå før me kom oss avgårde. Når me slutta med seien og silda, så tok me ombord alt utsyret - det va mykje som skulle med. det var all vegna - og så kista som vi pakka ned dei kledene som vi skulle ha, det var underklæ, og yttertøy for ikkje å snakke om mat. Det var brød - kake - og så måtte ein ha med seg eit stykkje med flesk. som skulle vere til byte på middagsmaten. Det som skulle til elles, ordna skipperen eller båteigaren med, foreksempel ved. Det skulle turre bjørkaved til for det skulle fyrast godt i den sjøbuda oss skulle bu i. Denne fiskjeveden som vi sa, det er et lite kapittel for seg. Det måtte vere bjørk, og den hadde to foremål når det gjaldt fiskeri, som berndsel og dessuten så var det noke som heitte bork på bjørka, den tok dei i juni månad - det var dei fine bjørkastammene og dei tok nævra og flekte ta den og den brukte dei til å bøte desse løtakja eller uthustakja som det var mykje ta, og borken den brukte dei til å borke fiskevegna med. Det gjorde dei på den måten at dei hadde ein store stamp eller ei kopparkjel eller eitkvart sånt som dei fylte med vatn og så la dei borkjen oppi og lot den ligge å trekkje og så hadde dei oppi noke oske. Det var helst nye garn då - og dette foregikk utover førejulsvinteren - og den tida bøtte vi garna også og sette alt i stand før jul.

så reiste vi dit som vi skulle ha opphald, for mitt vedkommande, den båten hadde tilhald på ein plass som heiter Hustruhamna - det var på nordvestsida av Valderøya, ikkje så langt få den berømde Skjonghellaren. Der var fleire båtlag som låg der, ikkje så mange då, ein tre fire frå Sula, men før var der mange fleire, for den tida sto restar av nokså mange og store bygg som var brukte til rorbuder for fiskarane. Der var også sjøhus som var salteplasser med tilflot der båtane kunne ta på land og stelle fiskjen. Det var ikkje snakk om å selge fisken fersk den gangen, han skulle saltast og stellast med seinare. Det var ein viktig person vi måtte ha med som eg ikkje har nemt, det var kokken. Det var som regel unge jenter, for dei fekk god betaling. Dei fekk for kvar torsk dei sløyde og kappa, attpå til at dei fekk fast betaling som kokkehyre. Og dei hadde nok å gjere. Dei skulle halde i stand huset, rorbuda. det var 4 køyer - eller 3-4 og så køye åt kokken då som låg i same romet. Det var ikkje noken som syntest det var noke gale i det. Når me var komne oss vel ti, så var det allerede avtala med ein kar som skulle kjøpe levra, der var damperi også der i dette sjøhuset, så han kjøpte levra og dampa tranen der og selde der. Rogna vart også teke vel vare på. Ho skulle dekkje saltutgiftene. Den blei seinare eksportert til Spania, sa dei, og skulle liksom være til agn i sardinfiskeriet der. vi sette opp vegna -

Det første vi gjorde når vi kom til staden. Brukte to setningar og der var vel 30 arn  kvar, slik at der vart 6 garn på mannen i kvar setning. desse 5 eller 6 garna, dei kalla vi eit skot. så sette vi dei om einannan, slik at dei hadde kvar sitt garn i kvart skot. Det var i tilfelle tap, så skulle tapet delast på alle saman. Om ein reiv sund eller miste, så skulle ikkje ein ha 6 garn der og ein annan 6 garn der. Så slo vi oppunder sekke og slo oppunder kuler. det kunne vel vere eit par favner imellom kver. Og geilane det er det som er i endane på kvar stning, sette  vi på da, og då var der store steinar som vi brukte for å sette fast vegna slik at ho ikkje skulle drive avgarde. Ein sånn ile var det i kvar ende. det kunne vere eit dubbel som er nevnt før, og så desse trælene, eller flottørane av kuler, ein 4-5 stykkjer nedover, som skulle halde strengjen -eller ilen - oppe frå botnen.

