OSKAR EMBLEM

F.v.: Oskar Emblem og Peder Magerholm foran Bussgarasjene til Emblemsruta på Skaret ein gong kring 1984. Fotografen er truleg Sigurd Langleite
F.v.: Oskar Emblem og Peder Magerholm foran Bussgarasjene til Emblemsruta på Skaret ein gong kring 1984. Fotografen er truleg Sigurd Langleite
Oskar Emblem sammen med kona Lovise Karoline Jakobsdatter (f. Akslen) og sønnen John. i bakgrunnen ser du Emblemsbygda sin tredje buss, en 1933 modell Volvo. Karosseriet blei bygd av Garseth i Spjelkavika. Bildet tilhører Kristoffer Emblem og er første gang publisert på nettsidene til Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre
Oskar Emblem sammen med kona Lovise Karoline Jakobsdatter (f. Akslen) og sønnen John. i bakgrunnen ser du Emblemsbygda sin tredje buss, en 1933 modell Volvo. Karosseriet blei bygd av Garseth i Spjelkavika. Bildet tilhører Kristoffer Emblem og er første gang publisert på nettsidene til Rutebilhistorisk Forening avd. Sunnmøre

Intervju med Oskar Emblem av Sigurd Langleite i 1987

OSKAR EMBLEM, FØDT 13/5.-02 på Emblem.

S.L.: Eit av dine hovedverk er Emblemsbygda Billag, og eg vil gjerne høyre korleis dette starta?

Det starta som eit andelslag oss kalla det den tida. Fleire slo seg saman og tok andeler. Det var 60 andeler til å begynne med.

S.L.: kven kom med ideen om å gjere dette?

Det ar eg. 

S.L.: Og kor mykje betalte kvar for ein andel? Det var 100 kroner det. Det var pengar den gongen det. Og så måtte me først søkje om konsesjon. Det var verre å få det den gongen enn i dag, det var sånn konkurranse om det, med Spjelkavikrutene. Så det var noke trubbel før det kom i orden. Då var det berre å køyre.

S.L.:  dokke måtte ha bil?

Ja, bil, det blei kjøpt ein bil, eit chassis og det blei på-bygt ute med han Rødset i Spjelkavik, det blei plass til 15 personar og varer attafor, kombinert heitte det. 

S.L.: Det var vel ikkje soveseter då?

Nei, men dei sat nå ti dei, nesten like godt i dei den tida som folk gjer no i soveseter. -

S.L.: Kva slags merke var den første bilen då?

Det var ein Chevrolet og eg kjaurde. Og opplegget var ein tur for dag, ut og inn. Og det tok tid for der var 13 grinder som skulle opp og åt. så me kaurde ikkje på halvtimen nei. Eg trur det gjekk ein god time på turen.

S.L.: Var det mange som reiste då den gongen?

Å, det var nå ikkje mange, ein to/tre eller ein 4/5. det var helst til torget med varer.

S.L.: Men kva slags varer hadde dere med?

Det var mjøl og slikt folk trongde. 

S.L.: Du hadde handlelapp med for folk då?

Nei. Bestillte gjorde dei nå sjølve ta handelsmennene, og så var det varene til handelsmennene innafor.

S.L.: Kva årstall vart det starta opp??

1929 - bilen var åpen atte, det var berre tak og vegger og så ein presenning atte.

S.L.: Før den tida var her ikkje noken rutebil?

Nei, det var rutebåt då. Dei fyrste som begynte var Sunnmørske D/S med båten AURE. Han gjekk frå Straumgjerda og like til byen.

S.L.: Det var den dokke løyste av?

Ja. Rettare sagt, han slutta å gå når ruta vår begynde, då vart der ikkje noke trafikk for han.

S.L.: Korleis var vegen utover den gang?

Det var vanskeleg å forklare nå, for hvis du ha sett han nå så ha du ikkje sagt det var veg.

S.L.: Har vi noken vegstubb i bygda nå som du kan samanlikne han med?  Markavegen f.eks?

Ja, men han var ringare enn den. Der var ikkje botn ti nå, du for nerigjønå, og så var det å fylle neri stein og eine for å holde seg oppå. Han var ikkje berekna på bilkøyring. Og så var det nå opp Akslabrauta, og så gjekk vegen nedanfor huset hans Einar Nedregotten inne på Magerholm, heilt nedmed sjøen gjekk gamlevegen. der var bratt der då.

S.L.: Vintersdag, korleis var det då?