Når alt var klart og vi hadde greidd garna - ein på kvar side, så var det å stemne utover. Då reiste vi Staursundet. Det er det sundet som ligg nord for Giske - mellom Giske og Vigra. Der er synnesvikane utover, der var mange skjær, eit dei kalla Håflæset, som vi passerte, eit vi kalla Dyngja, og kom ut på fiskeplassen. Den var Alnesrauden, vest for den låg ein båe som heitte Bjønnbåden, og så var der eit fint område vestover då frå Bjønnbåden og utover titl Kalsbåden.  Nordover var det avskjerma av ei heil rekke med skjær, det var Longskjæra, og det var Longskjærkåkja. Sørover var det vest for Godøya eller Alnes, der måtte ein vere veldig forsiktig for der va noke båer der også, meir usynlege, f.eks Lyren, og kom du for langt sø der så kom du bort på Egja og der var brådjupt bort og neri Breisundet. Og mang ei setning hamna i Breisundet, for det at dei ikkje hadde meija skikkeleg og om straumen gjekk slik at den drog sør eller søraustover. Setningene sette vi frå søraust til nord - som regel. Sørvest til nordaust. Skipperen var ansvarleg for at me meija skikkeleg. Eit med er eit merke inne i landet og her var mange fjell å ta seg merke av. me hadde for eks. Hammaren innover Sykkylven, og den fiskemarka som dei brukte det til med, det
kalte dei Hammaren. Dei sa dei sette uti Hammara. Og når du tok Barmen - ei fann eller to unda - og Barmen er ei fjelløy som ligg sørøst for Stadtlandet, men det kom liksom unda Runde, og dette havstykkje der kalla dei Barmane. Kom lenger ut så kom du ut på Litjedjupet og noke lenger var ikkje vi, det var dette området der vi brukte. så tokka vi heimatt etter me ha sett, og fikk oss ein middag og stelte til kvelds og tidleg morgon då andre dagen var det avgarde og sjå kor dette barst te. Det var enkelt og lettvindt å finne dubla, når det var opplett og ikkje skodde.

Eg skulle fortalt meir om settinga: Vi slo på enden i geila og hadde klar steinen for begge endane og så hadde vi ein som kast steinen og ein mann passa på at kulene gjekk rett ut og det var veldig greit,  det kom aldri floker, for alt var vel tilrettelagt.

Draginga: Vi hadde spel som var dreve av maskina. Men det gjorde si gjerning. Ein mann sat på spelet og heldt an, som vi sa, han heldt garnstakjen og halte inn etterkvart som spelet gjekk rundt. så hadde vi ein mann bortpå rekka som sto med kleppen og kleppa alt som han nådde ti, og kleppa det innover rullen, ein brei garnrull. når det var mykje fisk så kunne det kanskje bli ein tre - 4 på rullen, men som regel var det nokså langt mellom dei. dei andre av mannskapet hadde fullt arbeide med å ta utu fisken, når det var bra fiskeri. Og så kveila dei ned setningane etterkvart som dei blei dregne. Vi ordna det sånn då når vi hadde drege og hadde bløgga fisken og kasta den i romet, så var det med ein gong å gå laus og greide garna igjen. Vi var 5 mann og hadde tre på ei setning og 2 på ei. Og når det var gjordt så sette vi utatt med det same. Og gjekk til land. Når vi så kom heim, så var det å få fisken inn på budagolvet, og det blei nå kokken då - vi fortøyde båten og gjekk opp i rorbuda og fekk oss middag og kvilte ein god stund. Kokkane hadde då jobben med å kappe fisken, ta av haudet altså, og sprette opp magen og ta ut innmaten, og levra og rogn, og legge lever og rogn på plass og sloet gjekk direkte nerigjønnå budagolvet, sjøen tok det då.

så var det skipperen som flekte fiskjen, det var eit meir alvorleg arbeid, vanskeleg, og når alt var flekt, så laga vi til lad. Og salta ned. Det blei godt salta, eg veit ikkje nøyaktig det, men tror det kan ha blitt brukt 1 halvt kg. salt på fiskjen.

Slik gjekk det dag for dag, i godver og styggever. Og så pass stygt av og til at me måtte ta lendlege og la vegna stå til det blei lagleg ver å drage dei. Sia så var det et kjekt og hyggeleg samver med fiskjarane som va der i fiskeværet då. Vi var kjende - det var folk uta Sulalandet, så det var nesten som grannar. Dei var nå litt forbehaldne om kor mykje dei hadde fiska, det he no vore frå gammalt av og henger ti ennå, det skulle ikkje he vore noke stritt! "Oss tok vel lite inn av søet"  og "Og når oss tok så lite inn av søet, så kom oss liksom for langt utav låret"-- Det var mykje gauk og me ha mykje moro. Og me diskuterte politikk, spesielt kommunepolitikk og dei so styrde fekk no passet påskrevet ja.

Kome fram til påske då begynde det å minke med fisk, litt forskjell på kor tid påska kom på året, men som regel var det slutt til påske. Palmesøndagen reiste me ikkje heim, elles var me heime kvar einaste helg og det var nødvendig for me måtte ha med mat tilbake igjen. Og eg  husker smørøskje  som me hadde, Den var full med smør og den som va forsiktige hunne ha like mykje smør med heim som ein ha når ein reiste ut, for me skrapa så lenge brødskiva at det var ikkje så mykje det minka. Men nista var som regel oppbrukte på ei veke. Det var jo middagsmaten å lite på mest, og det sa seg sjølv at det blei mykje fisk. Kokt og fersk fisk. Det kunne vere lettsalta fisk og det var stekt fisk og det var torsketunger, det kunne vere torskehaud og kams. Kams er ein ball dei laga ta lever. Og ein dag imellom då så måtte me skjere ei sneid ta detta fleskje me hadde med oss.  -likt på kvar- så det ble eit byte på kosten. Poteter hadde me rikeleg og mjelk hadde me med i ei spann, ho blei nå vel noke sur når det leid uti veka, men den gjekk nå ned.

så i påsketider var det slutt og då tok dei på land alt saman, slo unda sekkje og kuler og kveila opp endane og bitte sund garnet igjen så kvar fekk att sitt og hengde dei opp og turka dei, så blei dei samanhespa kvart garn for seg. så var det å dele fiskjen, og det var greit, det blei blinda. Dei skulle leggje ein dunge for kvar lut, det var ein lut på kvar mann og så to luter for båten. Desse dungane prøvde dei å få så likt som muleg. men dei visste ikkje når dei laga dungane kven som skulle få den og den, det avgjorde dei seinare ved at ein mann snudde seg vekk og ein annen spurde, kven skal ha denne dungen? så sa han det, og eg haurde ikkje ein einaste mann som var misfornøgde med det. Det blei som oftast ikkje gjordt før etter påske  det der, før påske ha me det travelt med vegna og skulle stelle det istand. Så etter påske reiste me utatt i hamna og henta saltfikjen og delte. Alle skulle ha då sine luter og alle skulle vaske og turke fiskjen sjølve. Det var ein viktig ting, for den som var dyktig kunne få førsteklasses fin fisk og var ein uheldig og brende, elle på andre måtar ikkje så flink, så kunne det heller bli inntektstap.

S.L.: Kor turka dokke fisken?

Her heime. Eg for min del laga til ein hjell her innmed løa den gangen, av streng, så eg turka henne der og fekk legge hn attunder skjylet så det ikkje kom regn på henne og eg fekk fin fisk.

Når fisken var tørr, så var det å få han ned til sjøen og ta den ombord og reise til byen og selje og tinge med kjøparar. Me selde til Rønneberg, hugsar eg, det første året. Andre året var eg på eksis slik at det var ein av dei andre karane ombord som turka fiskjen for meg og selde han også, det var i år 1928. Og det var siste gongen eg dreiv dette fiskjet. Lutane vart ikkje så veldig store, men vi var ikkje så kravstore. du fekk deg ein ny dress og hadde kontantar til anna. Og me nytta ei tid på året der det var lite utearbeid på gardane. Hos oss var far i Amerika, så dei ha vel trongd oss heime, men kven som styrte på gardane det kan eg godt ta med her. Problemet var i bund og grund å få melka ned til kaia vintersdag. Det kunne ofte vere dårleg føre. Dei fleste av gardane her i bygda hadde laga seg til køyrelag og der var då alltid einkvann heime som kunne ta på seg å køyre mjelka på kaia. Det kunne vere spreke gamlefolk, eller det var konene sjølve som måtte legge greie på merra og sette føre vogn eller slede og køyre mjelka. -foring og stell var det jo kvinnfolka som stelte med elles også gjennom året, så det var ikkje noke problem. Der var sikkert mykje å gjere, spesielt der det var mange små born, då var det nok ei svært travel tid.