Det kan vanskeleg forklarast. Det var ikkje pløgt heller då, det var ein treplog og øykjer. Eg hugsar ofte på Blindheim når oss kom innover - me måtte passe på å styre bilen slik at han gjekk oppå spora sine, for han utføre, så stod du der. Og ein gong i Vika, med ein sukkerlast, eg måtte lesse utav på reset der, og bilen opp, og så bere sukkeret inn på att igjen. - Her var ein prest som heitte Kristoffersen, og han sat å ein ong det var vinteren og då han gjekk av her i bygda, sa han: Her er en ting som mangler i bilen din Oskar, og det er varmeapparat. Då var han så forfrøsen - - Men det var mykje liv med det -

S.L.: Kor lenge gjekk det før det måtte fleire bilar til?

Det gjekk ikkje så lenge, eit år, då vart det kjøpt ein til og dn var litt større og han var bygt her ute i Vika. Han var litt større og så var han heil, atte. Men den var kombinert den og. Og så begynde han Alfred Østrem som sjåfør då. Og så ein to/tre år så blei det kjøpt ein bil til og han bleis bygt uti Pjuskøla av han Ole Ødegård. Då blei det liltt meir ruter  og då.

S.L.:  Blei det ikkje etterkvart folk som reiste til arbeid?

Der var ikkje særleg arbeidsplassar den tida. Det kun åt doktor og slikt. På arbeid var slike som reiste på sjøe, det blei ein tur. Så var der noken som reiste til Vika ein gong for Vika. Det med å

reise på arbeid dagane, det begynde vel ikkje før under krgen. Men då begyndest det meir med arbeidsfolk.

S.L.: Det var vel blitt fleire sjåfører også då?

Nja, det var nå berre to bilar som blei brukte. Den som var kombinert blei nå ståande. vi blei ikkje fleire sjåførar før i 1935/36. då begyndte han Knut Akslen, onkel til Knut Akslen som bur på Aksla nå. Han var død han før du flytta hit. Han budde oppi Markjene, far til Elise Ramsvik. Han køyrde noke då. Og så han Ole Larsen, han begynde og før Knut som nå bur på Akslen. Og så ein Skytterholm, og så han Thomas Kristoffersen kjørte. Og han Johan, han hugsar du?

S.L.: Ja. Det hugsar eg. så var det garasje?

Den første garasjen sto innunder Akslabrautene. så den nye vart bygd rundt 1952/53. Og så ble det og bygt på utover. Først sto der ein tregarasje, der som verkstedet no er. dei flytta garasjen fra Akslen og dit ut. Men så blei han bygt garasjen i 52.

S.L.: Ja eg hugsr det var snakk om dugnar for å støype ei plate, det var etterat eg kom til bygda?

Var det så seint, ja. -

S.L.: Eg var inne ei jul en dag og tok bilder då billagets sine ruter sto i garasjen. Det var så mange at der var vanskeleg å få alle med på bildet.

Det blei fleire til slutt ja! Det er vel 7 dei har nå.

S.L.: Og nyttår var siste dagen Emblemsbygda var til?

Ja, det var nå siste gang.

S.L.: Det måtte vel vere eit styre for andelslaget?

Ja, første formannen i styret var Elias J. Emblem, far hans Johan. Og så var Hans Akslen formann, far hans Knut som køyrde. så var Ole Nedregotten formann, det var far hans Bjarne. Mesteparten ta tida var det eg som var formann.

S.L.: både disponent og sjåfør og formann i styret?

Ja.

S.L.: Vart det nokon inntekt av denne køyringa?

Eg hadde  kroner dag til å begynde med i løn. Og ikkje nokon fridagar.

S.L.: Det var dårlege tider og dette var sikre pengar?

Ja, det var noke, det var ikkje alle det. Og frakta var kr. 1.10 for en tur til byen. Det er mestå så at det er billegare idag enn då. for den tida var løna 40 øre timen og nå er det vel en 60-70 kroner timen.

S.L.: Vi skulle snakke meir om vegen?

Vegen måtte selskapet halde istand, somme tider sto aksjonærane med øykjer uti grushøla og grusa vegen. Det var den måten dei fekk køyre på. Til å begynne med då han var så dårleg uti Vikjene, då hadde lensmannen og ordføreren fått innover overingeniøren, Grønningsæter, dei rekna med dei skulle greie å stoppe oss, det var om å gjere det. Men då han Grønningsæter såg denne greiå - og haurde kva arbeid oss ha lagt ned for å halde det gåande, då sa han: Jeg og Borgund Kommune har å betale, så det var trøsta dei fekk ta honom. Dei fekk beskjed om å sette i stand vegen dei. 

S.L.: Kor det føles at billaget nå er slutt?

Det var vel ingen annen veg, det går ikkje an å drive noke privat idag. - Det som måtte hatt samkøyring her var Stranda og Emblemsbygda Billag. Dei køyrer like mange mil tomme nå som me gjorde før. Og eg ser no forandringar, før i helgane køyrde Strandaruta så full, med folk og sekker, no køyrer sjåføren forbi åleine i denne 50-setaren sin. Ikkje ein gong, men tie gongar for dag!