I min opvokster så var det dette som var det store fiskjet og det store fråveret for gardbrukarane her i bygda. Men bestefar var høvedsmann - han heldt utebåt, som dei sa. Eg he notatbokja hans frå den gongen, liketil kva han kjøpte med seg heim til jul. Han fortalde det at mellom onnenen - det vil seie mellom "plogja" og slåtten - så tok dei seg ein utror. Dei gjord klar trerøringane, dei siglde og rodde heilt ut på Eggja og låg vekke fleire dager - iallefall vika på sin tamp kunne dei ligge der. men  dei turde vel ikkje ligge der noke lenger for å få fiskjen nokonlunde uskadd heim somarsdag. Det var brosme, lange og kveite dei fiska. Dei kunne ta både ein og to og tre utrorar slik at dei spedde på med både matfisk og pengar av fisk dei selde. Slik på sommarstida. så var det eit fiskeri til - det var fjordafiskjet i Borgundfjorden. Det fiskjet var var ikkje for folk i sin beste aldre den tida. Nei, dei skulle vere utpå havet dei. Dei som dreiv Borgundfjordfiskjet var i grunnen berre gamlekarane og ungutane og ein heil del kvinnfolk, iallefall på Sulalandet. her inne kan eg ikkje hugse at det var sagt at her var noken kvinner herifrå som dreiv Borgundfjorden. Men på Sulalandet var det nokså almindeleg. Det kunne vere bra fiskje, eg rodde fiskjet der ute i to/tre år, og spesielt eit av åra, trur  det var i 1925, då var der så veldig mye fisk. Det hende seg at me berre måtte sette nedatte,oss drog full båten så ikkje han bar meir, og så måtte me sette nedatt og så måtte me ro iland og selge fisken, eller der var i grunnen oppkjøparar, men den gangen eg tenkjer på då måtte me ro inn i Vegsundet og selje og så utatt og drage resten. Der var mange som gjorde seg svære fiskje i Borgundfjorden dei åra det virkelig slo til. Det var annaslags vegn dei brukte der då, det var ei setning dei ha lov tå bruke der, det var ikkje lov å bruke meir og dei sette frå bakkje til bakkje i fjorda. Det spørst jo då kvar dei heldt til. Det var finare vegn, tynnare skot, og ile og alt dette var meir passande for å bruke der det var mindre sjøgang. Der kom mang ei krone inn i bygda her frå det fjordafiskjet. Og det var slik då at dei måtte leige seg hus der ute, det var ofte på yste punktet på Humlå, der var hus dei leigde vekk, og på Nålauga (i Vågnesa) der var ei havn og nokre rorbuder dei leigde vekk, men elles leigde dei seg inn på gardane både på Humla og Tørla og elles. Så dei var vekke heile vikene. Seinare når det kom rutebilar og dei fekk motorbåtar - det var jo berre robåtar og færinger forsvanst heilt når det kom motorbåtar. Det var og er framleis, meir orden på det der, det var bestemte tid å sette og bestemte tid å drage, og dei sette i luker som dei sa, dei måtte rykke ut alle samtidig og like langt framme, der var oppsynsbåt som pløgde att og fram, slik at ingen skulle stikke ut og ødelegge for dei andre. På havna var det nå friare. Der var ei visse tid der også forsåvidt, der var flaggbåtar som skulle passe på at der ikkje vart sett før den bestemte tida. Vår båt var flaggbåt ein vinter. Det var klokka 12 som vart sett til tid, dei fekk ikkje lov å sette garna før klokka 12. Men dragartida, det var berre så fort som me kom ut.

S.L.: Dette fisket heldt på til eg kom hit til bygda og det?

Ja, han Skillings-Johan ha ein båt og Konrad og Edvin på Røssevollen hadde ein båt, og her var fleire som dreiv lenge Borgundfjorden.

S.L.: Er det noken som driv nå?
Åja, dei er der nå og prøver dei som har båtar og ven til det.  Det var ikkje berre på havet dei dreiv fiskjet, alle dage så langt tilbake som eg kan hugse og langt føre det så var Storfjorden ei kilde til mat og inntekter for mange. Det var sesongbetont det også. Fiskeriet gjekk fore seg om vinteren - med smågarn dei sa. Det var same sorten dei brukte i Borgundfjorden, men her var ein heilt anna måte å bruke på. det var forskjellige plassar, men her er ei breid og djup fjord, så det blei å sette garnet oppatt i bakkjen. Dei hadde ein ile på ein 50 famner eller så, eller så langt som dei ville stå frå landa. så sette dei fast den ilen oppi tanget og rodde ut den først og så rodde dei ut setninga, som kunne vere på ei tre - fire garn. Og så sette dei "på lausende" som dei sa, der var ikkje noke på bortaste enden. Dei kunne få brad med fisk, eit år då havfiskarane og Borgundfjorfiskarane kom innatt her fordi det var lite fisk utafor, og fann at Storfjorden va full av torsk, det var i 1915 trur eg. Det var ein ta båta her som la seg til å drive utafor Flisnesa, og brukte rykkjen og dreiv innover fjorden - "Rykjen" er eit snøre med ein blystein og ein rykk, i endå, det vil seie ein stor angel, så dei  rykte fiskjen, og før dei slutta den dagen så hadde den båten rykt 900 torsk. Og Emblemskaia var så full med fisk at der var ikkje råd å bevege seg. Men det var eit særsyn. Som regel var det til kokefisk, og ikkje til salg. Det var om vinteren.

Om hausten kunne dei bruke line etter lange. Her var det og, og ikkje å snakke om kveite, her var myke stor kveite den tid, det var ikkje sjeldan dei kunne få fiskar oppunder 100 kilo. Men det var spesielle folk som dreiv den sorten og dei hadde sine med å gå etter. eit med eg hugsar godt var Martastova under Hammara. Martastova stod nokonlunde der Ole Larsen og hoo Emma har husa sine idag. Det sto fleire husmannstover der, det var noksp almindelig lansmed Storfjorden her frå magerholma og ut i Emblemsvåg. Ein kan sjå merkje etter dei den dag i dag. På Magerholma på Hjahjamneset er tydelege merke etter hus, og på sjølve Magerholm der var det husmann. På Hjellhaugresa var der ein husmann som heitte Hjell-Anders. Men dette var Martastova som var med og skulle vere under Hammara. Og Hammara er nå der Mattisbrygga står, innapå Nergotnausta,den hammaren der. Eit anna med var "Hjelljå". Hans Strøm ortel om Hjelljå, eit opptrekk, skriver seg frå Brusdalsvatnet og som gjeng under fjellet her og kjem oppat her og er ein god fiskeplass for kveite. Det får ein tru det ein vil om.  Det var mange som fiska ja, og den første tida var det berre spørsmål om line og kveiteonglar og kveite-vad. Men i min ungdom begynde dei å bruke garn etter kveite. Då dei begynte med det veit eg ein gammal kveitefiskar som sa: "Det er best oss teke billede ta henne no med oss he henne, det er ikkje sikkert den blir seinare å få sjå" Men han brukte no kveitegarn sjølv og tok seg sikkert mang ein han også.

Eit anna fiskeri som enkelte dreiv var laksefiske. Med not. Det er eit gammalt fiske og nokså ettertrakta var desse lakseplassane. Når Emblemsbygda byte fjellmarka i åra 1887 - 1892, då var Flisneset med på bytet, og Røssevollen var med og Eikenosvågane, men det står uttrykkjeleg i protokollen at Emblem og Røssevoll og Flisnes skal ha rett til Lakseverpet utfor elvene - mellom Emblemskaia og Brudaholmen, og eit lakseverpe i Brudaholmen, det hadde Emblem. Bestemor fortalde at dei gjorde seg nytte av det, dei brukte flakenot då, det var ikkje sånne kilenøter som no. så dei måtte sitte på berga og sjå laksen som kom frampå nota og vere brennsnare og stenge for å behalde den. ho sat mang ein gong, sa h, nedpå bergå og passa flakenota. Dei ville kunne tjene seg nokre pengar på det fisket, mn dei ville sjølvsagt aldri ut med kva dei fekk, det ar klart. Det var ein gammale kar som dreiv laksenot, og når dei spurde han: "Kor er det gått iår då?" "Ånei, far, det er ingjenting, det var noke levande eg fekk ifjor, men i år er det ingenting." Det sa han kvart år!

Når eg snakka om Hustruhamn, der var berre ein Emblemsbåt i dei to åra eg var med. men lenger framma - når eg var gutungje så var der båtlag frå Emblem som leigde seg inn på Giskeøygarden. Den lå på nøre spissen på Giskeøya. Eg var og såg meg om der for ca 10 år sia, men det låg heilt nere. men der låg endå intakt sjøbudgolvet der dei hadde salta fiskjen. Elles låg det berre gamle omnar og skrammel utover.
Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

11.05 | 22:36

Dei to oppe i venstre hjørne er Oddvar Ramsvik og kona.

...
11.05 | 22:36

Hei,
Han til høgre for Kallen Østrem skal vere Hans Østrem frå Larsgarden. Så kjem kona Aslaug (fødd Magerholm).

...
03.04 | 23:02

Rødsetreiten er nok ikkje på Emblem, men ved Brusdalsvatnet.

...
03.04 | 22:52

Rødsetreit er med andre ord en husmannsplass under Akalen på Emblem ? Er på søk etter en formor Gjertrud Jonsdatter Rødsetreit født etter 1775. Noen hevder 1792

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE